Invitasjon til samling i Nasjonalt Museumsnettverk for Kulturlandskap Rørvik og Sør-Gjæslingan 25.-27. august 2010 Museet Midt IKS er eit konsolidert museum i Namdalen med avdelingane Kystmuseet (fiskeværet Sør-Gjæslingan, Norveg og Woxengs samlingar) i Vikna kommune, samt Namdalsmuseet og Norsk sagbruksmuseum Spillum dampsag og høvleri, som ligg i Namsos kommune. Nettverksamlinga vil i hovudsak vere på Norveg, Rørvik men med ein dagstur til Sør-Gjæslingan. Temaet for denne samlinga er husdyr på museum med eigen kursdag på dette. Deltaking på samlinga er viktig for nettverksbygginga. Uformell kontakt er kjernefunksjonen til eit nettverk, så møt opp, få fagleg påfyll og opplev naturen i vakre Namdalen!
TEMA Sør-Gjæslingan er eit fiskevær i Vikna i Nord-Trøndelag og var i tidligare tider eit av dei største fiskeværa sør for Lofoten. Woxengs samlinger og Vikna Kommune forvaltar dei fleste historisk viktige bygningane, det vil sei rorbu, væreigarbustad, naust, fiskemottak, salteri, Fiskarheimen m.m. Rorbuene blir leigd ut til turistar i turistsesongen. Fiskeværet har ein fast vedlikehaldmann, og den frivillige organisasjonen, Sør- Gjæslingans venner, tek seg av oppussing. Etter krigen har det ikkje vorte bygd noko nytt på Sør-Gjæslingan Husdyr på museum var eit av tema som Kulturlandskapsnettverket ønska kurs i. Kurset legg vekt på praktiske problemstillingar rundt det å ha husdyr på museum, formidling, husdyr som kulturhistorisk verdi m.m. Utvikling av Kulturlandskapsnettverket skal ha ein sentral plass på alle nettverkssamlingar. Denne gongen vert det informasjonsutveksling mellom deltakarane, informasjon om nettverksprosjektet Norgesgården og ei arbeidsøkt der deltakarane får diskutere fag og problemstillingar i grupper. PS! Det kan kome endringar i programmet! Onsdag 25. august: KURSDAG: HUSDYR PÅ MUSEUM 11:00 Registrering, kaffi, te og frukt på Norveg, Rørvik 11.30 Velkomen til husdyrkurs v/ Sigmund Alsaker og Brynhild Bremer Viken 11:40 Husdyr på museum utfordrande og nødvendig v/kjetil Monstad/Marit Adelsten Jensen, Havråtunet 12:15 Levande museum med dyr v/olav Næve/Laila Bækkevold, Glomdalsmuseet 12.45 Bevaring av gamle husdyrrasar v/jonas Gjerstad Norsk Landbruksmuseum 13.15 Lunsj på Norveg; den berømte fiskesuppen! 14.15 Husdyr på Musea i Sogn og Fjordane: Leige og eige v/de Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum Geiter som kulturlandskapspleiar på Brendøya v/sveinung Reksten 15:15 Husdyr i antikvariske bygningar v/maihaugen 15:40 Husdyr på Norsk folkemuseum v/jan Tore M. Sørsdal 16:00 Avreise med buss til Setran Gård 17:00 Ankomst Setran gård Omvising v/frode Setran 18:00 Middag og kaffi ca 19:30 Avreise frå Setran gård ca 20:30 Tilbake på Rørvik.
Torsdag 26. august MUSEET MIDT og KULTURLANDSKAPET I SØR TRØNDELAG 09:00 Velkomen til nettverkssamling og Museet Midt v/ Direktør i Museet Midt IKS, Sigmund Alsaker 09:15 Omvisning på Norveg 11:00 Kulturlandskap og levemåte i Nord Trøndelag v/sigmund Alsaker 12.00 Lunsj 13.00 Utreise frå Rørvik til Sør-Gjæslingan. 13:30 Omvising på Sør Gjæslingan v/ Kristin Kjønsø, konservator ved Museet Midt IKS 15.30 Kaffi og frukt 15.45 Praktisk forvaltning av kystkulturlandskap v/kulturlandskapsrøktar Mons Kvamme Høve til fisketur i robåtar dersom det er godt ver. Husk gode, varme og praktiske klede!! 18.30 Mat i fjøresteinane dersom det er godt ver. Mat og vin og sosialt, kanskje både inne og ute, alt etter veret! Taxibåt tilbake til fastlandet når det passar. Norveg Sør-Gjæslingan på slutten av 1800-talet
Fredag 27 august: NETTVERKSUTVIKLING Arbeidsøkt for nettverket v/liv Byrkjeland og Leif Hauge 09:00 Siste nytt i nettverket 09:00 Handlingsplan for kystlyngheier fagrapport v/peter Emil Kaaland Lyngheisenteret 09:45 Bygdøy Kongsgård og Folkepark status v/jan Tore Sørsdal, Norsk Folkemuseum 10:00 Biologisk mangfaldsåret prosjektarbeid. Samarbeid om etablering av ex. situ samling av truga ville planter i botaniske hagar v/kristina Bjureke, Nettverk for botaniske hagar Biologisk mangfald innanfor museumsgjerdet v/liv Byrkjeland 10:20 Arbeid med nye nettsider for Kulturlandskapsnettveket v/liv Byrkjeland 10:30 Aktuelt nytt v/leif Hauge 10:45 Kaffipause med frukt 11:00 Norgesgården status for prosjektet v/ingvild Austad 12.30 Lunsj Presentasjon av artikkelsamling: 1. Tuomanien-gården, en bygård i Vadsø, atypisk eller universell? v/cecilie Johansen 2. Bjørklund gård i Pasvik. Jordbruk i grenseland v/bodil Dago 3. Eidet, eit atypisk småbruk eller eit vanleg kombinasjonsbruk? v/liv Byrkjeland 4. Bruken av naturressursene på Audamodtland v/knut Austad 5. Vern gjennom bruk er det mulig i praksis? Utfordringer og erfaringar i det freda kulturmiljøet Havrå v/marit Adelsten Jensen 13:30 Workshop vidare utvikling av nettverket Gruppearbeid om sentrale problemstillingar Val av stad for neste nettverkssamling SLUTT CA KL 15. - Flyet går kl. 17.05 frå Rørvik til Trondheim.
PRAKTISKE OPPLYSNINGAR Korleis kome seg til Rørvik: Fly frå Trondheim onsdag kl. 09.35 med mellomlanding i Namsos. Ankomst Rørvik kl. 10.40 Viss nokon ynskjer å reise ein dag tidligare, så er det same flytid då, samt desse to mulighetene: Tirsdag 24.: Frå Trondheim 16.15 med ankomst Rørvik kl. 16.50 Frå Trondheim 21.25 med ankomst Rørvik kl. 22.00 RETUR: Frå Rørvik kl. 17.07 med ankomst Trondheim 18.10 (mellomlanding i Namsos) OBS-OBS: Det er her snakk om Widerøefly som tek ca 50 passasjerar, og det lønner seg å tinge billettar i god tid, både med tanke på pris og muligheter for å få bli med Når det gjeld andre kommunikasjonsmidlar for å komme seg til Rørvik, går det både ekspressbuss + hurtigbåt (www. http://www.177nordtrondelag.no/ruter/t/22-670.htm ) med ankomst Rørvik kl. 13, og hurtigrute (www.hurtigruten.no). Overnatting - bestill overnatting på: - Kysthotellet i Rørvik der det er reservert 25 enkeltrom og 10 dobbeltrom. http://www.kysthotellet.no/ Enkeltrom Kr. 995,- og dobbeltrom kr. 1.150,- Oppgi ref.nr. 7187 ved bestilling. OBS: Bestill innan 7.juni. Tlf. 74 36 66 00 - Eller ein kan bu heilt nede ved sjøen hjå Rørvik Rorbuer : http://www.rorvikrorbuer.com tlf. 47 80 22 40 innan 7. juni. Kostnader deltakaravgift inkludert mat og transport rundt omkring Prisane er ikkje 100% endelege. Dagpakke husdyrkurs onsdag: ca. kr. 800 (inkludert lunsj, transport og middag m.m) Dagpakke nettverkssamling torsdag: ca. 800 (inkludert lunsj, transport og middag) Dagpakke nettverkssamling fredag: ca. 400 (inkludert lunsj m.m.) Sendt påmelinga til: post@dhs.museum.no innan 7. juni (be om å få påmeldinga stadfesta). De Heibergske Samlinger Sogn Folkemuseum, Vestreim, 6854 Kaupanger. Tlf. 57 67 82 06 Namn:.. Institusjon: Medlem i Kulturlandskapsnettverket?.. Deltek på alt saman Eller: Deltek på husdyrkurs onsdag 25. august (dagpakke ca. kr. 800) Deltek torsdag 26.august (dagpakke ca. kr. 800).... Deltek fredag 27. august (dagpakke ca. kr. 400)....