alvåg kystkulturstemne



Like dokumenter
Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Til deg som bur i fosterheim år

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Jon Fosse. For seint. Libretto

Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

MEDLEMSINFO. august 2009

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND


mmm...med SMAK på timeplanen

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Brannsår, rus eller friheit?

6. trinn. Veke 24 Navn:

Månedsbrev april 2015

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

OK, seier Hilde og låser.

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7


Kom skal vi klippe sauen

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Plassebakken Barnehage

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Birger og bestefar på bytur til Stavanger

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok.

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

INFORMASJON om førestellinga:

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Kapittel 11 Setninger

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Plassebakken Barnehage

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya?


Februar 2015 Januar, månaden som gjekk Månaden som kjem

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Brukarrettleiing E-post lesar

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Månadsbrev for Rosa september 2014

Med tre spesialitetar i kofferten

Jon Fosse. Andvake. Forteljing

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

«Ny Giv» med gjetarhund

Kva er økologisk matproduksjon?

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

FANTASTISK FORTELJING

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

Transkript:

alvåg kystkulturstemne fredag 3. til søndag 5. august 2012

generalsponsor Kystpuls.no Nettstaden der alle kan delta i diskusjonar, opprette eigne soner, legge arrangement i kalendaren og mykje meir! Legg inn arrangement i kalendaren, så kjem det «På plakaten» i torsdagsutgåva. Velkommen til Kystkulturstemne i Kalvåg 3. 5. august 2012 Årets arrangement er eit samarbeid mellom Kalvåg Kystlag og Knutholmen. Vi vil i år ha spesielt fokus på kystkvinna si rolle i lokalsamfunnet med mellom anna ei flott utstilling av klede frå svunnen tid laga av Reidun Øvrebotten. Kystkvinnene har gjennom alle tider vore berebjelken i livet og virke på kysten. Dei har ikkje berre tatt seg av småbruk, hus og born, men og delteke for fullt i arbeidslivet utanfor heimen. Ser vi litt tilbake i tida var kvinnene si deltaking bl.a. på sildebuene heilt avgjerande for at ein kunne få kjøpe, foredla og selje denne viktige ressursen. På Kystkulturstemnet er det og mange andre spennande ting som skjer. Båter vil alltid ha ein sentral plass i eit stemne i havgapet. Her vil vi sjå og oppleve gamle og nymotens farkostar i alle fasongar. I tillegg vil det vere musikk, dans og andre aktivitetar for både store og små. Kalvåg er ei perle på kysten med ei fin og lun hamn med eit maritimt miljø. Vågen er omkransa av fine sjøbuer der tradisjonane og opphavlege byggestilar er ivaretatt. I tillegg er her mange turmuligheiter både på sjø og til fjells for dei som likar friluftslivet. Berre det å gå i sentrum å nyte stemninga, god mat og yrande folkeliv er i seg sjølv ei fantastisk oppleving. Alle kan bli medlem, det er gratis og enkelt! kystavisa tlf. 57 75 73 00 Kalvåg Kystlag og Knutholmen ønskjer velkommen til ei helg med opplevingar og avslapping i eit triveleg kystmiljø. Kalvåg Kystlag Arvid Langeland Knutholmen AS Svein Inge Fosse Styret i Kalvåg Kystlag 2012 består av : Arvid Langeland Leiar Terje Røys Nestleiar Geir Andal Styremedlem Bjarne Pedersen Styremedlem Pamela D. Nødset Styremedlem Kjell Føyen Styremedlem Kari M. Vadøy Styremedlem Jostein Nødset Kasserer 2 KALVÅG KYSTkulturstemne 3. 5. august 2012 KALVÅG KYSTkulturstemne 3. 5. august 2012 3

hovudsponsor Kystkulturstemne i Kalvåg Vi ønskjer Kalvåg Kystlag lukke til med arrangementet! Program 3. 5. august 2012 www.norwaypelagic.no Hovedtema i år er Kystkvinnene Vi startar allereie onsdag 1.8. kl. 18.00 i Kalvåg Bedehus med utstillinga: «Kystkvinner» av Reidun Øvrebotten. Sal av kaffi og kaker. Her er mange fantastiske drakter som Reidun sjølv har sydd og mange utrulege historier å ta med om lagnadane til kystkvinnene. 4 KALVÅG KYSTkulturstemne 3. 5. august 2012 KALVÅG KYSTkulturstemne 3. 5. august 2012 5

hovudsponsor Energi i Kalvåg Vi er opptekne av energi både i linjene og i bygdene. Kysthelga i Kalvåg skapar energi og engasjement og vi ønskjer lukke til med arrangementet! Fredag 3. august 10.00 Galleri Frøya: Internasjonal kunstutilling med maleri og akvareller i Galleri Frøya: Aud Rye frå Oslo, Simon Riwett frå Hebridene og Ruth Brownlee frå Shetland På Galleri Frøya er det strikkeutstilling Wool an Sheep around the North Atlantic sea Tegne krok for barn, servering på Tak-kafeen, sal av flotte handverksprodukt 10.00 Holmen Atelier - Sommerutsilling, sal av kunsthandverk, gåver og bøker. 12.00 1800 «Minne om Maria» - utstilling i bedehuset av Reidun Øvrebotten 14.00 Salsbodene opnar 16.30 Offisiell opning av Kystkulturstemnet på Amtskaia ved kultursjef Espen Frøysland. 20.00 Kalvåg Kystlag inviterer til «Rorbua» på Frøyenbutikken. Musikk, allsang, song, og anna underhaldning 22.00 Utedans på Knutholmen til 02.00 Knutholmen er open alle dagar - ta turen innom! Kraft til å påverke framtida www.sfe.no 6 KALVÅG KYSTkulturstemne 3. 5. august 2012 KALVÅG KYSTkulturstemne 3. 5. august 2012 7

h ovu d S P ON S OR Kalvåg Kystfestival og ønskjer lukke til med arrangementet! www.elkem.no 8 KALVÅG KYSTkulturstemne 3. 5. august 2012 Foto: Foto Alkemming Vi er med og sponsar 09.00 Start fiskekonkuranse påmelding og premiering. 10.00 Galleri Frøya som fredag 10.00 Holmen Atelier som fredag 10.00 Ole Jonny Faleide frå Raudeberg stiller med Norges råaste gatebil (Utstilling) 11.00 Salgsbodene opnar 11.00 Anitas Atelier Ansiktsmaling av born 11.00 Eliasbåten er sjølvsagt her 11.00 Ver med å ro eller segle i Kystlaget sine fine gamle båtar! 12.00 Sal av rømmegraut, kaffi og kaker.(bedehuset) 12.00 1800 «Minne om Maria» - utstilling i bedehuset av Reidun Øvrebotten 12.00 16.00 Motorcross på Liset for born og ungdom 12.00 15.00 Paintball v/bremanger Paintballklubb vest for skulen 15.00 Underhaldning, musikk og konkuransar på Amtskaia 17.00 Salsbodene stenger 22.00 Steinar Engelbrektson Band spelar ute på Knutholmen Fotograf: Hege Qvikstad Eek Laurdag 4. august Knutholmen er open alle dagar - ta turen innom! KALVÅG KYSTkulturstemne 3. 5. august 2012 9

h ovu d S P ON S OR EIENDOMSMEGLER VEST FRENDE FORSIKRING NORNE SECURITIES BRAGE FINANS KYTE NÆRINGSMEGLING Scanpix VI STYRKJER KULTURLIVET DER DU BUR Søndag 5. august 11.00 Galleri Frøya som fredag/laurdag 11.00 Holmen Atelier som fredag/laurdag 12.00 1800 «Minne om Maria» - utstilling i bedehuset av Reidun Øvrebotten Knutholmen er open alle dagar - ta turen innom! Eg skal spele piano som Edvard Grieg! eller bli kul b-girl 10 Vi trur at barn og unge kan bli kva dei vil, dersom dei får sjansen til å finne talentet sitt og lidenskapen sin. Vestlandet har eit variert og rikt kulturliv, og det er vi stolte av. Skal kulturlivet vidareutviklast og rekrutteringa sikrast, må vi satse breitt. For oss er det viktig å kunne bidra til eit pulserande kulturliv på Vestlandet med det vi er dyktige på: lokalkunnskap, økonomi og langsiktig tenking. Sparebanken Vest er den lokale storbanken på Vestlandet med over 60 filialar i by og bygd. Vi er herfrå. Det gjer ein forskjell. Kven veit, kanskje får vi ein ny Edvard Grieg om ikkje så lenge? KALVÅG KYSTkulturstemne 3. 5. august 2012 KALVÅG KYSTkulturstemne 3. 5. august 2012 11

hovudsponsor Foto: Foto Alkemming Steinar Engelbrektson Band består av: Steinar Engelbrektson Song, Trekkspel Bjarte Haugen, Bass Maron Sandvik, Trommer, Song Alf Rune Melbye, Steelgitar Eivind Skjerdal, Gitar, Song laurdag er det Dans med Steinar Engelbrektson Band Spisskompetanse i næringslivsbanken Sparebanken Sogn og Fjordane er den leiande næringslivsbanken i Sogn og Fjordane. Vi har høgt kvalifiserte og erfarne med arbeidarar med bransjekunnskap og spisskompetanse, og vi er fylket sin største finansaktør innan fiskeri og havbruk. ssf.no Mange års jobbing gav spelemannsnominasjon for Steinar Engelbrektson band si plate Rabalder. Etter ein hektisk sommar med mange hyggelige jobbar på fest og festivalar er Steinar Engelbrektson Band ute med ny plate Minna som eg har Ein av låtane som har merka seg ut på denne plata er duetten med Anne Nørdsti Ikkje gje opp håpet. Denne låta har full rotasjon på Dansefot Jukeboks kvar laurdags natt. Etter kun 1 veke hadde bandet seld over 5000 tusen eksemplar og har vore høgt oppe på den norske VG lista fleire veker. Steinar Engelbrektson Band kan vel kallast eit crossover-band mellom country og danseband, alt på klingande, flott dialekt. Steinar Engelbrektson Band vart oppdaga av det store publikum i 2003, då dei kom med låta På grunn av bagateller. Denne låta er enno bandet sin store hit, og har snart 6 års fartstid på NRK sitt populære Dansefot Jukeboks. Steinar Engelbrektson Band har til no gitt ut fem plater, og seld over 70.000 plater til saman. Steinar Engelbrektson Band møter eit entusiastisk publikum kor i landet dei reiser, og god kontakt med dei dansande har alltid vore varemerke til Steinar Engelbrektson Band. 12 KALVÅG KYSTkulturstemne 3. 5. august 2012 KALVÅG KYSTkulturstemne 3. 5. august 2012 13

hovudsponsor Bremanger kommune www.bremanger.kommune.no Vi ønskjer Kalvåg lukke til med kystkulturstemnet! Den vesle redningsskøyta «Elias» Fotograf: Hege Qvikstad Eek Redningsskøyta Elias er eit norsk barnekonsept skapt av Alf Knutsen og Sigurd Slåttebrekk. Den første boka kom ut i 1998. Eliasuniverset blei seinare 3D-animert for TV av John M. Jacobsen og selskapet hans Filmkameratene med Espen Fyksen og seinere Lise Osvoll som regissør. TV-serien blei som første norske tv-serie Emmy-nominert i 2006, og har i Norge gått som serie i TV 2 sitt barneprogram, TV 2 Junior sidan 2005. Serien er pr. 2011 seld til over 100 land. Det er også laga to kinofilmer om den vesle redningsskøyta: Elias og Kongeskipet fra 2007 og Elias og kampen om havets gull fra 2010. Redningsskøyta Elias Eg blei laga på verftet i Langenes. Her blei eg døypt og fekk eg namnet mitt Elias. Også blei eg malt med fargane som redningskøyter har: raud, kvit og blå. Akkurat som det norske flagget. Eg kom til Lunvik som den yngste redningsskøyta uteksaminert fra Redningskøyteskuen. Den fyrste eg traff i Lunvik var Storeblink. Han kan og veit det meste og har mange gode historier å fortelle. I Lunvik bur Elias med dei fleste av vennane sine, Kjapp, Sjarke, Helinor, Tråle Kruse Knallkul og fleire. Elias filmane har blitt ein kjempesuksess både for dei minste og foreldre. Dei forskjellige karakterene med flott design, forskjellige roller og dialekter gjer serien til ei underholdane TV stund for heile familien. Korleis blei den vesle redningsskøyta Elias til? Elias blei laga som en dukkebåt og heile Lunvik blei bygd opp som ein liten dukkestad. Eliasbåtane som vert brukt på arrangementer er laget for å lære barn om redningssvester og trygg båtbruk. Alf Knutsen og Sigurd Slåttebrekk er pappaene til Elias - det var dei som fann han opp. I 1999, for 10 år sidan, kom den første boka. Dei neste åra bygde dei ein modell av Lunvik for å lage dukkefilm om Elias. Denne kan du faktisk sjå på museet på Fredriksvern festning i Stavern. Dukkebåtene var fjernstyrte og kunne bevege auge og munn. Etter kvart bestemte Filmkameratene seg for å lage film og TV-serie med den vesle redningsskøyta Elias. Det er blitt to TV-serier og to kinofilmar. I tillegg er det utgitt mange bøker, aktivitetshefter og les- og lær-bøker med Elias i hovedrollen. Dei små Eliasbåtane som Redningsselskapet brukar på arrangementet, er laga for å lære små og store barn å ferdast trygt på sjøen. Eliasbåten er ein 8 fot Walker Bay jolle. Sjølv om båten er liten, så veg den mykje - nesten 100 kg. Båten har elektrisk motor. Det gjer at den går akkurat passe fort, slik at barna meistrar båten med litt hjelp frå ein vaksen. Elektromotoren er også smart for miljøet - den slepp ikkje ut nokon skadelege stoff i sjøen! 14 KALVÅG KYSTkulturstemne 3. 5. august 2012 KALVÅG KYSTkulturstemne 3. 5. august 2012 15

hovudsponsor www.fjord1.no hovudsponsor Vi ønskjer Kjøp billett på nett - rett og slett! Kalvåg KystKulturstemne lukke til med arrangementet! Vi ønskjer Kystlaget lukke til med arrangementet! www.fjord1.no statoil.com 16 KALVÅG KYSTkulturstemne 3. 5. august 2012 KALVÅG KYSTkulturstemne 3. 5. august 2012 17

Aktivitetar i Kalvåg Kystlag Båtar til arbeid og glede Kystlaget har 4 båtar som vi tek vare på og vil bruke mest mulig. Desse båtane er eigd av alle som er medlemar av kystlaget, og ligg til fri bruk for alle medlemane våre. Nigarden ein rogavl som er rigga med gaffelsegl, fukke og klyver. Denne båten kjøpte vi av Over stokk og Stein då Kalvåg Kystlag vart starta. Båten var opphavleg eigd av Nigard notlag i Kalvåg. Dette er den båten som vert mest brukt på turar både lokalt og til enkelte langturar. Den har ein liten motor så vi kan ta ein tur, sjølv om det er lite vind. Båten er og blitt kjendis gjennom Barne-TV. Den vart brukt i serien Klart eg kan, som vart spelt inn i Kalvåg i fjor sommar, med 8 åringen Andreas Brenden Frøyen i hovudrolla. Å sjå Nigaren med fulle segl i frisk vind i frøysjøenvar eit flott syn. Femkeipingen er ein Sunnfjord-keiping som vi fikk i gåve av Knut Arne og Kari Vadøy. Båten var opphavleg eigd av Jørgen Vollane frå Vollane i Kalvåg. Kystlaget har rigga båten med råsegl. Slagkeipingen er ein Nordfjord-slagkeiping som vi kjøpte frå ein Svardal i Florø. Første eigar var Peder Solheim frå Bremanger. Den var brukt til fiske på Bremanger pollen. Kystlaget har rigga den med Sprisegl. Sevalden er ein Nordfjord-færing som vi fikk i gåve av Reidun Liset og Ivar Svarstad. Denne båten var tidlegare eigd av han Sevald med Røysa. gen 9. juni (eige avsnitt). I tillegg til båtane skal vi og prøve å ta vare på gamle motorar og anna gammalt utstyr som vart nytta på kysten. Sild og moro Kalvåg Kystlag har og andre aktivitetar. Det vert flekt og tørka ca. 700 kg sild, som vi kvart år får i gåve frå Noway Pelagic i Kalvåg. Silda i år vart infisert på grunn av dårleg tørke, og vi måtte la den gå tilbake til sitt opphavlege element. Så dette kvalitetsproduktet blir ikkje å sjå eller smake denne sesongen. Elles arrangerar vi sommarfest (jonsokfest) og krabbefest for våre medlemar. I tillegg sel vi capser og t-skjorter med logoen til Kalvåg Kystlag på i butikken til Pamela Nødset på Holmen Atelier. Vi er ca 115 medlemmer i kystlaget, og ønskjer nye medlemmer velkommen i eit triveleg miljø. Arvid Langeland leiar Vi ønskjer alle velkommen til ei flott og spanande kystkulturhelg i Kalvåg 3. til 5. august 2012. Kvar torsdag har vi arbeidskveldar på Vamråkbua. Det vert ein del vedlikehaldsarbeid for å holde desse båtane i god stand. Men kveldane er sosiale, der medlemane bidrar med historier, skrøner og gamle bilete. Vinteren 2011-2012 vart det utført større reparasjonar på Nigarden. Ein trufast gjeng har skifta store delar av rekka på begge sidene. Når vi i haust tok båtane på land, oppdaga vi ein del råteskade på Nigarden. Det var berre å rive vekk det gamle og konstatere att omfanget var mykje større enn vi hadde rekna med. Det vart mange timar med fundering på korleis vi skulle gjere det. Vi som er uvande med sånne jobbar, måtte jo berre finne ein måte å gjere det på. Heldigvis har vi resursar som Johan, Åge og Håkon, som har våre ute ein vinterdag før, og som ikkje ser mørkt på noko som helst. Nigarden vart ferdig og tjærebredt i tide slik at vi kunne reise på torgdagane i Ber- Knut og femkeipingen. Alle foto: Leni Lisæter 18 KALVÅG KYSTkulturstemne 3. 5. august 2012 KALVÅG KYSTkulturstemne 3. 5. august 2012 19

Anna med Boilkake, kake frå Shetland. Åge, Johan, Per Arild, Marius, Bjarne (fotograf) og Terje. Båttur med Nigaren til torgdagane i Bergen Tidleg i vinter vart det snakka om att vi burde samle ein del folk og reise på torgdagane i Bergen med båtane våre. Det vart vedteke på årsmøtet att vi skulle prøve å få til ein slik tur, viss båtane vart ferdige. 4 dagar før avreise vart Nigarden ferdig og sjøsett. På grunn av att vi ikkje viste om båtane vart ferdig, kunne vi dessverre ikkje gå ut til medlemane med påmelding til turen før i siste liten. Etter kvart viste det seg at det berre var 6 stk. som ville/kunne reise. Torsdag 7. juni kl 16.00 var det avreise til Bergen. Johan, Åge, Marius og Per Arild la av garde i eit nydeleg vær. Vi hadde ein fantastisk tur sørover, og ei kort overnatting i godt selskap med mygg. Før innseglinga til Bergen fikk vi eit snev av vind og kunne heise segl. Det vart ein flott seglas inn på vågen. Fredagskvelden var vi invitert på fiskesuppe om bord i Haugefisk, som også hadde teke turen. Etter suppa var det samling i sosialt lag om bord på Nigaren, med ein god del gjester og høg stemning. Som vanleg når Nigarden er på tur vekke det stor merksemd, og det er mange som vil helse på og slå av ein prat. Torgdagen i Bergen, Nigarden til kai. Tidleg laurdag morgon vart vi vekt av høg sjø inni båten. Det viste seg att batteriet som sørga for lensing hadde gått tomt for straum om natta. Sidan båten ikkje hadde trutna skikkeleg, vart dei som sov ute på dekk vekt av saltvatten i ansiktet. Det vart ikkje behov for meir morgonvask på desse. Etter ein frukost ute på dekk,vart det sal av gamalt utstyr(kuler, tau, korkar og sildegarn), som skulle seljast til byfolka. Det vart ein riktig triveleg dag, med mykje folk som lurte på kor vi kom frå og ville slå av ein prat. Det raraste vi selde var ein stein som hadde komme med av ein eller anna grunn. Denne vart seld som ei kvaltann, og pryder no sikkert peishylla på ei hytte til ei fin Bergensfrue. Kl.19.30 laurdagskveld la vi frå kai, og vart helsa god tur frå mange båtar rundt vågen. Etter ein fantastisk tur nordover med havet blankt som ein spegel, la vi til kai i Kalvåg etter 15 timar. Neste år håper vi mange fleir vil følgje med oss på tur. Tekst: Terje Røys Foto: Bjarne Pedersen Fiskaren frå Shetland Anna Leknesund, født Cogle Leask er født og oppvakse på gard i Weisdale vest på Shetland. Kjærleiken til Jon brakte ho til Kalvåg. Fisk og kjærleik Anna traff sin mann Jon Leknesund på Shetland i 1960. Ho hadde flytta til Lerwick, og jobba på eit fiskemottak der Jon var og leverte fisk med ringnotbåten Porsholm frå Kalvåg. Det var mange fabrikkar på Shetland i den tida, og mange norske båtar leverte fangstar der. Ho hadde eit søsken barn, Jessie, som traff Ståle Gulestøl, ein anna Kalvågar. Ho flytte og til Kalvåg. Ei tredje Shetlandsdame, Margaret, kom seinare og gifte seg med Kristoffer Liset. Både fisk og kjærleik førte desse tre damene til Kalvåg. I 1962 kom Anna på 1 månads tur til Kalvåg i lag med mora for å sjå korleis her var. I 1963 kom ho over for godt. 7. juni ankom ho i eit ruskeveir med båten Tingavåg, ho minnast at ho var sjøsjuk heile vegen. 20 KALVÅG KYSTkulturstemne 3. 5. august 2012 KALVÅG KYSTkulturstemne 3. 5. august 2012 21

Anna som barn. Yrkesfiskaren I Kalvåg dreiv ho fiske med Jon i tre år. Spesielt hummerfisket minnast ho. Ein kunne ikkje seie kor mykje ein fekk eller røpe fiskeplassane. Det var mykje hemmelegheiter rundt fisket i den tida. Men det var godt med hummer i havet. Ein dag minnast ho at dei fekk 90 hummerar. Elles dreiv dei også anna fiskeri. Det var uvanleg med damer på fiske i den tida, ho var den einaste. Ho hugsar gode dagar med mykje frisk luft og spanande turar. Dei var heilt ut med Ysteskjeret, Gåsøyna og Minnet. Men ho minnast og ein dag dei kom inn på Lisetvikja i orkan. Då trudde ho sin siste time var komt, alle andre var fere til lands, og båten la seg over, men det gjekk heldigvis bra. Faren til Jon sa -det er greitt at du har fått deg kvinnfolk Jon, men du treng no ikkje ta livet av ho. Fisken vart levert til Brødrene Larsen. I dei tidene var det mange småfiskarar som dreiv på same måten. Ho mintes ein kar som kommenterte til Jon om at det er ikkje alle som kan ta med seg kona og få ekstra kvote. Jon berre svarte at du får no berre ta med deg kjerringa ut på fiske du og. Det var gode pengar for fiskeriet då, og spesielt dei som var to. Weisdale, heimstaden til Anna. Anna og Jon på hummerfiske. Familieliv I byrjinga budde Anna og Jon ilag utan å være gift. - Det var jo grusomt på den tida, seier Anna. Det gjekk historier på bygda om at presten hadde vore med Jon og spurt om ikkje dei skulle ta og gifte seg snart. Sanninga var at presten hadde vore der og spurt om Jon kunne ordne noko i bedehuset for han. Men gifte vart dei til slutt. 17 juli 1965 sto Anna kvit brud i Frøya kyrkje, same dagen som kyrkja feira sine fyrste 100 år. 80 personar var inviterte og dei feira festen heime i huset sitt. Etter at dei vart foreldre til Andrew i 1967 vart det slutt på fiskeriet, men ho var ned på bua og hjelpte til og greidde garn. Andrew var med i vogn og leika seg på bua. Anna har og ein fortid på Hovden, rundt 1974. Men det var berre ein kort periode, ho likte ikkje å jobbe der. Elles jobba Anna mykje på butikk, ho har vaska kontoret til både doktor, prest, post og på sjukeheimen. Anna liker å jobbe, og å hjelpe folk. Det har ho tent på. Blått blod Anna fortel vidare om ei segn som går att i slekta deira. Bestefaren til Anna heiter Grey og budde på Foula, verdas ende. Han hadde ei stammor, Lady Jane Grey som på 1300 talet sat 1 dag på trona før ho vart halshogd. Dama hadde plassert 2 millionar i banken, og berre ho kunne få dei ut. Dei har spøkt om å klare å bevise sporet tilbake i slekta, då kunne ein ha blitt rik. Men det blir vanskeleg. Språk og kultur Besta til Anna har inspirert ho mykje. Ho trøysta ho når ho reiste over til Kalvåg med at Nordmenn var lik folket på Shetland. Dei snakka og likt. Men Jon snakka lite engelsk. Så det var litt fram og tilbake i starten. Men Johannes, svigerfaren, hadde vore i Amerika. Han snakka godt engelsk med amerikansk sleng og lærte Anna Anna Leknesund og Gerda Frøyen steiker vafler for kystlaget. Anna på fiskemottaket i Lerwick, Anna nr 2 f.v. norsk. Dei hadde ein regel om at etter klokka 20 på kvelden så kunne dei snakka engelsk. Før det var det berre norsk. Svigermor lærte ho å seie - Påskebolla med sylte på! Då var ho stolt over å kunne seie ei heil setning. Elles har ho opplevd forskjellig i Kalvåg, men ho har hatt god kontakt med folk i bygda. Mannen Jon var snill, dei var ikkje alltid einige, men det gjekk seg til. Ho fortel og om tradisjonar som var uforståelege. Om Jon som gjekk søndagstur med Anna og sa dei skulle ha noko godt til middag. Og ho gleda seg slik, og fekk servert skjelte! - Det såg heilt forferdeleg ut, seier Anna, men Jon reinska skjelta til ho, og etterpå synes ho at det var noko av det beste ho hadde smakt. Lengsel og glede Anna lengtar stundom tilbake til Shetland. Spesielt fyrste året ho var her, då var lyset vekke i 14 dagar med jula. Då ville ho berre heim. Elles hadde dei tre shetlandsdamene Anna, Jessie og Margaret treff ilag. Dei gjekk til kvarandre kvar tysdag. Men Jessie døde tidleg, berre 38 år gamal, Margaret når ho var rundt 50. Då vart det tomt. Jon døde i 2007, ho fann han ein dag i stova. Katten, som hadde vore inne når det skjedde, for ut døra når ho fann han, og var ikkje inne på 14 dagar. Men ho har hatt det godt på Kalvåg. 2 barnebarn har ho fått. Charlotte vann fyrste premie for beste solist under Sogn og Fjordane meisterskap for korps i mars 2012. Heimen vitnar om ei mor og bestemor som er stolt av familien sin. Og ho har levd som bestemora si sa, det er ingen som dør av hardt arbeid. Arbeid er den beste medisin. Tekst og foto: Leni Lisæter Eldre bilde utlånt av Anna Leknessund 22 KALVÅG KYSTkulturstemne 3. 5. august 2012 KALVÅG KYSTkulturstemne 3. 5. august 2012 23

Gjennom saum og bilete formidlar Reidun historia til kystkvinnnene Rederiet Vestfart støttar kulturen i Bremanger! Reidun Øvrebotten er fødd og oppvaksen i Bremanger kommune. Etter mange år på austlandet har ho no flytta tilbake til heimlege trakter. 24 KALVÅG KYSTkulturstemne 3. 5. august 2012 KALVÅG KYSTkulturstemne 3. 5. august 2012 25

Kjolen til Brite. Fødsel og markens grøde. Kjolane til Aletta og Brite. Ho kjøpte seg eit hus på Eikeset, som ho har pussa opp og innreia etter alle kunstens reglar. Ho jobbar til dagleg som lærar i kulturskulen i 60 % stilling. Ho underviser i estetiske fag og held på med ulike faglege aktivitetar på si. Det er ei bra løysing for ho som har so mange prosjekt ho har lyst å halde på med. «Minne om Maria» I 2011 hadde Reidun ei utstilling hjå DS Foto i Bremanger, der temaet var kystkvinner. Ho kalla utstillinga «Minne om Maria» - ei hyllest til kystkvinna. Gjennom utstilling av 10 ulike «visittportrett», kjolar og foto, formidlar ho Etter 24 år i Elverum og mange år med estetiske fag på Elverum videregåande skule, flytta Reidun Øvrebotten tilbake til Bremanger i 2009. historia til 10 kvinner med røtter i Bremanger samfunnet. Ho opplevde kjemperespons på utstillinga, både frå lokalbefolkninga og tilreisande. Utstillinga blei også vist i «Norge rundt». Reidun er opptatt av alle dei spennande kulturminnene vi har i denne kommunen. Dei må fram i dagen! Ein viktig del av dette er historiene om kvinnene sine kår, - det er kvinnene som på mange måtar har bore kystkulturen. Dette er historier som i liten grad er skrive ned. Det er menn sine bravader som går att i historien. Kvinnene sine historier er kvardagshistorier. Staskjolar: Ungjenter frå Bremanger i sin finaste stas. Kvinneliv formidla i saum og tekst Kvinnas rolle og plass i kystkulturen har ho prøvd å formidle i utstillinga. Saumen og det tekstile uttrykket er reiskapen. Ho har også lage eit hefte om desse kvinnene. Ho har reist rundt og intervjua familiar, og snappa opp historier om sterke kvinner. Ho har lest i bygdeboka, og har ønska å levandegjere historiene bak dei tørre tala. Der er mange tragediar, men og historier om sterke kvinner som ikkje har gjeve opp, men stått på og kjempa for familien sin. Sterke kvinner - Sterke historier Ei av ei sterke kvinnene er Ragna. Hennar første barn vart berre to år gamal. Hennar kjole er knytt til dåp. Ho bar sitt tredje born til dåpen etter å ha mista mann og svigerfar på sjøen rett før. Perlene er symbolet på alle tårene ho gret for alle dei ho miste. Borna sine navn er sydd i kjolen. Ei anna kvinne er Brite. Saumen på hennar kjole symboliserer fødsel, liv og vekst. Ho var jordmor og fekk 13 barn. Ho vart gift i Botnane og markens grøde og fruktbarhet var viktig. Sjølve kjolen er sydd etter ein gamal kjole Amanda Igland åtte. Aletta sin kjole er historier om fisk, sjø, garn og kjærleik. Ho miste mannen på havet og to søner same året. Ho vart sitjande att med eineansvaret for tre jenter. Aletta Visittportrett av Aletta. var seig og uthaldande og bestemte seg for å ro på fiske, noko som på den tida berre var eit karaarbeid. Jentene tok ansvar og vart med på gardsdrifta. Ser ein på kjolen er det mange fiskar, og tre hjarteknappar, eit for kvar av dei ho miste. Utstillinga til Reidun viser alle dei ti kvinneportretta, kjolane, historiene og bileta, og du kan sjå dei på Bedehuset i Kalvåg under kystkulturstemnet. 26 KALVÅG KYSTkulturstemne 3. 5. august 2012 KALVÅG KYSTkulturstemne 3. 5. august 2012 27

Damer med hjarte for fisk! Frå venstre ser vi Lillian Smedvik med Tea og Tim. Deretter Wenche Johannessen med Aurora og Ole Kristian. Fiskemottaket Brødrene Larsen i bakgrunnen. KNOWLEDGE MAKES THE DIFFERENCE 28 KALVÅG KYSTkulturstemne 3. 5. august 2012 Framleis er det mange kvinner som jobbar innan fiskerinæringa i Kalvåg. To av dei er Wenche Johannessen og Lillian Smedvik. Lillian jobbar med Brødr. Larsen i Kalvåg, Wenche jobbar som inspektør hos Fiskeridirektoratet i Måløy. Begge har bakgrunn frå sommarjobbar ved Domstein(NP Kalvåg) og har reist ute på linebåtar. Begge har og etablert seg med hus, mann og barn på Kalvåg. Lillian Lillian fekk tvillingane Tim og Tea i fjor og har nett starta å jobbe att etter permisjonen. Ho har jobba ved Larsen i snart 4 år, men er eigentleg utdanna institusjonskokk. På spørsmål om kvifor ho jobbar med fisk svarar ho at det er greitt, ein enkel ting å lære. Ho har ikkje brukt utdanninga så mykje, men kanskje ho får meir bruk for det når dei skal byrja å jobbe med fiskemat på Larsen. Ho trives godt. Ho har tidlegare jobba to år på Veststeinen, der ho og likte seg godt. Det gjekk greitt å være dame om bord, ein blir godt ivaretatt. Men ho følte at ho måtte gjere meir for å bevise at ho dugde. Men etter nokre turar jamna det seg ut. «Ein må gje litt ekstra for å bli godkjent» seier Lillian. Wenche Når Wenche var lita var ho mykje med faren sin på sjøen, og ho trur det var der ho fekk smaken på fiskarlivet og det som føl med. Ho har gått 2 årig skule, og tatt fagbrev innan fiske og fangst. Læretida blei tatt på Frøyanes og Frøyanes jr. Siste tida på sjøen var ho også med Veststeinen, ein arbeidsplass med godt miljø og ein blei godt ivaretatt. Spesielt kjekt var det når vi var to damer ombord, «Lillian var utan tvil eit råskinn å jobbe i lag med» - seier Wenche. Når det vart familieauke vart det ikkje så enkelt å kombinere fiskarlivet med familielivet, grunna lange turar vekke frå borna. Ho søkte seg difor jobb hos fiskeridirektoratet i Måløy, der ho har vore sida 2008. Der får ho god innsikt i næringa både på land og på sjøen. Ho synst forvaltninga av ressursane i havet er en viktig ting, i og med at dette er noko generasjonane i framtida og skal dra nytte av. Tekst og foto: Leni Lisæter KALVÅG KYSTkulturstemne 3. 5. august 2012 29

Alla på handel. Alla jobba som kokke hos Hovden. Ho traff mannen sin Johan Trollebø på sildearbeid på Island, gifte seg 22 år gamal og i 1929 flytta dei til Trollebø i Degnepollen, heimstaden til Johan. Også i Måløy jobba Alla med fisk der ho og mannen jobba ilag på sildoljen. Adelheiður frå Faskrusfirdi Adelheiður, vaks opp ved havet. Gerda Frøyen, hennar yngste dotter fortel om livet til mora. Alla som ho vart kalla, var født i 1907 og oppvakse på Faskrüdsfirdi på austkysten av Island. Ho var nummer 3 av 10 sysken. Krigsflyktningar Under krigen jobba Johan i garden. Etter Måløyraidet måtte Alla, Johan og fostersonen Erling rømme til Skottland, der dei måtte bu nokre år. Det var ikkje enkelt sidan ingen av dei eller dei andre norske kunne engelsk. Gerda fortel om ei historie som mora bar med seg frå opphaldet. På hotellet dei budde ilag med mange andre som hadde flykta frå krigen, var dei ei bestyrerinne som heitte miss Norman. Ei kvinne frå Nord-Norge var gravid og ein kveld sette fødselen i gang, miss Norman spurde om Alla kunne følge henne til sjukehuset i drosje. På sjukehuset vart dei møtt av ei sjukesøster som såg tilstanden og nervøsiteten og ville roe det heile litt og spurte om det er det første eller andre barnet? Is it your first or your second? kvinne frå Nord-Norge uttalte Ka farsken, no spør ho om eg har sækk me mæ, Alla forsto fort at det var nok ikkje det det gjaldt og sjukesøstra var fortvila over at ein ikkje fekk gjort seg forstått og prøvde å spørre om Alla var i famile do you relations?, kor på kvinna svarte: Nei no spør ho om eg eller du er religiøs og det e du vel ikkje, kor skal dette gå?. Men heldigvis kom mannen, og fødselen gjekk bra. Hendinga er heldigvis ganske internasjonal. Nytt liv i Kalvåg Alla fekk og sine to første born under denne tida i England, Erli og Martin. Det må ha vore 30 KALVÅG KYSTkulturstemne 3. 5. august 2012 ein spesiell oppleving å fø born i eit framand land, der ein ikkje kunne språket, og ein hadde ei uviss framtid i møte. Ville ein nokosinne kunne vende tilbake i til heimstaden? Men krigen tok slutt og familien som nå var blitt fem kunne vende tilbake til eit fritt Noreg. Gerda kom til verda i 1951 når dei var kome tilbake til Måløy. Då jobba Alla på Firda canning, men det vart nedgangstider i fiskeindustrien og Johan tok med seg familien og flytta til Kalvåg. Han sjølv jobba på verket i Svelgen og var pendlar. Også i Kalvåg vart det sesongarbeid i fiskeindustrien. I sildesesongen arbeidde Alla på sildebuene til Hovden, her var arbeidsdagen som regel 9-17. Arbeid dag og natt Det var ikkje berre fisk som var ein raud tråd i Alla`s liv. Omsorg tok også ein stor del. Dei tok til seg to gutar, Erling og Asbjørn. Erling var med til England, mens Asbjørn kom til dei når dei budde i Kalvåg. Eit utval av broderia hennar. Der jobba ho som nattevakt på gamleheimen i mange år. Mange netter har og gått med til sying og brodering av dukar. Det fins knapt ein heim i Kalvåg som ikkje har ein duk som er sydd av Alla. Gerda fortel at mora ikkje likte at nokon snakka stygt om andre. Ho hadde eit fast uttrykk. Det var vel noko godt i han og -. Gjensynsglede Alla var ikkje tilbake til Island før i 1970, 40 år etter at ho reiste derifrå. Då var dottera Gerda med. Gerda hadde tent si første store lønn med feriepengar og spanderte tur på mor si. Då ho etter ei lang reise med fly og bil kom på bussen snakka bussjåføren til henne på islandsk, han kjende henne att på slekta. Etter den dagen snakka Alla berre islandsk heile turen. Mange av søskena hennar budde framleis på staden, og Gerda fortel at det var ein oppleving både for ho og mora og være tilbake. Gerda Frøyen fortel at mora aldri uttrykte at ho sakna Island. Naturen i Noreg (på Kalvåg) var så likt på heimstaden hennar, og ho hadde lært seg ein leveregel. - Snu deg aldri tilbake, gjer du det blir du aldri ferdig -. Ein god overlevelsestrategi som mange kystkvinner har måtta lært seg til. Tekst: Leni Lisæter Foto teke og utlånt av Gerda Frøyen KALVÅG KYSTkulturstemne 3. 5. august 2012 31

Gjer kupp hos Kontorsenteret! KRAFTIG MASKIN TIL BRA PRIS! SUPER MINI-PC! Acer emachines EL1352 AMD Athlon X2 220 Dual Core Prosessor 4 GB Ram 1 TB Harddisk ATI Radeon HD5450 Skjermkort DVDBrenner Dual Integrert lydkort Kortleser PS2 HDMI DVI 6 X USB 2.0 10/100/1000 LAN (nettv.kort) Acer tastatur & mus Windows 7 Home Premium 4990,- Asus EEE 1001PX Intel Atom N450-1,66ghz prosessor 1 Gb ram 250 Gb harddisk 10,1" Led antirefleks WSVGA skjerm Intel Gma 3150 Kortleser Webcam 2 X Usb 2.0 VGA Inntil 4,5 t batteritid Trådløst Nett + 10/100 Lan Windows 7 Starter 1995,- inkl mva. KUPP! Avgrensa tal www.bbservicesystem.no inkl. mva. MYKJE MASKIN FOR PENGANE! Acer emachines E728 Intel Core 2 Duo T4500 Prosessor 15,6" HD LED CB Skjerm 2 GB DDR3 Ram 250 GB Harddisk HDMI 1.3MP Webcam Intel GMA 4500MHD Skjermkort DVD-Brenner Dual, 3 X USB 2.0, VGA Trådløst nett (n) + 10/100/1000 LAN Windows 7 Home Premium FOR DEG SOM VIL HA DET BESTE! Acer Aspire M5910 Intel Core i7-870 prosessor 8 GB DDR3 Ram 1 TB Harddisk ATI Radeon HD5850-1GB skjermkort DVD-Brenner Dual 12-USB portar, Kortleser, 2 x DVI, HDMI, Displaykort 10/100/1000 LAN Acer USB tastatur og mus Windows 7 Home premium 7990,- 3990,inkl. mva. inkl. mva. LITEN OG LETT! Asus U31F Intel Dual Core P6100 Prosessor 13,3" HD LED Skjerm 3 GB DDR3 Ram 320 GB Harddisk Intel HD Graphics Skjermkort Kortleser, 3 X USB 2.0, HDMI Webcam Trådløst nett (n) + 10/100/1000 LAN Windows 7 Home Premium MULTIMASKIN! 4990,- HP Deskjet 2050 All-in-One Multimaskin Skrivar Scanner Kopimaskin. 695,inkl. mva. inkl. mva. TOPP MASKIN TIL DET MESTE! Acer Aspire 5742 ZG Intel Dual Core P6100 prosessor 4 Gb DDR3 RAM 500 GB harddisk 15,6 HD CB LED skjerm ATI M Radeon HD 5470 skjermkort DVD brennar Dual Kortlesar, HDMI, 1,3 Mp webkamera, 3x USB 2,0, num. tastatur Trådlaust nett.(n) + 10/100/1000 nett Windows 7 Home Premium Sommarferie? Påskeferie? 4995,- Vi har stort utval av safe/verdiskap 46 FULL HD LED-TV NY MODELL AV TESTVINNER! Philips 46" LED-TV 46PFL5605H (100 Hz) Full-HD (1080p) oppløsning 3 X HDMI USB 2.0 VGA 1xScart Komponent Kompositt S-vhs. Innebygd Riks-TV Tuner Strømforbruk: 109 watt v/drift Svivel-stativ Størrelse (BxDxH): 112 x 8,7 x 73,1 cm Vekt: 21,3 kg. Acer Aspire 5742G Intel Core i5-480m Prosessor 15,6" HD CB LED Skjerm 4 GB DDR3 RAM 750 GB Harddisk Nvidia Geforce GT 540M - 1GB Skjermkort DVD-Brenner Dual Kortleser HDMI Webcam 3 X USB 2.0 Trådløst nett (n) Bluetooth 3.0 + 10/100/1000 LAN Windows 7 Home Premium. 7990,- KANONPRIS inkl. mva. 55 LED-TV! 12990,inkl. mva. KRAFTPAKKE TIL KANONPRIS! 5995,- inkl. mva. Samsung 55 LED-TV UE55C6005 Full HD 100 Hz 4x HDMI WiFi Ready DLNA DVB-T/C USB 2,0 Movie inkl. mva. KÅRA TIL ÅRETS BILDEPRODUKT BERRE 3 CM TJUKK! STOR SKJERM OG KRAFTIG YTELSE! Acer Aspire 7741G. Intel Core i5-460m 17,3" HD CB LED SKJERM (1600 X 900) 4 GB DDR3 Ram 500 GB Harddisk ATI M Radeon HD5650 1GB Skjermkort DVD-Brenner Dual 3 X USB 2.0. 10/100/1000 Nettv.kort, trådløst nett (N) LAN 1.3Mp Webkamera HDMI Kortleser VGA Windows 7 Home Premium. 6990,- inkl. mva. Fokusgården 6800 Førde Tlf. 57 82 67 00 post@kontorsenteret.com Din profesjonelle renholdsleverandør Daglig renhold Nedvask Industrirenhold Kantinetjenester Gulvpleie Vinduspuss Vaktmestertjenester Renhold i privathus Matteservice www.kontorsenteret.com Fokusgården 6800 Førde Tlf. 57 82 67 00 post@kontorsenteret.com www.kontorsenteret.com 32 KALVÅG KYSTkulturstemne 3. 5. august 2012 KALVÅG KYSTkulturstemne 3. 5. august 2012 33

Vi leverer isen på KystKultur stemnet i KalVåg! Oversiktskart som viser plassering av varder rundt Frøya. Tekst og foto: Egil Totland Varder rundt Frøya 34 KALVÅG KYSTkulturstemne 3. 5. august 2012 KALVÅG KYSTkulturstemne 3. 5. august 2012 35

Varden på Maltsekken Restane av varden på Maltsekken ved Ånnevika, denne vart satt opp i 1878. Sjå utklipp frå grunnavståelsen som vart signert 16. juli 1878. Ved inngangen til 1879 vises denne varden også i merkelistene til Kystverket. Varden på Leiaskjeret Varden på Leiaskjeret er ikkje registrert i merkelistene til Kystverket før i 1885, og er trulig bygd i tidsrommet 1882-1884 i følge Kystverket. Eg finner ikkje noko grunnavtale for denne varden, men bygging av seilmærke på Leiaskjeret var oppe som sak i Bremanger kommunestyre i 1873. Varden vises også i sjøkart frå 1874, så kan den vere bygd i 1873-1874? Utklipp av grunnavståelse. Vêr og vind har opp gjennom åra øydelagt varden, den er i dag erstatta av ein jernbåke. 36 KALVÅG KYSTkulturstemne 3. 5. august 2012 KALVÅG KYSTkulturstemne 3. 5. august 2012 37

Varden på Langeskjeret Varden på Langeskjeret er registrert i merkelistene til Kystverket i 1878 (den eldste dei har). I merkelista for dette året står det at ein varde med kvit farge mot S og Ø, og med svart farge mot N og V, er oppført på dette stedet. Kystverket har ingen opplysningar om hvilket år varden vart oppført. Den synes imidlertid å være relativt uforandra frå 1878 og fram til i dag. Varden vises i sjøkart frå 1874. Varden på Rotaskjeret I merkelista til Kystverket for 1878 står det at ein kvit båke, med namnet Smørhavn østlige indløp, er oppført på dette stedet. Trulig vart båken oppført midt på 1870-tallet, dette da bygging av seilmærke på Smørhavns østre side var oppe som sak i Bremanger kommunestyre i 1873. I 1882-lista er den samme båken blitt svart, hvilket den fremdeles er i 1892-lista. På et seinare tidspunkt er den imidlertid blitt erstattet av ein svart varde (med kvitt belte), og navnet på sjømerket er blitt endra til Rotaskjeret. 38 KALVÅG KYSTkulturstemne 3. 5. august 2012 KALVÅG KYSTkulturstemne 3. 5. august 2012 39