Kulturbeite Ål i Hallingdal



Like dokumenter
Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Til deg som bur i fosterheim år

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Brukarrettleiing E-post lesar

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Opplev fjordane og norsk natur på sitt beste. Spesialpris overnatting. Organisering av transport

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Tilbod frå Lom bygdamuseum 2014

Månadsbrev for Rosa september 2014

Kulturbygda i Hallingdal

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Notat om historie og kulturlandskap

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Minnebok. Minnebok NYNORSK

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Kulturbygda i Hallingdal

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Den kulturelle skulesekken i. Ål kommune. Handlingsplan Den kulturelle skulesekken i Ål kommune Handlingsplan

Vår ref. 2013/ Særutskrift - BS - 93/2 - fasadeendring og bruksendring av løe - Seimsfoss - Gøril Guddal

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

Forslag frå fylkesrådmannen

Kulturhistoriske registreringar

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Teknikk og konsentrasjon viktigast

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

6. trinn. Veke 24 Navn:

Årsrapport. Bygdeutviklingsprosjektet i Instedalen. Årsrapport bygdeutvikling 2012

Kan ein del. Kan mykje Du skriv ei god forteljing som du les opp med innleving.

Utlånt: Hans Johan Rishaug, Bud.

Saksgang Møtedato Saksnr Kultur- og oppvekstutvalet /12 Bystyret /12

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Kunstverkstaden Guddalshuset. Rosendal. Hulda Bohlin - maling. Karin Bøe tekstil

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Brukarrettleiing. epolitiker

8. Museum og samlingar

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

/

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Lotteri- og stiftingstilsynet

Juvet Landskapshotell

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

Hei alle sjøstjerneforeldre

Sandeid skule SFO Årsplan

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Frå novelle til teikneserie

Bunadar og stakkar 7å Hallingdal

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Månadsbrev for Hareid Rotaryklubb januar 2016 Referent Øystein Alme

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya?

APOSTELGJERNINGANE Av Linn og Jonas

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

Månedsbrev april 2015

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

AVSNITTSGUIDE OPPLYSAR. Bok i bruk. Du skal beskriva det avsnittet i historia som skaper eit bilete inni hovudet ditt.

Kva er økologisk matproduksjon?

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Handlingsplan

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Bustadområde i sentrum. Vurdering

MATEMATIKKVERKSTAD Mona Røsseland. GLASSMALERI (bokmål) Utstyr: Rammer (A3) i farga papp, pappremser, silkepapir, saks og lim

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Opplegg for ei samling i kyrkjerommet, gjerne før utdeling av Skatten i Liljedal av Runar Bang

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Brødsbrytelsen - Nattverden

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Stilling ledig med bilde, full utlysingstekst og Førde-tekst. Ønskjer du toppleiarstilling i Førde Kommune?

Informasjon til pasientar og pårørande

Referat frå MINTA møte

Transkript:

Kulturbeite Ål i Hallingdal

Me er stolte av å presentere ei samla oversikt over mangfaldet av kulturskattar i Ål. Kulturhistoria til bygda vår er levande og mangfaldig, nett som ei kultureng. No inviterer me deg ut på eit kortreist kulturbeite. Du kan velje det du likar og kjenner frå før, eller du kan våga deg på å oppsøke nye stader. Gjennom heile året er det høve til å vera med på ei kulturvandring med kunnskapsrike, lokale kjentfolk. Viss du ynskjer å ta del i kulturvandring i Ål sentrum (Sundre), kontakt Ål Turistinformasjon. Ynskjer du å vite meir om dei ulike kulturskattane, informasjon om prisar, opningstider og omvisning sjå www.al.no. Kulturminnelova slår fast at alle spor etter menneskeleg verksemd i våre fysiske miljø er å rekne som eit kulturminne. Kulturminner vert levande når me kjenner forteljingane, historia og minna knytt til den konkrete tingen. Riktig gode opplevingar ynskjer me dykk! Helsing Ål kommune og Ål Utvikling AS Juli 2014

Attraksjonar Torpo stavkyrkje Torpo stavkyrkje (1192) er den eldste bygningen i Hallingdal. Ein gong i tida fantes det sju stavkyrkjer i dalen; dette er den aller første og den einaste originale. Kyrkja er vigd til St. Margareta og historia om lagnaden hennar prydar baldakinen. Desse måleria er noko av den mest verdifulle kunsten me har frå mellom alderen i Noreg. Koret vart rivi i 1880, då kjøpte Fortidsminne foreninga resten av kyrkja for kr. 280,-. Legg òg merke til den gamle kyrkjestugu. Torpovegen 517, tlf. 57 67 88 40, www.stavechurch.com/torpo

Ål kyrkje Midt i sentrum blant bjørk og rogn ragar Ål kyrkje (1880). Her kan du oppleve unike kunstverk som går heilt attende til åra rundt 1160, då Ål stavkyrkje vart bygd. Legg spesielt merke til kortaket med sine fantastiske måleri inspirert av bibelhistoria. Dette er ein kopi av taket i stavkyrkja frå om lag år 1250. Den rikt utsmykka preikestolen (1703) og den staselege altertavla (1702) er begge opphavleg frå stavkyrkja. Viss du har høve, få med deg folkemusikkguds teneste i Ål kyrkje. Sundrevegen 66, tlf. 32 08 61 61, www.aal.kyrkja.no

Ål Stavkyrkjemuseum Ål stavkyrkje vart bygd sist på 1100-talet og vart riven i 1880. Den var rikt dekorert, og museet har bevarte plankar som syner fleire typar dekor. Perla i museet er ein kopi av den vidgjetne vestpor talen. I museet finn du òg ei rekke originale utskjeringar og mykje historisk informasjon. Like ved Stavkyrkjemuseet kan ein sjå stavkyrkjetufta og Ål kyrkje. Gartnarvegen 5, Prestegardslåven, tlf. 32 08 10 60, www.al.no

Ål Bygdamuseum Det er spanande å tenkje på at Ål Bygdamuseum har sprunge fram rundt eit tun frå 1600-talet. Her får du innblikk i gamalt gardsliv; med hallingstugu og loft, husmannsplass og støl. Det gir ei eiga ro å vandre mellom dei brunbarka tømmerhusa og reflektere rundt vår nære historie. I alt står det 30 unike bygningar på museet. Settungsgards tugu (1607) og Holtoloftet (1673) overraskar med innvendig rosemåling. Her finn du òg den gamle Tingstugu for Ål og Hol (1671 1738). Øvre-Ålsvegen 43, Leksvol, tlf. 32 07 14 85, www.hallingdal-museum.no

Ål kulturhus Ål kulturhus Ål kulturhus vart opna i 1992 og er eit regionalt kulturhus for heile Hallingdal. I tillegg til galleri og museum har huset amfisalar for kino, konsertar, teater, dans, seminar og konferansar. Ål bibliotek, Ål kulturskule og Ål turistinformasjon har òg tilhald i kulturhuset. Myren 40, Sundre, tlf. 32 08 51 00, www.aal.kulturhus.no

Hallingrosa Opplev rosemålarkunst i verdsklasse, med særleg vekt på hallingrosa. Utstillinga tek utgangspunkt i den kunsthistoriske utviklinga frå slutten av 1700-talet og fram til nyare rosemåling. Hallingdal har fostra fleire store rosemålarar og utstillinga inneheld mellom anna gjenstandar av Herbrand Sata, Nils Bæra og Embrik Bæra. Alle med røter i Ål. Galleri Syningen Galleri Syningen viser om lag 10 ulike utstillingar årleg. Her kan du sjå arbeid av både amatørar og profesjonelle kunstnarar. Opplev kunstformer som grafikk, måleri, smykke, foto, skulptur og tekstilkunst.

Nesch-portalen Den dekorative portalen på nedsida av Ål kulturhus er laga av biletkunstnar Guttorm Guttormsgård. Han stod bak utsmykkinga av fasaden til Oslo Spektrum. Dekoren på teglsteinsfasaden vart til ved at metallformer frå Rolf Nesch vart prega inn i teglsteinane. Steinane i Nesch-portalen er «restar» etter bygginga av Oslo Spektrum.

Nesch-museet Kunstmuseet i kulturhuset opna i 1993 og er besøkt av kunstinteresserte frå store delar av Europa. Den tyskfødde grafikaren Rolf Nesch (1893 1975) budde 25 år i Ål. Nesch-museet er med sine 78 arbeid verdas største permanente, offentlege utstilling av Nesch sin kunst. Her kan du sjå både teikningar, grafikk, skulpturar og materialbilete. Rolf Nesch blir rekna som ein av Europas fremste og mest banebrytande grafikarar, med eit særprega kunstnarleg uttrykk.

Skilta kulturminner Dette utvalet av kulturminner fortel delar av Ål si historie. Kulturminna er unike kjelder til kunnskap om byggetradi sjonar og levesett. Utvalet av kultur minner synleg gjer ein sterk landbrukstradisjon i Ål, og syner oss korleis folk har levd. Meir informasjon finn du ved kvart kulturminne og på www.al.no

Ål stavkyrkjetuft Her kan du sjå tufta og dei gamle murane der Ål stavkyrkje sto, før den vart rivi i 1880. Ho vart bygd rundt år 1170. Med sine 18 stolpar var det den største kyrkja i Hallingdal og vart utvida og bygd om fleire gonger. Ho vart rekna som ein av dei mest interes sante mellomalderbygningane i Noreg. Sjå òg Ål stavkyrkjemuseum og Ål kyrkje. Ved stavkyrkje tufta finn du informasjons tavle og ein minnesbauta over falne i krig. Sundrevegen 48, tlf. 32 08 10 60, www.al.no

Trettestølane & Nystølane Desse stølane lengst inn på Liagardsåsen har alltid høyrt saman som eit stølslag. Ein reknar med at dei fyrste stølane vart bygd på 1500-talet. Rundt 1900 var det om lag 18 stølar i drift der, og i 2010 hadde framleis 12 stølar aktiv drift. Hamneskjønnet frå 1924 fortel at 302 storfe kunne beite i stølsameiga (17 km 2 ), i tillegg til ein hest frå kvar gard. Nystølkyrkja (1896) høyrer til stølslaget. Liagardsåsen, tlf. 32 08 10 60, www.al.no Stampehølen Stampehølen har namnet sitt etter vadmålsstampa i Votndalen. Stampa vart bygd mellom 1860 1880 av «Stamparen» Ole Larsson Holestøl. Bygdefolket fekk då ein stad dei kunne gjere ulltøyet om til vadmål, men også ein stad der dei kunne vaske klede og slipe ljåen sin. Sjølve stampa var i drift fram til tidlig på 1900-talet. Her kan du no sjå stampa, stampehuset, renner og vasshjul. Nordbygdvegen 453, Votndalen, tlf. 32 08 10 60, www.al.no

Bogastelle & fang stgrop Fangstgropa i Baklien vart brukt frå jernalderen og inn i mellomalderen til å fange storvilt. Gropa har ein kassefunksjon i botnen slik at dyret ikkje kunne komme seg opp att. Bogastellet er ein halvsirkelforma mur av stein med hol i. Der sto veidaren med pil og boge og jakta, samtidig som han var gøymd. Bogastellet ligg ca. 40 meter bakanfor fangstgropa. Baklivegen ved Gullhagen, tlf. 32 08 10 60, www.al.no Bruruinane ved Lya Ruinane etter Lyabrua finn du på Torpo. Den vart sett opp på 1820-talet og knytte seg til den fyrste kjerrevegen i Hallingdal. Lyabrua hadde tre spenn og store elveforbyggingar, og var i dåtida eit storverk. Mot storflaumen i 1860 måtte brua likevel gje tapt. I dag er det restane etter brukara og elveforbyggingane som står att. Torpovegen, tlf. 32 08 10 60, www.al.no

Andre kulturvekster Leveld Kunstnartun & Bjørneboloftet Kunstnartunet er ein arbeidsplass for utøvande og spirande kunstnarar. Dei tilbyr òg stipendopphald. Kunstnar tunet byggjer på Leveld si kulturhistorie. Frå 1930 og utover kom eit tjuetals kunstnarar til bygda for å arbeide, og dei vart ein del av bygdemiljøet. Forfattar og biletkunstnar Jens Bjørneboe kjøpte eit loft på 50-talet som han brukte til ferie- og arbeidsstad. Loftet måtte flyttast og er no ein del av kunstnartunet. Bjørneboe loftet er eit kultursmykke, ein skrivestad og eit tankeloft. Nordbygdvegen 1025, Leveld, tlf. 915 51 435, www.kunstnartun.no

Ål52 - vandreturar med historie I Ål finn du meir enn 50 tilrettelagte vandreturar og på mange av desse finn du eit kulturminne langs stigen. Sjå turskildringar på www.aal52.no. Dei fortel mellom anna kva du kan sjå og skildrar spennande historier frå gamal tid på den enkelte tur. Turane finn du i alle delar av Ål, og du kan velje mellom alt frå krevjande topp turar med panoramautsikt til korte barnevennlege turar. Ål turistinformasjon, tlf. 32 08 10 60, www.aal52.no Sundre torg 11. mars 1931 braut det ut brann i den gamle Tingstugu (1764). I alt brann seks store bygg slik at heile kjerna av Sundre (Ål sentrum) vart lagt i oske. Etter gjenreisinga talte ein i 1940 om lag 40 forretningar på Sundre. Seks av husa på Sundre i dag har særskild kulturhistorisk verdi; sjå blå emaljeskilt på Tingstugu, Aal Pensjonat B&B, Skeiestugu, Fjellheimhuset og Ål stasjon (stasjonsbygninga og lokstallen). For meir informasjon sjå Ål Bygdesoge 11.

Sangefjell naturkatedral Den einaste friluftskyrkja i Tunsberg bispedøme (vigsla 2000). Her er himmelen taket og horisonten altertavla, og i murane rundt katedralen er det seks små kapellgrotter der ein kan tenne takke- og bønnelys. Naturkatedralen (1.000 moh) er både ein stad for stille og meditasjon, friluftsgudstenester og eit fint turmål. Sangefjellvegen 103, Ål, tlf. 32 08 61 61, www.naturkatedralen.no Ål bygdearkiv Er du nysgjerrig på slekta di eller området der du har hus eller hytte? Bygdearkivet tek vare på Ål si historie. Her finn du m.a. amerikabrev, lagsbøker, flyfoto, biletsamlingar, gamle faner, lydbandopptak frå lokal sang- og musikktradisjon, informasjon om lokal bunads- og teksiltradisjon og gamle Hallingdølar. Besøk dei i kjellaren på Tingstugu, eller sjå alt av tekst og bilete som er digitalisert og lagt ut på nettsida. Torget 1, tlf. 32 08 50 91, www.aalbygdearkiv.no

Kulturkart Attraksjonar 1. Torpo stavkyrkje 2. Ål kyrkje 3. Ål Stavkyrkjemuseum 4. Ål Bygdamuseum Ål kulturhus 5. Hallingrosa 6. Galleri Syningen 7. Nesch-portalen 8. Nesch-museet 4 Øvre-Ål Skilta kulturminner 9. Ål stavkyrkjetuft 10. Trettestølane & Nystølane 11. Stampehølen 12. Bogastelle & fangstgrop 13. Bruruinane ved Lya Andre kulturvekster 14. Leveld Kunstnartun & Bjørneboloftet 15. Ål 52 vandreturar med historie/ål Turistinfo. 16. Sundre torg 17. Sangefjell naturkatedral 18. Ål bygdearkiv 17 Sundrevegen Til Bergen Rv7 9 3

ÅL SENTRUM 16 18 6 5 8 7 15 2 Stasjonsvegen Helsetunvegen Myren Rv7 Sundrevegen Til Leveld, Torpo og Oslo 1 10 14 11 13 12 Ål stasjon ca 100 m

www.kreator.no 6 14 Foto: Ole J. Brye, Ål Utvikling AS, Nesch «Sjefens frue»: Ål kulturhus, Randi K. Stein, Bård Svardal, Jan Petrus Hagberg, Linda Vatne. www.aal.kommune.no Tlf 32 08 50 00 Å kjenne kulturarven sin er å kjenne seg sjølv www.al.no Tlf 32 08 10 60