Nr desember 2011 Årgang 38
|
|
- Rudolf Rasmussen
- 8 år siden
- Visninger:
Transkript
1 Nr desember 2011 Årgang 38 Godt å vere tre på Bryne 1
2 HOLMGANG 2011 Redaktør: Jan Finjord Redaksjonsmedlem: Audun Rosland Holmgang kjem ut med 4 nummer i året, i fall det er stoff nok. Bladpengar for direkte tinging av papirkopi av bladet: Kr pr. år. Lysingsprisar: 1/4 side: Kr /2 side: Kr /1 side: Kr Stoff-frist til nr. 1/2012: 10. februar! I dette nummeret: Framsidebilete v/ amo Fest 2 Leiarteigen 3 Leikarringplan våren Innkalling til årsmøte 5 Lefsekurs i BUL 6 På tur til Azorane 8 Doktorgrad om dysleksi 10 Nytt på målfronten 11 I Austerveg 12 Storkurs i BUL 14 Vi har høyrt at Kom i gang med salsa! 15 Annonse 16 I Storkurshelga: Ein FEST! Se side 14! 2
3 No er ei våt jul over og eg ventar på lysare dagar. I romjula bad Vibå til dans tredje dagen. Mange danseglade menneske var samla og stemninga var god. Eg gler meg til å starta opp att i 2012 i BUL. Når ein snakkar om 2012, så har me i styret kome fram til at Leikarringen kan sjå tilbake på 100 års aktivitet i Bondeungdomslaget. Eg reknar med at vi vil markere dette jubileet på skikkeleg vis i løpet av året; så følg med på kva som skjer. Men første halvår byd og på anna aktivitet, som dei faste øvingane i Leikarringen og søndagsdansane. Siste helga i januar skal BUL vera teknisk arrangør av Storkurset i Rogaland Ungdomslag. Her er mange kurs både i dans (instruktørkurs, Rogalandsdans og dans for barn), teater, spel og kveding samt eige kurs ved bunadnemnda i brodering på tyll og perlestrikking. Påmeldinga gjekk ut 31. desember, men det kan framleis vera plasser att på enkelte kurs. Om du ikkje skal på kurs, så kan du vera med på fest laurdagskvelden med middag dans og underhaldning. (Se annanstads i bladet.) 7. februar vert det årsmøte i BUL og vi vonar å få med nokre nye tillitsvalde til laget. Møtet byrjar kl så møt opp og ver med på å leggja planar for laget framover!. Her vil ein og velja utsendingar til Landsmøtet i Noregs Ungdomslag, så grip sjansen til å møte andre ungdomslagsfolk frå heile landet i Oslo i april! Til sommaren er vel planane lagt for festival då mange reiser til Nordlek i Steinkjer juli. Eg vonar mange frå BUL tek turen nordover. Vi jobbar med å få til eit felles opplegg saman med Klepp og Sandnes når det gjeld overnatting. Programmet for Nordlek er innhaldsrikt og kan studerast nærare på heimesida; Leiarteigen 3 Det vert dans i fleire salar, mange gode konserter og eit mangfaldig kurstilbod. Frikar vil komma samt eit nordisk prosjekt med dei ypparste unge dansarar og musikarar samla frå dei nordiske landa. Det vert og store og små oppvisningar så det vert høve til å lufte bunaden. Vi satsar på å gå gjennom både dei norske og nordiske fellesdansane på øvingane i Leikarringen i løper av våren. Så det er berre å henge på! Eg ynskjer alle medlemmene eit godt og aktivt BUL år i 2012! Anne Marie
4 Plan for leikarringen i BUL Stavanger våren 2012 Månad Dag Aktivitet Instruktør Styreansvarleg Kaffivakt Januar 3 Øving Anne Marie Berit styret 7 Nyttårsdans i Sandnes 10 Øving Anne Lise Magne 17 Fellesøving i BUL m/ Vibå Anne Marie Lise 22 Søndagsdans, arr. Leikarringen, musikk: Jæren Frilynde 24 Øving + årsmøte Anne Lise styret styret Storkurs for Aust- og Vest-Agder, Telemark og Rogaland UL. Siddis-Stova 31 Øving Anne Marie Gunnar Februar 7 Årsmøte i BUL 12 Søndagsdans, arr. Vibå 14 Øving Anne Lise Lise 21 Øving m/ Vibå Anne Marie John Olaf 28 Øving m/ Jæren Frilynde Anne Lise Marit Mars 6 Fellesøving i Austråtthallen, NB kl Søndagsdans, arr. Leikarringen, musikk: Jæren Frilynde 13 Øving Anne Marie Berit 20 Øving m/ Vibå Anne Marie Gunnar 27 Øving m/ Jæren Frilynde Anne Lise Magne April 3 Øving Anne Marie Marit 8 Søndagsdans, arr. Vibå 10 Songdans og stordans Dag Jostein John Olaf 17 Øving m/ Jæren Frilynde Anne Lise Berit NB! Torsd. 26 Fellesøving på Klepp Mai 8 Øving Anne Lise Lise 15 Øving Anne Marie Gunnar 17 Framsyningar og fest 22 Øving Anne Lise Magne 29 Øving m/ Vibå Anne Marie Marit Juni 5 Øving Anne Lise Magne 12 Avslutningstur Juli Nordleik på Steinkjer Vi øver tysdag i storsalen frå kl til kl i Siddisstova. Instruktørar: Anne Marie Nerby, Anne Lise Tveitane og Dag Jostein Nordaker Spelemenn: Gaute Hadland og Stig Helgeland Kaffivaktenes oppgave: Lage te og kaffi til pausen og rydde etterpå. Moppe golvet etter øvinga. 4
5 Innkalling til årsmøte i BUL tysdag 7. februar 2012 kl. 19:00 i Rektor Oldensgt. 17 i Litlesalen Sakliste: 1. Opning / velkomsthelsing 2. Godkjenning av innkallinga 3. Godkjenning av saklista 4. Val av to ordstyrarar 5. Val av to møteskrivarar 6. Val av to til å skrive under møtereferatet 7. Val av teljenemnd 8. Godkjenning av årsmeldinga for: Hovudlaget og husstyret (Særlag og nemnder til orientering) 9. Godkjenning av rekneskap for: Hovudlaget og husstyret 10. Arbeidsprogram for Årspengar for 2013 Framlegg frå styret: Uendra satsar 12. Budsjett for Val i samsvar med lagslovene. Lagsstyret: Leiar for 1 år På val: Anne Marie Nerby 2 styremedlemer for 2 år På val: Torill Stordalen På val: Lise Meling 1 Styremedlem for 1 år (supplering) 1 Varamedlem for 2 år Husstyret: Leiar for 1 år På val: Roger Strand 1 styremedlem for 2 år På val: Livar Voll Står att: Kari Olaug Tveit Varamedlem Står att: Jan Dalene Ettersynsfolk: 1 medlem for 2 år På val: Oddvin Emmerhoff Står att: Ottar Vandvik 1 varamedlem for 1 år På val: Svein Kå. Søyland Valnemnd for årsmøtet i medlem for 2 år På val: Inger T. Hope 1 medlem for 1 år (supplering) 1 varamedlem for 1 år På val: Magne Hope Årsmøteutsendingar: Rogaland Ungdomslag, Rogaland Mållag, Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag i Oslo Alle medlemer som har betalt medlemspengane for 2011 og har vore medlem i meir enn 3 månadar har røysterett på årsmøtet. Leiar i husstyret er fast nestleiar i lagsstyret. Leiar i leikarringen er fast styremedlem i lagsstyret. Årsmeldingar og rekneskap vert utlevert på årsmøtet. 5
6 Lefsekurs i BUL Ni ivrige bularar tilbrakte ein lang torsdag kveld i litlestova med å lage lefser til jul. Vi hadde hyra inn Astrid og Johannes Rørtveit til å vise oss kunsten. Gode lefser kjem ikkje av seg sjølve, det er mange skjer i sjøen, fekk vi merke. Leiven skal kjevlast passe tunn, den skal ikkje henge fast i underlaget og den skal fraktast heil over på takka. Klarte vi det, var vi berga. Nokre hadde eit eige kjevlegen, fekk vi sjå, mens andre synte stor framgang. Kurset var svært vellukka og lefsene vart gode, med eller utan hol. Det einaste nokre av kursdeltakarane savna var diplom her kjem dei. Diplom tildelast: Lise, for få hol i lefseleivene Liv, for stor iver i kjevlinga Berit Irene, for konsentrasjon i arbeidet Ole, for gode forslag om fleire BUL-kurs Eli, for godt grep på kjevla Målfrid, for flest perfekte leivar John Olaf, for god oppmuntring Astrid, for stor framgang Torill, for å ha satt kurset i gong Astrid og Johannes, for eit framifrå kurs Tekst og bilete: Torill Astrid og Johannes lærde bort kunsten å lage gode lefser 6
7 Diplom for framifrå kjevling til Målfrid Ekteparet Olsen i full sving Øving gjer meister, syner Astrid Slik skal den smurde lefsa brettast Kjøpt på Handverksmessa: Mmmm! (Foto: j.) 7
8 På tur til Azorane Klepp leikarring var i sommar på Azorane, på internasjonal danse- og musikkfestival. Azorane er ei gruppe øyar i Atlantarhavet, og om lag som Island er øyane av vulkansk opphav på den midt-atlantiske ryggen. stopp for å proviantera og skaffa seg ferskvatn. Også i dag er det seilskip innom, medan gods og skipstrafikken elles stort sett går utanom desse øyane i dag. Nå er difor øygruppa med atlantisk klima eit turistparadis, med god badetemperatur og utfordrande fjell og flott natur til å gå på tur i. Foto frå festivalopptog festivalen var august 2011 Øya me vitja, Terceira, betyr den tredje av i alt ni øyar. Terceira er også kjent for fargerike dekorerte bygningar, då særleg i byen Angra do Heroismo, og dessutan spesielt rikt utsmykka kyrkjer. På festivalen blei halde eiga ekumenisk messe, der alle deltakarnasjonane deltok med innslag og mellom anna tekstlesing på eigne målføre. Dei fleste arrangementa på festivalen var også i den største byen på øya, Angra do Heroismo. Byen er på UNESCO si verdsarvliste, og var eit viktig knutepunkt i mellom Afrika, Amerika og Europa under seilskutetida i omkring tre hundreår. På Azorane er det rik historie frå tida ikring oppdagingsreisene. Først på talet tok sjøfolk til å vitja øyane i Atlantaren. Blandt dei første var Vasco da Gama ein som seilte rundt kapp Gode Håp på veg til India. For båtar på reise rundt Afrika og på veg over Atlanterhavet blei øygruppa eit Okseløp her har ingen våga seg utpå medan oksetappen spring rundt, utan tau denne gongen Øyane er mellom anna kjende for husdyrhaldet og spesielt mjølkefe. På ei av utferdene blei det lagt inn stans med eit utandørs stadion. Der tok dei til å sleppa laus Frå badestranda like ved hotellet 8
9 husdyr til den lokale forma for okseløp. På Terceira arrangerar folk tradisjonelle okseløp, der oksane er bunde fast med tau; Sporten er kalla tourada à corda, det betyr tyrefekting med tau. Særleg ungdommar utfordrar skjebnen og tirrar dyra med å kome nær dei, for så å freista springe i frå oksane. Mange gonger var ungdommane heldige og slapp unna. Av og til hende det at uheldige kunne hamne på toppen av horna utan at det skjedde større skade då blei dyra taua inn. Azorane har frodig natur samt bra med sol og varme, sidan øyane ligg to timar med fly ut i Atlanterhavet frå Lisboa. Slik blei det fleire badeturar enn på lang tid for reisedeltakarane i Klepp leikarring. På slutten av besøket var det også safari på sjøen, for å speide etter småkval samt ulike artar av delfinar. Me såg særleg mange av delfinane kalla tumlar : Desse svømte i flokkar under og framfor båtane. Festivalen er eit fast årleg innslag på øyane som trekkjer turistar og knyter kontaktar med deltakara frå mange forskjellige land. På festivalen sommaren 2011 deltok blandt anna grupper frå Polen og fleire land i Austeuropa, Tyrkia, Canada, Italia samt frå Portugal (fastlandet) og Kanariøyane. Klepp Leikarring held workshop i norsk dans på torget På kvalsafari Anne Marie og Audun deltok i lag med dansarar og musikarar frå Klepp. Skrivar: Audun Foto: Anne Marie Der skulle vi ha vøri, Kal! 9
10 Artikkelserien Doktorane i BUL har lege nede ei tid, grunna mangel på stoff. Men no har eit BUL-medlem som er aktivt i Leikarringen, forbarma seg over Holmgang, og teke doktorgrad! Doktorgrad om dysleksi Anne Elisabeth Dahle har disputert ved Universitetet i Stavanger fredag 2. desember, med avhandlinga Problematferd ved dyleksi. Svake regneferdigheter ved dysleksi. Disputasen var i Arne Rettedals hus, etter ei prøveførelesing same stad. Avhandlinga fokuserer på samanhengar mellom dysleksi og problematferd og dysleksi og svak reknedugleik hos born og unge med alvorleg og moderat dysleksi. Dahle har undersøkt korleis lærarar, foreldrar og elevar rapporterte ulike typar problematferd, og om born og unge med alvorleg dysleksi oftare blei rapportert å ha suicidale tankar enn born og unge uten. Avhandlinga bidreg med ny kunnskap om omfanget, typen og alvorlighetsgraden av problematferd ved dysleksi. Resultata tyder og på at norske foreldrar og lærarar ikkje nødvendigvis rapporterer problematferd på same måte. Eit anna forskningsspørsmål var knytta til korleis born og unge med dysleksi meistra ulike typar rekneoppgåver i addisjon og subtraksjon, og om dugleik i hurtignemning (Rapid Automatized Naming, RAN) såg ut til å ha betydning for resultatet. Studien synte at oppgåveformatet har betydning for meistring av addisjons- og subtraksjonsoppgåver i denne gruppa, og at dugleik i RAN berre var av betydning for born med dysleksi som i tillegg hadde låge prestasjonar i matematikk. Hovedveileder hadde vore Ann-Mari Knivsberg frå UiS. I bedømmingskomiteen var Karin Taube frå Umeå, Mikael Heimann frå Linköping og Egil Gabrielsen frå UiS (administrator). Leiar av disputasen var Tor Hauken frå UiS. Alle interesserte er velkomne som tilhøyrarar ved disputasar. BUL kan stille mannjamnt opp når neste medlem tar doktorgrad! Kjelde: Pressemelding frå UiS Anne Elisabeth Dahle PERSONALIA Anne Elisabeth Dahle er utdanna lærar, og var ved grunnskolen i Sola i fleire år. Ho tok hovedfag ved Lesesenteret ved det dåverande Høgskolen i Stavanger i Sidan då har ho vore tilsett som universitetslektor ved Lesenteret ved HiS og seinare UiS. Ho har vore BUL-medlem sidan 1982, og er medlem av Leikarringen. 10
11 Nytt på målfronten Noregs Mållag hadde landsmøtet sitt på Sand i Suldal i april. Atle Røe, Ottar Vandvik og Audun Rosland var utsendingar og møtte mange kjente, tidlegare BUL-folk samt andre frå fjern og nær. På årsmøtet blir strategi og viktige oppgåver prioritert for neste arbeidsår med arbeidsprogrammet for åra til og med Årsmøtet gjorde vedtak om arbeidet framover og her er nokre av punkta samt ei kort oppsummering om kva som vil skje framover. Nynorsk i oppveksten frå barnehagen til all opplæring er viktigaste oppgåva i den komande tida. Gjennom ord blir verda stor er slagorda for kampanjen med å lese meir nynorsk i barnehagane. Lokallaga skal arbeida med å betra tilgangen på nynorsk materiell, songhefter og anna lesestoff og skulemateriell i utdanning og til barnehagane. På årsmøtet blei det delt ut målblom til Anne-Margrethe Eidhammer frå Vindafjord. Ho fekk prisen for arbeidet med å leggja til rette undervisning og opplæring i nynorsk til innvandrarar og har slik sett nynorskopplæring for vaksne innvandarar på dagsordenen. Målprisen for 2011 blei også delt ut på landsmøtet og gjekk til den aktive trenaren Yngvar Andersen. Han starta opp eit eige treningssenter i hovudstaden. Mykjemeir er eit foretak som nyttar nynorsk medvite. Yngvar fekk også prisen sidan han brukar nynorsk i det populære treningsprogrammet Puls på NRK. I styret blei Håvard B. Øvregård attvald til leiar, og Aud Søyland blei også attvald til styret. Aud Søyland er tidlegare BULmedlem og bur no i Valdres. Ho var sekretær for Normeringsnemnda til Språkrådet som la fram innstilling til årsmøtet. Gjennomgang av arbeidet med å normera nynorsken blei vedteken av Språkrådet i haust. Det omfattande arbeidet med å gjera nynorsk enklare er mykje å takka Aud sin innsats. Av andre viktige saket landsmøtet tok opp er om målrørsla skal ha landsmøte anna kvart år og ikkje kvart år slik som fram til i år. Denne saka er til høyring i organisasjonen og også BUL-medlemmene kan seie si meining om dette, meir omtale annan stad i Holmgang eventuelt seinare. Audun Rosland Aud Søyland (foto: Kjartan Helleve) 11
12 I Austerveg Setesdalskappleiken i år var på Setesdalsmuseet og Hylestad soknehus august. Den var samstundes feiring av 200- årsjubileet for spelemannen Peter Veum ( ) frå Fyresdal. Førstereisguten frå Holmgang slo seg saman med to andre frå BUL, og fekk med seg dei to siste dagane. Før kappleiken, jubileumskonserten og festen på lørdag blei Holmgangs utsende impregnert i Setesdalskultur av reisefølget sitt, og han lærde mykje. Nok om det. I domarpanelet under kappleiken sat mellom anna Siri Dyvik frå Vibå, og Marton Laksesvela som heller ikkje er ukjend i Rogaland. Dei som veit slikt, kunne fortelje at det var færre kappleiksdeltakarar frå BUL Stavanger og Vibå enn vanleg. Men det var fleire tilskodarar, til dømes Stig Helgeland og Kjell Time. Jubilanten I regn og vind kom dei reisande til leigd husvære i eit hyttefelt på Brokke. Korleis finne rett hytte og kome seg inn i den? Men i ein kiosk var det ein talkode å få. Medan ein annan tviheldt paraplyen kunne koden tastast inn ved ein nykelboks som opna seg. Snart sat vi i ei tørr og varm hytte. Kurs på fredag rakk vi ikkje, derimot to konsertar. Den første var med KARtrio og ga eit gjenhør med Trym Bjønnes frå Fjellfolk (se Holmgang 2/2010). Helga Jacobsen frå Fjellfolk var elles med i eit barneprogram før på dagen. Den andre konserten fredag var med den svenske gruppa Frifot. Den skulle ha vore utandørs på Setesdalsmuseet, men blei flytta inn på soknehuset. Å høyre Frifot er ein god grunn for å reise til Nordleik på Steinkjer, der dei og skal opptre. Haugesund Spelemannslag Haugesund Spelemannslag blei nr. 1 i lagspel fele, og Ingrid Kjøde nr. 6 i kveding kl. B. Jamie Lodberg frå Setesdal Spelemannslag blei nr. 1 i munnharpe senior og nr. 2 i spel hardingfele kl. B. Han er ein kanadiar som slo seg ned i Valle i 2004 for lære slåttespel på fele, og er no etablert i kommunen. Jamie Lodberg 12
13 Crew på setesdølsk? I jubileumsprogrammet seinare på kvelden var det ei innføring om Peter Veum av ein etterkomar, Lars Bjaadal. Hallvard T. Bjørgum og Gunnar Stubseid med Setesdal Spelemannslag framførde musikk i tradisjonen etter Peter Veum. Bjørgum batt programmet saman, og synte korleis den gamle musikken i dalen hadde overlevd i Telemark og var blitt henta attende av dei frå Setesdal som lærde av Peter Veum. Han spela og på den nyrestaurerte fela til Peter Veum, som no blei brukt til offentleg spel for fyrste gong på 122 år. Knut Heddi-stoga, laftehuset til ein av dei gamle spelemennene, ligg nær soknehuset. Då Holmgangs utsende gjekk forbi i skyminga, kom det felemusikk ut av mørket i huset. Det måtte utforskast... og det var jo Siri Dyvik som sto og spelte. Og så var det premieutdeling og dans. om den innfløkte historia om vandringa av slåttane mellom Telemark og Setesdal, og spelemennene som bevarte det musikalske stoffet. Det skulle vore interessant om ein kapasitet som Hallvard T. Bjørgum ville skrive noko for Holmgangs lesarar. I inneveret søndag etter kappleiken blei det privat besøk på Setesdalsmuseet. Eit besøk verd og ein kom klokare ut att. På Setesdalsmuseet Veret på kjøreturane freista ikkje til åpen takluke og slike ting. Men nede i dalen var det til dels brukbart ver under kappleiken, takk vere alle festars skytshelgen. Den medbrakte luftskotørkaren synte seg å vere daudvekt. Og vel over fjellet på heimtur såg ein små gløtt av klår himmel. Ingrid Kjøde og Kjell Time Sjølv med Wikipedia i ryggen, vil ikkje Holmgangs utsende ta på seg å greie ut Jan Dalene, Anna Motland og j. utafor soknehuset Tekst og bilete: j. 13
14 14
15 Vi har høyrt at... Stig Helgeland var nyleg i Rio de Janeiro i fleire veker i samband med jobben. Der traff han og på folk som spelar fele, og lærde seg fleire nye rilar. Brasilianarane kan meir enn fotball og samba! På Vibe-festen på Hå 26. november framførde han smakebitar. Hallvard T. Bjørgum framførde Skjoldmøyane på Saga Café 29. november, ved lanseringa av Torgrim Titlestads nye bok Norge i Vikingtid. Han snakka elles om teorien sin om slektskap mellom gamal norsk folkemusikk og tilsvarande frå Aserbaidsjan og vidare ut. Alex Sosa har gitt ut eboka The Seven Spiritual Steps of Dancing Salsa (2011) for Amazon Kindle, om dei djupare sanningane i dansen. I avsnittet Mind your mind skriv han mellom anna (omsetjing v/ j.): Eg vil sjå meg sjøl som Salsadansar, og hugse at av larven blir det ein sommarfugl. Nybyrjarar, fatt mot! Kom i gang med salsa i 2012, du og! Det seier Adria Rahmouni og Pablo Miranda, instruktørar i STIL Dans! (Foto: j.) 15
16 16
Nr. 2 11. september 2012 Årgang 39
Nr. 2 11. september 2012 Årgang 39 Godt å vere rusten bil... Ved Husfliden på Oppdal 1 HOLMGANG 2012 Redaktør: Jan Finjord Redaksjonsmedlem: Audun Rosland Holmgang kjem ut med 4 nummer i året, i fall det
Detaljer«Ny Giv» med gjetarhund
«Ny Giv» med gjetarhund Gjetarhundnemda har frå prosjektleiinga i «NY GIV I SAUEHOLDET» som HSG står bak, fått ansvar for prosjektet «KORLEIS STARTA MED GJETARHUND FOR FØRSTE GANG». Prosjektet går ut på
DetaljerMolde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike
Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue
DetaljerMånadsbrev for GRØN mars/april 2014
Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på
DetaljerNasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk
Nasjonale prøver Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Lundefuglnettene av ruce McMillan Kvart år får den islandske øya Heimaøy besøk av svartkvite fuglar med oransjefarga nebb som kjem for
DetaljerBRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR
TIME KOMMUNE Arkiv: K1-070, K3-&32 Vår ref (saksnr.): 08/1355-6 JournalpostID: 08/14810 Saksbeh.: Helge Herigstad BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR Saksgang: Utval Saksnummer
DetaljerBirger og bestefar På bytur til Stavanger
Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,
Detaljer2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.
HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I
DetaljerSpørsmål frå leiar i tenesteutvalet:
Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til
DetaljerPLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE
PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE Vedteke av kommunestyret 2. oktober 2014, sak 67/14 1 Innhold 1. Kvifor plan for bruk av nynorsk i Nissedal kommune?... 3 1.1 Bruk av nynorsk internt i organisasjonen
DetaljerREFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009
REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009 Årsmøtet konstituerte seg med Steinar Røyrvik som møteleiar og Rigmor Øygarden som skrivar. Glenn Arne Vie og Sigurd Hatlenes vart valde til å
DetaljerMØTEBOK BREMNES SOKNERÅD
DEN NORSKE KYRKJA Bremnes sokneråd MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD Møtestad: Rådhuset Tid: Tysdag 26.11.2013 kl. 19.30-22.00 Desse møtte: Berit Hallaråker, Asbjørn Gundersen, Bjarte Aartun, Karl Mæland, Elin
DetaljerINFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE
INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for
DetaljerNidaros Mållag. Årsmøte 30. mars 2016 kl. 18.00. Innkalling og sakspapir. Vel møtt på årsmøtet!
Nidaros Mållag http://www.nm.no/lag/nidaros-mallag/ Årsmøte 30. mars 2016 kl. 18.00 Innkalling og sakspapir Vel møtt på årsmøtet! helsing styret E-post? Styret bed om at alle som har, sender oss e-postadressa
DetaljerStyresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012
Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte
DetaljerMånadsbrev for Rosa oktober 2014
Månadsbrev for Rosa oktober 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Leik Då har også oktober passert, og vi merkar at hausten har kome for alvor. Uteaktiviteter har framleis hatt stor
DetaljerBokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal
Vinter 2014 Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal 2014 I fjor haust feira fylkesbiblioteka i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal bokbåten Epos sin 50 årsdag, vi vil takke for alle gratulasjonar
DetaljerReferat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo 25. februar 2014 i Lagsrommet, Rosenkrantz gate 8 kl. 19
Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo 25. februar 2014 i Lagsrommet, Rosenkrantz gate 8 kl. 19 Til stades på møtet: 15, alle med røysterett Sak 1 Opning av møtet 1.1 Godkjenning
DetaljerMEDLEMSINFO. august 2009
MEDLEMSINFO august 2009 No er ferien over! Sidan siste medlemsinfo har vi slett ikkje hatt ferie. Denne sommaren har vore veldig aktiv. Tusen takk til alle dokke som har stått på i sommar!! Det har vore
DetaljerSamansette tekster og Sjanger og stil
MAPPEOPPGÅVE 5 Samansette tekster og Sjanger og stil Skreve av Kristiane, Renate, Espen og Marthe Glu 5-10, vår 2011 I denne oppgåva skal me først forklare kva ein samansett tekst er, og kvifor samansette
DetaljerReferat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo
Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo 17. februar 2014 i Lagsrommet, Rosenkrantz gate 8 kl. 20.00 Til stades på møtet var 17 personar. 16 av desse hadde røysterett. Referent: Lisa
DetaljerDu kan skrive inn data på same måte som i figuren under :
Excel som database av Kjell Skjeldestad Sidan ein database i realiteten berre er ei samling tabellar, kan me bruke eit rekneark til å framstille enkle databasar. I Excel er det lagt inn nokre funksjonar
DetaljerJoakim Hunnes. Bøen. noveller
Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.
DetaljerStorkurs i Rogaland,- 5.-7. februar 2016
Me ynskjer deg velkommen til kurs. Påmeldingsfrist: måndag 15. januar 2016. Storkurs i Rogaland,- 5.-7. februar 2016 Ved for sein påmelding må ein betala ei tilleggsavgift på kr. 200,- pr. deltakar. Ved
DetaljerMånadsplan for Hare November
Månadsplan for Hare November tlf: 51 78 60 20 VEKE MÅNDAG TYSDAG ONSDAG TORSDAG FREDAG 45 Barn, kropp og berøring 2. 3. 4. 5. 6. «barn, kropp og berøring» 46 Barn, kropp og berøring 9. 10. 11. 12. Åsmund
DetaljerUngdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa
Ungdom i klubb Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa CASE - FORGUBBING SSFK hadde i lengre tid merka ei «forgubbing» i trenar, leiar og dommarstanden i SFFK. Etter fleire rundar
DetaljerUNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT
UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom
DetaljerPROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009
1 PROTOKOLL Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009 L01/09 Oppnemning av møteleiar, referent, tellekorps og to personar til å skriva under landsmøteprotokollen.
DetaljerLOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN
LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN Lov for Jotun, skipa 30.03.1923. Vedteken den 10.06.1945, med seinare endringar seinast av 29.06.2000. Revidert etter årsmøte i 2007 og 2011. Godkjend av Idrettsstyret: 18.02.02
DetaljerVEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG
VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG Justert av årsmøtet 25. februar 2004 ( 11), 1. mars 2006 ( 11), 4. mars 2008 ( 10), 3. mars 2009 ( 10), 3. mars 2010 ( 12A), 23. februar 2011 ( 11 4. avsnitt) 1 1 Formål Volda
DetaljerMEDLEMSINFO. april 09
MEDLEMSINFO april 09 Teaterfestivalen 2009, Den 5.mars fekk en del av ungane i sangruppa møte igjen Marie Lovise Widnes. Ved åpninga av teaterfestialen holdt ho eit kåseri. Ho var innom både Lyspunktet
DetaljerDen regionale styredagen i. Sogn og Fjordane
Den regionale styredagen i Sogn og Fjordane Rica Sunnfjord Hotel, Førde torsdag den 16. mars 2006 Arrangør: StyreAkademiet Sogn og Fjordane Stryn Næringshage, Tinggata 3. 6783 Stryn www.styreakademiet.no
DetaljerTENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09
TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE Sist redigert 15.06.09 VISJON TILTAK Stord kulturskule skal vera eit synleg og aktivt kunstfagleg ressurssenter for Stord kommune, og ein føregangsskule for kunstfagleg
DetaljerBygdelagsdag 3. juni og friluftsteater i sikte
Bygdelagsdag 3. juni og friluftsteater i sikte No ser det endeleg ut til at våren og kanskje sommaren er her, og folk kan løysa sveitten både på byggjedugnader oppå Pustut (sjå baki avisa), og på Bygdelagsdagen/Bygdøystemna
Detaljer- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling
Møteinnkalling Utval: Yrkesopplæringsnemnda/Utdanningsutvalet Møtestad: 101 Fylkeshuset i Molde Dato: 23.10.2014 Tid: 10:30 Forfall skal meldast til utvalssekretær Ann Torill Vaksvik tlf 71 25 88 56 eller
DetaljerPer Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Olav L. Mjelva, Tove Leinslie, Thor Hauknes 3.
Til stades: Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Olav L. Mjelva, Tove Leinslie, Thor Hauknes 3.vara Linda Dyrnes, dagleg leiar Ingrid Stuhaug
Detaljer5. Soknerådsmøte 2016 3. mai Referat
5. Soknerådsmøte 2016 3. mai Referat Mat: Ingunn AU Arbeidsutvalet for soknerådet. Møter kvar månad ca 1 veke før soknerådsmøtet. Tar unna saker av meir forretningsmessig karakter. SR Soknerådet FR Klepp
DetaljerHalvårsrapport raud gruppe haust 2015
Halvårsrapport raud gruppe haust 2015 Det har vore eit flott halvår på raud gruppe. I gruppa har me 13 born, 10 jenter og 3 gutar, ein pedagog og ein assistent. Me har hatt tre studentar denne hausten.
DetaljerMatematikk 1, 4MX15-10E1 A
Skriftlig eksamen i Matematikk 1, 4MX15-10E1 A 15 studiepoeng ORDINÆR EKSAMEN 19. desember 2011. BOKMÅL Sensur faller innen onsdag 11. januar 2012. Resultatet blir tilgjengelig på studentweb første virkedag
DetaljerM/S NYBAKK SI HISTORIE
M/S NYBAKK SI HISTORIE M/S Nybakk vart bygd på Vaagland Båtbyggeri, rett nord for Kristiansund N, i 1961. Nybygget vart tildelt kallesignalet JXPH då kjølen vart strekt. Bueland Det var brødrene Jakob,
DetaljerInnhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking
Bjørn og Rovdyr Innhold Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders rjeundersøking For eller imot bjørn i Jostedalen? Intervju med nokre ikkje-bønder i dalen Intervju med nokre bønder i dalen
DetaljerDen gode gjetaren. Lukas 15:1-7
Den gode gjetaren Lukas 15:1-7 Bakgrunn I denne forteljinga formidlar du noko om kva ei likning er. Difor er delen om gullboksen relativt lang. Det å snakke om dei ulike filtstykka som ligg i boksen, er
DetaljerSAK 1 OPNING. Framlegg til køyreplan: Fredag 21. mars. Laurdag 21. mars. Innsjekking og brødmat
SAK 1 OPNING Framlegg til køyreplan: Fredag 21. mars Frå 1530 Innsjekking og brødmat 1630 SAK 1 OPNING Opning av møtet. Godkjenning av innkalling og sakliste. Val av ordstyrarar, møteskrivarar, nemnder
DetaljerBRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010
Arkiv: K1-070, K3-&3232 Vår ref (saksnr.): 10/51717-666 Journalpostid.: 10/1629494 Saksbeh.: Helge Herigstadad BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010 Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Senior- og Brukarrådet
DetaljerSandeid skule SFO Årsplan
SFO Årsplan Telefon: 48891441 PRESENTASJON AV SANDEID SKULE SIN SFO SFO er eit tilbod til elevar som går på i 1. til 4. klasse. Rektor er leiar av tilbodet. Ansvaret for den daglege drifta er delegert
Detaljer(Leikarringen vart skipa 14. november Lov og styringsføresegner sist endra )
LOVER FOR LEIKARRINGEN I BONDEUNGDOMSLAGET I OSLO (Leikarringen vart skipa 14. november 1919. Lov og styringsføresegner sist endra 01.03.2016.) 1 Skipnad Leikarringen vart skipa som særlag i Bondeungdomslaget
DetaljerSet inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.
PREPOSISJONAR 1 Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. Luisa går på skule i Ålesund. Skulen ligg midt i byen. Klasserommet ligg i tredje etasje
DetaljerInnkalling til årsmøte i Osterøy Sau og Geit 2012
Innkalling til årsmøte i Osterøy Sau og Geit 2012 Det vert med dette kalla inn til årsmøte i Osterøy Sau og Geit onsdag 8. februar kl.19.30 i Ungdomshuset på Grønskaret. Ingvill Jørgensen frå medlemssentert
DetaljerÅrsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.
1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal
DetaljerInformasjonsfoldar Vikebygd barnehage 2015-2016
Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage 2015-2016 Kommunal barnehage i same eining som skulen. Vik skule og barnehage Opningstid: Kvar dag 06.45 17.00 Kjøp av tid: Dersom det er ledig plass og nok vaksne,
DetaljerKjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)
Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.
DetaljerÅRSMELDING 2012 \ BJØRKEDAL KYSTLAG
ÅRSMELDING 2012 \ BJØRKEDAL KYSTLAG STYRET: Tove Aurdal Hjellnes, leiar Ståle Mek, nestleiar Heidi Thöni Sletten, kasserar Frode Pilskog, styremedlem Ann-Elin H. Bjørkedal, styremedlem Ottar Bjørneset,
Detaljer14. Radio og TV. Liv Taule
Kulturstatistikk Liv Taule 4. Det norske radio- og TV-landskapet har varierte programtilbod. Dei fleste kanalane sender no stort sett heile døgnet. Folk ser meir på TV og lyttar meir på radio. Radio- og
DetaljerNo sprett knuppane og sevja stig
No sprett knuppane og sevja stig Sein vår i år, men du verda for eit drivande ver når det no fyrst losna; med mildver og regn og ei rekkje kulturhendingar både i vårt lag og leikarringen og i nærskylde
DetaljerAlle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.
Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte
DetaljerStormfestival 2016. Klart for stormfest. Då er det like før det brakar laust med stormfestival.
Stormfestival 2016 Klart for stormfest Då er det like før det brakar laust med stormfestival. Stormfestival 2016 nermar seg. Vi er klare for at alle skal få ei triveleg helg her ute med kysten. Her kjem
DetaljerOslo, 7. april 1992. møte i gjetarhundnemnda måndag den 6. april kl 10.00 på lagskontoret i Parkveien 71.
Oslo, 7. april 1992 R E F E R A T møte i gjetarhundnemnda måndag den 6. april kl 10.00 på lagskontoret i Parkveien 71. Desse var med på møtet: Jon Sand Liv Oddny Hauen Kjell Kristoffersen Jon H. Sæther
DetaljerTil deg som bur i fosterheim. 13-18 år
Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500
DetaljerNr. 1 10. februar 2015 Årgang 42
Nr. 1 10. februar 2015 Årgang 42 Juletablå på Tenerife 1 HOLMGANG 2015 Stoff-frist til nr. 2/2015: Snarast! Redaktør: Jan Finjord Redaksjonsmedlem: Audun Rosland Holmgang kjem ut med 4 nummer i året, i
DetaljerStemnehandboka for NKSF
Stemnehandboka for NKSF I 2003 vart det bestemt å ha ei rulleringsliste for songarstemne 3 plassar kvart år, eit i Nordfjord, eit i Sunnfjord og eit i Sogn alle kor kan arrangere sjølv om dei er store
DetaljerSkjema for fokusområder bibliotekarvandring
Skjema for fokusområder bibliotekarvandring Eidskog på studietur til Spydeberg De kan lesa meir om dokumentasjon av vandringar her: http://bibliotekarvandring.wordpress.com/2013/10/07/dokumentasjon-av-vandringa/
DetaljerÅRSMELDING FOR OPPLAND JOURNALISTLAG ARBEIDSÅRET 2006
ÅRSMELDING FOR OPPLAND JOURNALISTLAG ARBEIDSÅRET 2006 Frå gågata i Lillehammer som var ankerpunkt for medlemma i NJ og KL i NRK då streiken var eit faktum. på Biletet ser vi Maria Ekerholt, Erik Jakobsen
DetaljerMøteprotokoll for møte i
Møteprotokoll for møte i Masfjorden Kyrkjelege Fellesråd 27.01. 2015 kl. 1815 i kantina på kommunehuset. Desse møtte: Ragnhild Skuggedal Britt E. Nordland Åse Dyrkolbotn Øyvind Kristoffersen Egil Kvingedal
DetaljerMatematisk samtale og undersøkingslandskap
Matematisk samtale og undersøkingslandskap En visuell representasjon av de ulike matematiske kompetansene 5-Mar-06 5-Mar-06 2 Tankegang og resonnementskompetanse Tankegang og resonnementskompetansen er
DetaljerNr. 3 8. desember 2015 Årgang 42
Nr. 3 8. desember 2015 Årgang 42 Mor og dotter (Side 6) 1 HOLMGANG 2015/3 Redaktør: Jan Finjord Redaksjonsmedlem: Audun Rosland Holmgang kjem ut med 4 nummer i året, i fall det er stoff nok. Bladpengar
DetaljerSpørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.
Spørjegransking Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Anne Grete, Kristin, Elisabet, Jørgen i 10.klasse ved Sunnylven skule 2012/13 1 2 Innhaldsliste
DetaljerGjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse
Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Namn: Klasse: 1. Gjennomgang av skjemaet «Førebuing til elev- og foreldresamtale» 2. Gjennomgang av samtaleskjemaet 3. Gjennomgang av IUP og skriving av avtale
Detaljer6. trinn. Veke 24 Navn:
6. trinn Veke 24 Navn: Takk for ei fantastisk fin førestilling i går! Det var veldig kjekt å sjå dykk, både på formiddagen og på ettermiddagen. Eg vart veldig stolt! No må vi få rydda opp og pakka litt
DetaljerUndervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse
Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse KOMPETANSEMÅL Generelt om naturfag: Kunnskap om, forståelse av og opplevelser i naturen kan fremme viljen til å verne om naturressursene, bevare
DetaljerUtviklingsplan 2015-2017 for Ørsta frikyrkje
Utviklingsplan 2015-2017 for Ørsta frikyrkje Visjon: Å gjere Jesus synleg I perioden 2015-2017 skal visjonen synleggjerast gjennom fire utvalde satsingar. Gudstenester, offerdagar, misjonsmesse og andre
DetaljerNasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn
Nasjonale prøver 2005 Matematikk 7. trinn Skolenr.... Elevnr.... Gut Jente Nynorsk 9. februar 2005 TIL ELEVEN Slik svarer du på matematikkoppgåvene I dette heftet finn du nokre oppgåver i matematikk. Dei
DetaljerEVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200903324-51 Arkivnr. 520 Saksh. Farestveit, Linda Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 17.09.2013 EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER
Detaljerpost@efremforlag.no / www.efremforlag.no
tidebøn Efrem Forlag 2009 Rune Richardsen Boka er laga i samarbeid med Svein Arne Myhren (omsetjing) etter mønster av Peter Halldorfs og Per Åkerlunds Tidegärd, Artos 2007. Med løyve. Bibeltekstane er
DetaljerHer starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg
Rundt 1000 var samla på Gulatinget for å feire Grunnlova. Foto: Anne Hovland Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg Anne Hopland http://www.firda.no/nyhende/article7453154.ece Publisert 01.07.2014
DetaljerTeknikk og konsentrasjon viktigast
Teknikk og konsentrasjon viktigast Karoline Helgesen frå Bodø er bare 13 år, men hevdar seg likevel godt i bowling der teknikk og konsentrasjon er viktigare enn rein styrke. Ho var ein av dei yngste finalistane
DetaljerTurmål 2009 - Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)
1 Bergstjednet (856 moh) Posten er sett opp ved nordenden av Bergstjednet (856 m.o.h.), som er det einaste tjednet på Slidreåsen/Magistadåsen. Parker ved fylkesvegen over Magistadåsen der skogsbilvegen
DetaljerBARNEHAGEKONFERANSEN 2009 DEN FLEIRKULTURELLE BARNEHAGEN - EIn MøTESTAD FOR MANGFALD STAVANGER - 28. MAI
BARNEHAGEKONFERANSEN 2009 DEN FLEIRKULTURELLE BARNEHAGEN - EIn MøTESTAD FOR MANGFALD STAVANGER - 28. MAI VelkommeN TIL BARNEHAGEKONFERANSEN 2009 Hovudtemaet for konferansen i år er: DEN FLEIRKULTURELLE
DetaljerHalvårsrapport grøn gruppe- haust 2015
Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015 I denne rapporten vil eg ta føre meg dei 7 fagområda i rammeplanen. Eg vil skrive litt om kva rammeplanen seier og deretter gjere greie for korleis me har arbeida
DetaljerTokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato 07.05.2015. Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:
Vår ref. 15/537-2 033 /KASB Medlemmar og varamedlemmar Dato 07.05.2015 Tokke kommune - kontrollutvalet Det vert med dette kalla inn til møte: Dato: 11.05.2015 Tid: kl 10.00 12.00 Sted: Møterom Kultur,
DetaljerSamfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene
Kva når hjelpa ikkje helper? Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene Ansvar! Eit ansvar for samfunnstryggleiken Der er vi kvar dag! Vi kjenner på ansvar, vi har ansvar
DetaljerMØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon 57 62 96 00 - Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE
Sogndal kommune Utval: MØTEINNKALLING SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: 02.06.2008 Tid: 1200-1400 Eventuelt forfall kan meldast til telefon 57 62 96 00 - Varamedlemmar møter etter
DetaljerGLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET
ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEINNKALLING Møtedato: 03.09.2015 Møtestad: Heradshuset Møtetid: Kl. 16:00 Merk deg møtetidspunktet! Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå
DetaljerDesse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.
Rapport. Innbyggjarundersøkinga 2015 Ulvik herad. Generelt om spørsmåla: Spørsmåla kunne graderast på ein skala frå 1-6, kor 1 var dårlegast. Eit gjennomsnitt på 3,5 vil seie ein vurderingsscore midt på
DetaljerKom skal vi klippe sauen
Kom skal vi klippe sauen KOM SKAL VI KLIPPE SAUEN Kom skal vi klippe sauen i dag Klippe den bra, ja klippe den bra Så skal vi strikke strømper til far Surr, surr, surr, surr, surr. surr Rokken vår går,
DetaljerBRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Fagopplæringskontoret Arkivsak 201206699-9 Arkivnr. 545 Saksh. Svendsen, Anne Sara Saksgang Yrkesopplæringsnemnda Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato
DetaljerINFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016. www.hivolda.no/glu
INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016 www.hivolda.no/glu 1 2 Innhald Tid til studiar og undervising... 4 Frammøte... 4 Arbeidskrav, eksamen og progresjon
DetaljerMÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.
Nymannsbråtet barnehage MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN. Månadens tema; «Nysgjerrigper» - luft, brann. Månadens song; «Brannmann Sam». Fagområde; «Natur, miljø og teknikk». Veke Tysdag 01.09 Onsdag
DetaljerSFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!
SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE Å R G A N G 2 0 1 3 N R. 3 2 5. 1 0. 2 0 1 3 ningslaust å gjere masse arbeid for å få l noko som vi meinar er eit bra opplegg dersom dei vi lagar det for ikkje bryr seg/prioriterar
DetaljerMånadsbrev for ROSA mars 2015
Månadsbrev for ROSA mars 2015 Oppsummering/ evaluering av mars Mars har vore ein lunefull månad med tanke på veret, men vi gledar oss over mange fine dagar med sol og vårleg varme. Har vore mykje ute og
DetaljerOpning av Fellesmagasinet 14.04.2009 ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg
Opning av Fellesmagasinet 14.04.2009 ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg Kjære alle! Gratulerer alle med dagen. Dette er ein merkedag for bevaringstenestene både her i fylket og nasjonalt! Hordaland
DetaljerNynorsk. Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo. 4. klasse
Nynorsk Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo Hovudtest Skolespørjeskjema 4. klasse Rettleiing Skolen din har sagt seg villig til å vere med i TIMSS 2003, ein stor internasjonal
Detaljerfrå møte i gjetarhundnemnda til Nsg tysdag 6. desember 1994 på lagskontoret i Parkveien 71.
Oslo, 14. desember 1994 R E F E R A T frå møte i gjetarhundnemnda til Nsg tysdag 6. desember 1994 på lagskontoret i Parkveien 71. Desse var med på møtet: Jon Sand Liv Oddny Hauen Hindenes Kristian K. Kleppe
DetaljerJAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min
DET MØRKNAR SVEVNENS KJÆRLEIK JAMNE BØLGJER EIT FJELL I DAGEN eg står og ser på dei to hjortane og dei to hjortane står og ser på meg lenge står vi slik eg står urørleg hjortane står urørlege ikkje noko
DetaljerVINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål
VINJE SKOLE SOM MUSEUM Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål Vinje skole som museum Innleiing Dette notatet er laga etter at eg på vegne av Sparbyggja fortidsminnelag (av Fortidsminneforeninga)
DetaljerÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009
ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2008/2009 Innleiing Årsmøtet for 2007/08 vart avvikla i grendahuset 20.03.08. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.
DetaljerUttale vedr. ferjesamband i Hardanger
Samferdselsutvalet i Hordaland 5020 BERGEN Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger Hardangerrådet iks sender slik uttale vedr. ferjesamband i Hardanger, og ber om at denne uttalen vert teke omsyn til i budsjetthandsamingsprosessen
DetaljerRogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009
Rogaland Mållag Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009 INNKALLING TIL ROGALAND MÅLLAG SITT HAUSTKURS PÅ Styret i Rogaland Mållag vonar at mange målfolk vil ta seg tid til å møta på haustkurset. Me har sett
DetaljerSelje kommune MØTEBOK
Selje kommune MØTEBOK MØTEBOK Kommune Styre, råd, utval o.a. Møtedato Møtestad Frå kl. Til kl. Selje Kontrollutvalet 18.06.2014 Kommunehuset 11.00 12.30 TILSTADES PÅ MØTET Per Egil Hellebust Medlemer Renate
DetaljerNCC avd. Sogn og Fjordane
Fra styremøte i Norsk Caravan Club avdeling Sogn og Fjordane, Peppes Pizza, Førde, torsdag den 09. januar 2014, kl. 18.00. Innkalla: Frafall: Arvid Kjøsnes, Leon Tonheim, Ron Erik Sande, Ørjan Storesund,
Detaljer