Avdeling for urologi Informasjon om TUR-blære
Kjære pasient I denne brosjyra finn du informasjon om operasjonen du skal til og litt om dei fyrste dagane etterpå. Før du vert operert vil du få ein samtale med både lege og sjukepleiar. Dersom du har spørsmål, vonar vi at du tar det opp med personalet på avdelinga. Innhold Kva er TUR-blære? Operasjonen Førebuing Etter operasjonen Kvardagen etter heimreise Oppfølging Kva er TUR-blære? TUR- blære er ei forkorting for Trans Urethral Reseksjon av urinblæra og inneber at ein skjærer vekk svulsten med ein elektrokniv. Denne operasjonsmetoden nyttast ved mindre svulster i urinblæra. Operasjonen skjer via urinrøyret og du får derfor ikkje noko operasjonssnitt på magen. Kontaktinformasjon Ekspedisjon Kirurgisk klinikk: 55972842 Sengepost 2, Avdeling for urologi: 55 97 34 30 Stomiklinikken: 55 97 29 25 I nokre høve er det nødvendig å finne ut meir om kva type svulst som sit i blæreveggen. I slike tilfelle vil kirurgen ta fleire vevsprøver (biopsier) frå ulike deler av blæreveggen. Vevsprøvane blir sendt til laboratoriet for analysering. Legen vil informera deg om resultatet så snart analysa er fullført. blærevegg svulst urinrøyr Tverrsnitt av urinblære med svulst
Operasjonen Bedøving Du får vanlegvis spinalbedøving (ryggbedøving) under operasjonen. Det vil seie at du er vaken under operasjonen, men lam og smertefri frå livet og ned. I løpet av to til fem timar etter operasjonen vil du få følelese tilbake i beina. Kirurgi Under sjølve operasjonen fører kirurgen inn eit røyr i urinblæra via urinrøyret. Dette røyret (resektoskopet) har ein kikkert, ein elektrokniv, lys, og to løp for å skylle blæramed vatn. Først fyller kirurgen blæra med vatn slik at han kan få godt innsyn i blæra. Deretter skjæres blæresvulsten vekk med elektrokniven. Operasjonen varer vanlegvis mellom 15 min. og ein time, men heile prosedyren med bedøving ect. tek ein til to timar. Blødning Det vil normalt blø noko under og etter operasjonen. Derfor vil ein, når operasjonen er over, legge inn eit treløps-kateter til blæra. Kateteret vil bli kopla til eit posar med saltvatn som kontinuerleg skyller gjennom urinblæra. Urinkateter Kateteret har eit løp kor væske kan renne inn i urinblæra og eit løp kor væske kan rene ut. På den måten får ein skyllt ut blodet kontinuerlig. Det hindrar at blod levrer seg i urinblæra og dermed tetter til urinrøyret. Drikke Under operasjonen vil du også ha ein eller to tynne plastrør (venekanyler) i blodårene på hendene. Her får du væska du treng fram til du kan ta til med å drikke sjølv. Vanlegvis kan du ete og drikke til kvelden same dag som du er operert. Cellegift Ved nokre typar av blæresvulstar vil det vere aktuelt å sette inn cellegift lokalt i blæra etter operasjonen. Cellegifta holdes i blæra i 2 timar. Dei som blir behandla med cellegift må etterpå vere spesielt nøye med hygienen dei to første to døgna. Sjukepleiar forklare deg meir dersom dette er aktuelt for deg. Slik førebur du deg til operasjonen 1. Du skal faste frå klokka 24 natt til operasjonsdagen. Det vil sei ikkje ete, røyke, snuse, suge på pastillar osv. 2. Du kan og bør drikke vatn eller saft inntil 2 timar den dagen du vert operert. 3. Operasjonsdagen skal du ikkje ta andre medisiner enn dei du får tilbakemelding om av legen. 4. Det er viktig at du tar en grundig dusj med såpe om morgonen operasjonsdagen. 5. Deretter bør du halde senga i størst mulig grad, slik at du er så ren som mogleg når du vert kjørt ned til operasjonsavdelinga.
Etter operasjonen Du blir vanlegvis henta direkte opp til sengeposten etter operasjonen. I nokre høve ligg ein til observasjon på oppvåkninga til kjensla i beina kjem attende. Vi vil kontrollere at alt går bra med deg relativt ofte dei første timane. Blærekrampe Sjølve operasjonen gir ikkje smerter, men når kjensla i beina kjem tilbake vil enkelte oppleve det vi kallar blærekramper. Det kan kan ein oppleve som vannlatings- og eller avføringstrong. Enkelte opplever det som smerteanfall som forsvinn like fort som dei kom. Orsaka til desse krampene er at muskelaturen i urinblæra kniper rundt kateteret fordi urinblæra reagerer på kateteret som eit fremmendelement. Desse smertene er ikkje farlege, men kan være ubehageleg. Vi har medisiner som kan verer til hjelp, så det er fint om du seier det til oss dersom du får slike plager. Kateter og skyll Gjennomskyllet vert fjerna når blødinga minskar (normalt etter 12 til 24 timar). Sjølve kateteret vert fjerna etter legen sin avgjersle (vanlegvis dagen etter operasjonen). Vi kontrollerer blodprosenten din både før og etter operasjonen. Dei første dagane etter operasjonen er det normalt at du må late vannet relativt ofte. I tillegg kjem det gjerne litt blod i urinen og det svir litt når du tisser Aktivitet Du må ligge i senga til kjensla i beina er komen att, gjerne til ut på ettermiddagen/ kvelden operasjonsdagen. Pleiepersonalet vil hjelpe deg når du står opp første gong. Kvardagen etter heimreise Du har no eit sår i blæra som treng tid til å gro skikkeleg. Det vil ta tre til fire veker. I denne perioden bør du unngå aktivitetar som kan auke faren for bløding og hindre operasjonssåret i å gro. Det vil sei at du må unngå tunge løft (høgst 5 kg) og tungt fysisk arbeid (lange spaserturar og tungt husarbeid). Du blir sjukemeld i 2 til 4 veker avhengig av type arbeid. På grunn av naturleg skorpeløysning i operasjonssåret er det normalt at det til tider er litt blod i urinen i ein periode på fire veker. Du må derfor drikke godt (2 til 3 liter per døgn), slik at blodet blir skylja ut. Det er også viktig at du tømmer urinblæra når du føler vannlatingstrong. Du bør unngå å presse for mykje når du skal ha avføring. Prøv å halde avføringa mjuk. Du kan bruke avføringsregulerande olje (laktulose) som er mild mot tarmen. Oljen kan du kjøpe på apoteket uten resept. Dersom du skulle føle deg dårleg eller få feber i tida etter operasjonen, bør du ta kontakt med din fastlege eller legevakta. Oppfølging Du vil vanlegvis få innkalling til kontroll på urologisk poliklinikk (2.etasje) etter omlag 3 månader. Her vil legen undersøke urinblæra di med cystoskopi for å kontrollere at blære held seg frisk. Oppfølginga utover dette avheng av prøvesvaret på vevsprøven som blei teken under operasjonen. Avhengig av prøvesvaret, vil det for enkelte vere aktuelt med vekentlege cellegiftbehandlingar i seks veker med oppstart to til tre veker etter operasjonen. Dette vil legen informere deg om, dersom det er aktuelt for deg.
Ansvarlig for utarbeidelse Ass. avdelingssykepleier Ørjan Dale Hiorth, urolog Leif Kapstad og Avdelingsleder/ urolog Christian Beisland. Avdeling for urologi, Kirurgisk klinikk, Layout/illustrasjon K Nytun. Haukeland universitetssjukehus 2010.