PROSJEKT GIMLE Gimle Kulturhus SLUTTRAPPORT EXTRASTIFTELSEN

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "PROSJEKT GIMLE Gimle Kulturhus SLUTTRAPPORT EXTRASTIFTELSEN"

Transkript

1 PROSJEKT GIMLE 2015 Gimle Kulturhus SLUTTRAPPORT EXTRASTIFTELSEN

2 Innhald Føreord... 3 Samandrag... 3 Bakgrunn... 4 Målsetting for prosjektet... 4 Posjektgjennomføring/metode... 5 Resultat og resultatvurdering... 5 Oppsummering/konklusjon/vidare planer... 6 Vedlegg 1 Bilete av arbeid og resultat... 7 Støyping av rampe i inngangspartiet HC-WC i 2.høgda... 8 Arbeid i bakgard for tilrettelegging av heis Vedlegg 2 Rekneskap Sluttrapport Extrastiftelsen, Prosjekt Gimle Universell utforming Side 2

3 FØREORD Ervingen Kulturhus AS har motteke kr frå Extrastiftelsen, som stønad til universell utforming av kulturhuset Gimle. Løyvinga vart utbetalt i 2015, men pga av forseinking i prosjektet, vart midlane overført til Denne sluttrapporten fortel litt om prosjektet og korleis stønaden har blitt brukt. SAMANDRAG Kulturhuset Gimle ligg sentralt i Bergen. Området er rekna som den sentrale delen av mellomalderbyen i Bergen, der bygningane er freda eller definerte som verneverdige. Huset vart bygd i 1898 og er eigd av Ervingen Kulturhus as som igjen er eigd av Bergen Ungdomslag Ervingen. Kulturdelen av huset vert nytta av Bergen Ungdomslag Ervingen som har tilbod om aktivitetar innan folkedans, folkemusikk, kor og barnelag, samt ulike konsertar og førestellingar. I tillegg vert huset leigd ut til konsertar, øvingslokale, kurs, menigheiter osb. Huset er bra halde vedlike men står no overfor ei større utbetring/oppgradering, m.a er det planlagt universell utforming. Prosjektet har vorte veldig forseinka i høve opphavlege planar og arbeidet er ikkje ferdigstilt. I 2016 har vi likevel fått laga til rampe for rullestol i inngangspartiet, laga HC-WC i 2. høgda, gjort ein del tilrettelegging for heis i bakgarden og sjølve heisen er bestilt. Prosjektet vil fortsetje i 2017 og vi håper at heisen skal være installert ila våren Sluttrapport Extrastiftelsen, Prosjekt Gimle Universell utforming Side 3

4 BAKGRUNN Gimle vart bygd i 1898 og kjøpt av Bundeungdomslaget Ervingen i Huset er oppført i mur i nyrenessanse stil og teikna av arkitekt Shack Bull. Det har adresse Kong Oscarsgt 18 i Bergen. Dette område er rekna som den sentrale delen av mellomalderbyen Bergen der bygningane er freda eller definerte som verneverdige. Huset er halde godt vedlike, men har ein del utfordringar: Bygningsmessig konstruksjon: Utglidingar og andre utfordringar vedkomande tak, lekkasje og roteskadar i vindaugskarmar. Enøk/energi: Huset har i dag oljefyrt oppvarming og mange av vindauga er frå 1950-talet, ventilasjon er delvis basert på lufting gjennom vindauge. Manglande tilkomst for alle: Huset har salar i 3 høgder, men det er berre tilkomst via innvendige trapper i dag. Oppgradering av toalett og kjøken, m.a. er det ikkje handikap-wc Det er difor planlagt eit omfattande rehabiliterings- og ombyggingsprosjekt for å utbetre Gimle, men denne delen av prosjektplanen fokuserer på manglande tilkomst for alle og universell utforming med handikap-wc. Huset vert nytta av Bergen Ungdomslag Ervingen som driv aktivitet innan folkedans, teater, kor, spelemannsgrupper og barnelag. I tillegg vert huset leigd ut til andre organisasjonar og lag som t.d. kulturskulen, ulike menigheiter, politiske parti, kor og andre lag, til ein rimeleg pris. Huset har mellom anna to salar med speilveggar som vert nytta til dans- og balansetrening m. a. til Folkeuniversitetet sine kurs i magedans. I tillegg til øvingslokale er også huset leigd ut til konsertar og som festlokale. Sjå td Festspillene i Bergen. Situasjonen i dag er at det er medlemmer i laget som ikkje kan nytte huset av di det ikkje er tilkomst på annan måte enn trapp. Vi synest det er leit at einskilde personar ikkje skal kunne nytte dei flotte lokala vi har av di dei ikkje kan koma seg inn. Dette gjeld også for andre leigetakarar sine medlemmar. Vi trur at positive aktivitetar som vert drive i huset vårt, er sunt og helsemessig førebyggjande både i form av fysisk aktivitet og det sosiale fellesskap aktiviteten inneber. Derfor ønskjer vi at alle skal få tilgang til huset og mogelegheit til å delta uavhengig av fysiske handikap. MÅLSETTING FOR PROSJEKTET Overordna målsetting for prosjektet er å gjere huset tilgjengeleg for alle. Det inneber å etablere heis i alle etasjar for å sikre tilkomst og byggje om toaletta med eige handikaptoalett. Det vert og naudsynt å gjere tilpassingar i inngangspartiet både utvendig og innvendig for å komme til den nye heisen. Tilsvarande vert det tilpassingar i kvar etasje for tilkomst til heis. Sidan dette er eit meir enn hundre år gammalt bygg, så vert slike ombyggingar relativt omfattande. Sluttrapport Extrastiftelsen, Prosjekt Gimle Universell utforming Side 4

5 POSJEKTGJENNOMFØRING/METODE Som det går fram av bakgrunnsinformasjon, er Prosjektet Universell utforming ein del av eit større prosjekt for oppgradering og utbetring av kulturhuset Gimle. Gjennom Link Arkitektur vart det utarbeidd prosjektunderlag for totalprosjektet. Det vart søkt om byggjeløyve og rammetillatelse vart gitt Link Arkitektur sette ned ei prosjektgruppe av rådgjevande ingeniørar med alle dei viktigaste fagområda representert for detaljering av løysingar. Oppgåva vart så sett ut på anbod og vi såg for oss ei totalentreprise. Vi mottok berre eit tilbod ( ) og sjølv etter forhandlingar vart dette så dyrt at vi ikkje kunne inngå kontrakt. Dette medførte at vi vart svært forseinka i prosjektet. Vi valde å dele opp det store prosjektet og hente inn tilbod på separate delar. Vi engasjerte BBT (BergenByggTeknikk) til å hjelpe oss med dette og har i tillegg brukt mykje eigeninnsats. Det store prosjektet vart delt i 2 der riving og påbygging i bakgard inklusive heis og universell tilkomst vart planlagt i første del. Vi har vidare delt opp i mindre einingar der det har vore hensiktsmessig og henta inn tilbod og inngått kontraktar einskildvis. Med BBT har vi fått avtalar som gjer at leverandørane gir tilbod til oss og fakturerar oss direkte. Vi unngår då det vanlige påslaget på 10 % i administrasjon på alle fakturaer. BBT fakturerar oss for timar som dei bruker i prosjektet til prosjektering, avklaringar, innhenting av tilbod og oppfølging. Vi måtte ha løyve frå Riksantikvaren for å grave i freda grunn og oppstartsløyve frå kommunen for å starte arbeid i bakgard der heisen skal være. Løyve frå Riksantikvaren låg føre Igangsetjingsløyve tok ekstra lang tid å få då det viste seg at det vi måtte grave ut for heisgropen, var forureina og vi trengte då å få ekstra godkjenning på utførande firma. Oppstartsløyve låg føre Arbeidet starta hausten 2016 og det er fortsett mykje som står igjen. Så langt ser det ut for at denne metoden gir lågare kostnader. Men det er og risiko knytt til om oppgåver fell mellom to stolar, fordeling av ansvar om noko går galt og det er krevjande å følgje opp. RESULTAT OG RESULTATVURDERING Som det går fram av førre kapittel, er ikkje prosjektet ferdigstilt, men innanfor universell utforming har vi oppnådd følgjande: - Vi har tilrettelagt for rullestolrampe i inngangspartiet (vi ventar med å leggje skifer til alt arbeid i bakgarden er ferdigstilt, då det er mykje trafikk over dette området) - Vi har ferdigstilt HC-WC i 2. etg (vi reiv det gamle kjøkenet og bygde opp HC-WC, eit lite WC og eit lite te-kjøken) - Vi har grave ut og støypt heisgrop i bakgard - Vi har starta naudsynt rivearbeid for å få plass til heis og påbygg i alle høgdene - Vi har bestilt heis frå Kone - Vi har fått levert ny trafo som er naudsynt for å drifte heisen Vi er godt nøgd med arbeidet som er utført, men det gjenstår mykje før heisen er på plass og vi verkeleg har fått universell utforming av Gimle. Sluttrapport Extrastiftelsen, Prosjekt Gimle Universell utforming Side 5

6 OPPSUMMERING/KONKLUSJON/VIDARE PLANER Opprusting av Gimle er under arbeid. Prosessen har tatt mykje lenger tid enn planlagd, men vi er i god gang. Arbeid knytt til universell utforming som rullestolrampe i inngangspartiet, HC-WC og bestilling av heis er utført. Arbeidet vil fortsetje i Pr i dag ser vi for oss at vi får heisen installert våren Sluttrapport Extrastiftelsen, Prosjekt Gimle Universell utforming Side 6

7 VEDLEGG 1 BILETE AV ARBEID OG RESULTAT Støyping av rampe i inngangspartiet. Bilete 1 Inngangsparti før utskjering for rampe. Bilete 2 Inngangsparti før utskjering for rampe Bilete 4 Rampen ferdig støypt Bilete 3 Holtaking i golv for ny rampe Sluttrapport Extrastiftelsen, Prosjekt Gimle Universell utforming Side 7

8 HC-WC i 2.høgda Bilete 6 All innmat i det gamle kjøkenet er fjerna Bilete 5 Kjøken før ombygging til toalett Bilete 7 Bygging av vegg i nytt HC-WC Bilete 8 Sluk må lagast i det nye toalettet Bilete 9 Nytt toalett på plass Bilete 10 Ny vask på plass Sluttrapport Extrastiftelsen, Prosjekt Gimle Universell utforming Side 8

9 Bilete 11 Dør til HC-WC med påmontert pumpe for automatisk opning Bilete 12 HC- WC ferdig Sluttrapport Extrastiftelsen, Prosjekt Gimle Universell utforming Side 9

10 Arbeid i bakgard for tilrettelegging av heis Bilete 13 Pæleboring for tilrettelegging av heis Bilete 14 Første pæl, ein av tre Bilete 15 Utgraving av bakgard, avfall til deponi Sluttrapport Extrastiftelsen, Prosjekt Gimle Universell utforming Side 10

11 VEDLEGG 2 REKNESKAP Rekneskap prosjekt Gimle 2015 Universell utforming rapport til Extrastiftelsen Prosjekteringskostnader/konsulenttenester BBT - Willy Skilbrei Bergen Kommune - igangsettingsløyve ikkje mva -NIKU - undersøkjing av grunn ikkje mva -BUL Ervingen - prosjektleiing ikkje mva Utførande Rampe -Sørheim - riving Thorsteinsen støping Eek Larsen - elektro HC-toalett -Lislerud - tømrar Hellesøy - røyrleggjar Eek-Larsen - elekto Heikki Bruvik - låsesmed Heis m/tilrettelegging -Kone 1/3 av kontraksum kr Sørheim Multiconsult - miljøundersøking Sørheim - riving og graving Trafo Vestnorsk brønnboring - boring og pæling Sum eks mva halv mva (E.Kulturhus har ca 50% frådrag på mva) Sum inkl mva Finansiering Tilskot Extrastiftelsen Eigenkapital Sum Oppsummert til Web rapport - lønn - - innkjøpte tjenester/honorar materiell/utstyr andre utgifter - SUM Sluttrapport Extrastiftelsen, Prosjekt Gimle Universell utforming Side 11

Sluttrapport for prosjektet 2015/FB5211 «Heimlund for alle»

Sluttrapport for prosjektet 2015/FB5211 «Heimlund for alle» Sluttrapport for prosjektet 2015/FB5211 «Heimlund for alle» Av Ørjan Skåden Innvik 15.01.2016 Forord Dette er ein sluttrapport for prosjektet Heimlund for Alle, der hovudoppgåva var å bygge nytt handikapptoalett

Detaljer

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen» Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen» - Og skisser til mogeleg opprusting Status Bygget er eit eldre bygg bygd midt på 1960-talet. Bygget framstår i hovudtrekk slik det var bygd. Det er gjort nokre endringar

Detaljer

Eit prosjekt utført av:- Nasjonalforeininga for folkehelsa Hosanger Helselag

Eit prosjekt utført av:- Nasjonalforeininga for folkehelsa Hosanger Helselag Verksemdområde:- Forebygging Prosjekt nr.:- 2011-1-0389 Prosjekt navn:- Trimrom på Hosangerheimen Søker organisasjon:- Nasjonalforeininga for folkehelsa Eit prosjekt utført av:- Nasjonalforeininga for

Detaljer

Leverandør.. tilbyr å utføre kontraktarbeid iht. konkurransegrunnlaget for fast sum. Kr. Kr.

Leverandør.. tilbyr å utføre kontraktarbeid iht. konkurransegrunnlaget for fast sum. Kr. Kr. Vedlegg 1 1. Generelt Alle kostnadar oppgitt i skjemaet skal vere eksklusive meirverdiavgift og oppgitt i norske kroner (NOK). Alle prisar gitt i anbodet skal vere fastprisar, utan regulering i lønns-

Detaljer

6863 Leikanger

6863 Leikanger Leikanger Ungdomslag 6863 Leikanger 31.5.2015 Leikanger kommune Skrivarvegen 7 6863 Leikanger Kopi av søknadsbrev pr epost: Rådmann Odd Arve Rakstad Ordførar Olav Lunden Kommunalsjef Per Holen SØKNAD OM

Detaljer

Kjøp av sekretariatsfunksjon for kontrollutvalet

Kjøp av sekretariatsfunksjon for kontrollutvalet Luster kommune Avtale Mellom PricewaterhouseCoopers AS og Luster kommune Kjøp av sekretariatsfunksjon for kontrollutvalet INNHALD 1 Generell informasjon...3 2 Omfang og varigheit...3 3 Oppgåver og plikter

Detaljer

RAPPORT MJELDALEN UNGDOMSLAG: Tilrettelegga Mjeldalen ungdomshus med universell utforming med trappefri inngang, HC-wc og problemfri tilkomst sal.

RAPPORT MJELDALEN UNGDOMSLAG: Tilrettelegga Mjeldalen ungdomshus med universell utforming med trappefri inngang, HC-wc og problemfri tilkomst sal. MJELDALEN UNGDOMSLAG 5286 HAUS Skipa 1906 Bankgirokonto 3626.50.12552 Telefon 56 39 05 44 www.mul.no RAPPORT MJELDALEN UNGDOMSLAG: Forord: Tilrettelegga Mjeldalen ungdomshus med universell utforming med

Detaljer

Husbankfinansiering av vedlikehald og oppgradering av kommunale bustadar. Sigbjørn Spurkeland, rådgjevar «Boliger for fremtiden» 6.

Husbankfinansiering av vedlikehald og oppgradering av kommunale bustadar. Sigbjørn Spurkeland, rådgjevar «Boliger for fremtiden» 6. Husbankfinansiering av vedlikehald og oppgradering av kommunale bustadar Sigbjørn Spurkeland, rådgjevar «Boliger for fremtiden» 6. februar Husbankfinansiering av oppgradering av kommunale bustadar Sigbjørn

Detaljer

09/2273Plan om å utbetre kyrkjegard frå middelalderen

09/2273Plan om å utbetre kyrkjegard frå middelalderen Vår ref. Dykkar ref. Dato: 09/2273-18-MBA 04.08.2011 09/2273Plan om å utbetre kyrkjegard frå middelalderen Ombudet fann at St Jetmunds kyrkjegard i Vanylven ikkje er universelt utforma. Rullestolbrukarar

Detaljer

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar) Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar) Kvinnherad kommune 2014 Rettleiing for søknad om spelemidlar i Kvinnherad kommune Tilskot til anlegg og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Detaljer

Hei Guro, ei oppdatering frå Holmedal Ungdomslag.

Hei Guro, ei oppdatering frå Holmedal Ungdomslag. Fra: [Guro.Hoyvik@sfj.no] Til: Rivedal Yndestad (kryndestad@gmail.com) [kryndestad@gmail.com] Kopi: Sendt: 20.06.2016 13:41:13 Emne: SV: Utbetaling Holmedal ungdomslag Vedlegg: Hei, det er slik at vi må

Detaljer

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT 1. Føremål Ordninga gjeld tiltak for sikring og istandsetting av verdsarvstaden Bryggen. Målsettinga er

Detaljer

SLUTTRAPPORT. Prosjektnummer: 2011/1/0327 PROSJEKT GROV. Søkerorganisasjon: Norges Handikapforbund og NHF Vågå

SLUTTRAPPORT. Prosjektnummer: 2011/1/0327 PROSJEKT GROV. Søkerorganisasjon: Norges Handikapforbund og NHF Vågå SLUTTRAPPORT Prosjektnummer: 2011/1/0327 PROSJEKT GROV Søkerorganisasjon: Norges Handikapforbund og NHF Vågå FORORD Vi vil med dette få takke ExtraStiftelsen Helse og Rehabilitering for den økonomiske

Detaljer

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG PLANPROGRAM Dette bildet av ein del av Sjøholt sentrum er teke i slutten av 1860-åra INNHALDSLISTE 1. INNLEIING... 3 2. BAKGRUNN FOR KULTURMINNEPLANEN... 4 3. FØRINGAR,

Detaljer

Kort omtale og vurdering av dei innkomne søknadane

Kort omtale og vurdering av dei innkomne søknadane Kort omtale og vurdering av dei innkomne søknadane Tiltak Vurdering Søknadssum/ totalkostnad 1 Loftesnes, hovudhuset Arbeidet med salen er i sluttfasen og fylkesdirektøren vurderer det som viktig at 450

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/153-1. Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/153-1. Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/153-1 Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing TILRÅDING: Saka blir lagt fram utan tilråding frå administrasjonen.

Detaljer

Møteinnkalling. Utval: Plannemnd for byggjeprosjekt Møtestad: 100 Fylkeshuset i Molde Dato: Tid: 09:30

Møteinnkalling. Utval: Plannemnd for byggjeprosjekt Møtestad: 100 Fylkeshuset i Molde Dato: Tid: 09:30 Møteinnkalling Utval: Plannemnd for byggjeprosjekt Møtestad: 100 Fylkeshuset i Molde Dato: 26.03.2014 Tid: 09:30 Forfall skal meldast til utvalssekretær Ann Torill Vaksvik tlf 71 25 88 56 eller politikk@mrfylke.no,

Detaljer

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT 1. Føremål Ordninga gjeld tiltak for sikring og istandsetting av verdsarvstaden Bryggen. Målsettinga er

Detaljer

Samfunnshusets venner

Samfunnshusets venner Samfunnshusets venner BEHOVSVURDERING FOR SELJE SAMFUNNSHUS Selje samfunnshus er eit murhus frå 1950 talet, vart bygd på andelsbrev frå folk i bygda. Opplysningsvesenets fond eige tomta på 1900 m 2, der

Detaljer

Tilskotsordning for opplæring i norsk, norsk kultur og norske verdiar for asylsøkarar i mottak 2018

Tilskotsordning for opplæring i norsk, norsk kultur og norske verdiar for asylsøkarar i mottak 2018 RUNDSKRIV FOR TILSKOTSORDNING Rundskriv 15/2018 Tilskotsordning for opplæring i norsk, norsk kultur og norske verdiar for asylsøkarar i mottak 2018 1. Innleiing Det opphavlege regelverket er fastsett av

Detaljer

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2016/103 Formannskapet Kommunestyret

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2016/103 Formannskapet Kommunestyret Saksframlegg Saksmappe Saksbehandlar 2016/1912-12 Gunn Tove Petterteig Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2016/103 Formannskapet 11.11.2016 Kommunestyret Alternative løysingar - Kontorfellesskap Husnes Innstilling

Detaljer

DRAMMEN KOMMUNE SAKSUTREDNING. Innstilling til: Styret i Drammen Eiendom KF

DRAMMEN KOMMUNE SAKSUTREDNING. Innstilling til: Styret i Drammen Eiendom KF DRAMMEN KOMMUNE SAKSUTREDNING Saknr. 06/19 Saksbeh. Øyvind Mathisen Jour.nr 19/6005 Mappe Avgj. Styret Møtedato 11.02.2019 SAK 06/19: KJØSTERUD SKOLE, ELEVTILPASNINGER Innstilling til: Styret i Forslag

Detaljer

Sluttrapport til ExtraStiftelsen. Prosjekt «Friluft og fiskelykke for alle!»

Sluttrapport til ExtraStiftelsen. Prosjekt «Friluft og fiskelykke for alle!» Sluttrapport til ExtraStiftelsen Prosjekt «Friluft og fiskelykke for alle!» LHL Sykkylven i samarbeid med "Straumgjerde Natur og Folkesti" Prosjektnummer 2015/ RB14375 Søkerorganisasjon: Landsforeningen

Detaljer

Styresak. Forslag til vedtak. Styret vedtek ombygging av kontorlokala ved Sjukehusapoteket i Bergen.

Styresak. Forslag til vedtak. Styret vedtek ombygging av kontorlokala ved Sjukehusapoteket i Bergen. Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Sjukehusapoteka Vest HF Dato: 21.05.2013 Frå: Sakshandsamar: Saka gjeld: Administrerande direktør Jannicke Daae Tønjum Apotekar Dominique Viki/ Konsulent Berit

Detaljer

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene Rådgivande ingeniørers forening RIF

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene Rådgivande ingeniørers forening RIF AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene Rådgivande ingeniørers forening RIF Ørsta 22.09.2015 Grunneigarar, off. mynde, organisasjonar TILTAK: OPPSTART AV PRIVAT REGULERINGSARBEID

Detaljer

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar) Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar) Kvinnherad kommune 2015 Rettleiing for søknad om spelemidlar i Kvinnherad kommune Tilskot til anlegg og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Detaljer

Universell utforming i Husbanken. Sigbjørn Spurkeland, Seniorrådgjevar i Husbanken

Universell utforming i Husbanken. Sigbjørn Spurkeland, Seniorrådgjevar i Husbanken Universell utforming i Husbanken Sigbjørn Spurkeland, Seniorrådgjevar i Husbanken Slide om Husbanken 2 3 Disposisjon Kvifor tenkje universell utforming? Demografiske endringar Samfunnsøkonomi Livskvalitet

Detaljer

REGLEMENT FOR GJENNOMFØRING AV KOMMUNALE BYGGJE- OG ANLEGGSPROSJEKT

REGLEMENT FOR GJENNOMFØRING AV KOMMUNALE BYGGJE- OG ANLEGGSPROSJEKT REGLEMENT FOR GJENNOMFØRING AV KOMMUNALE BYGGJE- OG ANLEGGSPROSJEKT Prosjekt over 5 mill. kroner. GENERELT 1.1 Retningsliner som gjeld for gjennomføring av kommunale byggje- og anleggsprosjekt når samla

Detaljer

Eid kommune - Fleirbrukshall Nordfjordeid skule

Eid kommune - Fleirbrukshall Nordfjordeid skule Nordplan side 2 Eid kommune - Fleirbrukshall Nordfjordeid skule Innhald: side Vedlegg 1: 3 1 Samandrag av tilbodet 3 1.1 Tilbodskjema 3 1.1.1 Fleirbrukshall ved Nordfjordeid skule, alternativ liten hall

Detaljer

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR Styre, komite, utval Møtedato Sbh. Saknr Utval for drift og utvikling 16.06.2009 SVT 071/09 Avgjerd av: Utval for drift og utvikling Saksbeh.: Sveinung Toft Ansv. ANB Arkiv: N-504

Detaljer

SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE

SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE Utval Møtedato Saknr Komite Forvaltning 10.09.2015 057/15 Etne kommunestyre 29.09.2015 064/15 Sakshandsamar: Arkiv: Arkivsaknr Erik Kvalheim N - 504, Hist - 12/780 15/1745 Reguleringsplan

Detaljer

STYRESAK ARKIVSAK: 2018/516 STYRESAK: 078/18 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK Styret tar saka til orientering.

STYRESAK ARKIVSAK: 2018/516 STYRESAK: 078/18 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK Styret tar saka til orientering. STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 04.06.2018 SAKSHANDSAMAR: Carina Mæland, Hans K. Stenby og Torleiv Bergland SAKA GJELD: Tilgjenge til avtalespesialistar innan psykisk helsevern

Detaljer

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh SAMNANGER KOMMUNE Side 1 av 6 MØTEINNKALLING Utval: Kommunestyret Møtedato: 12.02.2013 Møtetid: 17:00 - Møtestad: Kommunehuset Varamedlem skal ikkje møta utan nærare innkalling Forfall til møtet eller

Detaljer

BREMANGER KOMMUNE Sakspapir

BREMANGER KOMMUNE Sakspapir BREMANGER KOMMUNE Sakspapir Styre, råd, utval Behandlingsdato Saksnr. Sakshands. Formannskapet 19.11.2015 109/15 MM Avgjerd av: Saksansv.: Magnhild Myklebust Arkiv: K1-614, K3-&52 Arkivsaknr.: 15/2815

Detaljer

Saksnr. Utval Møtedato 032/15 Formannskapet /15 Kommunestyret Ingunn Bårtvedt Skjerdal

Saksnr. Utval Møtedato 032/15 Formannskapet /15 Kommunestyret Ingunn Bårtvedt Skjerdal AURLAND KOMMUNE Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 032/15 Formannskapet 11.05.2015 038/15 Kommunestyret 21.05.2015 Arkivsaknr.: Arkiv Sakshandsamar Dato 15/216-15/3880 K2 - K54, K2 - X53, K3 - &13, K3 -

Detaljer

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» «ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» FYLKESREVISJONEN Møre og Romsdal fylkeskommune RAPPORT, FORVALTNINGSREVISJONSPROSJEKT NR. 4-2000 INNHALDSREGISTER 1. INNLEIING I 2. FORMÅL 1 3. METODE OG DATAGRUNNLAG

Detaljer

01 Rigg og drift 02 Tømrararbeid 03 Golvbelegg 05 Elinstallasjon 06 VVS 07 Branntetting Sum. Dato:

01 Rigg og drift 02 Tømrararbeid 03 Golvbelegg 05 Elinstallasjon 06 VVS 07 Branntetting Sum. Dato: Del B Kapittel 0 Rigg og drift 02 Tømrararbeid 03 Golvbelegg 05 Elinstallasjon 06 VVS 07 Branntetting Sum Sum kapittel Dato: 4.2.206 Del B side Dato 4.2.206 Kapittel: 0 Rigg og drift 0 Rigg og drift Den

Detaljer

EGENVURDERINGSSKJEMA FOR BEDRIFTSDEL TØMRERFAGET.

EGENVURDERINGSSKJEMA FOR BEDRIFTSDEL TØMRERFAGET. EGENVURDERINGSSKJEMA FOR BEDRIFTSDEL TØMRERFAGET. Navn:. Adresse:.... Tlf:.. Omtale av hovudområda Produksjon Hovudområdet handlar om oppsetjing av nye bygg med bruk av ulike typar materiale. Det omfattar

Detaljer

Kjøp og installasjon av vassmålar

Kjøp og installasjon av vassmålar Kjøp og installasjon av vassmålar Vassmålaren blir kjøpt inn og betalt av kommunen, og er kommunen sin eigedom. Du som er abonnent må betale for installasjon og eventuell flytting av vassmålaren. Vassmålaren

Detaljer

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT KULTUR- OG IDRETTSAVDELINGA Fylkeskonservatoren PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT 1. Innretning og føremål Forvaltninga av offentlege midlar til sikring og istandsetting av bygningane på verdsarvstaden

Detaljer

SLUTTRAPPORT TRENINGS- OG SAMTALEGRUPPE FOR PÅRØRANDE 2017/HE

SLUTTRAPPORT TRENINGS- OG SAMTALEGRUPPE FOR PÅRØRANDE 2017/HE SLUTTRAPPORT TRENINGS- OG SAMTALEGRUPPE FOR PÅRØRANDE 2017/HE2-186077 1 Forord LPP Søre Sunnmøre er Landsforeningen for Pårørende innen Psykisk helse si gruppe for kommunane Ørsta, Volda, Ulstein, Hareid,

Detaljer

FØRESPURNAD OM UTTALE - AKADEMIET BERGEN AS VEDKOMMANDE SØKNAD OM GODKJENNING ETTER PRIVATSKOLELOVA

FØRESPURNAD OM UTTALE - AKADEMIET BERGEN AS VEDKOMMANDE SØKNAD OM GODKJENNING ETTER PRIVATSKOLELOVA HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200801229-5 Arkivnr. 540 Saksh. Haugen, Birthe Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato 16.11.2010 24.11.2010-25.11.2010 FØRESPURNAD

Detaljer

PLANOMTALE. Endring av reguleringsplan for Smiebakken - Byggeområde B1 Plan ID Nordbohus Sogn as

PLANOMTALE. Endring av reguleringsplan for Smiebakken - Byggeområde B1 Plan ID Nordbohus Sogn as PLANOMTALE Endring av reguleringsplan for Smiebakken - Byggeområde B1 Plan ID 1421-2010003 1 Bakgrunn og føremål Nordbohus Sogn AS har utarbeida framlegg om endring for del av reguleringsplan for Smiebakken,

Detaljer

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar Krav til sakshandsaming. Samnanger kommune

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar Krav til sakshandsaming. Samnanger kommune ENDELEG TILSYNSRAPPORT Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar Krav til sakshandsaming Samnanger kommune 1. Innleiing Rapporten er utarbeida etter tilsyn med Samnanger kommune. Rapporten

Detaljer

Godkjenning av to prosjektrekneskap

Godkjenning av to prosjektrekneskap ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA Arkivnr: 2015/12709-6 Saksbehandlar: Pål Andre Kleive Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Fylkesutvalet 03.05.2017 Godkjenning av to prosjektrekneskap Samandrag

Detaljer

Kyrkja. Kostradokument nr. 16. Førebuande dokument til arbeidet med budsjettet for Gjennomgang av funksjonar under rammeområdet Kyrkja

Kyrkja. Kostradokument nr. 16. Førebuande dokument til arbeidet med budsjettet for Gjennomgang av funksjonar under rammeområdet Kyrkja Kyrkja Kostradokument nr. 16 Førebuande dokument til arbeidet med budsjettet for 21 Gjennomgang av funksjonar under rammeområdet Kyrkja Side 1 av 6 Kyrkja - Budsjett pr. 1. tertial 29 Funksjon/ Tenester

Detaljer

HARAM KOMMUNE Sakspapir

HARAM KOMMUNE Sakspapir HARAM KOMMUNE Sakspapir Utval Møtedato Saksnr Saksbeh. Formannskapet 20.08.2013 057/13 Kåre Beite Kommunestyret 19.09.2013 059/13 Kåre Beite Avgjerd av: Kommunestyret Arkiv: L81 Arkivsaknr 13/525 Hellandshaugane

Detaljer

OPPLÆRINGSBOK Opplæring i tømrerfaget Tilhører:...

OPPLÆRINGSBOK Opplæring i tømrerfaget Tilhører:... OPPLÆRINGSBOK Opplæring i tømrerfaget Tilhører:... Personlige data Navn: Adresse: Postnummer/sted: Telefon: Mobil: E-post: Foreldre/foresatte: Adresse: Postnummer/sted: Telefon: Mobil: E-post: Lærebedrift

Detaljer

BUDSJETT 2013 - KONTROLLORGAN

BUDSJETT 2013 - KONTROLLORGAN HORDALAND FYLKESKOMMUNE Sekretariat for kontrollutvalet Arkivsak 201202903-10 Arkivnr. 111 Saksh. Breistein, Roald Saksgang Møtedato Kontrollutvalet 23.08.2012 BUDSJETT 2013 - KONTROLLORGAN SAMANDRAG 1.

Detaljer

Fyresdal kommune. Møteinnkalling. Side1

Fyresdal kommune. Møteinnkalling. Side1 Fyresdal kommune Møteinnkalling Utval: Næringsfondsstyret Møtestad: Kommunestyresalen Kommunehuset Dato: 10.03.2015 Tid: Etter formannskapsmøtet Forfall meldast til sentralbordet på tlf. 35 06 71 00. Varamedlemmer

Detaljer

STYRESAK: GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Bergen HF

STYRESAK: GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Bergen HF STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Bergen HF DATO: 16.01.2018 SAKSHANDSAMAR: Divisjonsdirektør Askjell Utaaker SAKA GJELD: Fullmakter i utbyggingsprosjekt STYRESAK: 12/18 A STYREMØTE: 25.01.2018

Detaljer

Dispensasjon frå reguleringsplan Nordøyvegen-delområde 1 Skjeltene-Lepsøy-Austnes, Skjelten Dispensasjon frå regulert rundkøyring for å bygge T-kryss

Dispensasjon frå reguleringsplan Nordøyvegen-delområde 1 Skjeltene-Lepsøy-Austnes, Skjelten Dispensasjon frå regulert rundkøyring for å bygge T-kryss RÅDMANN Statens vegvesen Region midt Fylkeshuset 6404 MOLDE ArkivsakID-nr Saksbehandlar: Dato 17/54- Gjøsund Hege 09.03.2017 3 Vedtak gjort av: Byggesak landbruk og arealforvaltning Delegert saknr.: 055/17

Detaljer

SLUTTRAPPORT REHABILITERINGSPROSJEKT 2009/03/0240 AKTIVITETSHAGE FOR DEMENTE OG ANDRE SØKJAR ORGANISASJON: NASJONALFORENINGEN FOR FOLKEHELSEN

SLUTTRAPPORT REHABILITERINGSPROSJEKT 2009/03/0240 AKTIVITETSHAGE FOR DEMENTE OG ANDRE SØKJAR ORGANISASJON: NASJONALFORENINGEN FOR FOLKEHELSEN SLUTTRAPPORT REHABILITERINGSPROSJEKT 2009/03/0240 AKTIVITETSHAGE FOR DEMENTE OG ANDRE SØKJAR ORGANISASJON: NASJONALFORENINGEN FOR FOLKEHELSEN DEMENSFORENINGEN STORD FITJAR Fitjar, den 12. januar 2011 1

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Byggjerekneskap helsesenteret påbygg Ambulansestasjon og renovering.

SAKSFRAMLEGG. Byggjerekneskap helsesenteret påbygg Ambulansestasjon og renovering. SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Geir Afdal Arkivsaksnr.: 10/3032 Arkiv: 614 G Byggjerekneskap helsesenteret påbygg Ambulansestasjon og renovering. Rådmannen si tilråding: ::: Sett inn innstillingen under denne

Detaljer

STORFEFJØS VOSS JORDBRUKSSKULE FORPROSJEKT - LØYVING

STORFEFJØS VOSS JORDBRUKSSKULE FORPROSJEKT - LØYVING HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Eigedomsseksjonen Arkivsak 201100234-3 Arkivnr. 171 Saksh. Kjellevold, Svein H. Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 08.02.2011

Detaljer

OSTERØY VIDAREGÅANDE SKULE - VURDERING AV NYBYGG

OSTERØY VIDAREGÅANDE SKULE - VURDERING AV NYBYGG HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Eigedomsseksjonen Arkivsak 200405151-13 Arkivar. 171.52 Saks. Haavardtun, Helge Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 07.02.2006

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

Oppgradering av eksisterende boligmasse. Husbankens økonomiske verkemidlar v/ Sigbjørn Spurkeland, Husbanken vest

Oppgradering av eksisterende boligmasse. Husbankens økonomiske verkemidlar v/ Sigbjørn Spurkeland, Husbanken vest Oppgradering av eksisterende boligmasse Husbankens økonomiske verkemidlar v/ Sigbjørn Spurkeland, Husbanken vest Husbankens mål og arbeid Oppgradering av eksisterande bustadar Fleire bustadar og bygg skal

Detaljer

Kommunestyret. Tilleggsinnkalling

Kommunestyret. Tilleggsinnkalling Finnøy kommune Kommunestyret Tilleggsinnkalling Møtedato: 13.12.2017 Møtestad: Biblioteksalen Møtetid: Kl. 14:00 Utvalsmedlemene vert med dette kalla inn til møte. Varamedlemene møter berre etter særskilt

Detaljer

Kulturhuset «Dølen» Kultur og næring Prestneset

Kulturhuset «Dølen» Kultur og næring Prestneset Kulturhuset «Dølen» Kultur og næring Prestneset Utgangspunkt: Ombygging av prestegardsløa til kultur/næringsbygg med forsamlingssal, kjøkken og rom til servering/utstilling og næringsverksemd Prestegardsløa

Detaljer

TYSNES BOLIG. Ny og moderne leilegheit i naturskjønne omgjevnader i nytt byggjefelt med nydeleg utsikt over Lundebygda

TYSNES BOLIG. Ny og moderne leilegheit i naturskjønne omgjevnader i nytt byggjefelt med nydeleg utsikt over Lundebygda a m a r o n a P Kattaland /LUNDE Ny og moderne leilegheit i naturskjønne omgjevnader i nytt byggjefelt med nydeleg utsikt over Lundebygda Ta kontakt med Sigvard 918 10 638 eller Trond 957 02 005 Mars 2011

Detaljer

Individuell lærekandidatplan

Individuell lærekandidatplan Individuell lærekandidatplan for: i Tømrerfaget Startdato: Sluttdato: Navn på opplæringskontor Navn på bedrift Sign. opplæringskontor Sign. lærekandidat Sign. bedrift Dato godkjent: Avdeling for videregående

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Cecilie Roppen Arkivsak: 2011/815 Løpenr.: 2844/2017

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Cecilie Roppen Arkivsak: 2011/815 Løpenr.: 2844/2017 ULSTEIN KOMMUNE SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Cecilie Roppen Arkivsak: 2011/815 Løpenr.: 2844/2017 Utvalsaksnr. Utval Møtedato 17/33 Teknisk utval 16.03.2017 17/20 Ulstein kommunestyre 30.03.2017 Saka gjeld:

Detaljer

Statsbudsjettet Kap. 551 post 64 Utviklingsmidlar til Oppland fylkeskommune - Tilskotsbrev - Overføringar - Rapportering

Statsbudsjettet Kap. 551 post 64 Utviklingsmidlar til Oppland fylkeskommune - Tilskotsbrev - Overføringar - Rapportering Statsråden Oppland fylkeskommune Serviceboks Kirkegt. 76 2626 LILLEHAMMER Dykkar ref Vår ref Dato 07/2962-1 EN 11.01.08 Statsbudsjettet 2008 - Kap. 551 post 64 Utviklingsmidlar til Oppland fylkeskommune

Detaljer

Endringar i delegasjonsreglementet for Hordaland fylkeskommune

Endringar i delegasjonsreglementet for Hordaland fylkeskommune Administrasjonseksjonen - Org avd Arkivnr: 2014/15940-1 Saksbehandlar: Brit Mari Heggøy/Ingeborg Borgen Takle Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Kultur- og ressursutvalet 13.05.2014 Opplærings-

Detaljer

Tilskotsordning for opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar for 2019

Tilskotsordning for opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar for 2019 RUNDSKRIV FOR TILSKOTSORDNING RUNDSKRIV 3/2019 Tilskotsordning for opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar for 2019 1. Innleiing Rundskriv er utarbeidt av IMDi og er basert på retningslinjer

Detaljer

SØKNAD OM TILSKOT TIL FREDA KULTURMINNE I PRIVAT EIGE, KULTURMILJØ OG KULTURLANDSKAP (Kap. 1429 post 71)

SØKNAD OM TILSKOT TIL FREDA KULTURMINNE I PRIVAT EIGE, KULTURMILJØ OG KULTURLANDSKAP (Kap. 1429 post 71) Side 1 av 5 SØKNAD OM TILSKOT TIL FREDA KULTURMINNE I PRIVAT EIGE, KULTURMILJØ OG KULTURLANDSKAP (Kap. 1429 post 71) SØKNADSFRIST: 15. NOVEMBER 2015 Søknad sendast til: Sogn og Fjordane fylkeskommune Kulturavdelinga

Detaljer

Innkalling til ekstraordinært sameigarmøte i Mikkalen Sameie, tysdag,

Innkalling til ekstraordinært sameigarmøte i Mikkalen Sameie, tysdag, MIKKALEN SAMEIE Innkalling til ekstraordinært sameiermøte 10.10.2017 Innkalling til ekstraordinært sameigarmøte i Mikkalen Sameie, tysdag, 10.10.2017 Tid: kl. 18:00 20:00 Stad: Cyriax Clinic AS, Fjøsangervegen

Detaljer

Dykkar ref Vår ref Dato

Dykkar ref Vår ref Dato Sogndal kommune Postboks 153 6851 SOGNDAL Dykkar ref Vår ref Dato 15/2189-2 10.07.2015 Statsbudsjettet 2015 Kap. 552, post 72 Tilsegn om tilskot på inntil kr 420 000 til utviklingsprosjekt for LLS (Leikanger,

Detaljer

Saksnr Innhald Arkivsaknr Godkjenning av protokoll

Saksnr Innhald Arkivsaknr Godkjenning av protokoll Midsund kommune Møteinnkalling Utval: Formannskapet Møtestad: Kantina, Kommunehuset Dato: 09.10.2007 Tid: 13:00 Forfall må meldast til utvalssekretær på telefon 71 27 05 00 som syt for innkalling av varamedlemmer.

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: C61 Arkivsaksnr.: 15/

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: C61 Arkivsaksnr.: 15/ SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: C61 Arkivsaksnr.: 15/1045-14 Folkebiblioteket Leige av lokale TILRÅDING: Leikanger kommunestyre vedtek: 1. Det blir inngått ei kortsiktig avtale med

Detaljer

Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet (Kap post 77)

Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet (Kap post 77) Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet (Kap. 1429 post 77) Mål for ordninga og målgruppe Post 77 skal medverke til oppfølging av nasjonale mål og satsingar på kulturminnefeltet ved å legge

Detaljer

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon Utvalg: Formannskapet Møtestad: Møterom A, Volda rådhus Dato: 15.03.2012 Tid: 13:00 MØTEINNKALLING Medlemar som er ugilde i ei sak vert bedne om å gje melding, slik at varamedlemar kan bli kalla inn. Jf.

Detaljer

Velkommen til Alver kyrkjelege fellesråd. Bli-kjent-samling 6.september 2017

Velkommen til Alver kyrkjelege fellesråd. Bli-kjent-samling 6.september 2017 Velkommen til Alver kyrkjelege fellesråd Bli-kjent-samling 6.september 2017 Kvifor treng vi å kome saman? No? Kommunane Meland, Radøy og Lindås har vedtatt å slå seg saman til ein kommune frå 2020 Stortinget

Detaljer

REGLEMENT FOR GODTGJERSLE TIL KOMMUNALE FOLKEVALDE I BØMLO

REGLEMENT FOR GODTGJERSLE TIL KOMMUNALE FOLKEVALDE I BØMLO REGLEMENT FOR GODTGJERSLE TIL KOMMUNALE FOLKEVALDE I BØMLO 1. FASTE ÅRLEGE GODTGJERSLER 1.1 Ordførar: Godtgjersle til ordførar skal til ei kvar tid vera 97 % av stortingsrepresentantane si godtgjersle.

Detaljer

K104 Romsdal vgs - anskaffelsesstrategi for utbyggingen

K104 Romsdal vgs - anskaffelsesstrategi for utbyggingen saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 13.02.2015 6778/2015 Per Olaf Brækkan Saksnr Utval Møtedato Plannemnd for byggjeprosjekt 19.02.2015 Fylkesutvalet 23.02.2015 K104 Romsdal vgs - anskaffelsesstrategi

Detaljer

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene Rådgivende Ingeniørers Forening RIF

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene Rådgivende Ingeniørers Forening RIF AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene Rådgivende Ingeniørers Forening RIF Grunneigarar, offentlege mynde, organisasjonar TILTAK: OPPSTART AV REGULERINGSARBEID Ørsta

Detaljer

Trafikksikker kommune, Hordaland. Prosjektplan

Trafikksikker kommune, Hordaland. Prosjektplan Trafikksikker kommune, Hordaland Prosjektplan Innhold Innhold... 1 Mål og rammer... 2 Bakgrunn og mandat... 2 Føremål og mål... 2 Målgruppe... 3 Mål... 3 Prosjektorganisering... 3 Oppdragsgjevar/prosjekteigar...

Detaljer

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ 1.2.2012. 1. Kommunar som blir omfatta av ordninga Alle kommunane i Sogn og Fjordane blir omfatta av ordninga med kommunale næringsfond.

Detaljer

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene MNAL arkitektbedriftene RIF

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene MNAL arkitektbedriftene RIF AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene MNAL arkitektbedriftene RIF Ørsta 5.9.2014 Grunneigarar, off. mynde, organisasjonar Tiltak: OPPSTART AV PRIVAT REGULERINGSARBEID

Detaljer

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011. Saksframlegg Saksmappe Saksbehandlar 2011/382-16 Asbjørn Skår Saksgang Saksnr Utval Møtedato Komite for oppvekst, kultur, idrett Formannskapet Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Detaljer

MODERNE FUNKIS SIGNATUR 301

MODERNE FUNKIS SIGNATUR 301 MODERNE FUNKIS SIGNATUR 301 Status Ledig Eieform Eier (Selveier) Boligtype Enebolig Pris 4 543 120,- Primærrom 127 M² Brukesareal 134 M² Soverom 4 KONTAKTINFORMASJON MEGLERE Jannicke Hagen Henden E-post:

Detaljer

Teamarbeid og teambuilding

Teamarbeid og teambuilding Teamarbeid og teambuilding Team Bygg vi har bygd meir enn tusen bustader TEAM BYGG har gjennom meir enn 25 år utvikla seg til å bli ein viktig aktør i bustadmarknaden i Sør-Rogaland. Vi har til ei kvar

Detaljer

Standard vedlegg til kontrakt for leige av campingtomt, for campingplasser i Norddal kommune. Side 1 av 6

Standard vedlegg til kontrakt for leige av campingtomt, for campingplasser i Norddal kommune. Side 1 av 6 Standard vedlegg til kontrakt for leige av campingtomt, for campingplasser i Norddal kommune. Side 1 av 6 1. Campingkvartal Kvart campingkvartal/ oppstillingsområde for ei gruppe campingeiningar skal ikkje

Detaljer

AG Plan og Arkitektur AS

AG Plan og Arkitektur AS AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene Rådgivende Ingeniørers Forening RIF Ørsta 12.2.2015 Grunneigarar, off. mynde, organisasjonar Tiltak: OPPSTART AV REGULERINGSARBEID

Detaljer

Bakgrunn 1. I sak T-12/13 Haram vgs Utviklingsplan den vedtok fylkestinget følgjande:

Bakgrunn 1. I sak T-12/13 Haram vgs Utviklingsplan den vedtok fylkestinget følgjande: saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 21.10.2013 62606/2013 Nirmalaraj Selvakumarasamy Saksnr Utval Møtedato Plannemnd for byggjeprosjekt 08.11.2013 Utdanningsutvalet 11.11.2013 Fylkesrådmannens

Detaljer

NY SKULE I ÅSANE. UTBYGGINGSAVTALE I SAMBAND MED REGULERINGSPLAN.

NY SKULE I ÅSANE. UTBYGGINGSAVTALE I SAMBAND MED REGULERINGSPLAN. HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Eigedomsseksjonen Arkivsak 201002106-7 Arkivnr. 171 Saksh. Haavardtun, Helge Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 31.01.2013 NY SKULE I ÅSANE. UTBYGGINGSAVTALE I SAMBAND

Detaljer

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene Rådgivande ingeniørers forening RIF

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene Rådgivande ingeniørers forening RIF AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene Rådgivande ingeniørers forening RIF Ørsta 22.09.2015 Grunneigarar, off. mynde, organisasjonar TILTAK: OPPSTART AV PRIVAT REGULERINGSARBEID

Detaljer

Konkurransegrunnlag. Snøbrøyting av kommunale vegar og plassar i Førde kommune. - Rode 2 Karstad -

Konkurransegrunnlag. Snøbrøyting av kommunale vegar og plassar i Førde kommune. - Rode 2 Karstad - Konkurransegrunnlag Snøbrøyting av kommunale vegar og plassar i Førde kommune - Rode 2 Karstad - 1. Invitasjon til å levere tilbod Førde kommune ynskjer tilbod på brøyting, snørydding og anna vintervedlikehald

Detaljer

Formannskapet. Tilleggsinnkalling

Formannskapet. Tilleggsinnkalling Finnøy kommune Formannskapet Tilleggsinnkalling Møtedato: 23.08.2017 Møtestad: Formannskapssalen Møtetid: Kl. 09:00 Utvalsmedlemene vert med dette kalla inn til møte. Varamedlemene møter berre etter særskilt

Detaljer

Godkjenning av tre prosjektrekneskap

Godkjenning av tre prosjektrekneskap ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA Arkivnr: 2015/12709-3 Saksbehandlar: Pål Andre Kleive Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Fylkesutvalet 21.09.2016 Godkjenning av tre prosjektrekneskap Samandrag

Detaljer

Fylkesdirektøren rår hovudutval for næring og kultur til å gjere slikt vedtak:

Fylkesdirektøren rår hovudutval for næring og kultur til å gjere slikt vedtak: Side 1 av 7 Saksframlegg Saksbehandlar: Frank Tore Farsund Tveit, Nærings- og kulturavdelinga Sak nr.: 19/3825-5 Spelemidlar til kulturbygg 2019 Fylkesdirektøren rår hovudutval for næring og kultur til

Detaljer

Tilskotsordningar for 2016 Klima- og miljødepartementet

Tilskotsordningar for 2016 Klima- og miljødepartementet Tilskotsordningar for 2016 Klima- og miljødepartementet Utdrag frå rundskriv Nr: T:1/15 Tilskot til kulturminnetiltak Tilskot til kulturminnetiltak (Kap. 1429 post 71) Generell omtale Riksantikvaren er

Detaljer

vg2 yrkesfag, på veg mot læretid Flora vidaregåande skule, skuleåret

vg2 yrkesfag, på veg mot læretid Flora vidaregåande skule, skuleåret vg2 yrkesfag, på veg mot læretid Flora vidaregåande skule, skuleåret 2016-2017 PROGRAM FOR DAGEN: 1800-1900 Om lærlingordninga Rettar og plikter til opplæring i bedrift eller skule Tips til rekrutteringsprosessen

Detaljer

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND MØTEINNKALLING Utval: UTVAL FOR OPPVEKST OG OMSORG Møtestad: rådhuset Møtedato: 01.04.2009 Tid: 15.00 Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 4/09 09/254

Detaljer

Servicebygg Jondal ferjekai fylkeskommunal løyving

Servicebygg Jondal ferjekai fylkeskommunal løyving SAMFERDSELSAVDELINGA Arkivnr: 2016/3117-5 Saksbehandlar: Bente Utne Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for miljø og samferdsel 03.11.2016 Fylkesutvalet 16.11.2016 Servicebygg Jondal ferjekai

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Kultur- og folkehelseutvalet

Saksnr Utval Møtedato Kultur- og folkehelseutvalet saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 26.04.2013 26841/2013 Silje Svinsaas Holiløkk Saksnr Utval Møtedato Kultur- og folkehelseutvalet 08.05.2013 Statstilskot for 2013 frå Kap 1429 post 72.2

Detaljer

BEVARINGSPROGRAM FOR UTVALGTE ARKEOLOGISKE KULTURMINNER

BEVARINGSPROGRAM FOR UTVALGTE ARKEOLOGISKE KULTURMINNER HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga Arkivsak 201100372-28 Arkivnr. 143.65 Saksh. Ekerhovd, Per Morten, Bjørgo, Tore, Warren, Elizabeth, Handeland, Heidi, Rongved, Solveig Saksgang Kultur-

Detaljer

ETABLERING AV TOPPIDRETTSLINJE PÅ YRKESFAGLEGE UTDANNINGSPROGRAM

ETABLERING AV TOPPIDRETTSLINJE PÅ YRKESFAGLEGE UTDANNINGSPROGRAM HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200804110-4 Arkivnr. 522 Saksh. Mjelstad, Torbjørn Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato 27.01.2009 18.02.2009-19.02.2009 ETABLERING

Detaljer

Døme på utforming av oppmoding om utbetaling og rapportar

Døme på utforming av oppmoding om utbetaling og rapportar Døme på utforming av oppmoding om utbetaling og rapportar For å sikre ei einskapleg rapportering i samband med oppmoding om utbetalingar, og ved årsrapportering/sluttrapportering etter ferdig utført (del-)prosjekt,

Detaljer