KUNNSKAPSGRUNNLAG OVERSIKT OVER FOLKEHELSA I SOGN OG FJORDANE

Like dokumenter
KUNNSKAPSGRUNNLAG OVERSIKT OVER FOLKEHELSA I SOGN OG FJORDANE

KUNNSKAP OM FOLKEHELSA I SOGN OG FJORDANE. Innhold

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Innhaldsliste 1. INNLEIING... 4 Kva skal vi ha oversikt over?... 4 Korleis går vi fram i oversiktsarbeidet?... 5 Helsetilstand og faktorar som

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

// Notat 1 // tapte årsverk i 2013

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

tapte årsverk i 2011

// Notat 2 // tapte årsverk i 2016

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

God helse og livsmeistring for alle

Planutvalet sluttar seg til ny framdriftsplan for arbeidet med planprogrammet for regional plan for folkehelse.

Sogn Regionråd, 19. mars 2014

// Notat 2 // tapte årsverk i 2014

Folkehelse inn i kommunal planlegging. Sigri Spjelkavik rådgivar folkehelse

Rådet for funksjonshemma Leikanger Arbeid og tiltak for unge funksjonshemma

God barndom = god helse i vaksen alder?

Lønnsundersøkinga for 2014

tapte årsverk i 2010

HORDALANDD. Utarbeidd av

Tabell F-k viser kriteriedata som ligg til grunn for berekninga av indeksverdiane i tabell E-k.

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Fransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % -

Til deg som bur i fosterheim år

Utfordringsdokument 2015

Framtidige behov for hjelpemiddel

2014/

Utviklingsprosjekt ved Nordfjord sjukehus

Tilbodet av arbeidskraft etter utdanning

Opplæring gjennom Nav

1 :-) Attraktive Bømlo. Foto: Jan Rabben

Fylkesprognose Sogn og Fjordane 2014

Koordineringsrådet, Levekår, livskvalitet og kartlegging

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Tal fra folkehelsebarometer

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA HR-seksjonen

Flere gode leveår for alle gode boliger og bomiljø fremmer folkehelse

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

Arbeidsmarkedet nå april 2014

Vestlandet ein stor matprodusent

13. Sendetida på TV aukar

12. Færre besøk ved norske kinoar

ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA HR-seksjonen

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

Kompetansearbeidsplassar i Hordaland

Psykologisk førstehjelp i skulen

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll

Tilgangskontroll i arbeidslivet


Samarbeid om førebyggjing

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Reflekterande team. Oktoberseminaret Ove Heradstveit, kommunepsykolog, Familiens Hus i Øygarden

Kartlegging av folkehelsa

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

Folkehelsearbeid. Kommunalsjef Jon Tvilde. Sogndal kommune

FOLKEHELSE I BUSKERUD

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Framtidig tilbod av arbeidskraft med vidaregåande utdanning

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

1Vaksne i grunnskoleopplæring

Arbeidsprosess rundt oversiktsarbeidet. Finnøy kommune

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen

Utval Møtedato Utvalssak Helse- og omsorgsutvalet /2012 Formannskapet /2012 Kommunestyret

Høyring - Verksemdsmessig utviklingsplan for Helse Førde

Kommunedelplan for oppvekst

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

FOLKEHELSE I BUSKERUD

Pulsen på Noreg. Jon Atle Rise Leiar av Sogn og Fjordane Røde Kors Ungdom

Auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Styrke samarbeidet mellom stat, fylkeskommune og kommune. Prosjektkoordinator Ny Giv Sissel Espe

Geografiske variasjonar i uførepensjon

HELSE FOR ALLE Kva, kven og korleis?

OVERSIKT OVER HELSETILSTANDEN

Folkehelsemeldingen 2019

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

ORGANISASJONSAVDELINGA Personalseksjonen - Org avd

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

2Vaksne i vidaregåande opplæring

Kjelde: alle figurar PANDA/SSB

Oversyn over økonomiplanperioden

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

Kunnskapsgrunnlaget. Anni Skipstein, Folkehelseseksjonen, Østfold fylkeskommune Galleri Oslo,

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Samtalegruppe for par der den eine har kreft.

Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet. Hjelmeland frivilligsentral

Transkript:

1

KUNNSKAPSGRUNNLAG OVERSIKT OVER FOLKEHELSA I SOGN OG FJORDANE Innhald KUNNSKAPSGRUNNLAG OVERSIKT OVER FOLKEHELSA I SOGN OG FJORDANE...1 BAKGRUNN...3 Kva skal vi ha oversikt over?...3 Korleis går vi fram i oversiktsarbeidet?...4 Helsetilstand og faktorar som påverkar denne...5 Organisering av oversiktsarbeidet mellom anna med kopling mot Regional plan for folkehelse. 6 Oppdatering av helseovervakingsdokumentet...7 Folkesetnad...8 Alderssamansetjing...8 Folketalsutviklinga framover...9 Talet på innvandrarar...11 Utdanningsnivå...12 Forventa levealder...13 Utfordringar...13 Oppvekst og levekår...14 Sjukefråvær...14 Talet på arbeidslause...15 Talet på unge arbeidslause...15 Mottakarar av uførepensjon...16 Mottakarar av uførepensjon under 45 år...17 Mottakarar av økonomisk sosialhjelp...17 Mottakarar av økonomisk sosialhjelp under 25 år...19 Prosentdelen som bur i hushald med låg inntekt...19 Prosentdelen som bur i hushald med låg inntekt. Unge under 18 år...20 Prosentdelen eineforsørgjarar...20 2

Born med barnevernstiltak i prosent av alle born...21 Legedekning...21 Lesedugleik i grunnskulen...22 Trivsel i grunnskulen...22 Prosentdelen av elevar i VGS som fullfører...23 Utfordringar...25 Fysisk, biologisk, kjemisk og sosialt miljø...26 Melde lovbrot...26 Unge lovbrytarar...26 Mobbing i skulen...26 Friviljuge lag og foreiningar som får kommunalt tilskot...27 Utfordringar...28 Skadar og ulukker...29 Hoftebrot...29 Talet på skadde og drepne i trafikken...29 Utfordringar...30 Helserelatert åtferd...31 Fysisk aktivitet blant born og unge...31 Daglegrøykarar...32 Daglegrøykarar og av-og-til røykarar i befolkninga...32 Overvektige...33 Utfordringar...34 Helsetilstand...35 Tilfelle av psykiske lidingar, hjarte-/karsjukdomar og muskel-/skjelettlidingar...35 Nye tilfelle av kreft...35 Tilfelle av diabetes 2...35 Brukarar av legemiddel mot KOLS eller astma...36 Prosentdel 5-åringar, 12-åringar og 18-åringar med hol i tennene...36 Utfordringar...38 Referansar...39 3

BAKGRUNN Dette dokumentet, «Kunnskapsgrunnlag Oversikt over folkehelsa i Sogn og Fjordane», er utarbeidd som følgje av krav og føringar som er lagt til fylkeskommunen når det gjeld oversikt over helsetilstanden. Folkehelse er definert som «helsetilstanden i befolkninga og korleis helsa fordelar seg i ein befolkning». Folkehelsearbeid tyder: «samfunnet sin innsats for å påverka faktorar som direkte eller indirekte fremmar helse og trivsel i befolkninga, førebyggjer psykisk og somatisk sjukdom, skade og liding eller som vernar mot helsetrugsmål, i tillegg til arbeid mot ein jamnare fordeling av faktorar som påverkar helsa». Lov om folkehelse Kap 4 Fylkeskommunens ansvar : 21 Oversikt over helsetilstanden og påvirkningsfaktorer i fylket Som grunnlag for folkehelsearbeidet i fylket, jf. 20, skal fylkeskommunen ha den nødvendige oversikt over helsetilstanden i fylket og de positive og negative faktorer som kan virke inn på denne, herunder trekk ved utviklingen som kan skape eller opprettholde helseforskjeller (sitat slutt) Folkehelsearbeidet krev systematisk oppfølging, sektorovergripande innsats og planforankring. Forskrift om oversikt over folkehelsen, fastsett 28. juni 2012 gjev ei nærare utdjuping av ansvar og plikter. Oversikt over helsetilstanden er grunnlaget for eit kunnskapsbasert, langsiktig og systematisk folkehelsearbeid. Den skal vere plan- og styringsrelevant. Kva skal vi ha oversikt over? Helsetilstanden i befolkninga kan skildrast ved hjelp av fleire indikatorar og det er svært mange faktorar som påverkar utviklinga i folkehelsa. I dette notatet gir vi eit oversyn over utviklinga i dei viktigaste faktorane som det er tilgjengeleg statistikk for. I tråd med Forskrift om oversikt over folkehelsen, 3, har vi gruppert faktorane etter følgjande tema: Folkesetnad (demografi, etnisitet, utdanning..) Oppvekst- og levekårstilhøve (sjukefråvær, arbeid, uføre, sosialhjelp, inntekt..) Fysisk, biologisk, kjemisk og sosialt miljø (førebels: lovbrot, mobbing i skulen) Skadar og ulukker (hoftebrot, skada og drepne i trafikken..) Helserelatert åtferd (fysisk aktivitet, gravide dagleg-røykarar, overvekt) Som eige tema har me skilt ut dei indikatorane som skildrar helsetilstanden (psykiske lidingar, hjarte-/karsjukdom, muskel og skjelett, bruk av legemiddel, karies) I rettleiaren God oversikt ein føresetnad for god folkehelse (Helsedirektoratet) er tema utdjupa nærare. 4

EvalueringOv ersi Korleis går vi fram i oversiktsarbeidet? ktplanstrategifastsettemål i planentiltak Oversikta skal svare på spørsmål som: korleis er folkehelsa blant innbyggjarane våre? Kva er bra hos oss? Kva mogelegheiter og ressursar har vi som må styrkast? På kva område er det fare for uheldig utvikling? Kva er årsaker til at det er slik? Kva trekk ved utviklinga kan skape eller oppretthalde sosiale eller helsemessige problem/sosiale helseskilnadar? Kva er viktig for langsiktig planlegging og for kortsiktige tiltak? Forskrift om oversikt over folkehelsa skil mellom fortløpande oversikt og oversikt som grunnlag for arbeidet med planstrategi. Det er ikkje eit skarpt skilje mellom desse. Den fortløpande oversikta vil naturleg vektlege data som endrar seg fortløpande og som kan krevje rask handling (t.d. utbrot av smittsame sjukdommar eller nedlegging av arbeidsplassar) Løpande oversikt føreset rutinar for regelmessig oppdatering av kunnskapsgrunnlaget og for å fange opp ny og vesentleg informasjon. Kvart fjerde år skal det utarbeidast eit skriftleg oversiktsdokument som grunnlag for det langsiktige folkehelsearbeidet. Dokumentet skal brukast som grunnlag for planlegging og styring av det langsiktige folkehelsearbeidet, jf. planstrategiar og kommuneplanar etter PBL. Oversiktsarbeidet skal i ein slik samanheng omfatte systematisk tilrettelegging av data, vurdering av data og identifisering av folkehelse-utfordringar. Opplysningar vert gjevne frå statlege helsemyndigheiter som supplerer data som kommunar og fylkeskommunen sjølv hentar inn. Arbeidet med den innsamla informasjonen skal munne ut i : identifisering av folkehelse-utfordringar og ressursar samt fagleg vurdering av årsakstilhøve og konsekvensar. I modellen under er arbeidet skissert på skjematisk vis: 5

Statistikk a) opplysingar frå statlege helsemyndigheiter og fylkeskommunen b) kunnskap frå kommunale helseog omsorgstenester c) kunnskap om utviklingstrekk i miljø og lokalsamfunnn Vurdering av årsaker - kvifor har denne situasjonen oppstått? - kva seier forsking om årsakene? - har dette relevans/ er det noko vi kan på verke i vår (fylkes-) kommune? Folkehelseutfordringar - kva er det viktigaste å ta tak i? - kan vi førebyggje? - finst det alt strategiar og tiltak på dette området? Helsetilstand og faktorar som påverkar denne «Helsetilstand» og «påverknadsfaktorar» er gjennomgåande omgrep i lov og forskrift. Helsetilstand vert oftast kopla mot førekomst av visse sjukdommar, plager, skadar og funksjonsnedsettingar, både somatiske og psykiske. Oversikta skal vere på populasjonsnivå. Merksemda vert retta mot tilstandar som er utbreidde hos innbyggjarane og som har stort førebyggingspotensiale. Men helsetilstand vert oppfatta som meir enn fråvær av sjukdom. Positive faktorar som trivsel, ressursar, mestring og livskvalitet m.m. bør speglast i data om helsetilstanden. Slike faktorar er gjerne vanskelegare å måle. Men dei kan estimerast gjennom regionale/lokale undersøkingar. Til dømes kan helsefremjande tilhøve vurderast ut i frå deltaking i politiske, frivillige organisasjonar, kulturell verksemd og liknande. Sosiale skilnader i helse Det finns omfattande dokumentasjon på at personar frå høgare sosiale lag målt ved utdanning, yrke eller inntekt både lever lengre og har betre helse enn personar frå lågare sosiale lag. Det eksisterer såleis betydelige sosiale skilnader i helse i Norge, og helseskilnadane viser seg tydelig på de fleste aktuelle helsemål. Sosiale skilnader i helse dannar eit mønster av ein gradient gjennom heile befolkninga der dei rikaste har litt betre helse enn de nest rikaste, som igjen har litt betre helse enn de tredje rikaste osv. Sosiale skilnader i helse er derfor noko som angår alle. Gradientutfordringa krev eit bredt og befolkningsretta søkjelys på problemet. 6

Dei sosioøkonomiske faktorane som påverkar helse kan framstillast i ein årsakskjede som strekkjer seg frå generelle samfunnsforhold til eigenskaper ved enkeltmennesket. Dette er illustrert i Whitehead og Dahlgren sin helsemodell (figur 1). Yst i årsakskjeda finn vi dei generelle samfunnstilhøva som økonomisk utvikling, miljømessige faktorar og politisk styresett. Dernest finn vi leve- og arbeidskår, sosiale tilhøve som sosial kapital, nettverk og relasjonar. Til slutt finn vi individuelle levevanar og helseåtferd, som har stor påverknad for helsa. Men som og er forma av bakanforliggande faktorar. Dei ulike laga i modellen påverkar den individuelle helsa ulikt avhengig av enkeltindivida sin sosiale status, samt den biologiske og genetiske arv. Organisering av oversiktsarbeidet mellom anna med kopling mot Regional plan for folkehelse Opplysningar om helsetilstanden hos innbyggjarane og ulike positive og negative påverkingsfaktorar er samansette. Informasjonen vert innhenta frå statlege, fylkeskommunale og kommunale kjelder. Mange samfunnssektorar skal dekkast. I tillegg til samanstilling og analyse av eksisterande data bør eigne undersøkingar designast og utførast. Organiseringa av arbeidet må reflektere dei tverrsektorielle bidrag til oversikta og den samla vurderinga av materialet. Både kvalitative og kvantitative undersøkingar krev fagkompetanse som gjeld forskingsdesign, metode og vurderingar. Det er risiko for feil, manglar og fallgruver. Metode 7

og framgangsmåte må beskrivast slik at undersøkingar kan etterprøvast og resultat vurderast for å unngå feiltolkingar. Medverknad er sett på som eit berande prinsipp i folkehelsearbeidet; både når det gjeld oversiktsarbeidet, i planprosessen og i ulike aktivitetar og tiltak. I kap. 5 i PBL heiter det at: «planmyndigheten skal gjennom hele planarbeidet sørge for open, bred og tilgjengelig medvirkning i lokalsamfunnet og dialog med organiserte og uorganiserte interesser» Dette kunnskapsgrunnlaget, Oversikt over folkehelsa i Sogn og Fjordane, vil saman med anna informasjon danne grunnlag for regional plan for folkehelse. Datagrunnlaget er med på å synleggjere utfordringar, utviklingstrekk over tid og endringar vi må vere merksame på. Årsaks- og konsekvensanalysar vil følgje som resultat av kva desse oversiktsdata syner oss. Oppdatering av helseovervakingsdokumentet Helseovervakingsdokumentet skal oppdaterast kontinuerleg, med ein heilskapleg gjennomgang årleg. Dette tyder at eksisterande statistikk vert oppdatert og dokumentet kan og verte supplert med ny statistikk. Spesielt tek vi sikte på å få på plass data om eigenopplevd helse blant vaksenpopulasjonen. Folkehelseinstituttet utarbeider i desse dagar mal for innhald og iverksetting av desse undersøkingane. I tillegg vil ungdomsundersøkinga «Helsevanar blant skuleelevar» (ei WHO-undersøking i 43 land) kunne gje oss eit unikt datamateriale og samanlikningsgrunnlag. Undersøkinga vart starta i 2011, med ny runde i 2013 og vert avslutta med ein siste i 2015. Analysen av data frå slik longitudinell undersøking vil gje oss betre oversikt når det gjeld årsak og konsekvens; kva faktorar er det som påverkar helsetilstanden. Samandrag: Statistikken for fylket viser at Sogn og Fjordane framleis peikar seg positivt ut på mange indikatorar. Vi har ikkje store skilnadar i inntekt og prosentdelen born som lever i familiar med låg inntekt er liten. Vi har færre born som har einsleg forsytar. Vi har færre unge arbeidsledige og færre unge uføretrygda (18-44 år) enn landsgjennomsnittet. Trivsel på skulen målt ved 10. klasse er noko betre enn landssnittet, og mobbing i skulen for same alderstrinn er vesentleg betre enn for landet. Det same gjeld fråfall i vidaregåande skule. Utvikling og utfordringar: Levekåra i fylket er framleis betre enn for landsgjennomsnittet, men for nokre indikatorar er skilnaden mindre no enn før. Dette gjeld i særleg grad born og ungdom. Talet på born under barnevernet og lesedugleiken blant 5. klassingar har hatt ein negativ utvikling dei siste åra. I tillegg har born talet på born som bur med berre ein omsorgsperson gått ned på landsplan, men ikkje i Sogn og Fjordane. 8

Den fysiske aktiviteten blant unge i Sogn og Fjordane er monaleg lågare enn landsgjennomsnittet, samstundes som prosentdelen overvektige unge menn ligg over resten av landet. Sogn og Fjordane har ein førekomst av muskel-/skjelettlidingar som ligg over landsgjennomsnittet, medan førekomsten av hjarte-/karsjukdommar og nye krefttilfelle ligg på landsnivå. Talet på diabetes type 2, kreft og KOLS/astma aukar i Sogn og Fjordane, men førebels mindre enn i resten av landet. 9

Folkesetnad Frå 2002 til 2007 gjekk folketalet ned kvart år, men sidan utgangen av 2007 har det vore ein årleg vekst i innbyggjartalet. Ved utgangen av 2013 budde det 108 965 personar i Sogn og Fjordane. Dette er det høgste talet nokon gong. Arbeidsinnvandring frå EU-området har vore den viktigaste årsaka til denne folketalsveksten. Endring i folketalet 1/1 2004-1/1 2014 etter fylke. I prosent. 0.25 0.2 0.15 0.1 0.05 0 0.02 For landet sett under eitt auka folketalet med om lag 11,6 prosent frå utgangen av 2003 til utgangen av 2013. Auken i Sogn og Fjordane var på berre 1,6 prosent i same periode, og saman med Nordland har Sogn og Fjordane vore det fylket med den svakaste folketalsveksten i denne ti årsperioden. Alderssamansetjing Sogn og Fjordane har ei eldre folkemengd enn landet elles. Ved utgangen av 2013 var 5,6 prosent av innbyggjarane i Sogn og Fjordane 80 år eller eldre (6098 personar). Det tilsvarande talet for heile landet var 4,3 prosent. Berre i Hedmark fylke var ein større prosentdel av folkemengda over 80 år enn i Sogn og Fjordane. 17,9 prosent av befolkninga i Sogn og Fjordane var i aldersgruppa 30 44 år, noko som gjaldt for 20,9 prosent av befolkninga på landsplan. I dei andre aldersgruppene var det mindre skilnader mellom Sogn og Fjordane og landsgjennomsnittet. 10

Talet på personar i Sogn og Fjordane og i landet i ulike aldersgrupper. Per 1/1 2014. Absolutte tal og i prosent. Sogn og Fjordane Landet Absolutte tal Prosent Absolutte tal Prosent 0-19 år 28071 25,8 % 1256650 24,6 % 20-29 år 13204 12,1 % 684764 13,4 % 30-44 år 19297 17,7 % 1060197 20,8 % 45-64 år 28541 26,2 % 1294887 25,3 % 65-79 år 13754 12,6 % 591798 11,6 % 80 år og over 6098 5,6 % 220760 4,3 % i alt 108965 100,0 % 5109056 100,0 % Endring i talet på personar i ulike aldersgrupper. 1/1 2004-1/1 2014. I prosent. 0.3 0.27 0.25 0.2 0.15 0.1 0.05 0.06 0.04 0.2 0.04 0.11 0.16 0.19 0.06 0.02 0.02 0.12 Sogn og Fjordane Landet 0-0.05-0.1-0.15-0.06-0.1 Talet på personar under 20 år og i aldersgruppa 30 44 år har gått ned i Sogn og Fjordane dei siste 10 åra, medan det har vore ein liten vekst blant personar i aldersgruppene 20 29 år og 80+ år. Den største veksten har det vore i aldersgruppa 45 79 år. Folketalsutviklinga framover Fylkeskommunen ventar at det i 2030 vil vera 117 400 innbyggjarar i Sogn og Fjordane. Dette vil vera vel 8400 fleire enn ved utgangen av 2013. Den årlege folketalsveksten vert noko mindre enn i perioden 2008 2013, men vil likevel vera stor i eit historisk perspektiv. 11

Folkemengda i Sogn og Fjordane 1950-2012. Prognose 2013-2030 120000 115000 110000 105000 100000 95000 90000 85000 80000 Dersom denne prognosen slår til, vil vi ved årsskiftet 2015/2016 vera om lag 110 000 innbyggjarar og i løpet av 2024 vil vi passere 115 000. I 2030 vil det vera 14 600 innbyggjarar over 75 år i Sogn og Fjordane. Dette er 5130 fleire enn ved utgangen av 2013, noko som svarar til ein vekst på 54 prosent. Også i aldersgruppa 60 74 år vil det vera ein kraftig vekst, frå 17027 ved utgangen av 2013 til 21 350 i 2030. Heile folketalsveksten i fylket fram mot 2030 kjem dermed i aldersgruppene over 60 år. Desse aldersgruppene høyrer til dei store fødselskulla frå dei fyrste ti-åra etter 2. verdskrig. Talet på personar i Sogn og Fjordane ved utgangen av året. Fordelt på alder. Framskrivingar 2014-2030. Prosentvis 2014 2015 2020 2025 2030 Endring 2014-2030 endring 2014-2030 0-14 år 20215 20100 20300 20500 20650 435 2% 15-24 år 15161 14650 14150 13950 13950-1 211-8% 25-39 år 17911 18050 18750 18850 18650 739 4% 40-59 år 29181 29100 28750 28550 28200-981 -3% 60-74 år 17027 18500 20000 20750 21350 4 323 25% 75+ år 9470 9550 10900 12950 14600 5 130 54% i alt 108965 109950 112850 115550 117400 8 435 8% 12

Talet på innvandrarar Talet på innvandrarar og personar med innvandrarforeldre i Sogn og Fjordane har meir enn dobla seg i løpet av dei siste 10 åra. I 2003 budde det 4200 innvandrarar og born av innvandrarar i fylket. Dette hadde auka til 9688 ti år seinare. Denne gruppa utgjer no 8,9 prosent av folkemengda i fylket mot 14,1 prosent på landsplan. Blant desse innvandrarane var det i 2013 1893 flyktningar, noko som er ein auka på 801 frå 2003. Flyktningane utgjer 1,7 prosent av folkemengda i Sogn og Fjordane. På landsplan er prosentdelen flyktningar dobbel så stor. Talet på innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre i Sogn og Fjordane pr. 1/1. 2003-2013. Irekna flyktningar. Endring 2003-2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2013 Personar 4200 4313 4433 4517 4697 5348 5976 6990 7855 8598 9688 5488 Prosent av folkemengda 3,9 4 4,1 4,2 4,4 5 5,6 6,5 7,3 7,9 8,9 5 Herav flyktningar 1 1092 1283 1341 1372 1374 1478 1481 1557 - - 1893 801 Flyktningar i prosent av folkemengda 1,0 1,2 1,3 1,3 1,3 1,4 1,4 1,5 - - 1,7 0,7 1: Flykningar inneheld ikkje born av flyktningar. Dei siste ti åra har veksten i innvandrarar totalt våre mykje større enn auken i talet på flyktningar. Dette skuldast den store arbeidsinnvandringa frå EU-land, men det har og vorte fleire innvandrarar frå Asia. Prosentdelen som innvandrarar og born av to innvandrarar utgjer av folkemengda har auka om lag like mykje i Sogn og Fjordane som i landet totalt. 13

Talet på flyktningar og innvandrarar1 i alt. Prosent av folkemengda. 2013. 16 14 14.1 12 10 8 6 8.9 Sogn og Fjordane Landet 4 3.4 2 0 Innvandrarar i alt 1.74 Herav flyktningar 1: Inkluderer og born av innvandrarar. Utdanningsnivå Det er godt dokumenterte samanhengar mellom utdanningsnivå og helse. Forventa levealder aukar med aukande utdanningsnivå (Elstad, J.I. (2005)) og sannsynet for å døy som spedbarn er monaleg høgare viss mor er lågt utdanna enn om ho har universitets-/høgskuleutdanning (Dahl, Bergsli og van der Wel (2014)). Utdanningsnivået påverkar folkehelsa fordi fleire med låg utdanning arbeidar i yrke med mange arbeidsuhell og yrkesskader (Dahl, Bergsli og van der Wel (2014) og fordi det ofte er ein negativ samanheng mellom utdanningsnivå og viktige levekårfaktorar, som t.d. inntekt. I 2012 hadde 40 prosent av aldersgruppa 30 39 år i Sogn og Fjordane utdanning frå høgskule eller universitet samanlikna med 46 prosent for landet sett under eitt. Både i Sogn og Fjordane og i landet totalt har delen med høgskule-/universitetsutdanning auka med 12 prosenteiningar frå 2002. Utdanningsnivået blant 30 39 åringar i Sogn og Fjordane ligg omtrent i midtsjiktet blant fylka rangert frå lågast til høgast prosentdel med høgt utdanna innbyggjarar. Grunnen til at vi ligg langt etter det nasjonale gjennomsnittet, men midt på treet blant fylka er at Oslo har ein svært stor prosentdel av innbyggjarane med høgare utdanning. Oslo dreg med sitt store innbyggjartal landsgjennomsnittet mykje opp. Prosentdelen av befolkninga i alderen 30 39 år som har høgare utdanning Endring 2002 2012 2002-2012 Sogn og Fjordane 28 40 12 Heile landet 34 46 12 14

Forventa levealder I perioden 1998 2012 hadde nyfødde gutar i Sogn og Fjordane ein forventa levealder på 78,6 år, medan nyfødde jenter var forventa å leva i 83,8 år. Dei tilsvarande tala for landet var høvesvis 77,5 år og 82,3 år. Forventa levealder i Sogn og Fjordane er dermed 1,1 år høgre for gutar og 1,5 år høgre for jenter enn landsgjennomsnittet. Sogn og Fjordane Heile landet Forventa levealder. I år. 1987-2001 1998-2012 Endring i forventa levealder Menn 75,9 78,6 2,7 Kvinner 82,1 83,8 1,7 Menn 74,6 77,5 2,9 Kvinner 80,6 82,3 1,7 Frå perioden 1987 2001 til perioden 1998 2012 auka forventa levealder for nyfødde gutar med 2,7 år i Sogn og Fjordane samanlikna med 2,9 år for landet totalt. For nyfødde jenter auka levealderen med 1,7 år både i Sogn og Fjordane og for landet totalt. Levealderen for nyfødde gutar auka dermed mindre i Sogn og Fjordane enn på landsbasis, medan levealderen for nyfødde jenter har hatt den same veksten i Sogn og Fjordane som for landet i landsgjennomsnittet. I perioden 1998-2012 hadde Sogn og Fjordane den høgste forventa levealderen for nyfødde av begge kjønn. Utfordringar Fylket har ein høg prosentdel eldre over 80 år og den lengste, forventa levealderen for begge kjønn. I åra framover vil det bli ein stor vekst i denne aldersgruppa, medan det ikkje blir nokon auke i den yrkesaktive befolkninga. Fleire eldre gjev eit større behov for kommunale helse- og omsorgstenester, samstundes som færre yrkesaktive fører til reduserte skatteinntekter i mange kommunar. Dette kan redusere det kommunale tenestetilbodet til mange grupper. Talet på innvandrarar til Sogn og Fjordane har, til liks med andre fylke, auka sterkt dei siste åra. Dette har gjeve fylket god tilgang på kvalifisert arbeidskraft og auka verdiskapinga. Fleire innvandrarar gjev og eit større behov for tilrettelagt informasjon om aktivitetar og kommunale tilbod som påverkar folkehelsa. 15

Oppvekst og levekår Sjukefråvær Sjukefråvær som varer lenge kan resultere i overgang til meir permanente trygdeordningar og utstøyting frå arbeidsmarknaden. Eit høgt sjukefråvær kan og vera ein indikasjon på dårleg arbeidsmiljø eller eit belastande arbeid. Samstundes kan ein ikkje sjå vekk frå at det å koma for tidleg attende på jobb etter eit sjukefråvær og kan utgjera ein helserisiko på sikt. Sjukefråværsprosent blant arbeidstakarar 16-69 år. Legemeldt sjukefråvær i 4.kvartal. 2002 2012 Endring 2002-2012 Sogn og Fjordane 6,2 % 5,0 % -1,2 % Heile landet 7,1 % 5,6 % -1,5 % I 4. kvartal 2012 var sjukefråværet på 5,0 prosent i Sogn og Fjordane. Dette var 0,6 prosenteiningar lågare enn for landet sett under eitt og 1,2 prosenteiningar lågare enn i 4.kvartal 2002. Sjukefråværsprosenten i Sogn og Fjordane har i heile ti-årsperioden vore lågare enn landsgjennomsnittet, men nedgangen har vore litt mindre i Sogn og Fjordane (-1,2 prosenteiningar) enn for landet totalt (-1,5 prosenteiningar). 16

17

Talet på arbeidslause Å gå lenge arbeidslaus inneber tap av inntekt, ein lang jobbsøkingsprosess med mange avslag og ein mistar den daglege kontakten med arbeidskollegaer. Dette vil påverka trivsel og mestringskjensle. I tillegg aukar sannsynet for at ein ikkje kjem attende til arbeidslivet og går over til langvarige trygdeytingar (Nilssen og Reiso (2011)). Å stå utanfor arbeidslivet kan også påverke standarden på bustaden, kosthaldet, fritidsaktivitetar og endre det sosialt nettverket. Nordiske undersøkingar av samanhengen mellom arbeidsløyse, arbeid og mental helse tyder på at det er store helsegevinstar ved å få arbeidslause tilbake i arbeid (Halvorsen, K. (1998), Strandh, M. (2000) og Korpi, T. (2001)). Registrerte heilt arbeidslause. Årsgjennomsnitt 2002-2012. I prosent av arbeidsstyrken. 2002 2012 Endring 2002-2012 Sogn og Fjordane 2,1 1,8-0,3 Heile landet 3,2 2,5-0,7 I 2012 var i gjennomsnitt 1,8 prosent av arbeidsstyrken heilt utan arbeid i Sogn og Fjordane. Dette var 0,7 prosenteiningar lågare enn landsgjennomsnittet. Sogn og Fjordane var, saman med Rogaland, det fylket med lågast arbeidsløyse i 2012. Sidan 2002 har arbeidsløysa gått ned med 0,3 prosenteiningar i Sogn og Fjordane, men dette er mindre enn nedgangen på landsplan. I heile den siste ti-årsperioden har arbeidsløysa i Sogn og Fjordane vore lågare enn landsgjennomsnittet. Talet på unge arbeidslause I 2012 var i gjennomsnitt 2,5 prosent av arbeidsstyrken under 30 år i Sogn og Fjordane registrert som heilt arbeidslause mot 3,4 prosent for landet totalt. Dette er ein nedgang på 0,6 prosenteiningar frå 2002. På landsbasis var nedgangen på 1,1 prosenteiningar. Ungdomsarbeidsløysa i Sogn og Fjordane er den lågaste i landet, bortsett frå i Rogaland. 18

Registrerte heilt arbeidslause under 30 år. Årsgjennomsnitt 2002 og 2012. I prosent av arbeidsstyrken. 2002 2012 Endring 2002-2012 Sogn og Fjordane 3,1 2,5-0,6 Heile landet 4,5 3,4-1,1 Registrerte heilt arbeidslause under 30 år. Prosent av arbeidsstyrken. 4.5 4 3.5 3 2.5 2 Sogn og Fjordane Heile landet 1.5 1 0.5 0 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 Mottakarar av uførepensjon Mottakarar av uførepensjon er personar som heilt eller delvis har mista arbeids- og inntektsevne. Desse er heilt eller delvis utestengd frå arbeidsmarknaden. Tap av inntekt, manglande kontakt med arbeidslivet og ei kjensle av «utanforskap» kan påverke den psykiske helsa, velferda og levevanane til den einskilde. Mottakarar av uførepensjon i prosent av folkemengda i alderen 18-66 år. Aldersstandardiserte tal. Årsgjennomsnitt 2005/2007-2010/2012. 2005-2007 2006-2008 2007-2009 2008-2010 2009-2011 2010-2012 Endring 2005/2007-2010/2012 Sogn og Fjordane 8,1 8 7,9 7,7 7,6 7,5-0,6 Heile landet 10 9,7 9,6 9,5 9,4 9,4-0,6 19

I gjennomsnitt for åra 2010 2012 fekk 5343 personar heil eller delvis uførepensjon i Sogn og Fjordane. Dette tilsvara ei aldersstandardisert 1 uførerate på 7,4 prosent. Det inneber at dersom befolkninga i Sogn og Fjordane hadde hatt ein aldersfordeling lik den på landsplan, så ville 7,4 prosent av dei i alderen 18 66 år motteke uførepensjon. Berre Oslo og Akershus har ein lågare uførerate enn Sogn og Fjordane. Uførerata for landet er på 9,4 prosent. Den aldersstandardiserte uførerata i Sogn og Fjordane har gått ned med 0,6 prosenteiningar frå perioden 2005-2007 til perioden 2010 2012. Dette er den same nedgangen som for landet sett under eitt. I heile dette tidsrommet har uførerata i Sogn og Fjordane vore lågare enn landsgjennomsnittet. Sjølv om uførerata i Sogn og Fjordane er låg samanlikna med resten landet, så er den høg i ein internasjonal målestokk. Når vi i tillegg tek omsyn til talet på personar med rett til arbeidsavklaringspengar, så er ein stor del av folkemengda i arbeidsfør alder heilt eller delvis utanfor arbeidsmarknaden. Mottakarar av uførepensjon under 45 år Det var i gjennomsnitt 795 personar under 45 år som i åra 2010 2012 som fekk heil eller delvis uførepensjon i Sogn og Fjordane. Dette tilsvara ei aldersstandardisert 2 uførerate på 2,2 prosent. Omfanget av unge uførepensjonistar i Sogn og Fjordane gjekk ned med 0,3 prosenteiningar frå perioden 2005 2007. På landsbasis var nedgangen på 0,1 prosentpoeng. Mottakarar av uførepensjon i prosent av folkemengda i alderen 18-44 år. Aldersstandardiserte tal. Årsgjennomsnitt 2005/2007-2010/2012. 2005-2007 2006-2008 2007-2009 2008-2010 2009-2011 2010-2012 Endring 2005/2007-2010/2012 Sogn og Fjordane 2,5 2,4 2,3 2,2 2,2 2,2-0,3 Heile landet 2,6 2,5 2,4 2,3 2,4 2,5-0,1 Også blant unge har uførerata i Sogn og Fjordane vore lågare enn landsgjennomsnittet i heile tidsrommet 2005/2007 2010/2012, men skilnaden er mindre enn for uførepensjonistar i alt. Mottakarar av økonomisk sosialhjelp Mottakarar av økonomisk sosialhjelp er ei utsett gruppe, psykososialt og materielt. Dei har ofte ei marginal tilknyting til arbeidsmarknaden, kortare utdanning og lågare bustandard enn befolkninga elles. Den fysiske, og særleg den psykiske, helsetilstanden blant mottakarar av sosialhjelp er gjennomgåande dårleg. Kriminalitet, rusmisbruk og røyking er meir vanleg blant denne gruppa enn i 1 Aldersstandardisert uførerate er den uførerata ein ville hatt i Sogn og Fjordane dersom aldersfordelinga i fylket var den same som på landsplan. Vi nyttar aldersstandardiserte uføreratar fordi befolkninga i fylket er eldre enn landsgjennomsnittet og han eldes raskare enn for landet sett under eitt. Dersom ein ikkje standardiserer, kan uføreratane for Sogn og Fjordane bli for høge samanlikna med resten av landet og utviklinga vil stå fram som meir negativ enn det som er reelt. 2 Sjå fotnote 1. 20

befolkninga elles (Van der Wel, K. A., m.fl. (2006)). Mottakarar av sosialhjelp døyr og tidlegare andre, m.a. på grunn av eit stort forbruk av alkohol/rusmiddel (Ohrem Naper, S. (2009). Trass i jamn auke i satsane har sosialhjelpa i Noreg blitt mindre effektiv til å hindre fattigdom (Kuivalainen, S. & Nelson, K. (2012)). Mottakarane av sosialhjelp har difor ein levestandard under gjennomsnittet og kan i mindre grad enn andre nytte sosiale og kulturelle tilbod. Dette råkar i særleg grad borna sine ferie- og fritidsaktivitetar. Sosial ekskludering og ein pressa økonomisk kvardag vil påverka levevilkåra. Mottakarar av økonomisk sosialhjelp i alderen 25-66 år. Prosentdel av folkemengda. Årsgjennomsnitt Endring 2010-2000 - 2002 2010-2012 2012 Sogn og Fjordane 3,2 2,7-0,5 Heile landet 3,9 3,3-0,6 I gjennomsnitt for åra 2010 2012 fekk 2,7 prosent av folkemengda i alderen 25 66 år økonomisk sosialhjelp i Sogn og Fjordane. Det er berre Møre og Romsdal av fylka som har ein lågare prosentdel mottakarar av sosialhjelp. Landsgjennomsnittet ligg på 3,3 prosent. I Sogn og Fjordane har det vore ein nedgang i talet på stønadstilfelle på 0,5 prosentpoeng frå perioden 2000 2002 til perioden 2010 2012. På landsplan var nedgangen på 0,6 prosentpoeng i den same perioden. Dette er ikkje ein vesentleg skilnad. Mottakarar av økonomisk sosialhjelp i Sogn og Fjordane. 25-66 år. Årsgjennomsnitt. 2000 1722 1500 1450 1000 500 0 2000-2002 2010-2012 21

Mottakarar av økonomisk sosialhjelp under 25 år Mottakarar av økonomisk sosialhjelp i alderen 18-24 år. Prosentdel av folkemengda. Årsgjennomsnitt Endring 2010-2000 - 2002 2010-2012 2012 Sogn og Fjordane 5,4 4,3-1,1 Heile landet 7,1 5,8-1,3 4,3 prosent av ungdom i Sogn og Fjordane i alderen 18 24 år fekk sosialhjelp i perioden 2010 2012 (årsgjennomsnitt). Dette er lågast i landet og var ein nedgang på 1,1 prosentpoeng frå perioden 2000 2002. Landsgjennomsnittet ligg på 5,8 prosent, ein nedgang på 1,3 prosentpoeng frå perioden 2000 2012. Skilnaden mellom fylket og landet når det gjeld endringa i talet på stønadstilfelle (1,1 prosentpoeng i Sogn og Fjordane mot 1,3 prosentpoeng på landsplan) er ikkje vesentleg. Mottakarar av økonomisk sosialhjelp i Sogn og Fjordane. 18-24 år. Årsgjennomsnitt. 1000 500 529 448 0 2000-2002 2010-2012 Prosentdelen som bur i hushald med låg inntekt Inntekt og økonomi er viktige faktorar som påverkar helse, og forsking viser at det er nær samanheng mellom inntektsnivå og helsetilstand. Låg inntekt aukar sannsynet for dårleg sjølvopplevd helse, sjukdom og for tidleg død. For menn i alderen 45 59 år er sannsynet for å døy 3 5 gonger så høgt for dei 20 prosentane som tener minst samanlikna med dei 20 prosentane som tener mest (Næss Ø., m.fl. (2007)). Personar med inntekt som ligg langt under normalinntekta har ein lågare levestandard enn folk flest. Dette vil påverka tilgangen på sunn mat og helsefremjande fritidsaktivitetar. Personar med låg inntekt har og ofte belastande yrke og arbeidsoppgåver. 8,2 prosent av innbyggjarane i Sogn og Fjordane bur i hushald med ei inntekt på maksimum 60 prosent av medianinntekta i fylket 3. Det tilsvarande talet for landet er 9,5 prosent. Berre Akershus, More og Romsdal og Finnmark hadde i åra 2009 2011 ein mindre prosentdel av folkemengda i denne inntektsgruppa enn Sogn og Fjordane. 3 Studenthushald og felleshushald (t.d. alders- og sjukeheimar) er ikkje med i talgrunnlaget. 22

Prosentdelen av personar som bur i slike hushald i Sogn og Fjordane har gått ned med 0,9 prosentpoeng frå perioden 2005 2007 til perioden 2009 2011, medan nedgangen var på 0,3 prosentpoeng på landsbasis. Talet på hushald med årleg inntekt etter skatt pr. forbrukseining på maksimum 60 prosent av medianinntekta. EU-skala. 2005/07 2009/11 Endring 2005/07-2009/11 Sogn og Fjordane 9,1 8,2-0,9 Heile landet 9,8 9,5-0,3 Prosentdelen som bur i hushald med låg inntekt. Unge under 18 år. Inntektssituasjonen til familien i barndommen kan vera éin av fleire faktorar som via utdanningsnivå, yrkesval og deltaking i arbeidslivet, set i gang ein spiral der helse og inntekt påverkar kvarandre gjennom livsløpet (Kawachi, I., m.fl. (2010) og Pedersen, A. W. (2013)). 6,5 prosent av dei unge under 18 år i Sogn og Fjordane og 9,1 prosent på landsplan bur i hushald med ei inntekt på maksimum 60 prosent av medianinntekta. Frå perioden 2005 2007 til perioden 2009 2011 var prosentdelen nesten uendra i Sogn og Fjordane, medan han auka med 0,5 prosentpoeng for landet totalt. Sogn og Fjordane er det fylket med den lågaste prosentdelen unge som bur i hushald med låg inntekt. Talet på unge under 18 år som bur hushald med årleg inntekt etter skatt pr. forbrukseining på maksimum 60 prosent av medianinntekta. EU-skala. Endring 2005/07-2005/07 2009/11 2009/11 Sogn og Fjordane 6,3 6,5 0,2 Heile landet 8,6 9,1 0,5 Prosentdelen eineforsørgjarar Småbarnsfamiliar, særleg einslege forsørgjarar, opplever no i større grad relativ fattigdom enn for nokre år sidan ( Seim, S. & Larsen, H. (2011)). I Sogn og Fjordane var det i gjennomsnitt 1517 eineforsørgjarar i åra 2010 2012 4. Desse utgjorde om lag 15 prosent av alle forsørgjarane. På landsplan var 19 prosent av mottakarane av barnetrygd eineforsørgjarar. Sidan perioden 2000 2002 har prosentdelen eineforsørgjarar vore uendra i Sogn og Fjordane, men gått ned med 1 prosentpoeng på landsbasis. 4 Dette er personar som får utvida barnetrygd. 23

Talet på eineforsørgjarar under 45 år. I prosent av alle med born under 18 år. Årsgjennomsnitt Endring 2000/2002 2000-2002 2010-2012 - 2010/2012 Sogn og Fjordane 15 15 0 Heile landet 20 19-1 Born med barnevernstiltak i prosent av alle born Gjennom indikatoren born med barnevernstiltak freistar ein å måle omfanget av omsorgssvikt mot born, inklusiv vald. Traumatiske hendingar i barndommen, m.a. vald og omsorgssvikt, kan føre til somatiske og psykiske sjukdomar seinare i livet og tidleg død (Felitti VJ, Anda RF, Nordenberg D et al. (1998) og Kirkengen A.L (2005) ). Det er også påvist samanheng mellom det å vera voldsoffer i nære relasjonar i barndomen til å bli ein voldsutøvar som vaksen (Bengtson M., Steinsvåg P.Ø og Terland H. (2005)). I gjennomsnitt var 24,6 born per 1000 innbyggjar under 23 år omfatta av eit barnevernstiltak i Sogn og Fjordane i åra 2010 2012. Det tilsvarande talet på landsplan var 26,2 born. Det er ikkje statistisk skilnad mellom fylket og landet. Sogn og Fjordane ligg i midtsjiktet når det gjeld prosentdelen av borna som er omfatta av eit barnevernstiltak. Akershus, Rogaland, Hordaland, Sør-Trøndelag og Oslo har færre born under barnevernet enn Sogn og Fjordane. Talet på born 0-22 år med barnevernstiltak ved utgangen av året per 1000 innbyggjar. Gjennomsnitt. 2003-2005 2010-2012 Endring 2003/2005-2010/2012 Sogn og Fjordane 18,9 24,6 30,1 % Heile landet 21,0 26,2 24,7 % Sidan perioden 2003 2005 har andelen av borna i Sogn og Fjordane som er under tiltak i barnevernet auka med 30,1 prosent. Auken på landsbasis har vore på 24,7 prosent. Talet på born med barnevernstiltak i dei ulike fylka er i stor grad prega av skilnadene på ressursar innan barnevernet, og må såleis tolkast med varsemd. Legedekning Tilgjenge til primærlege påverkar sannsynet for at innbyggjarane oppsøker lege ved sjukdom eller i samband med oppfølging av sjukdom og tida det tek å få legehjelp ved akutt behov. Når 24

innbyggjarane veit at det tek lang tid og er vanskeleg å koma til primærlege, vil det og kunne påverke livskvaliteten deira. I Noreg er det små eller ingen skilnader mellom ulike grupper når det gjeld bruken av allmennlegar, men klare skilnader i bruken av private legespesialister (Van Doorslaer, E., m.fl. (2004) og Lian, O. & Westin, S. (2009)). I enkelte tilfelle er det i norsk samanheng funne meir bruk av polikliniske tenester blant personar med høg inntekt, men sjeldan når det gjeld innlegging på sjukehus. (Finnvold J. E. (2009) og Jensen, A. (2009)). Førebyggjande helsetenester er mangelfullt studert, men høgstatusgrupper brukar screeningundersøkingar oftare enn lågstatusgrupper (Aas, E. (2004)). Talet på legeårsverk per 10.000 innbyggjar. 2002 2012 Endring 2002-2012 Sogn og Fjordane 10,7 12,2 1,5 Heile landet 9,1 9,9 0,8 I 2012 var det 12,2 legeårsverk i primærhelsetenesta per 10.000 innbyggjar i Sogn og Fjordane samanlikna med 9,9 på landsbasis. Det er berre Finnmark som har ein høgare primærlegedekning enn Sogn og Fjordane. Legedekninga i Sogn og Fjordane har auka med 1,5 årsverk per 10.000 innbyggjar, medan det i gjennomsnitt for landet har auka med 0,8 årsverk per 10.000 innbyggjar. Lesedugleik i grunnskulen Ei av skulen sine viktigaste oppgåver er å hjelpe elevane til å bli gode lesarar. Å kunne lese er ein verdi i seg sjølv, for oppleving, engasjement og identifikasjon, og det er eit naudsynt grunnlag for læring i dei fleste fag. 28,9 prosent av 5.klassingane i Sogn og Fjordane hadde ein lesedugleik på det lågaste nivået i skuleåra 2011/12 2012/13. Dette var ein auke på 3,0 prosenteiningar frå gjennomsnittet i åra 2007/08 2008/09. Dei tilsvarande tala for landsgjennomsnittet var høvesvis 26,2 prosent og 0,7 prosenteiningar. Lesedugleik på lågaste nivå blant 5. klassingar. I prosent 2007/08 2008/09 2011/12-2012/13 Endring Sogn og Fjordane 25,9 28,9 3,0 Heile landet 25,5 26,2 0,7 Dette inneber at 5.klassingane i Sogn og Fjordane ligg under landsgjennomsnittet når det gjeld lesedugleik. Barn i 5. klasse les dårlegare no enn dei gjorde i åra 2007/08 2008/09. Forverringa i lesedugleik er og større i Sogn og Fjordane enn i landet elles. Trivsel i grunnskulen Å trivast er viktig for helsa til den enkelte. For barn og unge er skulen ein viktig sosial arena. Trivsel på skulen påverkar elevane sin motivasjon for å læra, og dermed deira evne til å meistra dei utfordringane skulekvardagen gjev (Øia 2011). Trivsel kan på lengre sikt påverka fråfallet blant elevar i 25

den vidaregåande skulen, der hol i kunnskapsgrunnlaget frå ungdomsskulen er ein viktig årsak til fråfall. Trivsel på skulen kan og knytast til kor nøgd ein er med livet, spesielt for jenter (Danielsen m.fl, 2009). I dei årlege elevundersøkingane blant elevar i 7. og 10.klasse i grunnskulen vert dei m.a. spurde om kor godt dei trivst på skulen. Vi har her sett på kor stor prosentdel som på spørsmålet Trivst du godt på skulen? har svart «godt» eller «svært godt» I tabellen under er desse svara slått saman for begge klassestega. Prosentdel av 7. og 10.klassingar om trivst på skulen 2007/08-2006/07-2010/112011/12 Endring Sogn og Fjordane 86,8 87,8 1,0 Heile landet 84,6 85,3 0,7 Ein større prosentdel av elevane i Sogn og Fjordane (87,8 %) enn på landsbasis (85,3 %) svarar at dei trivst på skulen. I Sogn og Fjordane har denne delen auka med 1,0 prosenteiningar dei siste åra mot 0,7 prosenteiningar på landsplan. Elevane i Sogn og Fjordane trivst difor betre enn elevar elles i landet og auken i trivselen er og noko større i Sogn og Fjordane enn i landet elles. Prosentdelen av elevar i VGS som fullfører Det er godt dokumenterte samanhengar mellom utdanningsnivå, materielle levekår og helse. Personar som ikkje har fullført vidaregåande utdanning er truleg like utsett for levekårs- og helseproblem som dei som har valt å ikkje ta meir utdanning etter fullført ungdomsskule. Låg, formell utdanning og fråfall frå vidaregåande skule gjev helse- og levekårsproblem seinare i livet. (NOU (2009)). Utdannings- og arbeidsmarknadstilknytinga blir markant betre dersom ein fullfører vidaregåande opplæring (Markussen, E., m.fl. (2008)), medan dei som bryt skulegangen har større sjansar for å hamna utanfor, eller i ein marginal posisjon på, arbeidsmarknaden. Sannsynet for å vera registrert som arbeidssøkar hjå NAV og leve av offentlig støtte er og mykje større i denne gruppa enn i andre utdanningsgrupper (De Ridder, K.A., m.fl.(2012) og Falch, T. & Nyhus, O.H. (2009)). Prosentdelen fråfall i den vidaregåande skulen. 2005-2007 2010-2012 Endring 2005/07-2011/13 Sogn og Fjordane 19,3 18,6-0,7 Heile landet 25 25 0 26

18,6 prosent av dei som starta på vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane hadde ikkje fullført opplæringa 5 år etterpå 5. Dette var den lågaste fråfallsprosenten blant alle fylka og var ein nedgang på 0,7 prosenteiningar samanlikna med åra 2005 2007. For landet sett under eitt var det fråfallet på 25 prosent både i åra 2005 2007 og i åra 2010-2012. Indikator Nivået Utviklinga i fylket Utviklinga samanlikna med landet Fullføringsgrad VGS 5 Gjennomsnitt for åra 2010, 2011 og 2012. 27

Utfordringar Indikator Nivået Utviklinga i fylket Utviklinga samanlikna med landet Sjukefråværsprosent Arbeidsløyseprosent Arbeidsløyseprosent blant ungdom Uførepensjonistar i alt Unge uførepensjonstar Sosialstønadstilfelle i alt Unge sosialstønadstilfelle Personar med låg inntekt Personar under 18 år med låg inntekt Born som bur med ein omsorgsperson, enten far eller mor Born med barnevernstiltak Legedekning Lesedugleik Trivsel Fullføringsgrad VGS Levekåra i fylket er framleis betre enn for landsgjennomsnittet, men for nokre indikatorar er skilnaden mindre no enn før. Dette gjeld i særleg grad born og ungdom. Talet på born under barnevernet og lesedugleiken blant barn i 5. klasse har hatt ein negativ utvikling dei siste åra. I tillegg har talet på born som bur med berre ein omsorgsperson gått ned på landsplan, men ikkje i Sogn og Fjordane. 28

Fysisk, biologisk, kjemisk og sosialt miljø Melde lovbrot Talet på lovbrot er ein indikator på kriminalitet. Lovbrot skapar utrygge omgivnader og unge menn med låg sosial status og ein vanskeleg oppvekst er overrepresentert i statistikken over valds- og vinningskriminalitet. Når det gjeld økonomisk kriminalitet derimot, er det eit tungt innslag av personar med høg inntekt og utdanning. Talet på melde lovbrot per 1000 innbyggjarar 2002 2012 Endring 2002-2012 Sogn og Fjordane 53,1 41,4-22,0 % Heile landet 96,5 76,3-20,9 % I 2012 var det 41,4 melde lovbrot per 1000 innbyggjarar i Sogn og Fjordane. For landet totalt var det tilsvarande talet 76,3. Det var dermed 46 prosent færre melde lovbrot i Sogn og Fjordane i høve til folketalet samanlikna med heile landet. Frå 2002 til 2012 gjekk talet på melde lovbrot per 1000 innbyggjarar ned med 22,0 prosent i Sogn og Fjordane og med 20,9 prosent i heile landet. Denne skilnaden er ikkje statistisk signifikant. Unge lovbrytarar I 2012 var 24,1 personar per 1000 innbyggjarar i Sogn og Fjordane under 25 år sikta for minst eitt lovbrot. Det tilsvarande talet på landsplan var 35,6. I høve til folketalet, var difor 32 prosent færre unge under 25 år sikta for eit lovbrot i Sogn og Fjordane samanlikna med heile landet. Frå 2002 til 2012 gjekk talet på unge lovbrytarar ned med 44,9 prosent i Sogn og Fjordane og med 20,8 prosent i heile landet. Nedgangen i Sogn og Fjordane var dermed over dobbelt så stor som på landsbasis. Talet på sikta personar under 25 år per 1000 innbyggjarar 2002 2012 Endring 2002-2012 Sogn og Fjordane 43,8 24,1-44,9 % Heile landet 44,9 35,6-20,8 % Mobbing i skulen Mobbing er ein vesentleg, individuell risikofaktor for psykiske lidingar (Fosse, G., 2006). Born som vert mobba har opptil sju gonger høgare risiko for psykiske plager som angst, uro, depresjon og einsemd, enn born som ikkje vert utsett for mobbing. Blant born og unge som vert mobba er og kroppslege helseplager som hovudverk, ryggsmerter, "vondt i magen", dobbelt så vanleg som blant andre born. Desto oftare eit barn vert mobba, til større er risikoen for helseplager (Nordhagen R, Nielsen A, Stigum H (2005)). 29

Prosentdelen 10.klassingar som vert mobba på skulen 2006/07-2010/11 2007/08-2011/12 Endring Sogn og Fjordane 7,4 7,1-0,3 Heile landet 8,9 8,9 0,0 I perioden 2007-2012 svarte 7,1 prosent av elevane i 10. klassesteg i grunnskulen i Sogn og Fjordane at dei har opplevd mobbing dei siste månadene, medan 8,9 prosent av elevane i heile landet svarte det same. Prosentdelen som vart mobba gjekk ned med 0,3 prosentpoeng i Sogn og Fjordane frå perioden 2006/07 2010/11 til perioden 2007/08 2011/12. I dette tidsrommet var det ein prosentdelen mobba uendra på landsbasis. Friviljuge lag og foreiningar som får kommunalt tilskot Dårleg helse kan gjera det vanskeleg å nytta tida til andre ting enn å pleia eiga helse, som t.d. deltaking i friviljuge organisasjonar. Det kan og vera vanskeleg å ta seg til møteplassar på grunn av dårleg fysisk eller mental helse. Svak helse kan og føre til ein ustabil arbeidsmarknadstilknyting som reduserer tilgangen til eit sosialt nettverk. Sosiale nettverk er viktige for rekruttering inn til friviljuge lag og organisasjonar. På den andre sida, kan liten deltaking i arbeidslivet gje større rom for deltaking i organiserte fritidsaktivitetar, men undersøkingar viser at arbeidslause også i stor grad fell utanfor friviljug arbeid. Det er ikkje nødvendigvis slik at dårleg helse fører til låg deltaking i friviljuge lag og organisasjonar. Årsaksforholdet kan og gå den andre vegen. Låg deltaking i organisasjonslivet kan gje manglande sosial kontakt og eit lite utbygd sosialt nettverk, noko som kan påverka (sjølvopplevd) helse. Talet på friviljuge lag som får kommunalt tilskot per 10000 innbyggjarar 2008 2013Endring Sogn og Fjordane 54,6 58,3 3,7 Heile landet 31,1 29,0-2,1 Sogn og Fjordane er det fylket som har flest lag og organisasjonar med kommunalt tilskot. I 2013 var det 58,3 friviljuge lag og foreiningar som fekk kommunalt tilskot per 10 000 innbyggjarar. Dette er nesten dobbelt så mange som på landsbasis og er 3,7 fleire lag og foreiningar per 10 000 innbyggjarar enn i 2008. For landet sett under eitt har talet på kommunalt støtta lag og foreiningar gått ned frå 2008 til 2013. 30

Utfordringar Indikator Nivået Utviklinga i fylket Utviklinga samanlikna med landet Melde lovbrot Unge lovbrytarar Mobbing i skulen Friviljuge lag og foreiningar På alle folkehelseindikatorane innafor området fysisk, biologisk, kjemisk og sosialt miljø har Sogn og Fjordane ein betre score enn landsgjennomsnittet og utviklinga har vore positiv dei siste åra. Fylket har om lag halvparten så mange lovbrot og dobbelt så mange friviljuge lag og foreiningar som landsgjennomsnittet. Også talet på unge som er tiltala for lovbrot i Sogn og Fjordane ligg godt under landsgjennomsnittet. 31

Skadar og ulukker Hoftebrot For eldre kan brotskader vere alvorleg, og hoftebrot er spesielt alvorleg fordi det kan medføre varig redusert funksjonsevne og behov for hjelp og pleie, og dermed redusert livskvalitet. Risikoen for å døy i løpet av det fyrste året etter brotet er signifikant, og størst blant menn. Talet på hoftebrot blant eldre kan og vera ein indikator på tilgjenge til servicefunksjonar og sosiale aktivitetar. Mange hoftebrot kan vera eit teikn på vanskeleg tilkomst som manglande snøbrøyting og sandstrøing om vinteren. Graden av osteoporose spelar også inn. For eldre og personar med nedsett funksjonsnivå vil talet på hoftebrot og vera ein indikator på dei kommunale hjelpetenestene. Talet på innlagde pasientar med hoftebrot per 1000 innbyggjarar 2010-2008-2010 2012 Endring Sogn og Fjordane 2,1 2,2 0,1 Heile landet 2,2 2,1-0,1 I perioden 2010-2012 var i gjennomsnitt 2,2 promille av folkemengda i Sogn og Fjordane innlagde på sjukehus på grunn av hoftebrot. Dette er ein liten auke frå tre-årsperioden 2008-2010. Talet på hoftebrot er noko lågare for landet totalt og utviklinga har og vore noko betre for heile landet enn i Sogn og Fjordane. Talet på skadde og drepne i trafikken. Skadde og drepne i trafikken er ein indikator på kor trygt det er å køyra, sykla eller gå langs vegane. Både den faktiske og opplevde tryggleiken påverkar folkehelsa. Talet på skada og drepne i vegtrafikkulukker. Promille av folketalet. 2001-2004 2009-2012 Endring Sogn og Fjordane 2,4 1,9-0,5 Heile landet 2,7 1,8-0,9 I åra 2009 2012 var det i gjennomsnitt 203 skadde og drepne i trafikken i Sogn og Fjordane. Dette utgjer om lag 1,9 personar per 1000 innbyggjarar og er ein nedgang på 0,5 skadde/drepne per 1000 innbyggjarar frå perioden 2001 2004. På landsbasis var det omlag like mange skadde og drepne i trafikken per 1000 innbyggjarar (1,8 per 1000 innbyggjarar) i perioden 2009 2012, men nedgangen frå åra 2001 2004 var noko større enn i Sogn og Fjordane (-0,9 skadde/drepne per 1000 innbyggjarar). 32

Sogn og Fjordane ligg om lag midt på treet når vi rangerer fylka etter talet på skadde og drepne i trafikken per 1000 innbyggjarar. Dødsfall som følgje av andre ulukker 6 Ulukker med dødsfall. Promille av folkemengda. 1991-2012 Endring 1991-2001 2002-2012 1991/2001-2002/2012 Sogn og Fjordane 3,8 3,5-0,2 Heile landet 3,3 3,7 0,4 I åra 2002 2012 døydde i gjennomsnitt 3,5 personar per 1000 innbyggjarar som følgje av ikkjetrafikale ulukker i Sogn og Fjordane. Dette er ein nedgang på 0,2 drepne per 1000 innbyggjarar frå perioden 1991 2001. På landsbasis døydde omlag like mange i ikkje-trafikale ulukker per 1000 innbyggjarar (3,7 drepne per 1000 innbyggjarar) i perioden 2002 2012, men der var det ein auke i talet på drepne frå perioden 1991-2001 (auke på 0,4 drepne per 1000 innbyggjarar). Sogn og Fjordane ligg og om lag i midten når vi rangerer fylka etter talet på drepne i ikkje-trafikale ulukker per 1000 innbyggjarar. Utfordringar Indikator Nivået Utviklinga i fylket Hoftebrot Skadde og drepne i trafikken Døde i ikkje-trafikale ulukker Utviklinga samanlikna med landet Det er små skilnader mellom Sogn og Fjordane og landsgjennomsnittet når det gjeld nivået på indikatorar for skadar og ulukker. Det er likevel fleire hoftebrot i Sogn og Fjordane enn i landet elles og utviklinga har vore negativ, medan det har vore ein positiv utvikling i talet på skadde og drepne i trafikken, samt døde i andre ulukker. 6 Inkluderer m.a. fallulukker, forgiftingsulukker og sjølvmord. 33

Helserelatert åtferd Fysisk aktivitet blant born og unge Stor fysisk aktivitet i barndom og ungdom legg grunnlaget for god helse, lang levealder og eit aktivt vaksenliv. For ein del dødsårsaker og sjukdomar, som hjerte- og karsjukdomar, diabetes type 2 og muskel-/skjelettlidingar spelar vanane våre, som grad av fysisk aktivitet og røyking, ei vesentleg rolle (Tell G. m.fl. (2013)). Prosentdelen som er fysisk aktive minst 1 time dagleg i 2011 30 28 27 25 24 20 15 18 19 17 14 18 13 Sogn og Fjordane Norge (HBSC Hemil Norge 2009/2010) WHO (HBSC 2009/2010) 10 5 8 8 6 0 Gutar 11 år Jenter 11 år Gutar 13 år Jenter 13 år Den prosentdelen av 11- og 13 åringane som er fysisk aktive i minst ein time kvar dag er mindre i Sogn og Fjordane enn både i landet totalt og i resten av Europa. Dette gjeld både gutar og jenter. Unnataket er 13-årige jenter, der prosentdelen fysisk aktive er større i Sogn og Fjordane enn på landsplan. 14 18 prosent av gutane i årsklassane 11 og 13 år i Sogn og Fjordane er i dagleg, fysisk aktivitet, medan dette gjeld for om lag 18 27 prosent av dei tilsvarande årskulla på landsplan. Blant jenter i årsklassane 11 og 13 år busette i Sogn og Fjordane var 8 prosent fysisk aktive i minst ein time dagleg. På landsplan var dette tilfellet for 6 17 prosent. Jenter er mindre fysisk aktive enn gutar. 34