Kyrkjeblad for Øygarden



Like dokumenter
Til deg som bur i fosterheim år

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

Referat frå Soknerådsmøte 17.oktober 2013

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Møteprotokoll for møte i

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Velkomen som konfirmant!

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

6. trinn. Veke 24 Navn:

Jon Fosse. For seint. Libretto

5. Soknerådsmøte mai Referat

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Opplegg for ei samling i kyrkjerommet, gjerne før utdeling av Skatten i Liljedal av Runar Bang

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Soknerådsmøte FOK 14. november 2013

Liturg: I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande (krossteikning).

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar

Plan for undervisning

S.f.faste Joh Familiemesse

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

Velkomen som konfirmant


FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato:

Ordinasjon og innsetjing av forstandar og/eller eldste i same gudsteneste

Visitasforedrag ved bispevisitas i Høyanger og 10. mars 2019

ORDNING FOR KONFIRMASJON

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

/

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

PROTOKOLL FRÅ UNGDOMSTINGET BJØRGVIN BISPEDØME, ST JAKOK KYRKJE, BERGEN april 2015:

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato:

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato: 15. april 2015

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Ledersamling Betania Av Olav Vestbøstad

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon:

Velkomen til soknerådskurs

Visitasforedrag ved bispevisitas i Samnanger november og 3. desember 2017

Vi inviterer. Oppheim og Vinje kyrkjelydar

Informasjon til elevane

L Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus.

Brødsbrytelsen - Nattverden

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

FJELL-LY POSTEN. Utgitt av Midthordland Indremisjon - Nr

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID

Kjære KUL-konfirmant (og føresette)!

Kandidater til MUF-styret. Inger Elise Kjøndal Margot Fosen Astrid Rydland Bjørke Eivind Bø Sven Arne Lundeby Eirik Nyfeldt-Bø Hanne Asp


SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP NYNORSK

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

2Tim 3:14-17 «Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei

Brukarrettleiing E-post lesar

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

DEN NORSKE KYRKJA Klepp sokneråd

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Info til barn og unge

10 mest brukte navn ; jenter/kvinner. * betyr at flere skrivemåter er slått sammen

PIONÉRMAIL. mai :: 2014

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Månadsplan for Hare November

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon:

Transkript:

NR. 4 September 2011 38. ÅRGANG Kyrkjeblad for Øygarden Sjå, eg skaper noko nytt. No gror det fram. Jes. 43,19 Sjå intervju med Turid og Janesh på siste side I dette nummeret kan du m.a. lesa: Referat frå eldreturen i juni side 5 Konfirmantjubileum i Hjelme og Blomvåg side 6 Nye fjes side 9 Haustprogram for lag og organisasjonar side 14 Kyrkjevalet 2011. Kandidatpresentasjon side 15 20 Foto: ONT

SOKNEPRESTEN HAR ORDET På den nasjonale minnedagen 21. august etter terrorangrepa 22. juli preika mange prestar over 1. Kor.13. etter tilråding av kyrkjeleiinga. Eit godt råd, som eg óg fulgte ved Høgmessa i Hjelme Gamle Kyrkje denne 10. søndagen i treeiningstida. No er vi ved avslutninga av sørgeperioden. Men vi treng óg å ta med oss desse orda, ofta kalla «Kjærleikens høgsong», når vi no går attende til «vanleg» modus: Om eg talar med mennesketunger og engletunger, men ikkje har kjærleik, då er eg ein ljomande malm eller ei klingande bjølle. Om eg har profetgåve og kjenner alle løyndomar og eig all kunnskap, og om eg har all tru, så eg kan flytta fjell, men ikkje har kjærleik, då er eg ingen ting. Om eg gjev alt eg eig til mat for dei fattige, ja, om eg gjev meg sjølv til å brennast, men ikkje har kjærleik, då gagnar det meg ingen ting. Kjærleiken er langmodig, kjærleiken er velviljug, han misunner ikkje, briskar seg ikkje, blæs seg ikkje opp. Kjærleiken gjer ikkje noko usømeleg, han søkjer ikkje sitt eige, harmast ikkje, gøymer ikkje på det vonde. Han gleder seg ikkje ved urett, men gleder seg ved sanninga. Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han. Kjærleiken fell aldri bort. Profetgåvene skal få ende, tungene skal tagna, og kunnskapen skal ta slutt. For vi skjønar stykkevis og talar profetisk stykkevis. Men når det fullkomne kjem, skal det som er stykkevis, få ende. Då eg var barn, tala eg som eit barn, tenkte eg som eit barn, dømde eg som eit barn. Men då eg vart mann, la eg av det barnslege. No ser vi som i ein spegel, i ei gåte; men då skal vi sjå åsyn til åsyn. No kjenner eg stykkevis, men då skal eg kjenna fullt ut, liksom eg fullt ut er kjend av Gud. Så vert dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken. Dette er særs viktige ord. Og som dykkar prest vil eg gjerne leggje dykk på hjarte kva som er Kjærleikens Grunn. I det daglege, og i våre liv finn vi mykje som ikke harmonerer med dei vakre orda Apostelen Paulus skriv til sin kjære kyrkjelyd i Korint. Kanskje det same gjeld både i verdsleg, såvel som i kyrkjepolitikk? Så skal vi få ta med oss at den kjærleiken som den kjende bibelteksten talar om, djupast sett ikkje er noko anna enn Kristi kjærleik! Du kor vi treng Han! I livet, i landet, og i kyrkja! Paulus sin apostelkollega Johannes seier det slik: «Kjærleiken er ikkje det at vi har elska Gud, men at han har elska oss og sendt Son sin til soning for syndene våre.» (1.Joh,4,10) Det er Jesus som er den langmodige, velviljuge, som ikkje misunner, ikkje briskar seg, ikkje blæs seg opp. Han gjer ikkje noko usømeleg, søkjer ikkje sitt eige. harmast ikkje, gøymer ikkje på det vonde, gleder seg ikkje ved urett, men gleder seg ved sanninga. Og i Jesus er dét sant: Størst er kjærleiken! Han steig ned like til oss, for å frelsa oss, og føra oss til Himmelen ved seg! Han kan óg senda sin Ande, som verkar godleik og miskunn, men óg frimot som med kjærleik kan påtale urett og gjere oss sanne I all vår ferd. Men det forpliktar å kjenna Jesus: «Kva kjærleik er, har vi lært av at Jesus gav livet for oss. Så er det vår skyldnad å gje livet for brørne.» (1.Joh.3,16) Difor ser Herren etter kjærleik óg hjå oss. Måtte det vera slik at andre kan seia om oss: Han/ho var der noko med! Han/Ho var visst ein kristen! Svenn Martinsen sokneprest@kyrkja.net ØyNytt kyrkjeblad for Øygarden Utgjevar: Hjelme og Blomvåg kyrkjelydar Redaktør: Odd N. Thormodsæter Kontingent: Min. kr 125,- *innan kommunen Min. kr 175,- utanom kommunen Takkeannonsar: kr 100, Kontonr. 3628.07.02557 Trykk: Bodoni Distribusjon i Øyg. Hurtiglevering, tlf 9866 5329 Kyrkjekontoret: Besøksadresse: Rong senter, 2. etasje Postadresse: Boks 144, 5331 Rong Telefon: 5638 2240 Faks: 5638 2241 Vakttelefon prest: 5638 2244 E-post: kontor@kyrkja.net Heimesider: www.kyrkja.net Ekspedisjonstid: måndag fredag: 0900 1500 Tilsette: Kontorleiar: E-post: Den norske kyrkja i Øygarden Kari Sandøy Rong kontor@kyrkja.net Barne- og ungdomskonsulent: Hogne Berland E-post: pedagog@kyrkja.net Telefon: 9868 3424 Kantor: Anne Lise Grøm E-post: kantor@kyrkja.net Tlf. 5638 2245/9188 1208 Sokneprest: Svenn Martinsen E-post: sokneprest@kyrkja.net Tlf. 5638 2244/9506 7890 Diakonimedarbeidar: Bjørg Blom E-post: diakon@kyrkja.net Tlf. 4781 6181 Kyrkjeverje: Odd N. Thormodsæter E-post: kyrkjeverje@kyrkja.net Tlf. 5638 2243/990 16 616 Kyrkjetenar/kyrkjeg.arb. Blomvåg: Kåre Kristoffersen, 911 05 197 Kyrkjetenar/kyrkjeg.arb. Hjelme: Janesh Amenya 958 23 472 Blomvåg kyrkje: 5638 7022 Hjelme kyrkje: 5638 8030 Råda: Øygarden sokneråd: Leiar: Olaug Merete Rong Øygarden kyrkjelege fellesråd: Leiar: Atle Dåvøy 2 ØyNytt 4/11 Frist for stoff til nr 5 er 20. oktober. Frist for stoff til nr 6 er 24. november. Beredskapsordning for Vesthordland prosti Tlf. 954 83 655 Denne ordninga gjeld berre for tenester som ikkje kan venta, slik som dødsbod og støtte i kritiske situasjonar. Beredskapordninga gjeld på kvardagar frå kl 1700 til kl 0800 neste dag. Laurdag og søndag gjeld ordninga heile døgeret. Vakttelefonen for Øygarden på dagtid er som før 5638 2244.

MIN SALME av Berit Tordis Bakken 1. Jeg er en seiler på livets hav, på tidens skiftende bølge. Den Herre Jesus meg kursen gav, og denne kurs vil eg følge. Eg stevner frem mot dei lyse lande med livsens trær på de skjønne strande, Hvor evig sol og sommer er. 2. Iblant eg seiler for medvinds bør i andres kjølvann og følge, som just lik meg denne reise gjør hen over jordlivets bølge. Og havet smiler, og solen skinner, min dag så stille og blid henrinner, Mens vinden fyller alle seil. 3. Men ofte ensom i brott og brann i uvæsnetter jeg seiler, da ingen kjenning jeg har av land, og intet fyrtårn jeg peiler. Men når jeg nær tror mitt skip begravet, da kommer Jesus på bølgehavet, Om først i siste nattevakt. 4. Mitt skip er lite og havet stort. Det rommer tusener farer. Men storm og bølge ei skyller bort det skip som Herren bevarer. For ennå skjer det som før det gjorde, når Jesus selv kommer innen borde: Da legger havet seg igjen. 5. Når siste storm er en gang ridd av og hjemmets kyster eg skimter, jeg ser i solglans et annet hav, krystall som funkler og glimter. Jeg skuer portenes perlerader og hører englenes myriader Som hilser meg velkommen hjem. 6. La ankret falle! Jeg er i havn i ly for brenningens vover! Jeg kaster meg i min Frelsers favn, han som har hjulpet meg over. Og kjente, elskede stemmer kaller, mens ankret sakte og stille faller. I evighetens lyse land. Denne songen eg har valt har følgt meg heilt frå barndommen. Mor song den ofte i heimen og dette var den første songen eg tenkte på då eg fekk spørsmålet om å skriva om «Min salme». Då mor døydde sa den eine søstera mi at vi måtte ha denne songen i gravferda. Og slik vart det. Innhaldet i desse 6 versa har betydd mykje for meg opp gjennom åra. Guds omsorg for oss gjeld i alle livsfasar heilt til Herren tek oss heim til «evighetens lyse land». Eg utfordrar Audun Sæle til å skriva om «Min salme» til neste nummer. «Ditt ord held meg i live» «Det er mi trøyst i nauda, at ditt ord held meg i live.» (Salme 119,50) Det kan ikkje gjentakast ofte nok kor viktig det er å lese Guds ord. For mennesket lever ikkje av brød åleine. Ofte kan ein få inntrykk av at dei materielle verdiar betyr mest for mange. Bibelen forkynner at det berre er Guds Ånd, ved Ordet, som kan vise oss kva vi har i Jesus. «Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss.» (Johannes 1,14). Les vi Guds ord regelmessig og fordjupar oss i det, så vil det trengje seg inn og prege oss. Det betyr uendeleg mykje både for dagen og framtida. Maria sat ved Jesu føter og høyrde hans ord, og det vart til hjelp for henne. «Lat Kristi ord få rikeleg rom hos dykk, så de med visdom kan undervisa og rettleia kvarandre, med salmar, hymner og åndelege songar.» (Kolossarane 3,16). KPK ØyNytt 4/11 3

MISJONSSTOFF FRÅ SANDEN Barnenytt fra Sanden i Oussoudidiagna-Mali, mai 2011 I mai har det skjedd mange ting! Ganske med en gang reiste Ester Kristine og Hild Elida sammen med lærerne på leir. Vi kjørte til Manantali. Der er det et lite hus som misjonen leier. I Manantali er det en demning som lager strøm, så der er det gratis strøm. Derfor kunne vi ha på aircondition hele tida da vi var inne. Vi gikk på tur og bada, kjøpte yoghurt og melk og sjokoladepulver på butikken, bakte muffins og pitabrød, så på film og koste oss masse. Så har vi feira 17. mai. Det var veldig gøy. Skolen lagde pølse- og hamburgerbrød om formiddagen. Klokka to var det tog i huset til Møyfrid og Kristian. Vi gikk på verandaen, inne i huset og ute, før vi sang «Ja vi elsker». Ester Kristine holdt tale for dagen, og skolen sang. I kiosken kunne vi få pølser, hamburgere, brus og is helt gratis. Etterpå var det sporlek med luftgeværskyting, huskeoppgaver, stabling av pinner, med mere, og begge lagene fikk 117 poeng! I slutten av mai var det seminar i kirken. Nesten alle de kristne var samla til møter formiddag og ettermiddag. Barna gikk litt til og fra, hørte på litt og lekte litt ute. Vi var ikke med hele tiden, men gikk bort da det var mat. Tre damer kom med digre plastbaljer fulle av ris og saus. De delte det ut i mindre fat, og så spiste vi med fingrene. På søndag var det helt fullt i kirken, og på søndagsskolen kom det så mange at det nesten ikke var plass! Vi måtte sitte helt tett i tett på mattene på gulvet, og det var ikke så mange farger til hver. Men det er veldig bra at det er mange barn som vil høre om Jesus! John Kåre har fått seg nye venner. De bor rett på andre siden av veien for oss, så det er kort vei. Hver morgen, litt over seks, spør han Jan om han kan låse opp porten for han vil besøke Gondå. Det får han ikke lov til før Jan kjøper brød klokka sju. Og så løper han fram og tilbake noen ganger, og spiser frokost enten hos oss eller dem. Gondå er ei jente på to år, men han leker like mye med storebrødrene Bira på seks og Mossa på fire. Pappan deres Mahadi ble døpt i januar, og nå har guttene begynt å gå i kirken. Mamman, Sanko var med på seminaret. Vi ber om at hele familien skal bli venner med Jesus! Og snart skal de få en ny baby. I hele mai har det vært kjempevarmt! Vi svetter hele tiden, og har litt varmeutslett. Vi har sovet ute i hagen, men nå sover vi på verandaen fordi det regner av og til. I dag pakker vi bilen, og i morgen reiser vi til Bamako. Der er det basseng. Torsdag 9. reiser vi til Norge. Ester Kristine skal gå litt på Alvheim skule etter pinse. Hild Elida har hatt sin siste førskoledag i hele sitt liv. John Kåre gleder seg til å kjøre båt! Hilsen Ester Kristine, Hild Elida og John Kåre 4 ØyNytt 4/11

REFERAT FRÅ ELDRETUREN 22.JUNI 2011 Turen var planlagt å gå frå Øygarden til Dale og vidare til Verpelstad gard i Vaksdal kommune. Sola gav håp for dagen alt frå morgonen av. Bussen starta frå Hellesøy kl 8.30 og plukka opp reiselystne pensjonistar på vegen sørover i kommunen. Nærare Bergen hadde Else eit ord for dagen og me song oss i den rette stemninga for turen. Me hadde laga ark med songar og dei vart mykje brukte. Alle tunnelane stengde for utsyn og somtid måtte me ta pause i opplesing og songtekstar, men det sette ingen dempar på turstemninga. Praten gjekk ivrig i buss-seta. Ca kl. 11 kom me fram til Dale. Der venta kaffi og rundstykke på Coopkafeen. Alt var gjort ferdig for oss, det var berre og sessa seg og nyta minimåltidet. Det var gravferd i kyrkja og me laut venta til den var slutt, men det gjorde at organisten var til stades og var viljug til å spela for oss. Han held ein minikonsert for oss i den vakre, majestetiske Dale-kyrkja. I tillegg song buss-sjåføren, Arnfinn Norheim, og held andakt for oss. Stunda i kyrkja vart stor. Den vart noko me lever lenge på og som me takkar for å ha opplevd. Til slutt orienterte kyrkjetenaren om historia for Dalekyrkja og om innhaldet i den så som altartavle, preikestol, døypefont o.a. Så bar det til fjellgarden Verpelstad, 3 km bratt opp i fjellet. Vegen var bra, og med ein røynd sjåfør, var me i dei beste hender. Me vart godt mottekne av eigaren, Odd Reigstad.00. Menyen var lammesteik og is med skogsbær og kaffi. Eit utsøkt måltid på ein heilt vanleg onsdag! Eigaren fortalde om Verpelstad for oss. Før han kjøpte den på tvangsauksjon var det framleis ein veglaus fjellgard. Garden har vore der sidan 1500-talet. Garden er no ombygd til selskapslokale og kva den mannen har fått til, må berre sjåast for å fatta. Både ute og inne var det storslege. Me tok oss god tid, drøste og saug inn alle inntrykka frå staden. På heimvegen var det berre godord å høyra. Turen hadde vore maks vellukka for alle. God sommar frå oss i komiteen. Else Austbø VESTGAR ELEKTRO Lydopptak frå innviinga av Hjelme kyrkje 13. juni 1971 Opptaket er overført til CD i format MP3. CD-en kan kjøpast på kyrkjekontoret for 50 kr. Ved sending i posten kjem porto i tillegg. @ ØyNytt 4/11 5

KONFIRMANTAR 17. SEPTEMBER 1961 BLOMVÅG Fotograf: Haugland, Frekhaug. Bildet er lånt ut av Anders Vik. Fotoeigar: Eldbjørg Møllerup 1. rekkje: Liv H. Breivik, Aslaug Oen, Laila Blom, Sigrunn Fjeldstad, Knut Hernes, Thomas Heiberg Jacobsen, Wenche Misje, Anne Lise Pahr, Marta Alvheim, Aud Kårbø. 2. rekkje (bak prestane): Norunn Rong, Jorun Toftevåg, Hjørdis Vik, Tordis Harkestad, Annlaug Rong. 3. rekkje: Margun Torsvik, Jorunn Turøy, Anna Rong, Anne Karin Misje, Petra Dale, Anne Karin Dale, Anne Lise Sæle, Brit Rong, Torbjørg Torsvik, Alfhild Dåvøy, Vigdis Wilhelmsen, Aud Rong. 4. rekkje: Malvin Alvheim, Oddvar Torsvik, Ove Torsvik, Kari Turøy. 5. rekkje: Kjell Turøy, Audun Kristoffersen, Anskar Misje, Ingrid Heggøy, Brit-Sissel Herdlevær, Anne Karin Dåvøy, Aud Jorun Dåvøy, Inger Karin Torsvik, Paul Dåvøy, Odny Dåvøy, Magnar Vik. 6. rekkje: Gunnar Torsvik, Olav Kristoffersen, Anton Torsvik, Asbjørn Kristoffersen, Asbjørn Dale, Oddvar Haugetun, Birger Vestheim, (litt skjult) Bjørn Dale, Malvin Blom. 7. rekkje: Arvid Breivik, Torleif Turøy, Otto Sæle, Trygve Fjeldstad, Jon Arne Berland, Leif Heggøy, Kåre Breivik,Martinus Fjeldstad, Kåre Nynes, Gunnar Solsvik, Magnar Blomvågnes, Jon Oen, Anders Vik. 8. rekkje: Kjell Mikkelsen, Einar Breivik, Kåre Heggholmen, Kjell Oen, Bjarne Vik, Håkon Rong, Svein Blomvågnes, Magne Herdlevær, Olav Rong, Karstein Magne Rong. 6 ØyNytt 4/11

50ÅRS KONFIRMASJONSJUBILEUM Jubilantane i Blomvåg gamle kyrkje 28/8 Første rekke frå venstre: Aud Jorun Dåvøy, Anne Karin Dåvøy Hellesund, Alvhild Aslaug Dåvøy Abildgaard, Brit-Sissel Karin Gaulen, Liv Haldis Breivik Solhaug, Anne Karin Dale Trellevik, Aud Margrethe Kårbø Oen, Anne Lise Sæle Dale, Lajla Elin Blom, Norunn Oddlaug Rong, Annlaug Berit Rong Jentoft Andre rekke: Aud Astrid Rong Sellevoll, Anna Rong Morken, Brit Johanne Rong, Inger Karin Torsvik Tjelta, Torbjørg Torsvik, Hjørdis Sigrun Vik, Kari Marie Turøy Kalvenes, Jorunn Oline Turøy Askø Tredje rekke: Malvin Gerhard Kvinge Alvheim, Jon Arne Berland, Kåre Magne Harkestad, Trygve Svein Fjeldstad, Martinus Fjeldstad, Kåre Heggholmen, John Ingvald Oen, Malvin Karl Blom, Magnar Karstein Blomvågnes, Birger Martin Rong Vestheim, Fjerde rekke: Karstein Magne Rong, Anton Martin Torsvik, Gunnar Terje Torsvik, Oddvar Gunnar Torsvik, Anders Vik, Gunnar Arthur Solsvik, Olav Kristoffersen, Audun Karstein Kristoffersen, Torleif Odd Turøy, Kjell Kåre Turøy, Heiderspris til Asbjørn Kvalbein Webpastor i Norea Mediemisjon, Asbjørn Kvalbein (67), vart i nyleg tildelt Kristent Radioforums Heiderspris 2011. I grunngjevinga til juryen heiter det at «Kvalbein har ein heilt unik produksjonskapasitet» og at han «lagar program med svært godt og variert innhald.» Juryen som har bestått av Geir Magnus Nyborg, Ragnar Sjølie og Vigleik Brekke, påpeikar at Kvalbein er ein framståande pioner innanfor lokalradiosektoren. Kvalbein var rektor på Mediehøgskolen Gimlekollen då lokalradioeventyret starta i Noreg. Han var også leiar av Norea Radio i den tida, og Norea starta tidleg med å knyte lokalradioar saman gjennom ulike program. Kvalbein er i dag ein av dei som er mest å høyre på kristne lokalradioar i Noreg. Juryen påpeikar at prisvinnaren stadig har vore oppteken av å fornye og utvikle seg. Han har makta å knyte radiomediet saman med andre format på web og i skrift. I dag er han kanskje mest kjend som webpastoren. KPK ØyNytt 4/11 7

50ÅRS KONFIRMASJONSJUBILEUM Jubilantane i Hjelme gamle kyrkje 21/8 Frå venstre: Wenche Judith Hernar Vinnes Turid Hennø Njåstad Arne Tore Johannessen Bjørg Anlaug Hernar Berland Egil Ingar Svellingen Anne Marie Heggøy Skorpen Gudrun Mariussen Nautnes Skjold Ut på tur Øygarden kommune oppmodar sine innbyggjar til å gå på tur både på «Kul-tur», «Min tur» og tursti-konkurransen. Kommunen og frivilligsentralen har saman fått i gong fleire gode turalternativer for å koma oss ut på tur. Alle stiane som er med i konkurranse er merka og det skal vere lett synlege postkassar med klippemaskin for avmerking på konkurransearket som alle har fått i postkassane (treng du fleire så ta kontakt med Servicetorget på rådhuset). Lokale turentusiastar har gjort dette arbeidet for oss, slik at me har fått fine kart knytt til kvar tur. Går du alle 10 turane og klipper i konkurranseheftet med merkeklipperane er du med i trekninga av fine premiar. Premie er ein GPS for vaksne og ein Ipod for born. I tillegg til dette vert det kvar onsdag gjennomført Kul-tur og anna kvar torsdag er det ein politikar som tek deg med på ein sjølvvalt tur. Program for desse turane har du og fått i postkassa turane vert annonsert på kommunen si heimesida fortløpande. God tur og husk klippekortet Turglede for store og små i ØYGARDEN Øygarden satsar på folkehelsa: TURSTI konkurranse med klippekort MIN TUR: Politikarane inviterer KUL-TUR: Formiddagsturar med guide brubyggjaren 8 ØyNytt 4/11

BARNE- OG UNGDOMSSIDER Nytt team! Sarah Ingebjørg Therese Iselin I år skal Øygarden ha team igjen, og det er ikkje kven som helst som har sagt ja til å vera med i team dette året! Alle fire jentene kjem nemleg frå Øygarden og er godt kjent med barne- og ungdomsarbeidet her både som leiarar og deltakarar. Vi tok oss ein prat med det nye teamet då dei var innom kyrkjekontoret. Tekst og foto: Hogne Berland Therese Dale, Sarah Elise Guntveit, Iselin Toft og Ingebjørg Martinussen er namna du må lære deg med ein gong viss du ikkje kjenner dei. Dei vil du nemleg treffe på både her og der i året som kjem. Ungdomsklubben Ichtys på Vik, Laget på ungdomsskulen, leirar på Skjergardsheimen, gudstenester i Blomvåg og Hjelme, søndagsskular og barneklubbar i heile Øygarden kjem til å få besøk av desse jentene i løpet av året. Dei har tidlegare gått på Danielsen VGS i Bergen og det siste året har alle gått på Fjellhaug bibelskule i Oslo. I år skal dei bu saman i eit hus på Torsvik. Når dei skal bu så tett saman og gjera så mykje i lag lurer vi på om dei ikkje er redd for å verta lei av kvarandre dette året? «Det kan jo sikkert skje at vi vert lei kvarandre». seier dei, «men vi er gode vener. Det gjeld berre å ha fokus på kva vi er her for og kvifor vi er i team». «Og blir det krise, kan vi jo berre flytte heim». seier Sarah Elise og ler. Ja, kvifor vil de eigentleg vera i team? «Vi har sjølv vakse opp med å ha team som deltok i barne- og ungdomsarbeidet og veit kva det kan ha å sei. Vi sette stor pris på dette og no har vi sjansen til å gje litt tilbake. Samstundes har vi lært så mykje på bibelskulen som vi har lyst å bruke og lære vidare.» «Og eg gler meg til å verta utfordra», legg Iselin til. «Vi spør gjerne oss sjølv om vi er gode nok, men eg veit at Gud kan bruke oss sjølv om vi tenker at det er ting vi ikkje klarer og det gler eg meg til å sjå. Vi har sett på Fjellhaug at vi vert utrusta av å verta utfordra.» Kva gler de dykk mest til? «Det må vera å verta kjent med borna og ungdomane og få nye vener. Vi håpar at folk stikk innom heime til oss og kan kjenna at dei er velkomen. Det er dei i alle fall!» Er det noko de gruar dykk til? «Kanskje det å skuffe nokon. Vi har jo lyst å vera med å bidra der vi kan, men kanskje vi ikkje rekk over alt. Vi er nok litt redd for ikkje å strekke til.» Det er tydeleg at teamet har tenkt mykje på kva dei vil og kvifor, så dei verkar å vera godt budd for et aktivt år i Øygarden. Til slutt legg dei til at vi må få med at dei er glad for forbøn. «Vi veit kor viktig det er at vi har eit godt forhold til Jesus personleg når vi skal vera ei hjelp for andre. Vi håpar folk i Øygarden kan be om at vi får verta påfylt sjølv, så vi kan gje til andre!» ØyNytt 4/11 9

BARNE- OG UNGDOMSSIDER Hogne Berland ny medarbeidar Som vi har nemner på side 13, har Fellesrådet vedteke å kjøpa teneste frå Nordhordland Indremisjon til å fylla stillinga som Barne- og ungdomskonsulent i dei neste tre åra. Hogne Berland har svara ja til å gå inn i dette arbeidet. Han har lærarutdanning frå Høgskolen i Bergen, og har brei erfaring i arbeidet mellom barn og unge, ikkje minst gjennom leirarbeid på Raknestunet og i Sætervika. Han har det siste skuleåret vore tilsett av NLM til å gjera teneste i Øygarden. Vi kjenner såleis Hogne godt og gler oss over å inkludera han i staben. Tekst og foto: ONT Vi møter Hogne, travelt oppteken med å førebu samrådingsmøte mellom det nye teamet, Harald Berge Breistein og Ann Elin Dyrøy frå NLM. Kvifor har de dette møtet? Dette året skal ein, som ein del år tidlegare, ha eit team frå NLM som skal vera ein ressurs for barne- og ungdomsarbeidet i Øygarden. Det er mykje forskjellig arbeid i Øygarden, så dette møtet i dag har vi for å avtale litt kva teamet skal bruke tida si på. Det er mange arbeidsoppgåver som ventar på å verta løyste. Kva oppgåver gler du deg mest til å ta fatt på? Det var eit vanskeleg spørsmål. Det er jo mykje eg gler meg til. Men ein stor del av denne stillinga vert jo arbeidet med konfirmantopplegget. Eg gler meg veldig til å verta betre kjent med konfirmantane og forhåpentlegvis få lært dei noko! Dette året er du og eit team på fire personar klar til å ta fatt på oppgåvene som ventar. Kva tenkjer du om dette? Eg syns det er veldig flott at vi har fått dette teamet og spesielt kjekt er det at dei er i frå Øygarden. Det er bra å kunne vera fleire i arbeidet og eg ser fram til å samarbeide med dei om å nå born og unge med evangeliet. Har du eit overordna mål for dette arbeidet du no går inn i? Ja, det er klart. Målet er at born og unge i Øygarden skal få verta betre kjent med Jesus eller få møta han for fyrste gong! Jesus betalte ein høg pris for at vi skulle få vera saman med Gud og han ynskjer å vera vår bror og ven. Dette må alle få høyra om! Er dette dei mest populære versa i Bibelen? Den største nettstaden for bibeltekstar på nett, Biblegateway, har offentleggjort ein analyse over kva for bibelvers som er mest populære i søkemotoren deira, melder bibel.no. Dei ti bibelstadene som er mest søkt etter, er desse: Johannes 3,16 Jeremia 29,11 Romarane 8,28 Filipparane 4,13 1. Mosebok 1,1 Ordtøka 3,5 Ordtøka 3,6 Romarane 12,2 Filipparane 4,6 Matteus 28,19 KPK 10 ØyNytt 4/11

KVA SKJER I ØYGARDEN DENNE HAUSTEN? Barne- og ungdomshausten Sommaren er over og det syns kanskje nokon er trist, men ein ny haust byr på mange moglegheiter! For deg som er så heldig å vera ung er det mykje spennande som skjer i Øygarden i haust. Allereie har mange barnelag hatt første samling på bedehusa rundtom. Tekst: Hogne Berland På eit barnelag får du høyre frå Bibelen, ete litt og vera med på kjekke aktivitetar. På Vik bedehus kan du vera med på Gutten (5 år 5. klasse), Jenteforeninga (5 år 5. klasse) og Yngres (5. 7. klasse). På Rong bedehus startar Sprell Levande-klubben (5 9 år) opp att. Bur du i nærleiken av Blomvåg bedehus kan du stikke innom BLINK og på Oen bedehus er du velkomen på Onsdagsklubben. I tillegg til dette er det søndagsskular både på Vik, Rong, Blomvåg og Tjeldstø. Du kan sjekke dei lokale bedehusprogramma for meir info om tid og stad for dei ulike laga. PLUSS startar opp att med eit skikkelig kick-off onsdag 7. september på Oen bedehus! Dette er ein klubb for alle i Øygarden som går i 5. 8. klasse. På Nautnes bedehus held klubben AHAVA til. Dei har samling siste fredag i månaden for både 5. 7. klasse (kl. 19 21) og 8. 10. klasse (kl. 21 23). Likar du å synge? Då kan du stikke innom eit av kora i Øygarden. På Vik bedehus øver Lyskastaren (4 år 3. kl.) annankvar mandag. Barnekantoriet øver etter skuletid på Alvheim fredag og i Hjelme kyrkje tirsdag. Er du mellom 10 og 18 år, kan vi anbefale Gospel Teens som øver annankvar tirsdag i Blomvåg kyrkje. Ungdomsklubben Ichtys startar opp laurdag 3. september på Vik bedehus og deretter annankvar laurdag kl. 20. Ichtys er for deg som går i 8. klasse og oppover. Samlingane startar med møte med lovsong og andakt. Etterpå vert det aktivitetar og kafé. Her vert det nye teamet med, så dette er kanskje første sjanse for mange til å treffe på dei! På ungdomsskulen heldt Laget til. Der kan du ta med deg maten og få med deg ei andakt og litt leik kvar torsdag i lunsjen. Er du kanskje ein av dei som ikkje klarer å vente til neste leir? På Skjergardsheimen skal det vera to leirar i haust. 21. 23. oktober er det leir for 3. 4. klasse og 2. 4. desember er det 6. 7. klasse sin tur. Viss du er litt skuffa over at det ikkje er leir for deg i haust, kan vi trøyste deg med at då blir det det til våren! Konfirmantundervisninga starta i veke 35 og vil finne stad omlag annankvar veke på Rong senter. I tillegg vert det konfirmantleir 18.-20. november. Husk å få med deg presentasjon av konfirmantane i Blomvåg kyrkje 11. sep. og i Hjelme kyrkje 18. sep! Utdelingar på familiegudstenester hausten 2011! 4-årsbok Blomvåg: 23. oktober. Hjelme: 27. november. Bibel til 5. klassingane Blomvåg: 25. september. Hjelme: 2. oktober. Barnebibel til 5-åringane Sør: På søndagsskular og barnelag. Innbyding kjem i posten. Hjelme: 27. november. ØyNytt 4/11 11

SAMLIVSKURS et kurs for et enda bedre samliv Arrangør: Menighetene i Askøy, Fjell, Sund og Øygarden, med støtte fra Barne- og familiedirektoratet. Hva er et PREP kommunikasjonskurs? PREP kan hjelpe par til å ha større glede av forholdet sitt og gir par et verktøy til å forbedre kommunikasjonen. PREP setter søkelyset på det som kan styrke forholdet. På et PREP- kurs er det både humor og alvor. Det vil handle om kjærlighet, forventninger, glede, moro og vennskap, men aller mest om god kommunikasjon. Målet er at par skal lære å kjenne igjen hva slags konflikter som kan skade forholdet, og få noen verktøy til å forbedre kommunikasjonen og til å løse problemer. Kurset er nyttig for alle par samme hvor lenge de har vært sammen og om de er gift eller ikke. Dette kurset er ikke for de som har store problemer i parforholdet, men et kurs som skal hjelpe par til å utvikle og ta vare på det gode samlivet. Kursopplegget er lagt opp med en blanding av forelesninger og pararbeid. Paret jobber kun med seg selv, og blir ikke spurt om å utlevere noe av samlivet til de andre kursdeltakerne. Kurskveldene blir 31.okt, 07. og 14. november kl. 18 22. Kurslokalet er Fjell kyrkje, Sotra Pris pr. par for hele kurset: Kr. 1000,- inkl. kurshefte og middag/forfriskninger hver kurskveld. For spørsmål og påmelding: Kirkekontoret i Fjell tlf. 55 09 74 40, el. Torbjørn Fjøren, mobil 922 95 377. Påmeldingsfrist: Fredag 14. oktober Ny bibel vert lansert i oktober 19. oktober vert Bibelselskapet sin nye bibel lansert på nynorsk og bokmål. Det er over tretti år sidan Bibelselskapet sist kom med ei ny omsetjing. I desember 2010 vart den nye omsetjinga godkjent i styret i Bibelselskapet. Den reviderte omsetjinga av Det nye testamentet kom allereie i 2005. Medielanseringa skjer i Oslo domkyrkje onsdag 19. oktober. Helga etter, 22.-23. oktober, oppfordrast kyrkjelydar og forsamlingar til ei markering av at Noreg har fått to nye bibelomsetjingar, både på bokmål og på nynorsk. 26. og 27. oktober er det planlagt ei spesiell markering av lanseringa av nynorskomsetjinga av Bibel 2011. Den finn stad i Ivar Aasen-tunet og i Volda kyrkje. For første gong har Bibelselskapet invitert folk til å vere med og gi tilbakemeldingar på teksten til oss som har ansvaret for omsetjinga. Det er ei tillitserklæring til bibellesarane. Alle tilbakemeldingar vart lesne og vurderte før Bibelselskapet sitt styre godkjente den endelege teksten mot slutten av 2010. Då hadde den vore vurdert og diskutert av ekspertar på norsk, av teologar og av fagfolk på grunnspråka hebraisk og gresk. Ei setning eller eit uttrykk kan ofte omsetjast på ulike måtar, difor vart kvar tekst gjennomgått i minst sju og ofte ni rundar med vurdering og diskusjon før den vart vedteken, skriv generalsekretær i Bibelselskapet, Stein Mydske. KPK OPPSTART AV KOR Øygardskoret: Tysd. 6. sept. kl.19.30 21.30 i Hjelme kyrkje Barnekantoriet: Tysd. 6. sept. kl.13.15 14.00 i Hjelme kyrkje (5. 7. trinn) Fred. 2. sept. kl.13.45 14.20 på Alvheim skule (2. 4. trinn) DU ER VELKOMMEN! Dirigent er Anne Lise Grøm (mob. 918 81 208) MINIBOKHANDELEN ANBEFALAR: Ønskjer du hjelp til å få ei meir heilskapeleg innsikt i den kristen trua? Med «Vi tror sammen» kan du tileigna deg kunnskap og rettleiing om bibelsk tru. Her vert det også gjeve sjelesørgerisk hjelp på område som kan smerta og utløysa spørsmål. Tittelen «Vi tror sammen» viser til at kristne har trua som felleseige ut frå trua si kjelde, Guds openberring i Bibelen. Boka har spørsmål og opplegg for samtale og er godkjent av Norsk Kristelig Studieråd. Boka er skrive av Karl Johan Hallaråker og er gjeve ut på Lunde forlag. Ho er til sals på kyrkjekontoret for kr 285,-. 12 ØyNytt 4/11

KORT-NYTT FRÅ KYRKJEVERJA Hjelme kyrkje stengt i oktober Hjelme kyrkje vart innvigd i 1971 og er såleis 40 år dette året. Fellesrådet har søkt kommunen og fått innvilga eit rentefritt lån til nødvendige utbetringar. Orgelet er no ferdig renovert til ein kostnad på 100.000 kr. Kantor Anne Lise Grøm synest at resultatet er svært positivt og gler seg til å presentera eit betre lydbilete for kyrkjelyden. Arbeid som skal gjennomførast i oktober er skifte av vindauge og legging av nytt golvbelegg. Vidare er det bestilt nye stolar i same design som i Blomvåg kyrkje. Dei gamle benkane vert gitt bort, så berre ta kontakt dersom du ønskjer ein kyrkjebenk! Kyrkja vert opna att søndag 30. oktober dersom alt går etter planen. Flytting av minnestøtta ved Hjelme gamle kyrkje? Det er kome fram tankar om å flytta denne minnestøtta opp til Hjelme nye slik at særleg den yngre generasjonen vert minna om historia som er knytt til støtta. Saka har vore oppe både i Fellesrådet og i nærmiljøutvalet for Bakken krins. Begge er positive til flytting. Det har i det siste kome enkelte innvendingar på ei slik flytting. Det vert difor venta med vidare planlegging til saka er meir utgreidd. Samstundes med kommune- og fylkestingsvalet vert det også kyrkjeval den 12. september. Stad for kyrkjevalet er i kyrkjene frå kl 12.00 til 20.00. Kandidatane er presenterte annan stad i ØyNytt. Det er også høve til å førehandsrøysta på kyrkjekontoret fram til fredag 9. september. Sjå elles detaljar på tilsendt valkort Vi oppfordrar den enkelte kyrkjemedlem til å nytta stemmeretten! Stabsnytt Auka stilling som diakonimedarbeidar Bjørg Blom har dei siste tre åra vore tilsett i ein 20% stilling som diakonimedarbeidar. Frå 1. august har Fellesrådet vedteke å auka denne til 40% og har tilsett Bjørg etter intern utlysing. «Innkjøpt» Barne- og ungdomskonsulent frå Nordhordland indremisjon Soknerådet og fellesrådet har vedteke å ikkje føra vidare prosjektstillinga som kyrkjelydspedagog. Råda gav kyrkjeverja fullmakt til å inngå drøftingar med misjonsorganisasjonar om kjøp av tenester for ein periode på 3 år. Vedtaket er no gjennomført ved at ein frå 1. august kjøper teneste som Barne- og ungdomskonsulent frå Nordhordland indremisjon (NhI) for ein 3års-periode. NhI har tilsett Hogne Berland i ei 80% stilling. Sjå omtale om Hogne på side 10. INNKOMNE OFFER Blomvåg: 2. jan Kyrkjelydsarbeidet kr 2496,50 16. jan Nordh.Indremisjon kr 2728,50 30. jan Åpne dører kr 1781,50 13. feb Det Norske Bibelselskap kr 2081,50 27. feb Familie og Medier kr 2209, 13. mar Kyrkjelydsarbeidet kr 2350, 27. mar Normisjon kr 2387, 10. apr Bildøy Bibelskule kr 2383, 24. apr Fjellhaug bibelskule kr 5822, 7. mai KRIK kr 3327, 8. mai Kyrkjelydsarbeidet kr 3539, 14. mai Strømmestiftelsen SKRIK kr 3588,50 17. mai Kyrkjelydsarbeidet kr 2853, 22. mai Den Norske Israelsmisjon kr 3407, 5. juni «Radiopresten» kr 3331,50 19. juni Strømmestiftelsen kr 1735,50 Hjelme: 1. jan Kyrkjelydsarbeidet kr 1442, 9. jan Sygna vid.skule kr 2768, 23. jan Bildøy Bibelskule kr 2420,50 6. feb Israelsmisjonen kr 4506, 20. feb Det Norske Bibelseskap kr 3005, 6. mar Fjelltun bibelskule kr 2665, 20. mar Strømmestiftelsen kr 2759, 3. apr Nordh.Indremisjon kr 2619,50 17. apr Kristen muslimmisjon kr 5381,50 25. apr Fjellheim Misjonsskule kr 4564, 1. mai Normisjon prosj.sanden kr 1845, 15. mai LAGET kr 4942, 17. mai Kyrkjelydsarbeidet kr 3521,50 29. mai «Radiopresten» kr 1375, 12. juni Kyrkjelydsarbeidet kr 3768,50 26. juni Normisjon kr 3806,50 ØyNytt 4/11 13

KVA SKJER I ØYGARDEN DENNE HAUSTEN? Velkommen til INRI Rong bedehus kl. 16.30 Samling for dei minste under talen, og SøndagRing for dei større borna. Kaffi, saft og kaker etter kvar samling 4. sept Audun Hjellvik 18. sept Audun Hjellvik 2. okt Ivar Fjeld familiefeiring 16. okt Asle Hetlebakke 30. okt Glenn Nord-Varhaug 13. nov Øystein Rong 18. nov Night of worship i Kulturhuset. Trygve Helgesen m/band. Viggo Wilhelmsen 20 nov Viggo Wilhelmsen 27. nov Gunstein Nes tema: Israel 11. des Asle Hetlebakke Adventsfest Velkommen til bibeltimar på Nautnes bedehus 18. aug. Audun Hjellvik 20 25 aug. Møteveke med Roald Evensen 8. sept. Harry Wiig Andersen 20. okt. Asle Hetlebakke 24. nov. Audun Hjellvik Eldretreff hausten 2011 i Hjelme kyrkje Onsdagar kl. 16.45 21. sept. 19. okt. 16. nov. Des. førjulsfest På Tednebakkane Torsdagar kl. 16.30 22. sept 20. okt 17. nov 8. des - julefest Eldretreffa er for alle i alderen 65+ og er kyrkja sitt diakonale arbeid for denne aldersgruppa. Du er hjarteleg velkommen til eldretreff både i kyrkjelydssalen i Hjelme og på Tednebakkane omsorgssenter! Velkommen til Vik bedehus! 4.sept kl. 11.00 Storsamling m. søndagsskule. Velkomstfest for fam Amenya?? Jon Ivar Friborg talar. Bedehuskaffi 11. sept. kl. 19.00 Småmøte v/ole A Vik 13. sept. kl. 19.30 Bibeltime m. Odd Sverre Hove 17. sept. kl. 15 17 Undervisning av Audun Hjellvik 18. sept. kl. 11.00 Storsamling m. søndagsskule. Audun Hjellvik talar 25. sept. kl. 19.00 Småmøte v/per Landro 27. sept. kl. 19.30 Møte m. Heggernes- Kveldsmat 2. okt. kl. 11.00 Storsamling m søndagsskule DISM Bedehuskaffi 11. okt. kl. 19.30 Bibeltime m. Annbjørg Barane 16. okt. kl. 11.00 Storsamling m søndagsskule Bjørnar Gudmestad talar 23. okt. kl. 19.00 Småmøte v/oskar Vik 25. okt. kl. 19.30 Bibeltime Stig Magne Heitmann. Kveldsmat 29. okt. kl. 15.00 Guttenbasaren Normisjon Andakt: Ole Andreas Wastvedt 30. okt. kl. 11.00 Storsamling m/søndagsskule Team frå Norkirken 4. nov. kl. 19.00 Fiskarheimskveld 6. nov. kl. 19.00 Småmøte v/magnus Vik 10. nov. kl. 19.30 (NB:Torsdag) Bibeltime/møte m/ungdomsteam frå Nordhordland 13.nov. kl. 11.00 Indremisjon Storsamling m søndagsskule Ungd.team Norh. Indremisjom. Bedehuskaffi 20. nov. kl. 19.00 Småmøte v/kåre Daniel Torsvik 22. nov kl. 19.30 Bibeltime m/odd Bjarne Skogestad. Kveldsmat 25. nov. kl. 19.00 Litteraturkveld (Yngres 27. nov. kl. 11.00 Adventsamling ved Søndagsskulen. Bevertning 4. des. kl. 19.00 Småmøte v/ingolf Solsvik 6. des. kl. 19.30 Bibeltime Roald Kvam m/team frå Bibelskulen 11. des. kl. 11.00 Storsamling m/søndagsskule Morten Torsvik talar. Bedehuskaffi 18. des. kl. 19.00 Småmøte v/gunnar Solsvik OLA HOVDENS LEGAT Etter statuttane er det ungdom frå tidlegare Hjelme kommune som har høve til å søkja støtte til høgre utdanning. «Under elles like vilkår skal dei gå føre som tek sikte på høgre utdanning i 4 år eller meir ved høgskule, universitet eller anna utdanningsinstitusjon, med rekna slik som gjev praktisk utdanning» (sitat statuttane) Søknadsskjema kan du få ved å veda deg til Øygarden kommune v/sørviskontoret, eller på kommunen si nettside under «Søknadsskjema» (http://www.oygarden.kommune.no) Søknadsfrist er 31 oktober 2011 - styret - Vil du vere frivillig på Kirkens SOS kriseteneste? Innføringskurs for nye medarbeidarar på telefon eller SOS-chat tar til i slutten av september! Vi treng menneske som vil prate med medmenneske som har det vanskeleg. Oppgåva di er å lytte og tenke høgt saman med den som tar kontakt. Du skal ikkje gje råd eller løyse den andre sine problem. Du får innføringskurs, rettleiing og vidare fagleg oppfølging så lenge du er med i tenesta. Vanleg vaktturnus er ca. kvar 12. dag, tilpassa din kvardag. Kirkens SOS er ein døgnopen krisetelefon, tilgjengeleg via telefon og internett. Du må vere mellom 20 og 80 år, og du må ha avstand til eigne kriser. Kursstart 26. september. Kontakt oss på 55 32 58 45 / 941 83 654, bjorgvin@kirkens-sos.no eller www.kirkens-sos.no 14 ØyNytt 4/11

KANDIDATAR TIL ØYGARDEN SOKNERÅD 2011 2015 Frå Blomvåg sokn: Ingebjørg Martinussen, 20 år, frå Knappen. Medlem i «Lyskastaren» barnekor, Generell studiekompetanse, eitt års bibelskule på Fjellhaug. Barne- og ungdomsarbeid, musikk i kyrkjelyden. Margit Sæle Jørgensen, 41 år, frå Knappen. Hjelpepleiar, tilsynsførar for barn i fosterheim, har vore styremedlem i Vik bedehus og i styret for Kystmuseet, leiar i barnelag og søndagsskule. Barne- og ungdomsarbeid, diakoni, familiegudstenester, eldretreff. Øyvind Solsvik, 36 år, frå Dale. Lærar på Øygarden ungdomsskule, vore med i soknerådet i to periodar, har drive med barne- og ungdomsarbeid i ei årrekke på forkjellige felt. Bruk av musikk i kyrkjelyden, spesielt knytt opp mot konfirmantarbeidet Jakob Kåre Blom, 56 år, frå Blom. Fiskeoppdrettar. Vore i fleire periodar med i krinsstyret for NLM, leiar for styret i Blom bedehus, formann i nemnda for ny barnehage på Toft i regi NLM. Har tidlegare vore med i soknerådet i ein periode. Samarbeid mellom kyrkje og misjon i barne- og ungdomsarbeidet Erling Vik, 55 år, frå Vik. Avdelingsbanksjef. Frivillige verv i styret for Vik bedehus, leiar i barne og ungdomsarbeid på bedehuset, Medlem av soknerådet i to periodar. Samspel mellom det eksisterande arbeidet i kyrkje og bedehus i kommunen. Eli Karin Helle, 57 år, frå Torsvik. Sjukepleiarutdanning, vidareutdanning i geriatri, tilsett på Tednebakkane Omsorgssenter. Har tidlegare vore med i søndagsskulearbeid. Prioritering av eldrearbeid i kyrkjelyden. Turid Toft Amenya, 55 år, frå Toft. Utdanning som kyrkjelydspedagog. Nyleg heimkomen etter fleire periodar som utsending for NLM i Aust Afrika. Medlem av krinsstyret i NLM, medlem av regionsstyret for Scripture Mission i Aust Afrika. Tilsett i Dnk i Sandviken og Øygarden. Johan Jarle Dale, 60 år, frå Dale. Fiskar og sjømann, vaktmeister, medlem av krinsstyret i DISM, har i fleire år vore leiar for eldretreffa i Blomvåg sokn Styrka trusopplæringa, at kyrkja følgjer opp menneske frå fødsel til grav, at me får behalde kyrkja som ein trygg og god stad å tena Gud i. Heilskapeleg kyrkje, trusopplæring, familiediakoni. Ole Andreas Wastvedt, 31 år, frå Vik. Lundeneset vgs, Bachelorgrad i økonomi og IT-leiing, Bildøy Bibelskole, Eittåring i Øst-Finnmark Indremisjon/ Varanger Radio og Finnmarksarbeidar i NLM, styremedlem Vik bedehus, styremedlem i Kristen radio Sotra og Kystradioen. Styrke kristen lokalradio og mediearbeidet generelt, arbeid med trusopplæring, styrke lags- og leirarbeid, motarbeide liberal teologi. Geir Jensen, 55 år, frå Dale. Brannmannsutdanning, fagbrev tunge køyretøy, vaktmeister, vedlikehaldsteknikar, hovudtillitsvalt Delta (KFO). Styrking av diakonitenesta og eldretreffa i nord og sør, styrking av trusopplæringa, halda fram samarbeidet med NLM og NhI. ØyNytt 4/11 15

KANDIDATAR TIL ØYGARDEN SOKNERÅD 2011 2015 Frå Hjelme sokn: Andreas Kårbø, 50 år, frå Hatten. Maskinteknikar frå Bergen Tekniske Fagskule. Har dei siste 25 åra vore tilsett i Øygarden kommune, no som einingsleiar for teknisk drift og service. Var i ein periode utsending for NLM i Aust-Afrika. Har hatt ulike verv i skulelaget, korarbeid, indremisjonen og Misjonssambandet (lokalt regionalt og internasjonalt). Har vore medlem av soknerådet den siste perioden. Monica Breivik, 34 år, frå Harkestad. Diverse arbeidsplassar, no heimeverande, tatt del på Alpha-kurs og forskjellig frivillig arbeid. Barnearbeid, ungdomsarbeid, musikk. Styrkja samarbeidet mellom kyrkja og organisasjonar knytt til bedehusarbeidet, styrkja trusopplæringsarbeidet for Øygardsfolket. Astrid Nautnes Rustad, 52 år, frå Nautnes. Examen artium, tilsett i Hordaland fylkeskommune, sentraladmin. og i Øygarden kommune frå 2002. Har vore aktiv vararepresentant til soknerådet dei to siste periodane. Unni Bekkenes, 54 år, frå Dåvøy. Heimearbeidande Arbeid mellom barn og unge Barne- og ungdomsarbeid. Utfordringa med å ta vare på/halde på ungdommane i eit kristent miljø, diakoniarbeidet, styrke og få fleire med i det frivillige arbeidet. Råmund Skjold, 44 år, frå Skjold. Norges Landbrukshøgskole, naturforvaltning, lærar på Val jordbruksskole og Stend jordbruksskule, no tilsett som fagleiar landbruk og miljø i Øygarden kommune. Styreverv i skulelaget, i styret for Skjergardsheimen og Bergen birøktarlag. Musikk og song i gudstenesta, oppfølging av uløna medarbeidarar, barne- og ungdomsarbeid, få fleire med i kyrkja. Ingvild S Myhre, 41 år, frå Ådnevika. Laboratorieteknikar, kokk hotell &restaurant, næringsmiddelteknikar, internrevisor: HMS, kvalitet- &miljøsystem, økonomi/rekneskap. Barne- og ungdomsarbeid Bjørg Fjeldstad, 56 år, frå Ådnevika. Sjukepleiar frå Bergen diakonissehjem, med vidareutdanning i diakoni og geriatri frå Lovisenberg og Betanien. No tilsett på Tednebakkane omsorgssenter. Gudstenestene og gudstenestelivet, tilrettelegging for alle grupper i gudstenestene. Trygve Johannes Hellesøy, 73 år, frå Hellesøy. Lærar/adjunktutdanning, soknediakon, ordinert prest med teneste fleire stader i landet. Har vore medlem av kommunestyre, helse- og sosialstyre, edruskapsnemnd og barnevernsnemnd. Diverse fagforeningsarbeid og stiftsleiar i Diakonforbundet. Trusopplæring og diakoni 16 ØyNytt 4/11

Gje kyrkja gode råd! Valpresentasjon frå valrådet i Bjørgvin bispedøme Kven vil du skal sitja i bispedømerådet og på Kyrkjemøtet, kyrkja sitt «storting»? Alle kyrkjemedlemer som er 15 år eller eldre kan vera med på å bestemma dette direkte. Ved å røysta ved bispedømerådsvalet, er du med på å bestemma kva retning Den norske kyrkja skal gå i. På dei neste sidene får du ein kort presentasjon av kandidatane til bispedømerådsvalet. Meir informasjon om kandidatane og svara deira på aktuelle kyrkjelege spørsmål finn du på: www.kyrkja.no/bjorgvin DEN NORSKE KYRKJA Bjørgvin bispedømeråd ØyNytt 4/11 17

Dei leke kandidatane i alfa Nils Dagestad Eivind E. Elseth Terje Roald Halsnes Bjarte Hetlebakke 68 år. Bonde/pensj. rektor. Voss, Hardanger og Voss prosti. 27 år. Student. Fridalen, Bergen domprosti. 51 år. Hjelpepleiar/bonde. Fjaler, Sunnfjord prosti. 21 år. Student. Salhus, Arna og Åsane prosti. Sokneråd, kommunestyre og fylkesting. Leiar for fleire utval, store prosjektarbeid og tingingar med sentrale styresmakter. Fornya og vitalisera forkynninga Rekruttering, engasjera frivillige Skapa glede og entusiasme Tenkja heile menneske KFUK-KFUM (leiar vinterfestival, krinsstyre), sokneråd, ungdomsrådet i Bjørgvin (leiar og nestleiar), repr. skap Kirkens SOS Bjørgvin, vik. kateket i Olsvik. Trusopplæring, born og unge Utvikle diakonale tiltak Leiar sokneråd, leiar fellesråd, styre for kyrkjelydshus, vara kommunestyre, leiar grendelag. Trusopplæring Ny gudstenesteordning Inkluderande kyrkje Ungdomsarbeid Diakoni Leiar KRIK-lag, konfirmantlærar, styremedlem Hordvik indremisjon, fritidsforkynnar Nordhordland Indremisjon. Ungdomsarbeid Smågrupper Forholdet kyrkje/bedehus Liturgi Berit Nøst Dale 59 år. Høgskolelektor. Meland, Nordhordland prosti. Sokneråd, Normisjon (landsstyret og regionsstyre). Leiar gudstenestelag. Trusopplæring for vaksne Frivillegarbeid i kyrkja Borna sin plass i gudstenesta Sigbjørn Grønås 72 år. Prof. emeritus. Os, Midhordland prosti. Leiar sokneråd, tekstlesar, medlem av gruppa for miljø, forbruk og rettferd i Bjørgvin, Naturvernforbundet, Besteforeldreaksjonen for ansvarleg klimapolitikk. Dåpsopplæring, konfirmantar Kreativt gudstenesteliv Vår jord, forbruk og rettferd Offentleg debatt Cathrine Waaler Halstensen 33 år. Einingsleiar. Bergen domkirke, Bergen domprosti. Medlem bispedømerådet, prostileiar og dagleg leiar ulike sokn i Bergen, Kirkens bymisjon, styremedl. Norges huseierforbund. Diakoni, inkludering, omsorg Ungdomskulturkirken St. Jakob Born og unge og Unge vaksne i kyrkja Ingmar Ljones 68 år. Pensjonist. Arna, Arna og Åsane prosti. Medlem Bjørgvin bispedømedømeråd. Leiar sokneråd og Bergen kirkelige fellesråd. Ordførar, stortingsrepresentant, m.m. Barne- og ungdomsarbeid Gudstenestefellesskap Diakoni Samarbeid andre lag/org. Frivillige medarbeidarar Terje S. Edvardsen 66 år. Adm.dir. Fridalen, Bergen domprosti. Leiar for etabl. av Kirkens bymisjon Bergen, styreleiar bymisjonen, men. råd, Åpen kirke, Haraldsplass diakonale sykehus/høgskole, Garnes U- senter, Diakoniledermøtet m.m. Trusopplæring Kyrkjeoppslutnad Stat-kyrkje reform Diakoni Ungdomsarbeid Hildur Heie 57 år. Pleie- og omsorgsleiar. Tysnes, Sunnhordland prosti. Leiar sokneråd, politiske verv. Representantskap Bergen diakonissehjem. Gudstenesta Diakoni Trusopplæring Misjon 18 ØyNytt 4/11

betisk rekkefølgje Egil Morland 61 år. Førstelektor. Fjell, Vesthordland prosti. Bjørgvin bispedømeråd, rektor NLA, Ulike prestestillingar, leiar presteforeininga, leiar bedehus, kommunestyre, varaordførar m.m. Dåpsopplæring/foreldreansvar Gudstenesta, innføring av ny liturgi Avvikling av statskyrkja Inger Helene T. Nordeide 50 år. Utviklingsleiar. Førde, Sunnfjord prosti. Bjørgvin bispedømeråd, Senter for Livsmeistring, leiar kyrkjetun, søndagsskulelærar, kyrkjeblad. Open og tydeleg kyrkje Diakoni Trusopplæringsreforma Arbeidsvilkår for prestar Stat-kyrkje spørsmålet Ruth Ingrid Skoglund 46 år. Førsteamanuensis. Fjell, Vesthordland prosti. Styringsgruppe trusopplæringa i Fjell, søndagsskule. Forskingsprosjekt tilknytta Stiftelsen Kirkeforskning (KIFO) Trusopplæring Familiearbeid Vemund Atle Øiestad 63 år. Tannlækjar. Nordsida, Nordfjord prosti Leiar sokneråd, fellesråd, leiar prostiråd, diverse prosjektarbeid tannhelse. Trusopplæringsreforma Gudstenestereforma Ei arbeidsgjevarlinje i kyrkja Grøn kyrkjelyd Vedlikehald kyrkjebygg Kari Synnøve Muri 46 år. Fysioterapeut og folkehelsekoordinator. Olden, Nordfjord prosti. Sokneråd, fellesråd, Normisjon, Leiar vegleiingstenesta i Oase. Innvik Fjordhotell Misjonsheimen, Norsk Fysioterapeutforbund, Indre Nordfjord Turlag (DNT) m.m. Arnt Erik Nordheim 29 år. Rådgjevar. Stedje, Indre Sogn prosti. Jurist. Nestleiar ungdomsrådet i Bjørgvin, Indremisjonen Bibeltru lære Konfirmantarbeid Diakonale tenester Trusopplæring Samhandling Aud Marie Stundal 60 år. Studieleiar. Kaupanger, Indre Sogn prosti Leiar sokneråd, fellesråd, kyrkjeblad, frivilligsentral, bedehus, skule- og ungdomskorps m.m. Barne- og ungdomsarbeid Ta i bruk den nye liturgien Samarbeid mellom kyrkja og andre kristne organisasjonar Julie-Ane Ødegaard 28 år. Stipendiat. Løvstakksiden, Bergen domprosti. Krinssekretær Bjørgvin KFUK-KFUM, medlem av krinsstyret, menighetskonsulent, frivillighetskoordinator, studiekonsulent, ungdomsarbeidar, kordirigent m.m. Levande gudstenester Bønearbeid Trusopplæring for alle Medarbeidarskap Diakoni lokalt og globalt Ei folkekyrkje å være glad i Forbruk og rettferd Lokalsamfunn & kyrkjelyd Kultur Medarbeidarskap Marta Onstein 52 år. Lærar. Etne, Sunnhordland prosti. Leiar sokneråd, prostiråd, speidarleiar i 31 år, Leiar Forteljarfestival i Etne. Barne- og ungdomsarbeid ØyNytt 4/11 19

DEN NORSKE KYRKJA Bjørgvin bispedømeråd Kva er bispedømerådsvalet? 11. - 12. september er det kyrkjeval, i tilegg til kommune- og fylkestingsvalet. Denne dagen skal tre av dei leke medlemene til Bjørgvin bispedømerådet veljast. Dei vert også utsendingar frå Bjørgvin til Kyrkjemøtet. Kyrkjemøtet vil ha ei viktig rolle i å bestemma korleis Den norske kyrkja skal organiserast etter kvart som banda til staten vert lausare. Ytterlegare fire medlemer i bispedømerådet vert i november valde av dei nye sokneråda. I tillegg skal prestane og andre tilsette i kyrkja velja to medlemer. Biskopen er fast medlem av bispedømerådet. Slik røystar du ved valet Som kyrkjemedlem kan du røysta på den eller dei personane dei helst vil ha inn ved å setja tal framfor namnet (sjå eksempel under til høgre). Røystesetelen er alfabetisk. Kandidatane har difor like stor sjanse til å bli valde, uavhengig av kvar dei står på lista. Røystesetlar utan tal vil bli forkasta. Du må merka minst ein kandidat med eit tal, men kan markera rekkefølja for så mange du vil, opp til 19. Desse skal då merkast frå 1 til 19, der kandidaten som er merka nummer 1 er den du helst vil ha inn. Kyrkjevalet 2011 kort sagt Døme på utfylt røystesetel vil finnast i vallokalet. Valdagane er 11. og 12. september, dei fleste stader berre 12. september. Førehandsrøysting er mogeleg frå 10. august. Kandidatane blir valde for fire år. Alle medlemer av Den norske kyrkja har røysterett frå det året dei fyller 15. I august vil alle med røystrett få eit valkort i posten med informasjon om kvar og når dei kan røysta. Storsatsinga på årets kyrkjeval er eit resultat av kyrkjeforliket i Stortinget i 2008. Valpresentasjon frå valrådet i Bjørgvin bispedøme Adresse: Bjørgvin bispedøme, postboks 1960, 5817 Bergen Telefon: 55 30 64 70 Telefaks: 55 30 64 85 20 ØyNytt Internett: 4/11 www.kyrkja.no/bjorgvin Bli betre kjent med dei leke kandidatane til bispedømerådet Kven er kandidatane? Kva står dei for og kva meiner dei om ulike spørsmål? Les meir i brosjyre du får på kyrkjekontoret eller på www.kyrkja.no/bjorgvin. Der finn du bl.a. eit utvida oversyn over kandidatane sin bakgrunn og deira svar på følgjande spørsmål: Oppslutninga om gudstenestene går tilbake. Kva kan og bør kyrkja gjere for å snu denne trenden? Korleis tenkjer du at ressursar knytte opp til trusopplæringa kan styrke ungdomsarbeidet med utgangspunkt i konfirmantarbeidet? Prestane i distrikta gjer teneste i fleire sokn i prostiet. Korleis vil du sikra at kyrkjelyden kan forhalda seg til ein lokalt tilknytta prest? Bør Bjørgvin bispedøme seie ja til å tilsette homofilt samlevande prester? Meiner du Den norske kyrkja bør vedta ein liturgi for vigsel av likekjønna par? Kva er den viktigaste utfordringa for kyrkja akkurat no? Brosjyren med den utfyllande presentasjonen vil bli sendt kyrkjekontora før førehandsrøystinga tek til 10. august. Nokre av kandidatane vil også bli å finna på Facebook, sjå link på www.kyrkja.no/bjorgvin Val av leke medlemmer til BJØRGVIN BISPEDØMERÅD / KYRKJEMØTET 11. 12. september 2011 (direkte val) Det skal veljast 3 representantar til bispedømerådet og Kyrkjemøtet. Kandidatlista er uprioritert og sett opp i alfabetisk rekkjefølgje. Rangering Kandidatar Minst éin av kandidatane skal rangerast. Du kan rangere så mange kandidatar som du ønskjer. Røystesetlar med manglande rangering vert forkasta. Marker rangeringa av kandidatar med tal i ruta til venstre for namnet på kandidaten. Tala skal skrivast slik: Einsifra tal skal skrivast slik: Tosifra tal skal skrivast slik: Dagestad, Nils, gardbrukar/pensjonist, Voss sokn, 68 år Dale, Berit Nøst, høgskulelektor, Meland sokn, 59 år Edvardsen, Terje Steen, adm. dir., Fridalen sokn, 66 år Elseth, Eivind, student, Fridalen sokn, 27 år Grønås, Sigbjørn, professor em., Os sokn, 72 år Halsnes, Terje Roald, hjelpepleiar/bonde, Fjaler sokn, 51 år Halstensen, Cathrine, einingsleiar, Bergen domkirke sokn, 33 år Heie, Hildur, pleie- og omsorgsleiar, Tysnes sokn, 57 år BRETTAST HER MED TEKSTEN INN Hetlebakke, Bjarte, student, Salhus sokn, 21 år Ljones, Ingmar, pensjonist, Arna sokn, 68 år Morland, Egil, førstelektor høgskule, Fjell sokn, 61 år Muri, Kari Synnøve, fysioterapeut og folkehelsekoordinator, Olden sokn, 46 år Nordeide, Inger Helene Thingvold, utviklingsleiar, Førde sokn, 50 år Nordheim, Arnt Erik, rådgjevar, Stedje sokn, 29 år Onstein, Marta, lærar, Etne sokn, 52 år Skoglund, Ruth Ingrid, førsteamanuensis høgskule, Fjell sokn, 46 år Stundal, Aud Marie, studieleiar høgskule, Kaupanger sokn, 60 år Ødegaard, Julie-Ane, stipendiat, Løvstakksiden sokn, 28 år Øiestad, Vemund Atle, tannlækjar, Nordsida sokn, 63 år