Bykle kommune Rådmannsstaben Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane Setesdalsmuseet 4748RYSSTAD Melding om vedtak Vår ref: Sakshandsamar: Arkivkode: Dato: 2009/147-122 Sigrid Bjørgum, 37938500 026 30.10.2014 Høyring-Forslag til forvaltingsplan for verneområda i Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane. Rådmannen si tilråding: Bykle kommune meiner forvaltingssekretariatet lagt ned eit stort og godt arbeid med den nye forvaltingsplanen. Bykle kommune går for mest muleg harmonisering med Regionalplan for Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane og Setesdal Austhei. Arealgrensa for bygningar bør vere 50 m2, og enkle båthus må kunne settast opp. Forvaltingsstyresmakta må kunne gi løyve til henting av felt villrein og fisk, særleg der dette har mykje å seie for næringsutvikling direkte knytt til heia. Forvaltingsplan for fisk må integrerast i planen eller gjelde som tillegg til ny forvaltingsplan. Område A i Steinsbuskaret-Hisdal Naturreservat må minkast slik at det område med ferdselsforbod heile året ikkje går lenger aust enn til Gyvassfossen. Det er viktig å få inn vinterløypa til Sloaros som ei fast, maskinpreparert løype. Dersom det skal etablerast eit naturhus/informasjonssenter i SVR må dette plasserast på Hovden. Her har ein mange besøkande og Hovden ligg omkransa av verneområde. Bykle kommune er dessutan den kommunen med mest areal innafor Setesdal Vesthei- Ryfylkeheiane verneområde. Saksprotokoll i Planutval - 20.10.2014 Saka vart drøfta Tilrådinga vart samrøystes vedteke Saksprotokoll i Kommunestyre - 29.10.2014
Saka vart drøfta Tilrådinga vart samrøystes vedteke Med helsing Sigrid Bjørgum rådgjevar
Sakshandsamar: Arkiv: 026 Saksmappe: 2009/147-121 Sigrid Bjørgum Dato: 06.10.2014 Saksframlegg Bykle kommune Saksnr. Utval Møtedato 69/14 Planutval 20.10.2014 136/14 Kommunestyre 29.10.2014 Høyring-Forslag til forvaltingsplan for verneområda i Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane. Rådmannen si tilråding: Bykle kommune meiner forvaltingssekretariatet lagt ned eit stort og godt arbeid med den nye forvaltingsplanen. Bykle kommune går for mest muleg harmonisering med Regionalplan for Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane og Setesdal Austhei. Arealgrensa for bygningar bør vere 50 m2, og enkle båthus må kunne settast opp. Forvaltingsstyresmakta må kunne gi løyve til henting av felt villrein og fisk, særleg der dette har mykje å seie for næringsutvikling direkte knytt til heia. Forvaltingsplan for fisk må integrerast i planen eller gjelde som tillegg til ny forvaltingsplan. Område A i Steinsbuskaret-Hisdal Naturreservat må minkast slik at det område med ferdselsforbod heile året ikkje går lenger aust enn til Gyvassfossen. Det er viktig å få inn vinterløypa til Sloaros som ei fast, maskinpreparert løype. Dersom det skal etablerast eit naturhus/informasjonssenter i SVR må dette plasserast på Hovden. Her har ein mange besøkande og Hovden ligg omkransa av verneområde. Bykle kommune er dessutan den kommunen med mest areal innafor Setesdal Vesthei- Ryfylkeheiane verneområde. Saksprotokoll i Planutval - 20.10.2014 Saka vart drøfta Tilrådinga vart samrøystes vedteke Saksprotokoll i Kommunestyre - 29.10.2014 Saka vart drøfta
Tilrådinga vart samrøystes vedteke SAKSUTGREIING Bakgrunn for saka Bakgrunnen for ny forvaltingsplan er at fleire verneområde er slegne saman under same forvaltingsparaply. I Bykle gjeld dette berre Setesdal Vesthei(SVR). Formelt grunnlag Planen vert vedteken av Miljødirektoratet. Vurderingar og konsekvensar Det er lagt ned eit stort og grundig arbeid med ny forvaltingsplan. Ein har no godt og vel 10 års røynsle med den gamle planen for SVR. I tillegg er det fleire andre verneområde som planen skal gjelde for : Lusaheia, Vormedalsheia, Kvanndalen Dyraheio, Holmevassåno, Frafjordheiane og Steinsbuskaret-Hisdal. Det er berre det siste her som ligg i Bykle i tillegg til SVR. Forvalting av SVR og bruken av forvaltingsplanen som gjeld no, har gått seg til, men det vart litt meir dobbeltarbeid med ny forvaltingsmodell. Dette er også i ferd med å gå seg til, men ein ser at mykje fokus/saksmengde er på motorferdsel og lite på utvikling og informasjon om dei vernekvalitetane som fins. Dette skal det jobbast meir med når forvaltingsplanen er på plass. Soneinndelinga I den nye forvaltingsplanen er soneinndelinga kutta ut. Det vil truleg få lite å seie i praksis når det blir gjort grundige vurderingar etter Naturmangfaldslova. Tilhøve til Heiplanen Planen er prøvd tilpassa Heiplanen så langt det er mogeleg, og dette vonar ein vil fungere i den praktiske forvaltinga. Det er per i dag ein skilnad på arealgrense på hytter i heia. I SVR er det 30 m2 og i heiplanområdet 50 m2. Den nye forvaltingsplanen går inn for 50 m2 BYA som ei maksgrense. Bykle kommune stør 50 m2 som standard, då dette neppe vil øydelegge villreinen sitt leveområde. Det er viktig med aktiv bruk av heiane og ikkje minst å hindre attgroing på støylsvollar. Dette betyr mykje for vårbeite for villrein, biologisk mangfald med raudlista artar, og det at generasjonar etter oss lærer seg å sette pris på heiane. Grensejustering i Steinsbuskaret-HIsdalbiotopvernområde Ei sak som berre gjeld Bykle er grensesettinga av Steinsbuskaret-Hisdalbiotopvernområde. Dersom det er muleg bør ein flytte grensa for område med ferdselsforbod (A) heile året lenger vest for Bossvatn, til Gyvassfossen. Området lengst aust på begge siderav vatnet inneheld jaktterreng, men også garden Brotteli. Bratteland og Dysje ligg akkurat i grensa. Vernet kan ikkje føre til at jakt, fiske og ferdsel i samband med dette ikkje kan gjennomførast slik det vart gjort før vernet kom. Å ha så strenge restriksjonar her på grunn av Steinsbuskaret og trekkvegen der, gjev inga meining. Desse nedlagde gardane er dessutan tilgjengeleg berre i dei månadane det er muleg å kome inn med båt.
Motorferdsel og forvaltingsplan for fisk Motorferdsel i samband med frakt av felt storvilt i punkta 5.3 c og 5.4 a Det er heilt same ordlyd «felt storvilt» men i 5.3.c vert det tolka til villrein, men ikkje i punkt 5.4.a.på grunn av motorferdselslova. Kan dette presiserast og forklarast på ein betre måte i forvaltingsplanen? Punkt 5.3.c er knytta til desse vatna i Bykle: Krokevatn, Ratevatn, Bånevatn, Storsteinvatnet, Ormsavatnet og Karlsvatn.(der ein kan lande utan søknad) Det må vere ei opning for å kunne frakte ut større mengder felt villrein også frå andre stader, særleg til dei som driv næring direkte med ressursar frå heia til vidareforedling. Bykle har rike og store fiskevatn der det kan takast opp store mengder, til dømes til rakfiskproduksjon og anna vidaresal. Dette bør også kunne fraktast ut på ein effektiv måte med helikopter. I denne samanheng saknar ein kanskje at forvaltingsplan for fisk er integrert i den nye forvaltingsplanen. Det er viktig å bruke ressursane, samt å ha eit oversyn over desse, også i samband med revisjon av konsesjonar der fiskekultivering er tema. Løypa til Sloaros Det er svært viktig for Bykle kommune og Hovden som turistdestinasjon å ha eit godt og variert løypetilbod. Løypa til Sloaros har vore køyrd, utan at ein har oppfatta dette som problematisk i høve til villrein, i minst 20 år. Det er viktig at denne blir lagt inn i planen slik at løypekøyring kan skje på ein føreseieleg måte, frå år til år, og heller stengast i kortare tid dersom særlege grunnar skulle tilseie dette. Tilrettelegging, informasjon skjøtsel og oppsyn Det er i kapittel 5 peika ut to område der tilrettelegging er viktig ved Frafjordheiane og ved Håhellervatnet der SVR-rasteplassen ligg. Når det gjeld informasjon er det tale om trykt materiell, heimeside og informasjon på alle opne hytter i heia. Skjøtsel er prioritert for truga artar /naturtypar, kulturminne eller kulturlandskap med mange besøkande. Rådmannen er ikkje ueinig i desse tiltaka, men vil oppmode styret til å tenke meir offensivt rundt dette. Det har vore på tale med eit naturhus/informasjonssenter. Frå før er den eine oppsynsstillinga lokalisert på Hovden. Vi veit at spørsmålet om info-senter kan kome opp att dersom ein går vidare med tanken om nasjonalpark. Dersom eit slikt senter noko gong skal etablerast i Setesdal er Hovden den einaste plassen som har nok besøkande til at det kan vere håp om lønsam drift. Bykle kommune har svært mykje verna areal, også utafor SVR. Fylkeskommunen har kravd at delar av Vidmyr naturreservat og delar av Nystøyl skal leggast ut til referanseområde for kulturminne. Kulturminne som er knytta til mellom anna jernutvinning på Hovden. Her ser ein føre seg at det trengs informasjon rundt dette dersom det skal vere vits i å bandlegge område. Heiane på Hovden har Storhedder med runeinnskrift, falkefangarhistoria, spor etter gruvedrift, tamrein og villreinjakt. Hovden ligg «midt i verneområde» i alle fall omkransa av villreinterreng. Bykle har mange område med stort biologisk mangfald, slåttemark og slåttemyr som blir skjøtta. Heiane nord i kommunen er særleg artsrike når det gjeld flora. På verneområde Vidmyr er skjøtsel av slåttemyr i gang, det same på Bjåen. Både Fjellgarden Hovden, Bjåen turisthytte og BjåenFjellstoge driv næringar som passar inn i naturbasert reiseliv/lokal mat. Difor er det ikkje tvil om at eit slikt senter høyrer heime på Hovden. Bykle, 06.10.14
Tallak Hoslemo Rådmann Vedlegg 1 Høyringsutkast til forvaltningsplan for SVR + høyringsbrev 2 Forvaltningsplan SVR - Høringsutkast 3 Høyringsutkast til forvaltningsplan for SVR + høyringsbrev Melding om vedtak sendast: Forvaltingssekretariatet for SVR, 4748 RYSSTAD