L I O N S C L U B S T O R D F I T J A R M O T T O : T I L T E N E S T E Medlemsblad for Lions Club Stord Fitjar. Nr. 12 2014 24. Årgang INNHALD Side 2. Presidenten har ordet Kommande møte: Julemøte hjå Fylkesnes Bil Merk frammøtetida. Kl.18.30 Side 3, 4 Innnkalling til medlemsmøte Side 5, 6 Referat frå styremøte Side 7, Referat frå medlemsmøte Side 8. Vimpelen vår. Side 9. Grasrotandel til klubben Side 10. Ny avtale om Emaus Side 11. Tone Lønning i Zambia Siste side Vimpelen vår kan lesa om annan stad i LØVO God jul alle medlemmer og lesarar av LØVO I redaksjonen: Lars Mugaas, John Torleiv Nesse. Sigurd Johan Underhaug
Presidenten har ordet. L I O N S C L U B S T O R D F I T J A R M O T T O : T I L T E N E S T E Terje Torget President 2014 2015 Gode Lionsvener Kalenderåret er snart omme, og me er snart halvvegs i Lions året (fiskalåret). Aktivitets nivået i klubben har vore høgt, og me blir lagt merke til både i lokalmiljøet og i Lions Norge. Det siste i så måte er nyheitene om at Lions Asker Bærum har adoptert vår «Løvinne for ein kveld» og gjennomfører eit liknande arrangement til inntekt for Røde Fjær i slutten av januar. Det kunne vera på sin plass å nemna mange av dei som har gjort sitt til at så mykje spennande har skjedd gjennom året, men for å unngå at at nokon skulle verta gløymde, vil eg halda meg frå det, men heller seia at innsatsen som har blitt lagt ned i aktivitetar, aksjonar, styre, LØVO og arrangement har vore imponerande og inspirerande. Eg vil til minna alle på at ein aktivitet gjenstår «Julemiddag Stord Hotell 21. Desember», oversikt over påmeldte er ikkje klar før andre veka i desember. Her må me stilla opp når Hans Gustav ruller ut aktiviteten for å gjera dette til noke spesielt og minnerikt for dei som møter. Og hugs å opna klubben si Facebookside jevnleg. Nye oppdateringar om EMAUS, Røde Fjær, Løvinne, Brønnprosjekt og elles kva som rører seg til ei kvar tid dukkar stadig opp og nye innlegg er velkomne. Takkar med dette for den store felles innsatsen som er gjort i året som no går mot slutten. Lionshelsing frå President Terje
MEDLEMSMØTE Stad: Fylkesnes Bil Dato: 4. desember Tid: 18:30 Bindande påmelding påmeldingsfrist fredag 28. november! Merk!!! Det vert ikkje anledning å melde seg på etter fristen, grunna matbestilling. Eigenandel er kr. 300,- pr. person, som betales på medlemsmøtet. Den inkluderer velkomst, bespisning og øl/vin til maten. «Medbragt» er lov! Program 18:30 Medlemsmøte sjå eiga saksliste vedlagt 18:30 Velkomst ledsagere Musikalsk innslag med Musland/Almås 19:00 Presidenten ynskjer velkommen 19:10 Historiegruppa presenterer film frå LC Stord Fitjar sin historie 20:00 Julemiddag Musikalsk innslag v/musland & Almås 23:00 Slutt LC Stord Fitjar Innkalling til medlemsmøte 4. desember 2014 Møtestad og tid: Fylkesnes Bil, kl 18.30 Velkommen Lions etiske norm Sakliste: Sak 013/14-15 Sak 014/14-15 Sak 015/14-15 Sak 016/14-15 Godkjenning av referat frå forrige medlemsmøte Opptak nye medlemmer Aktivitetsleiar orienterar EMAUS forlenging av eksisterande avtale (avtaletekst ref. LØVO)
Referat frå styremøte LC Stord Fitjar Onsdag 19. November 2014 Desse møtte: Helge Sagvåg, Astrid Kjellevold Steinsland, Svein Hatlevik, LIONs etiske norm. Åge Madtsen, Margit Tveito, Anne-Grete Sandtorv og Terje Torget Sak 020/14-15 Innkalling og referat frå sist styremøte godkjent. Sak 021/14-15 Clubmaster / Sosialkomite: planar framover v / Åge Madtsen Evaluering av siste medlemsmøte. Bra frammøte. Suksess på ridesenteret Julefest: Tana referat, historiegruppa, Emmaus, opptak av nye medlemmer. Kasserar rettar teksten på kontingent faktura. Matpengar er drift av klubben. Elles planar for første møte i januar som eit vanleg klubbmøte. Med info om Røde Fjær v/ Anne-Grete. Sak 022/14-15 Røde Fjær 2015 v/anne-grete Hovudfokus er Mot mobbing. Fokus på Mitt valg. Har hatt lesarinnlegg i Sunnhordland og innlegg i Bømlonytt. 320 bøsser er reservert. Me har tre kommunar som er med: Stord, Bømlo og Fitjar. Alt som vert samla inn går til Røde fjær. Styret sluttar seg til modellen for å gi 10% frå aktiviteskassa som øyremerka tilskot til dei organisasjonane som stiller med bøssebærarar. Arrangement, for å skapa blest blir vurderast gjennomført, alternativt gå på allereie eksisterande arrangement og samla inn pengar. Sak 023/14-15 Tilbakemelding / status: Aktivitetsleiar, og andre, Marijampole julekaravan; Frå Follo Folkehøgskule vil det reisa to ungdomar, av dei ein med lokal tilknyting som vil representera oss. Målet deira er å koma i kontakt med ungdom der borte. Få meir meiningsfylt ungdomsutveksling i Lions. Etter dette besøket er det meininga at ungdom frå Litauen skal koma til Noreg. Skriv til klubbane ved Helge og Terje. 50 familiar har levert ønskelister. Matvarer vert innkjøpt for pengar me har løyvt. Stord Hotell julemiddag : 21 desember Invitasjonen går ut til 120 gjester Klubben har forplikta seg til transport og underhaldning. EMAUS: Fornying av kontrakt Svein refererte frå besøk i Spania. Besøkte barneheim som Emmaus driv, der dei hadde små born. Der var og eit krisesenter. Vitja og barneheimen som me støttar. Der fekk dei omvising og sjå kva midlane me har sendt er vorte brukt til. Hadde
møte med Lionsmedlemmar lokalt. Kva med ungdomane når dei vert 18 år? Dei vert då flytta ut i samfunnet. Kan vera ei oppgåve for Lions lokalt. Datamaskin, dei har ei maskin til 30 born/ungdomar. Kan det verta samla inn 15 brukte» laptoppar» her. Dette kan ma. vera til nytte i engelsk språkopplæring. Gyri og Håkon Frode har saken. Vidare engasjement der nede? Vurdering? Viktig at den økonomiske støtta vert gjeven på same vis som me har gjort. Framlegg til vedtak: Vidareføra avtalen som me har : klede skule, mat og medisinar for eit år... Avtalen er meint som eit supplement. Styret går samrøystes inn for dette Ungdomskomiteen Nytt møte snart, elles ikkje noko å melde. Klubben løyver midlar til faklar mot mobbing. Kjell Lønning Minnebrønn Brønnen vart opna av dotter til Kjell Lønning tysdag 11.11.2014 Malarboka :Ca 30 sider. Boka er snart ferdig. Boka går i trykken i neste veke. Salet har glidd fint Sak 024/14-15 Innkomen post, søknader og anna «nytt»; Klubb vimpel Kva skal me gjera med vimpelen no? Me kopierer vimpelen og sender utkastet ut til høyring i klubben. Klubbeffektar: refleks / tulipanvasar Skal kjøpa inn refleksvestar med korrekt logo, t.d. 50 vestar Fitjar Bu og Behandlingssenter: Glede og Meistring har inne søknad om musikkanlegg. Me er positive til søknaden, men Terje har snakka med dei om teknologien. Kjem attende til saka når nye opplysningar er motteke. Sak 025/14-15 Medlemspleie rekruttering Me har 5-6 nye medlemmar i kjømda, mogeleg opptak desember Sak 026/14-15 Eventuelt Lions conventionslotteri. Me selde 40 loddar a kr 50,- Stord flyet, her kan ungdomsgruppa søkja om midlar Løyver 2300 kr til historiegruppa til Digitaliseringsmaskin. Lions IRC høyring: Neste styremøte innspel til LIONS Norge om satsingsområder Boka «Dei viktige åra» har me fleire av til sals, ta kontakt med Anne-Grete 19.11.2014 MT
LC Stord Fitjar Referat frå medlemsmøte 4. november 2014 Frammøte: 29 medlemmer og 4 observatørar, (45%) 11 medlemmer meldt fråfall Lions etiske norm Sakliste: Sak 008/14-15 Sak 009/14-15 Godkjenning av referat frå forrige medlemsmøte Godkjend samrøystes. Aktivitetsleiar orienterte: -Julearrangementet på Stord Hotell. Ønskjer at medlemmane stiller opp for å transportera gjestene etc. Ungdomsgruppa informerte: 23 medlemmar i Ungdomsgruppa. Vart på sist møte einige om å dela seg i mindre grupper: Barn av psykisk sjuke foreldre, Det er mitt valg, Økonomi, Ungdomsutveksling. Marijampole (julekaravanen, undomsutveksling der to jenter skal delta), HSO Haugaland og Sunnhordland opplæringskontor( «Rusbruk, behandling og hjelp» Foredrag av Terje Eriksen) Emmaus : Ei gruppe frå LC Stord- Fitjar reiser til Spania, på besøk til barneheimen, med Kjell Fylkesnes og Johnny Salomonsen som leiarar for turen. Sak 010/14-15 Røde Fjær 2015; orientering om aksjon v / Anne-Grete Motto:»Betre å bygge barn enn å reparere vaksne». Viste film om, Mitt val som skal få pengane frå aksjonen. Opplegget er teke i bruk av fleire skular i Stord-, Fitjar- og
Bømlo kommune. Klart bodskap er viktig når me skal kommunisera kva pengane går til. På Lions sine sider ligg filmane, påmelding til å vera bøssebærar osv. www.determittvalg.no www.amedia.no www.lrf2015.no Bok: De viktige årene, Informasjonsbrosjyre Sak 011/14-15 Arsal-Syria flyktning aksjon; oppsummering v/helge Han gav ros til forsamlinga for dugnadsinnsatsen. Me fekk inn 168 kassar med tøy og sko, 36 sekker med yttertøy og dyner som vart sendt av garde. Sak 012/14-15 Eventuelt -Nytt val vert i mars, framlegg til nye kandidatar kjem på møtet i februar. - Torsdag 4.des vert neste møte. Det er med følgje. Her kjem ungdomane som var til Tana for å fortelja om sine opplevingar der. Det vert ein historisk film presentasjon ved Terje Aase. Det vert og delt ut utmerkingar av ulike typar. -Kjerstin informerte om Malebokprosjektet. Det er selt 30 sider og arbeidet med boka er i rute. -Helge S. informerte om at Tone Lønning, dotter til Kjell Lønning, skal reisa til Zambia og opna ein brunn. Brunnen er bygd for midlar frå Kjell Lønnings legat. Ho får med ei gåve frå klubben vår på US$300 til lokal LC klubb øyremerka hjelpearbeide. 04.11.2014 MT
VIMPELEN VÅR Tankane bak utforminga av LC Stord Fitjar sin bordvimpel. Klubben sin bordvimpel vart i si tid utforma av Fredrik H Fladmark som då var medlem av klubben Det synest klart at medlemmane set pris på vimpelen og fleire har spurt kva tankar som ligg bak, utforminga. Om dette skriv Fredrik Fladmark sjølv: Vimpelen har fått sin utforming først og fremst for å minne oss om det viktige ved de stille aktiviteter. Derfor er Lionsmerket fremstilt som en lyskilde. Denne lyskilden sender stråler ned over en blomst, som er gitt menneskelig form, for å vise at det egentlig dreier seg om et forhold mellom mennesker. Når hvitveisen er valgt som blomstersymbol, har dette to grunner; den første er at hvitveisen er oss så kjent og kjær, og finns i store mengder på øyen vår. Den andre grunnen er, at hvitveisen hos oss er vårens og det spirende livs blomst fremfor noen annen. Slik er symbolene tenkt, og de er satt opp på bakgrunn av lyseblått, som er den klare himmels farge; en farge full av håp og glede.
MINNEBRØNNEN ETTER KJELL LØNNING, OPNA AV DOTTERA TONE Pengar, som vart gjevne til Kjell Lønning si gravferd, skulle etter ønske frå familien, disponerast av Lions. Pengegåva var byrjinga på ei innsamling, der heile Sonen vår ville delta, som etter avtale med familien skulle nyttast til å bore ein "Minne-brønn" i Afrika. No er denne brønnen ein realitet og vart opna av Kjell si dotter, Tone. På nyåret har Tone lova å komme til klubben for å syne bilete og fortelje om ein fantastisk tur til Zambia. Vi ser framtid og gler oss til dette! Ulike bilete som Tone har sendt over til oss. Nederste bilete til høgre overrekkjer ho vimpelen vår.
L I O N S C L U B S T O R D F I T J A R M O T T O : T I L T E N S E T E Klubbstyret 2014 2015 President: Terje Torget Adresse: Kvarven 25 5423 BRANDASUND Telefon: Priv.:. Mob.: 48070902 V.president: Astrid Kjellevold Steinsland Adresse: Tyselio 12. 5416 STORD Telefon. Priv.: 53410481 Mob.:45289928 Vi gratulerer Olaf Aarskog 03.12.47 Espen Fjeldtvedt 05,12.56 Håkon Frode Særsten 19.12.56 Hans Gustav Mussland 22.12.45 Erik Lied 27.12.45 Kasserer: Pål Helland Adresse: Hystadvegen 34 Telefon: Mob.: 97016705 Sekretær : Margit Tveito Adresse: Gullbergvegen 5, Telefon: Mob.: 41267439 5416 STORD 5411 STORD Clubmaster : Aage Madtsen Adresse:Løkjabrotet 49, 5412 STORD Telefon: Mob.: 90104837 Past President: Helge M Sagvåg Adresse Dyråsen 7 D 5410 SAGVÅG Telefon: Mob.:95234477 Aktivivtetsleiar: Svein Hatlevik Adresse: Postboks 79 5401 STORD Telefon: Mob.: 95251100 Medlemsk.: Kjell Framnes Adresse: Hystadvegen 118 5416 STORD Telefon: Priv.: 53416216 Mob.: 95222105 I REDAKSJONEN FOR LØVO Frå redaktøren! Det går atter ein gong mot jul med raske steg. Kvar fer dagane? Måndag og fredag, så er det helg. Ser av styrereferat at ein skal kanskje endra utsjånaden av Vimpelen vår. Skjøna ikkje grunnen til det. Kvifor tukla med den som er så fin og som utformaren skrim om symbolikken i denne. Nei, me må kunna bruka energi og krefter på andre ting. Elles går me inn i eit år der både LØVO og Annonseavisa kan feira 25-års utgjeving. Redaksjonen, John Torleiv, Sigurd og eg ønskjer dykk alle; Lars Ei riktig god julehelg. Redaktør: John Torleiv Nesse, Adresse: Åsringen 25 5400 STORD Telefon Priv. 53415420 Mob.90790281 Redaktør: Lars Mugaas, Adresse: Hystadvegen 114, 5416 STORD Telefon: Priv. 53410352 Mob: 91516834 Web-redaktør:Sigurd Johan Underhaug Adresse: Varhaugsvegen, 5419 FITJAR Telefon: Priv. 53497191 Mob: 99583272 Har du ljose idear. Kom med dei