E-post: inntak@post.hfk.no. Svargaranti: 24 timar på kvardagar. Informasjon. om inntak til

Like dokumenter
E-post: Svargaranti: 24 timar på kvardagar. Informasjon. om inntak til

Informasjon om inntak til vidaregåande skole. E-post: Svargaranti: 24 timar på kvardagar (mottatt før kl.

Informasjon om inntak til vidaregåande skule. E-post: Svargaranti: 24 timar på kvardagar (mottatt før kl. 12.

Informasjon om inntaket til vidaregåande skular

Informasjon om inntaket til vidaregåande skular 2017

Viktig informasjon om inntaket til vidaregåande skular 2018

Rådgjevarkonferanse 2009

Søking til skuleåret

Rådgjevarkonferanse 2010

Søking til skuleåret

Informasjon om søking til vidaregåande opplæring for skoleåret 2011/2012

SØKJARINFORMASJON LÆREPLASS

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Hordaland fylkeskommune

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Hordaland fylkeskommune

Inntak ORIENTERINGSMØTET 14.01

Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Til deg som bur i fosterheim år

Til deg som har søkt videregående skoler i Oslo skoleåret 2015/2016

Orientering om søking til vidaregåande opplæring skoleåret 2016/2017

Handbok for minoritetsspråklege elevar i vidaregåande opplæring

Internasjonal vidaregåande skule

Orientering om søking til vidaregåande opplæring for skoleåret

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

OBS! Pass på at De har den siste versjonen av det skoleadministrative systemet.

Fra Forskrift til Opplæringslova:

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

Til deg som har søkt videregående skoler i Oslo skoleåret 2017/2018

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

10. trinn. Foreldremøte


Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

Skuleåret 2017/2018.

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse

Melding til fylkeskommunen om elevar etter 6-17 Fortrinnsrett for søkjarar med sterkt nedsett funksjonsevne

Melding om administrative endringar i lokal forskrift om inntak og formidling

Informasjon og søknadsblankett for arbeids- eller utdanningsreiser for funksjonshemma

Til deg som har søkt videregående opplæring i skole. Søkerinformasjon for skoleåret

FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG Elevvurdering, eksamen og klagebehandling

Kl : Opplysning om trekkfag (Elevene får vite hvilket fag de kommer opp i til eksamen). Vanlig skoledag. skal opp i engelsk, møter faglærere.

Brukarrettleiing E-post lesar

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Sogn og Fjordane fylkeskommune

Til deg som har søkt videregående opplæring i skole. Søkerinformasjon for skoleåret

Orientering til skolane OM INNTAK PÅ SÆRSKILT GRUNNLAG

Melding til fylkeskommunen om elevar etter 6-18 Fortrinnsrett for søkjarar med rett til opplæring i eller på teiknspråk etter 3-9 i opplæringslova

Søknad om inntak med behov for spesialundervisning skoleåret 2013/2014

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

Kopi til: Arkivnr.: 526. Vurdering av prognoseinntaket til dei vidaregåande skolane, skoleåret 2009/2010

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

OBS! Pass på at De har den siste versjonen av det skoleadministrative systemet.

Namning av vegar i Fræna Kommune

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

RETTLEIAR TIL UTFYLLING AV ENKELTVEDTAKET

Inntak på særskilt grunnlag

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

HØYRING KVALITETSSYSTEM FOR FAG-OG YRKESOPPLÆRINGA

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Brukarrettleiing. epolitiker

BARNEHAGETILBODET 2015/2016

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

SKADEMELDING LEGEMIDDELSAKER

Innhenting av halvårsvurdering frå ungdomsskolane for skoleåret 2012/2013

FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR

Justering av tilbodsstrukturen, skuleåret 2015/2016

Høyringsframlegget til lokal inntaksforskrift er drøfta med rådgivarar og leiargruppa.

pressemelding og informasjonstekst til for eksempel bruk på kommunen eller legevaktens hjemmesider

Søkerinformasjon 2007

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

Sentrale paragrafar i Forskrift til opplæringslova: Kapittel 5. Klage på vurdering

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Hordaland fylkeskommune. Gjeld frå

6. trinn. Veke 24 Navn:

TILBUDSSTRUKTUR FOR FAGSKOLANE I HORDALAND - TEKNISK FAGSKOLE 2013/14

Bustønad Ei stønadsordning for deg med høge buutgifter og låge inntekter

Prosedyrar og rettleiar for NSSU

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

Aon Norway Bergen. Øygarden kommune. Rutinar ved melding om personskade I barnehagar og skular Januar 2013

Invitasjon til kurs og haustsamling oktober 2015

Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag med organisasjonsnummer

Brukarkvotar i Transportordninga for funksjonshemma

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

OPPLÆRINGSAVDELINGA Fellestenester - OPPL AVD

Inntak til vidaregåande skule for søkjarar med fortrinnsrett, søkjarar med rett til individuell handsaming og minoritetsspråklege søkjarar.

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

Jernbanestasjonen. Fjøsangerveien. Fagoppl.- kontoret OT/PPT. Nygårdsgaten, Florida. Postadresse: E-post:

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

IKT-kompetanse for øvingsskular

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Informasjon til elevane

FOLKETRYGDA Søknad om yting ved fødsel og adopsjon

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Vegvisar til vilbli.no

Erfaringer fra årets inntak og formidling Fagenhet Videregående opplæring

Transkript:

E-post: inntak@post.hfk.no Svargaranti: 24 timar på kvardagar Informasjon om inntak til Vidaregåande skole20

Inntakskontoret Besøksadresse: Fylkeshuset, Agnes Mowinckels gate 5, Bergen Postadresse: Hordaland fylkeskommune Inntakskontoret Postboks 7900 5020 Bergen Opningstider på telefon og resepsjon: kl. 08.00 4.30 Når du kontakter Inntakskontoret må du alltid opplyse fullt fødsels- og personnummer. Dette er gjort for at ikkje alle skal få opplysningar om søknaden din. Foreldre må også opplyse fullt fødsels- og personnummer dersom dei ringjer for deg. Svargaranti på e-post: 24 timar på kvardagar 55 23 94 60 E-post: inntak@post.hfk.no Internett: www.hordaland.no/opplaring Fotgjengarundergang Bergen Busstasjon Vestre Strømkaien Fylkeshuset Lars Hilles gate Fjøsangerveien Inntakskontoret Agnes Mowinckels gt. Vestre Strømkaien Legevakten Fagoppl.- kontoret OT/PPT Høgskolen i Bergen Nygårdsgaten

Takk for at du har søkt offentlege vidaregåande skolar i Hordaland Inger Øvsthus-Tønder Opplæringsdirektør I dette heftet finn du informasjon om korleis inntaket til dei vidaregåande skolane er organisert. Heftet kan sjåast i samanheng med den katalogen du fekk tidlegare i år i samband med søknad til vidaregåande skolar, men kan sjølvsagt lesast uavhengig av denne. Her finn du mellom anna kor mange inntaksomganger det er til vidaregåande skolar, kor tid desse er, svarfristar og mykje anna nyttig informasjon som du plutselig ønskjer å ha både før og etter at du har fått inntaksresultatet. Dersom du tek vare på dette heftet trur vi at du vil sleppe å stå i telefonkø til Inntaks kontoret i sommar. Skulle du likevel ha trong til å kontakte oss, skal du vite at vi som arbeider på Inntakskontoret vil gjere vårt beste for at du skal få svar på spørsmåla du har om vidaregåande skolar. Merk særleg vår svargaranti på 24 timar på kvardagar om du nyttar e-postadressa vår. Vi arbeider for di framtid, og du kan sjølvsagt kontakte oss kvar dag i heile sommar. Nils Skavhellen Inntaksleiar OBS! Har du registrert rett mobilnummer på www.vigo. no? Dette er viktig fordi vi sender tekstmelding til deg når inntaksresultatet er klart, eller ved annan viktig informasjon. Dersom du har endra nummer etter. mars 20, eller vil bli kontakta på eit anna nummer, kan du gå inn på vigo.no, og skrive inn det nye nummeret ditt. Lukke til med inntaksresultatet Registrer svaret ditt på vigo.no før svarfristen går ut, slik at du ikkje mister plassen din GOD SOMMAR! Viktige internettadressar: www.vigo.no Her finn du m.a. inntaksresultatet, og her skal du svare på om tek imot tilbod om plass/venteliste. www.hordaland.no/opplaring Hordaland fylkeskommune si heimeside til vidaregåande opplæring, med link til dei vidaregåande skolane. www.vilbli.no Generell informasjon om vidaregåande opplæring www.mittyrke.no Hordaland fylkeskommune, Senter for yrkesrettleiing

4 7 Husk! Inntakskalenderen 20 * 2. 5 5 5 7 7 Torsdag Torsdag Torsdag Torsdag Torsdag 7 27 27 27 2 2 2 8 8 8 Måndag Måndag Måndag Måndag Måndag 0 0 0 7 7 7 5 7 Torsdag Torsdag 27 / Oktober 22 22 3 3 Måndag Måndag Måndag og vidare i og vidare og skoleåret vidare i i skoleåret skoleåret 5 5 4 4 April April Mai Mai Mai Mai Måndag og vidare i skoleåret Melding om at inntaket er ferdig blir sendt deg på sms. Deretter må du gå inn på www.vigo.no for å sjå inntaksresultatet, og svare på om du tek imot det tilbodet du får. Søkjarar som ikkje har opplyst mobiltelefonnummer får skriftleg melding om inntaksresultatet eit par dagar seinare. Pålogging til vigo.no skjer på same måte som ved innsøking. Ta difor godt vare på kodar og passord eller ta kontakt med MinId på telefon 800 30 300. Svarfrist. inntaksomgang. Manglande svar blir rekna som Nei-svar, og du mister tildelt plass og/eller blir stroken av ventelista utan nærare varsel. Melding om at 2. inntaksomgang er ferdig blir sendt på sms. Melding blir berre sendt til dei som får plass. Bruk www.vigo.no for svarregistrering. Svarfrist 2. inntaksomgang. Manglande svar blir rekna som Nei-svar. 22 Måndag 3 og vidare i skoleåret 5 4 April Mai Melding om at 3. inntaksomgang er ferdig blir sendt på sms. Melding blir berre sendt til dei som får plass. Bruk www.vigo.no for svarregistrering. 27 8 7 7 0 Måndag 2 7 7 5 5 22 Måndag Måndag 3 og vidare i og skoleåret vidare i skoleåret 5 5 4 April ril. inntaksomgang inntaksomgang 3. inntaksomgang Skolestart 7 5 7 Torsdag 2 0! 7 4 April Mai. skoledag for elevane. Alle skolane tek til onsdag 7. august. Nærare melding om kor tid du skal møte vil som hovudregel bli gitt på vigo.no når du får tilbod om plass. Merk deg at du ikkje kan rekne med å få fri til feriereiser ved skolestart. Tilbodet om skoleplass gjeld berre for. skoledag. Det er ditt ansvar å møte på skolen til rett dag/tid. Dersom du ikkje møter. skoledag, og ikkje har fått formell skriftleg permisjon frå skolen, har du ikkje rett til å få tilbake plassen dersom du møter fram seinare. Du vil som hovudregel også bli plassert nederst på evt. venteliste før skolen/inntakskontoret kan gi deg nytt tilbod om plass. Oppfylling av ledige elevplassar. Dei ledige plass ane i Bergen blir fylte opp frå Inntakskontoret f.o.m. 22. august. I resten av fylket fyller den einskilde skole opp dei ledige elevplassane. Merk at du ikkje får tilbod om plass ved høgare prioritert skole på same utdanningsprogram eller programområde sjølv om det blir ledig plass etter skolestart. Sjå elles informasnon på www.hordaland.no/opplaring den 6. august om inntak av elevar etter skolestart. Opplæringsavdelinga v/inntakskontoret har det formelle ansvaret for inntak av elevar, men førespurnad om plass skal rettast til den einskilde skole.

Generell informasjon Husk alltid å opplyse fullt fødsels- og personnummer når du tek kontakt med Inntakskontoret Svar på søknaden om inntak til vidaregåande skole Det er tre inntaksomgangar før skolestart (sjå inntakskalender side 4). Ved. inntaksomgang får alle søkjarar melding om inntaksresultatet, på sms eller i brev. Hovedregelen er at alle som har opplyst mobilnummer får ei tekstmelding som seier at inntaket til vidaregåande skolar i Hordaland er ferdig. Ved å gå inn på www.vigo.no vil du finne inntaksresultatet. Det er også her du skal svare på om du tek imot tilbod om plass eller ikkje, og om du eventuelt vil stå på venteliste til høgare skole-/kursønskje eller til alle ønskja dine dersom du ikkje har fått tilbod om plass. Dersom du ikkje har opplyst mobilnummer vil du få skriftleg melding om inntaksresultatet. Når du skal svare på om du vil ta imot plass eller ikkje, kan du registrere svaret ditt på www.vigo.no, eller du kan sende tilbake svardelen på meldingskortet. Dersom du sender ulike svar på internett og svarkort, er det internettsvaret som blir det gyldige svaret ditt. Viktig: Dersom du har fått nytt mobilnummer etter at du registrerte søknaden din, må du gå inn på vigo.no og endre mobilnummeret ditt. Du kan også kontakte Inntakskontoret for registrering av nytt nummer. Svar-registrering. og 2. inntaksomgang Dersom du har fått plass på første skole-/kursønskje skal du svare Ja eller Nei til om du tek imot denne plassen. Eventuelle lågare skole-/kursønskje er i slike høve ikkje vurderte, og du står sjølvsagt heller ikkje på venteliste til desse. Dersom du ikkje har fått plass på første skole-/ kursønskje, men på eit lågare prioritert ønskje, skal du svare Ja eller Nei til om du tek imot denne plassen. Dessutan skal du svare Ja eller Nei til om du framleis ønskjer å stå på venteliste. Merk at du gjerne kan svare Ja til plass og Ja til venteliste. Når du registrerer svaret på internett, kan du endre svaret ditt så mange gongar du ønskjer heilt fram til svarfristen går ut. Dersom du ikkje har fått plass, må du svare Ja eller Nei til om du framleis vil stå på venteliste. Merk at du ikkje kan svare Ja eller Nei til å stå på venteliste berre på nokre av ønska dine. Svarar du Ja til venteliste vil det gjelde alle dei skolar/kurs som du har prioritert på søknaden din. Dersom du likevel ønskjer å stryke eitt eller fleire ønskje, må du ta kontakt med Inntakskontoret på e-post eller ved personleg frammøte. Vi kan ikkje registrere slike ønskje over telefon. Husk alltid å opplyse fullt fødselsog personnummer når du kontaktar Inntakskontoret på e-post eller telefon. 5

Svar-registrering 3. inntaksomgang Som hovudregel gjeld dei same retningslinjene som til. og 2. inntaksomgang. Ventelistene etter skolestart Merk at du etter skolestart ikkje lenger står på venteliste til høgare skoleval dersom du har fått og tatt imot plass på. kursønskje. Registrering av svar før inntaksmelding er mottatt (førehandsvar) I perioden 20. juni til 30. juni kan du på vigo.no registrere førehandsvar på at du ønskjer å ta imot den plassen du får tilbod om, og/eller framleis stå på venteliste. I den ordinære svarperioden, 8.-27. juli, kan du likevel gå inn og endre svaret ditt dersom du ønskjer det. Svarfristar På Inntakskalenderen, side 4 i dette heftet, ser du kva datoar som du kan rekne som svarfristar for., 2. og 3. inntaksomgang. Når du får melding om inntaksresultatet er det likevel viktig å sjå etter kva som er svarfristen for den einskilde inntaksomgang. Ved melding om inntak ved 3. inntaksomgang er det nok at du møter fram til skolestart. Du treng ikkje svare på vigo.no. Dersom du ikkje held svarfristen vil søknaden din bli sett i passiv, og du mister tilbod om plass eller venteliste. til å søkje. Dessutan kan du bli overført til annan skole dersom den skolen du har fått plass ved ikkje kan tilby det framandspråket du har hatt i ungdomsskolen eller i Vg studiespesialiserande utdanningsprogram. Plass kan også trekkjast tilbake i løpet av sommaren, og i nokre få høve etter skolestart, dersom elevgrunnlaget blir for lite til at kurset kan setjast i gang. Klageadgang Dersom du meiner at søknaden din ikkje er behandla i samsvar med retningslinjene i inntaksforskrifta, kan du innan tre veker etter at inntaksresultatet er kjent, ca. 8. juli, klage skriftleg over avgjerda. Vi vil rå til at du tek kontakt med Inntakskontoret før klage blir innsendt. Eventuell klage må grunngjevast nøye. Merk at du i utgongspunktet ikkje har formell klagerett dersom du har for lite poeng til å kome inn på ein bestemt skole eller kurs. Atterhald til melding om plass Elevplass kan trekkjast tilbake dersom det har skjedd saksbehandlingsfeil ved Inntakskontoret, eller du sjølv har ført opp kurs som du ikkje er kvalifisert Ventelisteplassering Vi gjer merksame på at opplyst ventelisteplassering kan bli endra til høgare nummer ved ein seinare inntaksomgang. Hovudgrunnane til at dette kan skje er som oftast at søkjarar har fått medhald i 6

klagebehandling av karakterar, eller at nye søkjarar har flyttar til Hordaland saman med foreldre i inntaksperioden. Skolestart Alle vidaregåande skolar i Hordaland tek til 7. august, men fram møtetid kan variere frå skole til skole, og frå kurs til kurs, også på same skole. Tilbodet om elevplass gjeld berre for den dagen skolen startar. Dersom du ikkje møter fram til. skoledag blir du stroken som elev, og du kan ikkje seinare krevje å få tilbake plassen. Har du gyldig fråværsgrunn (sjukdom eller annan sosial grunn, dokumentert av lege eller offentleg instans) må du varsle skolen seinast første skoledag. Gyldig fråværsgrunn må gjevast til skolen over telefon, og dokumentasjon må leverast til første frammøtedag. Utan dokumentasjon kan du ikkje rekne med å få behalde tildelt plass. Du kan ikkje rekne med å få fri til feriereiser ved skolestart. Det er den einskilde skole som i kvart høve vurderer søknad om evt. permisjon ved skolestart. Kriteria for permisjon er strenge. Utan skriftleg permisjon frå skolen kan du miste tildelt skoleplass dersom du likevel reiser. Merk at du ikkje kan krevje å få plassen din tilbake dersom du møter etter skolestart, og ikkje har fått formell skriftleg permisjon frå skolen. Du vil bli plassert nederst på evt. venteliste ved det kurset du har fått plass på før Inntakskontoret/skolen kan gje deg nytt tilbod om plass. Dersom du møter fram til skolestart, men deretter uteblir dei to følgjande skoledagane, vil du også miste plassen utan nærare varsel. Same reglar som ovanfor om manglande frammøte. skoledag vil gjelde dersom du seinare møter fram på skolen. Gyldig fråværsgrunn må gjevast til skolen over telefon frå første fråværsdag, og seinare dokumenterast skriftleg.»» Inntakskontoret har ikkje høve til å gi elevar utsetjing med skolestart eller fri i skoleåret. Evt. søknad om dette må sendast til den einskilde skole. Innvilga søknad skal vere underteikna av rektor, eller ein som har fullmakt frå rektor. 7

Inntak av elevar ETTER skolestart Det kan vere ledige plassar ved ein del kurs etter skolestart. Grunnen til dette er som oftast at elevar ikkje møter fram til skolestart. Dersom det er venteliste til eit kurs med ledig plass skal denne følgjast før vi kan tilby plass til andre interesserte. For skolane i Bergen er det Inntakskontoret som tar inn elevar til ledige plassar. Dette vil bli gjort samla to dagar i veke 34. Sjå nærare informasjon på hordaland.no/opplaring like før skolestart. Frå. september er inntaket formelt avslutta, og det er skolane som tek inn elevar til eventuelle ledige plassar. Merk likevel at det er svært få ledige plassar ved skolane i Bergen på dette tidspunktet. Det har ingen hensikt å møte direkte på skolen for å få plass ved skolestart. Inntakskontoret/skolen skal følgje ventelista heilt fram til. september. Formelt sett er det Inntakskontoret som også har ansvaret for inntak i skoleåret. Dersom du får avslag på søknad om plass ved ein aktuell skole i skoleåret, kan dette påklagast skriftleg til Inntakskontoret. Skolar utanfor Bergen tar inn elevar sjølv etter at dei har fått oversyn over ledige plassar. Dette vil vanlegvis vere eit par dagar etter skolestart. Sjå også inntakskalenderen side 4. 8

Spørsmål og svar Husk alltid å opplyse fullt fødsels- og personnummer når du tek kontakt med Inntakskontoret Ofte stilte spørsmåi FØR inntaksresultatet er sendt ut Eg angrar på det eg har søkt, kan eg få endre søknadsprioriteringa mi? Som hovudregel er det berre mogleg å endre søknadsprioriteringa dersom du skal flytte, eller det har oppstått spesielle årsaker som gjer det naudsynt å endre søknaden. Dersom det ser ut til å bli ledige plassar på den skolen/kurset du ønskjer å bytte til, vil også omprioritering av ønska dine bli godkjent utan særleg grunngjeving. Søknad om endring av søknadsprioritering må vere skriftleg, og må underskrivast av søkjar. Etter 23. juni vil ingen søknader bli endra uansett årsaker, men du kan ta ny kontakt etter at. inntaksomgang er ferdig for informasjon om evt. omprioritering. Eg har søkt vidaregåande kurs 2 og 3, men får for dårlege karakterar til å vere kvalifisert for inntak til desse kursa. Kva kan eg gjere? Ta kontakt med rådgjevar eller elevinspektør på din skole. Dei kan informere deg om retningslinjene for å endre søknaden i slike høve. Etter at skolen er ferdig i juni må du kontakte Inntakskontoret dersom du ønskjer å endre søknaden til kurs som du er kvalifisert for. Eg har reist på ferie når melding om inntaksresultatet kjem. Korleis skal eg kunne svare på om eg tek imot plassen? Sidan du får melding på sms når inntaksresultatet er klårt, og du som hovudregel skal svare på www.vigo.no, er dette problemet mykje mindre enn tidlegare. Dersom du ikkje har med eigen PC på ferie vil du alltid kunne finne ein internettcafe eller lignande. Du kan også kontakte Inntakskontoret på e-post eller telefon. Merk at du ikkje treng å vente til du har mottatt SMS frå oss om at inntaksresultatet er klart. Ikkje alle tekstmeldingar til utlandet når fram. Frå 8. juli kan du uansett finne inntaksresultatet på vigo. no sjølv om du ikkje har mottatt tekstmelding om dette. Er det sant at inntaket til dei vidaregåande skolane blir gjort på bakgrunn av karakterane eg fekk til. termin i 0. klasse? Nei, det er standpunkt og eksamenskarakterane dine på vitnemålet ditt frå 0. klassse som er poeng gjevande. Terminkarakterane frå. termin har ingen betydning. Kor mange strykkarakterar kan eg ha og likevel få plass i Vg2 og Vg3? Hovudregelen er at du er ukvalifisert for opprykk til høgare kursnivå med meir enn tre strykkarakterar/ikkje vurdering i poenggjevande fag. Det er likevel skolen som skal avgjere om du kan bli med i inntaket, til høgare kursnivå sjølv om du har meir enn tre strykkarakterar. Slik vurdering skal du ha skriftleg frå skolen din. Er det mogleg å få vite inntaksresultatet før dei datoane som er opplyste i inntakskalenderen? Nei. 9

Ofte stilte spørsmåi ETTER at inntaksresultatet er sendt ut Kva skjer dersom eg ikkje får tilbod om skoleplass ved. inntaksomgang?!! Alle søkjarar med formell opplæringsrett (Ungdomsrett) vil få eit skole-/kurstilbod før skolestart. Dersom du ikkje får tilbod ved. inntaksomgang rår vi til at du tek personleg kontakt med Inntakskontoret for informasjon. Mellom anna kan det vere aktuelt å føre opp fleire kurs, eller føre opp fleire skolar under kvart kurs du har søkt. Dersom eg svarar Nei til første-ønsket mitt, vil eg då få nytt tilbod på lågare prioriterte ønskje seinare i inntaksperioden? NEI. Dersom eg svarar Ja til plass og Ja til å stå på venteliste, kan eg då velgje kva plass eg vil ha dersom eg får plass på høgare prioritert ønskje ved 2. eller 3. inntaksomgang? Nei. Når du får plass på høgare prioritert ønskje, mister du automatisk tilbod som er gitt tidlegare på lågare prioritert ønskje. Korleis blir poengsummen min rekna ut?!! Alle karakterar, standpunkt-/ eksamenskarakterar frå kompetansegjevande kurs, blir summerte og dividert på tal-karakterar. Snittkarakteren blir deretter multi plisert med 0, og dette blir den poeng summen du konkurrerer med i inntaket. Døme: Dersom du har karakteren 4 i alle fag blir karakterpoengsummen din i inntaket 40 poeng. Desse retningslinjene gjeld uansett om du søkjer til Vg med ungdomsskolekarakterane dine, eller til Vg2 og Vg3. Tilleggspoeng Søkjar med folkeregistrert adresse i Hordaland pr.. mars 20 får 200 tilleggspoeng. Poengsummen som du ser på vigo.no vil difor starte med 200 poeng, og deretter kjem karakterpoenga. Kven får plassen dersom det er fleire søkjarar med same poengsum? Dersom fleire søkjarar står likt i konkurransen om den/dei siste plassane, blir det nytta maskinell loddtrekning for å avgjere kven som får tilbod om plass og kven som blir førte på ventelista. Kva poenggrenser er det for inntak til dei ulike skolar/kurs? Poenggrensene endrar seg mellom inntaksomgangane. Vi har ikkje kapasitet til å utarbeide eit poengoversyn etter kvar inntaksomgang. For einskilde skolar/kurs kan du likevel få opplyst dette, men vi må be om å få slike førespurnader på e post. Det vil ta for lang tid å finne fram dette mens du ventar på telefonen. Poengsummen i seg sjølv er ikkje så viktig sidan det er plasseringa på ventelista som seier noko om sjansane dine til å få plass. 0

Kan Inntakskontoret hjelpe til med at eg blir plassert i same klasse som den/dei eg ønskjer å gå i klasse med på vidaregåande skole eller den/dei eg ikkje vil gå i same klasse med? Nei. Det er skolane som plasserer elevane i klasse, og det kan vere vanskeleg for dei å ta omsyn til alle ønskje om klasseplassering. Uansett må slike ønskje rettast skriftleg til den einskilde skole. Eg har for lite poeng til å få plass ved det kurset eller den skolen eg ønskjer. Kva kan eg gjere for å få tilleggspoeng til neste år? Det er diverre svært lite du kan gjere, bortsett frå å prøve å forbetre karakterane dine. Du får ikkje lenger tilleggspoeng ved søknad til vidaregåande opplæring uansett om du arbeider eller går på annan skole. Sjå også side 0. Eg veit at Inntakskontoret har adresse i Agnes Mowinckels gate nr. 5, men kor i Bergen er dette? Du finn oss i 6. etasje i Fylkeshuset, som er den lysebrune høgblokka rett over gata frå Bystasjonen eller like før du kjem til Legevakta. Er du mindre kjent i Bergen tek du utgangspunkt frå Bystasjonen, og brukar fotgjengarundergangen mot sør. Deretter tek du til venstre og ca. 00 meter lenger framme finn du oss. Sjå også kart side 2. Kan eg endre på søknadsprioriteringa etter. inntaksomgang? Som hovudregel er det ikkje mogleg å endre priori teringa fordi dette kan gå ut over andre søkjarar. Førespurnad om endring blir likevel behandla indivi duelt. Dersom det er lite søkjarar til eit kurs, eller det er ledige plassar, vil søknader om omprioritering bli innvilga.

Kan eg sjå endringar på ventelista i perioden mellom inntaksomgangane? Nei, det må alltid gjerast eit nytt inntak før det blir endringar på ventelista. Kan eg byte skoleplass med ein annan søkjar? NEI. Kan eg søkje om permisjon etter at eg har fått tilbod om plass? Du kan søkje permisjon dersom det er særlege grunnar som gjer at du ikkje kan ta imot den plassen du har fått tilbod om. Dette kan vere sjukdom, graviditet, omsorg for barn, militærteneste eller spesielle sosiale årsaker. Dersom du ønskjer å ta eit friår eller eitt år på skole i utlandet, skal du ikkje søkje formell permisjon, fordi dette er eit frivillig avbrot av utdanninga. Er det vanskeleg å få kontakt med Inntakskontoret på telefonen? Ja, særleg dei første dagane etter kvart inntak, og dagane før skolestart, er det mange som ringjer oss. Det er difor vi tilrår bruk av e-post. Med e-post får du svar på kvardagar innan 24 timar, som oftast tidlegare. Kvifor må Inntakskontoret ha fullt fødsels og personnummer for å kunne seie noko om søknaden min på telefonen, eller når eg sender e-post? Grunnen til dette er at opplysningar om skolesøknaden din ikkje skal kunne opplysast til enn andre enn deg sjølv eller den du gir fullmakt. Dette er din tryggleik for at andre ikkje får opplysningar om deg. Mange veit sikkert kor tid du er født, men dei har ikkje rett til å få vite noko om søknaden din for det. 2

Får eg stipend når eg er elev i vidaregåande skole?!! Elevar i den vidaregåande skolen med Ungdomsrett har rett til utstyrsstipend. Stipendet avheng ikkje av kva foreldra dine tener. Det er Statens lånekasse som administerer ordninga med utstyrstipend. Sjå nettsida, lanekassen.no. Det er viktig å vere merksam på at utstyrstipendiet er meint som eit tilskot. Det vil ikkje dekkje alle utgifter på alle utdanningsprogram. Elevar ved restaurant- og matfag og helse- og sosialfag skal framleis betale kostpengar og/ eller losji etter eigne satsar. Prisane vil variere frå skole til skole, m.a. fordi det er ulikt kor mange måltid eleven betalar for på den einskilde skole. Prisar for dette vil vere lagt ut på skolane sine heimesider i løpet av våren 20. Også elevar på andre utdanningsprogram må rekne med at utgifter til læremiddel og naudsynt utstyr blir større enn stipendiet. Må eg betale reiseutgifter mellom heim og skole?!! I Hordaland nyttar elevane som hovudregel ungdomskort til skoleskyssen. Dette gjeld og elevar med avstand heim-skole over 6 km. Det betyr at funksjonsfriske elevar under 20 år som bur innanfor definerte område med tilfredsstillande kollektivtilbod på fritida, ikkje har rett på gratis skolereisekort. Dei må løyse ungdomskort om dei ønskjer skyss. Meir informasjon finn du på internett www.hordaland.no/samferdsel under skoleskyss. Får eg min eigen PC i offentleg vidaregåande skole? Det er innført ei ordning med obligatorisk berbar pc for elevar i vidaregåande skole. Den berbare pc en blir levert ut ved skolestart og du disponerer den så lenge du er elev ved ein av våre skolar. Det er utarbeida eit regelverk som omtaler dine rettar og plikter i høve til dette. Meir informasjon om ordninga finn du på www.hordaland.no under vidare gåande opplæring elev-pc. 3

Adresseliste Oppfølgingstenesta/PPT i Hordaland Område Adresse Telefon Bergen Sentrum/Vest og kommunane Fjell, Sund, Øygarden og Askøy Besøksadr.: Agnes Mowinckels gt. 6, Bergen Postadr.: Hordaland fylkeskommune, OT / PPT Postboks 7900, 5020 BERGEN postmottak.otppt@post.hfk.no Telefon 55 23 94 70 Bergen Sør og kommunane Os, Fusa, Tysnes og Austevoll Bergen Nord, Samnanger og alle kommunar i Nordhordland Hardanger/Voss OT / PPT Nesttun: Besøksadr.: Østre Nesttunvei 20, 522 Nesttun Postadr.: Postboks 84 Nesttun, 5852 BERGEN E-post: otppt.bgs@post.hfk.no Myrdalsvegen 22, 53 NYBORG E-post: otppt.bgn@post.hfk.no OT / PPT Voss: Besøksadr.: Miltzows gata 2, Voss Postadr.: Postboks 222, 5702 VOSS E-post: otppt.voss@post.hfk.no Telefon 55 74 50 Telefon 55 53 9 30 Telefon 56 5 47 80 OT / PPT Kvam: Besøks-/Postadresse.Grovabrotet 8, 5600 Norheimsund E-post: otppt.kvam@post.hfk.no Telefon 56 55 30 50 Sunnhordland OT / PPT Stord: Besøksadr.: Sævegen 2, Leirvik Postadr.: Postboks 674, 5404 STORD E-post: otppt.sunnh@post.thfk.no Telefon 53 40 20 40 Søkjarhandboka er utgitt av Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune, Inntakskontoret Redaktør: Nils Skavhellen Omslaget er laga av Maria Bogevik Brandal, Fusa Vidaregåande Skule, Studiespesialiserande med formgjeving, VG3 Skrifter: Glasgow, skåret av Steve Jackaman (954 ) og Melior Illustrasjonsbileter: istockphoto/shutterstock Opplag: 24.000 Grafisk produksjon: Bodoni Bergen 20 4

Adresser til inntakskontora i Norge Akershus Postboks 200-Sentrum, 007 Oslo Telefon 22 05 50 22 Aust-Agder Postboks 788 Stoa, 4809 Arendal Telefon 37 0 74 0 Buskerud Postboks 3563, 3007 Drammen Telefon 32 80 86 43/44 Finnmark Fylkeshuset 985 Vadsø Telefon 78 96 20 00 Hedmark Postboks 4404 Bedriftssenteret, 2325 Hamar Telefon 62 54 48 00 Møre og Romsdal Fylkeshuset, 6404 Molde Telefon 7 25 87 75 (09 00 3 00 ) Nordland Fylkeshuset, 8048 Bodø Telefon 75 65 02 0 (09 00 3 00 ) Nord-Trøndelag Postboks 2560, 7735 Steinkjer Telefon 74 Oppland Postboks 988, 2626 Lillehammer Telefon 6 28 92 00 Oslo Postboks 627, Etterstad 0602 Oslo Telefon 85 68 440 Rogaland Postboks 767 4004 Stavanger Telefon 5 5 69 00 Sogn og Fjordane Askedalen 2 6863 Leikanger Telefon 57 65 62 99 Sør-Trøndelag Postboks 2350 Sluppen, 7004 Trondheim Telefon 73 86 63 40 Telemark Postboks 2844, 3702 Skien Telefon 35 9 73 70 Troms Postboks 6600, 9296 Tromsø Telefon 77 78 80 98 / 8 Vest-Agder Postboks 57 Lund, 4605 Kristiansand S Telefon 38 02 52 00 Vestfold Svend Foyns gt. 9 326 Tønsberg Telefon 33 34 4 72 Østfold Postboks 220 702 Sarpsborg Telefon 69 70 50

HORDALAND FYLKESKOMMUNE Er du registrert med rett mobilnummer i Vigo.no? Dersom du har søkt vidaregåande skolar eller læreplass for neste skoleår er det viktig at du står registrert med rett mobilnummer i vigo.no. Dersom du har skifta mobilnummer etter. mars, eller ønskjer å få sms til eit anna nummer, er det svært viktig at du går inn på vigo.no og endrar nummeret. Gjer dette no, så slepp du å miste viktig informasjon om skoleplass til sommaren. Ta eventuelt kontakt med Inntakskontoret på telefon 55 23 94 60 eller e-post «inntak@post.hfk.no og opplys fullt fødsels- og personnummer, så skal vi endre dette direkte utan at du treng gå inn på vigo.no. Dersom du får nytt mobilnummer før skolestart er det også vilktig at du registrerer dette på vigo.no, eller tar kontakt med Inntakskontoret i løpet av sommaren. 6