HORDALAND FYLKESKOMMUNE

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "HORDALAND FYLKESKOMMUNE"

Transkript

1 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Skyss REGLEMENT FOR TAKSTAR OG RABATTORDNINGAR FOR BUSS OG SNØGGBÅT I HORDALAND NYTT BILLETTSYSTEM Gjeldande frå 1. mars 2010 og inntil vidare 1. GENERELLE REGLAR Reglementet gjeld for buss og snøggbåt i Hordaland med nytt billettsystem. Reglementet gjeld også der transport med ferje er ein del av reisestrekninga. Rutetraseane i fylket er delt opp i soner, som er definert gjennom fyrste og siste haldeplass i den enkelte sona. Ved takstfastsetjing skal talet på soner frå påstiging til avstiging leggjast til grunn. Ved reise gjennom sone 110 (Bergen sentrum), skal denne sona ikkje telja med ved takstfastsetjing. Takstar går fram av dei til ein kvar tid gjeldande taksttabellar. Minstetakst gjeld for inntil to soner. For nattbuss gjeld eigne takstar. 2. ENKELTREISER - ENKELTSKYSS EnkeltSkyss gjeld for ei enkeltreise på ei bestemt strekning eller innanfor eitt område. EnkeltSkyss kan kjøpast av sjåfør ved påstiging, og den reisande må ta vare på kvitteringa under reisa. 2.1 Ordinær pris vaksen Gjeld personar frå fylte 16 år. Dersom tre eller fleire reiser saman, kan ein få grupperabatt (sjå pt. 2.7). 2.2 Rabatt for barn Barn frå 4 år og opp til fylte 16 år får 50% rabatt på ordinær pris. Barn inntil fylte 4 år reiser gratis. Ved tvil om alder kan det krevjast gyldig legitimasjon. 2.3 Honnørrabatt Honnørreisande får 50% rabatt på ordinær pris og gjeld: a) personar over 67 år b) uføre som har uførepensjon etter lov om folketrygd av 28. februar 1997 nr til 12-7 c) blinde d) ektefelle/registrert partnar som reiser saman med person som har rett til honnørbillett etter pt. a), b) og c) Døvblinde sine reisefylgje reiser gratis. Kvar døvblind kan ta med ein fylgjeperson gratis. Den som gjer krav på honnørbillett, skal legitimera seg med gyldig legitimasjon, det same gjeld ektefellen/partnaren. Personar som ikkje har fylt 67 år, men har uførepensjon, skal i tillegg syna legitimasjon frå trygdekontoret. Blinde skal i tillegg syna legitimasjon frå blindeforbund. Døvblinde syner eigen tilleggslegitimasjon. 2.4 Student-/lærling-/elevrabatt Studentar/elevar under 30 år som reiser gjennom minst 7 soner får 17% rabatt på ordinær pris og gjeld for: 1

2 a) heiltidsstudentar ved universitet og høgskular (også i andre fylke) b) elevar ved vidaregåande skular c) lærlingar og lærekandidatar. Ein lærling er ein som har lærekontrakt med sikte på fagprøve/sveineprøve, og ein lærekandidat er ein som har ein opplæringskontrakt med sikte på mindre omfattande prøve enn fag- og sveineprøve d) gjeld ikkje for vaksenopplæringselevar Gyldig legitimasjon for studentar er student-/skulebevis frå utdanningsinstitusjonar i Noreg, med dokumentasjon for betalt semesteravgift. Studentar ved utdanningsinstitusjonar i utlandet må syne fram internasjonalt studentkort (ISIC-card). Gyldig legitimasjon for lærlingar og lærekandidatane er som fylgjer: - personleg ID-kort frå bedrift, merka Lærling eller Lærekandidat - kopi av lærekontrakt - stadfesting frå bedrift om at vedkommande er lærling/lærekandidat og periode for lærekontrakt, påført namn og fødselsdato Personar som ved kontroll ikkje kan vise gyldig legitimasjon må betala gjeldande tilleggstakst. 2.5 Rabatt for vernepliktige og sivile tenestepliktige Vernepliktig mannskap (fyrstegongsteneste og HV-mannskap) og sivile tenestepliktige får 50% rabatt på ordinær pris. Lågaste takst er lik ordinær takst for 2 soner. Rabatten gjeld for den tenesteperiode som er påført Forsvarsdepartementets identitetskort (FD-ID). FD-ID tener som legitimasjon. For innkallingsreiser gjeld innkallingsordren som legitimasjon. 2.6 Familierabatt Ein vaksen eller honnørreisande på enkeltbillett kan ta med seg eitt barn (mellom 4-16 år) gratis. Barn inntil fylte 4 år reiser gratis. 2.7 Grupperabatt Ei gruppe er når tre eller fleire reiser saman. Vaksne i gruppa får 17% rabatt på ordinær pris. Barn og honnørreisande får ikkje særskild rabatt. Barn under 4 år reiser gratis og tel ikkje med i talet på reisande. 3. SKYSSKORTET Skysskortet er eit elektronisk reisekort som erstattar alle andre typar kort. Ein kan ha fleire reiseprodukt lagra på kortet, og det finst som både personleg og anonymt kort. 4. REISEPRODUKT Ein kan ha inntil åtte reiseprodukt lagra elektronisk på Skysskortet. 4.1 PeriodeSkyss 7 dagar, 30 dagar og 180 dagar PeriodeSkyss gjeld for eit uavgrensa tal reiser på ei bestemt strekning eller innanfor eit bestemt område. PeriodeSkyss er berre gyldig på eit personleg Skysskort, og gjeld i 7, 30 eller 180 dagar frå fyrste gong produktet vert brukt/aktivert. PeriodeSkyss må aktiverast innan 30 dagar etter kjøpsdato. Ved reiser utover dei sonene ein har gyldig PeriodeSkyss for, må ein betala tillegg ut frå prisar for EnkeltSkyss. Lågaste pris er lik pris for EnkeltSkyss for 2 soner, og ein betaler for dei soner ein ikkje har PeriodeSkyss for Rabatt for barn PeriodeSkyss for barn gjev 50% rabatt på ordinær pris. Gjeld for barn mellom 4 år og opp til fylte 16 år. 2

3 4.1.2 Honnørrabatt PeriodeSkyss for honnørreisande gjev 50 % rabatt på ordinær pris. For definisjon av honnør, sjå pt Student-/lærling-/elevrabatt PeriodeSkyss for studentar og lærlingar under 30 år gjev 40% rabatt på ordinær pris, runda opp til næraste 5-kroner. For definisjon av student/lærling, sjå pt DagSkyss DagSkyss gjev eit uavgrensa tal reiser innanfor området med eins takst i Bergen. DagSkyss er personavhengig og er gyldig i 24 timar frå første gong produktet vert brukt/aktivert, men er ikkje gyldig på nattruter. Det er lik pris for alle og ingen særskild rabatt for andre grupper (t.d barn/honnør/student/vernep./sivilt.). 4.3 UngdomSkyss UngdomSkyss er gyldig for personar frå og med fylte 16 år til og med den månaden ein fyller 20 år som er busette i Hordaland. Elevar i den vidaregåande skole som ikkje er fylt 16 år kan og kjøpe kortet, men må dokumentere gjennom inntaksbeviset at dei er elevar i den vidaregåande skolen. Ein må ha personleg Skysskort for å få UngdomSkyss. Ved kontroll må det synast gyldig legitimasjon. UngdomSkyss er gyldig på buss-, ferje- og snøggbåtrutene i fylket samt på lokaltog, og gjeld fram til eller frå fylkesgrensa. UngdomSkyss gjeld i 30 dagar frå første gong produktet vert brukt/aktivert. UngdomSkyss må aktiverast innan 30 dagar etter kjøpsdato. NB! Hugs å ta vare på aktiveringskvittering for framvising på reiser i områder med gamalt billettsystem og på NSB Lokaltog, ferjer og ekspressbussar. UngdomSkyss gjeld ikkje på nattbussruta, bortsett frå på Trygt heim -rutene. 4.4 SkoleSkyss-kort SkoleSkyss-kortet kan generelt berre nyttast til to reiser per skuledag mellom heim og skule, av den person det er utstedt til. SkoleSkyss-kort for grunnskulen er gyldig frå kl 05:00 til kl 19:00, og til kl 23:00 for vidaregåande skular. Kortet er gyldig i 10 månader og kan ikkje brukast på laurdagar og søndagar. Elevar som misser SkoleSkyss-kortet må dekka reiseutgifter fram til nytt kort er motteke. Reglar for skuleskyss går fram av skuleskyssreglementet. Elevar som nyttar SkoleSkyss må ved kontroll visa gyldig legitimasjon. 4.5 Mellombels skulereisekort Kortet vert nytta for skyss frå/til vidaregåande skule ved skulestart som mellombels reisebevis, i påvente av permanent skulereisekort. Kortet er gyldig i 4 veker (20 skuledagar) og går ut 30. september. Tapte og øydelagde kort vert ikkje erstatta. Elles gjeld reglar som for SkoleSkyss-kortet. 4.6 Nattakst For nattbussrutene gjeld eigne takstar. 3

4 5. KONTANTSKYSS KontantSkyss er eit betalingsmiddel på Skysskortet som gjev 17% rabatt på ordinær pris for EnkeltSkyss. Innskot på KontantSkyss er minimum 200,-, maksimum verdi er 1500,- Alle reiseprodukt kan betalast med KontantSkyss, men det vert ikkje gjeve ytterligare rabatt på produkt som allereie er rabatterte. 6. OVERGANG Gyldig overgangstid skal gå fram av billetten. Ved overgang(ar) til ny rute/linje må gyldig billett(ar) framvisast eller elektronisk sjekkast inn. Overgang må finna stad på næraste haldeplass for rute/linje det vert omstege til, eller næraste naturlege knutepunkt. Overgang gjeld ved vidarereise, men ikkje ved returreise. Med returreise meiner ein tilbakereise med same linje eller med andre linjer langs same trasé eller langs tilgrensande trasear som ligg innan naturleg gangavstand frå fyrste busstrasé. Overgang må finna stad innan 1 time etter at fyrste billett er kjøpt, med tillegg på 10 minuttar for kvar sone det er løyst billett for. Ved nokre overgangar kan den reisande verta pålagd å løysa ny billett ved terminalar/omstigingshaldeplassar. Ein får overgang til tredje buss ved framsyning av billett frå fyrste og andre buss. Overgangstid frå fyrste billett gjeld. 6.1 Overgang mellom ulike transportmiddel Når buss inngår i reisestrekninga før og etter ferje/lokalbåt/snøggbåt/tog, kan ein for andre busstrekning nytta overgangsordninga. Det vert ikkje gjeve prisreduksjon for båt- og togstrekningar, unnateke Snøggbåtruta Kleppestø Bergen. For gjennomgåande reiser med buss/båt/ferje kan PeriodeSkyss vaksen og student kjøpast til ein pris tilsvarande busstakst på den aktuelle strekninga. 7. REFUSJONAR Reiseprodukt og verdi på anonyme Skysskort vert ikkje erstatta og skal difor ikkje meldast inn. Refusjon av reiseprodukt og/eller restverdi (KontantSkyss) gjeld berre for personlege Skysskort. Erstatningsprodukt vert gjeve ut mot framvising av kvittering til sjåfør (ev. utsalsstad) i påvente av nytt kort. Ved tapt kort må ein rette seg til utsalsstad eller kundesenteret snarast råd for refusjon og bestilling av nytt kort. dersom følgjande er oppfylt på det tidspunktet tapet eller feilen vert meldt: PeriodeSkyss: Meir enn sju dagar igjen av gyldig periode UngdomSkyss: Meir enn sju dagar igjen av gyldig periode KontantSkyss: Restverdien er over kr 50,- 7.1 I sjukdomshøve Dersom ein grunna sjukdom ikkje kan nytte PeriodeSkyss 30 dagar og 180 dagar, kan refusjonskrav sendast til Skyss. 4

5 Refusjon vert gjeve mot legefråsegn, med 1/30 del av prisen pr. dag PeriodeSkyss ikkje har vore nytta, soframt dette er meir enn 10 dagar. Ein reknar at reiseproduktet har vore i bruk til og med innleveringsdagen. Har kortet som fylgje av omstenda, ikkje kunne vore levert inn til Skyss, kan refusjon likevel ytast mot fullgod legitimasjon for det tal dagar kortet ikkje har vore nytta. 8. REISEGODS O.L 8.1 Barnevogner, rullestolar og ski Barnevogner, rullestolar og ski vert teke med gratis så langt plassen tillet det. 8.2 Dyr Førarhund saman med betalande blind, og politihund saman med fullt betalande polititenestemann i uniform vert prioritert og reiser fritt. Elles skal det løysast barnetakst for hund. Maksimaltakst kr 40, Syklar Syklar vert teke med dersom plassen tillet det. For desse vert det rekna barnetakst. Maksimaltakst kr 40,-. 5

HORDALAND FYLKESKOMMUNE

HORDALAND FYLKESKOMMUNE HORDALAND FYLKESKOMMUNE 01.07.2012 Skyss REGLEMENT FOR TAKSTAR OG RABATTORDNINGAR FOR BUSS OG BYBANEN I HORDALAND NYTT BILLETTSYSTEM Gjeldande frå 01. juli 2012 og inntil vidare 1. GENERELLE REGLAR Reglementet

Detaljer

REGLEMENT FOR TAKSTAR OG RABATTORDNINGAR FOR BUSS OG SNØGGBÅT I HORDALAND GAMALT BILLETTSYSTEM (BUSPOS) Gjeldande frå 1. mars 2010 og inntil vidare

REGLEMENT FOR TAKSTAR OG RABATTORDNINGAR FOR BUSS OG SNØGGBÅT I HORDALAND GAMALT BILLETTSYSTEM (BUSPOS) Gjeldande frå 1. mars 2010 og inntil vidare HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga 01.03.2010 REGLEMENT FOR TAKSTAR OG RABATTORDNINGAR FOR BUSS OG SNØGGBÅT I HORDALAND GAMALT BILLETTSYSTEM (BUSPOS) Gjeldande frå 1. mars 2010 og inntil vidare

Detaljer

VILKÅR FOR REISER MED BUSS OG BÅT I SOGN OG FJORDANE

VILKÅR FOR REISER MED BUSS OG BÅT I SOGN OG FJORDANE VILKÅR FOR REISER MED BUSS OG BÅT I SOGN OG FJORDANE Nedanfor finn du informasjon om vilkår for kollektivreiser med buss og båt internt i Sogn og Fjordane. Desse gjeld for alle operatørar. Kringom sin

Detaljer

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring Ansvarleg sakshandsamar sign. for utført handling: Saka er godkjend av fylkesrådmannen: Dokumentoversyn: Tal prenta vedlegg: * Tal uprenta vedlegg: * Riksregulativet for ferjetakstar - høyring Fylkesrådmannen

Detaljer

Rute 23-501 Ekspressbåt Sogn - Bergen

Rute 23-501 Ekspressbåt Sogn - Bergen Rute 23-501 Ekspressbåt Sogn - Takstar frå 1. januar 2010 Vardetangen 205 Vardetangen Mjømna/Klaunes 270 60 Mjømna/ Klaunes Sollibotn/Eivindvik 300 110 60 Sollib./Eivindvik Nåra 347 135 77 84 Nåra Rysjedalsvika

Detaljer

Busslinjer i Notoddenregionen Linje 103, 301, 305, 312, 313, 321, 322, 323 TIMEbussen linje 1 6

Busslinjer i Notoddenregionen Linje 103, 301, 305, 312, 313, 321, 322, 323 TIMEbussen linje 1 6 Busslinjer i Notoddenregionen Linje 103, 301, 305, 312, 313, 321, 322, 323 TIMEbussen linje 1 6 Vi kjører for deg! nettbuss.no farte.no Rutetabell gyldig fra 04.01.2016 22.06.2016 Takstreglement Gjeldande

Detaljer

ENDRINGAR I TAKSTREGLEMENTET FOR BUSS OG SNØGGBÅT I HORDALAND

ENDRINGAR I TAKSTREGLEMENTET FOR BUSS OG SNØGGBÅT I HORDALAND HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 200910148-1 Arkivnr. 831 Saksh. Ådlandsvik, Lise Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Møtedato 10.02.2010 17.02.2010-18.02.2010 ENDRINGAR I TAKSTREGLEMENTET

Detaljer

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema. 1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal

Detaljer

Bybussen i Ålesund. Rutetabell: Gyldig 23.08.10-19.06.11 www.nettbuss.no. Bybussen i Ålesund

Bybussen i Ålesund. Rutetabell: Gyldig 23.08.10-19.06.11 www.nettbuss.no. Bybussen i Ålesund Bybussen i Ålesund Rutetabell: Gyldig 23.08.10-19.06.11 www.nettbuss.no Bybussen i Ålesund Sideoversikt Linjekart... 2 Rabattkort på bussen... 4 Serviceruta... 5 Oversiktstabeller: Skarbøvika-Moa...6-9

Detaljer

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde Vedteke i kommunestyret 12.12.2013, sak K 13/169 Endra i kommunestyret 27.8.2015, sak K 15/96 Gjeldande frå ny kommunestyreperiode 2015-2019 INNHALD:

Detaljer

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m. 15.02.10

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m. 15.02.10 NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m. 15.02.10 1. FØREMÅL Det skal vere ein SFO i kommunen. Skulefritidsordninga skal leggja til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar

Detaljer

TRANSPORTVEDTEKTER FOR HORDALAND FYLKESKOMMUNE V/ SKYSS

TRANSPORTVEDTEKTER FOR HORDALAND FYLKESKOMMUNE V/ SKYSS TRANSPORTVEDTEKTER FOR HORDALAND FYLKESKOMMUNE V/ SKYSS Godkjent av Samferdselsdepartementet xx.xx.2013. Kap. 1 Reisande 1 Kven gjeld vilkåra for Transportvilkåra gjeld som avtale mellom Hordaland Fylkeskommune

Detaljer

NORDDAL KOMMUNE. Reglement for godtgjering til folkevalde

NORDDAL KOMMUNE. Reglement for godtgjering til folkevalde NORDDAL KOMMUNE Reglement for godtgjering til folkevalde Vedteke: Ksak 80/13 Gjeld frå: 01.12.2013 INNHALD: 1.0 Kven reglementet gjeld for... side 2 2.0 Formål... side 2 3.0 Møte... side 2 4.0 Godtgjering...

Detaljer

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering Ditt val! Vidaregåande opplæring 2007 2008 Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering Bygg- og anleggsteknikk Design og handverk Elektrofag Helse- og sosialfag Medium og kommunikasjon Naturbruk

Detaljer

KJØP AV KORT/BILLETTER Kort og billetter som selges med aldersrestriksjoner må kjøpes ved et billettutsalg ved førstegangs kjøp.

KJØP AV KORT/BILLETTER Kort og billetter som selges med aldersrestriksjoner må kjøpes ved et billettutsalg ved førstegangs kjøp. Prisreglement reglement i Buskerud Gyldig fra 1. januar 2014 ELEKTRONISKE REISEKORT Brakar tilbyr to typer reisekort: Brakar Reisekort og Brakar Ungdomskort. Ved førstegangs utstedelse av kort tilkommer

Detaljer

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015 INFORMASJON Kommunestyre- og fylkestingsvalet 0 Viktig informasjon til deg som skal stemme Valdagen er. september. Hugs legitimasjon! Kommunestyre- og fylkestingsvalet 0 Ved valet vel vi representantar

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk Søk regionale miljøtilskudd elektronisk I 2015 er det endå enklare å levere søknaden om regionalt miljøtilskot på internett. Me vonar du søkjer elektronisk. I denne folderen er det ei skildring av korleis

Detaljer

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk GSI'09 Voksenopplæring (Vo) rettleiing nynorsk Datert 01.10.2009 Side 1 av 11 Grunnskolens Informasjonssystem (GSI) GSI09, Vo-eining Generelt A. Deltakarar i vaksenopplæring på grunnskoleområdet. Alle

Detaljer

Endringar i studentreglementet for Fagskolane i Hordaland

Endringar i studentreglementet for Fagskolane i Hordaland OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2014/2-69 Saksbehandlar: Adeline Berntsen Landro Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Hordaland fagskulestyre 27.01.2015 Endringar i studentreglementet for Fagskolane

Detaljer

AURE KOMMUNE. Rutetabell gyldig frå 05.01.2015 BESTILLINGSTRANSPORT

AURE KOMMUNE. Rutetabell gyldig frå 05.01.2015 BESTILLINGSTRANSPORT KOMMUNE Rutetabell gyldig frå 05.01.2015 BESTILLINGSTRANSPORT OM FRAM FLEXX FRAM FLEXX BESTÅR AV DESSE TILBODA: FRAM Flexx er bestillingstrafikk og inngår som ein del av det ordinære kollektivtilbodet

Detaljer

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/09 17. juni 2009

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/09 17. juni 2009 1 Føremål med reglane, kven reglane gjeld for Heradet har som overordna mål, innan gitte økonomiske rammer, å leggja tilhøva til rette for god kompetanseutvikling i heile heradsorganisasjonen, slik at

Detaljer

Rettleiing. - utfylling av refusjonsskjema for faste praksisskular

Rettleiing. - utfylling av refusjonsskjema for faste praksisskular Rettleiing - utfylling av refusjonsskjema for faste praksisskular Reknearket for refusjon er å finne på: www.hisf.no For praksisfeltet (øvst i skjermbildet). Klikk vidare til Grunnskulelærarutdanning 1-7/5-10.

Detaljer

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden 0311 ESPEN ASKELADD VIDDA 1 VIDDA 2 0028 OSLO 123456 78910 BYDEL GAMLE OSLO 5. mars 2013 Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden Husbanken har

Detaljer

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09 TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE Sist redigert 15.06.09 VISJON TILTAK Stord kulturskule skal vera eit synleg og aktivt kunstfagleg ressurssenter for Stord kommune, og ein føregangsskule for kunstfagleg

Detaljer

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD Utgangspunktet for saka er budsjettvedtak i KOM 21.12.2011 der innsparing ved nedlegging av Helstad skule ligg som føresetnad for balanse i framlagt budsjett.

Detaljer

Busslinjer i Notoddenregionen Linje 103, 301, 305, 312, 313, 321, 322, 323 TIMEbussen linje 1 6

Busslinjer i Notoddenregionen Linje 103, 301, 305, 312, 313, 321, 322, 323 TIMEbussen linje 1 6 Busslinjer i Notoddenregionen Linje 103, 301, 305, 312, 313, 321, 322, 323 TIMEbussen linje 1 6 Vi kjører for deg! nettbuss.no vkt.no Internett-versjon Rutetabell gyldig fra 17.08.2015 04.10.2015 Prisregler

Detaljer

Retningslinjer for. Transportordninga for funksjonshemma i Hordaland

Retningslinjer for. Transportordninga for funksjonshemma i Hordaland HORDALAND FYLKESKOMMUNE Retningslinjer for Transportordninga for funksjonshemma i Hordaland Gjeldande frå 1.November 2014 23.05.2014 Innhald: 1. Formål 3 2. Kven kan nytte ordninga? 3 3. Godkjenningsperiode

Detaljer

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012 Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012 Onsdag 28 mars inviterer vi entreprenørskapsungdom, lokale bedrifter og andre lag og organisasjonar til årets entreprenørskapsmesse i Naustdalshallen. Her

Detaljer

Sommerruter Rutetabell: Gyldig 21.06.10-22.08.10 www.nettbuss.no Bybussen i Ålesund

Sommerruter Rutetabell: Gyldig 21.06.10-22.08.10 www.nettbuss.no Bybussen i Ålesund Sommerruter Rutetabell: Gyldig 21.06.10-22.08.10 www.nettbuss.no Bybussen i Ålesund Nyhet: 3 avganger tur/retur Ålesund sentrum til Fjellstua man-fre. 2 Sideoversikt Linjekart... 2 Rabattkort på bussen...

Detaljer

Takstar som virkemiddel for å få fleire til å reise kollektivt - spørsmål om utviding av ungdomskortordninga - studentmoderasjonar m m

Takstar som virkemiddel for å få fleire til å reise kollektivt - spørsmål om utviding av ungdomskortordninga - studentmoderasjonar m m saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 23.05.2012 31717/2012 Arild Fuglseth Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet 30.05.2012 Takstar som virkemiddel for å få fleire til å reise kollektivt

Detaljer

1. Sogn og Fjordane fylkeskommune vidarefører sin produksjon på Hol-Aurland, Maurstad- Åheim og Folkestad Nordfjordeid.

1. Sogn og Fjordane fylkeskommune vidarefører sin produksjon på Hol-Aurland, Maurstad- Åheim og Folkestad Nordfjordeid. Side 1 av 6 Saksframlegg Saksbehandlar: Øystein Hunvik, Samferdsleavdelinga Sak nr.: 13/7031-3 Fylkeskryssande bussruter Framlegg til vedtak: Fylkesdirektøren rår hovudutval for samferdsle til å gjere

Detaljer

ARBEIDSVILKÅR FOR FOLKEVALDE

ARBEIDSVILKÅR FOR FOLKEVALDE VOSS KOMMUNE ARBEIDSVILKÅR FOR FOLKEVALDE Vedtekne i kommunestyret 30. november 1995, sak 93. Endra i kommunestyret 26. august 1999, sak 49 20. juni 2001, sak 53 27. november 2007, sak 78 (kursiv) og 29.

Detaljer

STORD IDRETTSLAG. STORD IDETTSLAG LOVHEFTE LAGSNAMN 1 FØREMÅL 2 ORGANISATORISK TILKNYTING. Revisjon. 2009

STORD IDRETTSLAG. STORD IDETTSLAG LOVHEFTE LAGSNAMN 1 FØREMÅL 2 ORGANISATORISK TILKNYTING. Revisjon. 2009 Revisjon. 2009 LAGSNAMN Laget sitt fulle namn er Stord Idrettslag (Forkorta til S.I.L) 1 FØREMÅL LOVHEFTE FOR Laget er sjølveigande og firttståande med berre personlege medlemmer. Laget sitt føremål er

Detaljer

Prisar på porto for 2015

Prisar på porto for 2015 Storleiken og vekta på brevet avg jer prisen Les meir på posten.no, eller ring kundeservice på 04004 Prisar på porto for 201 Brev Pakker Frimerker til samling Hvordan motta post Bank og finans Billetter

Detaljer

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Rettleiing for revisor sin særattestasjon Rettleiing for revisor sin særattestasjon Om grunnstønad til nasjonalt arbeid til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, statsbudsjettets kap. 857, post 70 (Jf. føresegn om tilskot til frivillige

Detaljer

Tilleggsutredning. Modell - Hordaland, en takstsone. Bergen 19.05.2014

Tilleggsutredning. Modell - Hordaland, en takstsone. Bergen 19.05.2014 Tilleggsutredning Modell - Hordaland, en takstsone Bergen 19.05.2014 Oppsummering - Innføring av en takstsone i hele Hordaland Fordeler Enkelt å bruke og forstå Enkelt salg av billetter i alle salgskanaler

Detaljer

10/60-14/N-211//AMS 22.05.2013

10/60-14/N-211//AMS 22.05.2013 INTERNT NOTAT MASFJORDEN KOMMUNE «SSE_NAVN» Til: Kommunestyret Frå: Alf Strand Dok. ref. Dato: 10/60-14/N-211//AMS 22.05.2013 Vedtekter for barnehagane i Masfjorden Vedlagt følgjer reviderte vedtekter

Detaljer

Plan for Liabygda SFO

Plan for Liabygda SFO Plan for Liabygda SFO Generelt: Liabygda SFO er ein del av den kommunale skulefritidsordninga i Stranda kommune. Liabygda SFO er underlagt dei vedtekne kommunale retningsliner for skulefritidsordningane.

Detaljer

SØKNAD OM SKJENKING AV ALKOHOLHALDIG DRIKK

SØKNAD OM SKJENKING AV ALKOHOLHALDIG DRIKK Lindås kommune Kvernhusmyrane 20 5914 ISDALSTØ SØKNAD OM SKJENKING AV ALKOHOLHALDIG DRIKK Søkjar (1) Namn: F.dato/org. nr Adresse: Telefonnr. Epost: : SØKNADEN GJELD SKJENKING FOR Gebyr kr. 290,- Det blir

Detaljer

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Fagopplæringskontoret Arkivsak 201206348-10 Arkivnr. 545 Saksh. Isdal, Sigrid Saksgang Yrkesopplæringsnemnda Opplærings- og helseutvalet Møtedato 09.04.2013

Detaljer

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR. INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR. Kva er ein støttekontakt/avlastar? Støttekontakten er ein person som gjev andre støtte og oppfølging på fritida. Tenesta skal vere tilpassa den enkelte, og målsettinga

Detaljer

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Fagopplæringskontoret Arkivsak 201206699-9 Arkivnr. 545 Saksh. Svendsen, Anne Sara Saksgang Yrkesopplæringsnemnda Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak; saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 14.08.2013 49823/2013 Sverre Hollen Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013 Anonym retting av prøver våren 2013 Bakgrunn I sak Ud-6/12 om anonym

Detaljer

OPPLÆRING OG GJENNOMGANG AV PROSEDYRE FOR: AKUTT HJELP FOR: barn og elevar i barnehage og skule i Naustdal kommune

OPPLÆRING OG GJENNOMGANG AV PROSEDYRE FOR: AKUTT HJELP FOR: barn og elevar i barnehage og skule i Naustdal kommune For pedagog/assistent/vikar som jobbar i skule og barnehage i Naustdal kommune Krav til aktivitet 1.) Du skal ha regelmessing gjennomgang av og opplæring i prosedyrer for rutiner ved brann, brannøvingar,bruk

Detaljer

Sandeid skule SFO Årsplan

Sandeid skule SFO Årsplan SFO Årsplan Telefon: 48891441 PRESENTASJON AV SANDEID SKULE SIN SFO SFO er eit tilbod til elevar som går på i 1. til 4. klasse. Rektor er leiar av tilbodet. Ansvaret for den daglege drifta er delegert

Detaljer

Informasjon og søknadsblankett for arbeids- eller utdanningsreiser for funksjonshemma

Informasjon og søknadsblankett for arbeids- eller utdanningsreiser for funksjonshemma Informasjon og søknadsblankett for arbeids- eller utdanningsreiser for funksjonshemma Ei forsøksordning i regi av Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Samferdselsdepartementet Samferdselsdepartementet

Detaljer

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Driftsstyret 16.03.2011 REVIDERING AV SKYSSREGLEMENTET I MØRE OG ROMSDAL FYLKE - HØYRINGSUTTALE

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Driftsstyret 16.03.2011 REVIDERING AV SKYSSREGLEMENTET I MØRE OG ROMSDAL FYLKE - HØYRINGSUTTALE VOLDA KOMMUNE SAKSDOKUMENT Sakshandsamar: Per Ivar Kongsvik Arkivsak nr.: 2010/2206 Arkivkode: N06 Utvalsaksnr Utval Møtedato Driftsstyret 16.03.2011 REVIDERING AV SKYSSREGLEMENTET I MØRE OG ROMSDAL FYLKE

Detaljer

Takstregulativ for kollektivtransporten i Hordaland

Takstregulativ for kollektivtransporten i Hordaland SKYSS Arkivnr: 2014/15892-7 Saksbehandlar: Tom Arne Steinstad Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Samferdselsutvalet 16.09.14 Fylkesutvalet 24.09.14 Takstregulativ for kollektivtransporten i Hordaland

Detaljer

Betalingsreduksjon i foreldrebetaling BARNEHAGANE I SVEIO

Betalingsreduksjon i foreldrebetaling BARNEHAGANE I SVEIO Betalingsreduksjon i foreldrebetaling BARNEHAGANE I SVEIO Vedtekne av kommunestyret i Sveio 01.11.2010 2 Retningslinjer for reduksjon i foreldrebetaling i barnehagar: Vedtekne av kommunestyret i Sveio

Detaljer

Internasjonal vidaregåande skule

Internasjonal vidaregåande skule Internasjonal vidaregåande skule Tilbod om eit skuleår i utlandet Elevar som tek Vg1 på Studiespesialiserande utdanningsprogram i år, kan ta Vg2 i Skottland neste år. Møre og Romsdal fylkeskommune 1. Innleiing

Detaljer

Søknad om nye ruteløyve for Nordfjordekspressen og Møreekspressen : : : Sett inn innstillingen under denne linja

Søknad om nye ruteløyve for Nordfjordekspressen og Møreekspressen : : : Sett inn innstillingen under denne linja Side 1 av 6 Saksframlegg Saksbehandlar: Øystein Hunvik, Eva Fosshagen og Inge Horstad, Samferdsleavdelinga Sak nr.: 15 / 8257-5 Søknad om nye ruteløyve for Nordfjordekspressen og Møreekspressen : : : Sett

Detaljer

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmeldinga frå Austevoll maritime fagskule gjev ein oppsummering av dei viktigaste funna i student

Detaljer

Retningslinjer for Transportordninga for funksjonshemma i Hordaland. Gjeldande frå 1. mars 2009

Retningslinjer for Transportordninga for funksjonshemma i Hordaland. Gjeldande frå 1. mars 2009 Retningslinjer for Transportordninga for funksjonshemma i Hordaland Gjeldande frå 1. mars 2009 2 Innhald: 1. Formål... 4 2. Kven kan nytte ordninga?... 4 3. Godkjenningsperiode... 4 4. Brukartak... 4 5.

Detaljer

BUSSPRISER 2013. for Aust-Agder. Buss er billigst med busskort. busskort.no

BUSSPRISER 2013. for Aust-Agder. Buss er billigst med busskort. busskort.no BUSSPRISER 2013 for Aust-Agder Buss er billigst med busskort busskort.no Fra 1. februar 2013 NYHET: Verdikort gir 30 % rabatt for alle! TILBUD: BUSS K O,- RT I februar 2013 spanderer vi engangsgebyret

Detaljer

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til

Detaljer

SANDØY KULTURSKULE RETNINGSLINER

SANDØY KULTURSKULE RETNINGSLINER SANDØY KULTURSKULE RETNINGSLINER Reglement for Sandøy kulturskule. 1 Samarbeid mellom skule og heim Kulturskulen freistar til ei kvar tid å utvikle samarbeidet/kontakten mellom skule og heim. I revideringa

Detaljer

SØKNAD OM RUTELØYVE FOR SIGHTSEEINGBUSS I BERGEN SENTRUM

SØKNAD OM RUTELØYVE FOR SIGHTSEEINGBUSS I BERGEN SENTRUM HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 200811709-6 Arkivnr. 8323 Saksh. Rødseth, Tor Harald Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Møtedato 01.04.2009 22.04.2009-23.04.2009 SØKNAD OM

Detaljer

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD Magne Vivelid Gaular Frivilligsentral 24. Mai 2012 Gaular, ein kommune i vakre Sogn og Fjordane 07.06.2012 Landskonferansen på Alexandra 2 Gaular, med dei 3 ruteområda

Detaljer

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg. Interkontrollhandbok Side: 1 av 5 1. FORMÅL Føremålet med dette kapitlet er å kvalitetssikra oppfølginga av tilsette som vert sjukmelde. Kapitlet gjev derfor oversikt over kva rutinar som skal følgjast

Detaljer

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Førebygging 1.1 Skulemiljøet Ein venleg og integrerande skule er naudsynt for å oppnå eit godt læringsmiljø, både fagleg og sosialt. Skulen skal vere ein trygg og triveleg

Detaljer

Rutinar for overgangen frå. barnehage til skule

Rutinar for overgangen frå. barnehage til skule Rutinar for overgangen frå barnehage til skule FORORD Hausten 2008 oppretta Lindås kommune ei gruppe Tidleg innsats, som mellom anna skulle utarbeida rutinar for overgangen frå barnehage til skule. Gruppa

Detaljer

SOMMER 2016 RUTETIDER

SOMMER 2016 RUTETIDER 3750 DRANGEDAL - Tlf. 35 99 81 00 www.drangedal-bilruter.no SOMMER 2016 RUTETIDER Gjelder fra 20. juni 2016 til og med 14. august 2016 Drangedal Kragerø Bamble (vest) Vi samarbeider med konkurrenten.no

Detaljer

Alt om skoleskyss i Rogaland

Alt om skoleskyss i Rogaland Alt om skoleskyss i Rogaland Hvem har rett på skoleskyss? Elever som er varig funksjonshemmet eller midlertidig skadet. Elever i barne- og ungdomsskolen som oppfyller følgende krav: Du har mer enn 4 km

Detaljer

PASIENTTRANSPORT REKVISISJON

PASIENTTRANSPORT REKVISISJON For behandlere etter folketrygdloven kapittel 5, kjørekontor og NAV lokalt. PASIENTTRANSPORT REKVISISJON Behandlere plikter å gjøre seg kjent med pasientrettighetslovens regler, og retningslinjer for utstedelse

Detaljer

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VÅGÅ.

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VÅGÅ. VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VÅGÅ. Vedtekne av Vågå kommunestyre 7.mai 1979 og seinare justerte i vedtak i Vågå kommunestyre, sak 78/82, 119/88, 10/89, 18/91,19/93, 31/94, 138/94, 7/97, 25/2000,

Detaljer

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014 KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014 1 INTRODUKSJON AV VERKSEMDA Ågotnes skule ligg på Ågotnes, og er ein av seksten skular i Fjell kommune i Hordaland fylke. Skulen er ein middels stor barneskule om

Detaljer

Generell Årsplan 2012-2015. Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Generell Årsplan 2012-2015. Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start Generell Årsplan 2012-2015 Barnehageeininga Samnanger kommune Saman om ein god start 1 Organisering. Barnehageeininga har ein felles einingsleiar og styrar på kvar barnehage. Opptakskrins og plassering.

Detaljer

Arbeidsreglement. Tilsetjing. Arbeidsavtale. Legeattest

Arbeidsreglement. Tilsetjing. Arbeidsavtale. Legeattest Arkivkode Arkivsaknr. Løpenr. Dato 12/4098-2 112797/12 12.12.2012 Arbeidsreglement Vedteke i K.sak 95/48. Revidert av rådmannen 18.03.05. Oppdatert 01.07.10. Handsama i administrasjonsutvalet den 21.12.2012,

Detaljer

Bustønad 2008. Ei stønadsordning for deg med høge buutgifter og låge inntekter

Bustønad 2008. Ei stønadsordning for deg med høge buutgifter og låge inntekter Bustønad 2008 Ei stønadsordning for deg med høge buutgifter og låge inntekter 2 Denne brosjyren gir eit oversyn over bustønadskontoret. Brosjyren byggjer på gjeldande reglar per 1. januar 2008. Vi gjer

Detaljer

Fra prosjekt til drift - eksempel på politisk vedtak i Stord

Fra prosjekt til drift - eksempel på politisk vedtak i Stord Fra prosjekt til drift - eksempel på politisk vedtak i Stord Sak til komité for levekår 05.10.04 1.0 Bakgrunn Komité for levekår vedtok 09.04.02 i sak 0008/02 å opprette eit prosjekt retta mot unge langtidsmottakarar

Detaljer

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT Vedteke i k-sak 24/05 den 14.6.05 Ref: ARH 04/01451-004 Løpenr: 002499/05 Arkivnr: 410 JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT I N N H A L D 1. OMFANG...1 1.1. Definisjon... 1 1.2. Tilhøve til lov, tariffavtale

Detaljer

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv): VEDLEGG 1 I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv): 2-12 tredje ledd skal lyde: For private grunnskolar

Detaljer

Hallingdal. Gyldig 18.08.11-19.06.12

Hallingdal. Gyldig 18.08.11-19.06.12 Hallingdal Gyldig 18.08.11-19.06.12 VINTERRUTER 2011/2012 Velkommen ombord! Takstregler pr. 01.04.11 fastsatt av Buskerud Kollektivtrafikk AS. Billettinformasjon Generelt om enkeltbillett: Billett løysast

Detaljer

GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE

GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE Balestrand kommune GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE Reglement for godtgjersle til folkevalde i Balestrand kommune Revidert og godkjent i Balestrand kommunestyre xxxxxx (sak xx/xxx) Gjeld frå kommunestyerperioden

Detaljer

Vår ref. 2014/1235-78. Høyringsuttale til tannhelsetenesta sin klinikkstrukturplan

Vår ref. 2014/1235-78. Høyringsuttale til tannhelsetenesta sin klinikkstrukturplan Fellestenester Politisk sekretariat HFK Tannhelseavdelinga Postboks 7900 Rosendalsvegen 10 5470 ROSENDAL Tel: 53483100 Fax: 53483130 Org. nr: 964 967 636 Bankgiro: 3460.07.00083 post@kvinnherad.kommune.no

Detaljer

Kapittel 5. Klage på vurdering (Opplæringslova 2-3 tredje ledd, 3-4 første ledd, 4A-4 femte ledd)

Kapittel 5. Klage på vurdering (Opplæringslova 2-3 tredje ledd, 3-4 første ledd, 4A-4 femte ledd) Kapittel 5. Klage på vurdering (Opplæringslova 2-3 tredje ledd, 3-4 første ledd, 4A-4 femte ledd) 5-1.Kva det kan klagast på Det kan klagast på standpunktkarakterar, eksamenskarakterar, karakterar til

Detaljer

Forbrukerrådets husleiekontrakt

Forbrukerrådets husleiekontrakt Om kontrakten Dette er Forbrukarrådet sin standardkontrakt for leige av bustad. På Forbrukerrådets hjemmeside finn de informasjon om reglar i husleigeforhold, skjema ved overtaking av bustad, og inventarliste

Detaljer

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN Lov for Jotun, skipa 30.03.1923. Vedteken den 10.06.1945, med seinare endringar seinast av 29.06.2000. Revidert etter årsmøte i 2007 og 2011. Godkjend av Idrettsstyret: 18.02.02

Detaljer

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET Retningslinjer og informasjon Retningslinjer og informasjon om barnehagetilbodet TILBODET I BARNEHAGANE Barnehagane skal i samarbeid og forståing med heimen ivareta

Detaljer

Søknad om skilsmisse etter to års samlivsbrot (etter ekteskapslova 22)

Søknad om skilsmisse etter to års samlivsbrot (etter ekteskapslova 22) Søknad om skilsmisse etter to års samlivsbrot (etter ekteskapslova 22) Dersom samlivet har vore brote i minst to år, kan kvar av dykk krevje skilsmisse ved å fylle ut dette skjemaet. Fylkesmannen har kun

Detaljer

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007 Rapport om målbruk i offentleg teneste 27 Institusjon: Adresse: Postnummer og -stad: Kontaktperson: E-post: Tlf.: Dato: Høgskolen i Sør-Trøndelag 74 Trondheim Lisbeth Viken lisbeth.viken@hist.no 7355927

Detaljer

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE Kultur og oppvekst PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE KAP. 1. SØKNADSRUTINER FOR SPESIALUNDERVISNING FOR SKULEN OG SPESIALPEDAGOGISK HJELP BARNEHAGEN. 1.0 INNLEIING Det er viktig å utvikle

Detaljer

SØKNAD OM HJELPETILTAK FOR BORN OG UNGE 0-18 ÅR.

SØKNAD OM HJELPETILTAK FOR BORN OG UNGE 0-18 ÅR. TIME KOMMUNE TENESTEOMRÅDE OPPVEKST Saksbehandlar Hanne Lene Grutle Haara Dato: Arkiv: Vår ref (saksnr.): Løpenr.: Dykkar ref.: 1 SØKNAD OM HJELPETILTAK FOR BORN OG UNGE 0-18 ÅR. SØKJAR Namn på brukar:

Detaljer

Kvalitetsplan mot mobbing

Kvalitetsplan mot mobbing Kvalitetsplan mot mobbing Bryne ungdomsskule Januar 2016 Kvalitetsplan for Bryne ungdomsskule 1 Introduksjon av verksemda Bryne ungdomsskule ligg i Bryne sentrum i Time kommune. Me har om lag 450 elevar

Detaljer

Øystese barneskule April - 08

Øystese barneskule April - 08 Øystese barneskule April - 08 1 Innleiing: 9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane. Skulen skal aktivt driva eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å fremja helsa,

Detaljer

INNHALD. 8. Refusjon av utgifter... 12. 1. Lovheimel... 2

INNHALD. 8. Refusjon av utgifter... 12. 1. Lovheimel... 2 INNHALD 1. Lovheimel... 2 2. Kva gir rett på skyss 2.1. Avstand... 2 2.2. Båtskyss... 5 2.3. Obligatorisk utplassering/ praksis... 5 3. Funksjonshemming og mellombels skade 3.1. Generelle reglar... 6 3.2.

Detaljer

FELLES FORVALTNING AV ELEKTRONISK BILLETTERING FOR KOLLEKTIVTRANSPORTEN I NOREG.

FELLES FORVALTNING AV ELEKTRONISK BILLETTERING FOR KOLLEKTIVTRANSPORTEN I NOREG. HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 201111063-1 Arkivnr. 810 Saksh. Vestrheim, Magnus Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Møtedato 23.11.2011 28.11.2011-29.11.2011 FELLES FORVALTNING

Detaljer

SAMFERDSELSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Samferdselsutvalet 09.04.2014 Fylkesutvalet 23.04.2014

SAMFERDSELSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Samferdselsutvalet 09.04.2014 Fylkesutvalet 23.04.2014 SAMFERDSELSAVDELINGA Arkivnr: 2014/11298-9 Saksbehandlar: Tor Harald Rødseth Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Samferdselsutvalet 09.04.2014 Fylkesutvalet 23.04.2014 Søknad frå Tide Buss AS om

Detaljer

TRØGSTAD 2016. Gyldig fra VI HENTER OG KJØRER DEG TIL BUSSPRIS

TRØGSTAD 2016. Gyldig fra VI HENTER OG KJØRER DEG TIL BUSSPRIS TRØGSTAD KOMMUNE 2016 2016 Gyldig fra JANUAR VI HENTER OG KJØRER DEG TIL BUSSPRIS OM FLEXX Flexx er bestillingstrafikk og inngår som en del av det ordinære kollektivtilbudet i Østfold, men er ikke som

Detaljer

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A Skriftlig eksamen i Matematikk 1, 4MX15-10E1 A 15 studiepoeng ORDINÆR EKSAMEN 19. desember 2011. BOKMÅL Sensur faller innen onsdag 11. januar 2012. Resultatet blir tilgjengelig på studentweb første virkedag

Detaljer

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Bustadområde i sentrum. Vurdering Bustadområde i sentrum Vurdering Balestrand 10.10.2009 Gode bustadområde i Balestrand sentrum Kommuneplan, arealdelen Status I. Sentrumsnære buformer For Balestrand sentrum er det gjeldande reguleringsplanar

Detaljer

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane. 1 Øystese barneskule Innleiing: September-2012 9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane. Skulen skal aktivt driva eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å fremja

Detaljer

RIKSREGULATIV FOR FERJETAKSTER GJELDENDE FRA 1. JANUAR 2007 1. TAKSTBESTEMMELSER

RIKSREGULATIV FOR FERJETAKSTER GJELDENDE FRA 1. JANUAR 2007 1. TAKSTBESTEMMELSER RIKSREGULATIV FOR FERJETAKSTER GJELDENDE FRA 1. JANUAR 2007 1. TAKSTBESTEMMELSER 1.1 Takstbestemmelsene omfatter all person- og godstransport, herunder også passasjerer, gods, samt egne kjøretøy, befraktet

Detaljer

Saka viser vidare at 55% av lærlingane kan nytte ungdomskortet, og såleis reise fritt i Sogn og Fjordane for 365 kr. per månad.

Saka viser vidare at 55% av lærlingane kan nytte ungdomskortet, og såleis reise fritt i Sogn og Fjordane for 365 kr. per månad. Side 1 av 6 Saksframlegg Saksbehandlar: Anna Kristine Gytri, Inge Horstad, Samferdsleavdelinga Sak nr.: 19/690-1 Kollektiv - Rabatt for lærlingar Fylkesrådmannen rår hovudutval for samferdsle til å gje

Detaljer

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012 Om Øving Lyneld Øving Lyneld er primært ei varslingsøving som Fylkesmannen i Hordaland gjennomfører med ujamne mellomrom for å teste beredskapsvarslinga til kommunane i Hordaland og Hordaland fylkeskommune.

Detaljer

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

Tilleggsinnkalling til Formannskapet Tilleggsinnkalling til Formannskapet Møtedato: 27.10.2015 Møtestad: Flora samfunnshus Møtetid: 09:00 - Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå så snart råd er, tlf. 57

Detaljer

REGLEMENT FOR FOLKEVALDE SINE ARBEIDSVILKÅR

REGLEMENT FOR FOLKEVALDE SINE ARBEIDSVILKÅR SUND KOMMUNE Dok.dato: 03.06.2013 Vår Ref: 2011002433-3 Arkiv: N-028 REGLEMENT FOR FOLKEVALDE SINE ARBEIDSVILKÅR Vedteke av kommunestyret 07. nov. 2006 sak K-104/06 gjeldande frå 01.01.2007 Oppdatert etter

Detaljer

MARKER KOMMUNE GYLDIG FRA 20. JUNI 2016

MARKER KOMMUNE GYLDIG FRA 20. JUNI 2016 MARKER KOMMUNE GYLDIG FRA 20. JUNI 2016 OM FLEXX Flexx er bestillingstrafikk og inngår som en del av det ordinære kollektivtilbudet i Østfold, men er ikke som en vanlig busstur. Du kan nemlig hentes hjemme

Detaljer

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret 21.03.2006 Endra av formannskapet 27.01.2009

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret 21.03.2006 Endra av formannskapet 27.01.2009 Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret 21.03.2006 Endra av formannskapet 27.01.2009 Handboka 06.09 Kommunestyret har delegert ein del avgjerder til rådmannen, som har delegert vidare til

Detaljer