SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE Den kulturelle skulesekken. Kulturkontakten. Informasjon til kulturkontaktane og skulane

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE Den kulturelle skulesekken. Kulturkontakten. Informasjon til kulturkontaktane og skulane"

Transkript

1 SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE Den kulturelle skulesekken Kulturkontakten Informasjon til kulturkontaktane og skulane 1. utgåve, sept. 2006

2 DKS i Sogn og Fjordane Sogn og Fjordane fylkeskommune skal gjennom Den kulturelle skulesekken (DKS) formidle profesjonell kunst til grunnskulane i fylket. Kulturkontakten på skulen har ei sentral rolle i arbeidet med å sikre gode møte mellom elevar og utøvarar. Den kulturelle skulesekken er ei nasjonal satsing finansiert gjennom overskot frå Norsk Tipping og bidrag frå fylkeskommunen og kommunane. Sogn og Fjordane Fylkeskommune ved Kulturavdelinga administrer eit fylkestilbod med turnear, i tett samarbeid med Utdanningsavdelinga hos Fylkesmannen. Vi ønskjer alle at møtet mellom kunstnarar og elevar skal bli best mogleg. For å lukkast må informasjonen om dei ulike tilboda nå ut til dei vaksne som skal førebu og vere saman med elevane. Nokre tilbod krev førearbeid og-/eller etterarbeid, andre har ikkje særskilte krav til involvering. Uansett er det viktig at elevane er orientert om kva som kjem og kven som kjem. Forventninga hos elevane er ein viktig del av energien i møtet mellom elevane og utøvar(ane)/kunsten. I dette arbeidet treng vi hjelp frå den einskilde skule. Ordninga med kulturkontakter er etablert på alle skular i fylket. Lukke til som kulturkontakt i Sogn og Fjordane! INNHALD: Formidling av informasjon Kva er ein kulturkontakt? Ansvar/oppgåver Organisering Skulen som arrangør og vertskap Skulen som kulturarena Kontaktinformasjon Kort oppsummert Sagt av utøvarar Lærarar frå grunnskular og kulturskular i Sogn og Fjordane lærer folkedans. Frå Opplevingsseminaret i Loen Foto: M.H. Aaraas FORMIDLING AV INFORMASJON DKS satsar på nettbasert informasjon via heimesida: Der har kommunane og skulane igjen sine sider, som gir eit godt oversyn over fylkestilboda til kvar einskild skule. Fakta om tilbod, turneplan, lærar-rettleing m.m. legg vi ut på heimesidene i så god tid som råd. Alle tilbod for neste skuleår blir gjort kjent medio april, i form av titlar og korte omtalar. Fyldige omtalar er tilgjengelege før utgangen av mai, og turneplanar for komande semester skal vere klare i god tid til semesterstart. Frå Stortingsmelding nr.38 ( ) Den kulturelle skulesekken: Kunsten føreset kunnskap og dugleik. Publikum si evne til å oppleve og forstå kunst er noko som må utviklast - dersom ein skal nå inn til mest mogleg av den rikdomen som kunsten si verd rommar. Det er difor vesentleg at også born og unge får høve til å møte god kunst på eit tidleg tidspunkt, og at den undervisninga som vert gjeven i skulen, vert bygd ut med eit tilbod som appellerer til dei unge sitt kjensleliv og deira kreative evner. KVA ER EIN KULTURKONTAKT? Kulturkontakten kan vere rektor på skulen, eller ein person ho/han gir oppgåva til. Funksjonen inneber å vere skulen sin ressursperson, kontaktperson og bindeledd mellom tiltaket Den kulturelle skulesekken/utøvarane og skulen. ANSVAR/OPPGÅVER I HØVE FYLKESTILBODET: Halde seg orientert om tilbodet Vere ein aktiv kontaktperson i høve fylkeskommunen og ulike utøvarar. - Det inneber også å sjekke at datoar i turneplanen er i orden og at kontaktinformasjon på heimesida er rett. Vidareformidle og sikre informasjon til klasselærarar om dei ulike tilboda. Sikre den praktiske førebuinga, som sceneplass, utstyr, avtalar om lyd og lys m.m. Sikre at utøvarane blir vel tekne imot når dei kjem til skulen. Sikre at utøvarane blir presentert for elevane når det er eit ønskje (på større framsyningar frå scene), og at dei blir presentert for klasselærarane når tilbodet er klasseromsbesøk. Bidra til at skulen/einskildlærarar sender inn evalueringsskjema etter besøk/framsyning. Vere skulen sitt "talerør" og delta i dialogen som skal hjelpe oss å utvikle fylkestilbodet. Følgje opp "kulturvertar" (elevar) eller andre som får delegert ansvar ved besøk på skulen.

3 Kulturkontakten si rolle i høve lokale satsingar i DKS vil vere mykje den same som i høve fylkestilbodet. Likevel vil kulturkontakten naturleg nok vere meir aktiv i både planlegginga og gjennomføringa av lokale tiltak. Informasjon knytt til lokale tiltak vil bli formidla i jamnlege møte i det lokale kulturforumet, og i form av direkte kommunikasjon mellom aktuelle partar. Her har kommunane sine ulike modellar. ORGANISERING Vi tilrår at kulturkontakten og leiinga ved skulen har faste møte der både fylkestilbodet og dei lokale DKS-tiltaka blir gjort kjent og diskutert. Kulturkontakten eller rektor bør med jamne mellomrom informere kollegaer; på personalmøte, e-post, skulen si heimeside, internmeldingar, (kultur) oppslagstavle m.m. Det er viktig at kulturkontakten dokumenterer arbeidsoppgåver og tidsbruk slik at leiinga ved skulen kan setje av tid til arbeidet i samsvar med tidsbruken, t.d. i form av redusert lesetid. På større skular vil det vere ei føremon om to personar delar på oppgåva som kulturkontakt. NB! Kulturkontakten skal sikre at ting blir gjort, ikkje gjere alt sjølv. SKULEN SOM ARRANGØR OG VERTSKAP Det kan vere ein god idè å la elevane få oppdrag som arrangørar. Elevar som arrangørar: Det kan vere ein god idè å la elevane få oppdrag som arrangørar. Nokre skular har etablert ei ordning med "kulturvertar" ved skulen. Elevar søkjer og får stillinga for eit år om gongen. Andre skular lar elevrådet, eller eit og eit klassetrinn få einskildoppdrag. Kvar skule finn si form. Det vil uansett vere svært utviklande for elevane om dei på omgang får ansvar for t.d. ein skulekonsert eller ei teaterframsyning. Elevar og lærarar bør saman utarbeide ein "instruks" for korleis ei klasse eller ei arrangørgruppe skal arbeide og kva slags oppgåver dei skal ha. Døme på oppgåver, vil vere: Informasjon på skulen/til klassene, pressekontakt (invitere lokal-avisa/ NRK), teknisk ansvar, kontakt med vaktmeister, vertskap for utøvarane (kaffi, te og noko attåt), berehjelp, ansvarlege for å introdusere og takke for besøket Utfyllande informasjon om ulike typar framsyningar finn de på heimesida: Kvar skule bør ha sine rutinar for korleis dei tek imot gjester. Der det er naturleg kan ein presentere dei for kollegiet på skulen. Enkel servering vil vere ein god måte å vise gjestfridom på. Lærarane si rolle: Det er svært viktig at lærarane tek ansvar og lar seg involvere i ulike tilbod. Elevane blir påverka av lærarane si deltaking og deira engasjement. For utøvarane betyr det mykje for motivasjonen å bli møtt med interesse. Ei imøtekomande haldning frå læraren si side, uansett om form og kulturuttrykk er kjent eller framand, vil bety mykje for utbytet til elevane. Lærarane har eit medansvar for at den praktiske tilrettelegginga blir best mogleg. Vi ønskjer at lærarane skal oppleve DKS-tilboda som ein viktig og naturleg del av skulekvardagen, og nytte materiell/idear knytt til føre- og etterarbeid. Det er flott når lærarane sjølve set ut i livet eigne idear til elevaktivitetar knytt til ulike besøk. Frå framsyninga "Munch - en reise i dans, musikk & billedkunst".

4 SKULEN SOM KULTURARENA Leiinga ved skulen bør, saman med kulturkontakten(e), arbeide for at skulen kan fungere best mogleg som ein kulturarena. Oppgåvene som er skildra over vil vere ein viktig del av eit slikt arbeid. Det vil også vere viktig å ha ein plan for korleis ein ønskjer å organisere, planleggje og prioritere den estetiske kvardagen ved skulen. Er tilhøva gode nok? Treng skulen å rustast opp for å bli ein betre arena for ulike kulturtilbod? Kva kan gjerast med enkle midlar i nær framtid? Alle bør ha ein langsiktig plan for korleis fysiske tilhøve skal betrast og korleis ein skal få investert i t.d. naudsynt teknisk utstyr. Kulturkompetanse Skulane våre har gjennom alle tider vore sentrale kulturinstitusjonar. Tiltaket Den kulturelle skulesekken er med på å auke tilfanget av kulturopplevingar og erfaringar, og har m.a. som føremål å styrkje kulturforståinga hos både born og vaksne. Skulane vil gjennom stadige møte med ulike utøvarar og ulike kunst- og kulturuttrykk, få auka kulturkompetanse til vekst og glede for både små og store. Kunst og kultur gjev opplevingar som kan ha avgjerande verknad på utviklinga av det enkelte menneske sin personlegdom og livskvalitet. Ved å ta del i kulturelle aktivitetar og få oppleve kultur vert vi òg deltakarar i den store forteljinga, det djupe verdifellesskapet som gjer oss til siviliserte menneske. Frå teaterframsyninga "Balladen om Bohm og Bøhmer". Vi ønskjer å styrkje nettverket av kulturkontakter i Sogn og Fjordane, og deira kompetanse, ved å innby til årlege samlingar i regi av Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesmannen. I haustsemesteret inviterer vi til eindags eller to dagar DKS-konferanse I vårsemesteret inviterer vi til Opplevingsseminar (arr. saman med Norsk Kulturskuleråd). KORT OPPSUMMERT Til betre planlegginga og delegering av oppgåver er, til betre blir møtet mellom elevar (og lærarar) og utøvarar. Arbeidet som blir gjort på skulen på førehand med å informere,motivere og inspirere, er viktig. Det kan skje på mange måtar, og gjerne ved hjelp av elevarrangørar. Bruk fantasien! Under framsyninga er det utøvarane som har ansvaret for å engasjere elevane. Toleransegrensa for elevar som viser tydeleg engasjement, bør vere høg. SAGT AV UTØVARAR I DKS: "I det vi kjem inn på skulen og møter dei første elevane eller den første læraren, merkar vi kva slags kultur som rår. Førsteinntrykket er ofte rett." "På skular der rektor eller einskildlærarar viser engasjement og gjev tydelege signal på at kulturtilbod er verdsett, rår det ein mentalitet som gjer at samspelet kjem av seg sjølv". "Primstaven" blir formidla til elevar ved Trudvang skule i Sogndal. Foto: M.H.Aaraas "Dei få gongane vi er blitt tekne imot av elevar, har besøket vore svært vellukka. Vi har kome tidleg i kontakt med målgruppa, og våre kontaktpersonar har teke ansvar for at medelevane skal vere eit godt publikum". "Når lærerne sitter mellom elevene oppstår det sjelden problem under konserten. Det er verre når en lærer kommer styrtende inn i elevflokken fra sin posisjon ved bakveggen, det kan vere svært forstyrrende." "Mindre skular utmerkar seg ofte med at dei viser større glede over at vi kjem, og så er dei flinkare til å hjelpe oss å bere utstyr På større skular er det ofte meir stress " "Det beste lærarane kan gjere er å delta som publikum." "Dette ble skikkelig Rock n roll! Forestillingen gikk stort sett rett hjem hos målgruppen. Masse positiv respons både under og etter forestillingene!" "Rydding/klargjering av rom: Alt for dårleg! Stort sett har vi måtta rydde sjølve, evt med motvilleg hjelp kanskje av ein lærar/kontaktperson som helst ville fortelje om alt han/ho hadde å gjere." "HYSJ er eit ord som ofte skapar meir uro enn det motsette." Mål for Den kulturelle skulesekken: Å medverke til at elevar i grunnskulen får eit profesjonelt kulturtilbod Å leggje til rette for at elevar i grunnskulen skal få tilgang til, gjere seg kjende med og få eit positivt forhold til kunst- og kulturuttrykk av alle slag Å medverke til å utvikle ei heilskapleg innlemming av kunstnarlege og kulturelle uttrykk i realiseringa av skulen sine læringsmål. Den kulturelle skulesekken skal vere forankra i den generelle delen av læreplanen for grunnskulen og byggje opp under dei pedagogiske målsetjingane i skulen.

5 Frå Stortingsmelding nr. 38 ( ) Den kulturelle skulesekken: Kreativ kompetanse og evne til å vere nysgjerrig er viktig for lærelysta til elevane, lærings-utbyttet på alle område og evna til nyskaping. Opplæringa i kultur i skulen har også ei eiga utfordring i å tilpasse seg arbeidsmarknaden i framtida og kompetansekrav frå næringslivet. Ikkje minst er evna til nyskaping avgjerande viktig for eit kunnskapsbasert og konkurransedyktig næringsliv. Kommunikasjonsevner, evne til symbolbehandling og sans for grafisk utforming er nokre døme på kva type kulturell kompetanse skulen kan bidra til å utvikle. I eit fleirkulturelt og høgteknologisk samfunn er dette etterspurt og naudsynt kompetanse. eko - Førde Foto framside: Frå framsyninga Den vesle prinsen, fotograf Knut Utler. Kontaktinformasjon: Eva Kristin Svidal, Konsulent, Kulturavdelinga Tlf eva.kristin.svidal@sf-f.kommune.no Margrethe Henden Aaraas Rådgjevar, Kulturavdelinga Tlf (19 dir.) margrethe.henden.aaraas@ sf-f.kommune.no Spørsmål kring skulekonsertar: Øyvind Lyslo, produsent, Kulturavdelinga Tlf / oyvind.lyslo@sf-f.kommune.no Rasmus Stokke, Rådgjevar, Utdanningsavedelinga hos fylkesmannen Tlf rasmus.stokke@fmsf.no Kjellaug Røyrvik, turnéleggar skulekonsertar, Utdanningsavdelinga hos Fylkesmannen Tlf kjellaug.royrvik@fmsf.no

Bodø kommune Den kulturelle skolesekken. Kulturkontakten. Informasjon til kulturkontaktene og skolene

Bodø kommune Den kulturelle skolesekken. Kulturkontakten. Informasjon til kulturkontaktene og skolene Bodø kommune Den kulturelle skolesekken Kulturkontakten Informasjon til kulturkontaktene og skolene DKS i Bodø kommune Bodø kommune skal gjennom Den kulturelle skolesekken (DKS) formidle profesjonell kunst

Detaljer

Å VERA KULTURKONTAKT I ROGALAND

Å VERA KULTURKONTAKT I ROGALAND Å VERA KULTURKONTAKT I ROGALAND September 2016 Den kulturelle skulesekken (DKS) er ei nasjonal satsing som skal bidra til at alle skuleelevar i Noreg får møta profesjonell kunst og kultur av alle slag.

Detaljer

Å VERA KULTURKONTAKT I ROGALAND

Å VERA KULTURKONTAKT I ROGALAND Å VERA KULTURKONTAKT I ROGALAND September 2017 Den kulturelle skulesekken (DKS) er ei nasjonal satsing som skal bidra til at alle skuleelevar i Noreg får møta profesjonell kunst og kultur av alle slag.

Detaljer

Ei kokebok for kulturkontakten og kommunekontakten

Ei kokebok for kulturkontakten og kommunekontakten Ei kokebok for kulturkontakten og kommunekontakten GENERELL INFORMASJON OM KULTURSEKKEN Kultursekken er et samlebegrep for satsinga på kulturformidling i barnehage, grunnskole og den videregåande skulen

Detaljer

DEN KULTURELLE SKULESEKKEN I SOGN OG FJORDANE Referat frå møte med kulturkontaktane, april mai 2010

DEN KULTURELLE SKULESEKKEN I SOGN OG FJORDANE Referat frå møte med kulturkontaktane, april mai 2010 1 DEN KULTURELLE SKULESEKKEN I SOGN OG FJORDANE Referat frå møte med kulturkontaktane, april mai 2010 I tida 27.april 4. mai vart det skipa til møte i regi av Sogn og Fjordane fylkeskommune, kulturavdelinga.

Detaljer

Plan for «Den kulturelle skulesekken» i grunnskulen i Osterøy kommune

Plan for «Den kulturelle skulesekken» i grunnskulen i Osterøy kommune 2019 2021 Plan for «Den kulturelle skulesekken» i grunnskulen i Osterøy kommune Frå UNESCO-rapporten «The wow-factor» om kunst og kultur i opplæringa. Brukt i St.meld.nr.8, «Kulturell skulesekk for framtida»,

Detaljer

Den kulturelle nistepakken

Den kulturelle nistepakken Den kulturelle nistepakken Revidert mai 2006 Sentrale føringar Hausten 2002 gjekk startskotet for Den kulturelle skulesekken (DKS) i. I samarbeid med fylkeskommunen var Kvinnherad ein av dei første kommunane

Detaljer

håndbok for kulturkontaktene i Snåsa Den kulturelle skolesekken

håndbok for kulturkontaktene i Snåsa Den kulturelle skolesekken håndbok for kulturkontaktene i Snåsa Den kulturelle skolesekken - utarbeidet som hjelp til skolene og for å sikre kvalitet, standard og kontinuitet i det arbeidet som gjøres. En konkret håndbok for det

Detaljer

STRATEGI FOR DKS-ARBEID I NÆRØY KOMMUNE. VEDTATT I KULTURFORUM NÆRØY 9. januar 2013. Innhold

STRATEGI FOR DKS-ARBEID I NÆRØY KOMMUNE. VEDTATT I KULTURFORUM NÆRØY 9. januar 2013. Innhold STRATEGI FOR DKS-ARBEID I NÆRØY KOMMUNE VEDTATT I KULTURFORUM NÆRØY 9. januar 2013 Innhold 1. BAKGRUNN:... 3 2. OM DEN KULTURELLE SKOLESEKKEN (DKS):... 4 3. DKS i NÆRØY KOMMUNE:... 5 I) DKS-KOORDINATOREN...

Detaljer

KJERKÅ Ein musikalsk arkitek-tur

KJERKÅ Ein musikalsk arkitek-tur KJERKÅ Ein musikalsk arkitek-tur Målgruppe: 8. 10. trinn. Om programmet KJERKÅ - ein musikalsk arkitek-tur Når var du sist i kirka? Var det på konsert? I bryllup? I klubben? Eller kanskje i gravferd? Noen

Detaljer

FAGPLAN for Den kulturelle skolesekken i Nord-Aurdal kommune

FAGPLAN for Den kulturelle skolesekken i Nord-Aurdal kommune FAGPLAN for Den kulturelle skolesekken i Nord-Aurdal kommune 2013-2015 1 Opplevingar i sentrum! Ei innleiing Den kulturelle skolesekken (DKS) er ein av Stortingets nasjonale satsningar på kultur til barn

Detaljer

Temaplan for den kulturelle skolesekken 2015-2019 Levanger kommune

Temaplan for den kulturelle skolesekken 2015-2019 Levanger kommune Temaplan for den kulturelle skolesekken 2015-2019 Levanger kommune Innhold FORORD FORMÅLET MED PLANEN HOVEDMÅL TEMAPLAN KLASSETRINN ORGANISERING KULTURKONTAKTENES ROLLE OG ANSVAR PRAKTISKE OPPLYSNINGER

Detaljer

Plan for DKS 2015 Sendes:

Plan for DKS 2015 Sendes: Plan for DKS 2015 Sendes: postnkr@kulturrad.no (frist for innlevering 1. desember 2015) Fylke: Hordaland Planen gjelder: Grunnskole x Videregående x Institusjon: Hordaland fylkeskommune Besøksadresse:

Detaljer

Vaksenopplæringa i Sula

Vaksenopplæringa i Sula Vaksenopplæringa i Sula Vedlikehald av kunnskap, læring og utvikling. Kommunikasjon Meistring Engasjement Glede og latter Sosial kompetanse Kommunikasjon For oss kan kommunikasjon vere å formidle og å

Detaljer

SONGBIRD. En tribute til Eva Cassidy. Med Ingrid Kjosavik, Knut Aabø og Svein Olav Hyttebakk. Målgruppe: Ungdomstrinnet og den videregående skolen.

SONGBIRD. En tribute til Eva Cassidy. Med Ingrid Kjosavik, Knut Aabø og Svein Olav Hyttebakk. Målgruppe: Ungdomstrinnet og den videregående skolen. SONGBIRD En tribute til Eva Cassidy Med Ingrid Kjosavik, Knut Aabø og Svein Olav Hyttebakk. Målgruppe: Ungdomstrinnet og den videregående skolen. Om programmet: I dag blir Eva Cassidy beskrevet som en

Detaljer

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN DEN KULTURELLE SKULESEKKEN Den kulturelle skulesekken er ei nasjonal satsing, og er eit samarbeid mellom Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet.

Detaljer

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO Samling, Atheno, Stord, 22. mai 2019 Petter Steen jr., rådgjevar Sveio kommune 1 Bakgrunnen for at vi har SFO Skulefritidsordninga (SFO) blei gradvis etablert i norske

Detaljer

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI) Rettleiar til bekymringssamtale / undringssamtale - til medarbeidarar som arbeider med barn Samtale med foreldre om bekymring for eit barn Nedanfor finn du fleire forslag til korleis personalet i ein barnehage

Detaljer

Kopi til: Arkivnr.: 631. Plan for Den kulturelle skolesekken i Hordaland skuleåret

Kopi til: Arkivnr.: 631. Plan for Den kulturelle skolesekken i Hordaland skuleåret HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga NOTAT Til: Kultur- og ressursutvalet Dato: 14. mai 2012 Frå: Fylkesrådmannen Arkivsak: 201201471-15/CHAESP Kopi til: Arkivnr.: 631 Plan for Den kulturelle

Detaljer

Den kulturelle skulesekken i. Ål kommune. Handlingsplan 2012-2015. Den kulturelle skulesekken i Ål kommune Handlingsplan 2012-2015

Den kulturelle skulesekken i. Ål kommune. Handlingsplan 2012-2015. Den kulturelle skulesekken i Ål kommune Handlingsplan 2012-2015 Den kulturelle skulesekken i Ål kommune Handlingsplan 2012-2015 Musikkmysteriet, Nedre-Ål skule 2010. Foto: Nedre-Ål skule Vedteke i SUKO; sektorutval for kultur og oppvekst 20.12.2011 1 Innhald Innhald...

Detaljer

SUPERWOMAN. Thea Danielsen Fjørtoft Klassetrinn:

SUPERWOMAN. Thea Danielsen Fjørtoft Klassetrinn: SUPERWOMAN Thea Danielsen Fjørtoft Klassetrinn: 8.-10. Programpresentasjon Hva er det som får stuntfolk til å kaste seg foran biler? Hvorfor lar de seg bli tent på? Og hvordan lages egentlig sloss scener

Detaljer

Handlingsplan

Handlingsplan Den kulturelle skulesekken i Ål kommune Handlingsplan 2015-2020 Fredlaus, Nedre-Ål skule 2015. Foto: Vegard Breie 1 Innleiing Kultur er heilt nødvendig for eit samfunn som legg vekt på demokrati, fellesskap,

Detaljer

FENGSLET EN BOK OM Å SITTE INNE. Bjørn Arild Ersland. Klassetrinn: videregående

FENGSLET EN BOK OM Å SITTE INNE. Bjørn Arild Ersland. Klassetrinn: videregående FENGSLET EN BOK OM Å SITTE INNE Bjørn Arild Ersland Klassetrinn: videregående Programpresentasjon Hvordan er det å sitte i fengsel? Det var dette spørsmålet forfatteren Bjørn Arild Ersland ville ha svar

Detaljer

RISS - grafikkverksted. med Solveig Landa og Anita Tjemsland. Klassetrinn: 7.

RISS - grafikkverksted. med Solveig Landa og Anita Tjemsland. Klassetrinn: 7. RISS - grafikkverksted med Solveig Landa og Anita Tjemsland Klassetrinn: 7. RISS grafikkverksted, om programmet Anita Tjemsland og Solveig Landa er begge grafikere og har gjennom samarbeid med Den kulturelle

Detaljer

Plan. Den kulturelle skolesekken. Narvik kommune

Plan. Den kulturelle skolesekken. Narvik kommune Den kulturelle skolesekken i Narvik kommune 2013-2016 Side 1 Plan Den kulturelle skolesekken Narvik kommune 2013-2016 Den kulturelle skolesekken i Narvik kommune 2013-2016 Side 2 Innhold Innhold... 2 HVOR

Detaljer

Kultur for alle. Er kultur viktig? - Feil spørsmål

Kultur for alle. Er kultur viktig? - Feil spørsmål Er kultur viktig? - Feil spørsmål Kultur er heilt nødvendig for eit samfunn som legg vekt på demokrati, fellesskap, ytringsfridom og utvikling. Spørsmålet er: Korleis best legge til rette for korpsguten,

Detaljer

Trygg og god overgang mellom barnehage og skole

Trygg og god overgang mellom barnehage og skole Aukra kommune Trygg og god overgang mellom barnehage og skole ephorte: 18/1018-2 K-sak x/y, 21.5 2019 Plan for overgang barnehage skole ephortenr. 19/ Innhald 1.0 Føremål med samarbeid om overgang mellom

Detaljer

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

Vurdering på barnesteget. No gjeld det Vurdering på barnesteget No gjeld det 2 No gjeld det 1. august 2009 endra ein forskrifta til opplæringslova kapitel 3 Individuell vurdering i grunnskulen og i vidaregåande opplæring. Denne brosjyren gjev

Detaljer

Kulturskulen i Time komme er forankra i opplæringslova 13-6:

Kulturskulen i Time komme er forankra i opplæringslova 13-6: LOKAL FAGPLAN FOR TIME KULTURSKULE KUNSTFAG 1. Time kulturskule sin grunnmur, generell del 1.1 Lovforankring Kulturskulen i Time komme er forankra i opplæringslova 13-6: «Alle kommunar skal aleine eller

Detaljer

TURNE MED I SOGN OG FJORDANE

TURNE MED I SOGN OG FJORDANE TURNE MED I SOGN OG FJORDANE Hei! Starten på turneen nærmar seg, og vi er glade for at du/de er ein del av tilbodet i Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane. Vedlagt finn du/de: Kontrakt for oppdrag/engasjement

Detaljer

KULTURSKULEPLAN. Forsand kommune. - Kulturskulen for alle!

KULTURSKULEPLAN. Forsand kommune. - Kulturskulen for alle! KULTURSKULEPLAN Forsand kommune 2016 2026 - Kulturskulen for alle! Innleiing Mange har som born eller unge stått framføre spegelen med ein hårbørste som mikrofon og vaskekost som gitar, og drøymd om ei

Detaljer

WeFiction & Private Rite

WeFiction & Private Rite WeFiction & Private Rite Presenteres av PANTA REI DANSETEATER Klassetrinn: 8.-10. trinn Programpresentasjon Verksted: Smak av dans (SMD) er korte verksteder på 45 min som gjennomføres med hver klasse.

Detaljer

Rådmannsutvalet 26.3.13 Førde

Rådmannsutvalet 26.3.13 Førde Rådmannsutvalet 26.3.13 Førde Sogn og Fjordane Prosjektleiarane Sissel Espe og Inger Marie Evjestad Frå Ny GIV til Gnist Auka gjennomføring i vidaregåande opplæring Prosjektkoordinator Ny GIV Sissel Espe

Detaljer

Lærerveiledning Public Art Screens. i/o/lab. Videregående

Lærerveiledning Public Art Screens. i/o/lab. Videregående Lærerveiledning 2015-2016 Public Art Screens i/o/lab Videregående Presentasjon av programmet Høst/vinter 2015-2016 "Rhythm is a Dancer" Denne høsten vil Public Art Screens fokusere på tema dans. Vi vil

Detaljer

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet Austevoll kommune Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet Møtestad: Sol-li barnehage AS Møtedato: 20.11.2014 Møtetid: 15:00 Eventuelt forfall skal meldast til tlf. 5508 10 00 servicekontoret eller til postmottak@austevoll.kommune.no.

Detaljer

Behandles av utvalg: Møtedato Utvalgssaksnr. Utvalg for kultur og oppvekst 06.12.2010 70/10

Behandles av utvalg: Møtedato Utvalgssaksnr. Utvalg for kultur og oppvekst 06.12.2010 70/10 SANDNES KOMMUNE - RÅDMANNEN Arkivsak Arkivkode Saksbeh. : 201002034 : E: 243 B50 : Richard Olsen Behandles av utvalg: Møtedato Utvalgssaksnr. Utvalg for kultur og oppvekst 06.12.2010 70/10 DEN KULTURELLE

Detaljer

Kunst- og kulturformidlingsprogrammet i skulen. Kriterium og fagleg arbeid.

Kunst- og kulturformidlingsprogrammet i skulen. Kriterium og fagleg arbeid. KULTUR- OG IDRETTSAVDELINGA Arkivnr: 2016/2594-12 Saksbehandlar: Charlotte Espeland Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for kultur, idrett og regional utvikling 08.06.2016 Kunst- og kulturformidlingsprogrammet

Detaljer

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

Utviklingsplan 2015 Meling skule. Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare. Utviklingsplan 2015 Meling skule "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare." GRUNNGJEVING FOR VAL AV SATSINGSOMRÅDE Me har bestemt oss for å føre vidare satsingsområda Samarbeid

Detaljer

en kulturelle skolesekken i Øs D tfol 09/10 d, e h n e å t n k d a b t o n o k k r u t l u k r o f

en kulturelle skolesekken i Øs D tfol 09/10 d, e h n e å t n k d a b t o n o k k r u t l u k r o f Den kulturelle skolesekken i Østfold, håndbok for kulturkontaktene 09/10 Skolen som kulturarrangør en liten håndbok for kulturkontaktene i Østfold Den kulturelle skolesekken er en nasjonal satsing. Den

Detaljer

Håndbok. for kulturkontakter

Håndbok. for kulturkontakter Håndbok for kulturkontakter 1 KULTURKONTAKTENS ROLLE Hva er en kulturkontakt På hver skole er det en ansvarlig kulturkontakt. Kulturkontakten er kontaktpersonen og bindeleddet mellom kommunekontakten for

Detaljer

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås «VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås 1 Forord For å kunne styrkje kvaliteten i undervisninga og vurderinga, må vi vite kva god undervisning og vurdering er. God undervisning og vurdering

Detaljer

Fordeling av spelemidlar til Den kulturelle skolesekken for skuleåret

Fordeling av spelemidlar til Den kulturelle skolesekken for skuleåret KULTUR- OG IDRETTSAVDELINGA Arkivnr: 2018/368-9 Saksbehandlar: Charlotte Espeland Saksframlegg Saksgang Utval for kultur, idrett og regional utvikling 21.08.2018 Fordeling av spelemidlar til Den kulturelle

Detaljer

Samarbeidsavtale mellom Hordaland fylkeskommune og NAV Hordaland om oppfølging av ungdom med lovfesta rett til vidaregåande opplæring

Samarbeidsavtale mellom Hordaland fylkeskommune og NAV Hordaland om oppfølging av ungdom med lovfesta rett til vidaregåande opplæring Samarbeidsavtale mellom Hordaland fylkeskommune og NAV Hordaland om oppfølging av ungdom med lovfesta rett til vidaregåande opplæring Avtalen gjeld fordeling av ansvar mellom partane for oppfølging av

Detaljer

Fritid på skulen. Kvalitetsplan for Skulefritidsordninga (SFO) i Sveio kommune Foto: Ida Vollum

Fritid på skulen. Kvalitetsplan for Skulefritidsordninga (SFO) i Sveio kommune Foto: Ida Vollum Fritid på skulen Kvalitetsplan for Skulefritidsordninga (SFO) i Sveio kommune 2017-2021. Foto: Ida Vollum 2012-1 1. Visjon. Den overordna visjonen til Sveio kommune er «Vilje til vekst ein god stad å bu».

Detaljer

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING» NASJONAL SATSING STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING» Innføring av valfag Auka fleksibilitet Varierte arbeidsmåtar Eit meir praktisk og relevant ungdomstrinn beherske grunnleggande

Detaljer

Gnist partnarskap heilskapleg satsing på læraryrket frå 2009 status kvalitet kvalite kvalitet rekruttering

Gnist partnarskap heilskapleg satsing på læraryrket frå 2009 status kvalitet kvalite kvalitet rekruttering Gnist partnarskap heilskapleg satsing på læraryrket frå 2009 Eit femårig samarbeid mellom Kunnskapsdepartementet og dei mest sentrale partane innan skulesektoren om auka status for lærarane auka kvalitet

Detaljer

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA! Flora kommune www.flora.kommune.no Informasjonsbrosyre om kommunereforma NO SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA! Dei ulike kommunealternativa: Politikarane i 10 kommunar vedtok hausten 2015 fire

Detaljer

Pedagogisk plattform

Pedagogisk plattform Pedagogisk plattform Visjon Fag og fellesskap i fokus Våre verdiar Ver modig Ver imøtekommande Ver truverdig Pedagogisk plattform Vi bygger på Læringsplakaten og konkretiserer denne på nokre sentrale område:

Detaljer

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 47/2019 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS /2019 Kommunestyret PS

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 47/2019 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS /2019 Kommunestyret PS Vaksdal kommune SAKSPAPIR Saksnr Utval Type Dato 47/2019 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS 11.06.2019 43/2019 Kommunestyret PS 17.06.2019 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Ann Kristin Bolstad FA-B57

Detaljer

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09 TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE Sist redigert 15.06.09 VISJON TILTAK Stord kulturskule skal vera eit synleg og aktivt kunstfagleg ressurssenter for Stord kommune, og ein føregangsskule for kunstfagleg

Detaljer

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune Gjeld frå august 2018 BARN MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE Barnehagelova 19 g.barn med nedsatt funksjonsevne Kommunen skal sikre at barn med nedsatt funksjonsevne

Detaljer

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule Utviklingsplan skuleåret 2015-2016 Varhaug skule Innhald 1 Innleiing 2 Heilskapleg status, læringsresultat og læringsmiljø ved Varhaug skule 2.1 Trendutvikling læringsresultat 2.2 Trendutvikling læringsmiljø

Detaljer

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule Utviklingsplan 2018-2019 Skule: Vigrestad storskule Mål 1: Elevane skal oppleve ein meir praktisk skule der elevane får erfaring med og utvikle sine praktiske talent. a. Elevane skal få bruke sine praktiske

Detaljer

HANDLINGSPLAN FOR DEN KULTURELLE SKOLESEKKEN (DKS) I MODUM

HANDLINGSPLAN FOR DEN KULTURELLE SKOLESEKKEN (DKS) I MODUM HANDLINGSPLAN 2019-2022 FOR DEN KULTURELLE SKOLESEKKEN (DKS) I MODUM Street art-workshop med gatekunstneren Peacetu for 4. klassingene i Modum våren 2018. 1 Innhold 1. Innledning... 3 2. Forankring...

Detaljer

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for.

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for. Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar for Gimle skule 1 Lovverk Opplæringslova Føremålet med denne planen Rutinane skal

Detaljer

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR Spørsmåla handlar om forhold som er viktige for læringa di. Det er ingen rette eller feile svar, vi vil berre vite korleis du opplever situasjonen på skulen din. Det er frivillig

Detaljer

Utviklingsplan for Pedagogisk-psykologisk teneste for vidaregåande opplæring

Utviklingsplan for Pedagogisk-psykologisk teneste for vidaregåande opplæring Utviklingsplan for Pedagogisk-psykologisk teneste for vidaregåande opplæring 2014 2017 www.sfj.no 1. Innleiing. Hovudutval for opplæring vedtok i sak 38/09 Utviklingsplan pedagogisk-psykologisk teneste

Detaljer

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A. RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A. Formål Retningslinjene skal sikre at dei tilsette i skulen er kjende med aktivitetsplikta som vedkjem elevane sin rett til eit trygt og godt skulemiljø,

Detaljer

Østfold kulturproduksjon www.ostfoldkulturproduksjon.no

Østfold kulturproduksjon www.ostfoldkulturproduksjon.no Den kulturelle skolesekken i Østfold Håndbok for kulturkontaktene Østfold kulturproduksjon www.ostfoldkulturproduksjon.no en liten håndbok for kulturkontaktene i Østfold Den kulturelle skolesekken er en

Detaljer

«HVEM HAR ANSVARET FOR DEN KUNSTFAGLIGE OPPLÆRINGEN?»

«HVEM HAR ANSVARET FOR DEN KUNSTFAGLIGE OPPLÆRINGEN?» «HVEM HAR ANSVARET FOR DEN KUNSTFAGLIGE OPPLÆRINGEN?» Innlegg på strategikonferansen til Musikk i skolen og Norsk kulturskoleråd region Øst ved Hege Knarvik Sande Samarbeid og synergier mellom de ulike

Detaljer

9,101-23P-doknr HORDALAND FYLKESKOMMUNE. -gg nr_l_av 1 SÆRUTSKRIFT

9,101-23P-doknr HORDALAND FYLKESKOMMUNE. -gg nr_l_av 1 SÆRUTSKRIFT HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga SÆRUTSKRIFT 9,101-23P-doknr -gg nr_l_av 1 Arkivsak 200912380 Arkivnr. 642 Sakshandsamar Oftedal, Jørn Saksgang Kultur- og ressursutvalet Møtedato Saknr.

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune 1 Bedriftspedagogisk Senter A.S bps@bps.as Medarbeidarsamtalar i Radøy kommune - slik gjer vi det Leiar har ansvar for å gjennomføra samtalane sine slik det

Detaljer

Direkte støtte til tiltak for barn og ungdom: Kulturmidler som er med og finansiere tiltak for barn og ungdom:

Direkte støtte til tiltak for barn og ungdom: Kulturmidler som er med og finansiere tiltak for barn og ungdom: Utviklingsplanen for Rogaland er basert på Stortingsmeldingene 38 og 39 fra 2002-2003 og på Melding om fordeling av spelemidlar for skuleåret 2004/2005 og om fordelingsordning til og med skuleåret 2006/2007

Detaljer

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring ( 9A-2). Skulen skal ha nulltoleranse mot krenking som mobbing,

Detaljer

Valfag Ulstein ungdomsskule 2017/18

Valfag Ulstein ungdomsskule 2017/18 Valfag Ulstein ungdomsskule 2017/18 Føremål Valfaga skal bidra til at elevane får styrka lysta til å lære og oppleve meistring gjennom praktisk og variert arbeid. 9.klasse: Design og redesign Fysisk aktivitet

Detaljer

Pedagogiske rom UTVIKLINGSPLAN Deltakarar; Alle i personalet i samarbeid med barna Hovudansvarlege; Veronica, Iselin, Eva Lisa og Marianne

Pedagogiske rom UTVIKLINGSPLAN Deltakarar; Alle i personalet i samarbeid med barna Hovudansvarlege; Veronica, Iselin, Eva Lisa og Marianne UTVIKLINGSPLAN 2015 Pedagogiske rom Deltakarar; Alle i personalet i samarbeid med barna Hovudansvarlege; Veronica, Iselin, Eva Lisa og Marianne Tiltak og arbeidsmetodar: Mål; Skape rom - som inspirerer

Detaljer

Ein trygg stad å vera ein god stad å læra

Ein trygg stad å vera ein god stad å læra Fotlandsvåg skule 5283 Fotlandsvåg TLF.56 19 23 30 Faks. 56 19 23 31 Rektor: Kjell Haugland 56 19 23 55 Personalrom 56 19 23 50 fotlandsvag.skule@osteroy.kommune.no Ein trygg stad å vera ein god stad å

Detaljer

Strategidokument

Strategidokument Språkkommunen Stord Strategidokument 2018-2019 Innhald Innleiing... 3 Føremål... 3 No-situasjon/ situasjonsskildring... 4 Hovudmål / overordna mål... 4 Målgruppe... 4 Innsatsområder og resultatmål... 4

Detaljer

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A. RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A. For utfyllande informasjon sjå Rundskriv Udir-2-2010 og Udir: Elevenes skolemiljø Formål: Retningslinjene skal sikre at dei tilsette i skulen

Detaljer

Den kulturelle skolesekken

Den kulturelle skolesekken Den kulturelle skolesekken fagseminar, visuell kunst 3. nov 2011 Målsetting: å skape en arena for diskusjon om visuell kunst i DKS i Sør-Trøndelag Målgruppe: Kunstnere, kunstmiljø, kunst- og utdanningsinstitusjoner

Detaljer

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule Kroppsøvingsseksjonen og kunnskapsløftet Kroppsøving - Fysisk aktiv skulekvardag/fysisk

Detaljer

Vidareutdanning kobla til satsinga på vurdering for læring

Vidareutdanning kobla til satsinga på vurdering for læring Vidareutdanning kobla til satsinga på vurdering for læring Åsmund Bertheslen Ressursperson Askvoll og Fjaler,Sogn og Fjordane Disposisjon Bakgrunn: Om regionen, kommunane, skulane og utdanninga Kva er

Detaljer

PLAN FOR DEN KULTURELLE SKOLESEKKEN INDRE FOSEN KOMMUNE

PLAN FOR DEN KULTURELLE SKOLESEKKEN INDRE FOSEN KOMMUNE PLAN FOR DEN KULTURELLE SKOLESEKKEN INDRE FOSEN KOMMUNE 2018-2019 09.05.2018 Innhold 1 Innledning... 2 1.1 Bakgrunn... 2 1.2 MÅL:... 2 1.2.1 Prinsipp for ordninga:... 2 1.2.2 Rolle- og ansvarsfordeling...

Detaljer

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Rammeplan for barnehagen Fagdagane i Loen 7. 8. juni 2017 Rammeplanen som styringsdokument Rammeplan for barnehagens innhold

Detaljer

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir SAKSGANG Styre, råd, utval m.m. Møtedato Saksnr.: Saksbehandlar Utval for Oppvekst og Helse 15.04.2008 018/08 MEH Saksansvarleg: Marie Egset Haug Arkiv: C01 Objekt: Arkivsaknr.:

Detaljer

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017 RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017 INNHALD Innleiing...1 Lovgrunnlag... 2 Opplæringslova... 2 Forvaltningslova... 2 Kommunehelsetenestelova... 2 Ordensreglement for grunnskulen i Lindås...

Detaljer

Leiarsamtale utvikling og oppfølging

Leiarsamtale utvikling og oppfølging Leiarsamtale utvikling og oppfølging Kva type samtale er det? Leiarsamtalen er ein styringsdialog med vekt på utvikling og oppfølging. Hovudmålet er auka læringsutbytte og auka fullføring. Som styringsdialog

Detaljer

Trudvang skule og fysisk aktivitet

Trudvang skule og fysisk aktivitet Trudvang skule og fysisk aktivitet Eit heilskapleg system for dagleg FysAk for alle i eit folkehelse- og pedagogisk perspektiv gjennomført av kompetent personale Bjarte Ramstad rektor Trudvang skule 1

Detaljer

Saksgang Møtedato Saksnr Kultur- og oppvekstutvalet 15.05.2012 020/12 Bystyret 07.06.2012 060/12

Saksgang Møtedato Saksnr Kultur- og oppvekstutvalet 15.05.2012 020/12 Bystyret 07.06.2012 060/12 FLORA KOMMUNE Saksgang Møtedato Saksnr Kultur- og oppvekstutvalet 15.05.2012 020/12 Bystyret 07.06.2012 060/12 Sakshandsamar: Margit Drivenes Kløvfjell Arkiv: K2-C00, K2-A10 Objekt: Arkivsaknr 12/848 KULTURPROGRAM

Detaljer

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 21.01.2016 3917/2016 Rune Solenes Opstad Saksnr Utval Møtedato UD 2/16 Utdanningsutvalet 04.02.2016 Fylkesrådmannens tilråding 17.02.2016 Fylkesutvalet

Detaljer

Innsendt til Utdanningsdirektoratet. Trenger ikke bekreftes. Innsendt av:

Innsendt til Utdanningsdirektoratet. Trenger ikke bekreftes. Innsendt av: Skoleeiers sluttrapportering 201 4-201 6 av FYR - satsingen Svar - Sogn og Fjordane fylkeskommune Status: Innsendt til Utdanningsdirektoratet. Trenger ikke bekreftes. Innsendt av: sissel.espe@sfj.no Innsendt

Detaljer

Levanger kommune Den Kulturelle Skolesekken LEVANGER PLAN Den Kulturelle Skolesekken - Driftskomiteen , Tone V Rostad

Levanger kommune Den Kulturelle Skolesekken LEVANGER PLAN Den Kulturelle Skolesekken - Driftskomiteen , Tone V Rostad Levanger kommune Den Kulturelle Skolesekken LEVANGER PLAN 2007 2009 Mål Den kulturelle skolesekken Å medvirke til at elever i grunnskolen får et profesjonelt kulturtilbud Å legge til rette for at elevene

Detaljer

Utviklingsplan Bremnes Ungdomsskule

Utviklingsplan Bremnes Ungdomsskule Utviklingsplan 2013-14 Bremnes Ungdomsskule GRUNNGJEVING FOR VAL AV SATSINGSOMRÅDE Det faglege fokuset for kommande periode er konsentrert om to område, VFL og faget matematikk. BUS vart med i 3. fase

Detaljer

Sandeid skule SFO Årsplan

Sandeid skule SFO Årsplan SFO Årsplan Telefon: 48891441 PRESENTASJON AV SANDEID SKULE SIN SFO SFO er eit tilbod til elevar som går på i 1. til 4. klasse. Rektor er leiar av tilbodet. Ansvaret for den daglege drifta er delegert

Detaljer

Frå fint! og flott! til vurdering for læring VFL frå ein skuleleiar sitt perspektiv. Åge Stafsnes Rektor, Halbrend skule

Frå fint! og flott! til vurdering for læring VFL frå ein skuleleiar sitt perspektiv. Åge Stafsnes Rektor, Halbrend skule Frå fint! og flott! til vurdering for læring VFL frå ein skuleleiar sitt perspektiv Åge Stafsnes Rektor, Halbrend skule HALBREND SKULE 5.-10. TRINN 440 ELEVAR Første pulje i vurdering for læring. Har arbeidd

Detaljer

Plan for. Den kulturelle skulesekken. for Gaular kommune

Plan for. Den kulturelle skulesekken. for Gaular kommune Plan for Den kulturelle skulesekken for Gaular kommune 2012 2016 1 Plan for den kulturelle skulesekken for Gaular kommune 2012-2016. Målsetjinga med den kulturelle skulesekken: Den kulturelle skulesekken

Detaljer

Handlingsplan ved urovekkande fråvær

Handlingsplan ved urovekkande fråvær 13.09.2017 Handlingsplan ved urovekkande fråvær Definisjonar og prosedyrar GRANVIN BARNE- OG UNGDOMSSKULE Innhald Handlingsplan ved urovekkande fråvær ved Granvin barne- og ungdomsskule... 3 Føremål...

Detaljer

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune PLANPROGRAM Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse 2019-2022 Balestrand kommune Leikanger kommune FØREORD Balestrand, Leikanger og startar med dette opp arbeidet med å lage til felles

Detaljer

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune Gjeld frå oktober 2016 1. BARN MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE Barnehagelova 19 g.barn med nedsatt funksjonsevne Kommunen skal sikre at barn med nedsatt

Detaljer

Prinsipp for opplæringa blei fastset av Kunnskapsdepartementet juni 2006.

Prinsipp for opplæringa blei fastset av Kunnskapsdepartementet juni 2006. Prinsipper for opplæringen Prinsipp for opplæringa blei fastset av Kunnskapsdepartementet juni 2006. ARTIKKEL SIST ENDRET: 25.08.2015 Innhold Innleiing Læringsplakaten Sosial og kulturell kompetanse Motivasjon

Detaljer

Reglar for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg

Reglar for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg Reglar for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg Framlegg til vedtak frå fylkesrådmannen: 1. Følgjande reglar skal gjelde for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg,

Detaljer

Rettleiar. Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar

Rettleiar. Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar Rettleiar Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar Til elevar og lærarar Føremålet med rettleiaren er å medverke til at elevane og læraren saman kan vurdere og forbetre opplæringa i fag.

Detaljer

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA! Gaular kommune www.gaular.kommune.no Informasjonsbrosyre om kommunereforma NO SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA! Dei ulike kommunealternativa: Politikarane i 10 kommunar vedtok hausten 2015 fire

Detaljer

Ungdomstrinnsatsinga

Ungdomstrinnsatsinga Ungdomstrinnsatsinga 2012-2016 Stortinget behandla stortingsmeldinga om ungdomstrinnet Meld. St. 22 (2010 2011) Motivasjon Mestring Muligheter i januar 2012. Strategi for ungdomstrinnet: Motivasjon og

Detaljer

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder: Språk og språkmiljø Vi har språk og språkmiljø som satsingsområde. Det er eit mål å gje barna varierte og positive erfaringar med ord og uttrykk, saman med konkret sanse- og førstehandserfaring, i naturlege

Detaljer

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret Aurland kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda 06.09.2012 112/12 Kommunestyret 06.09.2012 Saksansvarleg: Jan Olav Møller Arkivsaknr.: Arkiv Sakshandsamar Dato 12/771-3 K1-120,

Detaljer

Valfag Ulstein ungdomsskule 2018/19

Valfag Ulstein ungdomsskule 2018/19 Valfag Ulstein ungdomsskule 2018/19 Føremål Valfaga skal bidra til at elevane får styrka lysta til å lære og at dei skal oppleve meistring gjennom praktisk og variert arbeid. 8.klasse: Design og redesign

Detaljer

Ny Øyra skule. Pedagogisk plattform

Ny Øyra skule. Pedagogisk plattform Ny Øyra skule Pedagogisk plattform PEDAGOGISK PLATTFORM Visjon Øyra skule vil arbeide for å nå dei overordna nasjonale målsettingane i Kunnskapsløftet gjennom ein inkluderande skule med mottoet: Ein god

Detaljer