Informasjonshefte Tuv barnehage



Like dokumenter
Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Månadsbrev for Rosa september 2014

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Sandeid skule SFO Årsplan

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Klassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet.

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Til deg som bur i fosterheim år

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

Å fremje felles interesser til beste for barnet

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

SAMARBEID HEIM OG SKULE

Barnehagane i Kviteseid. Felles informasjon til føresette

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta. 2. FORVALTNING Barnehagane skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA.

Klar til skulestart EPHORTE 2011/ PLAN FOR OVERGANG BARNEHAGE/SKULE Kvinnherad kommune

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Plan for Liabygda SFO

ÅRSPLAN FOR BEITO BARNEHAGE

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Vedtekter for barnehagane i Hemsedal. Gjeldane frå 1. oktober 2016

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Velkomen til Mork barnehage

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Barnehagane i Kviteseid. Felles informasjon til føresette

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Plan for overgangar. for barn og unge

10/60-14/N-211//AMS

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Du må tru det for å sjå det

Trygg og god overgang mellom barnehage og skole

Barnehageplan for Vinje kommune

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Tiltaksplan. mot mobbing og rasisme. Oma skule. Alle tilsette skal arbeide for nulltoleranse mot mobbing.

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Kommunale vedtekter forskulefritidsordningane i Sunnfjord kommunane

Høyanger kommune. Plan for tilsyn med barnehagane i

Øystese barneskule April - 08

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

! Vurdering for utvikling. ! Rapport. Holmedal barnehage. Veke 14 ( ) Tema: Borns medverknad. Holmedal den 2.

Årsmelding for Urhei barnehage

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

Bleiar: barn som brukar bleie tek dette med. For oss er det best å ha ein heil pakke ståande og så gir vi beskjed når det blir tomt.

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.


Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

ÅRSPLAN OG KALENDER HARØY BARNEHAGE 2010 / 2011

Kvalitetsplan mot mobbing

Foreldre ved Ål ungdomsskule

I NNKALLING MED SAKSUTGREIING

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Transkript:

Informasjonshefte Tuv barnehage

Informasjonshefte for Tuv barnehage Barnehagen blir drevet av Hemsedal kommune. Barnehagen er politisk lagt under Hovudutval for livsløp. Hovudutval for livsløp består av politikarar og oppvekstsjef som er sakshandsamar. Styrarar og rektorar kan møte med talerett i spesielle saker dersom dei vert kalla inn. Dette hovudutvalet er eit politiske organ som har ansvar for barnehagesaker. I dei fleste sakene har dei vedtaksrett, men nokre saker går til kommunestyret for endeleg godkjenning, t.d. budsjett og vedtekter. Barnehagen blir drevet etter lov om Barnehagar og har Rammeplan for barnehagar som sitt arbeidsverktøy. Samt kommunens eigne vedtekter. Foreldrerådet består av alle foreldre/føresette i barnehagen. I styret skal det veljast to foreldre frå kvar avdeling til Foreldrearbeidsutvalet (FAU). FAU leiaren er også medlem i samarbeidsutvalet, (SU). Foreldrearbeidsutvalet skal få førelagt og ha rett til å uttale seg i saker som er viktig for deira tilhøve til barnehagen. Dei skal fremja felles interesser til alle foreldra, og bidra til at samarbeid foreldre barnehage skaper eit godt miljø for alle. Samarbeidsutvalet består av tre representantar frå foreldra, ein frå barnehagen, ein frå skulen og ein frå Sfo. Tre representantar frå dei tilsette, ein lærar, ein frå personale på skulen og ein frå barnehagen, og ein representant vald frå Hovudutval for Livsløp. Rektor er skrivar. Dei tilsette og foreldra sine representantar er på val kvar haust. Politikaren sit i ein kommunevalperiode. Samarbeidsutvalet skal få seg førelagt, og ha rett til å uttale seg i, saker som er viktige for barnehagen og skulen sitt innhald, verksemd og tilhøve for foreldra, t.d. budsjett, driftsendringar, bruk av inne og uteareal m.m. Samarbeidsutvalet skal gje uttale i viktige saker som vedkjem skule og barnehage, både i forhold til lovverk, forskrifter, vedtekter, budsjett og opplegg. Det er også dette utvalet som godkjenner årsplan for barnehage og årshjulet for skulen. Teieplikt: Alle som arbeider i barnehagen er underlagt teieplikt. Alt som skjer og alle opplysningar om barn, foreldre og familietilhøve vert verande innafor barnehagen. Brot på teieplikta er straffbart. Dersom barnehagen treng hjelp frå fagfolk utanfor barnehagen, må det innhentas løyve frå foreldra fyrst. Teieplikta er ikkje til hinder for samarbeid mellom desse instansane når det gjeld barn som treng spesiell hjelp og støtte. Forsikring: Alle barn er ulykkesforsikra i barnehagen, på veg til og frå barnehagen, og på turar i barnehagens regi. Når det gjeld køyring i bil er barna alltid sikra etter forskriftene. Nokre av personalet har løyve til å køyre minibuss, og barnehagen kan leige minibuss. Det er montert sikkerheits selar i minibussane. Vi innhentar løyve frå foreldra til å ta barn med på tur. Foreldresamarbeid: Samarbeid mellom personalet og foreldra er heilt nødvendig for at barnet skal få det best mogleg i barnehagen. Det er de som foreldre som er ekspertar på dykkar eigne barn, og som difor best kan fortelje korleis barnet dykkar har det og kva det treng. Den viktigaste fellesnemnaren i samarbeidet er barnet sitt beste.

Foreldremøte: Det vert halde to foreldremøter i året. På foreldremøte om hausten vert det informert om det som skjer i barnehagen og kvifor. Foreldremøtene er viktige møter, ikkje berre fordi ein mottek informasjon, men fordi foreldra her kan koma med tips til tema i barnehagen, væra med på å forme innhaldet, få svar på spørsmål osv.. På våren har me foreldremøte med informasjon om neste barnehageår, overgangar m.m. Foreldre til nye born har foreldremøte på våren med diverse informasjon om barnehagelivet og rutiner. Somme år har me i tillegg, gjerne i samarbeid med FAU - eit foreldre møte som tek opp eit aktuelt tema. Foreldresamtale: Det har me to gonger i året. Her tek me opp alt som har med ditt barn å gjera. Sterke og svake sider, korleis ungen finn seg til rette i barnehagen osv.. Sei ifrå om det er ting du lurar på, ting du er fornøygd med, eller ikkje så fornøygd med. Ynskjer du/ de fleire samtaler utover dette, er det berre og spørja om eit møte. Uformelle møter: Under det kjem alle dei møta mellom foreldre og personale i opplegg som har til målsetting og berre vera eit sosialt føretak. For eksempel haustfest, Lucia feiring, fastelavnsfeiring osb. Dagleg kontakt: Dette er kanskje den viktigaste biten i foreldresamarbeidet - det møte som skjer i hente og bringe situasjonar. I den daglege kontakten får ein straks rydda opp i misforståingar og ting ein er ueinige om. Ein kan få gje informasjon til barnehagen og få informasjon om korleis dagen har vore for barnet, og om det har skjedd noko spesielt. Sjå på plassen om det er nokon beskjedar du skal ta med heim. Følg med på oppslagstavla for å halde dykk orienterte om kva som skal skje. Primærkontakt: Når barnet ditt startar i barnehagen vil ein av dei vaksne på avdelinga ha spesielt ansvar for akkurat ditt barn. Dette er i tilvenningsperiode, og kanskje litt lengre dersom det trengs. Personalsamarbeid: Eit personale som fungerar bra saman er viktig for trivselen i barnehagen. Det er viktig at personalet har felles haldningar til det å jobbe med store og små menneske. Målet er ikkje at alle vaksne i barnehagen skal vera like, men at vi står på ein felles plattform. Med det meiner ein m.a. felles haldning til grenser, korleis ein snakkar med kvarandre osb. For å nå desse måla må personalet ha møter. Ped.leiar møte: Alle pedagogiske leiarar og styrar har møte ein time i veka for å dele informasjon, leggje planer og gje attendemeldingar frå dei ulike avdelingane, og ta viktige avgjerder for heile barnehagen. Avdelingsmøte: Kvar avdeling har møte ein gong i veka. Medan den eine avdelinga har møte, har personalet i dei andre avdelingane ansvar for alle barna. På desse møta vert det sett opp detaljerte planar, ansvar for ulike aktivitetar vert fordelt og gledelege opplevingar og utfordringar vert diskutert. Personalmøte: Ein gong i månaden er heile personalgruppa samla til felles møte. På desse møta tek vi opp ting som vedkjem alle som t.d. felles aktivitetar, grupper på tvers av avdelingar, ulike læringsøktar med tema og mykje planlegging og informasjon. Vi planlegg på lenger sikt, utvekslar erfaringar og lærer av kvarandre. Vi har og felles møter for barnehage, skule og Sfo.

KVA KAN DE SOM FORELDRE/FØRESETTE FORVENTE AV BARENHAGEN? Som personalgruppe har me målsetjingar i høve vårt pedagogiske arbeid med barn. Her er våre målsetjingar over kva de som foreldre kan forvente av uss Tryggleik: Me vil møte kvar familie med respekt for deira ynskje og at me har ein god relasjon til alle. Er foreldre/ føresette trygge skapar det trygge barn. Barnet i sentrum Me ynskjer at kvart barn skal få dekka sine einskilde behov Kvart barn er unik, kvart barn skal: Bli sett, høyrt, teke på alvor Me ynskjer å prate med barnet og lærer barna innleving og forståelse for andre Med deltakande vaksne meinar me: Delta i leik- fylje utviklig /rollefordeling Følgje med/observere Dei vaksne viser deltakelse og omsorg for det einskilde barn. Leik og læring Leiken skal alltid stå sentralt i kvardagen til barna. Alle barn i barnehagen skal få store moglegheiter til å få ein allsidig leikerfaring gjennom ulike typer leik. Personalet skal legge tilrette for at barna vert kjend med ulikt type leikemateriale. Samarbeid med skulen/sfo kan de forvente at: Me er i eit oppvekstsenter som ynskjer å ivareta alle barn frå 0-10 år. Det er eit godt samarbeide mellom barnehage, skule og sfo og målet vårt er at alle barn skal føle tryggleik i denne settingen. Medverknad: «Barns rett til medvirkning Barn i barnehagen har rett til å gi uttrykk for sitt syn på barnehagens daglige virksomhet. Barn skal jevnlig få mulighet til aktiv deltakelse i planlegging og vurdering av barnehagens virksomhet. Barnets synspunkter skal tillegges vekt i samsvar med dets alder og modenhet.» (Barnehageloven 3) Eksempel på korleis barna medverkar: Eigen turdag der barna vel turmål, ser kva barna er interesserte i og byggje vidare på det undre seg saman med barna. Foreldra medverker ved å delta på møter, komme med innspel og gje attendemeldingar ved dagleg kontakt.

KVA ME I BARNEHAGEN FORVENTAR AV DE SOM FORELDRE/FØRESETTE. For at barnet skal få det best mogeleg i barnehagen er eit godt samarbeid mellom barnehage og føresette naudsynt. Me forventar at føresette gjer seg kjend med: Planar, rutinar, informasjon Vedtektene for barnehagane i Hemsedal At de viser respekt for barnehagen sitt arbeid ved å stille opp til samatale og møter og tilstellingar som barnehagen arrangerar Gir positive og negative tilbakemeldingar til uss Gir uss beskjed når det er andre som hentar barnet At de er positive til andre barn og deira foreldre og føresette Held orden i hylla og garderobeplassen til barnet Ha alltid eit telefonnr. liggande i barnehagen slik at personalet kan få tak i ein av foreldra eller andre føresette, som kan koma og hente ved sjukdom o.l. Ta kontakt med uss om ting du lurar på, me er her i samarbeid med de som foreldre HUGS: Del det positive barnehagen gjer med andre, og kom til uss med det de ynskjer å endre på

Mauren Liten? Jeg? Langtifra. Jeg er akkurat stor nok. Fyller meg selv helt på langs og på tvers fra øverst til nederst. Er du større enn deg selv kanskje? (Inger Hagerup)