Tilsynsutvalet i Hordaland Møteprotokoll Møtedato: 13.12.2011 Møtetid: Kl. 17:00 19:00 Møtestad: Hotel Ullensvang Saksnr.: 025/11-030/11 Forfall meldt frå følgjande medl. Bergljot Maria Veivåg Elisabeth Hauge John Helge Rasmussen Følgjande varamedl. møtte Vara kunne ikkje møta Vara kunne ikkje møta Vara kunne ikkje møta Møteleiar: Leiar Trygve Sæbø Frå adm. møtte: Sekretær Anne Gerd Nysveen Djønne Utlevert i møtet: Forvaltningsplan for Hardangervidda nasjonalpark av januar 2011 Diverse: Søknad frå Statkraft om motorferdsel i samband med nedgraving av vannstandsmålerøyr ved Håvardsvatn. Transport frå Bråstøl via Valldalen evnt. frå Dyranut til Håvardsvatn. Transport vart innvilga frå Bråstøl. Om det vert vanskeleg denne traseen pga for eksempel rasfare, kan dei be om å få køyre frå Dyranut når dette eventuelt vert aktuelt. Underskrifter: Søknad frå Kristin Eide om 3 turar/retur til foreldra si hytte i Litlos for transport av materialar, ved og proviant. Ho er odelsjente på garden. Søknaden vart avslegen då foreldra har fått innvilga 3 turar/retur til hytta for same formål. Det er berre eigar eller leigetakar som kan få løyve til transport til ei hytta, ikkje begge. Trygve Sæbø Marie Synnøve Børve Samson Hamre Harald Myklathun Erling Aga Torunn Sorteberglien
Sakliste Sak nr. Saktittel 025/11 Godkjenning av møtebok 026/11 Meldingar 027/11 Motorferdsel gjennom nasjonalparken til hyttefeltet på Topp, etter at trallebanen vert lagt ned. 028/11 Skifte av inngangsdør og opppføring av overbygg over inngangsdør på hytte på Hansbu i Ullensvang statsallmenning, Hardangervidda nasjonalpark. 029/11 Tilbygg til stølshus i Belebotn på Ullensvang statsallmenning, Hardangervidda nasjonalpark. Tiltakshavar: Hildegunn Espe 030/11 Riving av eksisterande hytte og oppsetjing av ny på Hansbu i Ullensvang statsallmenning, Hardangervidda nasjonalpark. Tiltakshavar Solveig Lothe.
025/11: Godkjenning av møtebok Framlegg til vedtak: Møteboka vert godkjent slik ho ligg føre. TUV-025/11 VEDTAK: Møteboka vart godkjent slik ho låg føre. 026/11: Meldingar Framlegg til vedtak: Meldingane vert tekne til orientering slik dei ligg føre. TUV-026/11 VEDTAK: Meldingane vart tekne til orientering slik dei låg føre. 027/11: Motorferdsel gjennom nasjonalparken til hyttefeltet på Topp, etter at trallebanen vert lagt ned. Framlegg til vedtak: Saka vert lagt fram utan framlegg til vedtak.
Tilsynsutvalet i Hordaland i møte 13.12.2011 kom med fylgjande framlegg til vedtak: Tilsynsutvalet i Hordaland kallar inn til eit møte med Odda kommune, Ullensvang herad og ein representant frå hytteeigarane på Topp, for å finna ei god løysing på skuterløypa for transport til hyttefeltet på Topp vinterstid. TUV-027/11SAMRØYSTES VEDTAK: Tilsynsutvalet i Hordaland kallar inn til eit møte med Odda kommune, Ullensvang herad og ein representant frå hytteeigarane på Topp, for å finna ei god løysing på skuterløypa for transport til hyttefeltet på Topp vinterstid 028/11: Skifte av inngangsdør og opppføring av overbygg over inngangsdør på hytte på Hansbu i Ullensvang statsallmenning, Hardangervidda nasjonalpark. Framlegg til vedtak: Tilsynsutvalet i Hordaland gjev løyve til skifte av ytterdør, men ikkje løyve til å føra opp overbygg over denne. Dette fordi det ikkje er i samsvar med lokal byggjeskikk på Hardangervidda med så store takutstikk. TUV-028/11SAMRØYSTES VEDTAK: Tilsynsutvalet i Hordaland gjev løyve til skifte av ytterdør, men ikkje løyve til å føra opp overbygg over denne. Dette fordi det ikkje er i samsvar med lokal byggjeskikk på Hardangervidda med så store takutstikk.
029/11: Tilbygg til stølshus i Belebotn på Ullensvang statsallmenning, Hardangervidda nasjonalpark. Tiltakshavar: Hildegunn Espe FRAMLEGG TIL VEDTAK: 1. Med bakgrunn i saksutgreiinga og nye justerte teikningar, gjev Tilsynsutvalet i Hordaland søkjar løyve til å renovera og byggja på stølshuset i Belebotn i samsvar med teikningar innsendt 02.12.2011. Løyvet vert gjeve med heimel i verneforskrifta pkt. 4.1.3b og 4.1.3c i kombinasjon. 2. Taket skal tekkast med torv som naturleg høyrer heime på Hardangervidda. 3. Reint trevirke kan kappast opp og brukast som ved. Anna bygningsavfall må leverast til godkjent mottak. 4. Kledningen skal beisast i ein gråleg farge som beskrive i søknaden. 5. Det vil verta gjeve eige løyve til motorferdsel i samband med bygging Tilsynsutvalet i Hordaland i møte 13.12.2011 kom med fylgjande endring til punkt 2: Taket skal tekkast med innkjøpt torv uten tilsett frøblanding, og såast i med ei stadegna frøblanding som naturleg høyrer heime på Hardangervidda. TUV-029/11SAMRØYSTES VEDTAK: 1. Med bakgrunn i saksutgreiinga og nye justerte teikningar, gjev Tilsynsutvalet i Hordaland søkjar løyve til å renovera og byggja på stølshuset i Belebotn i samsvar med teikningar innsendt 02.12.2011. Løyvet vert gjeve med heimel i verneforskrifta pkt. 4.1.3b og 4.1.3c i kombinasjon. 2. Taket skal tekkast med innkjøpt torv uten tilsett frøblanding, og såast i med ei stadegna frøblanding som naturleg høyrer heime på Hardangervidda. 3. Reint trevirke kan kappast opp og brukast som ved. Anna bygningsavfall må leverast til godkjent mottak. 4. Kledningen skal beisast i ein gråleg farge som beskrive i søknaden. 5. Det vil verta gjeve eige løyve til motorferdsel i samband med bygging
030/11: Riving av eksisterande hytte og oppsetjing av ny på Hansbu i Ullensvang statsallmenning, Hardangervidda nasjonalpark. Tiltakshavar Solveig Lothe. FRAMLEGG TIL VEDTAK: 1. Med bakgrunn i saksutgreiinga og nye justerte teikningar, gjev Tilsynsutvalet i Hordaland søkjar løyve til å riva eksisterande hytte og føra opp ny erstatningshytta i samsvar med teikningar innsendt 06.12.2011. Løyvet vert gjeve med heimel i verneforskrifta pkt. 4.1.3b og 4.1.3c i kombinasjon. 2. Hytta skal ha tretak, og kledningen skal beisast i ein nøytral farge slik at den vert minst mogeleg synleg i terrenget. 3. Reint trevirke kan kappast opp og brukast som ved. Anna bygningsavfall må leverast til godkjent mottak. 4. Det bør gjerne gjennomførast synfaring på staden før endeleg plassering vert godkjent 5. Det vil verta gjeve eige løyve til motorferdsel i samband med bygging Tilsynsutvalet i Hordaland i møte 13.12.2011 kom med fylgjande endringar: Nytt punkt 2: Hytta skal ha tretak og takvinkelen reduserast til 28º. Kledningen skal beisast i ein nøytral farge slik at den vert minst mogeleg synleg i terrenget. Punkt 4: Punkt 4 kan strykast då Tilsynsutvalet ser det som ein fordel at ein tek ibruk gamle murar til plassering av hytta, og synfaring er såleis ikkje naudsynt. Nytt punkt 5: Eksisterande hytte kan stå medan ny hytte vert bygd, men skal rivast straks den nye er ferdig. Grunnen skal sanerast og såast til slik at det ikkje er synleg i terrenget. TUV-030/11 SAMRØYSTES VEDTAK: 1. Med bakgrunn i saksutgreiinga og nye justerte teikningar, gjev Tilsynsutvalet i Hordaland søkjar løyve til å riva eksisterande hytte og føra opp ny erstatningshytta i samsvar med
teikningar innsendt 06.12.2011. Løyvet vert gjeve med heimel i verneforskrifta pkt. 4.1.3b og 4.1.3c i kombinasjon. 2. Hytta skal ha tretak og takvinkelen reduserast til 28º. Kledningen skal beisast i ein nøytral farge slik at den vert minst mogeleg synleg i terrenget. 3. Reint trevirke kan kappast opp og brukast som ved. Anna bygningsavfall må leverast til godkjent mottak. 4. Det vil verta gjeve eige løyve til motorferdsel i samband med bygging. 5. Eksisterande hytte kan stå medan ny hytte vert bygd, men skal rivast straks den nye er ferdig. Grunnen skal sanerast og såast til slik at det ikkje er synleg i terrenget.
8