Fondskapitalen kan ikkje brukast til lån eller tilskot. Det er kun avkastning og årlege avsetjingar til fondet som kvart år kan brukast.

Save this PDF as:
 WORD  PNG  TXT  JPG

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Fondskapitalen kan ikkje brukast til lån eller tilskot. Det er kun avkastning og årlege avsetjingar til fondet som kvart år kan brukast."

Transkript

1 VEDTEKTER FOR KOMMUNALT NÆRINGSFOND 1. Heimel, kapital og avkastning a. Erstatning frå Kommunal- og arbeidsdepartementet i billigerstatning i samband med ikkje-utbygging av Sjoavassdraget. Jamfør statsbudsjettet kap. 550 post 63 for 1993, og vidare det som er overført som realavkastning av midlane frå sal av/utbytte av Eidefossaksjane. Fondskapitalen er på kr ,- b. Avkastning og årlege avgifter tilført fondet: - Årlege konsesjonsavgifter som blir innbetalt av fleire ulike kraftprodusentar. - Renter og anna avkastning av fondskapitalen. - Eventuelle tildelingar til kommunale næringsfond gjennom Kommunal- og regionaldepartementet. - Årlege kommunale avsetjingar frå drift. Fondskapitalen kan ikkje brukast til lån eller tilskot. Det er kun avkastning og årlege avsetjingar til fondet som kvart år kan brukast. 2. Føremål og støttetypar 2.1. Føremål Målet med det kommunale næringsfondet er å styrka Vågå kommune sitt lokale næringsutviklingsarbeid med utgangspunkt i dei føresetnadane som kommunen har. Næringsfondet skal nyttast til tiltak som kan fremje næringsutviklingsarbeidet gjennom kommunal tilrettelegging, støtte til etablering av ny næringsverksemd og til vidareutvikling av eksisterande verksemder, samt tryggje busetnaden i Vågå. Stimuleringstiltak kan også bli vektlagd. Alle tiltak som får stønad bør gje grunnlag for økonomisk vekst og utvikling. 2.2, Støttetypar Midlane kan nyttast til: a. Kommunalt tiltaksarbeid som til dømes næringsplanlegging, etablerarprosjekt, samarbeid skule/næringsliv, stadutviklingsprosjekt, regionalt samarbeid, lokale analysar og utgreiingar. b. Grunnlagsinvesteringar som til dømes planlegging og utbygging av næringsareal, sentrumsområde og vassverk, og til dekking av kommunen sin eigenkapital ved oppføring av utleigebygg i næringsverksemd. c. Bedriftsutviklingstilskot til etablerarstipend, produktutvikling, marknadsføring, opplæring og konsulenttenester, marknadsundersøking og planlegging. d. Investeringstilskot til bedrifter til bygg, utstyr og maskiner ved oppstart og utviding. 3. Bruk av midla Støtte kan gjevast som tilskott og lån (ansvarlege og betinga lån) Tilskot Det er ikkje høve til å nytte fondet sine midlar til aksje- eller andelsteikning i privat næringsverksemd. Det er likevel høve til å teikne kommunale aksjar i næringsselskap, utleigebygg m.m. som kommunen eig saman med private interessentar. Det kan stillast garanti for kommunale tiltak i den grad slike er gyldige garantiformål i samsvar med kommunelovas

2 51, jamfør Departementet sine forskrifter om kommunale garantistillelsar. Dersom det blir teikna kommunale aksjar, kan dette ikkje utgjere meir enn 30% av aksjekapitalen i bedrifta. Denne avgrensinga gjeld ikkje utviklingsselskap, utleigebygg og liknande som kommunen etablerar i samarbeid med private interessentar. Fondsstyret kan fastsetje føresegner for utbetaling av tilskot frå næringsfondet Lån Det er ikkje høve til å gje garanti for lån til privat næringsverksemd. Fondsstyret kan fastsetje føresegner for utbetaling av lån frå næringsfondet. Støtte, ev. som subsidieelement i lån med nedsett rente skal vere avgrensa til vilkåra i 4.1. For lån til privat næringsverksemd skal rentevilkår og reglar for attendebetaling i hovudsak følgje dei til ei kvar tid gjeldande vilkår for lån i Innovasjon Noreg. For lån til kommunale formål gjeld dei lånevilkåra som Kommunalbanken til kvar tid nyttar når det gjeld rente og nedbetalingstid. Lån til privat næringsverksemd bør sikrast ved pant i fast eigedom, eventuelt og i driftsutstyr, eller i leigerett til verksemda sine lokale med driftsutstyr. 4. Regelverk, vilkår for støtte, definisjonar, profil og prioriteringar Reglane i desse vedtektene saman med Retningslinjer for bruk og forvaltning av kommunale næringsfond (Standardregler) jf. Rundskriv H-1/11 frå Kommunal- og regionaldepartementet gjeld for disponering av fondet Vilkår for støtte A) Næringsfondet skal nyttast til tiltak som har som føremål å fremje næringsutviklinga i kommunen. B) Næringsfondet kan nyttast til miljøsertifisering av verksemder (eksempel på sertifiseringsordningar er Miljøfyrtårn, Svanemerking m fl). C) Fondsstyret kan fastsetje ei maksimumsgrense til ei og same bedrift i ei treårsperiode. Bedrifter som tek i mot støtte pliktar å opplyse om at det er motteke støtte frå næringsfondet når det blir søkt om eventuelle ytterlegare offentlege midlar innan utløpet av treårsperioden (jf. EØS-avtalas regelverk for offentleg støtte, reglane for bagatellmessig støtte (de minimis)). D) Det er ikkje høve til å gje støtte til same tiltak i prosjekt som får lån eller tilskott gjennom distriktspolitiske virkemiddel som blir forvalta av fylkeskommunen, Innovasjon Norge eller regionen. E) Samla støtte til eit privat næringstiltak bør i regelen ikkje utgjera meir enn 50% av prosjektet sitt kapitalbehov. Ved prosjekt av særleg betyding for kvinner og ved nyetableringar kan det gjevast inntil 75% støtte. F) Eigeninnsats må begrunnast og kan maksimalt bli budsjettert med 10 prosent av totalt kapitalbehov. G) Fylgjande kriteria skal leggjast til grunn ved løyving av støtte til verksemder/personar frå næringsfondet: Prioritere nyetableringar som tilfører produkt og/eller tenester som i dag ikkje finst i Vågå eller regionen. Prioritere kvinner og ungdom. Prioritere marknadsførings-, utviklings-, og kompetanseoppbyggingstiltak. Tiltak som i kommunale planar eller vedtak er gjeve høg prioritet. Prioritere nettverksbygging mellom verksemder. Leggje til rette for ei miljøvennleg utvikling av lokalsamfunnet. H) Ikkje støtteberettiga er:

3 Verksemder som får betydelege overføringar over statsbudsjettet, som til dømes etableringar, tiltak eller prosjekt tilknytt tradisjonell verksemd innanfor primærnæringane eller offentleg verksemd. Investeringar i mobile driftsmidlar (vanskeleg å skilje mellom privat bruk og næring), tomter, bustader, leasingfinansierte objekt, varekjøp og prosjekt som kan føre til vriding av konkurranse i høve til andre som har om lag same tilbodet. Nybygg blir som regel ikkje støtta. Utgifter som fylgjer offentlege pålegg. Store kjeder innan detaljhandel og netthandel vil vanlegvis ikkje bli tildelt støtte. Det kan ikkje gjevast støtte til gjeldssanering, som driftstilskot til bedrifter eller tilskot til ordinære kommunale oppgåver Definisjonar Nyetablerar: Verksemda er oppstarta i løpet av dei siste 18 månadar. Etablerar: Verksemda eksisterer allereie, men vel å flytte til Vågå. Utstyr og maskiner: I samband med nyetableringar kan investeringar støttast som er viktige for verksemda i oppstarten. Dette er nødvendig ustyr som står i høve til aktiviteten. Eksisterande bedrifter blir støtta om dette fører til auka næringsutvikling jf Føremål og 4.4. Prioriteringar. Dette gjeld også oppussing og istandsetting av lokalar såframt overnemnde blir oppfylte Profil Fondsstyret legg til grunn at det kommunale næringsfondet skal nyttast strategisk (jf. punkt 2.2. over). Målet er at ein gjennom fondet stimulerer til: Nyskaping i eksisterande eller nye verksemder. Samarbeid mellom verksemder. Utvikling som samsvarar med det Vågå kommune har definert som satsingsområde i nærings- og regionsenterutviklinga. Spesifikk inndekning av kostnadselement som er tunge for alle som skal starte opp, som til dømes marknadsføring, konkrete innsatsfaktorar og produksjonsutstyr. Fondsstyret bør leggje opp til færre og større tildelingar, slik at midlar frå næringsfondet blir ein utløysande faktor for etableringa. Prioriteringane har ein profil som sikrar at det kommunale næringsfondet kan handtere etableringar som fell utanfor Innovasjon Norge og fylkeskommunen sitt tiltaksapparat (jf. punkt 2.2. over) Prioriteringar Dei mål og strategiar som er trekt opp i den næringspolitiske planen for Vågå og i kommunen sitt handlingsprogram skal vera retningsgivande for tildeling av midlar gjennom fondet. Fondsstyret vil i handsaming av søknader til det kommunale næringsfondet prioritere etableringar, tiltak eller prosjekt i nye eller eksisterande verksemder som: Tilfører produkt eller tenester som vi i dag må utanfor Vågå eller dei omkringliggande kommunane/ regionen for å finne. Stimuleringstiltak kan også bli vektlagt Er retta inn mot området som Vågå kommune har gjeve prioritet i nærings- og regionsenterutviklinga. Legg til rette for samarbeid mellom to eller fleire verksemder i kommunen om produktog/eller tenesteutvikling. Legg til rette for samarbeid mellom to eller fleire verksemder i kommunen om tilføring av arbeidsplassar. Tilfører kompetansearbeidsplassar til Vågå.

4 Tilfører arbeidsplassar for kvinner og ungdom til Vågå. Legg til rette for ei miljøvennleg utvikling i lokalsamfunnet. Gjev grunnlag for økonomisk vekst og utvikling. 5 Omsynet til internasjonale forpliktingar på støtteområdet Bruken av fondet må vere i samsvar med dei internasjonale regelverk Norge har slutta seg til på statsstøtteområdet, ILOs konvensjonen og EØS-avtala sitt regelverk for offentleg støtte og bagatellmessig støtte. 6 Fondsstyret, fristar og handsaming Formannskapet er fondsstyre. Det er formannskapet som fattar endeleg vedtak om tildeling av midlar, etter sakshandsaming av næringsansvarleg i kommunen. Det er ikkje søknadsfristar, og søknadane vert handsama etter som dei kjem inn. Fondsstyret kan fastsetje søknadsfrist etter behov. Stønad på inntil kr ,- kan avgjerast av administrasjonen. Dei administrative vedtaka skal refererast for formannskapet. Fondsstyret skal rette seg etter reglane i desse vedtektene, saman med Retningslinjer for bruk og forvaltning av kommunale næringsfond (Standardregler), jf. Rundskriv H-1/11 frå Kommunal - og regionaldepartementet. Eit mindretal i fondsstyret kan anke vedtak i styret inn for kommunestyret. Klager på administrative vedtak vert behandla av formannskapet. Klager på vedtak avgjort av fondsstyret blir behandla i klagenemnda. Formannskapet som fondsstyre skal fortløpande haldast informert om fondsstatus. 7 Forvaltning, rekneskap, årsmelding. Fondsmidlane skal plasserast på renteberande konto slik at dei er disponible til kvar tid. Renter og avdrag skal førast attende til fondet. Administrasjonen fører rekneskap for fondet og står for innkrevjing av renter og avdrag på lån. Fondstyret skal kvart år leggje fram for kommunestyret ei melding om bruken av næringsfondet. Meldinga skal innehalde rekneskap, prosjektoversyn og ei vurdering av bruken av fondet i høve til dei mål og strategiar som er vektlagt i kommunen sin næringsplan. Meldinga skal og innehalde ei vurdering av om det er behov for å endre prioriteringar/ retningsliner for neste års bruk av fondet. Gjenpart av årsmeldinga skal sendast Oppland Fylkeskommune og fylkesmannen. 8. Endring av vedtektene Vedtektene kan endrast etter vedtak gjort av kommunestyret. Endringane skal godkjennast av Fylkesmannen og kopi skal sendast Fylkeskommunen. 9. Utbetaling og fristar Innvilga løyving av støtte skal stadfestast av særutskrift av vedtaket. Denne skal innehalde informasjon om godkjent tilskotsgrunnlag, kor lenge løyvinga står ved lag og informasjon om klagerett. Tilskotet vert utbetalt til søkjar mot dokumenterte utgifter. Løyvinga blir dekt av næringsfondet, og er gyldig i 2 år. Det kan søkjast om delutbetaling. Tilskot frå næringsfondet er å rekne som skattepliktig inntekt. Om føretaket bryt med ILOs - konvensjonen, flyttar ut av kommunen eller opphøyrer innan 2 år etter tilsegn om tilskot, avviklar innan eitt år etter at tilskottet vart utbetalt, skiftar eigar eller endrar innhald utifrå søknadsgrunnlaget kan tilskotet bli kravd attendebetalt.

5 10. Søknadsopplysning Søknad om stønad frå det kommunale næringsfondet skal skrivast på eige skjema som er å finne på Vågå kommune si heimeside www. vaga.kommune.no næring og utvikling skjema. Søknaden kan sendast: - elektronisk via heimesida - pr post til Vågå kommune, Edv. Stormsveg 2, 2680 Vågå - eller på e-post til Vedtektene var sist endra den

VEDTEKTER NÆRINGSFOND VÅGÅ KOMMUNE

VEDTEKTER NÆRINGSFOND VÅGÅ KOMMUNE VEDTEKTER NÆRINGSFOND VÅGÅ KOMMUNE Sak 47/16. Vedteke formannskapet 06.09.2016 Sak 50/16 Vedteke Kommunestyret 20.09.2016 1 Innhald Innhald... 1 1. Heimel, kapital og avkastning... 2 2. Føremål... 2 3.

Detaljer

Vedtekter for Åmli kraftfond

Vedtekter for Åmli kraftfond Vedtekter for Åmli kraftfond Vedteke av kommunestyret 30.8.1990, K-sak 68/90 Endra av kommunestyret 26.1.1995, K-sak 4/95 Endra av kommunestyret ihht. Rundskriv H-1/11 28.8.2014, K-sak 14/108 INNHALD:

Detaljer

Vedtekter for Åmli kraftfond

Vedtekter for Åmli kraftfond Vedtekter for Åmli kraftfond Vedteke av kommunestyret 30.8.1990, K-sak 68/90 Endra av kommunestyret 26.1.1995, K-sak 4/95 Rådmannen sitt framlegg til revidering iht. Rundskriv H 1/11 INNHALD: 1 Heimel,

Detaljer

Fylkeskommunen får tildelt midlar til kommunale næringsfond frå Kap 551, post 60 i dei årlege statsbudsjetta.

Fylkeskommunen får tildelt midlar til kommunale næringsfond frå Kap 551, post 60 i dei årlege statsbudsjetta. VEDTEKTER FOR KOMMUNALT NÆRINGSFOND Gjeldande frå 1. januar 2013. 1 HEIMEL, KAPITAL, STRATEGI, LOVER Næringsfondet i Hyllestad kommune er eit kommunalt fond som får årleg tildeling frå Sogn og Fjordane

Detaljer

MODALEN KOMMUNE. Vedtekter for næringsfondet

MODALEN KOMMUNE. Vedtekter for næringsfondet MODALEN KOMMUNE Vedtekter for næringsfondet INNHALD Vedtekter for næringsfondet - Modalen kommune 1. Kraftfond - Heimel, kapital og avkastning s. 3 1.1. Fondskapital s. 3 1.2. Avkastning s. 3 2. Føremål

Detaljer

3 FORVALTNING AV FONDET 3.1 Forvalting Omstillingsstyret er fondsstyre i søknader om midlar frå næringsfondet.

3 FORVALTNING AV FONDET 3.1 Forvalting Omstillingsstyret er fondsstyre i søknader om midlar frå næringsfondet. VEDTEKTER FOR KOMMUNALT NÆRINGSFOND Gjeldande frå 1. februar 2012 1 HEIMEL, KAPITAL, STRATEGI, LOVER Næringsfondet i Askvoll kommune er eit kommunalt fond som får årleg tildeling frå Sogn og Fjordane fylkeskommune

Detaljer

SANDØY KOMMUNE VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET

SANDØY KOMMUNE VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET SANDØY KOMMUNE VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET Vedteke i K-sak12/39 datert 19.09.2012 Søknad om tilskot skal sendast til: SANDØY KOMMUNE Tiltaksnemnda 6487 HARØY Desse vedtektene er utarbeidde på grunnlag

Detaljer

Vedtekter for næringsfondet Os kommune

Vedtekter for næringsfondet Os kommune Vedtekter for næringsfondet Os kommune 1 Hjemmel Vedtektene er vedtatt av Os kommunestyre i sak 18/13 den 25.04.2013. Vedtektene er gjeldende fra 1.1.2013. 2 Fondskapital Fondskapitalen består av midler

Detaljer

Deres ref: Vår ref: Saksbeh: Arkivkode: Dato: 05/582-4634/06 Trond Øverland, 62 46 46 32 242/&00 23.06.2006

Deres ref: Vår ref: Saksbeh: Arkivkode: Dato: 05/582-4634/06 Trond Øverland, 62 46 46 32 242/&00 23.06.2006 Stor-Elvdal kommune Plan og næring Deres ref: Vår ref: Saksbeh: Arkivkode: Dato: 05/582-4634/06 Trond Øverland, 62 46 46 32 242/&00 23.06.2006 VEDTATTE VEDTEKTER FOR STOR-ELVDAL KOMMUNES NÆRINGSFOND A.

Detaljer

RETNINGSLINER FOR NÆRINGSFONDET I GOL KOMMUNE.

RETNINGSLINER FOR NÆRINGSFONDET I GOL KOMMUNE. RETNINGSLINER FOR NÆRINGSFONDET I GOL KOMMUNE. 1 Kraftfond Heimel, kapital og avkasting. Alle konsesjonsavgifter, renter og anna avkasting skal bli tatt til inntekt for kraftfond og må disponerast i samsvar

Detaljer

Deres ref: Vår ref: Saksbeh: Arkivkode: Dato: 2016/228- Trond Øverland,

Deres ref: Vår ref: Saksbeh: Arkivkode: Dato: 2016/228- Trond Øverland, Stor-Elvdal kommune Sektor for samfunnsutvikling Deres ref: Vår ref: Saksbeh: Arkivkode: Dato: 2016/228- Trond Øverland, 95779397 242 30.05.2016 4980/2016 VEDTATTE VEDTEKTER FOR STOR-ELVDAL KOMMUNES NÆRINGSFOND

Detaljer

STORDAL KOMMUNE VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET

STORDAL KOMMUNE VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET Stordal kommune STORDAL KOMMUNE VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET Vedteke i kommunestyret 27.06.2012 Postadresse: Kommunehuset 6250 Stordal Besøksadresse: E-post postmottak@stordal.kommune.no Telefon 70 27 91

Detaljer

VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET ENGERDAL KOMMUNE

VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET ENGERDAL KOMMUNE VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET ENGERDAL KOMMUNE 1 HJEMMEL Vedtektene vedtatt av Engerdal kommunestyre i K.sak 14/03, 07.04.03, med senere endringer 17.11.05 av kommunestyret i K.sak 05/72. Vedtektene erstatter

Detaljer

K1bu kommune MOTTATT VEDPEKTER FOR KOMMUNALE KRAFTFOND (NRINGSFOND) 4 MARS 1996. jr. J(ii3

K1bu kommune MOTTATT VEDPEKTER FOR KOMMUNALE KRAFTFOND (NRINGSFOND) 4 MARS 1996. jr. J(ii3 K1bu kommune jr. J(ii3 Ark.: 654 Rnr: / 91/96 SAKNR: STYRE/RÅD/UTVALG MgTE5TO: Fs-15/96 FORMANNSKAPET 22.2.96 1(s-12/96 Kommunestyret 29.2.96 Saksbehancller: INGFRID BERNPZEN VEDPEKTER FOR KOMMUNALE KRAFTFOND

Detaljer

Fonda skal berre nyttast til lån, herunder ansvarlege lån, og/ eller avsettast til garantifond. Avkastninga kan nyttast til tilskott og betinga lån.

Fonda skal berre nyttast til lån, herunder ansvarlege lån, og/ eller avsettast til garantifond. Avkastninga kan nyttast til tilskott og betinga lån. Retningslinjer for kommunale kraft- og næringsfond. Retningslinjene vart vedtek av Kommunestyret i K-sak 29/08. Retningslinjene er basert på Vedtekter for Kraftfondet, endeleg stadfesta av Fylkesmannen

Detaljer

REGLAR FOR KOMMUNALE TILSKOT TIL NÆRINGSLIVET I ÅSERAL.

REGLAR FOR KOMMUNALE TILSKOT TIL NÆRINGSLIVET I ÅSERAL. REGLAR FOR KOMMUNALE TILSKOT TIL NÆRINGSLIVET I ÅSERAL. Reglane utfyller vedtektene for bruk av kraftfondet gjevne av kommunalog regionaldepartementet UTFYLLANDE HANDSAMINGSREGLAR TIL VEDTEKTENE FOR KRAFTFONDET

Detaljer

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar) Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar) Kvinnherad kommune 2014 Rettleiing for søknad om spelemidlar i Kvinnherad kommune Tilskot til anlegg og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Detaljer

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ 1.2.2012. 1. Kommunar som blir omfatta av ordninga Alle kommunane i Sogn og Fjordane blir omfatta av ordninga med kommunale næringsfond.

Detaljer

1. VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET ("KRAFTFONDET") I BINDAL KOMMUNE 2. MERKNADER TIL VEDTEKTENE 3. KLAGE

1. VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET (KRAFTFONDET) I BINDAL KOMMUNE 2. MERKNADER TIL VEDTEKTENE 3. KLAGE BINDAL KOMMUNE Jf. Vassdragsreguleringslova 11 pkt 2, 2. ledd og Rundskriv H-1/11 fra Kommunal og regionaldepartementet Lokal forskrift: 1. VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET ("KRAFTFONDET") I BINDAL KOMMUNE

Detaljer

VEDTEKTER FOR BRUK OG FORVALTNING AV TRYSIL KOMMUNES KRAFTFOND

VEDTEKTER FOR BRUK OG FORVALTNING AV TRYSIL KOMMUNES KRAFTFOND VEDTEKTER FOR BRUK OG FORVALTNING AV TRYSIL KOMMUNES KRAFTFOND Vedtatt av Trysil kommunestyre 29.04.94, KS-sak 016/94 Godkjent av Fylkesmannen i brev av 07.09.94. Revidert av Trysil kommunestyre 17.04.07,

Detaljer

Vedtekter for bruk og forvaltning av Rindal utviklingsfond RUF

Vedtekter for bruk og forvaltning av Rindal utviklingsfond RUF Vedtekter for bruk og forvaltning av Rindal utviklingsfond RUF vedtatt 28.01.2009 RINDAL KOMMUNE Innhold 1 RUF HJEMMEL, KAPITAL OG AVKASTNING... 2 2 FORMÅL... 3 3 STØTTEFORMER/VILKÅR... 4 4 FORHOLDET TIL

Detaljer

Kvam herad. Arkiv: 123 Objekt:

Kvam herad. Arkiv: 123 Objekt: Kvam herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Adm.sjef/ Ref. utviklingskomité 08.04.02 023/02 JOBR Komité for utvikling 13.05.02 026/02 JOBR Kvam heradsstyre 28.05.02

Detaljer

Retningsliner for næringsfondet. Gol kommune. Endra i samsvar med vedtak i K-sak 0055/00 den 21.11.00

Retningsliner for næringsfondet. Gol kommune. Endra i samsvar med vedtak i K-sak 0055/00 den 21.11.00 Retningsliner for næringsfondet i Gol kommune Endra i samsvar med vedtak i K-sak 0055/00 den 21.11.00 RETNINGSLINER FOR NÆRINGSFONDET I GOL KOMMUNE 1 Kraftfond Heimel, kapital og avkastning Alle konsesjonsavgifter,

Detaljer

VEDTEKTER STRANDA KOMMUNE 2014-2017

VEDTEKTER STRANDA KOMMUNE 2014-2017 Vedtekter for kommunalt næringsfond i Stranda kommune 2014-17 1 VEDTEKTER FOR NÆRINGSFOND STRANDA KOMMUNE 2014-2017 Vedtekter for kommunalt næringsfond i Stranda kommune 2014-17 2 Innhald 1 Heimel, kapital,

Detaljer

Retningslinjer for bruk og forvaltning av Øyer kommunes næringsfond

Retningslinjer for bruk og forvaltning av Øyer kommunes næringsfond Retningslinjer for bruk og forvaltning av Øyer kommunes næringsfond Vedtatt i kommunestyret den 1. september 2011, sak 80/11 Kommunestyret fattet følgende enstemmige vedtak i sak 80/11: Kommunestyret godkjenner

Detaljer

Nordkapp kommunes Næringsfond:

Nordkapp kommunes Næringsfond: Nordkapp kommunes Næringsfond: Målet med støtteordningen kommunale næringsfond er å styrke kommunens mulighet til lokalt næringsutvilkingsarbeid med utgangspunkt i lokalmiljøets forutsetninger og muligheter.

Detaljer

ÅRSMELDING FOR VIK KOMMUNE SITT KRAFTFOND 2010.

ÅRSMELDING FOR VIK KOMMUNE SITT KRAFTFOND 2010. VIK KOMMUNE ÅRSMELDING FOR VIK KOMMUNE SITT KRAFTFOND 2010. Kraftfond Side 1 1. Kapital Vik kommune sitt kraftfond blir tilført midlar frå fylgjande konsesjonar: 2. Føremål. Årleg innbetaling til næringsfond

Detaljer

SAKSPROTOKOLL. Sakshandsamar: OMR Arkivsaknr: 2016/1532 Arkiv: 243. Utvalsaksnr Utval Møtedato 8/17 Komite for næring, kultur og idrett

SAKSPROTOKOLL. Sakshandsamar: OMR Arkivsaknr: 2016/1532 Arkiv: 243. Utvalsaksnr Utval Møtedato 8/17 Komite for næring, kultur og idrett Utviklingsavdelinga SAKSPROTOKOLL Sakshandsamar: OMR Arkivsaknr: 2016/1532 Arkiv: 243 Utvalsaksnr Utval Møtedato 8/17 Komite for næring, kultur og idrett 06.02.2017 KOMMUNALT NÆRINGSFOND - LOKAL RETNINGSLINE

Detaljer

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar) Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar) Kvinnherad kommune 2015 Rettleiing for søknad om spelemidlar i Kvinnherad kommune Tilskot til anlegg og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Detaljer

Retningsliner for kulturmidlar i Radøy kommune

Retningsliner for kulturmidlar i Radøy kommune Retningsliner for kulturmidlar i Radøy kommune Vedtatt i kommunestyret 21. september 2016 sak 041/2016 1. Kulturmidlar Kulturmidlar er midlar Radøy kommune set av i kommunebudsjettet kvart år til utvikling

Detaljer

VEDTEKTER OG RETNINGSLINJER FOR ALVDAL KOMMUNES NÆRINGSFOND. (KRAFT- OG TILTAKSFOND)

VEDTEKTER OG RETNINGSLINJER FOR ALVDAL KOMMUNES NÆRINGSFOND. (KRAFT- OG TILTAKSFOND) VEDTEKTER OG RETNINGSLINJER FOR ALVDAL KOMMUNES NÆRINGSFOND. (KRAFT- OG TILTAKSFOND) A. VEDTEKTER FOR KRAFTFONDET ALVDAL KOMMUNE. 1. Hjemmel, kapital og avkastning a) Hjemmel. Vedtektene for bruk og forvaltning

Detaljer

Kommunale næringsfond

Kommunale næringsfond Kommunale næringsfond 3.september 2015 Gloppen Hotell Vi vil gå gjennom Evaluering av kommunale næringsfond Retningsliner for kommunale næringsfond Retningsliner frå fylkeskommunen Rolledeling i finansieringssaker

Detaljer

RETNINGSLINJER FOR BRUK OG FORVALTNING AV SELJE NÆRINGSFOND

RETNINGSLINJER FOR BRUK OG FORVALTNING AV SELJE NÆRINGSFOND RETNINGSLINJER FOR BRUK OG FORVALTNING AV SELJE NÆRINGSFOND Selje Vekst KF 14.06.06 Side 1av 5 Retningslinjene for bruk og forvaltning av Selje næringsfond bygger i hovedsak på retningslinjene som Kommunal-

Detaljer

VEDTEKTER FOR KOMMUNALT NÆRINGSFOND FOR ASKVOLL KOMMUNE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALT NÆRINGSFOND FOR ASKVOLL KOMMUNE VEDTEKTER FOR KOMMUNALT NÆRINGSFOND FOR ASKVOLL KOMMUNE frå 1.1.2018 Vedtekne i kommunestyret 13.12.2017 Innleiing Nye retningsliner for tildeling av midlar til kommunale næringsfond vart vedtekne 7. mars

Detaljer

-fl- DET KONGELIGE KOMMUNAL- OG REGIONALDEPARTEMENT. Rundskriv H - 1/11 Saksnr. 11/538 November 2011

-fl- DET KONGELIGE KOMMUNAL- OG REGIONALDEPARTEMENT. Rundskriv H - 1/11 Saksnr. 11/538 November 2011 -fl- DET KONGELIGE KOMMUNAL- OG REGIONALDEPARTEMENT Rundskriv H - 1/11 Saksnr. 11/538 November 2011 Rundskriv om standardvedtekter for kommunale næringsfond gitt i vannkraftsaker (kraftfond og hjemfafisfond).

Detaljer

Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS

Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS Møte nr: 2014-03 Tid: 8. april 2014 kl. 15.30 18.00 Stad: Lærdal, Møterom 2. etasje KIWI-bygget Til stades Rolf Jerving (styreleiar) Jarle Molde Gro Starheimsæter

Detaljer

FOR SPESIELLE MILJØTILTAK I LANDBRUKET (SMIL) FOR

FOR SPESIELLE MILJØTILTAK I LANDBRUKET (SMIL) FOR VEDTEKTER FOR SPESIELLE MILJØTILTAK I LANDBRUKET (SMIL) FOR NORDDAL KOMMUNE Vedtak iformannskapet 16.11.04: Handlingsplanen for SMIL + skogbrukstiltak vert vedteken slik som utkastet. Vedtektene for SMIL

Detaljer

VEDTEKTER FOR TYDAL KOMMUNES NÆRINGSFOND Etter sammenslåing av næringsfond og primærnæringsfond

VEDTEKTER FOR TYDAL KOMMUNES NÆRINGSFOND Etter sammenslåing av næringsfond og primærnæringsfond Etter vedtak 19.02.04 i kommunestyret - vises til: -------------- Formannskapets innstilling til nye vedtekter VEDTEKTER FOR TYDAL KOMMUNES NÆRINGSFOND Etter sammenslåing av næringsfond og primærnæringsfond

Detaljer

STORDAL KOMMUNE VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET

STORDAL KOMMUNE VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET Stordal kommune STORDAL KOMMUNE VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET vedteke 27.06.2012 Postadresse: Kommunehuset 6250 Stordal Besøksadresse: E-post postmottak@stordal.kommune.no Telefon 70 27 91 00 Telefaks 70

Detaljer

Reglar for kommunale tilskot til. næringslivet. i Åseral.

Reglar for kommunale tilskot til. næringslivet. i Åseral. Reglar for kommunale tilskot til næringslivet i Åseral. Reglane utfyller vedtektene for bruk av kraftfondet gjevne av kommunal- og regionaldepartementet Vedtatt i kommunestyret 27.08.2009 2 UTFYLLANDE

Detaljer

Retningslinjer for tildeling av næringsfondet

Retningslinjer for tildeling av næringsfondet Retningslinjer for tildeling av næringsfondet Vedtatt i styret 25.09.2015 Nordkapp Kommune / Om Kapp KF Retningslinjer for bruk av næringsfondet i Om Kapp KF Vedtatt av kommunestyret 16.05.06, med senere

Detaljer

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting Side 1 av 5 Næringsavdelinga Notat Sakshandsamar: Kristin Arnestad E-post: kristin.arnestad@sfj.no Tlf: 57 65 62 45 Vår ref. Sak nr.: 11/5776-2 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 34646/11

Detaljer

TOKKE KOMMUNE Definisjonar. BRA, bruksareal er i høve til NS 3940 og teknisk forskrift.

TOKKE KOMMUNE Definisjonar. BRA, bruksareal er i høve til NS 3940 og teknisk forskrift. TOKKE KOMMUNE. Reglar om tilskot til bygging av bustadhus i spreidd område, (utanfor kommunalt bustadfelt), kjøp, utbetring/restaurering av eldre bustad, til private vass- og kloakkanlegg. Endring av reglane

Detaljer

Retningsliner for næringstilskot

Retningsliner for næringstilskot Retningsliner for næringstilskot Ål kommune Revidert 2009 Vedteke i K-sak 16/09 1 Innhald Innhald...2 1. Innleiing...3 2. Fond og andre løyvingar til næringsformål..4 3. Bruk av avkastning, konsesjonsavgifter

Detaljer

Kommunale retningslinjer for bruk av næringsfondet Vedtatt i kommunestyret 16.05.06

Kommunale retningslinjer for bruk av næringsfondet Vedtatt i kommunestyret 16.05.06 Kommunale retningslinjer for bruk av næringsfondet Vedtatt i kommunestyret 16.05.06 Disse retningslinjene er lagd med bakgrunn i brev fra utviklingssjefen i Finnmark Fylkeskommune, datert 05.04.2006, Retningslinjer

Detaljer

MIDSUND KOMMUNE VEDTEKTER OG SØKNADSKJEMA FOR NÆRINGSFONDET

MIDSUND KOMMUNE VEDTEKTER OG SØKNADSKJEMA FOR NÆRINGSFONDET MIDSUND KOMMUNE VEDTEKTER OG SØKNADSKJEMA FOR NÆRINGSFONDET Søknad om tilskot skal sendast til: Midsund kommune Servicekontoret 6475 Midsund Tips for søknaden til næringsfondet: Før søknaden vert skriven:

Detaljer

REGIONALT UTVIKLINGSPROGRAM FOR HORDALAND 2007 TILSEGN OM TILSKOT INNTIL KR 1,2 mill, TIL PROSJEKT Tiltaksprosjekt i Tysnes TILSEGN 40-07ON

REGIONALT UTVIKLINGSPROGRAM FOR HORDALAND 2007 TILSEGN OM TILSKOT INNTIL KR 1,2 mill, TIL PROSJEKT Tiltaksprosjekt i Tysnes TILSEGN 40-07ON HORDALAND FYLKESKOMMUNE Strategi- og næringsavdelinga Tysnes kommune Postboks 110 5685 UGGDAL Vår ref.: (nyttast ved korrespondanse) Dykkar ref.: Bergen, 16. mai 2007 200606323-6/135.3/HIND 06/00188 REGIONALT

Detaljer

VEDTEKTER FOR KOMMUNALT NÆRINGS- OG KRAFTFOND I AREMARK KOMMUNE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALT NÆRINGS- OG KRAFTFOND I AREMARK KOMMUNE VEDTEKTER FOR KOMMUNALT NÆRINGS- OG KRAFTFOND I AREMARK KOMMUNE 1. Hjemmel, kapital og avkastning a) Kraftfond: er midler gitt av Kommunal og arbeidsdepartementet med bakgrunn i Industrikonsesjonsloven

Detaljer

Vedtekter og søknadsskjema

Vedtekter og søknadsskjema Til utviklingstiltak innen næringslivet i Modum Vedtekter og søknadsskjema Spørsmål kan rettes til Audun Mjøs ved rådmannskontoret, tlf 481 92 751, epost: audun.mjos@modum.kommune.no Etablererveiledning:

Detaljer

Næring - Retningslinjer næringsfond

Næring - Retningslinjer næringsfond Næring - Retningslinjer næringsfond Retningslinjene er vedtatt i Kommunestyret 06.12 2012. Administrativ endring utført 01.08.2017, gjelder punkt ni som er lagt til. Hammerfest kommune mottar årlig midler

Detaljer

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar Krav til sakshandsaming. Samnanger kommune

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar Krav til sakshandsaming. Samnanger kommune ENDELEG TILSYNSRAPPORT Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar Krav til sakshandsaming Samnanger kommune 1. Innleiing Rapporten er utarbeida etter tilsyn med Samnanger kommune. Rapporten

Detaljer

SØKNAD OM TILSKOT TIL FREDA KULTURMINNE I PRIVAT EIGE, KULTURMILJØ OG KULTURLANDSKAP (Kap. 1429 post 71)

SØKNAD OM TILSKOT TIL FREDA KULTURMINNE I PRIVAT EIGE, KULTURMILJØ OG KULTURLANDSKAP (Kap. 1429 post 71) Side 1 av 5 SØKNAD OM TILSKOT TIL FREDA KULTURMINNE I PRIVAT EIGE, KULTURMILJØ OG KULTURLANDSKAP (Kap. 1429 post 71) SØKNADSFRIST: 15. NOVEMBER 2015 Søknad sendast til: Sogn og Fjordane fylkeskommune Kulturavdelinga

Detaljer

Kvam herad. Arkiv: 632 Objekt: UTVI sak 026/02 og HST sak 052/02 Kvam viltfond

Kvam herad. Arkiv: 632 Objekt: UTVI sak 026/02 og HST sak 052/02 Kvam viltfond Kvam herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Adm.sjef/ Ref. utviklingskomité 08.04.02 023/02 JOBR Komité for utvikling 13.05.02 026/02 JOBR Kvam heradsstyre 28.05.02

Detaljer

Tilskotsordningar for 2016 Klima- og miljødepartementet

Tilskotsordningar for 2016 Klima- og miljødepartementet Tilskotsordningar for 2016 Klima- og miljødepartementet Utdrag frå rundskriv Nr: T:1/15 Tilskot til kulturminnetiltak Tilskot til kulturminnetiltak (Kap. 1429 post 71) Generell omtale Riksantikvaren er

Detaljer

Retningsliner 2015 for bruk av tilskotsmidlar til spesielle miljøtiltak i jordbruket og nærings- og miljøtiltak i skogbruket

Retningsliner 2015 for bruk av tilskotsmidlar til spesielle miljøtiltak i jordbruket og nærings- og miljøtiltak i skogbruket Retningsliner 2015 for bruk av tilskotsmidlar til spesielle miljøtiltak i jordbruket og nærings- og miljøtiltak i skogbruket 1.0 Midlar til disposisjon SMIL Overforbruk frå 2014 Kr 4.382,- NMSK Nye midlar

Detaljer

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011. Saksframlegg Saksmappe Saksbehandlar 2011/382-16 Asbjørn Skår Saksgang Saksnr Utval Møtedato Komite for oppvekst, kultur, idrett Formannskapet Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Detaljer

Utvalg Møtedato Saksnummer Hovedutvalg næring, natur og miljø 03.09.2013 033/13 Kommunestyret 18.09.2013 050/13

Utvalg Møtedato Saksnummer Hovedutvalg næring, natur og miljø 03.09.2013 033/13 Kommunestyret 18.09.2013 050/13 Hattfjelldal kommune Arkivkode: Arkivsak: JournalpostID: SaksbehandlerD ato: Side 1 av 7 FE- 13/863 13/5151 Sigridur Sigursveinsdottir 17.07.2013 Nye vedtekter for næringsfond i Hattfjelldal Utvalg Møtedato

Detaljer

Retningsliner for tilskot til kulturbygg i Sogn og Fjordane. 1. Vilkår for tilskotsordninga fastsett av Kulturdepartementet:

Retningsliner for tilskot til kulturbygg i Sogn og Fjordane. 1. Vilkår for tilskotsordninga fastsett av Kulturdepartementet: Retningsliner for tilskot til kulturbygg i Sogn og Fjordane. Desse retningslinene definerer krava og omfang av desentralisert ordning for tilskot til kulturbygg. Ordninga er finansiert av overskot frå

Detaljer

VEDTEKTER OG RETNINGSLINJER FOR RENDALEN KOMMUNES NÆRINGSFOND

VEDTEKTER OG RETNINGSLINJER FOR RENDALEN KOMMUNES NÆRINGSFOND VEDTEKTER OG RETNINGSLINJER FOR RENDALEN KOMMUNES NÆRINGSFOND A. VEDTEKTER FOR KRAFTFONDET RENDALEN KOMMUNE 1. Hjemmel, kapital og avkastning a) Hjemmel: Vedtektene for bruk og forvaltning av kommunens

Detaljer

Retningslinjer for Næringsfond 1. Herøy kommune. Herøy kommune

Retningslinjer for Næringsfond 1. Herøy kommune. Herøy kommune Retningslinjer for Næringsfond 1 Herøy kommune Herøy kommune Vedtatt av kommunestyret 24.06.2014 Innhold 1 Hjemmel, kapital, avkasting...2 Næringsfondet er finansiert av:...2 2 Formål...2 3 Søknad...2

Detaljer

VEDTEKTER FOR NÆRINGSFOND I KVÆNANGEN KOMMUNE (Vedtatt av Kvænangen kommunestyre den 15.12.2010,sak 2010/46)

VEDTEKTER FOR NÆRINGSFOND I KVÆNANGEN KOMMUNE (Vedtatt av Kvænangen kommunestyre den 15.12.2010,sak 2010/46) VEDTEKTER FOR NÆRINGSFOND I KVÆNANGEN KOMMUNE (Vedtatt av Kvænangen kommunestyre den 15.12.2010,sak 2010/46) Kvænangen kommune har 2 næringsfond: Næringsfond I, der fondskapitalen er statlige midler tildelt

Detaljer

Arkivsak: SAKSPROTOKOLL - REVIDERING AV RETNINGSLINJER - KOMMUNALE NÆRINGSFOND

Arkivsak: SAKSPROTOKOLL - REVIDERING AV RETNINGSLINJER - KOMMUNALE NÆRINGSFOND Arkivsak: 1400761-8 SAKSPROTOKOLL - REVIDERING AV RETNINGSLINJER - KOMMUNALE NÆRINGSFOND Behandling sak nr.: 77/16 i Kommunestyret den 20.12.2016 Behandling: Aina Sætre fremmet følgende forslag til vedtekter

Detaljer

Vedtekter for næringsutviklingsfondet i Røyrvik kommune

Vedtekter for næringsutviklingsfondet i Røyrvik kommune Vedtekter for næringsutviklingsfondet i Røyrvik kommune Fondsstyre Utarbeidet: Januar 2010 Vedtatt: 25.03.2010 i K-sak 18/10 1 1 Hjemmel Vedtektene er vedtatt av Joma Næringspark as v/styret og Røyrvik

Detaljer

Sentrale prinsipp for sakshandsaming. Fagdag på Skei den 21. september

Sentrale prinsipp for sakshandsaming. Fagdag på Skei den 21. september Sentrale prinsipp for sakshandsaming Fagdag på Skei den 21. september Søknadshandsaming - mål Lage den «komplette» saksinnstilling som et godt beslutningsgrunnlag. Finne ei god løysing for søkaren. «Riktig»

Detaljer

NESNA KOMMUNALE NÆRINGSFOND. (Vedtatt av Nesna kommunestyre i møte , K-sak 32/07 og revidert i formannskapet )

NESNA KOMMUNALE NÆRINGSFOND. (Vedtatt av Nesna kommunestyre i møte , K-sak 32/07 og revidert i formannskapet ) VEDTEKTER NESNA KOMMUNALE NÆRINGSFOND (Vedtatt av Nesna kommunestyre i møte 16.9.07, K-sak 32/07 og revidert i formannskapet 15.05.2013) 1. Bakgrunn Nesna kommunale næringsfond er bygd opp av overføringer

Detaljer

SAKLISTE MED SAKSDOKUMENT

SAKLISTE MED SAKSDOKUMENT MØTEPROTOKOLL Utval: Næring og miljøutvalet Møtestad: Formannskapsromet Hareid rådhus Dato: 17.01.2017 Møte tok til 15:00 Møte slutta 16:30 Næring og miljøutvalet var kalla inn i samsvar med kommunelova

Detaljer

SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE I N S T R U K S FOR FORVALTNING AV TILSKOT TIL TRAFIKKTRYGGINGSTILTAK I KOMMUNANE

SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE I N S T R U K S FOR FORVALTNING AV TILSKOT TIL TRAFIKKTRYGGINGSTILTAK I KOMMUNANE SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE I N S T R U K S FOR FORVALTNING AV TILSKOT TIL TRAFIKKTRYGGINGSTILTAK I KOMMUNANE Mars 2013 1. Formål med og målgruppe for ordninga Sogn og Fjordane fylkeskommune løyver

Detaljer

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol. VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m. 01.08.16 1. FØREMÅL Det skal vere ein SFO i kommunen. Skulefritidsordninga skal leggja til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar

Detaljer

Retningsliner 2014 for bruk av tilskotsmidlar til spesielle miljøtiltak i jordbruket og nærings- og miljøtiltak i skogbruket

Retningsliner 2014 for bruk av tilskotsmidlar til spesielle miljøtiltak i jordbruket og nærings- og miljøtiltak i skogbruket Retningsliner 2014 for bruk av tilskotsmidlar til spesielle miljøtiltak i jordbruket og nærings- og miljøtiltak i skogbruket 1.0 Midlar til disposisjon SMIL NMSK Tilbakeførte inndregne midlar Kr. 21.262

Detaljer

VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET LEBESBY KOMMUNE

VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET LEBESBY KOMMUNE VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET LEBESBY KOMMUNE VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET I LEBESBY KOMMUNE Vedtatt i Lebesby kommunestyre den 14.desember 2007 sak 83/07 Endret i Lebesby Kommunestyre den 06.05.2008, saksnr

Detaljer

DEL 1 Prinsipp og rammer for kommunale næringsfond

DEL 1 Prinsipp og rammer for kommunale næringsfond Kommunale næringsfond retningsliner vedtekne av Regional- og næringsutvalet 05.03.2013 DEL 1 Prinsipp og rammer for kommunale næringsfond 1. Kva er kommunale næringsfond? Fylkeskommunen gjev årlege løyvingar

Detaljer

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar. Bømlo kommune

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar. Bømlo kommune ENDELEG TILSYNSRAPPORT Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar Bømlo kommune 1. Innleiing Rapporten er utarbeida etter tilsyn med Bømlo kommune. Rapporten gir ingen fullstendig tilstandsvurdering

Detaljer

Retningsliner. Kap. 310 post 75. Tilskot til privateigde kyrkjebygg. Kulturdepartementet 4. april Retningsliner for forvalting av tilskot

Retningsliner. Kap. 310 post 75. Tilskot til privateigde kyrkjebygg. Kulturdepartementet 4. april Retningsliner for forvalting av tilskot Retningsliner Kap. 310 post 75 Tilskot til privateigde kyrkjebygg Kulturdepartementet 4. april 2013 Retningsliner for forvalting av tilskot Kap 310 Tilskot til trussamfunn med meir og privateigde kyrkjebygg

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Saksgang. Utvalg Møtedato Utvalgssak Formannskapet Kommunestyre

SAKSFRAMLEGG. Saksgang. Utvalg Møtedato Utvalgssak Formannskapet Kommunestyre SAKSFRAMLEGG Saksgang Utvalg Møtedato Utvalgssak Formannskapet Kommunestyre Arkivsaksnr: 2010/610 Klassering: Saksbehandler: Trond Waldal RETNINGSLINJER OG VEDTEKTER FOR STEINKJER KOMMUNES NÆRINGSFOND

Detaljer

Dykkar ref Vår ref Dato

Dykkar ref Vår ref Dato Sogndal kommune Postboks 153 6851 SOGNDAL Dykkar ref Vår ref Dato 15/2189-2 10.07.2015 Statsbudsjettet 2015 Kap. 552, post 72 Tilsegn om tilskot på inntil kr 420 000 til utviklingsprosjekt for LLS (Leikanger,

Detaljer

Gode pengar til gode prosjekt. Førde januar 2014

Gode pengar til gode prosjekt. Førde januar 2014 Gode pengar til gode prosjekt Førde januar 2014 Søknadshandsaming - mål Lage den «komplette» saksinnstilling som et godt beslutningsgrunnlag. Finne ei god løysing for søkaren. «Riktig» i forhold til regelverk

Detaljer

VEDTEKTER FOR SØR-VARANGER KOMMUNES NÆRINGSFOND. Vedtatt av Sør-Varanger kommunestyre 27.03.01 Godkjent av Fylkesmannen i Finnmark 28.05.

VEDTEKTER FOR SØR-VARANGER KOMMUNES NÆRINGSFOND. Vedtatt av Sør-Varanger kommunestyre 27.03.01 Godkjent av Fylkesmannen i Finnmark 28.05. 1 FORMÅL VEDTEKTER FOR SØR-VARANGER KOMMUNES NÆRINGSFOND Vedtatt av Sør-Varanger kommunestyre 27.03.01 Godkjent av Fylkesmannen i Finnmark 28.05.01 Bruken av Sør-Varanger kommunes næringsfond skal gjenspeile

Detaljer

Gode pengar til gode prosjekt. Førde mai 2011

Gode pengar til gode prosjekt. Førde mai 2011 Gode pengar til gode prosjekt Førde mai 2011 Søknadshandsaming - mål Lage den «komplette» saksinnstilling som et godt beslutningsgrunnlag. Finne ei god løysing for søkaren. «Riktig» i forhold til regelverk

Detaljer

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 16.desember 2014.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 16.desember 2014. Sakshandsamar, innvalstelefon Håvard Rød, 5557 2143 Vår dato 04.03.2015 Dykkar dato 07.01.2015 Vår referanse 2015/285 331.1 Dykkar referanse Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund KVAM HERAD - BUDSJETT

Detaljer

VEDTEKT av februar 2007

VEDTEKT av februar 2007 IKS VEDTEKT av februar 2007 Vedteken i følgjande kommunar: Bokn Etne Haugesund Tysvær Vindafjord Vedtekt av februar 2007 Side 1 av 5 INNHALD Side 1. Heimel... 2 2. Deltakarar... 2 3. Føremål... 2 4. Hovudkontor...

Detaljer

FORSKRIFT OM VASS- OG AVLAUPSGEBYR I MELAND KOMMUNE

FORSKRIFT OM VASS- OG AVLAUPSGEBYR I MELAND KOMMUNE FORSKRIFT OM VASS- OG AVLAUPSGEBYR I MELAND KOMMUNE vedtatt i Kommunestyret den 17.12.2014 i medhald av Lov av 16. mars 2012 om kommunale vass- og avløpsanlegg, og Forskrift av 1. juni 2004 om begrensning

Detaljer

Innkalling av Kraftfondsstyret

Innkalling av Kraftfondsstyret Masfjorden kommune Innkalling av Kraftfondsstyret Møtedato: 02.12.2014 Møtestad: Matre Møtetid: 15:00 Eventuelle forfall må meldast til Aina Isdal Haugland per tlf. 56166222, sms til 90717615 eller per

Detaljer

Møteinnkalling for Fondstyret

Møteinnkalling for Fondstyret Hjartdal kommune 3692 Sauland Møteinnkalling for Fondstyret Møtedato: 31.10.2011 Møtestad: Kommunehuset Møtetid: Kl. 09:00 Utvalsmedlemene blir med dette kalla inn til møtet. Den som har lovleg forfall,

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Olav Grov Arkivsaksnr.: 09/1647. Luster kommune sin næringspolitikk. Rådmannen si tilråding:

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Olav Grov Arkivsaksnr.: 09/1647. Luster kommune sin næringspolitikk. Rådmannen si tilråding: SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Olav Grov Arkivsaksnr.: 09/1647 Arkiv: Luster kommune sin næringspolitikk Rådmannen si tilråding: 1. Luster kommunestyre vedtek at vedlagde næringsnotat, med dei endringar og

Detaljer

R E T N I N G S L I N E R

R E T N I N G S L I N E R R E T N I N G S L I N E R NÆRINGSRETTA MIDLAR TIL REGIONAL UTVIKLING, KOMPENSASJON FOR AUKA ARBEIDSGJEVARAVGIFT Statsbudsjettet kap. 551, post 61. Vedtekne i Nærings- og miljøutvalet 03.06.08, og i Fylkesutvalet

Detaljer

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE. Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift.

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE. Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift. Lærdal kommune VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE Vedteke i kommunestyre 10.03.2016, gjeldande frå 01.05.2016 1 Drift: Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald

Detaljer

Forfall skal meldast til utvalssekretær som syrgjer for innkalling av varamedlemmar. Varamedlemmar møter berre ved spesiell innkalling.

Forfall skal meldast til utvalssekretær som syrgjer for innkalling av varamedlemmar. Varamedlemmar møter berre ved spesiell innkalling. Møteinnkalling Formannskapet Utval: Møtestad: Bispen, Kommunehuset Dato: 22.01.2015 Tid: 09:00 Forfall skal meldast til utvalssekretær som syrgjer for innkalling av varamedlemmar. Varamedlemmar møter berre

Detaljer

TILSKOTSORDNINGAR, PRISAR OG STIPEND

TILSKOTSORDNINGAR, PRISAR OG STIPEND TILSKOTSORDNINGAR, PRISAR OG STIPEND GENERELT RETT TIL TILSKOT Alle foreiningar, lag og klubbar innan kultursektoren i Stord kommune kan søkja tilskot. Arbeid innan kultursektoren omfattar: Idrettsarbeid

Detaljer

Ny forskrift om tilskudd til avløsning ved sykdom og fødsel mv. 13. januar 2015

Ny forskrift om tilskudd til avløsning ved sykdom og fødsel mv. 13. januar 2015 Ny forskrift om tilskudd til avløsning ved sykdom og fødsel mv. 13. januar 2015 1 Formål «Føremålet med tilskott etter denne forskrifta er å medverke til å dekkje kostnadene til avløysing ved eigen eller

Detaljer

Vedtekter for kommunalt næringsfond KNF Os kommune

Vedtekter for kommunalt næringsfond KNF Os kommune Vedtekter for kommunalt næringsfond KNF Os kommune 1 Hjemmel Vedtektene er vedtatt av Os kommunestyre i sak 35/17 den 29.6.2017. Vedtektene er gjeldende fra vedtaksdato. 2 Fondskapital Fondskapitalen består

Detaljer

FORSKRIFT OM GRADAR Fastsett av styret ved KHiB den 25.06.03 med heimel i Uhl. 46.2. 1

FORSKRIFT OM GRADAR Fastsett av styret ved KHiB den 25.06.03 med heimel i Uhl. 46.2. 1 1 FORSKRIFT OM GRADAR Fastsett av styret ved KHiB den 25.06.03 med heimel i Uhl. 46.2. 1 1. OMFANG Denne forskrifta gjeld for dei studieprogramma som institusjonen vedtek å opprette. 2. DEFINISJONAR 2.1.

Detaljer

Kommunale næringsfond. Anja Hjelseth, Telemarksforsking

Kommunale næringsfond. Anja Hjelseth, Telemarksforsking Kommunale næringsfond Anja Hjelseth, Telemarksforsking 1 Dagsorden Ulike fond Kommunale og regionale næringsfond Kraftfond Hjemfallsfond Krav til ulike fond Hva funker? Harmonisering av vedtekter Hvor

Detaljer

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT 1. Føremål Ordninga gjeld tiltak for sikring og istandsetting av verdsarvstaden Bryggen. Målsettinga er

Detaljer

Retningsliner for næringstilskot

Retningsliner for næringstilskot Retningsliner for næringstilskot 2013-2016 Ål kommune Vedteke i K-sak 1/13 Justert for 2014 den 29.01.2014 1 Innhald Innhald... 2 1. Innleiing... 3 2. Fond og andre løyvingar til næringsformål... 3 3.

Detaljer

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune Gjeld frå august 2015 1. BARN MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE Barn med nedsett funksjonsevne kan ha trong for særleg tilrettelegging av fysiske og personalmessige

Detaljer

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE Vedteke i kommunestyre 20.06.2013 1 Drift: Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift. Barnehagane skal drivast

Detaljer

VEDTEKTER FOR TYSNES KRAFTLAG SA

VEDTEKTER FOR TYSNES KRAFTLAG SA Vedtekter Tysnes Kraftlag SA Utkast januar 2016 VEDTEKTER FOR TYSNES KRAFTLAG SA Dok 10000271 09.05.2016 1/9 Fylgjande vedtekter for samvirkelaget Tysnes Kraftlag SA er dei vedtektene som medlemene har

Detaljer

Forskrift om bustøtte

Forskrift om bustøtte Forskrift om bustøtte DATO: FOR-2012-11-29-1283 DEPARTEMENT: KRD (Kommunal- og regionaldepartementet) PUBLISERT: I 2012 hefte 14 s 2412 IKRAFTTREDELSE: 2013-01-01 ENDRER: FOR-2009-06-19-699 GJELDER FOR:

Detaljer

-fl- P4AR HAIVIAR

-fl- P4AR HAIVIAR -fl- DET KONGELEGE KOMMUNAL- OG REGIONALDEPARTEMENT Statsråden Hedmark fylkeskommune Fylkeshuset 2325 HAIVIAR Dykkar ref Vår ref Dato 13/371-1 P4AR 21 Statsbudsjettet 2013 - Kap. 551, post 61 Næringsretta

Detaljer

VEDTEKTER FOR TYSNES KRAFTLAG SA

VEDTEKTER FOR TYSNES KRAFTLAG SA Vedtekter Tysnes Kraftlag SA Vedteken i årsmøte 131210 VEDTEKTER FOR TYSNES KRAFTLAG SA Dok 10000271 09.05.2016 1/8 Fylgjande vedtekter for samvirkelaget Tysnes Kraftlag SA er dei vedtektene som medlemene

Detaljer