Taubruer. Leik med tau Utvikla av Friluftsrådet for Ålesund og omland ved Christer Lundberg Nes, fagleiar aktivitet
|
|
- Line Viken
- 8 år siden
- Visninger:
Transkript
1 Taubruer Leik med tau Utvikla av Friluftsrådet for Ålesund og omland ved Christer Lundberg Nes, fagleiar aktivitet
2 Forord Metoden for å lage til taubruer som blir beskrive i heftet er utarbeida av Friluftsrådet for Ålesund og omland. Målet har vore å både ha ein lærerik og kjekk aktivitet med tau og ein introduksjon til klatreutstyr og knutar. Kompendiet vart fyrste gong skrive då Friluftsrådet for Ålesund og omland vart invitert til ei nettverkssamling arrangert av Salten friluftsråd og Polarsirkelen friluftsråd hausten Deltakarane på nettverkssamling vart kursa i denne metoden for å sette opp taubruer og kompendiet vart laga for å ha ei skriftleg oversikt over oppsettet. Metoden vi skildrar til oppsett av taubruene byggjer på sunn fornuft i forhold til tryggleik og krev ikkje spesialkompetanse. Dette i motsetnad til vanleg klatring eller nedfiring på inneveggar, eller ute i klatrefelt, som krev spesialkompetanse* frå den som sikrar. Klatring og nedfiring med sikring er dessverre ofte pasifiserande for born i skuleklasser fordi det i regelen ikkje er mange nok til å sikre til at borna slepp å måtte stå i kø for å vente på sin tur. *Spesialkompetanse innan klatring og nedfiring: Sikrar må ha godkjenning frå Norges klatreforbund/norsk Fjellsportforum eller Norske tindevegledere. Heftet skisserer enkle taubruer som er lette å sette opp og som aktiviserer om lag alle borna i ei skuleklasse på ein gang! Borna kan, og bør, vere med på å sette opp taubruene sjølve! Frå 4.klasse og oppover er vår erfaring at ein kan forvente at dei aller fleste av borna sjølve klarar å sette opp taubruene i små grupper! Det er viktig at du les og forstår teksten om tryggleik! For tilbakemelding på taubruer, tryggleik, utstyr og metodar så kan du sende epost til christer@friluftsraadet.no 1. versjon reviderte utgåve 20.august reviderte utgåve 04.mai 2012 Friluftsrådet for Ålesund og omland Fagleiar aktivitet Christer Lundberg Nes Tindevegleder, UIAGM/IVBV/IFMGA mountain guide - 2 -
3 Innhaldsliste Forord... 2 Viktig om tryggleik... 4 Ufarleg fallunderlag... 4 Barrieretankegang... 4 Klemfare og kveling... 6 Vedlikehald... 6 Tau og slynger... 6 Karabinarar... 7 Utstyr... 8 Konstruksjon... 8 Leikeprinsipp Døme på opplæringsmetodikk for skuleklasser/grupper
4 Viktig om tryggleik Taubruene som det står om i dette kompendiet er laga ved å nytte ei forenkla metode med 3-skåra talje. Utstyret og metodane er henta frå klatring og redning i alpint terreng. Men for å gjere det enklare å sette opp og ta ned taubruene så er det tatt bort eit svært viktig sikringsprinsipp og nokre knutar, eller sikringsredskap, frå klatreog redningsmetoden. Dei beskrivne metodane i kompendiet er difor berre til midlertidige taubruer som skal bli tatt opp og ned same dag og med ufarleg fallunderlag! Ufarleg fallunderlag Ufarleg fallunderlag er relativ flatt og mjukt underlag utan innlysande farlege store steinar, røter, stubbar og spisse greiner/stubbar. Det er ikkje noko krav eller regelverk til fallunderlag for denne type midlertidige leikekonstruksjonar som er sett opp i naturen men du har eit tryggleiksansvar med bruk av sunn fornuft. Når taua er stramma opp og festa i samsvar med metoden i dette kompendiet, vil all last på tauet henge i klemknutetauet. Denne knuten vil gli ved for stor last eller om den er lagt feil. Difor vil taubruene i regelen gradvis bli slakkare om lasta er for stor. Dersom lasta er for stor og knuten glir sakte, vil det forårsake varme gjennom friksjon og tauet kan smelte av. Det er ein av grunnane til at ufarleg fallunderlag er så viktig. Friluftsrådet har i løpet av desse åra gjennomført svært mange opplegg med taubruene med ungdom og skuleklasser, der borna i regelen har knytt opp taubruene sjølve. Vi har ikkje hatt nokon skader men nokre fall som har gått bra fordi at det har vore nytta stadar med ufarleg fallunderlag. Men vi har likevel erfaring frå eit par situasjonar som det er verdt å kommentere og ta med seg i bruken av taubruene! Barrieretankegang Metodikken i taubruene byggjer på barrieretankegang der ufarleg fallunderlag er den siste barrieren for å hindre skader og ulykker. Friksjonsavbinding er ei anna barriere som skal hindre taubruene i å plutselig ramle ned. Barrierene i denne metoden er: At området har snilt og ufarleg fallunderlag Klatreutstyr, som rett brukt, er dimensjonert for dette At taubruene er festa nært bakken dei treng ikkje vere høgt oppe for å ha det artig! At ein nyttar friksjonsavbinding på taubruene før ein knyt enden på tauet At borna ser over og korrigerer kvarandre når dei sett opp taubruene (jmf kameratsjekk i klatring) At ein vaksen ser over/eller informere om at borna ser over sine taubruer før ein startar å leike i dei. o At taubruene er sett opp i eit plan/kreftene går i ei rett linje (figur 1 og 2) o Sjekke at alle skrukarabinerar er skrudd igjen - 4 -
5 Vi har erfart ein situasjon der friksjonsavbindinga ikkje fungerte og tauet som ein elev heldt i datt rett ned. Årsaka til dette var at tauet ikkje var trett 3 gangar i same høgde slik det skal gjerast, men surra nedover med stor avstand. Det er med andre ord svært viktig at ein fylgjer metodeoppsettet og passar på at alle knutar og friksjonssurringar ser fine ut og ligg i rette linjer/same plan. Figur 1: Taubru med slynger, talje og friksjonsavbinding i rett linje/same plan! Figur 2: Taubru med feil oppsett der friksjonsavbindinga vil fungere svært dårleg fordi den ikkje er på linje med slynge og tau! At taubruene vert sett opp i same plan gjer også at det er mindre truleg at nokon av barna kan stikke inn hovud eller kroppsdelar og få klemskader/kvelning. Ei anna erfaring er at når ein skal feste klemknuten på det øvste tauet så står det som regel ein person å balanserer på det nedste tauet og held seg fast i det øvste tauet medan ein annan person held dette stramt. I regelen fungerer dette greitt nok, - 5 -
6 men då har ein ingen barriere om personen som held tauet mister eller slepp dette. Og det har hendt ved eit par situasjonar. Ein unngår heile denne problemstillinga om ein viser at ein kan stå på bakken og feste klemknuten på det øvste tauet. Klemfare og kveling I all bruk av taukonstruksjonar skal du vere klar over kvelingsfare. Unngå opningar som er slakke, men som kan stramme seg om nokon brukar tauet/belastar systemet. Unngå opningar som er slik at det er mogleg å stikke inn hovudet. Ver av same grunn forsiktig med opne løkker i enden av tau. La aldri borna ta tau og slynger rundt halsen. Ver og forsiktig og klar over klemfare der tau og eller slynger kryssar kvarandre. -Spesielt gjeld dette om du set opp taubruene i ein X (figur ) Det er viktig at ansvarlege vaksne har på seg ein skarp kniv, og helst med riflete blad, dersom noko uventa skulle skje! Vedlikehald Tau og slynger Når tau og slynger vert vått så heng det opp til tørk Tau og slynger vert fortare utslite om det vert brukt når det er skite. Vask tauet når det vert skite og gjerne i maskin på kald (30 ) vask med litt Milo. Oppbevar utstyret slik at det ikkje vert utsett for sterk varme, direkte sollys eller kjemikaliar. NB! Tauet likar ikkje å bli kveila som ein hageslange eller leidning i fine rundingar! Pass difor på at når du legg saman tauet så brettar du det berre fram og tilbake utan å lage rundingar. Skift ut eller kutt av skadde områder på tau, slynger og band ved synlige skader. Som regel vil det vere slyngene ein nyttar rundt trea som først blir utslitt på grunn av slitasje og gnaging under bruk. Figur 3: eksempel på skada strømpe på taubrutau
7 Det skada området på figur 3 må kuttast vekk, men ein kan bruke dei uskadde delane av tauet. Er skaden på eine enden er tauet kanskje langt nok til å brukast vidare viss ikkje må ein fornye taubrutauet. Tau og slynger kutter du best med ein spesial taukuttar. Men du kan også surre sportstape rundt tauet og skjære av midt i sportstapeområdet med ei god saks eller kniv med riflete blad. Husk å brenne endane godt etterpå. Karabinarar Ein skal aldri skru ein skrukarabin hardt igjen berre til skrumuffa stoppar. Ikkje stram til! Dersom ein skrukarabin har blitt skrutt hardt igjen under belastning, kan den vere svært vanskelig å skru oppigjen utan belastning. Ha med ei tang eller belast karabinen på nytt (dvs stramme opp taubrutauet på nytt) og skru opp før ein fjernar belastninga. Skyll og vask skitne karabinarar i reint vatn. Karabinarane kan om dei vert trege, smørast med litt tynn olje i leddet og så tørkas godt reine. Unngå søl og overflødig olje på tau og slynger. Figur 4: Tilpassar ein høgda over bakken så høver taubruene for dei aller fleste. Bilete viser ei jente på 14 månder i leik på taubru
8 Utstyr For å lage ei taubru så treng du: Figur 5 eksempel på utstyr til ei taubru 2 stk statiske tau ca 10 m lange og diameter på 10-10,5 mm 4 slynger sydde 120 cm lange 1 6 stk skrukarabinarar, helst ovale i forma 2 stk klemknuteslynge laga av 6 mm statisk tau Utstyret kan kjøpast på sportsbutikkar som fører klatreutstyr. Det er ein føresetnad er at taua er statiske og ikkje dynamiske, og at slyngeband og skrukarabinarar følgjer vanleg klatrestandard. Du kan og be om tilbod på ein ferdig taubrupakke i ein taupose/bag ved å sende ein førespurnad til: marius@7blaner.no Konstruksjon Du lager taubruene ved å lage to identiske stramme tau mellom to tre. Eit tau til å stå på og eit tau til å halde i. Figur 6. Taubru. Eit tau til å stå på og eit tau til å halde i! Start alltid med å lage til det tauet du skal stå på, og lag det du skal halde i etterpå. Då kan du stå på det første tauet for å finne rett høgde og gjere det enklare å henge opp det andre tauet som du skal til å holde i cm lange slyngeband dekker dei aller fleste trea men dersom trea er svært tjukke så kan denne lengda også bli for kort. Då kan ein anten kjøpe inn fleire 120cm slynger og skjøte desse saman. Eller kjøpe slyngeband som metervare og knyte nokre slyngeband i høveleg lengde som passer rundt treet
9 1) Finn to tre (eller eit område med mange tre) med snilt fallunderlag mellom seg Gjenvekst kulturmark/utmark eignar seg ofte svært godt! Husk å gjere avtale med grunneigar! 2) Knyt ein dobbel 8-tallsknute på eine taubrutauet Legg tauenden dobbel. Legg den doble enden over handa mot kroppen. Ta enden under tauet og stikk enden ut av løkka som har blitt danna. Figur 7-11: 8-tallsknuten knytt på vanleg måte med steg for steg bilder Viktig: Alle knuter skal ha ein ende/tamp som er 10 gangar så lang som diameteren til tauet. Vi brukar 10 mm tau så enden skal vere minst 10 cm. Den ferdige 8-tallsknuten
10 3) Fest ei slynge til det eine treet På tynne tre legg du slynga ei ekstra runde rundt treet. Ikkje nytt ankerstikk! På tjukke tre legg du berre slynga ein enkel gang rundt treet. 4) Fest på skrukarabin og 8-tallsknuten Skrukarabinen er festa til slynga og 8- tallsknuten er lagt inn i skrukarabinen. Skru igjen utan å stramme til! 5) Fest ei slynge rundt det andre treet. Figur 12: Tynt tre med slynga ein ekstra gang rundt treet. 6) Fest på skrukarabin i slynga og legg tauet gjennom skrukarabinen og skru igjen. Skrukarabinen er festa til slynga og tauet lagt inn i skrukarabinen som er skrudd igjen. 7) Fest ein klemknute på tauet Figur 13: Eit litt tjukt tre der slynga er lagt rundt treet. Frå litt under ein meter til to meter frå festepunktet frå det siste treet fester du ein klemknute. (avstanden er avhengig av lengda på taubrua men du bør unngå unødig lange avstandar for å redusere klemfare) Figur 14: Klemknute
11 Hold fast i knuten i klemknuteslynga og snurr klemknuteslynga rundt taubrutauet til du så vidt klarar å stikke knuteenden i klemknyteslynga gjennom løkka ved enden. Stram ved å dra i knuten i klemknuteslynga og rydd klemknuten slik at den ser fin ut. Legg tauet i skrukarabinen og skru igjen! 8) Stram opp taubrua Du har no laga ei 3-skåra talje og det er berre å stille seg bak treet og dra til Når taubrua er stram, så legg du tauet tre runder rundt treet i same høgde som slynga! Viktig: Unngå unødig slakk i taubrusystemet. Prøv å la det sjå så ryddig og fint ut som råd! Dess nærmare tauet med tre rundar ligg slynga som held tauet, dess mindre slakk er det i systemet! Figur 15: Samarbeid om oppstramming! 8) Bind av taubrutauet med dobbelt halvstikk Avbindinga er svært enkel. Du har allereie laga ei friksjonsavbinding av taubrutauet. Det betyr at det aller meste av drakreftene i taubrutauet heng fast på friksjonen rundt treet og det er nesten ikkje kraft/drag igjen på enden som vi bind av. Enden bind vi av med eit dobbelt halvstikk rundt taubrutauet. Figur 16: Avbinding med dobbel halvstikk. På bildet er knuten lagt dobbelt fordi tauet var svært langt. I slike tilfeller bør ein vere svært merksam på kvelingsfare i løkka som ein får fordi tauet ligg dobbelt. Dobbel halvstikk er ein rotasjonsknute når du lager knuten går du heile tida same veg rundt
12 Lettast måten å slå det doble halvstikket på er å legge enden over taubrutauet og fortsett rundt slik at du kan ta igjen enden på innsida av tauet (mot treet) Fortsett med enden over taubrutauet men hold ei opning på kryss-punktet. Ta igjen enden på undersida av taubrutauet og stikk den framover igjen gjennom opninga på kryss-punktet. Leikeprinsipp Det stimulerer til meir leik dersom det er mogleg å bevege seg rundt omkring mellom fleire taubruer, tre og andre konstruksjonar utan å vere i bakken. Med 3-4 taubruer kan ein lage ein treeller firkant og moglegheiter for å gå rundt og rundt utan å vere i bakken. Figur 17: 4 taubruer sett opp i ein stor firkant og ein kan gå rundt og rundt! Dess fleire val borna må ta når dei leiker dess betre! når du kjem til enden av ei taubru så bør du få eit val om du vil gå til høgre eller venstre. Dess fleire val dess kjekkare; Til dømes kan det vere ei enkel taubru eller ei vanskelig som går vidare til same staden? (til dømes kan ein lage ein snarveg som ein x - figur 19) kombiner gjerne taubruene med slengtau, balansestokkar osv. Har ein 5 sett taubruer kan ein lage ein firkant med ein diagonal i midten. Då er det mogleg å gå rundt heile konstruksjonen eller ta snarvegen midt i. Med meir enn 5 taubrusett kan ein lage svært avanserte tau junglar! Figur 18: Taubruene er sett i system slik at ein kan klatre rundt utan å vere i bakken!
13 Har ein moglegheiter for å sette opp ein heil tau jungel så er det beste om det for alle borna er noko dei tør og noko dei ikkje tør eller meistrar. Med taubruene så kan du auke vanskegrada ved å: Auke eller minke avstanden mellom det tauet du står på og det tauet du held i Ha så stor avstand mellom tauet du står på og tauet over deg at du berre kan holde deg i lianane som heng ned. (figur 20) Auke avstanden mellom og/eller lengda på lianane La taua krysse kvarandre som ein X, men ver då merksam på klemfare i krysset. Figur 19: Taubru sett opp som ein X Figur 20: Klemknute hengt opp som kort «liane» for å holde seg i når ein ikkje når opp til sjølve taubrutauet. Til å lage lianar treng ein fleire klemknutetau eller slyngeband enn det som følgjer eit «normalt taubrusett»!
14 Døme på opplæringsmetodikk for skuleklasser/grupper Eksempelet vi skildrar her nyttar Friluftsrådet frå 4.klasse og oppover når det er første møtet for klassen/gruppa med taubruene. Opplegget tek ca 2,5-3 klokketimar. Og føresetnaden er at ein har fleire taubrusett tilgjengeleg. Friluftsrådet nyttar eit taubrusett per 3-5 elevar. På skulegarden bli kjent med utstyret og lære 8-tallsknuten På skulegarden/eller ved bilen startar vi med å samle klassen. Vi deler elevane inn i grupper på 2-4 personar i kvar gruppe. Så sett vi ut så mange tausekkane som vi har grupper i ein sirkel rundt rettleiaren Kvar gruppe stiller seg opp bak ein tausekk I fellesskap går alle gruppene gjennom utstyret i tausekken Først ser vi at vi har 6 skrukarabinarar i ei lenke, med to klemknutetau på Så teller vi over at alle har 4 slynger Også ser vi at vi har to taubrutau Deretter presiserer vi at slik skal taubrusekken sjå ut når vi er ferdige med dagen, og dei har pakka saman utstyret. Gruppene pakkar så ned det meste av utstyret men alle skal stå og holde ein ende av taubrutauet. Vi fortel så at dei skal få lære verdens viktigaste knute som er 8-tallsknuten: Den er trygg Den svekker tauet relativt lite Den kan gå an å knyte opp Så viser vi ein måte å knyte på der ein jobbar med mønsterinnlæring av knutar. Fordelen med denne metoden er at ein nyttar rørsler for å sette opp knuten. Rettleiar viser medan alle hermar samtidig: Start med å halde tauenden i venstre handa Dra ut ein god halvmeter Pass på at tommelen på venstrehanda peikar mot tauenden Ta tak i tauenden med den ledige høgrehanda Utan å gjere noko med venstrehanda (den er passiv) så tek ein høgrehanda inn mot magen og deretter heilt rundt tauet. Du vil no sjå ei løkke ved venstretommelen, stikk tauenden med høgrehanda ned i denne løkka No kan du sleppe grepa og stramme til og du vil få ein symmetrisk og fin 8- tallsknute. Du har no laga ein enkel 8-tallsknute. Dette er utgangspunktet om ein vil tre tauenden gjennom ein klatresele, eller rundt eit tred osv. og tre knuten dobbelt etterpå
15 Alle prøver å lage denne enkle 8-tallsknuten nokre gangar. Og testar ut om dei kan gjere han i blinde. Når alle har prøvd dette så viser vi dobbel 8-tallsknute. Rettleiar viser medan alle hermar samtidig: Start med å halde tauenden i venstrehanda. Dra ut ein god meter (dobbel så mykje som i stad) Ta tauenden tilbake gjennom grepet i venstrehanda, slik at du tommelen på venstre handa peikar mot eit dobbel tau Sjølve tauenden bør ligge cm tilbake ut frå lislefingeren Ta den doble tauenden med høgrehanda og gjer same rørsle som ein lærte på enkel 8-tallsknute Utan å gjere noko med venstrehanda (den er passiv) så tek ein høgrehanda inn mot magen og deretter heilt rundt tauet. Du vil no sjå ei løkke ved venstretommelen, stikk tauenden med høgrehanda ned i denne løkka No kan du sleppe grepa og stramme til og du vil få ein symmetrisk og fin 8- tallsknute. Alle prøver og dei som får det til kan rettleie andre. Dei prøver nokre gangar og avsluttar med testknyting av dobbel 8-tallsknute i blinde. Når alle har klart det så ber rettleiar dei stå med ein dobbel 8-tallsknute og viser korleis dei skal knyte den opp dersom den har fått stor last: Ta tak i begge endane av 8-tallet og knekk knuten fram og tilbake Etter kvart vil knuten bli slakkare og når den er slakk trer ein tauet ut og knyt den opp Når alle er sikre på 8-tallsknuten så viser rettleiar korleis ein ikkje kveiler klatretau men brettar det. Når tauet er så kort som 10m som i taubrusetta så er det mest hensiktsmessig å ta enden og brette det ein gang så ein held begge endane. Så brette det enda ein gang. Og enda ein gang. Også tar ein ein vanleg kjerringknute for å holde tauet samla i ein fin handterlig bunt! Alle gruppene pakkar ned taubrutaua og ein går i samla tropp til der ein skal halde på. Oppe i skogen Alle gruppene får beskjed om å legge vekk sine taubrusett. Rettleiar finn to eigna tre og medan alle elevane står rundt så bygger rettleiar ei taubru steg for steg. Det er viktig å presisere at ingen av taua eller slyngen skal komme utanpå andre. Dette fordi det skal gå enklare å stramme om enkelte tau blir slakke. Etter denne demonstrasjonen stiller gruppene seg på ei rekke med sitt taubrusett og får tildelt trea dei skal bruke med rettleiaren
16 Gruppene skal berre konsentrerer seg om å lage ei taubru frå A til B. Det er rettleiaren si oppgåve å sette alle gruppene i tilknyting til kvarandre slik at når alle gruppene er ferdig så blir totalen ein svært spennande taujungel å klatre i! Figur 21: Rettleiar ser for seg den totale taujungelen, medan elevane sett opp si taubru mellom dei trea dei får tildelt! Leik tarzansisten eller berre ha det moro i taujungelen så lenge tida rekk. Rekne ca minutt på å ta ned taubruene. Alle gruppene tek ned si eiga taubru og knyt opp 8-tallsknuten. Uansett kor stram denne knuten eventuelt har blitt. Figur 22: Turning i eiga taubru som ein sjølv har laga og hengt opp! Når gruppene er ferdige kjem dei til rettleiar og viser fram at tausekken er korrekt pakka. Dette er viktig for å ikkje miste utstyr. Og med denne enkle prosedyra har Friluftsrådet enda ikkje mista noko utstyr!!!
Taubruer. Leik med tau Utvikla av Friluftsrådet for Ålesund og omland ved Christer Lundberg Nes, fagleiar aktivitet. - 1 -
Taubruer Leik med tau Utvikla av Friluftsrådet for Ålesund og omland ved Christer Lundberg Nes, fagleiar aktivitet. - 1 - Forord Dette kompendiet vart skrive då Friluftsrådet for Ålesund og omland vart
DetaljerTaubruer. Leik med tau Utvikla av Sunnmøre friluftsråd ved Christer Lundberg Nes, fagleiar aktivitet
Taubruer Leik med tau Utvikla av Sunnmøre friluftsråd ved Christer Lundberg Nes, fagleiar aktivitet. - 1 - Forord Metoden for å lage taubruer er utarbeidd av Sunnmøre friluftsråd. Målet er både ein lærerik
DetaljerSikring og transport av pasient
Sikring og transport av pasient Vår oppgave er å hindre og lindre nød. Våre aktiviteter skal være sikre, nøyaktige og effektive. Transport av pasient må derfor foregå så skånsomt som mulig uten at dette
DetaljerDen gode gjetaren. Lukas 15:1-7
Den gode gjetaren Lukas 15:1-7 Bakgrunn I denne forteljinga formidlar du noko om kva ei likning er. Difor er delen om gullboksen relativt lang. Det å snakke om dei ulike filtstykka som ligg i boksen, er
DetaljerRutinar for ferdsel i utløpsområde
Rutinar for ferdsel i utløpsområde Bildet er tatt på ein RegObstur for NVE/Varsom.no på Standalseidet i Ørsta 05.april 2013 Foto og illustrasjonar: Christer Lundberg Nes Tindevegleder Friluftsrådet for
DetaljerDet er mange måtar ein kan starte eit strikkeinga. Det er om å gjere å finne den beste måten å lage maskar på, til kvart enkelt strikkeprosjekt.
Det er mange måtar ein kan starte eit strikkeinga. Det er om å gjere å finne den beste måten å lage maskar på, til kvart enkelt strikkeprosjekt. LEGGJE OPP MED 1 TRÅ. Legg tråden på pinnen med enkle halvstikklykkjer.
DetaljerMånadsbrev for GRØN mars/april 2014
Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på
DetaljerKom skal vi klippe sauen
Kom skal vi klippe sauen KOM SKAL VI KLIPPE SAUEN Kom skal vi klippe sauen i dag Klippe den bra, ja klippe den bra Så skal vi strikke strømper til far Surr, surr, surr, surr, surr. surr Rokken vår går,
DetaljerKONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.
KONTSTRIKKING I kontstrikking strikkar ein rute for rute omgangen rundt frå kant til kant i plagget ruterekkje for ruterekkje. Maskane på ei strikka rute blir verande på siste pinne og ein går rett over
DetaljerLån av kajakkar og kajakkhengar med Friluftsrådet Oppdatert 25.august 2015
Lån av kajakkar og kajakkhengar med Friluftsrådet Oppdatert 25.august 2015 Friluftsrådet har tre kajakkhengarar til utlån, til tre ulike målgrupper: Barnekajakkar Ungdomskajakkar Lavterskel-tilbod «Sit
DetaljerSandeid skule SFO Årsplan
SFO Årsplan Telefon: 48891441 PRESENTASJON AV SANDEID SKULE SIN SFO SFO er eit tilbod til elevar som går på i 1. til 4. klasse. Rektor er leiar av tilbodet. Ansvaret for den daglege drifta er delegert
DetaljerI denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.
Pingviner på tur Skrevet av: Geir Arne Hjelle Oversatt av: Stein Olav Romslo Kurs: Scratch Tema: Blokkbasert, Spill Fag: Programmering Klassetrinn: 1.-4. klasse, 5.-7. klasse, 8.-10. klasse Introduksjon
DetaljerSIGNES VOTTAR. strikketeigen.com
SIGNES VOTTAR Lusevottar med konststrikka kant, middels damestorleik. Strikkinga kan varierast på mange måtar. I denne oppskrifta er det strikka kile til tommelen for å få god passform. Mønsteret er i
Detaljer6-åringar på skuleveg
6-åringar på skuleveg Rettleiing til foreldre med barn som skal begynne på skulen Førsteklassingane som trafikantar Det er store forskjellar i modning og erfaring hos barn på same alder. Vi ser likevel
DetaljerInvitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012
Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012 Onsdag 28 mars inviterer vi entreprenørskapsungdom, lokale bedrifter og andre lag og organisasjonar til årets entreprenørskapsmesse i Naustdalshallen. Her
DetaljerINFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE
INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for
Detaljerom metodesettet Oslo, april 2009 Kurs- og Instruktørkomiteen DNT Fjellsport Oslo Ragnar Bell og Samuel Gunnestad
metodesett om metodesettet Med dette metodesettet ønsker vi å gi en kortfattet og tydelig oversikt over basismetodene som brukes under klatring og på bre. Metode - settet beskriver hvilket utstyr som brukes,
DetaljerSEEK AND FIND PREMIE TIL DITT LAG? FREDAG 21. SEPTEMBER 2012. Påmeldingsfrist 15. september.
Fyresdal Ungdomsklubb Dalen Ungdomsklubb Inviterer deg til årets SEEK AND FIND PREMIE TIL DITT LAG? FREDAG 21. SEPTEMBER 2012 Påmeldingsfrist 15. september. Kven kan delta? Alle frå 8. klasse til 18 år.
DetaljerFORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg
FORELDREHEFTE 6-åringar på skuleveg G J W Sjå til begge sider - og framover! Før vi kryssar vegen skal vi sjå til begge sider. Det veit både born og foreldre. Trafikkopplæring handlar likevel om meir enn
DetaljerKYSTHOSPITALET I HAGEVIK
KYSTHOSPITALET I HAGEVIK Kneartroskopi Denne faldaren inneheld informasjon for pasientar som skal få utført artoskopisk kirurgi i kne. Sjå i tillegg faldar med generell informasjon om innlegging eller
DetaljerMetodesett juni 2006
juni 2006 Innhold Om metodesettet 3 Utstyr 4 Knuter 7 Innbinding 10 Klatring Utstyr 12 Sikring av klatrer 13 Topptauing, klatring på tauklemme 14 Taulagsrutiner 15 Rappell 20 Redning 21 Bre Utstyr 25 Innbinding
DetaljerPXT: Det regnar mat! Introduksjon. Steg 1: Grunnlag. Sjekkliste. Skrevet av: Helene Isnes. Oversatt av: Stein Olav Romslo
PXT: Det regnar mat! Skrevet av: Helene Isnes Oversatt av: Stein Olav Romslo Kurs: Microbit Tema: Elektronikk, Blokkbasert, Spill Fag: Matematikk, Programmering Klassetrinn: 5.-7. klasse, 8.-10. klasse,
Detaljer9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.
1 Øystese barneskule Innleiing: September-2012 9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane. Skulen skal aktivt driva eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å fremja
DetaljerNKF. db.klatring.no/sikkerhet/pages/formulykke.asp. Besøk oss på klatring.no og brattkompetanse.no
NKF Gjennom sine medlemsklubber organiserer Norges Klatreforbund mange tusen klatrere. NKF arbeider for sikkerhet, utdanning, konkurranser, anlegg, førere, adkomstrettigheter og mye annet. NKF og NF har
DetaljerUTVIKLINGSPLAN Bø skule
UTVIKLINGSPLAN 2018-2019 Bø skule 1.0 Mål... 3 1.1 Lesing... 3 1.2 Inkluderande og trygt skulemiljø... 3 2.0 Nå-situasjonen ved Bø skule... 3 2.1 Nå-situasjonen knyta til lesing... 3 2.2 Nå-situasjonen
DetaljerI. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING
I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING A. Førebyggjande arbeid i skuletida 1. Elevsamtaler 2. Klassemøter 3. Sjå ulike videoar om mobbing v/skulehelsesyster 4. Lese bøker om emnet 5. Turar med ei eller fleire
DetaljerBARN I FLEIRSPRÅKLEGE FAMILIAR. Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring INFORMASJONSHEFTE
1 Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring BARN I FLEIRSPRÅKLEGE FAMILIAR INFORMASJONSHEFTE 2 forord Informasjonsheftet omhandlar 10 spørsmål som foreldre ofte stiller om den fleirspråklege utviklinga
DetaljerSFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule
SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule SFO HAFSLO - INFORMASJON SFO er eit friviljug omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for borna på 1. 4. steg. Sentralt i tilbodet er omsorg, tryggleik,
DetaljerTur etter evne. Tryggleik i «stedsbasert læring»
Tur etter evne Tryggleik i «stedsbasert læring» I denne presentasjonen Kort om: for Ålesund og omland Min bakgrunn Mål og innhald «Læring i friluft» og «stedsbasert læring» Tur etter evne Eksempel frå
DetaljerKNOPER OG STIKK. Neville Olliffe Madeleine Rowles-Olliffe CAMPING KLATRING FISKE SEILING SPEIDERAKTIVITET
CAMPING KLATRING FISKE SEILING SPEIDERAKTIVITET KNOPER En trinnvis veiledning til knytting av den perfekte knuten til enhver anledning OG STIKK Neville Olliffe Madeleine Rowles-Olliffe W e l d o n O w
DetaljerSpørsmål frå leiar i tenesteutvalet:
Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til
DetaljerVESLEFRIKK. Ingrid, Elvira, Adam, David, Elena, Sofie, Anita, Mathilda. Emil, Odin, Frida, Oda, Celine, Aurora, Alvin, Pernille, Jonathan
Månadsbrev september 2014 VESLEFRIKK Tida fyk fort og allereie er det godt ut i september. Denne fyrste tida har det vore mykje leik både ute og inne. Det har vore lagt opp til at barna skal få skapa gode
DetaljerMolde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike
Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue
DetaljerKvalitetsplan mot mobbing
Kvalitetsplan mot mobbing Bryne ungdomsskule Januar 2016 Kvalitetsplan for Bryne ungdomsskule 1 Introduksjon av verksemda Bryne ungdomsskule ligg i Bryne sentrum i Time kommune. Me har om lag 450 elevar
DetaljerAdresseføresegner, Sund kommune
Adresseføresegner, Sund kommune 1. Adressemynde 2. Namnemynde 3. Offisiell adresse 4. Nærare om arbeidet til adressemynde og namnemynde 5. Retningsliner for val og skrivemåte av adressenamn 6. Retningsliner
DetaljerBrekurs - Fjellsportkurs - Klatrekurs - Firmaturar
NF-BREINSTRUKTØRKURS(I) - METODEKURS Dette kurset er eit samarbeid mellom Breoppleving Jostedalen Breførarlag. Kurset går over 5 dagar. Deltakarane skal bli medvitne om kor viktig sikre vegval på bre og
DetaljerAddisjon og subtraksjon 1358 1357 1307-124-158-158 =1234 =1199 =1149
Addisjon og subtraksjon Oppstilling Ved addisjon og subtraksjon av fleirsifra tal skal einarar stå under einarar, tiarar under tiarar osb. Addisjon utan mentetal Addisjon med mentetal 1 212 357 + 32 +
DetaljerINFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage
INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage Seljord kommune Adresse: Flatdalsvegen 1139, 3841 Flatdal Telefon: 350 51365 E-post: heddeli.barnehage@seljord.kommune.no Styrar: Kristin Gaarder Opningstid: Måndag
DetaljerØystese barneskule April - 08
Øystese barneskule April - 08 1 Innleiing: 9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane. Skulen skal aktivt driva eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å fremja helsa,
DetaljerMånadsbrev frå Tyrihans oktober 2016
Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016 Hei alle saman. No i september har me starta med å gå tur heim til nokon av barna, for å sjå kor dei bur. Det er stas å visa fram heimen sin, og kjekt for dei andre
DetaljerVegvisar til vilbli.no for rådgivarar
Vegvisar til vilbli.no for rådgivarar Kva er vilbli.no? vilbli.no er søkjaranes hovudkjelde til informasjon om vidaregåande opplæring. På vilbli.no skal søkjarane til ei kvar tid finne oppdatert og kvalitetssikra
DetaljerNewton Camp modul 1004 "Skogens Tusenfryd"
Newton Camp modul 1004 "Skogens Tusenfryd" Kort beskrivelse av Newton Camp-modulen Opplev hvor morsomt man kan ha det i skogen! Hvordan kan vi bruke naturressurser for å konstruere et Tusenfryd i skogen?
Detaljermmm...med SMAK på timeplanen
mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2
DetaljerREFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009
REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009 Årsmøtet konstituerte seg med Steinar Røyrvik som møteleiar og Rigmor Øygarden som skrivar. Glenn Arne Vie og Sigurd Hatlenes vart valde til å
DetaljerForord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.
HANDLINGSPLAN 2014 Forord Planen byggjer på Mental Helse sine mål og visjonar, og visar kva oss som organisasjon skal jobbe med i 2014. Landstyret har vedteke at tema for heile organisasjonen i 2014 skal
Detaljer1. Forord s. 2. 2. Når eit barn døyr s. 3 2.1 Dødsulukke i skulen s. 3 2.2 Dødsulukke utanfor skulen s. 5 2.3 Dødsfall etter lang sjukdom s.
1 INNHALDSLISTE 1. Forord s. 2 2. Når eit barn døyr s. 3 2.1 Dødsulukke i skulen s. 3 2.2 Dødsulukke utanfor skulen s. 5 2.3 Dødsfall etter lang sjukdom s. 6 3. Ein av foreldra/føresette eller syskjen
DetaljerSikkerhet innendørs og på klippefelt med borebolter
Sikkerhet innendørs og på klippefelt med borebolter Presentasjon / innledning: Litt om deg selv (at du er sikkerhetsansvarlig for klubben eller noe sånt osv) Få med at dette er et seminar og ikke noe kurs
DetaljerMøteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU
Møteinnkalling Stølsheimen verneområdestyre - AU Utval: Møtestad: Fjordsenteret, Aurland Dato: 30.09.2014 Tidspunkt: 11:00 Eventuelt forfall må meldast snarast på tlf. 99499753 eller e-post fmsfano@fylkesmannen.no.
DetaljerHANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.
HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar. Vårt ynskje: Alle barn skal ha eit trygt miljø i barnehagen utan mobbing.
DetaljerTurmål 2009 - Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)
1 Bergstjednet (856 moh) Posten er sett opp ved nordenden av Bergstjednet (856 m.o.h.), som er det einaste tjednet på Slidreåsen/Magistadåsen. Parker ved fylkesvegen over Magistadåsen der skogsbilvegen
DetaljerPOLITISKE SAKSDOKUMENT:
POLITISKE SAKSDOKUMENT: FRÅ PAPIR TIL PC Installasjons- og brukarrettleiing Politikar-PC Surnadal kommune 1 2 Innhald 1 Last ned PDF-XChange Viewer... 4 2 Installere PDF-XChange Viewer... 5 3 Anbefalt
DetaljerÅrsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.
1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal
DetaljerINFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016. www.hivolda.no/glu
INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016 www.hivolda.no/glu 1 2 Innhald Tid til studiar og undervising... 4 Frammøte... 4 Arbeidskrav, eksamen og progresjon
DetaljerPLAN FOR KVALITETSUTVIKLING 2016-2019
PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING 2016-2019 BARNEHAGANE OG BARNEHAGESEKTOREN i KLEPP KOMMUNE 1 Klepp kommune Del 1: Grunnlaget Del 2: Område for kvalitetsarbeid Del 3: Satsingsområda Del 4: Implementering Del
DetaljerDersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.
13. POLYGONDRAG Nemninga polygondrag kjem frå ein tidlegare nytta metode der ein laga ein lukka polygon ved å måle sidene og vinklane i polygonen. I dag er denne typen lukka polygon lite, om i det heile
DetaljerRegnbogen Natur-og kulturbarnehage
Regnbogen Natur-og kulturbarnehage Om å vera på - vår forståing av vaksenrolla i uterommet Kva vil det seie å vera ein deltakande/engasjert vaksen i ungane sitt læringsmiljø? - Her tenkjer vi at ungane
DetaljerNasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk
Nasjonale prøver Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Lundefuglnettene av ruce McMillan Kvart år får den islandske øya Heimaøy besøk av svartkvite fuglar med oransjefarga nebb som kjem for
Detaljer4.5 Kursmal nybegynnerkurs, OSI Klatring
4.5 Kursmal nybegynnerkurs, OSI Klatring NKF sin kursmal i innendørsklatring, som brukes som grunndokument i opplæringen av OSI-klatrings instruktører er tilpasset et nybegynnerkurs i topptau- og ledklatring
DetaljerResultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017
Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017 I år nytta me Google.com for å få inn svar på nett, og fekk 34 av 48 moglege svar. Av og til = 5,9% (to elevar) som seier at dei vert dytta eller blir
DetaljerINNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.
ÅRSPLAN SFO Fusa oppvekstsenter INNHOLD Innleiing Foreldresamarbeid Pedagogikken i SFO Målsetting for SFO Aktiviteter inne/ute Oversikt over aktivitetar hausten 2014 Dagsrytme Info Innleiing Årsplan skal
DetaljerMånadsplan for Hare November
Månadsplan for Hare November tlf: 51 78 60 20 VEKE MÅNDAG TYSDAG ONSDAG TORSDAG FREDAG 45 Barn, kropp og berøring 2. 3. 4. 5. 6. «barn, kropp og berøring» 46 Barn, kropp og berøring 9. 10. 11. 12. Åsmund
DetaljerKYSTHOSPITALET I HAGEVIK
KYSTHOSPITALET I HAGEVIK Oppretting av skeivstilling i kneet Kneosteotomier Denne faldaren inneheld informasjon for pasientar som skal få utført osteotomi i kne. Sjå i tillegg faldar med generell informasjon
DetaljerReguleringsplan for Bergebakkane
Reguleringsplan for Bergebakkane ROS-analyse Dokument nr.: 66-1 A 18.06.2012 Revidert rasfarevurdering KH SKL SKL 0 11.06.2012 Utgjeven for bruk KH SKL SKL Rev. Dato Revisjon Av Kontr. Godkj. Tittel :
DetaljerVELKOMEN SOM FIBERKUNDE HOS TUSSA FÅ VERDA HEIM TIL DEG. NÅR DU VIL.
VELKOMEN SOM FIBERKUNDE HOS TUSSA FÅ VERDA HEIM TIL DEG. NÅR DU VIL. TUSSAFIBER VELKOMEN SOM FIBERKUNDE Dette heftet vil gi deg litt informasjon om det arbeidet som skal gjerast for å få lagt fiber inn
DetaljerMånadsbrev for Rosa oktober 2014
Månadsbrev for Rosa oktober 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Leik Då har også oktober passert, og vi merkar at hausten har kome for alvor. Uteaktiviteter har framleis hatt stor
DetaljerStyresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012
Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte
DetaljerUndersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving
Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.
DetaljerVENNEBUSSEN Vennebussen Skavøypoll barnehage Skavøypoll barnehage
VENNEBUSSEN Vennebussen Mob. 951 92 616 (mellom 08.00 15.30) Skavøypoll barnehage V/styrar Janne Halsør tlf. 57 84 53 61 / 990 28 763 Skavøypoll barnehage V/sjåfør Magnar Bakke tlf. 944 87 404 (berre viss
DetaljerRiksregulativet for ferjetakstar - høyring
Ansvarleg sakshandsamar sign. for utført handling: Saka er godkjend av fylkesrådmannen: Dokumentoversyn: Tal prenta vedlegg: * Tal uprenta vedlegg: * Riksregulativet for ferjetakstar - høyring Fylkesrådmannen
DetaljerSEEK AND FIND PREMIE TIL DITT LAG? NY DATO! Laurdag 19. SEPTEMBER 2015. Påmeldingsfrist 11. september 2015.
Fyresdal Ungdomsklubb og Dalen Ungdomsklubb Inviterer deg til årets SEEK AND FIND PREMIE TIL DITT LAG? NY DATO! Laurdag 19. SEPTEMBER 2015 Påmeldingsfrist 11. september 2015. Kven kan delta? Alle frå 8.
DetaljerSTIMULERINGSMIDLAR FOR 2013
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Fagopplæringskontoret Arkivsak 201206348-10 Arkivnr. 545 Saksh. Isdal, Sigrid Saksgang Yrkesopplæringsnemnda Opplærings- og helseutvalet Møtedato 09.04.2013
DetaljerUtviklingsplan 2015-2017 for Ørsta frikyrkje
Utviklingsplan 2015-2017 for Ørsta frikyrkje Visjon: Å gjere Jesus synleg I perioden 2015-2017 skal visjonen synleggjerast gjennom fire utvalde satsingar. Gudstenester, offerdagar, misjonsmesse og andre
DetaljerBRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Fagopplæringskontoret Arkivsak 201206699-9 Arkivnr. 545 Saksh. Svendsen, Anne Sara Saksgang Yrkesopplæringsnemnda Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato
DetaljerForskrift for namnsetting, adressering og adresseforvaltning i Åmli kommune. Vedteke i kommunestyret 29.10.2009, sak K 09/128
Forskrift for namnsetting, adressering og adresseforvaltning i Åmli kommune Vedteke i kommunestyret 29.10.2009, sak K 09/128 Med heimel i lov av 23.juni 1978 nr. 70 om kartlegging, deling og registrering
DetaljerSjekkliste for regatta-ansvarleg på Hjeltefjordtrimmen 2010
Sjekkliste for regatta-ansvarleg på Hjeltefjordtrimmen 2010 Dette dokumentet er meint som ei hjelp til deg som skal vera regatta-ansvarleg under Hjeltefjordtrimmen 2010. Dersom du har innspel til dette
DetaljerKjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)
Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.
DetaljerTIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN
KOPI TIL HEIMEN TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN Zippys venner er eit skuleprogram kor barna øver på å fungera godt saman og å forstå eigne kjensler. Dei får øve på korleis dei
DetaljerOlweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2015 2016
Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2015 2016 Systemarbeid ligg i botnen. Arbeid mot mobbing med gode system og god struktur, vert gjennomført der vaksne er i posisjon inn mot elevane, og har
DetaljerMØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0039/03 03/00292 SKATEANLEGG, KUVENTRÆ 298
OS KOMMUNE Os kommune Utval: OS FORMANNSKAP Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 18.03.03 Tid: 08.30 MØTEINNKALLING Tillegg SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0039/03 03/00292 SKATEANLEGG, KUVENTRÆ
DetaljerVegvisar til vilbli.no
Vegvisar til vilbli.no Kva er vilbli.no? vilbli.no er di hovudkjelde til informasjon om vidaregåande opplæring. På vilbli.no skal du til ei kvar tid finne oppdatert og kvalitetssikra informasjon. På grunnlag
DetaljerOslo, 7. april 1992. møte i gjetarhundnemnda måndag den 6. april kl 10.00 på lagskontoret i Parkveien 71.
Oslo, 7. april 1992 R E F E R A T møte i gjetarhundnemnda måndag den 6. april kl 10.00 på lagskontoret i Parkveien 71. Desse var med på møtet: Jon Sand Liv Oddny Hauen Kjell Kristoffersen Jon H. Sæther
DetaljerTurmål Vestre Slidre kommune - 2012 1. Eggjiåsen 910 moh 10 poeng
1. Eggjiåsen 910 moh 10 poeng Kjør vegen over Eggjiåsen mot Beitostølen. På toppen av Eggjiåsen parkerar du ved lysløpeanlegget og følgjer turmålskilt derifrå mot kommunegrensa til Vang kommune. GPS-koordinatar:
DetaljerFrisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst
Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst Målet med reportasjen er å setje fokus på praktiske løysingar for oppstalling av frisk kalv, god avdrått og avkastning med mjølkeproduksjon
DetaljerMØTEBOK BREMNES SOKNERÅD
DEN NORSKE KYRKJA Bremnes sokneråd MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD Møtestad: Rådhuset Tid: Tysdag 26.11.2013 kl. 19.30-22.00 Desse møtte: Berit Hallaråker, Asbjørn Gundersen, Bjarte Aartun, Karl Mæland, Elin
Detaljer«Ny Giv» med gjetarhund
«Ny Giv» med gjetarhund Gjetarhundnemda har frå prosjektleiinga i «NY GIV I SAUEHOLDET» som HSG står bak, fått ansvar for prosjektet «KORLEIS STARTA MED GJETARHUND FOR FØRSTE GANG». Prosjektet går ut på
DetaljerLøysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode
Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode Ved Kari Vik Stuhaug Helsepedagogikk Helse Fonna 5. Mars 2015 09.03.2015 Kari Vik Stuhaug, LMS Helse Fonna 1 Kva gjer du når du får eit problem? Og kva
DetaljerMe har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.
I november har me hatt fokus på språk og språkleik. Mykje av barna si språklæring går føre seg i dei kvardagslege samtalane våre, men ved å nytta nokre konkrete leikar, samt bilde og objekt å undre seg
DetaljerOK, seier Hilde og låser.
4 Tor Arne, Mie og Markus skal i symjehallen medan Hilde og eg er på kunstutstillinga. Hilde stressar med å sjå etter at dei har fått alt med seg. Eg står og ventar. Eg merkar eg er utolmodig, eg kan ikkje
DetaljerKOMPETANSE I BARNEHAGEN
Side 1 Rådmannen Vår ref: 2010/2296 Dato: 29.06.2010 KOMPETANSE I BARNEHAGEN PLAN FOR KVINNHERAD KOMMUNE 2010 2011 Side 2 BAKGRUNN FOR PLANEN: Kompetanseplanen byggjer på Kunnskapsdepartementet sin strategiplan
DetaljerGenerell Årsplan 2012-2015. Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start
Generell Årsplan 2012-2015 Barnehageeininga Samnanger kommune Saman om ein god start 1 Organisering. Barnehageeininga har ein felles einingsleiar og styrar på kvar barnehage. Opptakskrins og plassering.
DetaljerSANDØY KULTURSKULE RETNINGSLINER
SANDØY KULTURSKULE RETNINGSLINER Reglement for Sandøy kulturskule. 1 Samarbeid mellom skule og heim Kulturskulen freistar til ei kvar tid å utvikle samarbeidet/kontakten mellom skule og heim. I revideringa
DetaljerVurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.
Vurdering av Hedalen mølle I Sør Aurdal Tilstand og forslag til utbedring. Rapporten er utarbeida av bygningsvernrådgjevar ved Valdresmusea Odd Arne Rudi 1 Bakgrunn Det er stiftinga Bautahaugen Samlingar
DetaljerVenstre gjer Bjerkreim grønare.
Bjerkreim Venstre Venstre gjer Bjerkreim grønare. Venstre er miljøpartiet. Me kjempar for fleire grøne lunger, reinare luft, og strakstiltak for å senka klimautsleppa. Det bør alltid vera enklast og billegast
DetaljerFaktor terminprøve i matematikk for 8. trinn
Faktor terminprøve i matematikk for 8. trinn Haust 2009 nynorsk Namn: Gruppe: Informasjon Oppgåvesettet består av to delar der du skal svare på alle oppgåvene. Del 1 og del 2 blir delte ut samtidig, men
DetaljerMøteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: 02.05.2013 Tidspunkt : 10:00
Møteinnkalling Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: 02.05.2013 Tidspunkt : 10:00 Eventuelt forfall må meldast snarast. Vararepresentantar møter etter nærare beskjed.
DetaljerInnhald. 1. Definisjon og formål for SFO side 3. 2. Retningslinjer side 3. 3. Reglement side 3. 4. Samarbeidsutvalet side 3. 5.
Innhald 1. Definisjon og formål for SFO side 3 2. Retningslinjer side 3 3. Reglement side 3 4. Samarbeidsutvalet side 3 5. Målsetjing side 4 6. Barnegruppa side 5 7. Tilsette side 5 8. Foreldresamarbeid
DetaljerKVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014
KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014 1 INTRODUKSJON AV VERKSEMDA Ågotnes skule ligg på Ågotnes, og er ein av seksten skular i Fjell kommune i Hordaland fylke. Skulen er ein middels stor barneskule om
DetaljerMelding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.
Interkontrollhandbok Side: 1 av 5 1. FORMÅL Føremålet med dette kapitlet er å kvalitetssikra oppfølginga av tilsette som vert sjukmelde. Kapitlet gjev derfor oversikt over kva rutinar som skal følgjast
DetaljerRapport ungdomskurs i bridge på Os 27. 28. februar 2016
Rapport ungdomskurs i bridge på Os 27. 28. februar 2016 Os Bridgeklubb arrangerte helga 27. 28. februar 2016 bridgekurs for ungdom. Planlegginga av kurset starta hausten 2015, og etter at vi fekk innvilga
Detaljer