Program for Austevoll Venstre for perioden 2015-2019
Ein kommune for alle. Austevoll Venstre ønsker at me skal ha ein god og trygg kommune å bu i for alle. Me ønsker oss at alle som bur og vil bu her føle seg som ein del av Austevollsamfunnet. Me vil skapa ein meir tolerant kommune. Alle skal ha rett til rein og fin natur. Me vil og satse på at Austevoll framleis skal ha stor gründeraktivitet. Alle skal få gode omsorgstilbod når ein treng det. Ein god skule og gode fritidsaktivitetar er grunnpilarane for at barn og unge skal trivast i ein kvar kommune. Samferdsle Ferje og båt Austevoll Venstre vil arbeide for at ferjesambanda Hufthammar Krokeide og Husavik-Sandvikvåg får nye og meir miljøvenlege ferjer som kan ta unna all trafikk. Ein må og få langt betre løysingar når ei reserveferje må inn i ei av rutene! Vidare vil me arbeide for eit enda betre hurtigbåttilbod til og frå kommunen. Buss I dagens Austevoll er det for få barn og unge som kan benytta buss til og frå fritidsaktivitetar. Venstre vil jobba opp mot fylkeskommunen og Skyss for å gjera dagens rutetilbud betre! Veg Jobbe for trafikksikkring av trafikkfarlege vegar i kommunen. Med serleg omsyn på mjuke trafikkantar. Blandt anna meinar me at strekkinga mellom Storebø og Eidsbøen er langt ifrå forsvarleg nok. Det må og arbeidast vidare med ny Bjellandsvei, og då med ei tunnelløysing! Andre strekkingar me vil vere med å støtte opp om er brua over Torangsvågen og vegen forbi Fagerbakkevatnet.
Kunnskap og like muligheter Skule Kultur og idrett Austevoll Venstre meinar at det er læraren som er det viktigaste i skulen. Difor er det viktig for oss at det blir utvikla gode moglegheiter for etterutdanning av lærarane i Austevollskulen, og me vil jobbe for at kvar lærar skal få eit kompetanseår slik at dei får moglegheiter til å vidareutdanne seg. Austevoll Venstre ser at det er på høg tid at ein får betre og nyare læremidlar i Austevollskulen. Me vil sjå på muligheitene for betre samarbeid mellom skulane og næringslivet i kommunen. Vidare vil me jobba for Austevoll VGS og at skulen skal behalda dei linjene dei har. Det må bli eit tettare og betre samarbeid mellom idrettslaga i kommunen. Kommunen må bli betre til å vedlikehalda idrettsanlegga i kommunen. Etter vårt syn har idrettslaga fått for stort ansvar på dette området. Austevoll Venstre vil jobbe for at det blir lågare satsar på elevplass i kulturskulen. Me vil legge til rette for fleire kulturaktivitetar i kommunen, som til dømes ein filmklubb. Dette kan ein blandt anna gjere ved at kommunen låner ut lokaler og ikkje tar så mykje for det!
Miljø Austevoll Venstre vil at Austevoll skal bil ein miljøkommune. Ikkje berre fordi me har eit ansvar for resten av verden, men og fordi store miljøendringar vil skada fiske og havbruk, dei viktigaste næringane i Austevoll. Det vil på sikt kunne øydelegge kommuneøkonomien fullstendig. Austevoll Venstre vil at alle kommunale bygg skal ha miljøvenleg oppvarming, ved for eksempel å bruka varmepumper eller fjernvarme. I tettbygde strøk av kommunen må ein leggja planar for å byggja fjernvarmeanlegg. Dette vil ikkje berre ha ein miljøeffekt men og ha ein økonomisk innsparing for både kommunen og private husstandar og bedrifter. Areal Austevoll Venstre meinar at ein må tilretteleggje for enda fleire friluftsområde. Me er ikkje i mot utbygging i strandsona. Men det må takast ein del omsyn, og utbyggjar må følja lover og reglar. Etter vårt syn er det for enkelt å sleppa unna på regelbrott. I enkelte tilfelle har det ikkje blitt tatt nok omsyn til lokkalbefolkinga i utbyggingssaker. Venstre meinar og at naust må kunna vera over 40 kvadrattmeter, fordi dette ofte ikkje er nok for ein fiskar. Då det er vanskeleg for ungdommar å finna seg rimelege hyblar og leilegheiter vil Austevoll Venstre tilrettelegge areal, der ein kan bygge rimelege utleigebygg. Næring Austevoll Venstre vil arbeida for at det blir tilrettelagt for ein næringspark i kommunen. Me vil jobbe for at havbrukstasjonen får dei midlane dei treng for ein vidare kompetanseutvikling, samt at ein får eit opplevingssenter i samband med havbrukstasjonen. Kommunen må ha eit høgt fokus på å legge til rette for nyetableringar av bedrifter i kommunen. Ein må og få betre turistinformasjon i kommunen. Oppdrett er ein viktig næring for Austevoll. For Austevoll Venstre er viktig at me vidareutviklar denne næringa, og at ein legg til rette for oppdrett av andre artar enn laks og øret. Me vil og tilretteleggje areal for oppdrett av andre artar. Skatt Austevoll Venstre meinar at kommunen får for lite igjen for å legga tilrette for oppdrettsanlegg. I dag stikk staten av med for stor del av pengane. Austevoll Venstre kan gå inn for arealskatt på oppdrettsanlegg, men då må dei få lågare skatt på andre område. Venstre meinar og at ein kan jobbe for ein modell der ein kun legg eigedomsskatt på fritidseigedomar, noko kommunen ikkje har mogeligheit til å gjera i dag. Integrering Då kommunen er heilt avhengig av utenlandsk arbeidskraft vil me jobbe for ein betre integrering av utenlanske innflyttere til kommunen. Blandt anna ved å opplyse
om hendingar i kommunen slik at norske og utlandske innbyggarar blir betre kjent med den lokale befolkninga. Helse og omsorg Venstre vil vera lyttande overfor dei tilsette, og bruke deiras erfaringar til å laga eit best mogleg helsetilbod i kommunen. Me vil jobbe for å styrke tilbodet til dei avdelingane som slit mest. Visst brukare og ansette er fornøyd med eit privat PO-senter vil me behalda ordinga. i kommunen. Dette vil me gjere ved å opprette eit mindre fond friviljuge oranisasjonar kan søke midlar av. Me ønsker å oppretta ein sentral for friviljug arbeid i kommunen. Austevoll Venstre for Miljøvenleg oppvarming Nye og meir miljøvenlege ferjer Trafikksikkring av trafikkfarlege vegar Lågare satsar på elevplass i kulturskulen Betre integrering Me vil styrke det psykiatriske tilbodet i Austevoll, då dette kan vere til hjelp for menneske med ei startande psykisk liding. Og me meinar dette vil kunne avlaste dyrare nasjonale spesialisttilbod. Venstre vil ikkje kutta i tilbod spesielt retta til barn og unge. Beredskap Austevoll Venstre meinar at ein må ha god gjennomgang av beredskapsplanane i kommunen. Ein vil få ekstremvêr som Nina, og kommunen må vera klar til å takla ein slik situasjon. Serleg med tanke på at institusjonar har straumforsyning eller nokon skulle trenge akutt medisinsk hjelp, der det er behov for sjukehusinnlegging. Friviljug arbeid Fordi friviljug arbeid er med på å styrke folkehelsa gjennom idrett, sikkerheit gjennom til dømes redingsselskap og natteravnar ønsker me å styrke det friviljuge arbeidet
Ein Vestlandsregion for framtida Hordaland må møta framtida som ein del av ein konkurransedyktig folkevald vestlandsregion. For Venstre er det å skapa ein region som er leiande på miljø, nyskaping, kultur & idrett og som gir alle ein fyrsteklasses skolegang det viktigaste i denne perioden. Klima & Miljø Klimatiltak er ei billig forsikring for å redusere skader som følgje av global oppvarming i framtida. Venstre sitt mål er å gjere Norge til ein leiande nasjon på fornybar energi, klimateknologi og ny teknologi som reduserer Co2-utslepp i olje og gassproduksjonen Venstre vil utnytte dei interessante perspektiva som ligg i grøn innovasjon og fornying, og bygge framtida på nye og konkurransedyktige næringar. Yrkesfag Dei yrkesfaglege studieretningane i den vidaregåande skulen er det viktigaste satsingsområdet for Venstre i denne perioden. Yrkesfag representerer ei av dei viktigaste kjeldene til næringsutvikling og nyskaping på Vestlandet, samstundes som utfordringar knytte til fråfall er størst i denne delen av opplæringa. Nyskapande næring og kultur Venstre vil vere ein støttespelar for at Hordaland skal bli leiande innan næringsutvikling i Noreg. Me ønskjer ei næringsutvikling der marin kompetanse og grøn vekst er to nøkkelord. Eit godt samarbeid med høgare utdannings- og forskningsinstitusjonar er svært viktig, og fylkeskommunen skal aktivt støtta folk som tør å satsa på å skapa sin eigen arbeidsplass. Reiseliv og landbruk skal vidareutviklast som viktige næringar. Venstre vil arbeida for ei langsiktig kultursatsing i samarbeid med kommunane, kunst- og kulturinstitusjonane og organisasjonar innan idrett- og friluftsliv. Venstre arbeide for eit museumsløft for Hordland.
Fylkeskandidatar: 1 Anne-Beth Njærheim Bømlo 2 Geir Kjell Andersland Bergen 3 Geir Angeltveit Stord 4 Elizabeth Toft Erichsen Sund 5 Torstein Gunnarson Voss 6 Ingrid Handeland Kvinnherad På fylkestinget vil Venstre: Erstatta fylkeskommunen med ein folkevald region og flytte fleire oppgåver ned frå staten Ha som mål å fjerne aldersgrensen på Studentskyss og å inkludere nattakst i Ungdomsskyss Styrka satsinga på "Ungt entreprenørskap" Ha individuell tilrettelegging for å redusere fråfallet i VGS Arbeide for eit museumsløft i lag med stat og kommunar Byggja fleire gang- og sykkelvegar i Hordaland Prioritera tilkomst til regionsentra og vegprosjekt som er svært viktige for næringslivet Satsa på grønn vekst og næringsutvikling Legge større vekt på miljø og kvalitet i anbodskriteria for både hurtigbåt og ferje
Venstres kandidatar i Austevoll 1. Bjørn Magne Hufthammer (f.1982) Storebø 2. Bjarte Haugland (f. 1973) Storebø 1. Bjørn Magne Hufthammer (f.1982) Storebø 2. Bjarte Haugland (f.1973) Storebø 3. Gro van der meeren (f.1960) Storebø 4. Torbjørn Karlsen (f.1974) Storebø 5. Aina Christensen (f.1981) Bekkjarvik 6. Håvard Andre Sandvik (f. 1989) Storebø 7. Nils-Ove Sørvik (f. 1976) Storebø 8. Ronny Oskar Haugland (f. 1968) Storebø 3.Gro van der Meeren (f.1960) Storebø 4. Torbjørn Karlsen (f.1974) Storebø 5. Aina Christensen (f.1981) Bekkjarvik Les meir om vår politikk og våre kandidatar på våre nettsidar. www.venstre.no/austevoll