LAURDAG 27. OKTOBER 2012



Like dokumenter
3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Jon Fosse. For seint. Libretto

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Til deg som bur i fosterheim år


Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Kom skal vi klippe sauen


Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

OK, seier Hilde og låser.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Månedsbrev april 2015

Månadsbrev for Rosa september 2014

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

«Ny Giv» med gjetarhund

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

I N N H O L D. Forord

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen!

Rom ved havet, rom i byen

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Plassebakken Barnehage

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

Bunadar og stakkar 7å Hallingdal

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

PREPOSISJONAR... 2 Stad... 2 Tid... 6 Eigeforhold eller tilknyting... 9 Preposisjonar i faste uttrykk... 10

4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya?

Februar 2015 Januar, månaden som gjekk Månaden som kjem

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

Jon Fosse. Lilla. Skodespel

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

La meg få ein sjanse til...

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære?

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Eldrid Robberstad ein nyskapar av gamle bunadstradisjonar av Gunhild Berntsen

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Natur- og samfunnsfag

ARBEIDSPRØVEN Nynorsk ELEVHEFTE

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord


BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

m j ø s o r m e n leseserie Nynorsk Norsk for barnetrinnet Wenche Hoel Røine Illustrert av Anette Grøstad

Brannsår, rus eller friheit?

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

/

Tor Arve Røssland. Oslo

DÅ EG FORFØRTE PÅ NYNORSK

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose

Birger og bestefar på bytur til Stavanger

mmm...med SMAK på timeplanen

Med tre spesialitetar i kofferten

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Transkript:

24

Skaper fargar i fjellet I 1990 flytta tekstilkunstnaren langt opp i Rukkedalen med hund, mobil og firehjulstrekkar. Her skaper ho fargar i fjellet. Tekst: Line Sandvik Foto: Sigmund Krøvel-Velle 25

26 Tenk at på slutten av 70-talet måtte ein ha fem i snitt frå gymnaset for å kome inn på Buskerud husflidsskule. KARIN STANG KYRKJEDEKOR: Gol stavkyrkje. Latteren kjem kvikt i lag med den hese stemma. Ho står elegant framfor vedomnen med røyken balanserande yttarst mellom to fingrar. Snakkar litt på både innpust og utpust mellom leppestiftraud munn. Skaper ei kontinental, estetisk og filosofisk stemning mellom timravegger og framskåp. på Liaset. Alt medan ho til stadig prøver å få kaffien kokt, serverer heimelaga sild etter svigermor si islandske oppskrift og syner fram dei finaste vovne kunstverka. Endeleg får ho ledningen i veggen og trykt inn knappen på kaffitraktaren. Då blir det stilt. Eit augneblink. Klarar seg sjølv Tekstilkunstnaren Karin Stang skaper vegglandskap på Liaset. Kvar einaste dag. Kunstnarsjela må få utspring for kreativiteten. Om ho vever, knyter, klipper, måler eller teiknar. Ho har vore pensjonist no nokre år, men jobbe må ho. Då eg framleis jobba som lærar var det jo litt ekstra pes å bu her. Eg måtte gå på ski ned til parkeringsplassen. Og dei måker jo berre kvar fredag. Eg reiste når det var mørkt og kom heim når det var mørkt, fortel ho og ristar or seg litt latter. Hunden Maja er overstrøymande begeistra for visitten og svinsar kring alle føter som har fått utlevert tøflar. Det er golvkaldt i hytta. Men vedomnen lunar godt i haustdagen. Utanfor døra har Karin stabla poser med ved. Det er berre å hente seg ein, lett som berre det. Når ein bur åleine på fjellet, må ein vite å klare seg sjølv. I vår vart ho vêrfast fem dagar. Då er det greitt å kunne bake brød og ha nok ved for handa. Ho er forresten nesten nett kome attende etter ein la-a-ang sommarferie. Har vore på hytta på Sørlandet, og litt i utlandet, i over tre månader. Det er godt å kome heim att. Hytta på Liaset vart bygd av besteforeldra. Så ho har vore her mykje sidan barndommen og er knytt til staden. Bestefar var sorenskrivar på Nesbyen, fortel ho og ber ut på bordet den heimelaga silda. Sjølv flytta ho til Gol 1973. Det var etter skilsmisse og omtrent då ungane skulle starte på skulen. Ho ville ikkje oppdra fire ungar midt i Oslo. I tillegg hadde ho ein slektning på Nesbyen ho ville stelle litt for. Og eg kunne jo ikkje ha skuleungar her oppe på Liaset, smiler ho og blunkar lett. Huset ho bygde i Gol vart selt då ungane var ute av reiret. Då var Karin endeleg klar for å flytte til fjells. Her bur ho mellom måleri av kjenningane Wiedeberg og Rittun, timra vegger, open natur og frisk fjelluft. I stova heng eit måleri av Erik Werenskjold, ved sida av eit flott veggteppe laga av Karin sjølv. Ein dyd av nødvendigheit. Det bles rett gjennom veggen der bak sofaen, ler ho. Så fekk også sofaen eit dekorelement som stod i stil. Det estetiske må stemme for kunstnaren. Broderte skisser Inne i den nyare delen av hytta, på verkstaden, er det derimot ein moderne, god varme. Her får kunstnaren utfalde seg fritt. Mormor sat og gjorde handarbeid. Eg gjorde som henne, fortel Karin og syner fram eit stort, flott veggteppe. Og skissene som høyrer til. Både dei ho har teikna og dei ho har brodert. Eg har så god tid no, så eg kan fyrst teikne, for så brodere skisser. Det blir tre stadium. Papir, broderi og vev, ler ho. Men brodere gjer ho om kveldane. Ho brukar ikkje arbeidsdagen til det. Lite er tilfeldig når det gjeld bileta til Karin. Ho lagar stramme, faste vevnader, og festar bakstykka sirleg på. Karin kan sin kunst og sitt handverk. Ho er utdanna ved Statens Kvindelige Industriskole og jobba for tekstilkunstnaren Sigrun Berg før ho gifta seg. Ho ville ikkje ha gifte veversker. Så eg fekk fire ungar og jobba ikkje på nokre år, fortel Karin smilande. I Gol starta ho opp vevstove og jobba på oppdrag. Der fekk ho nok å gjere i fleire år. I denne perioden var ho også tilsett på eit arkitektkontor. Hennar oppgåver hadde med fargar og teknisk teikning å gjere. Då husflidskulen ringde etter vikar, starta ho der. Karin tok og etter kvart treårig fagutdanning og vart lærar. Eg hadde jo aldri tenkt tanken om å bli lærar, humrar 75-åringen som pensjonerte seg frå Gol vidaregåande skule i 2006. Tenk at på slutten av 70-talet måtte ein ha fem i snitt frå gymnaset for å kome inn på Hallingdal husflidskule. 25 år etter vart den nedlagt. Trist. Kven syr kjolar til seg sjølv lenger? Verst er kanskje Kina-produserte bunader. Ikkje fordi dei syr dårleg, men fordi me mister kunnskapen. Me har jo ikkje så mykje kultur at det er noko å skryte av, påpeiker ho. VEVSTOVE: Kunstnaren arbeider kvar einaste dag i vevstova.

KNYTER TEPPE: Ho vever eller knyter teppe kvar einaste dag. STERKE FARGAR: Typisk duk av Karin Stang. 27

28 Mormor sat og gjorde handarbeid. Eg gjorde som henne KARIN STANG Sjølv hugsar ho at ho kjøpte 20 meter poplin-stoff og sydde kjeledressar til ungane. Då var det økonomi i å vere heime. Kva kan ein ungdom i dag? Snikre, måle sette potet? Det er til ettertanke. Før skulle ein kunne sy og strikke. Om me ikkje har slik verdiskaping i Europa, kven sit så med kompetansen. Kina? Mange knutar No knyter eg eit enormt teppe. Eg er så dum innimellom. Eg har rekna ut at det er om lag 21.000 knutar, fortel ho lattermild. Tenkjer ikkje så mykje på korleis ho skal utføre arbeidet når ho designar. Jobben kjem etterpå. I vinter hadde ho og nokre andre kunstnarar utstilling i Gol. Den var kom ut av eit puteprosjekt basert på kvalitetsstoff dei hadde liggjande. Sjå her. Arvegodset vart til keiserinnens nye klede. Ein gamal pyjamas vart klipt i og vips vart det ein bh. Me lo oss nesten i hel, seier Karin og ler litt til av puta ho held i været. Nesten alle putene på utstillinga vart selde. Men denne turte ingen kjøpe, smiler ho lurt. Putene har band frå 20-talet, broderi frå kring 1900 og litt stoff frå ei kjole til mora til Karin. Rundt om i vevstova ligg prosjekt, skisser og ferdige arbeid. Eg har nok vorte eit vanemenneske. Knyter eller vever teppe frå halv ni om morgonen, fortel ho og syner fram fleire flotte teppe. Dette kallar eg fosforhusa. Litt politisk kanskje. Nei da. Jau då, svarar ho seg sjølv. Lavendelhuset kallast eit anna teppe. Og så dette då. Eit teppe til golvet, med snubleblomar, smiler ho. Humor må det vere. Eg har jo hatt ein idé om å fornye åkledet då, fortel ho litt meir alvorleg og legg flotte veggteppe oppå kvarandre. Mange kjenner nok att arbeida hennar. No drog eg inn magen altså, ler Karin til fotografen som knipsar. Legg til at i dag gjer ho helst berre det som gleder ho sjølv. Står ute under nordlyset og stjernehimmelen om ho vil. Ein vinter stod eg ute ein heil vinter og knipsa solnedgangen til eit prosjekt. Planla ein frise. Eg vart ganske forbanna då eg framkalla bileta og oppdaga at kameraet ikkje var godt nok, fortel ho. Men sinnet sit ikkje så lenge i. Ho er vorte gamal nok til å ikkje kaste bort tida på det. No nyt ho tida. Eg trivst i eige selskap. Heldigvis. Andre sladrar om naboen eg sladrar om dyra, ler ho. Glad for arbeidet Sjølv om ho har runda 70 år er ho glad for å ha eit arbeid å gå til. Eg kjenner at eg framleis har noko å gi, smiler ho. På kjøkkenbordet ligg kryssord og røykpakke. Til pausar mellom arbeidsøktene. Ho bakar brød og lager linselapskaus. Sidan eg røyker må eg vere sunn på andre måtar. Eg heldt opp med å røyke i 11 år. Men vart så tjukk, flirer ho. I dagens Norge trur Karin det er vanskeleg å livnære seg av tekstilarbeid og tekstilkunst. Det er kanskje nokre få bunadtilvirkarar som klarar seg. Sjølv har Karin designa, vove og selt mange teppe. Mange av dei som er gitt vidare som gåver, mellom anna til opning av nye, offentlege bygg. Ho har levert teppe til både Pers Hotell og Oset høyfjellshotell. Hennar arbeid heng i formannskapssalar, kommunestyresalar og på skular. Ho designa til OL på Lillehammer og strikka kåper til jubileet på Maihaugen. Min største jobb er teppet som heng i kopien av Gol stavkyrkje. Det er over fem meter breitt og 3,6 meter høgt, fortel ho. Karin syner fram ei flott kåpe i sterke fargar. For fargesterk er ho. Kunstnaren som sørgjer for fargar til fjells. Eg er ikkje så god på jordfarger. Men sterke fargar som eigentleg er «stygge» mot kvarandre likar eg godt, seier Karin som er nøye med kantane sine. Eg likar ikkje frynser. Dei blir berre grå og stygge. Og så forar eg teppa. Gidd ikkje feste alle trådane bak. Det er ikkje reglar no, slik som før. Då var det katastrofe om ein måtte kaste ti centimeter. Dei dagane er gudskjelov over, seier ho og ler litt. Mumlar noko om tekstilar, rare damer og fordommar. Ho påpeiker at veving ikkje er nokon hobby for henne. Det er arbeid. Design, skisser og utføring. Og alt imellom. Og det er mykje som skjer i veven medan ein arbeider. Det er også fint. Kanskje eg har vove ein kilometer til saman? Eg tenkjer ofte det, seier ho med snert i stemma og kastar spørsmålet ut i rommet. FARGERIK: Tekstilkunstnar stnar Karin Stang har både fargar ogg hum humor.

ARBEID AV KARIN STANG, TEKSTILKUNSTNAR, NES. PRIVATE BILETE, UTLÅNT. Å 29