Som nytt barn og nye føresette vil me ønska dykk velkomen!!! Me vonar at me får mange fine år saman her i Sekse barnehage.



Like dokumenter
Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Bleiar: barn som brukar bleie tek dette med. For oss er det best å ha ein heil pakke ståande og så gir vi beskjed når det blir tomt.

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Informasjonshefte Tuv barnehage

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Månadsbrev for Rosa september 2014

Sandeid skule SFO Årsplan

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN SANDØY KOMMUNE

Til deg som bur i fosterheim år

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

Informasjon til foreldre

INFORMASJONSHEFTE A TIL Å

Velkommen til Tussejuv barnehage!

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

BARNEHAGETILBODET 2015/2016

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Bjørnehiet SFO - informasjon

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Plassebakken Barnehage

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Plan for Liabygda SFO

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

INFORMASJONSHEFTE OM. Åmotsdal barnehage

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

Plassebakken Barnehage

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN I SANDØY KOMMUNE

10/60-14/N-211//AMS

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

ÅRSPLAN / INFORMASJONSHEFTE ØYE SFO.

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

VEDTEKTER FOR MODALEN BARNEHAGE

Trondheim kommune Gjørtlervegen barnehage 7004 Trondheim, Tk Opplag 200 Juni 2009 pi2733 Grafisk senter Foreldreinformasjon

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VIK KOMMUNE.

BARN SITT MØTE MED BARNEHAGEN - AVD. STOVA. TID KVA KORLEIS MÅL UTFORDRING Barnet kjem i barnehagen.

Lisjebøvegen 39, 6091 Fosnavåg, tlf: , e-post:

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

ÅRSPLAN S F O KOLLTVEIT SKULE INNHALD. Innleiing. Rammevilkår - generelle vilkår - fysiske vilkår - vilkår for bemanning - vilkår for samarbeid

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

VELKOMSTHEFTE FOR HELLAND SFO

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE. Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift.

VELKOMEN SOM BRUKAR I STOKKALANDSMARKA BARNEHAGE

VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR I VESTNES KOMMUNE

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

VEDTEKTER GRANVIN HERAD

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Onsdag Tid Aktivitet Mål Innhold Metode Ansvar

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Bli kjent med Orre Barnehage

Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse

Plan for overgangar. for barn og unge

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4.

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Velkommen til SFO i Forsand Årsplan 2018/2019

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret , sak K 12/185 Endringsvedtak i kommunestyret

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

INFORMASJONSHEFTE OM. Åmotsdal barnehage

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

INFORMASJON SUNDE BARNEHAGE

ÅRSPLAN FOR SFO SELJORD BARNESKULE TLF SFO: /

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

SIKRINGSINSTRUKS FOR TJØDNALIO BARNEHAGE Til tilsette og foreldre/føresette.

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

Vedtekter for SÆ BARNEHAGE AS

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Askeladden barnehages ABC

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Du kan kontakte oss på denne måten: Askedalen barnehage Askedalen Leikanger.

SFO BØ SKULE SKULEÅRET

Transkript:

2

VELKOMEN! Som nytt barn og nye føresette vil me ønska dykk velkomen!!! Me vonar at me får mange fine år saman her i Sekse barnehage. Ny og spent. Me har gode rutinar for å gi barna ein trygg og best mogeleg start i barnehagen. For at me skal verta godt kjent vil ein fast vaksen, primærkontakt, fylgja opp barnet og familien. Dette vert særleg viktig den fyrste tida i barnehagen. God tid og gjensidig informasjon er viktig! Ta kontakt dersom de lurer på noko: tlf.: 53 66 19 42. Oppstart i barnehagen, eit nytt miljø, kan vera vanskeleg både for dei vaksne og barn. Tilvenningsperioden vert mykje lettare for barnet dersom ein vel å vera i barnehagen 2 3 timar dei fyrste 2 3 dagane, saman med føresette. Kor lang tid barnet treng i starten er mellom anna avhengig av barnet sin alder, og korleis det reagerer på å begynna i barnehagen. Når de byrjar i barnehagen vil de få ein kontaktperson, primærkontakt, denne personen skal vera ein ekstra støtte for barnet og føresette. Saman med primærkontakten kjem de fram til korleis tilvenningsperioden kan verta best mogleg for ditt barn og dykk føresette. For å gjera oppstarten lettare for dykk, har de fått dette heftet som inneheld dei mest naudsynte opplysningane opplysningar som det gjerne kan vera greitt å sjå attende på om det skulle vera noko de lurer på. Me har nok ikkje fått med alt, men de må gjerne ta kontakt om det er noko de lurer på eller ting som dette heftet ikkje gir svar på. 3

Sekse barnehage 1987 - Sekse barnehage ligg på austsida av Sørfjorden i Ullensvang herad med flott utsikt over fjorden og tilgang til flott natur! Naturen nyttar barnehagen aktivt både som friluftsområde med friluftsaktivitetar, naturvern og fokus på samspelet i naturen. Barna får erfaringar med og kunnskap om dyr og vekstar, og naturen si rolle i matproduksjonen. Barnehagen sitt nærområde er prega av gardsdrift, og me er ofte på gardsbesøk. Elles ligg barnehagen like ved Sekse skule, me har godt samarbeid, og saman utgjer me Sekse oppvekstsenter. Kvart år arbeider me i Sekse barnehage med å setta saman barnegruppa på best mogeleg måte, utarbeiding årsplanen og årskalendar med rutinar og arrangement. Dette vil de få så snart det er klart og godkjent i samarbeidsutvalet. I tillegg vil kvar gruppe laga meir detaljerte månadsplanar/vekeplanar. Sekse barnehage legger stor vekt på fagområdet Natur, miljø og teknikk. Dette kjem me til å halda fram med, men i tillegg har me valt å satsa særskilt på fagområdet Kommunikasjon, språk og tekst og jobbar målretta med barna si språklege utvikling i eit heilskapleg perspektiv. Etter at Odda kommune utarbeidde lese for livet -planen, tok styrar i Sekse barnehage opp spørsmålet om det ikkje burde utarbeidast ein liknande plan i Ullensvang. Det vart sett ned ei arbeidsgruppe som utarbeidde ein plan for språkutviklinga frå fødsel fram til skulestart med utgangspunkt i planen til Odda kommune. Gruppa var samansett av representantar frå barnehagen, barnehageeigar, helsestasjon, bibliotek og logopedkontor. Barnehagen er ein kommunal barnehage med 26 plassar 4

Opningstid Sekse barnehage har opent måndag fredag frå klokka 07.00 16.30 Dagsrytme: 07.00 Barnehagen opnar. God morgon! 08.00 09.00 Frukost, m/nistepakke 09.30 Alle må vera komne i barnehagen Dei som tar fri eller kjem seinare enn denne tida må gje melding til barnehagen om det 09.45 14.00 Grupper - kjernetid (tilrettelagde aktivitetar) 10.30 Små barn: stell og bleieskift 11.00 Samlingsstund 11.00 Ordensvakt 11.30 Formiddagsmat 12.30 Leik inne/ute kjernetid 14.00 - Mellommåltid Små barn: stell og bleieskift Alle: leik og aktivitetar inne/ute Barna vert henta takk for i dag! 16.30 Barnehagen stenger Me vil ivareta kvart einskild barn sine individuelle behov og tilpassa dagsrytmen slik at det vert ein god dag for alle. Barnegrupper Me deler barnegruppa inn i aktivitetsgrupper etter alder og utvikling i kjernetida frå klokka 09.45-14.00 Måltida Frukost: Nistepakke som barna har med til barnehagen: brød, havregraut, salat eller liknande Formiddagsmat: Brød, pålegg, mjølk/vatn. Innimellom vert dette erstatta med eit varmt måltid. Mellommåltid: frukt/grønsaker/yoghurt/knekkebrød og vatn (Barnehagen handlar inn mat og drikka) 5

Sei i frå til oss i barnehagen dersom barnet skal ha diett, er allergisk for nokon typar mat eller om det på grunn av dykkar overtyding ikkje et kjøt eller fisk. Me ønskjer ein kort omtale frå dykk dersom me skal ta særskilde omsyn. Måltidet skal vera ei sosial og koselig stund der alle har det bra. Måltida skal skapa ei kjensle av fellesskap. Gjennom måltida vil barna øva på å klara mest mogleg sjølv. Barna skal læra bordskikk, og læra å ta omsyn til kvarandre. Personalet skal vera gode språkmodellar ved å setta ord på ting og det dei gjer under måltidet. For å styrka språk og omgrep skal personalet be barna om å sei kva slags pålegg dei ønskjer å få sendt og nytta overomgrep. Det er mykje pedagogikk rundt eit måltid. Barnehagen har føremiddagsmat og mellommåltid kvar dag. For fem dagarsplass kostar dette 260.- kroner. Barnehagen held mjølk. Hygiene Barna vaskar hendene sine før dei skal eta og etter at dei har vore på toalettet, me oppmodar barna til å telja til 15 medan dei vaskar hendene under rennande vatn. Personalet hjelper dei barna som har behov for det. Dei største barna vert oppmuntra til å klara seg sjølv mest mogeleg med handvask og på toalettet. Garderobe Når barnet byrjar i Sekse barnehage får ho/han ein garderobeplass i grovgarderoben der me oppbevare: ytterklede, regnklede, vinterdressar, sko og støvlar. I den andre garderoben har også barna kvar sin plass, der oppbevarer me: reine og tørre byteklede og eventuelt kosedyr/fille som gir barna tryggleik i barnehagen. Byteklede Barna skal alltid ha ekstra klesskift liggande i barnehagen. Kleda skal ligga i barnet sin klesboks i den inste garderoben. Regnklede og sko skal vera i den ytste garderoben. 6

De må sjølv fylgja med om barnet har nok klesskift, ta med det som er skittent heim og tilpassa utvalet etter årstidene. Merking av klede Hugs alltid å merka barnet sine sko, støvlar, innesko og klede. Det er vanskeleg for oss å skilja mellom ti like strømpebukser og 6 par blå polvottar. Det kan henda at klede og andre ting forsvinner eller at nokon tar feil. Dersom dette skjer sei i frå til oss! Det er lettare å unngå dette eller finna det att om tinga er merka Regnklede og støvlar skal alltid vera i barnehagen, utanom når de tar dei med heim for vasking. Me ønskjer at dette vert gjort jamnleg sidan me ikkje har tørkekapasitet for alle ytterkleda. Turar Me nyttar barnehagen sitt nærområde aktivt. Gårdane, Slotto, Mjøstøl og Kvednafloten er plassar me vitjar ofte. Livet i fjøra er også ein naturleg del av barnehagen sitt innhald. Elles reiser me gjerne på lengre turar, til dømes vitjar me froskedammen på Lofthus og biblioteket i Kinsarvik. 7

Oppmøte Me ønskjer at alle barna skal vera komne i barnehagen til klokka 09.30. Dersom barnet av ulike grunnar ikkje kjem til denne tida eller tar fri må de gi barnehagen melding om det. Elles ønskjer me at de respekterer arbeidet som går føre seg i barnehagen når de kjem med dykkar barn; ulike aktivitetar, samlingar og roen rundt måltida. Det vil sei at når barnet kjem til barnehagen skal avskjeden med foreldra gå føre seg på ein roleg måte som ikkje forstyrrar resten av barnegruppa. Så sant personalet ikkje er opptatt med andre barn, måltid eller ulike aktivitetar vil me møta dykk i garderoben. Me vil hjelpa barnet med å ta ein god avskjed med føresette, og hjelpa dei i gang med leik eller andre aktivitetar. Dersom personalet er opptatt ønskjer me at de kjem inn i barnehagen og leverer barnet der, eller ventar til personalet er ledig. Me oppmodar om at barnet kjem innan klokka 09.30 sidan turar og andre aktivitetar startar om lag klokka 09.30. Følg med i årsplanen og månadsplanane slik at de til ei kvar tid veit kva som skal skje. Oppstart Oppstarten i barnehagen kan vera vanskeleg for både vaksen og barn. Det er difor viktig med ein god start for barnet, når det byrjar i Sekse barnehage. Tilvenningsperioden vert mykje lettare for barnet dersom føresette er saman med barnet dei fyrste dagane. Kor lang tid barnet treng er mellom anna avhengig av barnet sin alder og korleis det reagerer på å byrja i barnehagen, tre dagar er vanleg praksis i Ullensvang herad. I oppstarten vert de kjent med andre barn, føresette, personalet og kvardagen i barnehagen. Det er eit fint utgangspunkt for samtalar med barnet om deira opplevingar frå barnehagen. Når de byrjar i barnehagen vil de få ein kontaktperson, primærkontakt. Primærkontakten skal vera ei ekstra støtte for barnet i barnehagen og 8

for dykk føresette. Sei i frå om det er noko me bør vita om barnet sin heimesituasjon. Tilvenningsperioden kan sjå slik ut: Dag 1: Mor/far er saman med barnet og har ein relativt kort dag. De vert kjent i barnehagen og får ei oppleving av korleis kvardagen i barnehagen vil verta. Deretter: Barnet kan vera litt lengre dag/dagar i barnehagen. Personalet prøver å overta litt ansvar for barnet. Dersom ein vurderer det som rett kan mor/far forlata barnet for ein kort periode. Neste fase: Barnet kan ha ein mest mogleg tilnærma vanleg dag/dagar. Mor/far kan forlata barnet i lengre periodar enn dagane før. Saman med primærkontakten kjem de fram til korleis tilvenningsperioden kan verta best mogleg for ditt barn og dykk føresette. Minnebok Når barnet byrjar i Sekse barnehage, vil det få ein tom perm. Innhaldet i permen vert utvikla saman med barnet dei åra det går i barnehagen. Målet med boka er å gi barnet minner frå tida det er i Sekse barnehage, historiar det likar, historiar det lagar sjølv, historiar frå barnehagekvardagen, foto dei likar, teikningar det har teikna. Berre fantasien set grenser. Me vil også nytta permen til å kartlegga barnets utvikling for og med barnet. Innhaldet i permen kan også vera eit fint utgangspunkt for samtalar med dykk føresette. Bursdagsfeireing Barna sine bursdagar markerer me med at barnet flytter bilde av seg til sitt nye tal. Bursdagsbarnet får kruna og bursdagssong. Me sender rakettar like mange som barnet fyller år, og dei som ønskjer det vert løfta opp i lufta like mange gongar som barnet fyller år. Ved måltidet serverer me frukt/grønsaker som barnet likar spesielt godt på ulike og kreative måtar 9

Språkbamsen - Sol Tanken bak språkbamsen som er eit lite lam er at dei eldste barna, etter tur og orden, skal få ha språkbamsen med seg heim i nokre dagar. Når barnet har språkbamsen med seg attende til barnehagen skal barnet fortelja noko av det språkbamsen har opplevd saman med barnet i den tida den har vore på besøk. På den måten får barna høve til å utvikla den kommunikative evna si. Setningslengd, setningsbygnad, ordtilfanget, det å kunna halda fast på ei forteljing i samanheng og fortelja ei historie. I barnehagen bur språkbamsen i ein blå sekk og passar på boka. Denne sekken nyttar me til å frakta språkbamsen i, heim og attende til barnehagen. Det kan vera litt vanskeleg for nokon barn å koma i gang med forteljinga. Difor har språkbamsen med seg ei bok. Denne boka ønskjer me at barna sine føresette nyttar til å skriva litt om noko av det barnet og språkbamsen har opplevd saman når språkbamsen har vore med barnet heim. Dersom de ønskjer det kan de også lima inn foto! I ettertid vil me ha ei fin bok om då Språkbamsen vitja barna, den blir det kjekt å bla attende i for barna. Barnevogner Så langt som mogleg kan de oppbevara barnevognene som barna søv i medan dei er i barnehagen på soveromet. På grunn av eventuell plassmangel er fint om de avtaler dette med personalet på førehand. Når de kjem til barnehagen om morgonen Den som kjem med barnet, skal hjelpa barnet med å ta av ytterkleda, ta på innesko og overlevera barnet til ein av dei vaksne i barnehagen. Barnehagen tar over ansvaret for barnet, når barnet har fått kontakt med ein vaksen i barnehagen og sagt ha det til den som leverer det i barnehagen. Me vil gjerne få greie på dersom noko plagar barnet, noko me skal ta omsyn til som at det ikkje har sove om natta, tenner som er på veg, 10

dårleg morgon og liknande. Me vil også gjerne vita når det har vore positive opplevingar eller noko barnet er spesielt glad for. Når de går frå barnehagen er det viktig at de seier ha det. Det er svært vondt for barnet å oppdaga at mamma/pappa plutselig er gått utan å sei i frå barnet kan lett verta utrygg, verta klengete og det kan verta vanskeleg å stola på omsorgspersonane sine. Føresette eller andre som hentar barnet må sei frå til personalet om når barnet vert henta. Henting av barnet Om ikkje anna er avtalt er det berre dei som har foreldreansvaret som får henta barnet i barnehagen. Dersom nokon andre, nabo, tanta, besteforeldre, andre, skal henta barnet skal det vera avtalt med personalet på førehand. Det er viktig med ein god slutt på dagen. Personalet tar avskjed med barnet enten det vert henta inne eller ute. Ein god avslutting på dagen er ein god start på neste dag. Under levering og henting av barnet er det føresette som har ansvar for barnet. Opplysningar om barnet Vedlagt finn det ulike skjema som me ber dykk fylla ut og returnera til barnehagen, ved styrar. Hugs å gi melding om eventuelle endringar i høve til adressa, telefonnummer, arbeidsplass og liknande, slik at barnehagen alltid lett kan få tak i dykk. Ferielister I samband med sommarferie-, juleferie, påskeferie og eventuelt vinterferie ber me dykk om å levera svarark så snart som mogeleg slik at styrar så snart som mogeleg kan vurdera personalet sine moglegheiter for uttak av fri, feriedagar og avspasering. I tillegg vert det lettare å tilpassa innkjøp av mat, mjølk og frukt. I løpet av barnehageåret skal barnet ha tre samanhengande ferieveker. 11

Fridagar/sjukdom Dersom barnet har ein fridag eller er sjuk, ber me om at de ringer og gir melding til barnehagen om morgonen. Får barnet ein smittsom sjukdom, er det viktig at de gir melding til barnehagen om dette slik at me kan orientera andre føresette om at dei må vera observant på symptoma. Dersom barnet vert sjuk i barnehagen, ringer personalet til føresette og barnet skal hentast så snart som mogeleg. Når barn er sjuke, har dei best av å vera heime. Helsesøster oppmodar om at barnet er heime minst ein dag etter feber. Barn bør haldast heime ved symptom og 48 timar etter opphør av oppkast og diarè. Ved augekatarr tilrår helsesøster at barn med augekatarr kan gå i barnehage dagen etter behandling er byrja dersom lege startar behandling med antibjotika, augedråpar eller augesalve. Er du i tvil spør! Me ønsker at medisinering av barna, augesalve, penicillin og anna medisin vert gitt heime så langt det let seg gjera. Medisin Medisin vert vanlegvis ikkje gitt i barnehagen, med mindre barnet har ein kronisk sjukdom og våre rutinar for medisinering med utfylling av skjema er fylgt. 12

Skader Dersom barnet skadar seg i barnehagen, vert føresette varsla, og me vurderer om me reiser til legen med barnet eller det kan venta til de kjem til barnehagen for sjølv å fylja barnet. Dersom personalet må ta barnet med før de kjem i barnehagen må de koma etter så snart det er mogeleg. Det er barnet sitt beste å ha dei næraste omsorgspersonane rundt seg i slike høve. Påkledning Barnet må ha praktiske klede i barnehagen. Barnet må ha på seg klede som er lett å røra seg i både inne og ute. Ver merksame på at snorer på barna sine klede kan føra til ulykker, til dømes snor mellom vottar. Me oppmodar dykk om å ta vekk slike snorer for å førebygga ulykker. For å unngå å skli på golvet er det fint om barnet har innesko i barnehagen. Ver budd på at det kan koma lim, maling og anna søl på kleda. Dette kan som oftast fjernast med kaldt vatn. Me vil nytta forkle når me held på med formingsaktivitetar, men uhell kan skje. Foreldresamtalar Det er foreldra som kjenner barnet sitt best! Difor ønskjer me eit tett samarbeid med dykk til barnet sitt beste. Me oppmodar dykk om å snakka med oss om barnet, kva det fortel og er opptatt av. Ta kontakt med oss dersom det er noko de lurer på, eller har ris eller ros til oss. I barnehagen er den daglege kontakten ein viktig del av samarbeidet, det er då me får gitt meldingar om korleis barnet har hatt det i løpet av dagen. Alle vert kalla inn til ein foreldresamtale to gongar i løpet av eit år; om hausten og våren. Dersom de eller personalet ønskjer samtalar utanom dette er me sjølvsagt opne for det, ta kontakt! Foreldremøte Det er foreldremøte ein til to gong i året 13

Styring og samarbeid For å sikra samarbeidet med barna sin heim, skal kvar barnehage ha eit foreldreråd og eit samarbeidsutval. Foreldrerådet Foreldrerådet er alle foreldra til barna i barnehagen. Foreldrerådet skal fremja fellesinteressene til foreldra, og bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppa skapar eit godt barnehagemiljø. Det vert valt to representatar på foreldremøte om hausten, leiar og vara. Desse vert automatisk representantar i samarbeidsutvalet, og skal uttala seg om saker som vert tatt opp i samarbeidsutvalet, SU. Representantar i samarbeidsutvalet - Oversikt over representane i SU finn de i årsplanen. Sidan Sekse barnehage og Sekse skule saman er eit oppvekssenter har me eit felles SU. Barnehageeigar skal syta for at viktige saker vert lagt fram for foreldrerådet og samarbeidsutvalet. Arbeidsutvalet I tillegg til foreldrerådet/samarbeidsutvalet vel foreldra to representantar som saman med representantane frå foreldrerådet dannar eit foreldrearbeidsutval i barnehagen. Arbeidsutvalet kan på eige initiativ arrangera ulike aktivitetar, til dømes sommarfest, julefest, skidag, temamøte og liknande. Val av nye representantar, eventuelt attval, vert gjennomført på foreldremøtet om hausten. 14

Samarbeidspartar for barnehagen: Logoped Spesialpedagog Pedagogisk- psykologisk tenestekontor (PPT) Fysioterapaut Skulen Barnehageansvarleg i Ullensvang herad, Inger Sekse Andre barnehagar Tverrfagleg samarbeidsgruppe (Barnevernstenesta, Helsestasjonen, PPT og Veisane- og Kinsarvik barnehagar) Hardanger/Voss kompetanseregion (ekstern vurdering, kvalitetsutvikling og kometansheving) Barnehagesatsar i Ullensvang herad 5 dagar: kr. 2 330,- 4 dagar: kr. 1 864,- 3 dagar: kr. 1 398,- 2 dagar: kr. 932,- Søskenmoderasjon 30 % rabatt for barn nr. 2 50 % rabatt for barn nr. 3, evt. fl. Kjøpedagar Når barnehagen har ledig kapasitet, kan dei som har barnehageplass kjøpa sporadiske einskild dagar. Det kostar 200kr pr. dag. 15

Friplass Søknad om moderasjon/støtte på grunn av økonomi kan sendast til helse og velfed, Ullensvang herad. Ta kontakt dersom du treng hjelp til utfylling av søknaden. Søknaden sender du til: Ullensvang herad, helse og velferd, 5780 Kinsarvik Tlf./faks: 53 67 15 20 / 53 67 15 21 Inntektsgradert foreldrebetaling Det kan gjevast støtte til foreldrebetaling etter søknad frå foreldre/føresette med låg betalingsevne. Moderasjonen vert rekna ut frå den type plass barnet har i barnehagen og aktuell pris på plassen. Ullensvang herad har to satsar: 1) Hushaldningar med ei årleg bruttoinntekt under 2 G (grunnbeløp) vert gjeve 50% reduksjon. 2) Hushaldningar med ei årleg bruttoinntekt under 3 G (grunnbeløp) vert gjeve 35% reduksjon. Den samla inntekta til hushaldninga er utgangspunktet for event. inntektsgradert foreldrebetaling. Planleggingsdagar Barnehagane i Ullensvang herad har fem planleggingsdagar i løpet av barnehageåret. Desse dagane er barnehagen stengt, informasjon om kva dagar dette gjeld finn de i barnehagen sin årsplan, årskalenderen, barnehageruta og på heradet si nettside. Oppseiing av barnehageplass Oppseiingstida er ein månad i tida 15. august til 1.mars. Oppseiinga skal skje skriftleg til styrar, Marianne Meling, innan den 1. i månaden før barnet sluttar. For meir informasjon sjå vedtekter for barnehage i Ullensvang herad; http://www.ullensvang.herad.no Føresette sin forventingar til barnehagen Me vil gjerne at de fortel oss kva forventingar de har, og er open i dialogen med oss. På foreldremøtet om hausten vert det sett av tid til dette temaet. 16

Barnehagen sine forventingar til føresette - At de les planar, e-post og ulike skriv som vert gitt frå barnehagen - At de kjem med tilbakemeldingar på det me gjer i barnehagen - At de deltek på arrangement, foreldremøte, foreldresamtalar, foreldrekaffi, sommarfest, dugnad og liknande. Nytt barnehageår byrjar i august med nye og vel etablerte barn. Det er fint om de som er nye på førehand fyller ut skjema som vert nytta ved oppstart, desse vil de få i lag med velkomstbrev. Nye barn og føresette får tilbod om barnehageplass gjennom heile året dersom det er/vert ledig plass. Me vonar at de vil trivast i barnehagen, at me får eit godt samarbeid, og at me får ei fin tid saman i Sekse barnehage! VELKOMEN! 17

Ullensvang herad Sekse barnehage Sekse 5773 Hovland telefon: 53 66 19 42 e-post: post.sekse.barnehage@ullensvang.herad.no 18