tutti fratelli NM HJELPEKORPS Nyheiter og meldingar frå Sogn og Fjordane Røde Kors



Like dokumenter
DIS- Sogn og Fjordane

Kommune BARNEBØKER BØKER, VAKSNE Bestand Tilvekst Bestand Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Askvoll

Rådgjevarkonferansen 2014 Gjennomføring i vidaregåande opplæring.

Årsmøteprogram APRIL

Kommune BARNEBØKER Tilvekst Avgang Totalbestand - barnebøker Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Askvoll

Dialogmøte med kommunane i Hafs

Kommune BARNEBØKER BØKER, VAKSNE Bestand Tilvekst Bestand Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Askvoll

Saman for framtida (Ref # )

Saman for framtida (Ref # )

Kva har desse tre med integrering å gjere? Paris 1919

Dialogmøte med kommunane i Sunnfjord

Produksjon av oppdrettsfisk i Hordaland og Sogn og Fjordane

Til deg som bur i fosterheim år

Ny GIV. (= gjennomføring i vidaregåande skule)

Lokale transporttilbod for ungdom (LTU) 2010 Invitasjon til å søke om prosjektmidlar

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Kommunestruktur i Sogn og Fjordane Fylkesmannen si tilråding

Kommune: Det er kjent kven som er verksemdleiar i tråd med forskrifta

Frå flyktning til arbeidstakar meir arbeid og betre norsk i introduksjonsprogrammet

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Samferdsle og universell utforming i Sogn og Fjordane

Dialogmøte. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Kommune BARNEBØKER BØKER, VAKSNE Bestand Tilvekst Bestand Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Askvoll

Bodø 4. november 2015 Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Kjenner du deg einsam

Dialogmøte Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Kommune BARNEBØKER BØKER, VAKSNE Bestand Tilvekst Bestand Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Askvoll

Kommune BARNEBØKER BØKER, VAKSNE Bestand Tilvekst Bestand Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Askvoll

Dialogmøte Sunnfjord. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Dialogmøte Hafs. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Dialogmøte med kommunane i Nordfjord

Dialogmøte Sogn. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Huset i Bygda. Ein kulturarena der du bur «Hus som skaper landet» Ungdomshuskonferansen, Oslo

Velkomen til kurs i 2012

Arbeidsgjevarkontrollen i Sogn skattekontorets observasjonar og tilrådingar. v/ seniorskattejurist Torill Hauken-Johnstad

Dialogmøte i regionane

Regional transportplan for Sogn og Fjordane Høyring av framlegg til planprogram

Dialogmøte med kommunane i Sogn

Dialogmøte. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Regulering av laksefiske i vassdrag og sjø i Sogn og Fjordane 2011 Innspel til Direktoratet for naturforvaltning

Dialogmøte Nordfjord. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Barn hjelper Barn ein miniputt kan gjere stor skilnad. Ei oppsummering av tiltak som miniputtane har vore med på i

Oppdatering flyktningsituasjonen. Henriette Solheim

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Månadsbrev for Rosa september 2014

Rapport om bruk av vikarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule

Barnehage og grunnopplæring. sentrale mål og føringar

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

Forslag til nytt handlingsprogram for anleggsinvesteringar

Avtale mellom.kommune og Flora kommune

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Vestlandsløftet : Film om meldingsutveksling Historia om dei elektroniske meldingane

Sjarmerande vinnar 2 Julevask 2 Positivt om skatt 2 Julegleder 2 Innsamling Filippinene 3 Resultat 3 Middag for ei god sak 4

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Historikk. Sogn og Fjordane Ungdomslag (SOFUL) Ca 45 SOFUL-lag 30 av desse eig bygg

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Vegliste /65 MOBILKRAN M.M. Fylkes- og kommunale vegar Oktober Sogn og Fjordane. Foto: Steinar Svensbakken

Stryn kommune 1

Dialogmøte Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Presentasjon av anlegg og tiltak i i kommunane i Sogn og Fjordane kva har vi lukkast med og kva er utfordrande?


Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

12/100 SPESIALTRANSPORT

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Fordeling av hovudansvar for utvala mellom tilsette i sekretariatet

Vegliste April S ogn og Fjo rd ane. w w w.ve gve s e n.no/ve gl is ter. Foto: Knut Opeide

Kulturdepartementet har stilt følgjande krav til anlegg som skal styrast tildeling styrt av fylkeskommunen etter regional plan;

Med god informasjon i bagasjen

12/100 SPESIALTRANSPORT

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Vedrørande val av utsendingar til KS sitt Fylkesmøte, KS Landsting og val av medlemmar til KS Sogn og Fjordane sitt fylkesstyre.

Telemedisin Sogn og Fjordane

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Nyheitsbrev ehandel August Forfatter: Frank Have Olesen

ARBEIDSPLAN

No sprett knuppane og sevja stig

«Ny Giv» med gjetarhund

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

Velkommen til mestringskurs på Innvik Fjordhotell november 2013!

Handlingsplan for Sogn og Fjordane Orienteringskrins

Rådhusvegen NORDFJORDEID. Postboks MÅLØY. Vår referanse (oppgje ved svar) 13/

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

Psykologisk førstehjelp i skulen

KS & Helse Førde HF ønsker velkommen til. Erfaringskonferansen 2019

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Kommunal medfinanisering av samhandlingsprosjekt og felles ordningar

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Transkript:

Nyheiter og meldingar frå Sogn og Fjordane Røde Kors nr. 4 - september 2011 tutti fratelli Tutti fratelli vi er alle brør! sa verdas første frivillige i Røde Kors, Castegliones kvinner på slagmarka i Solferino i 1859. NM HJELPEKORPS Det vart eit intenst, spennande og godt NM Hjelpekorps i Førde. Vinnaren vart Oslo Røde Kors Hjelpekorps tett følgde av Hordaland og Aust Agder. Vårt eige heimelag tok ein heiderleg sjuande plass. 15 lag frå heile landet deltok og konkurransen vart knivskarp, berre få poeng skilde dei tre beste laga. Presidenten følgde NM-konkurransen tett på. Mollekeleiv si oppmoding til Sogn og Fjordane Røde Kors er å bruke dette fantastiske arrangementet som inspirasjon til å bli endå betre. Det finnes ikkje eit einaste menneske som ikkje heilt uventa har opplevd noko godt. Hugs det, og du vil aldri tvile på framtida. Ernst von Feuchtersleben GOD OG KREVSJNDE KONKURRANSE Oppgåvene hadde god regi og markørane spelte rollene sine som om det skulle vere verkeleg. Laga måtte samarbeide og samhandle godt for å lukkast. At regien var så ekte, gjorde at deltakarane fekk kjenne på stress, frustrasjon og skikkelege adrenalinkick. Det vart ein suksess for arrangementet. IKKJE FOR PYSER Det var lagt ned mykje arbeid i rekvisittar og rollespel i dei mange ulykkesscenario som deltakarane konkurrerte i. Hjelpekorpsarane møtte på kanovelt, trafikkulykke, blodige kutt og sår, sjukdom og andre situasjonar som dei kan møte på i den verkelege verda. Ein post blir framheva av deltakarane som spesielt utfordrande. Ulukkesscena med skadde ungdommar på rulleskøyter og ei mor med eit spedbarn. Markørane, som var frå Røde Kors Nordisk United World College, spelt rollene sine svært overtydande. Når dei i tillegg ikkje snakka norsk, vart det både ei nøtt og ei bragd å handtere. MED EIGNE AUGE President i Norges Røde Kors følgde konkurransen tett på og fekk med eigne auge sjå og møte ulike aktørar i det store arrangementet. Ingen har lagt merkje til at det har regna, sa Mollekleiv i talen sin etter meisterskapen. - Det er hyggeleg kvar gong å komme til Sogn og Fjordane, avslutta han, og de leverer alltid 100 prosent.nhald: side side Røde Kors Sogn og Fjordane Postboks 573 Faktura adresse: Tlf: 05003 E-post: dk.sognogfjordane@redcross.no Bank: 3700 20 27616 6803 FØRDE Postb. 6585 Faks: 57 72 31 31 www.rodekors.no/sfj Org.nr: NO 864 139 442 Langebruvegen 28 7439 Trondheim

Heider til heimelaget 2 Røff er utsett 5 Panto inn i Kiwi 2 Vedlegget 5 Bruk Hue 2 Vellukka dagstur 5 Afrikas Horn 3 Samling for tillitsvalde 5 Raust folk 3 38. Landsmøte 5 Bøssebruk 4 Storkurshelg 6 Etter Utøya 4 Humanitært forum 6 Kronprinsessa takka 4 Grasrotandel 6 Fleire ønskjer ferie 7 HEIDER TIL HEIMELAGET Oslo slo Hordaland og Aust Agder, i ein knivskap konkurranse. Det skilde ikkje mange poeng mellom dei tre fyrste laga, Oslo, Hordaland og Aust Agder. Sogn og Fjordane sitt heimelag frå Førde fekk ein heiderleg 7. plass i konkurransen. Eit resultat som laget sjølve var godt nøgde med. - Vi ville vere med, ha det gøy og lære, seier lagleiar Stian Hamre Jensen. Det unge laget er nye i konkurransesamanheng og meiner sjølve at dei har sjansar til å bli eit betre lag på sikt. Butikk Stad Kontakt Telefon Kiwi Raudeberg Raudeberg Marit Kvalheim Wik 57855737 Kiwi Deknepollen Deknepollen Anne-Petrin S. Kjerpeseth Kvalvåg 57852055 Kiwi Stryn Stryn Helene Karlsen 57870300 Kiwi Florø Florø Inge Ødegård 57740908 Kiwi Fjaler Dale i Sunnfjord Nadjabollah Alizadah 57736633 Kiwi Dalsøren Askvoll Kjersti Helle Vårdal 57730350 BRUK HUE! - Ein skuleturné om digital mobbing Bruk Hue turneen sesongopna i Drammen 1. september, med statsråd Kristin Halvorsen tilstade. No er kampanjen i Sogn og Fjordane og skal vitje 9 ungdomsskular. Med på laget som lovar å komme sterkare attende var Ole Martin Klepsvik, Susanne Gåsemyr Merkesdal, Kristian Solheim, Ole Fosse Fardal og Edson Neumann Hellebø og Stian Hamre Jensen. Medvitne om eigne sterke og svake sider - Nattorientering hadde vi for dårleg resultat på, meiner Jensen. Sjølv om vi hadde trena, vart vi for svake. Det som fungerte betre var den gode dialogen oss i mellom og at vi ikkje stressar når vi er i aksjon, meiner Jensen og legg til. For å vinne må vi bli betre på detaljane. Vi går litt raskt inn i situasjonen. Med litt meir tid til å observere og tolke det vi er, kan vi heve oss. PANTO INN I KIWI Pantelotteriet Panto er på veg inn i alle Kiwi butikkane i Noreg. I vårt fylke er det allereie installert eindel nye maskiner. I tabellen under finn de kva for butikkar som allereie har fått installert maskiner. Turneen kjem til Sogn og Fjordane i tida mellom 22. september og 6. oktober. Dato Kommune Skulestad 22. sep. Vågsøy Måløy 26. sep. Gloppen Sandane 27. sep. Stryn Stryn 28. sep. Eid Nordfjordeid 29. sep. Flora Florø 3. okt. Førde Førde 4. okt. Høyanger Høyanger 5. okt. Sogndal Sogndal 6. okt. Årdal Øvre Årdal Telenor, Røde Kors, Barnevakten og Medietilsynet ønskjer å vere aktive pådrivarar for å motverke digital mobbing og har utarbeidd programmet Bruk Hue!. Ein skuleturné som set fokus på digital mobbing og korleis både barn og foreldre kan motverke digital mobbing. Kampanjen ønskjer å gjere ungdom, foreldre og lærarar meir medvitne på kva digital mobbing er, kva som kan skape 2

mobbesituasjonar, kva ein bør unngå å gjere og kva for psykiske og juridiske konsekvensar digital mobbing kan føre til. Målet er å engasjere og bevisstgjere ungdom og foreldra. Det er lagt opp til ein aktiv dialog med elevar og foreldre for å skape gode diskusjonar om aktuelle problemstillingar. AFRIKAS HORN Per i dag har Røde Kors samla inn 30 millionar til Afrikas Horn. ICRC har bedt verdssamfunnet om nærare ein halv milliard kroner ekstra til dei tørkeramma områda i Somalia. 27.07.2011 sendte Røde Kors eit lastefly med 160 tonn nødhjelp til Afrikas Horn. Sendinga er den største med mat frå Røde Kors i Noreg i nyare tid. Over 310.000 norskproduserte ernæringspakkar vart sendt frå Bergen med fly til Nairobi, og transportert vidare til dei hardast ramma områda i sørlige Somalia. Hjelpeoperasjon som er i gang i Somalia, dekkjer 5500 barn som får behandling for akutt underernæring på Somalia Røde Halvmånes sine 38 permanente klinikkar, og 18 mobile helse- og matstasjonar. Opp til 100.000 internt fordrivne flyktingar som held til i leirer der det vert bygt matstasjonar og installert system for vassforsyning, og for andredelar av folket, arbeid med å klore/reinse vatne i brønnar. Somalia Røde Halvmåne og ICRC er mellom dei få internasjonale organisasjonane som er til stade i, og har tilgang i områda som er underlagt opprørarane. Dei har også logistikkmessige kapasitet og den nødvendige lokalkunnskap til å møte behova. I SOGN OG FJORDANE Etter å ha fått kunnskap om sveltkatastrofa på Afrikas Horn over lang tid, og så fått ei oppmoding frå presidenten om å samle inn pengar til dei naudstilte, samla distriktsstyret seg om å be lokale ledd gjennomføre ei innsamling siste helga i august. Fleire lokale ledd har gjennomført aksjonar den helga eller i dagane før og etter, anten i form av dør til døraksjonar, stand og punktmarkeringar eller utplassering av bøsser. Resultata som vi har fått inn så langt til distriktskontoret går fram under. Totalt i Sogn og Fjordane Røde Kors per 23. sep. 203 688,22 Flora Røde Kors 16 446,50 Gulen Røde Kors Hyllestad Røde Kors 1 603,00 Høyanger Røde Kors 11 755,00 Vik Røde Kors Balestrand Røde Kors 4 102,50 Leikanger Røde Kors Sogndal Røde Kors Aurland Røde Kors 4 248,50 Lærdal Røde Kors 9 200,00 Årdal RK Omsorg 5 000,00 Luster Røde Kors Askvoll Røde Kors Fjaler Røde Kors Gaular Røde Kors Jølster Røde Kors 32 493,50 Førde Røde Kors Naustdal RK Hjelpekorps 2 427,00 Svelgen Røde Kors Bremanger Røde Kors Vågsøy Røde Kors Selje Røde Kors 40 055,00 36 788,00 Eid Røde Kors 17 882,72 Hornindal røde Kors 777,50 Gloppen Røde Kors Stryn Røde Kors Olden Raude Kross Vikane Røde Kors 20 909,00 I dei fleste distrikta har det vore gjennomført innsamling i ein del lokale ledd, men ynskje om eit meir samordna nasjonalt initiativ er kome frå fleire. Denne veka vart det konkludert med at ein sentralt vil legge til rette for ei felles innsamling helga 23.-25. september. Det er sjølvsagt ikkje venta at dei som alt har gjennomført aksjonar skal ut att ein gong til. Dette bør sjåast som eit høve for dei som ikkje har gjort noko eller vil gjere meir, til å vurdere om det skal takast initiativ. Ta i så fall kontakt med distriktskontoret om de treng hjelp til med materiell eller anna. RAUST FOLK I KYSTKOMMUNE Denne artikkelen vart publisert på dei nasjonale sidene på Korsveien den 9. september. Katastrofen på Afrikas Horn har fått Røde Korsarar i Sogn og Fjordane til å gå ut med bøssene. Etter kvart som innsamlingsresultata tikkar inn, legg ein spesielt merkje til det Røde Kors i Svelgen og Bremanger har oppnådd. 3

Status innsamla i kystkommunen fredag 9. september er kroner 76 843,-. Det betyr at kvar innbyggar i kystkommunen Bremanger i Sogn og Fjordane, har gitt 20 kroner til Afrikas Horn. Det er ikkje berre eit raust folkeslag som er årsaka til det gode resultatet. Lokalforeiningane organiserte dør til dør aksjonar. I møtet mellom menneske er det lett å få pengar frå hand til bøsse. Knakke dører gir resultat I Sogn og Fjordane har ein lange tradisjonar med å knakke dører når det gjeld som mest. I små bygder langs fjord, kyst og oppe på fjell, er dette måten å samle inn pengar på. Det er krevjande å organiserer og det tek tid å planlegge, men når ein først er i gong gir det resultat. Omømmebygging Dør til dør aksjonar gir Røde Kors ein flott boost på sitt elles så gode renommé. Svært mange kan fortelje om møte med huslydar der dei er venta, hjarteleg velkomne og takka. BØSSEBRUK SOM LANDSMØTE SAK Sogn og Fjordane Røde Kors har meldt inn ei sak for det 38. Landsmøtet no i oktober om bruk av Røde Kors-bøssene. Frå vår side ønskjer vi ein debatt om bruken og bøssene, skal dei konsentrerast om å nyttast til innsamling av pengar i samband med hjelp til naudstilte og lidande etter akutte hendingar og katastrofar som har fått utvikle seg over tid. Eller skal dei som i dag også brukast til generell innsamling for Røde Kors sin humanitære aktivitet. Det er forventa at det er ulike meiningar om dette og vi ser fram til debatten. langsiktig inn i vårt arbeid. Dette styrker våre sjansar til å inkludere fleire i vårt langsiktige omsorgs og nettverksarbeid. Røde Kors har det i tida 22.juli 31.august 2011 fått 2729 nye medlemmer, der 886 er nye faddermedlemmer og personar verva gjennom gateverving. Det betyr 1843 ordinære, nye medlemmer. Til samanlikning fekk Røde Kors i 2010 totalt 752 nye medlemmer, inkludert faddermedlemmer og personar verva på gata. Dette er ein auke på nesten 60 %. 9929 nye blodgivere i 2011. 3298 nye blodgivere siden 22.07.2011. minaksjon.rodekors.no Sidan 22.07.2011 har det blitt oppretta 212 nye innsamlingsaksjonar på minaksjon.rodekors.no. Aksjonane er hovudsakeleg retta mot Afrikas Horn og Utøya / Oslo-tragedien / Hjelpekorpset. KRONPRINSESSA TAKKA RØDE KORS Kornprinsesse Mette-Marit takka dei frivillige for innsatsen på Utøya og i Oslo da ho vitja Røde Kors 1. august. Her er det ho sa til våre frivillige: - Noen gangar blir ord fattige, og det å skulle si noe om den innsatsen dere har lagt ned siden fredag for en uke siden, gjør meg veldig ydmyk. Dere har redda liv, dere har satt andre mennesker foran dere selv, og dere har sett mer enn andre kan forestille seg. Jeg vet at dette må være en stor personlig belastning, hele Norge skylder dere en takk for innsatsen deres. UTSETT OFFISIELL NASJONAL OPPSTART AV RØDE KORS RØFF ETTER UTØYA Røde Kors sin innsats i samband med massakren på Utøya har gitt ulike reaksjonar frå publikum. Frå Norges Røde Kors kjem desse døma: Sven Mollekleiv: Fleire melder om stor tilstrømming av frivillige. Det er veldig hyggelig. Røde Kors har etter Utøya blitt kontakta av menneske som ønskjer å bidra og å hjelpe. Mange har møtt opp der dei veit at frivillige frå Røde Kors er. Også over telefon og i sosiale medium har folk tatt kontakt for å tilby si hjelp. - Vi er utrolig takknemlige for alle som nå ønskjer å hjelpe til over hele landet, seier Mollekleiv. Vi inviterer nå alle som ønskjer å bidra Markering av nasjonal oppstart av Røde Kors Friluftsliv og Førstehjelp er utsett til våren 2012. 4

Det var planen at Røde Kors RØFF skulle ha offisiell, nasjonal oppstart laurdag, 24. september 2011. Men det var kun ei lokalforeining som hadde meldt tilbake at dei var klare til å gjennomføre friluftslivsarrangement i samband med nasjonal oppstart. Målet med markeringa var å skape størst muleg blest og merksemd om aktiviteten ved at flest muleg lokalforeiningar skulle invitere til open friluftslivsdag. Tilbakemeldingar frå lokalforeiningar og distrikt viser at oppstarten kom for brått på, og at det trengs meir tid til å rekruttere leiarar og planlegge aktivitetar. Utsetting av markeringa 24/9 inneber kun at Røde Kors ikkje har ein nasjonal markering denne dagen, og at arbeidet med etablering av lokale grupper held fram. Planlagt informasjons- og rekrutteringsmateriell vil ferdig distribuert i løpet av hausten. RØFF status i Sogn og Fjordane Vi har allereie nokre resurspersonar i vårt distrikt med Eli Blålid i Vågsøy i front. Vidare har Distriktsråd Hjelpekorps RØFF på sin agenda og vil drøfte framdrift og utvikling. VEDLEGG TIL RØDE KORS-MAGASINET Var du ein av dei som reagerte på bokvedlegget til det siste Rødekorsmagasinet? Kommunikasjons- og marknadsavdelinga kommenterte dette slik: Vi prøver så godt vi kan å balansere reklamen og dei viktige inntektene vi får via magasinet med det redaksjonelle innhaldet. Boka som var vedlagt frå Cappelen Damm, hadde ingen ting å gjere samen med den siste utgåva av Røde Kors Magasinet. Det var ein kraftig svikt i våre interne rutinar. I samband med dette nummeret gikk vi gjennom (og delvis endra) alle annonsar inne i magasinet. Det burde også ha vore gjort med den boka som låg ved. Denne typen bøker skal ikkje leggast ved vårt magasin. Jostein Bekken i Luster Røde Kors har sendt denne rapporten frå ei velorganisert og vellukka rundtur. Røde Kors i Luster arrangerte sin tradisjonelle dagstur for pensjonistar, eldre og einsame som er busett i Luster Kommune. Den 20. august vart det arrangert ein rundtur om Fjærland, Stryn og Lom. Turen starta frå Skjolden kl 8:00, Luster kl 8:15 Gaupne kl 8:30 og Hafslo kl 9:00. Då dei siste passasjerane vart teke på, var det i alt 73 personar plassert i to bussar. Første stoppen var på Brevasshytta der vertskapet serverte kaffi og eplekake. Stoppen varte ca 1 time slik at deltakarane hadde høve til å sjå på området rundt hytta og Bøyabreen. Etter Brevasshytta gjekk turen om Stryn sentrum til Oppstryn og Jostedalsbreen naturparksenter, der det var filmframsyning om Jostedalsbreen og historia om dei ulike istidene og frå dei store rasulukkene frå Ravnefjell i Loen i 1905 og 1936 ved Anne Kjos- Wenjum Armas frå naturparksenteret. Her vart det servert reinsdyrgryte med tilbehør og naturparksenteret spanderte kake til kaffien. Etterpå var det fritt fram for deltakarane å sjå den Botaniske hagen med 400 ulike namneskilt over ville blomster og den Geologiske parken. Etter 2 1/2 time gjekk turen vidare over Strynefjellet til Lom. Der var det ein time stopp på Fossberg hotell med kaffi og wienarbrød før turen gjekk attende over Sognefjellet til Skjolden der dei første deltakarane gjekk av bussen. Vidare ut langs Lustrafjorden til Gaupne, og endestopp på Hafslo der dei siste gikk av bussen kl. 20:30. Alle ga inntrykk av ei fin tur og all honnør til dei to bussjåførane for behageleg og fin køyring. SAMLING FOR TILLITSVALDE Tillitsvaldsamling på Skei den 22. -23. oktober. Programmet for helga er i ferd med å komme på plass. Merk av på kalenderen allereie no denne helga. DAGSTUR FOR PENSJONISTAR Bilde er truleg teke utanfor Jostedalsbreen naturparksenter Det 38. Landsmøtet nærmar seg. Ein stor delegasjon av delegatar og observatørar reiser til Gardermoen torsdag den 6. oktober. Dei nesten 50 som reiser har intense og spennande dagar i møte. Sogn og Fjordane har fire saker som skal drøftast i plenum. Forslaga er å; Styrke tilretteleggarfunksjonen på distriktsnivå Lage retningsliner for bruk av Røde Kors-bøssene Organisering av Røde Kors-dagen 8. mai Prioritering av medlemsarbeidet. Laurdag 24. september møtes utsendingane til ein gjennomgong av sakene og for å førebu innlegg. 5

STORKURSHELG PÅ SKEI 18.-20. NOV. Storkurshelga lovar fagleg påfyll so da helde, og følgjande kurs står på programmet: Mangfald og Dialog (MOD) eit kurs i å få auka medvitet om eigne og andre sine haldningar, reaksjonar og eventuelle fordommar. Voice Broadcast for administratorar kurs i å nytte dataprogram som forenklar varsling i Røde Kors. Myndigheitspåverknad og Menneskerettar kurs om rammeverket for Røde Kors-arbeidet i fredstid og krig, og korleis vi kan nytte dette i vårt daglege arbeid og i kontakten med kommunale og statlege etatar. Beredskapskurs kva er kriser og katastrofar? Kva er Røde Kors si rolle som humanitær beredskapsorganisasjon? Kurset brukar læringsmetodar som speedøvingar og arbeidsgrupper. Psykisk førstehjelp kurs om krisar, stressreaksjonar, sorg og prinsipp for samtalar. Kurskatalog, innbydingar og påmeldingsskjema kjem straks. Påmeldingsfrist er 18. oktober, og rettast til opplæringskoordinator Lisbeth Maria Munkvold. HUMANITÆRT FORUM Fredag 18. november i samband med Storkurshelga vert det arrangert humanitært forum med tema Sosiale skilnader i oppvekst ei humanitær utfordring. Forumet går på dagtid. Det kan gi dei frivillige eit problem, men Røde Kors ønskjer å sette lys på problemstilliga overfor fylke, kommunar og eigne frivillige samla. Alle som har oppvekst som sitt arbeidsfelt, anten det er administrativt eller politisk, eller humanistisk vil finne dette forumet interessant. RAPPORTEN FRÅ TELEMARKSFORSKING Karin Gustavsen, som har leia arbeidet med forskingsrapporten om tema vil presentere resultata og peike på kva vi som samfunn og frivillige kan gjere for å møte sosiale skilnader i barn sin oppvekst. Både eigne frivillige og eksterne skal halde innlegg på forumet. Distriktsråd omsorg har Oppvekst som sitt hovudfokus framover. GRASROTANDEL Status per 01.09.2011 SUM: Sogn og Fjordane Røde Kors 381 602 Flora Røde Kors 14 517 Gulen Røde Kors 5 983 Hyllestad Røde Kors 7 421 Høyanger Røde Kors 42 635 Vik Røde Kors 4 196 Balestrand Røde Kors 7 576 Leikanger Røde Kors 4 200 Sogndal Røde Kors 30 252 Aurland Røde Kors 30 374 Lærdal Røde Kors 11 958 Årdal RK Omsorg 3 246 Luster Røde Kors 32 246 Askvoll Røde Kors 10 751 Fjaler Røde Kors 5 756 Gaular Røde Kors 23 101 Jølster Røde Kors 6 967 Førde Røde Kors 30 207 Naustdal RK Hjelpekops 8 072 Svelgen Røde Kors 13 479 Bremanger Røde Kors 5 882 Vågsøy Røde Kors 8 049 Selje Røde Kors 1 519 Eid Røde Kors 28 062 Hornindal røde Kors 6 513 Gloppen Røde Kors 1 238 Stryn Røde Kors 24 468 Olden Raude Kross 9 769 Vikane Røde Kors 3 165 6

FLEIRE ØNSKER SEG FERIE Dei siste åra har Røde kors sitt Ferie for alle -tilbod fått auka ressursar og fleire barn har fått ferie. Samtidig avdekker Røde Kors at behovet veks. 8 prosent av alle barn i Noreg lever i fattige familiar. Sommaren 2011 fekk 1300 personar i Noreg innvilga opphald medan ca 900 barn og vaksne måtte avvisast på grunn av manglande ressursar. - Alle fattige barn bur i ein kommune, og norske kommunar må ta ansvar for utfordringane lokalt og utarbeide tiltak og planar mot barnefattigdom. Røde Kors ønskjer å vere ein støttespelar og samarbeidspartnar med kommunane i dette arbeidet, seier generalsekretær Åsne Havnelid. Dag Hovland Lisbeth Maria Munkvold Reidun Sørefjord Christian Vik Bente Halvorsen Henning Hellebust Margunn Masdal dag.hovland@redcross.no Dagleg leiar lisbeth.munkvold@redcross.no opplæringskoordinator reidun.sorefjord@redcross.no Lokalforeiningar christian.vik@redcross.no Røde Kors Ungdom bente.halvorsen@redcross.no Omsorg henning.hellebust@redcross.no Hjelpekorps og beredskap margunn.masdal@redcross.no Informasjon og kommunikasjon 57 72 31 32 908 94 974 57 72 31 33 904 74 445 57 72 31 34 917 47 134 57 72 31 35 970 24 405 57 72 31 36 481 42 540 57 72 31 37 900 58 669 57 72 31 38 Jobb: 952 07 409 Priv: 958 19 912 www.rodekors.no/sfj Samarbeidet med Redningsselskapet vart ein suksess. FFA I SOGN OG FJORDANE Sommaren 2011 opplevde Røde Kors å få venteliste på Ferie for alle. Konsekvensen var at 14 personar ikkje kom med. Det er framleis ei utfordring at ikkje alle kommunar i fylket gir dette tilbodet til sine i målgruppa. Ei meir rettferdig fordeling av tilbodet er ønskjeleg. Svært positivt er det at behovet for frivillige vart dekka 100 %. Både nye og tidlegare frivillige fortel om eit flott opphald og ein svært triveleg opphald. Det gode samarbeidet med Redningsselskapet og Sogn og Fjordane fylkessenter for musikkterapi ga ferieopphaldet ein fantastisk meirverdi. Eliasbåten vart sikker vinnar på fjorden. Ei utfordring er også å sikre ein føreseieleg økonomi til alle dei humanitære ferietilboda våre. Sjølv om Norges Røde Kors prioriterer aktiviteten, skal ein ikkje undervurdere den store verdien Røde Kors-lotteriet har for tilbodet i Sogn og Fjordane. Det er sjølvsagt viktig å vinne NM, men det er òg viktig å slå naboen Sven Mollekleiv, NM Hjelpekorps 2011 7