HARAM KOMMUNE Sakspapir

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "HARAM KOMMUNE Sakspapir"

Transkript

1 HARAM KOMMUNE Sakspapir Utval Møtedato Saksnr Saksbeh. Formannskapet /12 Turid Hanken Avgjerd av: Arkiv: 145 Arkivsaknr 12/221 Økonomiplan oppstart og rammer Framlegg frå Rådmannen: Formannskapet meiner det i samband med økonomiplan og handlingsprogram for perioden må gjerast vegval for framtida som byggjer opp under ein robust kommuneøkonomi, og sikrar kvalitativt gode tenester til innbyggjarane i eit langsiktig perspektiv. Formannskapet gir følgjande styringssignal til det vidare arbeidet med økonomiplanen: 1. Formannskapet fastheld at det i perioden skal gjennomførast ei vidare nedskalering av drifta til eit nivå som er meir i samsvar med forventa sikre inntekter. 2. Investeringar i perioden skal utelukkande ha som mål å bidra til å betre kommunens driftsøkonomi og gi kvalitativt gode tilbod på sikt. 3. Kommunen skal søke å nytte sine inntektsmulegheiter på best muleg måte. 4. Effektivisering gjennom kostnadssparande endringar i kommunens tenestestruktur skal vurderast. Saksutgreiing: Rådmannen varsla både i gjeldande økonomiplan og budsjett for 2012 at kommunen står overfor store utfordringar i åra som kjem, for å skape ein berekraftig økonomisk situasjon med mindre risiko og sårbarheit i dei årlege budsjetta. Det er gjentatte gonger peika på den sårbare situasjonen kommunen er i når det gjeld risiko for den framtidige driftssituasjonen, utan at det er gjort grep som bidreg tilstrekkeleg til å endre denne situasjonen. Det økonomiske resultatet for 2011 seier også sitt om denne situasjonen.

2 På denne bakgrunn vart det allerereie på første formannskapsmøte etter jul, invitert til ein prosess der formannskapet vert delaktig i å drøfte vegval for ein berekraftig driftssituasjon i framtida. Dette må sjåast som ein oppstart av arbeidet med rullering av økonomiplan og handlingsprogram for Denne saka vert lagt fram på bakgrunn av gjennomgangen formannskapet hadde av kommunens økonomiske situasjon januar, basert på eit notat og presentasjon frå rådmannen i møtet. Formannskapet slutta seg til at det skulle leggast opp ein prosess i forkant av økonomiplanbehandlinga i juni. Følgjande prosess vart foreslått i notatet: 1. Sak med forslag til innsparingsprogram på kort sikt basert på gjennomgangen ovanfor, og forslag til innsparingsprogram for nedskalering av drifta med verknad på lengre sikt, vert å arbeide med frå administrasjonen si side fram til formannskapsmøta i februar, med sikte på kommunestyrebehandling i mars-møtet. 2. Formannskapet bør allereie i neste møte starte ei drøfting av rammene for økonomiplanperioden og eit driftsopplegg for innsparing av venta rekneskapsunderskot for Dette vil gi føringar også for omfanget av dei innsparingstiltaka administrasjonen må utgreie og foreslå. Sak om kortsiktige innsparingar for 2012 er lagt fram i eiga sak. Her er det ikkje tatt høgde for inndekking av delar av underskot frå På fleire område er det arbeid i gang og under planlegging som vil kunne gi effektiviseringsgevinstar på sikt. Større innsparingstiltak med verknad på lengre sikt, må kome som følgje av ein strategisk prosess for effektivisering og omstilling, der også kostnadssparande strukturelle omleggingar vil måtte vurderast. Kommunestyret har også tidlegare gjort vedtak om at det skal leggast om til ein meir berekraftig økonomi for framtida. I k-sak 43/10 vedtok kommunestyret td at I økonomiplanperioden vil kommunestyret legge til rette for ein meir robust kommuneøkonomi som også gjer kommunen i stand til å møte nye drifts- og investeringsutfordringar i framtida. Målet er ein situasjon der utgifter og inntekter balanserer meir i tråd med kommunens ordinære inntekter, og i mindre grad er avhengig av svingingar i finansmarknaden. Det vart i den samanheng gjort vedtak om at nedskaleringa åleine skulle skje gjennom redusert driftsnivå i alle einingar. Den største økonomiske utfordringa for Haram kommune er at kommunen, sjølv etter fleire år med nedskjeringar, framleis har behov for å finansiere delar av ordinær drift med avkastning frå investeringsfond. Dette utan at kommunen har driftsfond til inndekking i år med negativ avkastning. Dei næraste to åra må kommunen dekke inn mill kroner, etter at budsjettert avkastning for 2012 og evt 2013 er dekka inn. Rådmannen kan ikkje lenger tilrå at målet om ein realistisk og robust økonomisk situasjon åleine skal skje gjennom reduserte driftsrammer til tenesteområda. Det vil kunne gå ut over mulegheita for å ivareta og utvikle kvalitativt gode nok teneste- og forvaltningsmessige tilbod etter lov, samstundes som kommunens ansvar og rolle for å legge til rette for lokalsamfunnsutviking vil vere utsatt. Det må derfor også leggast til rette for at endringar i driftsformer gjennom strukturelle grep kan aksepterast.

3 Ei anna utfordring kommunen står over for i framtida, og allereie i eit 5-10 års perspektiv, er rekrutteringsutfordringar knytt til eit generasjonsskifte i sentrale delar av arbeidsstokken, ikkje minst i undervisnings- og helseyrka. Denne utfordringa deler vi med mange andre. Kommunen sin strategiplan har som mål å utvikle ein robust organisasjon som kan utvikle gode tilbod i samspel med omgivnadane / lokalsamfunnet. Ein robust organisasjon er avhengig av tilgang på menneskeleg kompetanse, kapasitet og andre ressursar for å yte tenester av høg kvalitet som innbyggjarane har krav på. Kampen om arbeidskrafta vil i framtida handle mykje om å kunne tilby attraktive arbeidsplassar med gode og interessante fagmiljø. Dette må også vere med i bildet når ein skal ta vegval for kvar og korleis framtidas tenester skal driftast innan strammare økonomiske rammer. Kommunen står også over for vegval i samband med nye store investeringsprosjekt og rehabiliterings- /vedlikehaldsoppgåver til fleire hundre millionar kroner i neste økonomiplanperiode. Dersom slike investeringar skal kunne forsvarast økonomisk og fagleg, må dette baserast på at investeringane kan nyttast maksimalt til å effektivisere drifta og skape robuste og kvalitativt gode tenester i lang tid framover. I tillegg må ein rekne med oppstart av Nordøyvegen i perioden som medfører nye utgifter for kommunen. På denne bakgrunn bør det, i samband med handlingsprogram og økonomiplanarbeidet og som førebuing til neste års budsjett, gjennomførast analyser/ prosjekt på område der ein vil vurdere endringar som kan bidra til meir effektiv drift og/ eller smartare oppgåveløysing, her under også strukturelle endringar. Kommunen driv i dag tenester i ei rekke faste lokalitetar. I tillegg yter andre einingar tenester til desse lokasjonane. På alle område som ein vel å utgreiie, bør også moglege synergiar for ei framtidsretta tenesteyting tilleggast betydning, i form av ei vurdering av kva som vil bygge opp under meir robuste og kvalitativt gode tilbod, ut frå forventa behov og etterspurnad. Det inneber at ein i tillegg til til å drøfte strukturar, må sjå på kva som gir størst sannsynleg effekt i form av kvalitet og innhald i tilboda. Kommunestyret har allereie gjort vedtak om område som skal takast opp til vurdering i Dette gjeld - Delar av skulestrukturen - barnehagestruktur/drift Som følgje av samhandlingsreforma, og at Vatne omsorgsarena nærmar seg realitetsbehandling, bør - handlingsdelen av Pleie- og omsorgsplanen vurderast på nytt - heile den samla pleie- og omsorgsytinga gjennomgåast samla med sikte på framtidige synergiar Andre område som kan vere aktuelle å vurdere endringar på er: - helsetasjonsverksemda (tal lokasjonar) - omlegging av legetenesta på øyane - bibliotektenesta - brannvern (interkommunalt?) Det vil i møtet bli gitt informasjon om ulike områda som er lista opp ovanfor. I denne saka er det ikkje tatt stilling til kva som bør gjerast, berre lista opp område som kan vurderast. Einskilde utgreiingsprosjekt vert å kome tilbake til seinare i prosessen.

4 Kommunen har også høve til å nytte lovlege inntektsmulegheiter. Dette gjeld i første rekke gjennom fastlegging av nivå på gebyr og avgifter, og eigedomsskatt. Kommunestyret har i samband med dei siste budsjettbehandlingane gjort endringar i gebyrregulativa med sikte på auka inntekter på ei rekke område der det er muleg. I samband med kommunestyret si behandling av økonomiplanen i 2010 vart det fatta vedtak om å ikkje innføre eigedomsskatt i perioden. Det er frå 2012 opna for ei meir fleksibel skattlegging enn tidlegare, samtidig som ei forenkling av takseringsprosessen er under behandling. Dette bør kunne gi grunnlag for å vurdere ordninga på nytt. Kommunestyret bør i tilfelle drøfte dette temaet grundig før det blir sett i gang utgreiing. Elles vert det vist til gjeldande økonomiplan for , og budsjettkommentarane til budsjettet for 2012 for ei grundigare analyse av dei økonomiske utfordringane. Vurdering: Kommuneøkonomien gir Haram store utfordringar i tida som kjem. Kommunens faste drift bør i størst muleg grad baserast på forventa sikre inntekter. Kommunane får stadig ansvar for nye og utfordrande oppgåver frå staten. Men det er ingenting som tyder på at statleg politikk eller økonomi vil gi auka økonomiske rammer som gir større lokalpolitisk handlingsrom i tida som kjem. I staden blir kommunane utfordra til å nytte det lokalpolitiske handlingsrommet til å drive smartare og effektivisere måtar å løyse oppgåvene på i framtida. Kommunen sine eigne ambisjonar er høge, men den økonomiske driftssituasjonen tilseier at utvikling av tenestetilbod og lokalsamfunn kan få ein bråstopp om vi ikkje evner å tilpasse drifta til ein lågare inntektsvekst. Det må skje gjennom smarte løysingar og innovative grep. Prosessen med ei oppnå ei berekraftig økonomisk framtid er ikkje berre avhengig av at det blir sett mål for å tilpasse drifta til tigjengelege ressursar. Kommunelova set krav til at måla skal vere realistiske. Det inneber at ein i tillegg må ha eit strategisk fokus på korleis nå måla om korleis kome frå ord til handling. Eit suksesskriterium vil her kunne vere å ha eit politisk vedteke handlingsprogram som gir retning for gjennomføring av tiltak over tid, og som bidreg til å nå målsettingane. Lokalpolitiske vegval vil truleg ha større betydning for utviklinga i kommuneøkonomien i tida som kjem enn dei statlege føringane. Dersom lokalpolitiske signal om ei meir realistisk budsjettering i framtida står ved lag, og skal takast på alvor, meiner rådmannen at evna til å gjennomføre nye og større grep er avhengig av eit godt samspel mellom politisk og administrativ leiing allereie tidleg i prosessen. Dette fordi det må drøftast virkemiddel og tiltak som er av stor lokalpolitisk interesse. Formannskapet som økonomiutval har eit politisk ansvar for å legge fram eit fullstendig utkast til økonomiplan og budsjett til kommunestyret etter kommunelova. Formannskapet bør etter rådmannen si meining allereie no drøfte kva føringar som skal leggast til grunn ved neste rullering av økonomiplanen. Rådmannen er sjølvsagt sitt ansvar bevisst når det gjeld ansvaret for saksførebuing og legge til rette for ei drift innan gitte rammer og etter politiske vedtak. Det er likevel ein stor fordel om administrasjonen får politiske styringssignal tidleg for kva nivå innstrammingane skal leggast på. Då kan dei administrative ressursane nyttast rett i

5 med tanke på å førebu tiltak og gjennomføre utgreiingar med sikte på gjennomføring. Dette er ein viktig bakgrunn for at saka vert lagt fram på denne måten no. Det er fleire tenkelege utfall av ein slik prosess: a) At ein fortset på dagens nivå, utan å ta nye grep for å nedskalere drifta. Konsekvensen vil kunne vere stor risiko for kommunens framtidige driftssituasjon om forventa inntekter ikkje vert nådd b) Gjennomføre innsparingar og nedkalere drifta eine åleine som ei stor strukturreform. Konsekvensen vil medføre dramatisk omlegging av tenestene. c) Auke inntektsgrunnlaget og samtidig nedskalere og omstrukturere tenestene. Konsekvensen vil vere mindre dramatiske strukturelle endringar, og at eigedomsskatt må takast i bruk som virkemiddel. Denne saka vert lagt fram som ei oppstartsak for økonomiplanarbeidet og ei førebels drøfting av framtidige rammer og vegval for dei neste fire åra, men som også vil vere retningsgivande på lengre sikt. På møtet vil det bli supplert med muntleg informasjon om status i dagens driftsordningar og i høve gjeldande vedtak med relevans for saka. På bakgrunn av utfallet av denne behandlinga vil det seinare bli lagt fram konkretiserte forslag til vidare utgreiingsprogram og tiltak. Rådmann Turid Hanken Rådmann

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 29.01.2015 022/15 Kommunestyret 02.02.2015 010/15 Avgjerd av: Formannskapet Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Objekt:

Detaljer

HARAM KOMMUNE Sakspapir

HARAM KOMMUNE Sakspapir HARAM KOMMUNE Sakspapir Utval Møtedato Saksnr Saksbeh. Fast utval for plansaker 13.12.2012 055/12 Per Langnes Avgjerd av: Fast utval for plansaker Arkiv: L12 Arkivsaknr 12/806 Fv. 659 - Nordøyvegen - Delområde

Detaljer

EID KOMMUNE Møtebok. Arkiv: 024 Objekt:

EID KOMMUNE Møtebok. Arkiv: 024 Objekt: EID KOMMUNE Møtebok SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Saksansv. Formannskapet 22.01.2015 013/15 ÅKR Kommunestyret 29.01.2015 015/15 ÅKR Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandler: Åslaug

Detaljer

Saksnr. Utval Møtedato 172/16 Formannskapet

Saksnr. Utval Møtedato 172/16 Formannskapet Stryn kommune Arkiv: FE - 145 JournalpostID: 16/22387 Saksbehandlar: Randi Rørvik Lillestøl Saksframlegg Saksnr. Utval Møtedato 172/16 Formannskapet 27.10.2016 Godkjenning av rammer for Økonomiplan 2017-2020

Detaljer

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Giske formannskap /17 Giske kommunestyre

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Giske formannskap /17 Giske kommunestyre GISKE KOMMUNE Arkiv: JournalpostID: 17/13637 Sakshandsamar: Ann Kristin Thu Dato: 24.10.2017 SAKSPAPIR Styre, komite, utval Møtedato Saknr Giske formannskap 13.11.2017 108/17 Giske kommunestyre Økonomiplan

Detaljer

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret Aurland kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda 06.09.2012 112/12 Kommunestyret 06.09.2012 Saksansvarleg: Jan Olav Møller Arkivsaknr.: Arkiv Sakshandsamar Dato 12/771-3 K1-120,

Detaljer

VESTNES KOMMUNE. Saksframlegg. Økonomiplan for Arkiv: 150 Arkivsaksnr.: 2012/2844 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato:

VESTNES KOMMUNE. Saksframlegg. Økonomiplan for Arkiv: 150 Arkivsaksnr.: 2012/2844 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato: VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: 150 Arkivsaksnr.: 2012/2844 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato: 03.11.2012 Økonomiplan for 2013-2016 Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret Administrasjonssjefen

Detaljer

MØTEINNKALLING. NB! Det vil bli lagt opp til ei vidare drøfting av formannskapet sitt buddsjettframlegg, jf. f.sak 89/13 frå møtet

MØTEINNKALLING. NB! Det vil bli lagt opp til ei vidare drøfting av formannskapet sitt buddsjettframlegg, jf. f.sak 89/13 frå møtet MØTEINNKALLING Utval: Formannskapet Møtedato: 03.12.2013 Møtestad: Ingebrigt Davik-huset, Brattvåg Møtetid: Kl. 15:15 NB! Det vil bli lagt opp til ei vidare drøfting av formannskapet sitt buddsjettframlegg,

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/153-1. Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/153-1. Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/153-1 Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing TILRÅDING: Saka blir lagt fram utan tilråding frå administrasjonen.

Detaljer

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret AURLAND KOMMUNE Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet 29.01.2015 007/15 Kommunestyret 12.02.2015 Arkivsaknr.: Arkiv Sakshandsamar Dato 14/638-15/326 K1-024 Jan Olav Åsarmoen Møller 57 63

Detaljer

Hovudutval Plan og Ressurs har behandla saka i møte sak 80/16

Hovudutval Plan og Ressurs har behandla saka i møte sak 80/16 Hemsedal kommune SAKSUTSKRIFT Arkivsak-dok. 16/00633-3 Saksbehandler Ola Frogner Økonomi- og handlingsplan 2017-2020 Saksgang Møtedato Saknr 1 Hovudutval for Plan og Ressurs og Hovudutval for Livsløp 07.11.2016

Detaljer

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 15.02.2016 016/16 Kommunestyret 22.02.2016 009/16 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Objekt:

Detaljer

Investeringsplan for vatn og avlaup for perioden Gebyr for 2016

Investeringsplan for vatn og avlaup for perioden Gebyr for 2016 SAKSGANG Styre, utval, m.m. Møtedato Saksnr Saksbeh. Formannskapet 30.11.2015 184/15 PJR Saksbeh Arkivsaknr Arkiv Per Jan Ryland 15/623-2 K1-151, K2- Q14, K2-M10, K2-M30 Investeringsplan for vatn og avlaup

Detaljer

SAKSPAPIR. Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr. Formannskapet /15

SAKSPAPIR. Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr. Formannskapet /15 å SUND KOMMUNE SAKSPAPIR Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 22.06.2015 050/15 Saksansvarleg Arkiv Arkivsaknr Knut Ove Ekren N - 21 1 15/1094 - HØYRING - FINANSIERING AV PRIVATE BARNEHAGAR

Detaljer

Til medlemene i Råd for menneske med nedsett funksjonsevne

Til medlemene i Råd for menneske med nedsett funksjonsevne Seljord kommune Møteinnkalling Til medlemene i Råd for menneske med nedsett funksjonsevne Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Råd for menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad:

Detaljer

STRANDA KOMMUNE SAKSPAPIR

STRANDA KOMMUNE SAKSPAPIR STRANDA KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, råd, utval Møte dato Saknr FORMANNSKAPET 24.10.2016 101/16 FORMANNSKAPET 07.11.2016 113/16 FORMANNSKAPET 28.11.2016 119/16 Saksansvarleg: Rådmann Åse Elin Hole

Detaljer

Saksprotokoll. Arkivsak: 11/794 HØYRING - NASJONAL BESTEMMING OM LÆRARTETTLEIK I GRUNNSKOLEN

Saksprotokoll. Arkivsak: 11/794 HØYRING - NASJONAL BESTEMMING OM LÆRARTETTLEIK I GRUNNSKOLEN Saksprotokoll Utvalg: Kommunestyret Møtedato: 15.12.2011 Sak: 121/11 Resultat: Innstilling m/tillegg vedtatt Arkivsak: 11/794 Tittel: HØYRING - NASJONAL BESTEMMING OM LÆRARTETTLEIK I GRUNNSKOLEN Behandling:

Detaljer

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: 151 Arkivsaksnr.: 2012/2025 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato: 03.09.2012 Budsjettrammer 2013 Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Administrasjonssjefen si innstilling

Detaljer

Budsjett og handlingsprogram 2012, økonomiplan

Budsjett og handlingsprogram 2012, økonomiplan Kviteseid kommune Arkiv: 150 Saksmappe: 2011/1147-10 Sakshand.: Hans Bakke Dato: 07.11.2011 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 121/11 16.11.2011 Sektorutvalet for service og utvikling

Detaljer

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet /2011 Kommunestyret

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet /2011 Kommunestyret VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: 155 Arkivsaksnr.: 2011/1877 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato: 15.11.2011 Økonomiplan 2012-2015 Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet 28.11.2011 122/2011 Kommunestyret

Detaljer

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh SAMNANGER KOMMUNE Side 1 av 6 MØTEINNKALLING Utval: Kommunestyret Møtedato: 12.02.2013 Møtetid: 17:00 - Møtestad: Kommunehuset Varamedlem skal ikkje møta utan nærare innkalling Forfall til møtet eller

Detaljer

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa: SAKSPAPIR Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS 07.02.2018 Saksbehandlar ArkivsakID Viviann Kjøpstad 1/171 Framlegg til konkretisering politisk medverknad i planprosessen Rådmannen sitt framlegg

Detaljer

SAKSLISTE Saksnr. Tittel side: 1/17 MØTEPROTOKOLL GODKJENNING 2

SAKSLISTE Saksnr. Tittel side: 1/17 MØTEPROTOKOLL GODKJENNING 2 SENTRALADMINISTRASJONEN Postadresse: Klepp kommune Postboks 25 4358 Kleppe MØTEINNKALLING Utval: Jærrådet Møtestad: Time rådhus, formannskapssalen Møtedato: 17.02.2017 Kl. 09.00 Eventuelt forfall må meldast

Detaljer

Helse- og omsorgsutvalet OBS OPPMØTE PÅ TRESFJORD TRYGDEHEIM KL 1500

Helse- og omsorgsutvalet OBS OPPMØTE PÅ TRESFJORD TRYGDEHEIM KL 1500 VESTNES KOMMUNE Helse- og omsorgsutvalet OBS OPPMØTE PÅ TRESFJORD TRYGDEHEIM KL 1500 Innkalling til møte i Helse- og omsorgsutvalet Møtestad: Dato: Tresfjord Trygdeheim, 21.01.2013 Kl.15:00 Dei som er

Detaljer

Austrheim kommune. Sakspapir. SAKSGANG Styre, utval, råd m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret /11 Olav Mongstad

Austrheim kommune. Sakspapir. SAKSGANG Styre, utval, råd m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret /11 Olav Mongstad Austrheim kommune Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, råd m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret 1.1.011 187/11 Olav Mongstad. Saksansv.: Olav Mongstad Arkiv: FA-B11 Arkivsaknr: 11/981 - Høring - forslag

Detaljer

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd. Kviteseid kommune Møteinnkalling Utval: Hovudutvalet for oppvekst og omsorg Møtestad: Brunkeberg, Kommunehuset Dato: 25.11.2015 Tidspunkt: 12:00 Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til

Detaljer

Saksframlegg. Skattesatsar/ marginavsetning: Skatten for 2015 på formue og inntekt vert å fastsette til dei maksimalsatsar som Stortinget vedtek.

Saksframlegg. Skattesatsar/ marginavsetning: Skatten for 2015 på formue og inntekt vert å fastsette til dei maksimalsatsar som Stortinget vedtek. Bygland kommune Arkiv: 151 Saksmappe: 2014/680 Sakshandsamar: Frantz Are Nilsen Dato: 05.11.2014 Saksframlegg Utv.saksnr Utvalg Møtedato 33/14 Vilt- og fiskenemnd 11.11.2014 17/14 Rådet for eldre og funksjonshemma

Detaljer

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: 155 Arkivsaksnr.: 2010/1115 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato: 18.11.2010 Økonomiplan 2011-2014 Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret Administrasjonssjefen

Detaljer

Saksframlegg Valle kommune

Saksframlegg Valle kommune Saksmappenr: 2017/575-1 Arkiv: 145 Sakshandsamar: Laila Rysstad Saksframlegg Valle kommune Saksnummer Utval Møtedato 11/17 Eldrerådet 04.12.2017 27/17 Arbeidsmiljøutvalet 05.12.2017 20/17 Administrasjonsutvalet

Detaljer

Revidering av kommunedelplan for oppvekst Struktur

Revidering av kommunedelplan for oppvekst Struktur Revidering av kommunedelplan for oppvekst 2013-2025 - Struktur INNHOLD 1. BAKGRUNN OG MÅL... 3 1.1 BAKGRUNN... 3 1.2 MÅL... 3 2. FØRINGAR... 3 3. INNHALD... 4 3.1 FOLKETALSUTVIKLING... 4 3.2 TAL KLASSER,

Detaljer

Nord-Fron kommune. Politisk sak. Kommunereform - Nord-Fron - vidare prosess

Nord-Fron kommune. Politisk sak. Kommunereform - Nord-Fron - vidare prosess Nord-Fron kommune Politisk sak Kommunereform - Nord-Fron - vidare prosess Utval Saksnr Møtedato Saksbehandlar Formannskapet 125/14 28.10.2014 Astrid Vadet Formannskapet 134/14 11.11.2014 Arne Sandbu Formannskapet

Detaljer

Økonomiplan med budsjett for 2013

Økonomiplan med budsjett for 2013 KORTVERSJON Ein tydeleg medspelar Økonomiplan 2013-2016 med budsjett for 2013 Fylkesrådmannen sine kommentarar SKAL BEHANDLAST I: Hovudutvala 12. november 2012 Fylkesutvalet 27. november 2012 Fylkestinget

Detaljer

HARAM KOMMUNE Sakspapir

HARAM KOMMUNE Sakspapir HARAM KOMMUNE Sakspapir Utval Møtedato Saksnr Saksbeh. Formannskapet 20.08.2013 057/13 Kåre Beite Kommunestyret 19.09.2013 059/13 Kåre Beite Avgjerd av: Kommunestyret Arkiv: L81 Arkivsaknr 13/525 Hellandshaugane

Detaljer

HØYRING VEDK FORSLAG TIL STATLEGE PLANRETNINGSLINJER FOR DIFFERENSIERT FORVALTNING AV STRANDSONA LANGS SJØEN

HØYRING VEDK FORSLAG TIL STATLEGE PLANRETNINGSLINJER FOR DIFFERENSIERT FORVALTNING AV STRANDSONA LANGS SJØEN Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Saksnr. Møtedato Sakshandsamar FORMANNSKAP 042/09 01.09.2009 ROLSU Avgjerd av: Solund kommunestyre Arkiv: K1-113, K3- &13 Objekt: Arkivsaknr 09/380 HØYRING

Detaljer

Utsendte saksdokument: Dok.dato Tittel Dok.ID Budsjett 2016 og økonomiplan _versjon

Utsendte saksdokument: Dok.dato Tittel Dok.ID Budsjett 2016 og økonomiplan _versjon Norddal kommune Arkiv: FE - 210 JournalpostID: 15/9600 Saksbehandlar: Anne Nygård Dato: 26.10.2015 Saksframlegg Budsjett 2016 og økonomiplan 2016-2019 Saksnr. utval Utval Møtedato 020/15 Arbeidsmiljøutvalet

Detaljer

Kommunestyret. Tilleggsinnkalling

Kommunestyret. Tilleggsinnkalling Finnøy kommune Kommunestyret Tilleggsinnkalling Møtedato: 13.12.2017 Møtestad: Biblioteksalen Møtetid: Kl. 14:00 Utvalsmedlemene vert med dette kalla inn til møte. Varamedlemene møter berre etter særskilt

Detaljer

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0 Samandrag Norconsult har på oppdrag frå Sogn og Fjordane fylkeskommune vurdert dagens modell for organisering av vidaregåande opplæring, og utarbeida framlegg av tre anbefalte modellar for framtidig organisering.

Detaljer

HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF

HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF Arkivref: 2018/1494-10350/2018 Saksh.: Trygve Dahl Saksnr Utval Møtedato Formannskapet HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF Framlegg til vedtak: Stord formannskap vedtek høyringssvar til Utviklingsplan

Detaljer

Vinje kommune. Økonomi, plan og utvikling. Kommuneplanens samfunnsdel - til høyring og offentleg ettersyn

Vinje kommune. Økonomi, plan og utvikling. Kommuneplanens samfunnsdel - til høyring og offentleg ettersyn Vinje kommune Økonomi, plan og utvikling Arkiv saknr: 2013/2973 Løpenr.: 12046/2016 Arkivkode: 141 Utval Møtedato Utval Saksnr Kommunestyret 16.06.2016 16/64 Plan- og miljøutvalet 29.06.2016 16/82 Oppvekst-

Detaljer

Balestrand kommune lovlegkontroll av budsjettvedtak sak 70/14 manglande budsjettering av midlar til Fjordtun og Nessane skule frå skuleåret 2015/16

Balestrand kommune lovlegkontroll av budsjettvedtak sak 70/14 manglande budsjettering av midlar til Fjordtun og Nessane skule frå skuleåret 2015/16 Sakshandsamar: Anne Marte Wiland Sæle Vår dato Vår referanse Telefon: 57643107 19.02.2015 2015/481-323 E-post: fmsfase@fylkesmannen.no Dykkar dato Dykkar referanse 02.02.2015 Balestrand kommune Kong Beles

Detaljer

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 064/15 Formannskapet PS HØYRINGSUTTALE - FORSLAG OM Å ENDRE EIENDOMSSKATT PÅ VERK OG BRUK

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 064/15 Formannskapet PS HØYRINGSUTTALE - FORSLAG OM Å ENDRE EIENDOMSSKATT PÅ VERK OG BRUK SAKSPAPIR Saksnr Utval Type Dato 064/15 Formannskapet PS 03.09.2015 Saksbehandlar Hogne Haugsdal 15/4 ArkivsakID HØYRINGSUTTALE - FORSLAG OM Å ENDRE EIENDOMSSKATT PÅ VERK OG BRUK Vedlegg: Høyringsuttalelse

Detaljer

Budsjettguide Kinn. Felles kommunestyremøte

Budsjettguide Kinn. Felles kommunestyremøte Budsjettguide 2019 - Kinn Felles kommunestyremøte 18102018 Kinn budsjettguide Budsjettguide 2019 er første dokument på vegen til budsjett og økonomiplan for Kinn kommune Budsjett guide 2019 Budsjett og

Detaljer

VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget

VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget Justis- og beredskapsdepartementet postmottak@id.dep.no Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref Avd/Saksansvarleg Dato 2013/713 4220/2013 / X30 SER / SANGUD 04.09.2013 MELDING OM

Detaljer

Kommunereforma - eit val mellom to alternativ

Kommunereforma - eit val mellom to alternativ Kommunereforma - eit val mellom to alternativ Stortinget har vedteke at kommunane innan 30. juni skal vedta om dei vil etablera ein ny større kommune i lag med nabokommunar. Regjeringa sitt mål for ny

Detaljer

GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00

GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00 GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK Møtedato: 24.11.2016 Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00 Gloppen kommune 21. november 2016 Bernt Reed utvalsleiar Per Arne Strand Oppvekstsjef

Detaljer

Selje kommune. Innkalling. Sakliste. Stein Robert Osdal ordfører. Utval: Formannskapet Møtestad: Furebuda Leikanger Dato: Tid: Kl.

Selje kommune. Innkalling. Sakliste. Stein Robert Osdal ordfører. Utval: Formannskapet Møtestad: Furebuda Leikanger Dato: Tid: Kl. Innkalling Utval: Formannskapet Møtestad: Furebuda Leikanger Dato: 15.12.2016 Tid: Kl. 13:00 Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå snarast råd til tlf. 57858500 eller

Detaljer

Utv.saksnr.: Utval: Møtedato: 35/17 Formannskapet

Utv.saksnr.: Utval: Møtedato: 35/17 Formannskapet Kommuneplanen sin samfunnsdel i Aukra, melding om start av planarbeid Aukra formannskap har i møte den 3. april 2017 vedtatt å melde start av planarbeid, kommuneplanen sin samfunnsdel 2017-2015, i samsvar

Detaljer

STORDAL KOMMUNE SAKSPAPIR

STORDAL KOMMUNE SAKSPAPIR STORDAL KOMMUNE SAKSPAPIR Endeleg vedtaksorgan: Kommunestyret Saksansvarleg.: Lars Joranger Arkiv: Objekt: FE-145 Arkivsaksnummer 12/881 SAKSGANG Saksnr Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksbehandlar

Detaljer

Lovlegkontroll - sak PS 140/18 i Askøy kommunestyre - Budsjett 2019 og Økonomiplan

Lovlegkontroll - sak PS 140/18 i Askøy kommunestyre - Budsjett 2019 og Økonomiplan Vår dato: 05.02.2019 Dykkar dato: 14.01.2019 Vår ref: 2018/2057 Dykkar ref: Askøy kommune Klampavikvegen 1 5300 KLEPPESTØ Saksbehandlar, innvalstelefon Håvard Rød, 5557 2143 Lovlegkontroll - sak PS 140/18

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 056 A20 Arkivsaksnr.: 11/682-3

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 056 A20 Arkivsaksnr.: 11/682-3 SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 056 A20 Arkivsaksnr.: 11/682-3 Overordna samarbeidsavtale: SFFK og kommunane TILRÅDING: ::: Sett inn innstillingen under denne linja Kommunestyret vedtek:

Detaljer

Saksnr. Utval Møtedato 054/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr.

Saksnr. Utval Møtedato 054/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr. Lærdal kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 054/17 Formannskapet 27.03.2017 015/17 Kommunestyret 30.03.2017 Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr. 17/300-1 Etablering av ny kai/hamn i Lærdal

Detaljer

Kommunereforma - prosessvedtak med tidsplan for Vestnes kommune. Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Kommunereforma - prosessvedtak med tidsplan for Vestnes kommune. Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: 030 Arkivsaksnr.: 2011/246 Saksbehandlar: Tone Roaldsnes Dato: 04.05.2015 Kommunereforma - prosessvedtak med tidsplan for Vestnes kommune Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet

Detaljer

Oversyn over økonomiplanperioden 2011 2014

Oversyn over økonomiplanperioden 2011 2014 - perla ved Sognefjorden - Oversyn over økonomiplanperioden 2011 2014 Arbeidsgrunnlag 06.10.10 Rådmannen Oversyn over økonomiplanperioden Rådmannen sitt arbeidsgrunnlag 06.10.10 Rekneskap Budsj(end) Budsjett

Detaljer

SAKSGANG. Arkivsaknr. Morten B. Aasbø

SAKSGANG. Arkivsaknr. Morten B. Aasbø Jondal kommune Sakspapir SAKSGANG Utval Møtedato Saksnr. i utval Formannskapet 20.11.2013 Administrasjonsutvalet 20.11.2013 Felles råd for eldre og menneske med nedsett 08.11.2013 funksjonsevne Ungdomsrådet

Detaljer

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011. Saksframlegg Saksmappe Saksbehandlar 2011/382-16 Asbjørn Skår Saksgang Saksnr Utval Møtedato Komite for oppvekst, kultur, idrett Formannskapet Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Detaljer

TILLEGGSSAK. Arkivsak: 12/158 Løpenummer: 12/ Utval: Utval for plan og miljø Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: Kl.

TILLEGGSSAK. Arkivsak: 12/158 Løpenummer: 12/ Utval: Utval for plan og miljø Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: Kl. FUSA KOMMUNE TILLEGGSSAK Arkivsak: 12/158 Løpenummer: 12/6160-3 Utval: Utval for plan og miljø Møtestad: Kommunetunet Møtedato: 20.09.2012 Tid: Kl. 16:00 Dokumenta ligg til offentleg ettersyn på heimasida

Detaljer

EID KOMMUNE Formannskapet HOVUDUTSKRIFT

EID KOMMUNE Formannskapet HOVUDUTSKRIFT Formannskapet HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 30.10.2014 Møtetid: Kl. 15:00 16:00 Møtestad: Kommunestyresalen Saksnr.: 197/14-202/14 Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Alfred

Detaljer

Skodje kommune Teknisk avdeling

Skodje kommune Teknisk avdeling Skodje kommune Teknisk avdeling Sak 58/16 Arkivsak nr: 16/488 Arkiv: Sakshandsamar: Ingunn Stette Sak nr Utval Møtedato 60/16 Formannskapet 04.05.2016 58/16 Kommunestyret 24.05.2016 KOMMUNAL PLANSTRATEGI

Detaljer

Merknader til Rapport av frå nedsett komitè om Grendaskular i Balestrand

Merknader til Rapport av frå nedsett komitè om Grendaskular i Balestrand Merknader til Rapport av 04.11.2015 frå nedsett komitè om Grendaskular i Balestrand Merknader til Rapport av 04.11.2015 frå nedsett komitè om Grendaskular i Balestrand Den 05.11.2015 fekk administrasjonen

Detaljer

MØTEINNKALLING. NB! Sak Destinasjon Ålesund og Sunnmøre oppløysing og medlemsskap i nytt selskap vil bli ettersendt.

MØTEINNKALLING. NB! Sak Destinasjon Ålesund og Sunnmøre oppløysing og medlemsskap i nytt selskap vil bli ettersendt. MØTEINNKALLING Utval: Formannskapet Møtedato: 26.03.2015 Møtestad: Kommunehuset, Brattvåg Møtetid: Kl. 14:00 NB! Sak Destinasjon Ålesund og Sunnmøre oppløysing og medlemsskap i nytt selskap vil bli ettersendt.

Detaljer

Sakspapir. Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Anny Bastesen FE /2782

Sakspapir. Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Anny Bastesen FE /2782 Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Anny Bastesen FE - 231 15/2782 Saksnr Utvalg Type Dato 83/2015 Utval for drift og utvikling PS 03.11.2015 139/2015 Formannskapet PS 02.12.2015 135/2015 Kommunestyret

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968 SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968 Kommunale utleigebustader - Status Gaupne og bygging Indre Hafslo og Veitastrond. Rådmannen si tilråding: 1)Kommunestyret har ikkje

Detaljer

Saksnr. Utval Møtedato 005/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr.

Saksnr. Utval Møtedato 005/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr. Lærdal kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 005/17 Formannskapet 26.01.2017 002/17 Kommunestyret 09.02.2017 Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr. 16/155-17 Kommunal planstrategi 2016-2020,

Detaljer

Delplan 2 -Skjema for risikoanalyse busetting av flyktningar Med referanse til punkt 3.3 i Prosjektplanen: «Kritiske suksessfaktorar for prosjektet»

Delplan 2 -Skjema for risikoanalyse busetting av flyktningar Med referanse til punkt 3.3 i Prosjektplanen: «Kritiske suksessfaktorar for prosjektet» Svært lite sannsynleg Mindre sannsynleg Sannsynleg Svært sannsynleg Ufarleg Uheldig Kritisk Svært kritisk Delplan 2 -Skjema for risikoanalyse busetting av flyktningar Med referanse til punkt 3.3 i Prosjektplanen:

Detaljer

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Sbh. Saknr Formannskapet KRN 109/10. Ansv. ANB

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Sbh. Saknr Formannskapet KRN 109/10. Ansv. ANB MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR Styre, komite, utval Møtedato Sbh. Saknr Formannskapet 29.09.2010 KRN 109/10 Avgjerd av: Formannskapet Saksbeh.: Kristin Nåmdal Ansv. ANB Arkiv: N-101.3, N- Arkivsaknr 09/333 RULLERING

Detaljer

HARAM KOMMUNE Sakspapir

HARAM KOMMUNE Sakspapir HARAM KOMMUNE Sakspapir Utval Møtedato Saksnr Saksbeh. Formannskapet 02.12.2014 081/14 Elin A. Moen Kommunestyret 18.12.2014 073/14 Elin A. Moen Avgjerd av: Kommunestyret Arkiv: 026 Arkivsaknr 11/245 Kommunereform

Detaljer

02. MAI ,Oo S 2. Seljord kommune. Kuhur Seljord. Kultur- og kyrkjedepartementet Pb Dep, 0030 OSLO

02. MAI ,Oo S 2. Seljord kommune. Kuhur Seljord. Kultur- og kyrkjedepartementet Pb Dep, 0030 OSLO Seljord kommune 3840 Seljord Kuhur- A 02. MAI 2007 Arkiv: C60 Saksnr. 07/00165-2 Kultur- og kyrkjedepartementet Pb. 8030 Dep, 0030 OSLO 1,Oo.. 5 3-1 S 2 Hoyring "Bibliotekreform 2014" Vedlagt er uttale

Detaljer

VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget

VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget Strategi- og utviklingsleiar Guttorm Rimstad Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2014/365 8004/2016 / Q66 SER / NORAND 16.11.2016 MELDING OM VEDTAK Fiber

Detaljer

Kommunestyret vedtek «Retningsliner kulturtilskot Aukra kommune» 1 med verknad frå

Kommunestyret vedtek «Retningsliner kulturtilskot Aukra kommune» 1 med verknad frå Aukra kommune Arkivsak: 2018/334-3 Arkiv: 223 Saksbeh: Jan Erik Hovdenak Dato: 28.03.2018 Saksframlegg Utv.saksnr.: Utval: Møtedato: 16/18 Livsløpsutvalet 05.04.2018 26/18 Formannskapet 09.04.2018 27/18

Detaljer

Økonomiplan

Økonomiplan STORDAL KOMMUNE SAKSPAPIR Endeleg vedtaksorgan: Kommunestyret Saksansvarleg.: Torbjørn Emblem Arkiv: FE-145 Objekt: Arkivsaksnummer 10/1289 SAKSGANG Saksnr Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksbehandlar

Detaljer

Viser til til vedlagt utskrift av vedtak gjort i Masfjorden formannskap den

Viser til til vedlagt utskrift av vedtak gjort i Masfjorden formannskap den MASFJORDEN KOMMUNE Rådmannen Justis- og beredskapsdepartementet Dato: 20.09.2013 Vår ref. 13/520-3/N-81/STO Dykkar ref. Melding om politisk vedtak - Politianalysen - høyring Viser til til vedlagt utskrift

Detaljer

ØYGARDEN KOMMUNE SAKSPAPIR

ØYGARDEN KOMMUNE SAKSPAPIR ØYGARDEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG R.f. Styre, råd, utval m.v. Møtedato Saksnr KS Kommunestyret 28.03.2012 018/12 Arkiv: K1-143 Arkivsaknr: 12/772-1 OPPSTARTSAK : NY KULTURPLAN 2013-2023 FOR ØYGARDEN

Detaljer

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret Vinje kommune Rådmannen Arkiv saknr: 2014/1923 Løpenr.: 10293/2015 Arkivkode: 032 Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret Sakshandsamar: Jan Myrekrok Kommunereformen - oppfølgjing Vedlegg:

Detaljer

KOMPETANSEUTVIKLINGSPLAN FOR MELAND KOMMUNE STRATEGISK DEL

KOMPETANSEUTVIKLINGSPLAN FOR MELAND KOMMUNE STRATEGISK DEL MELAND KOMMUNE KOMPETANSEUTVIKLINGSPLAN FOR MELAND KOMMUNE 2012 2015 STRATEGISK DEL Vedteke i Administrasjonsutvalet sak 042/11 24.08.11 s.1 Innhald: Innleiing Hovudmål 8 fokusområde: 1. Leiaropplæring

Detaljer

Utval Møtedato Utvalssak Helse- og omsorgsutvalet /2012 Formannskapet /2012 Kommunestyret

Utval Møtedato Utvalssak Helse- og omsorgsutvalet /2012 Formannskapet /2012 Kommunestyret VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: G00 Arkivsaksnr.: 2012/2229 Saksbehandlar: Karin Pedersen Dato: 208.2012 Temaplan for folkehelsearbeidet Utval Møtedato Utvalssak Helse- og omsorgsutvalet 009.2012 3/2012

Detaljer

Økonomireglement Delegering i budsjettsaker, rapportering og rekneskap Vedtatt av kommunestyret 14. november 2016

Økonomireglement Delegering i budsjettsaker, rapportering og rekneskap Vedtatt av kommunestyret 14. november 2016 Økonomireglement Delegering i budsjettsaker, rapportering og rekneskap Vedtatt av kommunestyret 14. november 2016 1 DRIFTSBUDSJETTET 1.1 Kommunestyret 1.1.1 Kommunestyret skal innan utgangen av året (31.12.)

Detaljer

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Fornyings- og administrasjonsdepartementet Fornyings- og administrasjonsdepartementet Statsråd: Heidi Grande Røys KONGELEG RESOLUSJON Ref. nr.: Saksnr.: 200703632 Dato: 17.12.2008 Forskrift om mellombels unnatak frå konkurranselova for avtaler

Detaljer

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15. Sykkylven kommune Saksframlegg Dato: Arkivref: 23.07.2015 2013/865-8136/2015 Saksbeh.: Steinar Nordmo Saksnr Utval Møtedato Levekårsutvalet 20.08.2015 Kommunestyret Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven

Detaljer

Fellesnemnda mndr 14 dagar til 1. januar 2020

Fellesnemnda mndr 14 dagar til 1. januar 2020 Fellesnemnda 17.06.19 6 mndr 14 dagar til 1. januar 2020 Agenda 1. Samanslåingsprosessen - Milepæler som er nådd og kva som står att 2. Verksemdsoverdraginga - Status før innplassering 21. juni 3. Andre

Detaljer

Saksnr. Utval Møtedato 050/17 Skule- og kulturutval /17 Formannskapet Kommunestyret

Saksnr. Utval Møtedato 050/17 Skule- og kulturutval /17 Formannskapet Kommunestyret Stryn kommune Arkiv: FA - D11 JournalpostID: 17/14954 Saksbehandlar: Myrtel Janne Thomassen Saksframlegg Saksnr. Utval Møtedato 050/17 Skule- og kulturutval 14.11.2017 146/17 Formannskapet 22.11.2017 Kommunestyret

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 216 Arkivsaksnr.: 13/197

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 216 Arkivsaksnr.: 13/197 SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 216 Arkivsaksnr.: 13/197 Sogn og Fjordane revisjon IKS - endring av selskapsavtalen. Rådmannen si tilråding: Kommunestyre vedtek endring av 4 i selskapsavtalen

Detaljer

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Målfrid Hannisdal Teigen Arkiv: D11 Arkivsaksnr.: 16/414-4

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Målfrid Hannisdal Teigen Arkiv: D11 Arkivsaksnr.: 16/414-4 SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Målfrid Hannisdal Teigen Arkiv: D11 Arkivsaksnr.: 16/414-4 Planlagt behandling: Formannskapet Kommunestyret NY IDRETTSHALL -TOMTEALTERNATIV Bakgrunn for saka: Denne saka vart

Detaljer

Sakspapir. Kommunereforma - vurdering av Masfjorden som eigen kommune i framtida

Sakspapir. Kommunereforma - vurdering av Masfjorden som eigen kommune i framtida Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Svein Helge Hofslundsengen FE - 024, FE - 002 15/30 Saknr Utval Type Dato 049/2016 Formannskapet PS 19.04.2016 021/2016 Kommunestyret PS 28.04.2016 004/2016 Administrasjonsutvalet

Detaljer

SAKSGANG Styre, råd, utval m.m. Møtedato Saksnummer Formannskap /13 Kommunestyre /13

SAKSGANG Styre, råd, utval m.m. Møtedato Saksnummer Formannskap /13 Kommunestyre /13 Vågsøy kommune Sakspapir SAKSGANG Styre, råd, utval m.m. Møtedato Saksnummer Formannskap 13.06.2013 052/13 Kommunestyre 20.06.2013 063/13 Endeleg vedtak i: Kommunestyre Arkivsaknr.: 11/1827 Saksansvarleg:

Detaljer

Side 2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/12 12/107 Faste saker 002/12 12/69 Revisjon av lønspolitisk

Side 2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/12 12/107 Faste saker 002/12 12/69 Revisjon av lønspolitisk SAMNANGER KOMMUNE Side 1 av 8 MØTEINNKALLING Utval: Administrasjonsutvalet Møtedato: 08.02.2012 Møtetid: 13.00 - Møtestad: Kommunehuset Varamedlem skal ikkje møta utan nærare innkalling Forfall til møtet

Detaljer

JØLSTER KOMMUNE Formannskapet. Møteinnkalling

JØLSTER KOMMUNE Formannskapet. Møteinnkalling JØLSTER KOMMUNE Formannskapet Møtedato: 26.08.2008 Møtestad: Kommunehuset Møtetid: Kl. 14:00 Møteinnkalling Varamedlemar Innkallinga vert sendt både til varamedlemar og ein del andre mottakarar til orientering.

Detaljer

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Kommunestyret 31.08.2015 051/15 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Objekt: Arkiv: 002 Arkivsaknr.: 14/821-75

Detaljer

NY OPNINGSTID I SERVICETORGET

NY OPNINGSTID I SERVICETORGET Arkiv: K2 - U62 Vår ref: 18/118-1 Journalpostid: 18/1495 Saksbeh.: Kirsten Bang-Haagensen NY OPNINGSTID I SERVICETORGET Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Senior- og Brukarrådet 009/18 05.03.2018 Levekår

Detaljer

Saksnr. utval Utval Møtedato 184/17 Formannskapet Kommunestyret

Saksnr. utval Utval Møtedato 184/17 Formannskapet Kommunestyret Arkiv: K1-151 JournalpostID: 17/9988 Sakshandsamar: Haugstad, Nina Dato: 20.11.2017 Saksframlegg Saksnr. utval Utval Møtedato 184/17 Formannskapet 27.11.2017 Kommunestyret Budsjett 2018 og økonomiplan

Detaljer

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering HØYRINGSINNSPEL Sak Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering Saksnr. 16/05641 Dato sendt ut på høyring 19.12.16 Høyringsfrist 13.1.17 Send

Detaljer

Forsand kommune Rådmannen

Forsand kommune Rådmannen Forsand kommune Rådmannen Saksbeh Ref. Arkivkode Dato: Audun Grødem 13/342-2 /K1-400 14.01.2015 Mearbeidarsamtalar - mal - oppdatert 2015 Invitasjon til medarbeidarsamtale: Til:.. Du blir med dette invitert

Detaljer

Høyring NOU 2013:9 Ett politi rustet til å møte fremtidens utfordringer. Uttale frå Gulen kommune.

Høyring NOU 2013:9 Ett politi rustet til å møte fremtidens utfordringer. Uttale frå Gulen kommune. Arkivsak: 13/960 Løpenummer: 13/6753 Arkivkode: FA-X31, TI-&13 Saksbehandlar: Reidun K. Halland Saksnummer Utval Møtedato 055/13 Kommunestyret 06.09.2013 Høyring NOU 2013:9 Ett politi rustet til å møte

Detaljer

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 68/2015 Formannskapet PS /2015 Kommunestyret PS

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 68/2015 Formannskapet PS /2015 Kommunestyret PS Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Ingvild Hjelmtveit FE - 002 15/709 Saksnr Utvalg Type Dato 68/2015 Formannskapet PS 08.06.2015 47/2015 Kommunestyret PS 17.06.2015 Kommunestruktur - løypemelding

Detaljer

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS Sakspapir Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Alf Magnar Strand FA - B09, TI - &35 18/410 Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS 11.06.2018 034/2018 Kommunestyret PS 18.06.2018 Samanslåing av ungdomsskular

Detaljer

Linda Nyvoll Antonsen

Linda Nyvoll Antonsen Postmottaket Fra: Linda Nyvoll Antonsen [Iindaantonsen@solund.kommufle.flOi Sendt: Til: 9. desember 2003 11:39 Postmottaket Emne: Høyringsuttale frå Solund kommune - sak 2003 02997 i 200300324&150L O.doc

Detaljer

HØYRING - ORGANISERING AV EIGEDOMSOPPMÅLING. FORSLAG TIL ENDRING I MATRIKKELLOVA ARKIVKODE: SAKSNR.: SAKSHANDSAMAR: SIGN.:

HØYRING - ORGANISERING AV EIGEDOMSOPPMÅLING. FORSLAG TIL ENDRING I MATRIKKELLOVA ARKIVKODE: SAKSNR.: SAKSHANDSAMAR: SIGN.: Åseral kommune HØYRING - ORGANISERING AV EIGEDOMSOPPMÅLING. FORSLAG TIL ENDRING I MATRIKKELLOVA ARKIVKODE: SAKSNR.: SAKSHANDSAMAR: SIGN.: L30/&00 2016/451 Jørn Trygve Haug UTV.SAKSNR.: UTVAL: MØTEDATO:

Detaljer

Budsjett 2011. Rådmannen sitt framlegg

Budsjett 2011. Rådmannen sitt framlegg Budsjett 2011 Rådmannen sitt framlegg Utgangspunktet - stoda Korrigerte brutto driftsutgifter i kroner per innbyggar 2006 2007 2008 2009 Lærdal 58 033 64 257 71 297 79 632 KG 03 56 145 59 658 64 485 69

Detaljer

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 137/2017 Formannskapet PS Kommunestyret

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 137/2017 Formannskapet PS Kommunestyret Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Anny Bastesen FA - M42 17/2799 Saksnr Utvalg Type Dato 137/2017 Formannskapet PS 29.11.2017 Kommunestyret PS Slamgebyr 2018 Vedlegg: NGIR - vedtak i representantskapsmøte,

Detaljer

VANYLVEN KOMMUNE SAKSFRAMLEGG. Midtvegsrapport for kommunereforma Vanylven kommune sitt arbeid med. Tilråding:

VANYLVEN KOMMUNE SAKSFRAMLEGG. Midtvegsrapport for kommunereforma Vanylven kommune sitt arbeid med. Tilråding: VANYLVEN KOMMUNE SAKSFRAMLEGG Saksnr: Arkiv: 2012/571 002 Avd/Saksansv: RÅD/ANNLIA Utvalsaksnr Utval Formannskapet Kommunestyret Møtedato Midtvegsrapport for kommunereforma 2015 - Vanylven kommune sitt

Detaljer