Kontaktinformasjon Hordaland fylkeskommune, Kultur og idrettsavdelinga...55239185 eksp. Hordaland fylkeskommune, Kultur og idrettsavdelinga...55239187 fylkeskonservator Rapport 5 2 0 0 9 Kulturhistoriske registreringar i samband med reg.plan for Havlandet, Sakseid del av gnr 5-1, Bømlo kommune
Forord Etter omorganiseringa av kulturminnevernet i 1990 vart ansvaret for automatisk freda kulturminne i plansaker overført til fylkeskommunane. I Hordaland fylkeskommune er det Seksjon for kulturminne og museum ved Kultur- og idrettsavdelinga som utfører det kulturminnefaglege arbeidet. Planområda vert sjekka ut i høve til arkivopplysningar om kjente automatisk freda kulturminne. Det vert og gjort ei kulturminnefagleg vurdering om det skal gjerast arkeologiske feltregistreringar. Feltarbeidet har som mål å finne ut om eit planlagd tiltak vil komma i konflikt med automatisk freda kulturminne (eldre enn 1537). Feltregistreringane omfattar overflateregistrering, prøvestikking og maskinell flateavdekking avhengig av mellom anna terrengtype, høgd over havet og nærleik til kjende kulturminne. I den grad tiltaket vil verka inn på nyere tids kulturminne vil desse bli kort omtalte. Denne rapporten er utarbeidd på bakgrunn av utført arkeologisk feltarbeid. Rapporten gjev opplysningar om arbeidsomfang, utstrekning og karakter av registrerte kulturminne, og skildrer om framlagde planar er i konflikt med kulturminne. I fylgje Kulturminneloven 10 må tiltakshavar bera kostnadene med gransking av automatisk freda kulturminne som nemnd i 8 og 9.
Innhald Samandrag side 1 Bakgrunn for saka side 1 Område side 1 Metode side 2 Den arkeologiske registreringa side 2 Nyare tids kulturminne side 9 Konklusjon side 10 Kjelder side 11 Vedlegg: Fotoliste
Samandrag Den arkeologiske registreringa på Sakseid del av gnr.5 1 Bømlo kommune, vart utført i perioden 25.-26. mars 2009. Registreringa vart utført av arkeologane Heidi Joki og Sigrun Wølstad på vegne av Kultur- og idrettsavdelinga ved Hordaland fylkeskommune. Etterarbeid og rapport vart utført av Sigrun Wølstad. Det vart nytta 2 dagar i felt, til saman 32 timar. Det vart grave 9 prøvestikk i området, av desse var tre positive. Prøvestikka ligg ikkje i omrota massar og tyder dermed på at steinalderslokaliteten er intakt. Bakgrunn for saka Bakgrunn for registreringa er e-post datert 4.7.2008 og tidligare korrespondanse mellom PlanVest Bergen A/S og Hordaland fylkeskommune om oppstart av planarbeid på Sakseid del av gnr. 5 bnr.1 Bømlo kommune (Figur 1 og 2). Sama gjeld oppstart av reguleringsplan for Havlandet aktivitets og fritidssenter, der ein vil utvikle området for hotell, badeanlegg, aktivitetsområde, hytter, båthus og båthamn, vegar, stiar, med tilhøyrande trafikkareal og friluftsområde. Det var ikkje kjent arkeologiske kulturminne innanfor planområdet frå før, men det er registrert fleire buplassar frå steinalderen (id. nr. 96030, 96029, 89426 og 114126) og gravhaugar (id. nr. 89429 og 94579) i nærleiken (askeladden.ra.no). Etter synfaring og kjennskap til desse tidligare kulturminna i nærområdet, vart planområdet vurdert til å ha potensiale for funn av hittil ikkje kjende automatisk freda kulturminne. Område Figur 1. Oversiktskart, Sakseid markert med raudt. Planområdet går frå området rundt Hetlevika til Myntevika på Sakseid del av gnr. 5-1 Bømlo kommune. Planområdet utgjer i alt ca. 280 da (ref. til kart). Området nord for Hetlevika er prega av tett planteskog (gran) og større nedraste steinar. Området mellom Hetlevika og Myntevika er prega av planteskog og bratt terreng. Nord for Myntevika er det derimot ein fin nord sør gåande flate med fleire bekkefar - grøfter som ligg ca. 10-15 m over havet. Det veks relativt tett granskog i området. Flata er i seg sjølv relativt stor, men det er berre gjort funn på den sørlege delen. Området hellar relativt bratt ned mot Myntevika i sør. Då havnivået var 10 m høgare enn i dag grensa ei naturleg hamn/vik til flata. Området er avgrensa i vest øst og nord av bergvegger og naturleg stigande hellingar. 1
Figur 2. Planområde markert med raudt, steinalderlokalitet markert med grønt. Metode Registreringa vart utført ved overflateregistrering, sondering med jordborr og graving av prøvestikk. Prøvestikka vart gravne for hand, i ruter på ca. 40x40 cm ned til steril undergrunn der dette var mogleg (nokre av prøvestikka var for djupe). Massane vart vatnsålda i såld med 4mm maskevidde, og dei blei gravne i cm lag slik at funn kunne relaterast til riktig kontekst. Alle prøvestikka som blei tolka som tilhøyrande lokaliteten vart teikna i profil og skildra, samt teikna inn på ei planteikning. Eitt positivt prøvestikk blei foto dokumentert. Alle prøvestikka på flata blei i tillegg målt inn med GPS. Den arkeologiske registreringa Det blei til saman grove 9 prøvestikk (PS) i området, 3 (4) funnførande (PS 1, PS 5, PS 6, mulige funnførande PS 4). Alle dei funnførande prøvestikka ligg nokolunde konsentrert sør på flata og utgjer ein lokalitet med askeladden id-nr 127145. Lokaliteten er avgrensa ved hjelp av negative prøvestikk i nord og aust, og i sør og vest av topografien (figur 3, 5 og 6). Torv-massane i prøvestikka var av veldig varierande tjukkelse, den var tjukkast lengst nord. På grunn av dette var det ikkje mogleg å grave seg under torva i nokre av prøvestikka, difor er det usikkert om det er fleire lokalitetar på flata. 2
Figur 3. Lokalitet Sakseid (Havlandet). 3
Figur 4. Funnførande flate. Mot N. Figur 5. Funnførande flate, positive prøvestikk markert med raudt, negative prøvestikkmarkert med grønt. Mot N. 4
Figur 6. Planteikning lokalitet. 5
Funnførande prøvestikk Det vart til saman gjort 11 funn på lokaliteten. Funna besto for det meste av avslag, men det blei også funne eit flekkefragment. Prøvestikk Antal Type Råstoff Kommentar PS 1 1 Avslag Flint 30-40 cm djupt PS 1 3 2 moglege avslag 2 Kvarts, 1 flint 40-50 cm djupt og ein bit PS 1 3 1 avslag, 2 moglege avslag 1 flint, 2 kvarts 50-56 cm djupt, flintavslaget er patinert PS 4 1 1 mogleg avslag Kvarts 50-60 cm djupt PS 5 2 1 flekkefragment, Flint 1 avslag 45-55 cm djupt, flekkefragmentet har ein mogleg hengsel og moglege bruksspor på den eine sida. Avslaget er brent. PS 6 1 1 avslag Rhyolitt 35 cm djupt, mogleg retusj på eine sida. Figur 7. Profil prøvestikk 5. Mot N Stratigrafi Profilane i dei tre (fire) funnførande prøvestikka har for det meste same stratigrafi (lagfølgje). Torvmassane har varierande tjukkelse, under dette er det eit funnførande grus/sandlag med varierande mengde stein av ulik størrelse (se figur 7 ). Under grus - sand laget er det eit kompakt sandlag, i dette laget blei det ikkje registrert nokre funn. I dei positive prøvestikka er det grove ned til det sterile sandlaget, med unntak av PS 4 der ein ikkje kom igjennom grus/sandlaget fordi prøvestikket blei for djupt. Prøvestikk 2 og 8 blei ikkje teikna på grunn av at desse ikkje tilhøyrer lokaliteten. 6
7
8
Datering Det vart ikkje funne nokre klare diagnostiske funn, men flekkefragmentet kan tyde på ei datering til eldre steinalder: Mellommesolittisk tid (9000 7500 BP), eller sein mesolittisk tid (7500 5200 BP). Dette på grunn av at flekka har blitt laga ved hjelp av trykkteknikk (flekka har ein liten plattform), noko som var vanleg når ein skulle lage småflekker (8><12mm) på denne tida (Bergsvik 2002). Funnet av rhyolitt kan tyde på at området også har vere i bruk i yngre steinalder. Dette kan ein seie fordi rhyolitt frå Siggjo ikkje blei tatt i bruk før i tidlegneolitikum (5200 4600 BP) (Kristoffersen og Warren 2001). Det vart ikkje funne trekol i prøvestikka, dermed kunne ikkje lokaliteten daterast ved C14-metoden. Men om ein ser på strandlinjekurva (Lohne 2006) må lokaliteten ha vore strandbunden ved ca. 8500 BP og igjen ved ca. 4500 BP. Fordi så mange av funna ligg mot botnen av grus/sandlaget, kan dette tyde på at funna har blitt transgrederte av havet når dette stod høgare enn 10 meter, dermed kan hovudmengda av funna tilhøyre mellommesolittisk tid. Nyare tids kulturminne Heilt vest for planområdet, frå busetnaden på Sakseid og ned til Hellevika, ligg det eit steingjerde med usikker datering (Figur 7, 8, 9). Figur 7. Steingjerde. Mot SØ. 9
Figur 8. Sørlege enden av steingjerdet. Mot NV. Figur 9. Steingjerde markert med lilla. Konklusjon Ved den arkeologiske registreringa i samband med oppstart av planarbeid på Sakseid del av gnr 5 1, Bømlo kommune, vart det registrert ein steinalderlokalitet i den austre delen av planområdet. Denne er i konflikt med planframlegget. 10
Kjelder Bergsvik, K. A. 2002: Arkeologiske undersøkelser ved Skatestraumen, Bind 1. Arkeologsike avhandlinger og rapporter fra Universitetet i Bergen. Kristoffersen, K. K og Warren E. J. 2001: Kulturminner i Trekant-traseen. De arkeologiske undersøkelsene i forbindelse med utbygging av Trekantsambandet i kommunene Bømlo, Sveio, og Stord i Sunnhordaland. Arkeologiske avhandlinger og rapporter fra Universitetet i Bergen. Lohne, Ø. S. 2006: Sea Curve_vl- Teoretiske beretninger av strandforskyvningskurver i Hordaland fra UTM-koordinater. MS Excel regneark. 11
2009-037-001.JPG Sakseid Registrering: Havlandet, Sakseid, Bømlo. Steingard, tatt mot SØ. 2009-037-002.JPG Sakseid Registrering: Havlandet, Sakseid, Bømlo. Steingard, tatt mot SØ. 2009-037-003.JPG Sakseid Registrering: Havlandet, Sakseid, Bømlo. Steingard, tatt mot NV. 2009-037-004.JPG Sakseid Registrering: Havlandet, Sakseid, Bømlo. Steingard, tatt mot NV. 2009-037-005.JPG Sakseid Registrering: Havlandet, Sakseid, Bømlo. Myntevika, Sakseid, tatt mot SØ. 2009-037-006.JPG Sakseid Registrering: Havlandet, Sakseid, Bømlo. Heidi ved Lok. 1. Tatt mot N. 2009-037-007.JPG Sakseid Registrering: Havlandet, Sakseid, Bømlo. Lokalitet 1, tatt mot N. 2009-037-008.JPG Sakseid Registrering: Havlandet, Sakseid, Bømlo. Lokalitet 1, tatt mot N. 2009-037-009.JPG Sakseid Registrering: Havlandet, Sakseid, Bømlo. Lokalitet 1, tatt mot N. 2009-037-010.JPG Sakseid Registrering: Havlandet, Sakseid, Bømlo. Profil prøvestikk nr. 5. Tatt mot N.
2009-037-011.JPG Sakseid Registrering: Havlandet, Sakseid, Bømlo. Prøvestikk nr 5, lok. 1. Profil, tatt mot N.