Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 68/2015 Formannskapet PS /2015 Kommunestyret PS
|
|
- Ådne Kleppe
- 4 år siden
- Visninger:
Transkript
1 Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Ingvild Hjelmtveit FE /709 Saksnr Utvalg Type Dato 68/2015 Formannskapet PS /2015 Kommunestyret PS Kommunestruktur - løypemelding ulike løp Saksopplysningar: Bakgrunn Som kommunestyret er kjent med deltek Meland kommune i tre ulike utgreiingsløp med sikte på å finne fram til ein ny kommunestruktur. Alternativ 1: Meland og Bergen Alternativ 2: Meland, Lindås og Radøy Alternativ 3: Meland, Lindås, Radøy, Austrheim, Fedje, Modalen, Masfjorden, Gulen og Solund Målet med kommunereforma er å sikre gode og likeverdige tenester til innbyggjarane, heilskapleg og samordna samfunnsutvikling, berekraftige og økonomisk robuste kommunar samt eit styrka lokaldemokrati. Med styrka lokaldemokrati meiner ein ikkje utelukkande folkevalde sine vilkår, men og nye oppgåver og større mynde til større kommunar. Vi er kome ulikt langt i dei tre alternativa, og prosessane er lagt opp noko ulikt. Kva av dei tre alternativa som på sikt gjev Meland dei beste utviklingsvilkåra er enno ikkje klart. Vi treng difor meir kunnskap om dei ulike alternativa for å kunne ta eit rett val. Det er viktig at innbyggjarane får god informasjon om prosessane som vert gjennomført i kommunen. Inndelingslova 10 seier at kommunestyret bør hente inn innbyggjarane sitt syn på framlegg til samanslåing. Før det kan gjerast må det gjennomførast ei faktainnsamling som skal oppsummerast, samt at kommunestyret må ha fatta vedtak om vegen vidare. Dette for at innbyggjarane skal ha eit klart retningsval å ta stilling til. Med retningsval meiner departementet at kommunane, etter å ha gjennomført ei felles utgreiing, har teke stilling til kva kommune/kommunar det kan vere aktuelt å slå seg saman med.
2 Alternativ 1: Når det gjeld alternativet Bergen Meland har vi utarbeidd eit kunnskapsgrunnlag som kan leggjast til grunn for ein vidare prosess. Dokumentet er vedlagt denne saka. Dokumentet er ei rein framstilling av fakta, utan vurderingar. Kunnskapsgrunnlaget er utarbeidd på administrativt nivå, men er presentert for ordførar og byrådsleiar før det vart offisielt sendt ut. Som ein vil sjå av dokumentet er det eit faktum at Meland og Bergen har ein felles bu- og arbeidsmarknad. Til tross for stor skilnad i storleik er Meland og Bergen ganske like demografisk. Dette gir eit godt grunnlag for tettare samarbeid og eventuell samanslåing. Kunnskapsdokumentet er eit godt grunnlag for å gå vidare med kartlegging av føremoner og ulemper, samt ei meir prinsipiell drøfting av ulike tema inklusiv framlegg til styringsmodell. Sjølv om kunnskapsgrunnlaget er intressant nok, står det igjen eit godt stykke arbeid før vi kan presentere eit alternativ som kommunestyret og innbyggjarane kan ta stilling til. Vi veit såleis for lite til å meine noko om kva det betyr for Meland å slå seg saman med Bergen. Rådmann vil difor gjere framlegg om at vi går vidare i konkrete drøftingar for å få fram konsekvensen for Meland om vi slår oss saman med Bergen. Alternativ 2: Alternativet Meland, Lindås og Radøy er kome noko lenger i arbeidet med å ha klart eit dokument som seier noko om korleis ein ny kommune kan kome til å sjå ut. Vi legg til grunn dei utgreiingane Telemarkforsking har gjort (siste rapport våren 2014), og har gått rett på forhandlingar om ein intensjonsavtale i tråd med kommunestyret sitt vedak i sak 24/15. Vi har gjennomført tre møte i perioden 27. april til 26. mai, og skal ha klart eit dokument som seier noko om kva prinsipp vi legg til grunn for den nye kommunen etter siste forhansdlingsmøte 8. juni. Før det skal utkastet til avtale og kva vi har drøfta sålangt presenterast for alle formannskapa i møte 4. juni. Formannskapa i dei tre kommunane er styringsgruppe, men grunna knapp tid har det vore utfordrande å få arbeidet godt nok forankra i styringsgruppene. Alternativ 3: Det siste alternativet, Meland, Lindås, Radøy, Fedje, Arstrheim, Masfjorden, Modalen, Gulen og Solund har til no gjennomført to forhandlingsmøte 16. april og 27. mai. Det er beramma eit nytt møte 25. juni, samt eit møte i oktober etter valet. Her byggjer ein og på det som kom fram i Telemarkforsking sin rapport, og har gått vidare på det som vart omtala som fase to i den rapporten. Førebels har vi analysert sterke og svake sider for ein ny storkommune med utgangspunkt i tenesteyting, utøving av mynde, samfunnsutvikling og demokratisk arena. Vi har og drøfta ulike former for involvering av innbyggjarane. Faktagrunnlag og analysar som vert utarbeidd for dette alternativet, kan og nyttast for alternativet Meland, Lindås og Radøy. Det meste av informasjonen ligg tilgjengelig på nett, det handlar mest om å samanstille data og trekkje ut det som er vesentleg og interessant for den aktuelle prosessen. Alternativet med dei 9 kommunane har ikkje kome så langt at vi har drøfta konkrete løysingar og prinsipp vi ynskjer å leggje til grunn for ein ny kommune. Det er likevel semje om å gå ut med ei felles innbyggjarundersøking i alle 9 kommunane til hausten. Her vil ein sjekke ut kva samanslåingsalternativ innbyggjarane i dei ulike kommunane meiner er best. Før det kan gjerast må vi vite meir om kva konsekvensar dei ulike alternativa kan få for vidareutvikling av Meland og regionen samla.
3 Vurdering Det er utfordrande å kjøre så mange parallelle løp. Likevel er det viktig å ha reelle alternativ å vurdere på noverande tidspunkt. Det er viktig at den endelege konklusjonen vert gjort på grunnlag av best mogeleg fakta og analyse. Difor meiner rådmannen det er rett å prioritere tid på alle løpa enno ei tid framover. Begge løpa mot kommunar i Nordhordland er lagt opp med siktemål at vi ikkje skal gjere endeleg retningsval før våren Når det gjeld Bergen har vi sagt at vidare løp skal avklarast i kommunestyret 17. juni. Ettersom det er kommuneval til hausten er det og viktig at det nye kommunestyret får tid til å setje seg godt inn i saka før dei skal velje alternativ. For at vi skal kunne gjere eit best mogeleg vedtak, bør dei ulike alternativa for framtidig kommunemodell liggje føre samstundes, og vere så samanliknbare som mogeleg. Pr i dag er vi kome ulikt langt i dei ulike løpa, og vi kan difor ikkje samanlikne alternativ. Ut frå dette vil rådmann gjere framlegg om at vi går vidare i konkrete drøftingar med Bergen, med sikte på å få fram eit konkret grunnlag for avgjersle våren I samband med at saker om kommunestruktur har vore oppe i kommunestyret er det frå einskilde teke opp at vi og skulle ha utgreidd det alternativet at Meland held fram som eigen kommune. Så langt har det ikkje vore noko fleirtal for ei slik utgreiing, og rådmann har difor ikkje brukt tid på dette. Når dei tre andre alternativa er ferdig utgredd vil det likevel vere mogeleg å leggje dette inn som eit 4. alternativ, slik at kommunestyret reelt kan vurdere det. Kva som ligg i eit framtidig inntektssystem og i høve til å få nye oppgåver og større handlingsrom vil likevel vere viktige faktorar når ein vurderer realismen i at Meland held fram som eigen kommune. Folkehelse Folkehelse er i høgste grad relevant i drøftinga av kommunesttruktur. Korleis ein ny kommunestruktur kan kome til å påverka folkehelsa i noverande, og i ein ny kommune er uråd å seie noko om i dag. Det er viktig at folkehelse og tiltak som er viktige for god folkehelse vert ein sentral del av dei framtidige forhandlingane. Miljø Endra kommunestruktur vil og ha sine miljømessige sider. Den nye kommunen si geografiske utstrekning, internkommunikasjon og organisering av tenestetilbod kan kome til å påverke miljøet i positiv eller negativ retning. Dei miljømessige sidene og kva prinsipp vi skal leggje til grunn for å ta vare på miljøet må få ein sentral plass i forhandlingane frammover.
4 Økonomi Basert på dagens inntektsystem er det ikkje store økonomiske gevinstar å hente ved ny kommunestruktur. Gevinstane ligg i så fall i meir rasjonell drift og stordriftsfordeler ein ikkje har i dag. Det føreset likevel at den nye kommunen får ein geografisk avgrensing som legg til rette for effektiv drift. Regjeringa vil føreta ein heilskapleg gjennomgang av inntektssystemet for kommunar. Dette vert lagt fram i kommuneproposisjonen for I denne gjennomgangen vil alle element i inntektssystemet bli vurdert. Inntektssystemet vil også bli sett i samanheng med kommunereforma. Konklusjon Framtidig kommunestruktur er ei stor og viktig sak. Det er difor viktig at vi set av tid til gode prosessar, og det å skaffe fram eit så godt avgjerslegrunnlag som mogeleg. Mykje er framleis uklart men vi har her presentert tre ulike løp som alle har sine sterke og svake sider. Sidan vi er kome ulikt langt i dei ulike prosessane, er dei ikkje lett å samanlikne i dag. Rådmann meiner difor det kan vere føremålstenleg å arbeide vidare med dei ulike alternativa, til vi har eit klart bilete av kva løysing dei ulike samanslåingsalternativa kan gi. Framlegg til vedtak: Meland kommune ynskjer eit breiast mogeleg avgjerslegrunnlag og vil difor arbeide vidare med dei tre ulike prosessane for å utgreie alternativ for ny kommunestruktur. Dette inneber at: 1. Meland kommune går i reelle drøftingar med Bergen med sikte på å forhandle fram eit konkret alternativ for samanslåing. 2. Meland kommune held fram forhandlingane med Lindås og Radøy med sikte på eit konkret alternativ for samanslåing. 3. Meland kommune held fram forhandlingane med kommunane Lindås, Radøy, Austrheim, Fedje Masfjorden, Modalen, Gulen og Solund med sikte på eit konkret alternativ for samanslåing. Når resultatet av dei ulike prosessane ligg føre seinast våren 2016 gjer kommunestyret endeleg vedtak om alternativ. Formannskapet - 68/2015 FS - behandling: Framlegg til tilleggspunkt 4 frå Sølvi Knudsen, SP: Det vert sett i gang arbeid med å greia ut fordeler og ulemper med at Meland held fram som eigen kommune. Framlegg til endring av rådmannen sitt framlegg til vedtak frå Marit Jøssang, Sølvi Knudsen og Åshild AAmli.: Pkt. 1 - går ut.
5 Avrøysting: Rådmannen sitt framlegg til vedtak fekk 4 røyster for, (V, FrP, Ordførar si dobbelstemme), 3 røyster mot, (KrF, SP, SAM), og er såleis vedteke. Framlegg til tilleggspunkt 4 frå Sølvi Knudsen fekk 3 røyster for (KrF, SP, SAM), 4 røyster mot, (V, FrP, Ordførar si dobbelstemme), og fall. FS - vedtak: Meland kommune ynskjer eit breiast mogeleg avgjerslegrunnlag og vil difor arbeide vidare med dei tre ulike prosessane for å utgreie alternativ for ny kommunestruktur. Dette inneber at: 1. Meland kommune går i reelle drøftingar med Bergen med sikte på å forhandle fram eit konkret alternativ for samanslåing. 2. Meland kommune held fram forhandlingane med Lindås og Radøy med sikte på eit konkret alternativ for samanslåing. 3. Meland kommune held fram forhandlingane med kommunane Lindås, Radøy, Austrheim, Fedje Masfjorden, Modalen, Gulen og Solund med sikte på eit konkret alternativ for samanslåing. Når resultatet av dei ulike prosessane ligg føre seinast våren 2016 gjer kommunestyret endeleg vedtak om alternativ. Kommunestyret - 47/2015 KS - behandling: Felles framlegg til vedtak:. 1. Meland kommune held fram forhandlingane med Lindås og Radøy kommunar. Det blir presisert at kommunar i Nordhordland som ønskjer å slutta seg til desse forhandlingane er velkommen til det. Dette bør i så fall skje innan Det som er framforhandla mellom dei tre nemnde kommunane ligg til grunn for det vidare arbeidet dersom fleire kommunar sluttar seg til desse forhandlingane. 2. Konsekvensen av å fortsetja som eigen kommune må synleggjerast før ein tek endeleg stilling til ny kommunestruktur. Avrøysting: Fellesframlegget vart samrøystes vedeke.
6 KS - vedtak: 1. Meland kommune held fram forhandlingane med Lindås og Radøy kommunar. Det blir presisert at kommunar i Nordhordland som ønskjer å slutta seg til desse forhandlingane er velkommen til det. Dette bør i så fall skje innan Det som er framforhandla mellom dei tre nemnde kommunane ligg til grunn for det vidare arbeidet dersom fleire kommunar sluttar seg til desse forhandlingane. 2. Konsekvensen av å fortsetja som eigen kommune må synleggjerast før ein tek endeleg stilling til ny kommunestruktur.
Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015
Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Ingvild Hjelmtveit FE - 002 15/709 Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015 Kommunestruktur - oppstart reelle drøftingar Vedlegg: Etablering
EID KOMMUNE Møtebok. Arkiv: 024 Objekt:
EID KOMMUNE Møtebok SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Saksansv. Formannskapet 22.01.2015 013/15 ÅKR Kommunestyret 29.01.2015 015/15 ÅKR Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandler: Åslaug
Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 038/2015 Formannskapet PS /2015 Kommunestyret PS
Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Svein Helge Hofslundsengen FE - 024, FE - 002 15/30 Saknr Utval Type Dato 038/2015 Formannskapet PS 19.03.2015 040/2015 Kommunestyret PS 30.04.2015 Kommunestruktur
Radøy kommune. Saksframlegg. Saknr Utval Type Dato 086/2014 Formannskapet i Radøy PS 20.11.2014 048/2014 Kommunestyret i Radøy PS 11.12.
Radøy kommune Saksframlegg Saknr Utval Type Dato 086/2014 Formannskapet i Radøy PS 20.11.2014 048/2014 Kommunestyret i Radøy PS 11.12.2014 Sakshandsamar Arkivsaknr.: Dokumentnr.: Jarle Landås 14/250 14/12508
Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 038/2015 Formannskapet PS
Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Svein Helge Hofslundsengen FE - 024, FE - 002 15/30 Saknr Utval Type Dato 038/2015 Formannskapet PS 19.03.2015 Kommunestruktur - oppnemning av forhandlingsutval
SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!
Solund kommune www.solund.kommune.no Informasjonsbrosyre om kommunereforma NO SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA! Dei ulike kommunealternativa: Politikarane i 10 kommunar vedtok hausten 2015 fire
Tilleggsinnkalling av Kommunestyret
Masfjorden kommune Tilleggsinnkalling av Kommunestyret Møtedato: 30.04.2015 Møtestad: Kommunestyresalen Møtetid: 11:45 Formannskapet kl. 09.00 Valstyret kl. 11.00 Kommunestyret kl. 11.45 Kl. 13 kjem Museumsdirektør
VEGEN MOT EIN NY KOMMUNE
VEGEN MOT EIN NY KOMMUNE Vedteken av kommunestyret 10.12.14, sak 095/14 Bakgrunn I samband med handsaming av kommuneproposisjonen våren 2014 vedtok Stortinget at det skal gjennomførast ei kommunereform.
GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR
GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 15.02.2016 016/16 Kommunestyret 22.02.2016 009/16 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Objekt:
GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR
GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 29.01.2015 022/15 Kommunestyret 02.02.2015 010/15 Avgjerd av: Formannskapet Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Objekt:
SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 71/2015 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS /2015 Kommunestyret PS
Vaksdal kommune SAKSPAPIR Saksnr Utval Type Dato 71/2015 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS 08.06.2015 52/2015 Kommunestyret PS 22.06.2015 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Trine Pettersen Grønbech FE
GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR
GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Kommunestyret 31.08.2015 051/15 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Objekt: Arkiv: 002 Arkivsaknr.: 14/821-75
SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!
Hyllestad kommune www.hyllestad.kommune.no Informasjonsbrosyre om kommunereforma NO SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA! Dei ulike kommunealternativa: Politikarane i 10 kommunar vedtok hausten
Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 027/2016 Formannskapet PS /2016 Kommunestyret PS
Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Svein Helge Hofslundsengen FE - 024, FE - 002 15/30 Saknr Utval Type Dato 027/2016 Formannskapet PS 16.02.2016 006/2016 Kommunestyret PS 24.02.2016 Val av høyringsform
Sakspapir. Kommunestruktur i Nordhordland mv. Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Saksopplysningar:
Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Sveinung Toft FE - 002, TI - &35, FE - 030 14/344 Saknr Utval Type Dato 029/14 Formannskapet PS 22.04.2014 021/2014 Kommunestyret PS 30.04.2014 Kommunestruktur
Sakspapir. Kommunereforma - vurdering av Masfjorden som eigen kommune i framtida
Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Svein Helge Hofslundsengen FE - 024, FE - 002 15/30 Saknr Utval Type Dato 049/2016 Formannskapet PS 19.04.2016 021/2016 Kommunestyret PS 28.04.2016 004/2016 Administrasjonsutvalet
HARAM KOMMUNE Sakspapir
HARAM KOMMUNE Sakspapir Utval Møtedato Saksnr Saksbeh. Formannskapet 02.12.2014 081/14 Elin A. Moen Kommunestyret 18.12.2014 073/14 Elin A. Moen Avgjerd av: Kommunestyret Arkiv: 026 Arkivsaknr 11/245 Kommunereform
Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland
Meland kommune Hordaland Fylkeskommune Postboks 7900 5020 BERGEN Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland 16.11.2016 Vår: 16/2545-16/21830 randi.hilland@meland.kommune.no Høyring -
Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy
Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy Kommunikasjonsplan Nordhordland ein kommune 2020? Nordhordland Utviklingsselskap IKS Nordhordland ein kommune 2020?
Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 009/15 Bystyret PS /15 Bystyret PS
Saksframlegg Saksnr Utvalg Type Dato 009/15 Bystyret PS 27.01.2015 011/15 Bystyret PS 03.02.2015 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Terje Heggheim K1-002 14/2546 Kommunereforma - vegen vidare Framlegg til
SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!
Gaular kommune www.gaular.kommune.no Informasjonsbrosyre om kommunereforma NO SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA! Dei ulike kommunealternativa: Politikarane i 10 kommunar vedtok hausten 2015 fire
SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!
Flora kommune www.flora.kommune.no Informasjonsbrosyre om kommunereforma NO SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA! Dei ulike kommunealternativa: Politikarane i 10 kommunar vedtok hausten 2015 fire
Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 14/729 15/ RIF Vedlagt følgjer kommunestyret si handsaming og vedtak i saka.
Høyanger kommune Ordføraren Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Njøsavegen 2 6863 LEIKANGER Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 1/729 15/801 026 RIF 30.01.2015 Kommunereform, retningsval m.m. Vedlagt
Saksnr. Utval Møtedato 008/15 Formannskapet /15 Kommunestyret
AURLAND KOMMUNE Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 008/15 Formannskapet 29.01.2015 006/15 Kommunestyret 12.02.2015 Arkivsaknr.: Arkiv Sakshandsamar Dato 14/638-15/259 K1-024 Jan Olav Åsarmoen Møller 57 63
Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 015/2015 Formannskapet PS /2015 Kommunestyret PS
Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Svein Helge Hofslundsengen FE - 024, FE - 002 15/30 Saknr Utval Type Dato 015/2015 Formannskapet PS 13.01.2015 005/2015 Kommunestyret PS 22.01.2015 Kommunereform
Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS
Sakspapir Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Alf Magnar Strand FA - B09, TI - &35 18/410 Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS 11.06.2018 034/2018 Kommunestyret PS 18.06.2018 Samanslåing av ungdomsskular
Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy. Forhandlingsutvalet møte
Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy Forhandlingsutvalet møte 26.04.2016 Saksliste Godkjenning av innkalling og saksliste Inntektssystemet avtalen H,
Dykkar ref.: Vår ref.: 11/ Dato: GISKE KOMMUNE SI VURDERING AV FRAMTIDIG KOMMUNESTRUKTUR - VEDTAK I GISKE KOMMUNESTYRE
GISKE KOMMUNE Staben Fylkesmannen i Møre og Romsdal Fylkeshuset 6404 MOLDE Dykkar ref.: Vår ref.: 11/444-130 Dato: 01.07.2016 GISKE KOMMUNE SI VURDERING AV FRAMTIDIG KOMMUNESTRUKTUR - VEDTAK I GISKE KOMMUNESTYRE
KOMMUNEREFORMA - VEGEN VIDARE FOR TIME KOMMUNE
Arkiv: K1-002 Vår ref: 15/1885-35 Journalpostid: 16/16687 Saksbeh.: Elin Wetås de Jara KOMMUNEREFORMA - VEGEN VIDARE FOR TIME KOMMUNE Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap 061/16 07.06.2016
044/16 Formannskapet /16 Kommunestyret Kommunereform - Jæren kommune - Endeling vedtak om kommunestruktur.
Saksnummer Utval Vedtaksdato 044/16 Formannskapet 07.06.2016 034/16 Kommunestyret 16.06.2016 Saksbehandlar: Ole Vikse Sak - journalpost: 15/2387-16/14460 Kommunereform - Jæren kommune - Endeling vedtak
Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 062/14 Formannskapet PS /14 Bystyret PS
Saksframlegg Saksnr Utvalg Type Dato 062/14 Formannskapet PS 14.10.2014 085/14 Bystyret PS 16.10.2014 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Terje Heggheim K1-002 14/2546 REFORM Framlegg til vedtak: Flora bystyre
Møteinnkalling for Partsamansett Utval
Hjartdal kommune 3692 Sauland Møteinnkalling for Partsamansett Utval Møtedato: 07.12.2015 Møtestad: Kommunehuset Møtetid: Kl. 12.00 Utvalsmedlemene blir med dette kalla inn til møtet. Den som har lovleg
Ny kommune? Informasjon om kommunereforma i Nordhordland
Ny kommune? Informasjon om kommunereforma i Nordhordland Ei trygg framtid...... enten eller Kva inneheld framtida for oss i Lindås, Meland og Radøy? Som ordførarar er vi brennande engasjerte i å skapa
SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 125/14 Kommunestyret PS
SAKSPAPIR Saksnr Utval Type Dato 125/14 Kommunestyret PS 11.12.2014 Saksbehandlar ArkivsakID Hogne Haugsdal 14/1513 Lindås kommune og kommunereforma Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Lindås kommune går
Vedlagt: Kortversjonen av meldingsdelen i Kommuneproposisjon 2015, «en kort oversikt »
EIDFJORD KOMMUNE Arkiv: K1-026, K2- Arkivsak ID: 14/429-2 Journalpost ID: 14/2861 Saksh.: Aud Opheim Lygre Dato: 03.06.2014 SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Saksh. Eidfjord formannskap
Sakspapir. Saksnr Utval Type Dato 036/14 Formannskapet PS /14 Kommunestyret PS
Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Martinsen, Bjarne Aksnes N - 012 14/458 Saksnr Utval Type Dato 036/14 Formannskapet PS 02.06.2014 045/14 Kommunestyret PS 16.06.2014 KOMMUNEREFORM I SUNNHORDLAND
Prosjektplan Utgreiing av «kystkommunealternativet» Bremanger kommune Flora kommune Vågsøy kommune. Utkast for drøfting
Prosjektplan Utgreiing av «kystkommunealternativet» Bremanger kommune Flora kommune Vågsøy kommune Utkast for drøfting 22.11.2015 Innhold 1. Innleiing... 3 2. Bakgrunn... 4 2.1 Prosjektmål... 4 2.2 Ramme
Prosjektplan. Utgreiing av «kystkommunealternativet» Bremanger kommune Flora kommune Vågsøy kommune
Prosjektplan Utgreiing av «kystkommunealternativet» Bremanger kommune Flora kommune Vågsøy kommune Vedteken av Styringsgruppa 27.11.2015 Innhald 1. Innleiing... 3 2. Bakgrunn... 4 2.1 Prosjektmål... 4
Kommunereform. Presentasjon på folkemøta Vinteren 2015 INFORMASJONSSTRIPE REDIGER VIA MASTER SLIDE
Kommunereform Presentasjon på folkemøta Vinteren 2015 INFORMASJONSSTRIPE REDIGER VIA MASTER SLIDE Regjeringas mål Regjeringa seier dei vil styrkja lokaldemokratiet og gjennomføra ei kommunereform. Målet
Handsaming i Kommunestyret :
Handsaming i Kommunestyret 02.10.2014: Framlegg frå Ap v. Børre Rønningen: 1. Vinje kommunestyre ynskjer å oppretthalde Vinje som ein eigen sjølvstending kommune. 2. Vinje kommunestyre gjev likevel formannskapet
Innkalling for Kommunestyret i Radøy
Radøy kommune Innkalling for Kommunestyret i Radøy Møtedato: 22.06.2017 Møtestad: Lindåshallen Møtetid: 12.00 Saksliste: Saksnr Tittel 035/2017 Godkjenning av innkalling og saksliste 036/2017 Etablering
Sakspapir KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR SVEIO OG PLANPROGRAM FOR KOMMUNEPLANEN
Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Åse Aleheim N - 101 16/153 Saksnr Utval Type Dato 040/16 Hovudutval teknisk/næring PS 05.09.2016 031/16 Hovudutval oppvekst/kultur PS 05.09.2016 099/16 Formannskapet
Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 026/15 Bystyret PS
Saksframlegg Saksnr Utvalg Type Dato 026/15 Bystyret PS 09.06.2015 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Terje Heggheim K1-002 14/2546 Kommunereforma Framlegg til vedtak: Flora kommune godkjenner intensjonsavtalane
Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 022/2016 Kommunestyret PS
Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Svein Helge Hofslundsengen FE - 024, FE - 002 15/30 Saknr Utval Type Dato 022/2016 Kommunestyret PS 28.04.2016 Kommunereform - status utgreiingsalternativa pr.
Kommunereforma - prosessvedtak med tidsplan for Vestnes kommune. Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret
VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: 030 Arkivsaksnr.: 2011/246 Saksbehandlar: Tone Roaldsnes Dato: 04.05.2015 Kommunereforma - prosessvedtak med tidsplan for Vestnes kommune Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet
Gjennomføring av kommunereforma i Gulen kommune
Arkivsak: 10/1530 Løpenummer: 14/8825 Arkivkode: FE-026 Saksbehandlar: Reidun K. Halland Saksnummer Utval Møtedato 005/15 Formannskapet 15.01.2015 011/15 Kommunestyret 23.01.2015 Gjennomføring av kommunereforma
VEGEN MOT EIN NY KOMMUNE
VEGEN MOT EIN NY KOMMUNE 04.11.14 www.hjartdal.kommune.no 1 KOMMUNE-NOREG I DAG 04.11.14 www.hjartdal.kommune.no 2 428 generalistkommuner Over 50% har færre enn 5000 innbyggjarar Dei 100 største har 75
Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland
Meland kommune Hordaland fylkeskommune Postboks 7900 5020 BERGEN Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland 18.06.2019 Vår: 19/80-19/13562 randi.hilland@meland.kommune.no Høyringsuttale
Vår ref: Dykkar ref. Dato: 16/ / FE-026 ÅKR
Eid kommune Rådmann Sogn og Fjordane Fylkeskommune Vår ref: Dykkar ref. Dato: 16/20878-4/ FE-026 ÅKR 18.11.2016 Høyringsfråsegn - Regionreforma på Vestlandet Formannskapet- 159/16, har i møte 17.11.2016
Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret
AURLAND KOMMUNE Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet 29.01.2015 007/15 Kommunestyret 12.02.2015 Arkivsaknr.: Arkiv Sakshandsamar Dato 14/638-15/326 K1-024 Jan Olav Åsarmoen Møller 57 63
Løypemelding kommunestrukturarbeid Torsdag 24. oktober Rune Heradstveit Nordhordland Utviklingsselskap IKS
Løypemelding kommunestrukturarbeid Torsdag 24. oktober 2013 Rune Heradstveit Nordhordland Utviklingsselskap IKS www.nordhordland.net Kommunestruktur 2015 9 kommunar er med: Austrheim(2833) Fedje (569)
SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!
Jølster kommune www.jolster.kommune.no Informasjonsbrosyre om kommunereforma NO SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA! Dei ulike kommunealternativa: Politikarane i 10 kommunar vedtok hausten 2015
Saksnr. utval Utval Møtedato 011/16 Kommunestyret
Norddal kommune Arkiv: FE - 026 JournalpostID: 16/2027 Saksbehandlar: Tor Helge Stavdal Dato: 11.03.2016 Saksframlegg Kommunereform - ståstad og vidare prosess Saksnr. utval Utval Møtedato 011/16 Kommunestyret
Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 030/2016 Formannskapet PS /2016 Kommunestyret PS
Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Svein Helge Hofslundsengen FE - 024, FE - 002 15/30 Saknr Utval Type Dato 030/2016 Formannskapet PS 16.03.2016 015/2016 Kommunestyret PS 16.03.2016 Intensjonsavtale
Møtebok for Administrasjonsutvalet
Meland kommune Møtebok for Administrasjonsutvalet Møtedato: 19.03.2014 Møtestad: Formannskapssalen Møtetid: 15:00-15:30 Møtet vart styrt av Marit S. Jøssang Medlemene var innkalla i skriv d. 11.03.2014
Kommunane skal gjennomføre ein prosess mot ei eventuell større eining og førebu ei samanslåing.
1 MANDAT - KOMMUNEREFORM I SUNNFJORD 1. Mål Kommunane skal gjennomføre ein prosess mot ei eventuell større eining og førebu ei samanslåing. 2. Kven Kommunane Flora, Naustdal, Førde, Gaular og Jølster er
Nord-Fron kommune. Politisk sak. Kommunereform - Nord-Fron - vidare prosess
Nord-Fron kommune Politisk sak Kommunereform - Nord-Fron - vidare prosess Utval Saksnr Møtedato Saksbehandlar Formannskapet 125/14 28.10.2014 Astrid Vadet Formannskapet 134/14 11.11.2014 Arne Sandbu Formannskapet
Saksframlegg. Utv.saksnr Utvalg Møtedato 84/14 Kommunestyret Kommunestyret vil i samband med kommunereforma utgreie følgjande alternativ:
Bygland kommune Arkiv: 001 Saksmappe: 2014/702 Sakshandsamar: Aasmund Lauvdal Dato: 26.11.2014 Saksframlegg Utv.saksnr Utvalg Møtedato 84/14 Kommunestyret 10.12.2014 Kommunereform - val av ulike samarbeid
SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!
Førde kommune www.forde.kommune.no Informasjonsbrosyre om kommunereforma NO SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA! Dei ulike kommunealternativa: Politikarane i 10 kommunar vedtok hausten 2015 fire
Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret
Vinje kommune Rådmannen Arkiv saknr: 2014/1923 Løpenr.: 10293/2015 Arkivkode: 032 Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret Sakshandsamar: Jan Myrekrok Kommunereformen - oppfølgjing Vedlegg:
SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!
Fjaler kommune www.fjaler.kommune.no Informasjonsbrosyre om kommunereforma NO SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA! Dei ulike kommunealternativa: Politikarane i 10 kommunar vedtok hausten 2015 fire
Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland
Meland kommune Kommunal- og moderniseringsdepartementet Postboks 8112 Dep 0032 OSLO Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland 16.11.2016 Vår: 16/2401-16/21879 randi.hilland@meland.kommune.no
Prosjektplan Forprosjekt kommunereforma 2015 Vedteke av formannskapet 24. mars 2015
Prosjektplan Forprosjekt kommunereforma 2015 Vedteke av formannskapet 24. mars 2015 Innhold 1.0 MÅL OG RAMMER... 3 1.1 Bakgrunn... 3 1.2 Målstruktur... 3 1.2.1 Effektmål... 3 1.2.2 Resultatmål for forprosjektfase...
Utv.saksnr.: Utval: Møtedato: 3/16 Formannskapet /16 Kommunestyret Ungdomsrådet - referatsak
Aukra kommune Arkivsak: 2013/490-41 Arkiv: 026 Saksbeh: Geir J. Göncz Dato: 13.01.2016 Saksframlegg Utv.saksnr.: Utval: Møtedato: 3/16 Formannskapet 26.01.2016 7/16 Kommunestyret 02.02.2016 Ungdomsrådet
Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:
SAKSPAPIR Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS 07.02.2018 Saksbehandlar ArkivsakID Viviann Kjøpstad 1/171 Framlegg til konkretisering politisk medverknad i planprosessen Rådmannen sitt framlegg
«Regionkommunen Ålesund» Forslag til prosjektskisse og prosess i fase 1 Utarbeidd av ad- hoc gruppa til møtet 27.02.2015 Kommunereform: Alternativ ny storkommune Dette alternativet sitt mål er å gjennomføre
Ørskog kommune - Sunnmørsperla ved Storfjorden -
Ørskog kommune - Sunnmørsperla ved Storfjorden - Arkiv: 030 Saksmappe: 14/780 Saksbehandlar: Rådmannen Dato: 27.11.2014 Synnøve Vasstrand Synnes KOMMUNEREFORM - LOKAL PROSESS SAKSGANG Utvalssaksnr. Utval
S aksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkiv: 030 &23 Arkivsaksnr.: 16 /
S aksframlegg Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkiv: 030 &23 Arkivsaksnr.: 16 / 123-13 Kommunereforma * Tilråd ing: Intensjonsavtale for samanslåing av kommunane Balestrand, Leikanger, Vik og Sogndal til
ULVIK HERAD SAKSPAPIR
ULVIK HERAD SAKSPAPIR Kommunestruktur SAKSGANG: Utval Møtedato Utvalssak Heradsstyret 18.06.2014 032/14 Sakshandsamar Joakim Øren Arkiv: K1-002 Arkivsaknr 14/268-2 Sakstilfang: Nr T Avsendar/Mottakar Tittel
Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.
Sogn regionråd FELLES UTGREIING OM KOMMUNEREFORMA - STATUS Kommunane i Sogn regionråd gjennomfører ei felles utgreiing som skal gje kommunane eit grunnlag for å ta stilling til ev. kommunesamanslåing med
Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy
Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy Kommunikasjonsplan Nordhordland ein 2020? Nordhordland Utviklingsselskap IKS Foto: NUI / Eivind Senneset Nordhordland
SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Saksansvarleg Giske formannskap /14 MELA Giske kommunestyre
SAKSPAPIR Styre, komite, utval Møtedato Saknr Saksansvarleg Giske formannskap 11.12.2014 138/14 MELA Giske kommunestyre 11.12.2014 094/14 MELA Saksbehandlar Marit Elisabeth Larssen Arkiv: K1-024, K2-,
Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy. Nordhordlandstinget
Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy Nordhordlandstinget 28.01.16 Nytt inntektssystem Høyring frå Kommunal- og Moderniseringsdepartementet Frist 1. mars
GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR
GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 29.01.2015 021/15 Kommunestyret 02.02.2015 009/15 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Objekt:
Selje kommune. Møtebok. Utval: Formannskapet Møtestad: Furebuda Leikanger Dato: Tid: Kl. 13:00-14:00
Selje kommune Møtebok Utval: Formannskapet Møtestad: Furebuda Leikanger Dato: 15.12.2016 Tid: Kl. 13:00-14:00 Følgjande medlem møtte Åge Lundebrekke Marita Aarvik Geir Årvik Stein Robert Osdal Gunn Sande
Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 87/2019 Utval for drift og utvikling PS
Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Marianne Aadland Sandvik Gbnr-38/71, FA-L42 19/1236 Saksnr Utvalg Type Dato 87/2019 Utval for drift og utvikling PS 15.10.2019 Klage - GBNR 38/71- Klage på avslag
Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy
Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy Notat - Kommuneøkonomi og eventuelle frigitte midlar 02.12.15 Innleiing Dette er ein kort gjennomgang av korleis
SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret KOMMUNEREFORMEN - OPPNEMNING AV FORHANDLINGSNEMND
VOLDA KOMMUNE SAKSDOKUMENT Sakshandsamar: Per Ernst Lundberg Arkivsak nr.: 2014/137 Arkivkode: 020 Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret KOMMUNEREFORMEN - OPPNEMNING AV FORHANDLINGSNEMND
ØRSTA KOMMUNE politisk sekretariat
ØRSTA KOMMUNE politisk sekretariat Stabsleiare og seksjonsleiare Saksnr Løpenr. Saksansvarleg Arkiv Dato 2014/402 1929/2015 BARDSETH 031 18.02.2015 Melding om vedtak i kommunestyret 12.2.2015, sak 7/15
SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!
Askvoll kommune www.askvoll.kommune.no Informasjonsbrosyre om kommunereforma NO SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA! Dei ulike kommunealternativa: Politikarane i 10 kommunar vedtok hausten 2015
Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet tlf snarast råd.
Kviteseid kommune Møteinnkalling Utval: Kommunestyret Møtestad: Kommunestyresalen, Kommunehuset Dato: 07.05.2015 Tidspunkt: 18:30 Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet
VANYLVEN KOMMUNE SAKSFRAMLEGG. Midtvegsrapport for kommunereforma Vanylven kommune sitt arbeid med. Tilråding:
VANYLVEN KOMMUNE SAKSFRAMLEGG Saksnr: Arkiv: 2012/571 002 Avd/Saksansv: RÅD/ANNLIA Utvalsaksnr Utval Formannskapet Kommunestyret Møtedato Midtvegsrapport for kommunereforma 2015 - Vanylven kommune sitt
Nytt inntektssystem for kommunane - konsekvensar for Nordhordland
Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy Nytt inntektssystem for kommunane - konsekvensar for Nordhordland Nordhordland Utviklingsselskap IKS Endring i inntektssystemet
Møteprotokoll for Kommunestyret
Masfjorden kommune Møteprotokoll for Kommunestyret Møtedato: 22.01.2015 Møtestad: Kommunehuset Møtetid: 14:00 Frammøtte medlemmer Parti Rolle Karstein Totland, ordførar H Medlem Frode Langhelle H Medlem
Prosjektplan for kommunereformen i Vest-Telemark
Kommunestrukturen i Vest-Telemark Prosjektplan for kommunereformen i Vest-Telemark Oppdatert 21. oktober 2015. Innhald 1. Mål og rammer... 3 1.1 Bakgrunn... 3 1.2 Rammer... 3 2. Omfang og avgrensing...
Kommunestyret handsama saka i møte og gjorde slikt vedtak:
Dokumentsenter og politisk sekretariat Møre og Romsdal fylke Fylkeshuset 6404 Molde Saksnr Arkiv Dykkar ref Avd /sakshandsamar Dato 2014/412 000 DOK / HS 04.02.2016 K-SAK 7/16 KOMMUNEREFORM 2016 - RETNINGSVAL
Selje kommune. Innkalling. Sakliste. Stein Robert Osdal ordfører. Utval: Formannskapet Møtestad: Furebuda Leikanger Dato: Tid: Kl.
Innkalling Utval: Formannskapet Møtestad: Furebuda Leikanger Dato: 15.12.2016 Tid: Kl. 13:00 Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå snarast råd til tlf. 57858500 eller
Fylkesmannen har løyvd kr 1 040 000 av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.
Sogn regionråd FELLES UTGREIING OM KOMMUNEREFORMA - STATUS Kommunane i Sogn regionråd gjennomfører ei felles utgreiing som skal gje kommunane eit grunnlag for å ta stilling til ev. kommunesamanslåing med
Ullensvang herad Sakspapir
Ullensvang herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, del. vedtaksmynde. Møtedato Saksnr Sakshands. Heradsstyret 15.12.2014 069/14 HMOR Endeleg vedtak i: Heradsstyret Saksansv.: Hedvig Moe Arkiv: N-009 Objekt:
Oppsummering av saka: Formannskapet er av kommunestyret gitt fullmakt til å utforme endeleg svar til Fylkesmannen i Oppland.
Nord-Fron kommune Politisk sak Kommunereform - plan for Nord-Fron Utval Saksnr Møtedato Saksbehandlar Formannskapet 154/14 09.12.2014 Arne Sandbu Saksansvarleg Arkiv Arkivsaknr. 14/100 Arne Sandbu 002,
Formelle vedtak i kommunestyra 21. juni 2017 i hht. 25 i inndelingslova for etablering av nye Ålesund kommune
Formelle vedtak i kommunestyra 21. juni 2017 i hht. 25 i inndelingslova for etablering av nye Ålesund kommune Felles innleiing i sak 1 til 5 Bakgrunn for saka: Stortinget fatta vedtak om samanslåing av
Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 35/2016 Formannskapet PS
Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Kari Anne Iversen FE - 144 16/834 Saksnr Utvalg Type Dato 35/2016 Formannskapet PS 20.04.2016 Mål- og strategiplan 2016-2019 Vedlegg: Lokale mål- og stategiplanar
GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR
GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 13.06.2016 073/16 Kommunestyret 17.06.2016 058/16 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Objekt:
Kommunereforma - Skremmande trugsel eller spennande moglegheit?
Open Space møte i Ulstein kommune 28. mai 2015 Kommunereforma - Skremmande trugsel eller spennande moglegheit? Arrangør:! Tilrettelegging og rapport: Ulstein kommune Hege Steinsland Relasjonsutvikling
Møtebok for Valstyret
Meland kommune Møtebok for Valstyret Møtedato: 20.04.2016 Møtestad: Møterom 3 Møtetid: 14:20-15:00 Møtet vart styrt av ordførar Øyvind H. Oddekalv. Medlemmene var innkalla i skriv dat. 12.04.16. Møtedeltakarar
STATLEG GODKJENNING AV KOMMUNALE LÅNEOPPTAK OG LEIGEAVTALAR FØR IVERKSETJING AV KOMMUNEREFORMA - FRÅSEGN
Staben Det kongelige kommunal- og moderniseringsdepartement Dykkar ref.: 14/3975 Vår ref.: 14/858-4 Dato: 27.06.2014 STATLEG GODKJENNING AV KOMMUNALE LÅNEOPPTAK OG LEIGEAVTALAR FØR IVERKSETJING AV KOMMUNEREFORMA
Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland Kommunereforma - etablering av ein ny kommune
Meland kommune Mottakere ifølge liste Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland 24.06.2016 Vår: 16/1587-16/13215 randi.hilland@meland.kommune.no Kommunereforma - etablering av ein ny
Arbeidshefte om kommunereforma for ungdomsskulane i Bremanger
Arbeidshefte om kommunereforma for ungdomsskulane i Bremanger Læringsmål frå LK06: Gjennom arbeidet med heftet kjem du til å arbeide med følgjande læringsmål: Norsk: * delta i diskusjoner med begrunnede
Saksprotokoll i Kommunestyret Vedtak Med utgangspunkt i forstudie i regi av Vest-Telemarkrådet ynskjer Tokke kommune å
PS 15/1 Kommunereform - invitasjon til forprosjekt Vest-Telemark Med utgangspunkt i forstudie i regi av Vest-Telemarkrådet ynskjer Tokke kommune å delta i gjennomføring av eit forprosjekt som omfattar
Dato Dykkar ref. Vår ref. Saksnr. Saksbehandlar / Tlf / /246 Tone Roaldsnes
VESTNES KOMMUNE Administrasjonssjefen Særutskrift Melding om vedtak Fylkesmannen i Møre og Romsdal Fylkeshuset 6404 Molde Dato Dykkar ref. Vår ref. Saksnr. Saksbehandlar / Tlf 11.06.2015 10188/2015 2011/246