Handlingsplan 2013 2016. AVDELING 31 Gol barnehage ANSVAR: 3130-3138



Like dokumenter
Handlingsprogram og økonomiplan

Årsmelding GOL BARNEHAGE (Kultur og levekår)

Årsmelding GOL BARNEHAGE (Kultur og levekår)

Forfall meldast snarast på tlf eller til Varamedlemer møter berre etter nærare avtale. Saker til behandling

MØTEPROTOKOLL. Utval for kultur og levekår. Dato: kl. 8:30 - Kommunestyresalen Arkivsak: 12/00005

INNSPARINGSTILTAK. Framlegg frå avdelingane

Dato: Fredriksen/Økonomiavdelinga Fra: Ingebjørg By Teigen Referanse: 15/ Kopi:

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND

HANDLINGSPROGRAM

INVESTERINGER med standardheving. Framlegg frå formannskapet

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: Fra: Britt Vikane Referanse: 15/ Kopi:

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

Kvam herad. Arkiv: N-132 Objekt:

INNSPARINGSTILTAK Budsjett 2013 med konsekvensar for økonomiplan AVDELING 31 Gol barnehage

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2016

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2015

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VÅGÅ.

Styresak. Arild Fålun Nybygg aust - Bygg for Helse Førde, interkommunale funksjonar og tannhelsetenesta

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Miljøsertifisering av offentlige og private verksemder i Gol kommune Bruk av Miljøfyrtårn som sertifiseringsordning

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Kommunedelplan for oppvekst

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

BUDSJETTSKJEMA DRIFTSKONSEKVENSAR NYE INVESTERINGER SOM EFFEKTIVISERAR

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

Kvam herad. Arkiv: N-211 Objekt:

INVESTERINGER SOM EFFEKTIVISERER. Framlegg frå avdelingane

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 99/06 05/875 SØKNAD OM URVIDA KOMMUNAL GARANTI - SÆLEHAUGEN BARNEHAGE

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SØR-FRON KOMMUNE

BARNEHAGETILBODET 2015/2016

Barnehagebruksplan for Klepp kommune

Handlingsprogram

10/60-14/N-211//AMS

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Handlingsplan AVDELING 29 Gol ungdomsskule ANSVAR: 3114

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

Årsmelding 2012 løn og personalavdelinga

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Levekårskomite /10 Bystyret Arkiv: FA-A22, FA-

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Handlingsplan EKSTERN TENESTE Gol kyrkjelege fellesråd

Saksnr Innhald Arkivsaknr Godkjenning av protokoll

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

Saksframlegg. 1. Kommunestyret godkjenner den framlagde tertialrapporten.

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

Sandeid skule SFO Årsplan

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Lønnsundersøkinga for 2014

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Kort omtale og vurdering av dei innkomne søknadane

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan , vedteke i kommunestyremøte 16. desember 2014.

Årsmelding for barnehagar per 15. desember 2014

Det vil alltid vere ei balansegang mellom bruk av eigne pengar på bok og lån i bank.

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Klepp kommune ETAT FOR SKULE OG BARNEHAGE

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015, vedteke i kommunestyremøte 11.desember 2014.

AUSTRHEIM KOMMUNE KOMMUNALE BETALINGSSATSAR, AVGIFTER OG GEBYR REGULATIV FOR Satsane gjeld frå

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 18/08 08/60 KOMMUNAL GARANTI FOR LÅN - SØRE ØYANE NATURBARNEHAGE

Kva finanskostnader har ein i LTP ved ei investering på kr. 11,5 mill. (full strukturendring) ved bygging av klasserom på Rimbareid?

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Anne-Jorunn Bjørkum Leigvold Arkiv: A10 Arkivsaksnr.: 18/38-14

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

VESTNES KOMMUNE. Saksframlegg. Økonomiplan for Arkiv: 150 Arkivsaksnr.: 2012/2844 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato:

Osterøy kommune Reguleringsplan Bruvik sentrum, del aust REGULERINGSFØRESEGNER

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0013/03 03/00171 POLITISK KVARTER PERSONAL-OG LØNSUTVALET

Verksemdsplan 2014 for Vest-Telemark PP-teneste

Oversyn over økonomiplanperioden

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VIK KOMMUNE.

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret , sak K 12/185 Endringsvedtak i kommunestyret

Oversyn over økonomiplanperioden Arbeidsgrunnlag av med endringar av

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 16.desember 2014.

Oppsummering kvalitetsdialog 11 april

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Transkript:

Handlingsplan 2013 2016 AVDELING 31 Gol barnehage ANSVAR: 3130-3138 3130: Barnehageadm./fellesutg. 3132: Vesterhuset 3133: Breidokk 3134: Rotneim 3135: Åsgardane 3136: Øygardane 3137: Hallingmo barnehage 3138: Fagerlund barnehage

2.3.1 GOL BARNEHAGE Gol barnehage sine mål er nedfelte i kommuneplan og fellesplan for alle barnehagane, revidert 2009. INVESTERING Mål 2013-2016 Barnehageplassar og barnehagebygg Nok plassar slik at lokale behov for heiltids- og deltidsplassar for barn både over og under 3 år er dekka med gruppestorleikar som ikkje overstig nasjonale standardar Tilby faste tilfredsstillande bygg til alle barnehageplassar og helst der brukarane ønskjer dei Tilpasse bygningane i forhold til barna og personalet sine behov. Ruste opp og vedlikehalde bygningane og uteleikeplassane Tiltak 2013-2016 Hovudinvestering er bygging av ei ny avdeling i Vesterhuset som skal erstatte Fagerlund barnehage som har fått mellombels godkjenning for fjerde gong i 2012. Den nye barnehageavdelinga er planlagt til same tal på plassar som Fagerlund har i dag; ein og eintredjedelsavdeling. Omfanget er berekna til 12 barn under 3 år eller 24 plassar over 3 år. I praksis er det ynskeleg at det normale skal vere ein vanleg barnehageavdeling på 9 barn under 3 år eller 18 barn over 3 år. Det er likevel lurt å planelgge med utvida avdeling slik at barnegruppa kan bli auka i år med høge barnekull. På den måten slipper kommunen å gå på «leit» etter nye lokale for å fylle krav i lova når det er mange søkjarar. Med dette har Gol barnehage ei fleksibel løysing ved endra storleik på barnekulla. Dette vil også vere ein avdeling som kan bli auka frå januar, for kvart år til nå er det behov for nye plassar på denne tida. Den vil også kunne vere med på å rekruttere ny arbeidskraft og tilflytting til kommunen gjennom heile året. Barnehageplassar i sentrum Påbygging av ein ny avdeling som erstatning for avdeling Fagerlund for inntil 12 plassar under 3år eller 24 plassar over 3 år, utvida personalavdeling som er bygd for kun to avdelingar i 1986, uteleikeplass og parkering saman med renovering av den gamle delen i Vesterhuset jf. Sak 5 /12 i Kommunestyret 21.02.12 og sak 30/12 i Formannskapet 14.06.12. Det vil også vere behov for noko utvida leikeareal som kan skje ved at gjerdet blir flytta til grensa mot gbnr.14/397 slik at gjerdet og barnehagen sitt gjerde kan treffes i ein rett vinkel. Dette blir ein auke i leike areal på ca. 480 m2. I tillegg er det behov for meir parkeringsareal. Dette kan bli etablert på kommunen sitt område gbnr. 14/349. Nybygget må bli finansiert ved å nytte lån. Momskompensasjon på 25 % reduserar kostnadane. Investeringa medførar reduserte utgifter til drift, som vil dekke alle kapitalutgiftene til avdrag og renter på lån. Seinare behov for nye barnehagelokale bør sjåast i samanheng med ny barneskule, utnytting av heile bygget i Breidokk ved flytting av ungdomsklubben til nye lokale, og eventuell bruk av garden Kristenbråten. Gol barnehage - Handlingsplan 2013-2016 Side 1

Bygningane Vesterhuset treng totalrenovering inklusiv ventilasjon, brannvarsling og radonreduksjon. Bygget var 25 år i 2011. Rotneim fekk montert eit punktaggregat i det eine leikerommet i 2011, men andre rom har same behov. I tillegg er det behov for påbygg og ombygging for å tilfedstille behov for garderobe og toalett for barn og tilsette. Øygardane har i 2012 fått montert nytt ventilasjonsanlegg som har ført til god luft, men det er fortsatt problem med kloakken. I tillegg er det behov for takoverbygg på vognoppstilllingsplass og utbetring av rømningsveg. Åsgardane har behov for takoverbygg ved inngangen og utbetring av garderobe og toalettforhald for tilsette. Ein del arbeid som har stått på tiltaksplanane over fleire år, må bli utført, jf. vernerundane våren 2012 og mange tidlegare år. Det same gjeld krav etter årlege leikeplasskontrollar. Det er innskjerpa krav på radonverdi og leikeplassutstyr som medfører kostnadar i fleire barnehagar. 3132 -Vesterhuset 1. Utbygging og ombygging: byggje på ny avdeling med inntil 24 plassar og personalavdeling, påbygging, ombygging og oppussing av dei to gamle avdelingane i hovudetasjen, jf. tidlegare behov både innvendig og utvendig, utbetre brannvarsling og ventilasjon. Underetasjen blei utbetra sommaren 2011. 2. Utvendig: høgare gjerde rundt store delar av uteleikeplassen og nye installasjonar på leikeplassen, utskifting jf tilsyn i 2011 og 2012 og generell utbetring. Utvide uteleikeplassen mot aust og auke parkeringsareal ved utviding. Beising av hus og vindauge. 3133 - Breidokk 1. Berre mindre investeringar som er ført over på drift 3134 - Rotneim 1. Ventilasjonstiltak; punktaggregat bør bli installert i fleire rom, og solskjerming i andre etasje, jf rapport miljøretta helsevern 2009. 2. Påbygging av garderobe og toalett for dei eldste barna og for tilsette, bøttekott i hovudetasje, ombygging for å gje betre plass til smågrupper for barn med funksjonsvanskar, heilrenovering av kjøkken, måling av rom og skifting av varmtvassbehaldaren frå 1952. Ved å ta ei ordentleg påbygging og renovering av Rotneim vil dette vere eit bygg som kan fungere som barnehage i lang tid framover. 3. Utvendig: takoverbygg og rekkverk ved ny inngang for blant anna vognplassar, utbetre drenering mot nord (alt dette går inn i pkt. 2 viss dette tiltaket blir gjennomført), utbetring og sikring av uteleikeapparat (jf tilsyn 2011 og 2012), ny kurs til motorvarmar, utvendig måling. 3135 - Åsgardane 1. Innvendig: problem med tett kloakk må bli utbetra, betre varme i garderoben, akustikken i grendasalen må betrast. Manglar tilfredsstillande garderobe og toalett for tilsette 2. Utvendig: måling, takoverbygg ved ny inngangsdør og vognoppstilling, reparere og skifte ut leikeapparat (jf tilsyn 2011 og 2012), utvide parkeringsareal. 3136 - Øygardane 1. Solskjerming i andre høgda for å få full effekt av nytt ventilasjonsanlegg. 2. Innvendig: problem med tett kloakk må betrast, noko oppussing/utbetringsarbeid gjenstår framleis i begge etasjane 3. Utvendig: utvendig rømningstrapp må bli fornya, eventuelt bli flytta noko, utbetring og sikring av uteleikapparat (jf. tilsyn 2011 og 2012), overbygg på plattingen til barnevogner eller snøfangar mot nord der barna søv, måling, utvide parkeringsareal. Gol barnehage - Handlingsplan 2013-2016 Side 2

3137 - Hallingmo 1. Utvendig: utbetring av uteleikeplassen med gapahuk, meir planering og parkeringsplassar til tilsette. 3138 - Fagerlund 1. Ingen utbetringar, sidan det blir forutsett flytting i løpet av 2014. INVESTERING Gol barnehage sitt framlegg: Budsjettkap. 3132- Vesterhuset 3134- Rotneim 3135- Åsgardane 3136- Øygardane 3137- Hallingmo NYE tiltak og endringar Utbygging av ny barnehageavdeling og personalavdeling, oppussing/påbygging ved to avdelingar, utbetring av uteleikeplassen, parkering, høgare/flytting av gjerde Utbetre ventilasjon, solskjerming, påbygging av garderobe og toalett for barn og tilsette inkl. takoverbygg, div. renovering inne, måling ute Utbetre kloakk, støydemping, garderobe og toalett tilsette, takoverbygg til vogner, måling utvendig Solskjerming, utbetring av tett kloakk, branntrapp, utvendig takoverbygg/snøfangere, utvide parkering, måling utvendig Parkeringsplassar for tilsette, noko planering av leikeområdet og bygging av gapahuk 2013 2014 2015 2016 2 500 5 000 700 800 80 200 100 20 100 200 100 100 100 30 Kommentar til investeringsdelen i økonomiplanperioden 2013-2016 Generelt Gol kommune har det tal på plassar som er nødvendig for nokre år framover, men det manglar fast lokale til 24 av plassane. Denne utbygginga er lagt til Vesterhuset jr. saker til Utval for kultur og levekår, Formannskapet og Kommunestyret vinteren/våren 2012. Rotneim, Øygardane og Åsgardane er også naudsynte prosjekt for å få desse barnehagane til å fylle krav for både barn og tilsette. Dei største prosjekta må bli lånefinansiert. Mange mindre oppgåver kan bli gjennomført utan altfor store kostnader i eit samarbeid med Gol Byggdrift. Ikkje gjennomførte tiltak som ligg inne i Økonomiplan 2012-2015 frå barnehagane, er vidareført; vedlikehald og utbetringar av eksisterande bygningar, uteleikeplassar og parkeringsplassar. Vedlikehald Det er behov for ein del generelt vedlikehald av bygningane både utvendig og innvendig utanom Breidokk og Hallingmo. I tillegg viser erfaring at det alltid oppstår nye ting i løpet av året, spesielt utbetring av uteområdet vil til einkvar tid gjelde alle barnehagane. Vesterhuset Utbygging av ny avdeling og personalavdeling, og renovering av det gamle bygget som er 25 år utan noko vedlikehald i hovudetasjen. Uteareal, gjerdet og parkeringsplassar må utvidast og utbetrast ved utviding. Rotneim Barnehagen treng påbygging av garderobe både for dei eldste barna og tilsette, HC-toalett og bøttekott. Det er også behov for ombygging og utbetringar inne i tillegg til ventilasjon og solskjerming i enkelte rom. Takoverbygg ved inngangen og vognoppstillingsplass er påkrevd, likeeins utbetring av kjøkkenet. Gol barnehage - Handlingsplan 2013-2016 Side 3

Åsgardane Takoverbygg ved ny inngang er nødvendig slik at ein samtidig får overbygd vognoppstillingsplass. Det er også viktig med lyddemping i grendasalen. Det er problem med kloakken. I tillegg er parkeringsarealet veldig lite. Øygardane Det er behov for utbetring av kloakken i tillegg til solskjerming, takoverbygg over vognoppstillingsplass, utbetring av branntrappa og montering av snøfangere mot nord. Parkeringsarealet er framleis lite. Hallingmo Parkeringstilhøva for tilsette bør bli betre, i tillegg er det behov for utbetringar av uteleikeplassen. DRIFT Mål 2013-2016 Læringsmiljø Kvar barnehage skal vere tilrettelagt for læring og utfalding både ute - og innemiljøet Det skal vere kvalifisert personale Det skal vere god tilgang på pedagogisk materiell Tiltak 2013-2016 Personalet/administrasjon 1. Leiarar på alle nivå har berbar PC, men treng tilgang til trådlaust nettverk og skrivar. Kommunenes sentralforbund og Utdanningsforbundet har inngått ny særavtale med krav om at noko av den ubunde tida til førskulelærarane skal bli bundet opp på arbeidsplassen. Dette forutsett arbeidsplassar med tilknytning til nettverk og skrivar. 2. Nok personalressursar til å ivareta barn som treng spesialpedagogisk hjelp og tilrettelegging, blant anna tilbod om logoped og anna kvalifisert personale. Nok ressursar til norskopplæring for fleirspråklege barn og gje dei støtte i deira eige morsmål. 3. Ressursar til gjennomføring av felles pilotprosjekt for Hallingdal i samarbeid med Øverby kompetansesenter: Felles løft for tidleg innsats med vekt på språkleg og sosial utvikling og vidareføring til steg 2 Overgang barnehage skule. Deretter er det behov for gje barnahagane støtte slik at læring gjennom prosjektet blir ein del av vanleg drift. 4. Nok ressursar til tilfredsstillande opplæring, vidareutdanning og utvikling for dei tilsette, jf felles kompetanseplan for Hallingdal og opplæringsplan for Gol barnehage. 5. Vidareutvikle Gol barnehage som ein helsefremmande arbeidsplass med Friskliv med gratis frukt/grønt for både tilsette og barn, fysisk tilrettelegging/trim, førebyggje fråvær, noko som m.a. forutsett ressursar til tilfredstillande vikarordning ved alle type fråver. Bygningane 1. Lage plan for innvendig og utvending vedlikehald/utbetringar av alle barnehagebygga ut frå behov som er skisserte under investeringar, starte opp med gjennomføring av planen umiddelbart. Transport 1. Ønskje om at Gol kommune organiserer ordning med kommuneminibuss til disposisjon ved gjennomføring av aktivitetar med barna. Gol barnehage - Handlingsplan 2013-2016 Side 4

DRIFT Gol barnehage sitt framlegg: Budsjettkap. 3133,3135, 3138 NYE tiltak Høgare gjerde rundt delar av barnehagane (Vesterhuset sitt behov er innarbeida i investering av ny avdeling) 2013 2014 2015 2016 70 3130-3138 IT-utstyr/digitalt verktøy tilsette og arbeidsplassar 50 50 50 50 IT-utstyr til bruk for barna jf. krav i rammeplan 40 40 40 40 Trådlaust nettverk og naudsynt utstyr til dette 30 30 3130 Kompetansehevingstiltak - eigne ressurser til å støtte tilsette som ynskjer å ta førskulelærarutdanning, barne- og ungdomsarbeiderutdanning og relevant vidareutdanning. 180 180 180 180 Ressursar til å fortsette med Felles løft for tidleg innsats etter at prosjektperioden for barnehagane går ut i 2013 frå prosjekt til drift 82 142 142 142 3132-3138 Utskifting av større uteleiker ved alle barnehagane 60 60 60 60 3130-3138 Oppstart av Friskliv igjen for Gol barnehage med frukt og grønt, trim 3132-3138 Auka pedagogtettleik i barnegruppene jf. NOU 2012:1 Til barnas beste 60 60 60 60 400 400 400 3130-3138 Klesgodtgjering for tilsette 30 30 30 3133 4 stk punkt motorvarmare 30 Kommentar til vidareføring budsjett 2012 og nye driftstiltak i økonomiplanperioden 2013-2016 Gol barnehage klarer å halde dei nedskjeringar og inntektsauke som blei sett inn i 2010, men det fører til at barnehagane ikkje kan få skifta ut nedslitt og øydelagt materiale i det tempoet som er nødvendig. Utbetring av gjerde rundt leikeplassar Barnehagane Breidokk, Hallingmo og Åsgardane har behov for å sikre gjerdene. Dette er eit viktig tryggleikstiltak som er flytta frå inverstering til drift. Vesterhuset sitt behov ligg inne i inversteringstiltaket. IT-utstyr for tilsette og barn Dette er viktig for at dei tilsette skal få ein god arbeidssituasjon og kompensasjon for manglande arbeidsplass for dei tilsette i barnehagen. Dei må i tillegg ha tilgang til pc med heimekontor. I tillegg er det behov for utstyr for å følgje fagleg utvikling av IT i arbeid med barna i barnehagen og til bruk for pedagogisk dokumentasjon. Gol barnehage - Handlingsplan 2013-2016 Side 5

Kompetansehevingstiltak Eigne ressursar for å gje lønstilskot, permisjon med løn eller stipend slik at fleire tilsette kan ta utdanning som førskulelærar, barne- og ungdomsarbeidar eller relevant vidareutdanning. Dette er eit viktig rekruteringstiltak for å auke kvaliteten i barnehagane. Samtidig er det viktig med resurser til å fortsette med det gode arbeidet som er i gang med prosjektet Felles løft for tidlig innsats etter at prosjektperioden går ut i 2013. Utskifting av større uteleiker/uteplassutstyr Det faste utstyret på uteplassane treng å bli skifta ut etter kvart som materialene får råteskader pga elde. Samtidig må underlaget bli skifta ut med godkjente fallmatter. Friskliv i barnehagen Ordninga med frukt og grønt starta i 2007 og blei tatt vekk som følgje av budsjettkutt i 2010. Det er eit ynskje om få dette inn igjen saman med trim for barnehagetilsette og stressmestringskurs. Auka pedagogtettleik I NOU 2012:1 «Til barnas beste» er det lagt inn framlegg til auka pedagogtettleik i samband med arbeid med ny barnehagelov. Det er framlegg om ein dobling av minstekravet. I Gol har vi noko over minstekravet pga nokon utvida barnegrupper difor vil dette føre til minimum 4 nye stillingar som må bli gjort om frå assistent til førskulelærer. Det er lagt inn eit mellomlegg mellom assistent og førskulelærar med ein auke i årsløn på kr. 100.000 pr. stilling frå 2014 då ein reknar med at ny lov blir gjeldande. Klesgodtgjering Dette blei tatt bort i 2010 på grunn av økonomien, men det er eit ynskje om å få dette tilbake med 500 kroner for tilsette i 60 % stilling eller meir, og 250 kroner for dei med lågare stilling. Det er stor slitasje på eige klede. Det er ikkje satt inn som prioritert tiltak, men fleire tilsette etterlyser dette igjen. Utbetringar Breidokk Barnehagen har hatt ein fin renovering i 2009-10 og treng lite utbetringar, men noko kjem likevel fram i etterkant. Det er motorvarmere for tilsette i Breidokk. Foreldrebetaling Gol barnehage følgjer regjeringa sitt framlegg i statsbudsjettet og krav i Lov om barnehagar om maksimumssats og søskenmoderasjon. Kvart år er det noko reduksjon i foreldrebetaling som følgje av at enkelte barn har fått spesialpedagogiske tiltak med enkeltvedtak jf Opplæringslova 5.7. Desse timane har lovbestemt fritak frå foreldrebetaling. Tilskot til privat familiebarnehage Tilskot til private barnehagar er regulert i «Forskrift om likeverdig behandling ved tildeling av offentlige tilskudd til ikkje-kommunale barnehager». Gol kommune må følgje dei nasjonale satsane for drifts- og kapitalkostnadar når ein ikkje har tilsvarande drift sjølv. Tilskotet skal aldri vere lågare enn kva kommunen sjølv brukar til tilsvarande barnehage. Gol Byggdrift Kommunalt Foretak: Det er ikkje lagt inn endringar av foretaket sine tenester til vaktmeister og reinhald for Gol barnehage. Gol barnehage - Handlingsplan 2013-2016 Side 6

INVESTERINGSTILTAK Gol barnehage - Budsjettskjema nye og endra tiltak Side 1

Tiltaknr.: 3132-1 Drift/investering: Investering Prioritetsnr. 1 Tiltak(beskriving): Vesterhuset - utbygging av ei ny avdeling og personalavdeling. Tillegg påbygging av garderober og renovering av gamle delen 2.500.000 5.000.000 7.500.000-150.000-150.000 Utbygging og ombygging: byggje på ny avdeling med inntil 24 plassar og personalavdeling, påbygging, ombygging og oppussing av dei to gamle avdelingane i hovudetasjen, jf. tidlegare behov både innvendig og utvendig, utbetre brannvarsling og ventilasjon. Underetasjen blei utbetra sommaren 2011. Effektivisering ved sammenslåing av 2 barnehageeiningar er stipulert til ein reduksjon på kr. 150.000 i driftsutgifter med å redusere administrasjon, vikarutgifter og stordriftsfordelar. Alle kapitalkostandar vil bli teke frå eiga driftsbudsjett med dette inklusiv husleigeutgiftene frå Fagerlund som dekker rentene. Gol barnehage - Budsjettskjema nye og endra tiltak Side 2

Tiltaknr.: 3134-1 Drift/investering: Investering Prioritetsnr. 2 Tiltak(beskriving): Rotneim - utbetre ventilasjon, solskjerming, påbygging 700.000 800.000 1.500.000 4. Ventilasjonstiltak; punktaggregat bli installert dette i fleire rom, og solskjerming i andre etasje, jf rapport miljøretta helsevern 2009. 5. Påbygging av garderobe for dei eldste barna og for tilsette, bøttekott i hovudetasje, ombygging for å gje betre plass til smågrupper for barn med funksjonsvanskar, heilrenovering av kjøkken, måling av rom og skifting av varmtvassbehaldaren frå 1952. Ved å ta ei ordentleg påbygging og renovering av Rotneim vil dette vere eit bygg som kan fungere som barnehage i lang tid framover. 6. Utvendig: takoverbygg og rekkverk ved ny inngang for blant anna vognplassar, utbetre drenering mot nord (alt dette går inn i pkt. 2 viss dette tiltaket blir gjennomført), utbetring og sikring av uteleikeapparat (jf tilsyn 2010 og 2011), ny kurs til motorvarmar, utvendig måling. Gol barnehage - Budsjettskjema nye og endra tiltak Side 3

Tiltaknr.: 3135-1 Drift/investering: Investering Prioritetsnr. 3 Tiltak(beskriving): Åsgardane - utbetre kloakk, støydemping m.v. 00000 09999 80.000 200.000 100.000 100.000 480.000 3. Innvendig: problem med tett kloakk må bli utbetra, betre varme i garderoben, akustikken i grendasalen må betrast. Manglar tilfredsstillande garderobe og toalett for tilsette 4. Utvendig: måling, takoverbygg ved ny inngangsdør og vognoppstilling, reparere og skifte ut leikeapparat (jf tilsyn 2010 og 2011), utvide parkeringsareal. Gol barnehage - Budsjettskjema nye og endra tiltak Side 4

Tiltaknr.: 3136-1 Drift/investering: Investering Prioritetsnr. 4 Tiltak(beskriving): Øygardane - solskjerming, utbetring av tett kloakk m.v. 80.000 200.000 100.000 100.000 480.000 1. Innvendig: problem med tett kloakk må bli utbetra, betre varme i garderoben, akustikken i grendasalen må betrast. Manglar tilfredsstillande garderobe og toalett for tilsette 2. Utvendig: måling, takoverbygg ved ny inngangsdør og vognoppstilling, reparere og skifte ut leikeapparat (jf tilsyn 2010 og 2011), utvide parkeringsareal. Gol barnehage - Budsjettskjema nye og endra tiltak Side 5

DRIFTSTILTAK Gol barnehage - Budsjettskjema nye og endra tiltak Side 6

Tiltaknr.: 3132,3133, 3135, Drift/investering: Drift 3137-1 Prioritetsnr. 1 Tiltak(beskriving): Breidokk, Vesterhuset, Hallingmo og Åsgardane - høgare gjerde rundt delar av barnehagen 150.000 30.000 1. Utbetre med høgare gjerde rundt barnehagen Økonomisjef flytta prosjekt til drift (frå investeringer) Gol barnehage - Budsjettskjema nye og endra tiltak Side 7

Tiltaknr.: 3130-1 Drift/investering: Drift Prioritetsnr. 2-1 Tiltak(beskriving): Trådlaust nettverk og naudsynt utstyr til dette 30.000 30.000 IT-utstyr for tilsette og barn Dette er viktig for at dei tilsette skal få ein god arbeidssituasjon og kompensasjon for manglande arbeidsplass for dei tilsette i barnehagen. Dei må i tillegg ha tilgang til pc med heimekontor. I tillegg er det behov for utstyr for å følgje fagleg utvikling av IT i arbeid med barna i barnehagen og til bruk for pedagogisk dokumentasjon. Gol barnehage - Budsjettskjema nye og endra tiltak Side 8

Tiltaknr.: 3130-2 Drift/investering: Drift Prioritetsnr. 2-2 Tiltak(beskriving): IT-utstyr/digitalt verktøy tilsette og arbeidsplassar 50.000 50.000 50.000 50.000 IT-utstyr for tilsette og barn Dette er viktig for at dei tilsette skal få ein god arbeidssituasjon og kompensasjon for manglande arbeidsplass for dei tilsette i barnehagen. Dei må i tillegg ha tilgang til pc med heimekontor. I tillegg er det behov for utstyr for å følgje fagleg utvikling av IT i arbeid med barna i barnehagen og til bruk for pedagogisk dokumentasjon. Gol barnehage - Budsjettskjema nye og endra tiltak Side 9

Tiltaknr.: 3130-3 Drift/investering: Drift Prioritetsnr. 2-3 Tiltak(beskriving): IT-utstyr til bruk for barna jf. krav i rammeplan 40.000 40.000 40.000 40.000 IT-utstyr for tilsette og barn Dette er viktig for at dei tilsette skal få ein god arbeidssituasjon og kompensasjon for manglande arbeidsplass for dei tilsette i barnehagen. Dei må i tillegg ha tilgang til pc med heimekontor. I tillegg er det behov for utstyr for å følgje fagleg utvikling av IT i arbeid med barna i barnehagen og til bruk for pedagogisk dokumentasjon. Gol barnehage - Budsjettskjema nye og endra tiltak Side 10

Tiltaknr.: 3131:3138-1 Drift/investering: Drift Prioritetsnr. 3-1 Tiltak(beskriving): Rekruttering av førskulelærarar ved å tilby økonomisk støtte til utdanning og permisjon med løn under deltidsstudie for dei som er tilsette i Gol barnehage. Tiltaket forutsett 2 års bindingstid etter bestått eksamen. I tillegg støtte til assistentar som tar utdanning som barne- og ungdomsarbeidar og relevant vidareutdanning Lov om barnehagar 100 000 80 000 100 000 80 000 100 000 80 000 100 000 80 000 1 tilsett på Arbeidsplassbasert førskulelærarutdanning med fri 1 dag i veka med løn, inkl. sosiale utgifter. Bruk av vikar når deltidsstudentar har permisjon med løn ca. 10 veker pr. år, 2 3 tilsette. Gol barnehage - Budsjettskjema nye og endra tiltak Side 11

Tiltaknr.: 3131:3138-2 Drift/investering: Drift Prioritetsnr. 3-2 Tiltak(beskriving): Auka behov for vikarar til kompetanseheving i samband med kvalitetsprosjektet «Felles løft for tidleg innsats» og vidare utvikling frå prosjekt til inn i vanleg drift, og til fortsatt kursdrift etter at prosjektet blir avslutta i 2013 84000 142 000 142 000 142 000 Prosjektet «Felles løft for tidlig innsats» i alle barnehagane i Hallingdaler eit kompetanseløft for heile sektoren, og frå 2013 blir barneskular med elevar frå 1.-4. klasse med. Dette er eit prosjekt med låge kostnadar, men behov for vikar når delar av personalgruppa er på kurs er viktig, slik at kvaliteten på barnehagetilbodet blir oppretthalde. Vikarbudsjettet i barnehagane er veldig lågt. Barnehageadministrasjon ynskjer å opprettehalde den faglege utviklinga av barnehagane i samarbeid med dei andre kommunane i Hallingdal og treng friske middel til dette. Gol barnehage - Budsjettskjema nye og endra tiltak Side 12

Tiltaknr.: 3130-4 Drift/investering: Drift Prioritetsnr. 4 Tiltak(beskriving): Utskifting av større uteleiker ved alle barnehagane 60.000 60.000 60.000 60.000 Gol barnehage - Budsjettskjema nye og endra tiltak Side 13

Tiltaknr.: 3130-5 Drift/investering: Drift Prioritetsnr. 5 Tiltak(beskriving): Oppstart av Friskliv 60.000 60.000 60.000 60.000 Friskliv i barnehagen: Ordninga med frukt og grønt starta i 2007 og blei tatt vekk som følgje av budsjettkutt i 2010. Det er eit ynskje om få dette inn igjen saman med trim for barnehagetilsette og stressmestringskurs. Gol barnehage - Budsjettskjema nye og endra tiltak Side 14

Tiltaknr.: 3130-6 Drift/investering: Drift Prioritetsnr. 6 Tiltak(beskriving): Auka pedagogtettleik i barnegruppene jf. NOU 2012:1 Til barnas beste 400.000 400.000 400.000 Auka pedagogtettleik I NOU 2012:1 «Til barnas beste» er det lagt inn framlegg til auka pedagogtettleik i samband med arbeid med ny barnehagelov. Det er framlegg om ein dobling av minstekravet. I Gol har vi noko over minstekravet pga nokon utvida barnegrupper difor vil dette føre til minimum 4 nye stillingar som må bli gjort om frå assistent til førskulelærer. Det er lagt inn eit mellomlegg mellom assistent om førskulelærar med ein auke i årsløn på kr. 100.000 frå 2014 då ein reknar med at ny lov blir gjeldande. Gol barnehage - Budsjettskjema nye og endra tiltak Side 15

Tiltaknr.: 3130-3138-3 Drift/investering: drift Prioritetsnr. 7 Tiltak(beskriving): Klesgodtgjering for tilsette 30.000 30.000 30.000 Tilsette ynskjer å få tilbake noko kompensasjon for stor slitasje Gol barnehage - Budsjettskjema nye og endra tiltak Side 16

Tiltaknr.: 3137-2 Drift/investering: Drift Prioritetsnr. 8 Tiltak(beskriving): Installering av 4 punkt til motorvarmere 30.000 Gol barnehage - Budsjettskjema nye og endra tiltak Side 17