Vasskraft i Møre og Romsdal Kjelde til fornybarsamfunnet BEDRE KLIMA SIKKER FORSYNING GRØNN VEKST
Korsbrekkeelva Coandainntak ved Dyrekorn kraftverk Foto: Tafjord Kraftproduksjon - dialog for laksens beste Nært samarbeid mellom kraftselskap og elveeigarlag har lagt til rette for at Korsbrekkeelva på Sunnmøre ei av distriktets beste lakseelver har kontinuerlig gode leveforhold for fisk også ved uventa driftsstans ved det lokale kraftverket. Stadheim kraftverk i Stranda vart bygd utan ventil for å sleppe vatn forbi ved uventa produksjonsstans. Derfor førte korte periodar med stopp i kraftverket til tørrlagte elvestrekningar og skade på fisk. Det er fullt mogleg å sameina kraftproduksjon med forvaltning av ei god lakseelv, understrekar Ragnar Kaland, leiar for Korsbrekkeelva Grunneigarlag. Like etter at Tafjord Kraftproduksjon kjøpte kraftverket i 2001, vart det innleia eit samarbeid med elveeigarlaget for å finna gode miljøløysningar. Ein «forbislippings-ventil» blei montert i 2003, samtidig med innføring av strenge rutinar for å unngå variasjon i vassføringa. Seinare har kraftselskapet også medverka til biologiske undersøkingar av elva. Når samarbeidsklimaet er godt, set vi oss fort saman og løyser utfordringar undervegs, seier han. Vi søker kontinuerleg å optimalisere balansen mellom kraftproduksjon og miljøomsyn ved anlegga. Samarbeidet med elveeigarlaget i Korsbrekkelva har gitt oss mykje kunnskap om temaet, seier administrerande direktør Stig Falling. FISKEVENNLIG INNTAK Tradisjonelle inntak fører også til store miljøutfordringar ved elvekraftverk ettersom fisk kan passera igjennom inntaket og bli drepen når den kjem til turbinen. For på å unngå dette, bygde Tafjord Kraftproduksjon det første coandainntaket i Norden i Dyrkornelva i 2011. Eit coandainntak siler vatnet gjennom opningar på ein millimeter slik at levende organismar slepp forbi inntaket og blir ført direkte vidare til vatnet nedanfor. Inntaket er sjølvreinskande og løyser mange kjente miljøproblem, avsluttar Falling.
Vasskraftproduksjon i Møre og Romsdal Vassregion Møre og Romsdal Bakgrunn: Ein av landets 11 vassregionar kor det lagast ein heilskapleg regional forvaltningsplan for berekraftig bruk av vassressursane - i samsvar med EUs vassdirektiv. Geografi: Nært samanliknbar med Møre og Romsdal Kritiansund Vassregionmyndigheit: Møre og Romsdal fylkeskommune Molde 2 Vassområde: Nordre Nordmøre, Søre Nordmøre, Romsdal, Nordre Sunnmøre og Søre Sundmøre. Ålesund 3 1 4 10 Sunndalsøra Les meir på vannportalen.no/moreogromsdal 9 7 8 5 6 Vassregiongrense Fylkesgrense «Sjølv om vi er ein reiselivskommune, er vi positive til å utvikle vasskraft som næring også i framtida, då vi ser at utbygginga blir utført på ein skånsom måte i dag. Per Magnus Berdal, fungerande ordførar, Norddal kommune Kraftverk Kommune Årsprod (GWh) Effekt (MW) 1 Aura Sunndal 1 852 290 2 Trollheim Surnadal 893 127 3 Grytten Rauma 681 144 4 Driva Sunndal 602 140 5 Tafjord 4 Norddal 519 110 6 Tafjord 5 Norddal 415 83 7 Tussa Ørsta 261 60 8 Tafjord 2 Norddal 151 30 9 Åmela Volda 131 32 10 Osbu Sunndal 112 20 Sum ti største kraftverk 5 617 909 Sum heile vassregionen 7 184 1 912 Kjelde: NVE og lokale kjelder (Produsentane har ofte noko lågare produksjon enn simuleringane frå NVE)
Vasskraft så mykje meir enn straum Vasskrafta har vore ein berebjelke i det norske samfunnet sidan starten på elektrifiseringa på slutten av 1800-tallet. Utnytting av fossefall over heile landet la grunnlaget for kraftforsyning og eit norsk industrieventyr, både i byane og i distrikta. VERDISKAPING Vasskrafta står for tilnærma all kraftproduksjon i Noreg, og genererer solide inntekter til det offentlege. Årleg bidrar fornybarnæringa med rundt 50 milliardar kroner i form av skattar, avgifter og utbytte til offentlege eigarar. Vasskrafta bidrar til verdiskaping og sysselsetting lokalt, og i nedbørsrike år gir vasskrafta også betydelege eksportinntekter. FORNYBAR ENERGI Vatn er ei rein, fornybar energikjelde som aldri vil ta slutt. Medan resten av Europa kjempar for å gjere ein femtedel av si energiforsyning fornybar i tråd med EUs 2020-mål, dekkjer vasskraft åleine allereie om lag 60 prosent av Noregs energibehov. Totalt produserast det rundt 130 TWh energi frå vasskraft i år med normal nedbør tilsvarande heile elektrisitetsforbruket vårt. KLIMAOMSYN Norsk kraftproduksjon er utsleppsfri og derfor ei viktig brikke i klimakampen. Klimagassutslepp på verdsbasis må reduserast med minst 80 prosent innan 2050 for å nå det overordna målet om å avgrense global oppvarming til to grader. Derfor er utslippsfri kraftproduksjon eit viktig bidrag. FORSYNINGSSIKKERHEIT Auka utbygging av store mengder vind- og solkraft i Europa har gjort forsyningstryggleik til ei utfordring når vinden ikkje bles og sola ikkje skin. Moglegheita til å lagre straum når forbruket er lågt gjer Noreg mindre sårbar for variasjonar i vêret enn land der slike energikjelder utgjer størsteparten av fornybarproduksjonen. Lagringskapasitet i vasskraftmagasin sikrar tilgang til vatn, og dermed elektrisk kraft, også i tørre periodar. REGULERINGSEVNE Vassmagasina vart bygde for å sikre kraftforsyning gjennom vinteren. Med aukande kraftutveksling med våre naboland får magasina ny verdi. Noreg kan spare vatn i magasina når straumen i Europa er billig, og produsere desto meir når elektrisitetsbehovet er stort. Sidan behovet for balansekraft aukar i takt med mengda ikkje-regulerbar fornybar energi, blir vasskraftas unike reguleringsevne svært verdifull for energisystemet. FLAUMSIKRING Sidan kraftproduksjon føregår gjennom heile året, medan vassføringa i vassdraga normalt sett er høgast om våren og hausten, må vassføringa frå magasinet til kraftverket regulerast. Vatnet blir fordelt over fire årstider, noko som reduserer faren for flaum. Ved varsel om mykje regn eller stor snøsmelting, tar kraftprodusentane eit aktivt ansvar ved å bruke magasina slik at flaumen og skadeverknadane vert avgrensa så mykje som råd. «Vasskrafta har medverka til at Noreg nesten berre har fornybar og utslippsfri straum. No er det viktig at vi brukar den rett, for å kutte klimagassutslepp. Arnstein Vestre, leiar, Natur og Ungdom «
Miljø i fokus hjå vasskraftprodusentane SPELAR PÅ LAG MED NATUREN Vasskraftverk påverkar miljøet i og omkring vassdraget. Derfor blir det gitt byggeløyve såkalla konsesjon etter grundige vurderingar, og berre viss den totale samfunnsmessige nytta av vasskraftverket vurderast høgare enn ulempene for lokalt vassmiljø. Kraftverksoperatørane blir pålagt miljøvilkår ut ifrå ei kost-nytte vurdering, som for eksempel minstevassføring, installasjon av fisketrapper og utsetting av fisk, for å redusere miljøkonsekvensane. Vasskrafteigarar har lange tradisjonar for å setje i verk samfunnsmessig fornuftige tiltak i vassdraga for å foreine kraftproduksjon med omsyn til fiskebestand og andre miljøforhold. BEREKRAFTIG BRUK AV VATNET EUs vassdirektiv har som føremål å sikre berekraftig bruk av Europas vassressursar. Dette inneber at det skal utarbeidast heilskaplege vassforvaltningsplanar for alle norske vassdrag, der alle påverknadsfaktorar blir sett i samanheng. Prosessen krev at iverksetjing av nye miljøtiltak blir vurdert i landet sine 11 vassregionar kvart sjette år. Dei regionale vassforvaltningsplanane skal til slutt avgjerast av aktuelle fylkesting og deretter godkjennast av regjeringa. I dei tilfella der den økologiske tilstanden ikkje tilfredsstiller krava i direktivet, skal samfunnsmessig lønsame tiltak som kan forbetre miljøet vurderast. Alle involverte i prosessen har høve til å bidra. På same måte som når det blir gitt konsesjon, skal tiltaksvurderinga vege omsynet til betre lokalt vassmiljø opp mot den totale samfunnsmessige nytta ved kraftproduksjon. KRAV TIL FORVALTNINGSPLANANE Forvaltningsplanane skal berre innehalde tiltak der miljønytta er større enn dei samla samfunnsmessige ulempene ved redusert vasskraftproduksjon. Avveging skjer gjennom ei vurdering av produksjonsmengda og andre eigenskaper, som moglegheita til å lagre elektrisitet i vassmagasin slik at ein har reservar når straumbehovet er stort. Lokal miljøkunnskap må derfor settast i samanheng med kunnskap hjå sentrale myndigheiter om kraftsituasjonen og langsiktige klimamål. I dei tilfella der vurderingane er usikre og det krevst meir kunnskap, kan tiltak utsetjast. «Fornybar energi er ei sentral klimaløysning, og vasskrafta gjer det lettare for oss å fasa inn nye variable energikjelder. Kari Elisabeth Kaski, nestleiar, Zero «Noregs industrielle eventyr starta for fullt då vi sette vasskrafta i arbeid for litt over 100 år sidan Svein Richard Brandtzæg, konsernsjef, Hydro «Vasskrafta er heilt grunnleggande for heile det norske kraftforsyningssystemet. Sånn har det alltid vært og sånn vil det væra i minst 100 år til. Tord Lien, olje- og energiminister
Spørsmål og svar om vasskrafta Betyr det noko om ein ofrar litt produksjonsvatn for miljøet, ettersom Noreg har eit kraftoverskot? Kva slags miljøpåverknad har vasskraftverk? Krev EUs vassdirektiv auka vassføring og miljøforbetring i alle norske vassdrag? Ja. Sjølv om tilnærma heile det norske straumforbruket er dekka av vasskraft, står fossil energi framleis for 40 prosent av Noregs totale energiforbruk. For å oppnå eit karbonnøytralt Noreg, må vi ta vare på eksisterande fornybar produksjon, og i tillegg setje i gang nye fornybarprosjekt og tiltak for å fase ut bruken av fossil energi. Vasskraft nyttar ein evig og forureiningsfri ressurs. Anlegga krev små arealinngrep jamført med andre fornybarteknologiar. Vasskraftverk kan påverke fiske og biologisk mangfald i vassdraga. Selskapa har difor lang tradisjon for å setje i verk gode miljøtiltak (sjå miljøeksempel i brosjyra) for å leggje til rette for fiske og ta hand om truga artar. I tillegg er eit potensial på rundt 50 TWh reservert naturen i verna vassdrag. Nei. Føremålet med vassdirektivet er å sikre berekraftig bruk av Europas vassressursar. For kraftproduserande vassdrag skal eventuelle nye miljøtiltak vurderast opp mot den totale samfunnsnytten ved kraftproduksjon. Framsidebilete: Slettdalsvatn Foto: Tafjord Layout og trykk: Flisa Trykkeri Energi Norge Middelthunsgate 27 I Postboks 7184, Majorstuen I 0307 Oslo Tlf. 23 08 89 00 I post@energinorge.no www.energinorge.no BEDRE KLIMA SIKKER FORSYNING GRØNN VEKST