SUNNMØRE 3. 5. MAI 2012 KAMMERMUSIKKFESTIVAL
SUNNMØRE KAMMERMUSIKKFESTIVAL 04 SEMINAR OG MEISTERKLASSAR 05 KONSERTAR 06 DESIGN: EIRIK TORHEIM GILJE ARTISTAR 12
Sunnmøre kammermusikkfestival Seminar og meisterklassar Initiativtakaren til Sunnmøre kammermusikkfestival er Jacob Kjøde jr. Dei kunstnarleg ansvarlege for festivalen er professor Wolfgang Plagge og fiolinisten Annar Follesø, som er musikarar på internasjonalt toppnivå. Våren 2010 var første gongen festivalen gjekk av stabelen. Sunnmøre kammermusikkfestival samarbeider tett med kulturskulane og musikklinjene på søre Sunnmøre. Tilreisande artistar vil i løpet av veka gje instruksjon til vidarekomne elevar i regionen (meisterklasser). Ein festival for alle Plagge og Follesø vil kvart år ha ansvaret for programmet og handplukke musikarane som skal opptre for å sikre kvaliteten på festivalen. I eit nært samarbeid med Høgskulen i Volda er føremålet å arrangere ein årleg kammermusikkfestival på Søre Sunnmøre, der folk i området kan få eit tilbod om gode musikkopplevingar på høgt nivå. I tillegg til dette ønskjer vi å stimulere unge musikarar for å få ein generell vekst og ei utvikling i musikklivet i regionen. På den måten skil Sunnmøre kammer- 4 musikkfestival seg ut frå andre kammermusikkfestivalar. Gjennom Eiksundsambandet kan dei ulike kulturskulane og andre lokale musikkrefter knyte saman regionen. Dette skal vi gjere gjennom eit samarbeidsprosjekt med kulturskulane i form av seminar og meisterklasser retta mot born og unge. Artistane som er med under festivalen, vil undervise lokale talent. Det vil også bli halde kurs og inspirasjonsseminar for kulturskulelærarar. Fem konsertar på Søre Sunnmøre Festivalen vil gå over tre dagar. I desse dagane skal det haldast fem konsertar i Volda, Ørsta, Ulstein og Herøy. Konsertane vil bli haldne på Høgskulen i Volda, i Ørsta kyrkje, Volda kyrkje, «Fredheim» i Ulsteinvik og i Herøy kyrkje. Festivalen vil bli avslutta med ein stor konsert i Volda kyrkje. Gjennom festivalveka vil dei profesjonelle utøvarane gje kurs og undervisning til musikkskuleelevar, elevar ved vidaregåande skular og studentar ved Høgskulen i Volda. Tor Espen Aspaas og Wolfgang Plagge vil i tillegg til undervisninga halde seminar for interesserte tilhøyrarar. Temaet til Tor Espen Aspaas vil vere improvisasjon i ein historisk perspektiv, medan ungdomsskuleelevar får høve til å plage Plagge, eit konsept kjend frå NRK radio. Per Kristian Skalstad, festivalens dirigent, vil også gje inspirerande seminar for frivillige musikarar i festivalens kor og orkester. Nærare informasjon om seminar og meisterklassar vil vere å finne på festivalens nettstad: www.kammermusikkfestival.no. 5
Gnistrande Mendelssohn TORSDAG 3. MAI KL. 18.00. AUDITORIUM ABC, HØGSKULEN I VOLDA Eventyrleg russisk og tysk i Fredheim FREDAG 4. MAI KL. 18.00. FREDHEIM, ULSTEINVIK Lutoslawski: Paganini-variasjoner Ravel: Kaddish, Don Quichotte à Dulcinée Brahms: Klarinettrio Mendelssohn: Strykekvintett nr. 2 Plagge, Aspaas Tyrmi, Aspaas Plagge, Nyman, Gould Follesø, Keefe, Berthaud, Gotlibovich, Brantelid Schumann: Märchenerzählungen Mendelssohn: Seks sanger, op. 47 Sjostakovitsj: Klaverkvintett Plagge, Nyman, Berthaud Tyrmi, Plagge Aspaas, Keefe, Follesø, Gotlibovich, Brantelid Vi ynskjer velkomen til ny festival med eit smell, i Lutoslawski sine herlege Paganini-variasjonar, der årets to pianistar verkeleg får høve til å slå seg lause. Stemninga vert ei heilt anna i Ravels inderlege Kaddish, følgd av den same komponistens sist fullførte verk, dei tre songane som til saman utgjer Don Quichotte a Dulcinee. Desse songane var eigentleg bestilt til ein film, men Ravel arbeidde så langsamt at han miste oppdraget, som gjekk til Jaques Ibert. Brahms sin nydelege klarinettrio er siste verk ut før pausen, før fem av festivalens strykarar avsluttar konserten med eit av tidlegromantikkens verkelege meisterverk Mendelssohns andre strykekvintett. Schumann hadde som få andre komponistar eit øyre for det personlege og subjektive i musikken, og var glad i musikalske former og titlar som opna for tolking hjå lyttaren. Eventyret hans for klaver, bratsj og klarinett er eit godt døme på dette. Schumanns gode ven Mendelssohn er svært kjend for sine Lieder ohne Worte, korte karakterstykke for klaver, men dei regulære songane hans har stort sett blitt oversett. Det er derfor ei glede for oss her å presentere Schumanns opus 47, songar av stor melodisk sjarme og kraft. Konserten vert avslutta med Sjostakovitsj sin klaverkvintett, eit av det 20. hundreårets verkeleg store verk i denne genren. Verket har eit enormt emosjonelt spenn frå det leikne til det sorgtunge, og frå det vare til det majestetiske. Vaksne kr. 250,- Student kr. 100,- Born kr. 100,- Vaksne kr. 250,- Student kr. 100,- Born kr. 100,- 6 7
«Forklåra natt» i Ørsta kyrkje FREDAG 4. MAI KL. 21.00. ØRSTA KYRKJE, ØRSTA Brahms møter franske meistrar LAURDAG 5. MAI KL. 13.00. HERØY KYRKJE, HERØY Beethoven: Andante favori Beethoven: An die ferne Geliebte Åm: Såre enkelt Schönberg: Verklärte Nacht Aspaas Tyrmi, Plagge Plagge, Nyman, Follesø, Gould Follesø, Keefe, Gotlibovich, Berthaud, Gould, Brantelid Ravel: Sonate for fiolin og klaver (posth.) Saint-Saëns: Klaverkvartett Brahms: Klarinettkvintett Follesø, Aspaas Plagge, Keefe, Berthaud, Gould Nyman, Keefe, Follesø, Gotlibovich, Brantelid Etter konserten i Fredheim tek vi turen gjennom Eiksund-tunnelen til Ørsta, der vi kan glede oss til urframføringa av årets bestillingsverk Magnar Åms Såre enkelt. Konserten vert innleia med Beethovens vakre klaverstykke Andante favori, som opphavleg var tiltenkt rolla som langsam sats i Waldstein -sonaten. Deretter følgjer det som ofte vert kalla musikkhistorias fyrste songsyklus Beethovens An die ferne Geliebte frå 1816. Til slutt i konserten får vi høyre Arnold Schönbergs grensesprengande strykesekstett frå 1899, Verklärte Nacht, basert på Richard Dehmels dikt med same tittel. Vaksne kr. 250,- Student kr. 100,- Born kr. 100,- Ravels sonate frå 1897 blei skriven medan han var student ved konservatoriet i Paris, og blei der meist sannsynleg framført éin gong av komponisten og fiolinisten Georges Enescu. Verket blei sidan lagt bort, og det blei fyrst oppdaga på ny blant Ravels etterlatte papir etter han var død. Verket røper eit sort komponisttalent, om enn framleis under sterk påverknad av førebileta Franck og Fauré. Saint-Saëns sin klaverkvartett er ein av den franske romantikken ukjende perler, og eit verk vi verkeleg gleder oss over å kunne presentere ved festivalen. Brahms vurderte komponistgjerninga si som fullførd i 1890, men allereie året etter møtte han klarinettisten Richard Mühlfeld, eit møte som inspirerte komponisten til å skrive fleire verk med klarinetten i ei sentral rolle. Ved årets festival kan publikum glede seg til å høyre to av desse trioen på opningskonserten og den vedunderlege kvintetten ved denne konserten, i Herøy kyrkje. Vaksne kr. 250,- Student kr. 100,- Born kr. 100,- 8 9
Brahms: Ein deutsches Requiem LAURDAG 5. MAI KL. 19.00. VOLDA KYRKJE, VOLDA Brahms: Ein deutsches Requiem Barytonsolist: Tyrmi, sopransolist: Ann-Helen Moen Forsvarets musikkorps Vestlandet Kammermusikkfestivalens kor og orkester Årets festival vert avslutta med Brahms Ein deutsches Requiem for kor og orkester, det fyrste verket Brahms skreiv som nådde eit stort publikum. Verket blei i hovudsak skrive i 1866, året etter at komponisten si mor døydde, men fekk den endelege forma si i 1868. Tekstane er henta frå profeten Jesaja, Salmane, evangelia etter Matteus og Johannes, brev frå Det nye testamentet, Johannes openberring, Visdomens bok og Jesus Siraks bok. Vi trur dette trøystande, storslagne og inderleg vakre verket vil danne ei perfekt ramme rundt avslutninga av Sunnmøre kammermusikkfestival 2012. Vaksne kr. 300,- Student kr. 100,- Born kr. 100,- 10
Tor Espen Aspaas Aspaas er ein av våre fremste pianistar i den yngre generasjonen. Han er professor i klaver ved Norge Musikkhøgskole, og var inntil 2008 kunstnarisk leiar for Vinterfestspillene på Røros. Aspaas er ein svært ettertrakta solist og kammermusikar, og har fått framifrå kritikkar for plateinnspelingar av mellom anna Beethove, Webern, Strauss og Dukas. 12 Lise Berthaud Den franske bratsjisten Lise Berthaud er ein av sitt lands fremste yngre musikarar. I 2009 blei ho kåra til Årets Nykomar ved den prestisjefylte kåringa «Victoires de la Musique Classique». Ho er medlem av Orfeo-kvartetten, og er også ein hyppig gjest ved fleire av dei viktigaste festivalane på kontinentet, som Moritzburd, Festival de la Roque d Anthéron og Festival de Montpellier-Radio France. Som solist har ho samarbede med dirigentar som Marc Minkowski, Emmanuel Krivine og Augustin Dumay. Andreas Brantelid Andreas Brantelid debuterte som 14-åring, som solist med Det Kongelige Kapel i København. Han vann sidan ein rekkje konkurransar, men karrieren hans tok av for alvor då han i 2006 vann 1. pris i EBU si konkurranse for unge musikarar. Dansken har etter dette stått fram for eit stadig veksande internasjonalt publikum som ein av vår tids fremste unge cellistar. I tillegg til å vere ein mykje nytta solist, er Brantelid ein ivrig kammermusikar, og er medlem av The Chamber Music Society of Lincoln Centers program for unge musikarar. Annar Follesø Annar Follesø var i sin barndom elev ved den kommunale musikkskulen i Volda, før han flytta til Oslo og heldt fram ved Barrat Due musikkinstitutt. Han studerte sidan i fire år ved Indiana University i USA. Han blei i 1999 den fyrste norske fiolinsolist til å opptre ved festspela i Salzburg, då han vann fiolinprisen ved det internasjonale sommarakademiet. Follesø vert rekna blant våre fremste fiolinistar, har ved gjennom turnear og plateinnspelingar fått glimrande kritikkar i inn- og utland. 13
Yuval Gotlibovich Yuval Gotlibovich er fødd i Israel. Han vann ein rekkje nasjonale og internasjonale prisar før han i 2004 vann fyrste pris i verdas kanskje viktigaste konkurranse for bratsjistar, Lionel Tertis Competition på Isle of Man. I åra 2004-2008 var han yngste professor ved Indiana University i Bloomington, USA, medan han no deler sine faste undervisingsaktivitetar mellom eit assisterande professorat ved Escuela Superior de Musica Reina Sofia i Madrid, og ei professorstilling ved Conservatorio Svizzera Ialiana i Lugano. 14 Kate Gould Cellisten Kate Gould er ein av Storbritannias fremste musikarar i sin generasjon. Saman med fjorårets gjestefiolinist ved Sunnmøre kammermusikkfestival, Marianne Thorsen, grunnla ho i si tid Leopold String Trio, eit av verdas finaste kammerensemble. Ho er medlem av den innovative kvintetten London Bridge Ensemble og av Chamber Orchestra of Europe. I tillegg til å vere ein etterspurd solist og recitalist, har ho gjennom ein årrekkje vore kunstnarisk leiar for Winchester Chamber Music Festival i England. Wolfgang Plagge Plagge har heilt sidan sin sensasjonelle debut som 12-åring i 1972 høyrd til toppsjiktet blant norske pianistar og komponistar, og har vunne fleire internasjonale prisar og utmerkingar i båe eigenskapar. Verka hans vert framført av orkester, solistar og ensemble over heile verda. Plagge er ein populær foredragshaldar, og den breie kunnskapen og uhøgtidelege stilen hans har gjort han til ein flittig nytta karakter på radio og tv, blant anna i serien «Landeplage» på NRK. Erin Keefe Fiolinisten Erin Keefe er ein av USAs mest spanande yngre musikarar. Ho er prisvinnar i fleire internasjonale fiolinkonkurransar, deriblant Carl Nielsen (Danmark), Sendai (Japan) og Gyeongnam (Sør-Korea), og vann i 2006 ein Avery Fisher Career Grant. I tillegg til solokarrieren sin er ho ein høgt skatta kammermusikkar, og er i tillegg nyleg utnemnd til konsertmeister i Minnesota Orchestra. 15
Björn Nyman Nyman er soloklarinettist i Kringkastingsorkesteret, og har markert seg ved ein rekkje høve som ein utøvar av internasjonalt toppformat. Han har vunne prisar ved fleire store internasjonale konkurransar, og er ein hyppig brukt solist og kammermusikar. I 2004 spelte han in Bartóks «Kontraster» saman med Annar Follesø og pianisten Christian Ihle Hadland, ei innspeling som har fått strålande kritikkar i norske og internasjonale media. 16 Per Kristian Skalstad Skalstad er utdanna fiolinist frå Norges Musikkhøgskole, og var i ein årrekkje medlem av den suksessrike Oslo Strykekvartett, som han var med på å stifte i 1991. Han var alternerande konsertmeister i Den Norske Opera i åra 1993 til 2005, og er framleis medlem av Det Norske Kammerorkester. Han tok diplom i direksjon ved NMH i 2002, og har etter den tid gjort rask karriere som dirigent. Han har dirigert alle dei profesjonelle norske symfoniorkestra, og er ein hyppig nytta gjestedirigent ved Den Norske Opera og Ballett. Erlend Tyrmi Ung norsk baryton, busett i København. Tyrmi har fordjupa seg særleg innanfor tidleg musikk, noko som blant anna har ført han til den prestisjefylte Festival d Aix-en-Provence, der han i 2008 medverka i ei oppsetting av Purcells «The Fairy Queen» under leiing av William Christie. Tyrmi er likevel på ingen måte ein nisjesongar; han har i den seinare tid medverka i blant anna Verdis «La Traviata» og Donizettis «Don Pasquale», og han syng barytonpartiet i Danmark Radios Symfoniorkester si innspeling av Carl Nielsens tredje symfoni. Forsvarets musikkorps Vestlandet Forsvarets musikkorps Vestlandet (FMKV) har røter tilbake til 1792, held til på Bergenhus Festning i Bergen, og er eitt av Noregs fem heilprofesjonelle militærkorps. FMKV er eit heiltidsorkester satt saman av 28 topputdanna musikarar på høgste profesjonelle nivå, som saman utgjer eit dynamisk og svært allsidig ensemble. 17
KONTAKTINFORMASJON SUNNMØRE KAMMERMUSIKKFESTIVAL: Dagleg leiar Øyvind Johan Eiksund E-post: leiar@kammermusikkfestival.no Telefon: +47 99 27 47 42 WWW.KAMMERMUSIKKFESTIVAL.NO BILLETTAR TIL KONSERTANE OPPDATERT PROGRAM SISTE NYTT