Golf Dans Hjortatrakket Fotball Fjelltrim Volleyball Bridge Årsrapport SØRAL bedriftsidrettslag 2010
STYRET Styret Samansetning i året har vore : Leiar Nestleiar Kasserar Sekretær Styremedlem Bjørn Heimvik Synnøve Olderkjær Kirsten Hals Bjørn Arholm Odd Arnold Hauge Det er i perioden halde eit ordinært årsmøte og 7 styremøter. Representasjon Einar Oppedal har sete som bedriftsidrettens representant i Idrettsrådet. Leiar har sete i valkomiteen for bedriftsidretten i Hordaland. Leiar har sete i utval med idrettslaga i kommunen i turstiprosjektet for Kvinnherad kommune. Aktivitet for alle kvar dag Bedriftsidrettslaget sitt 44 arbeidsår har igjen vist særs høgt aktivitetsnivå. Lagidrettane, trimaktivitetane våre, samt tilrettelegging for turar til fjells og i skog og mark sysselset mange og gjev populære tilbud til mange fleire. Prosjektet med tilrettelegging av turstiar i kommunen er ferdigstilt, SØRAL B.I.L har hatt arbeidet med fjella i Husnes området. Bedriftsidrettlaget er over lang tid vorte ein viktig aktør for tilsette, deira familie og for lokalsamfunnet. SØRAL-løpet samla for 5. år på rad over 1200 deltakarar. Rundt 800 av desse kjem frå skuleløpet. SØRALløpar Kirsten Melkevik sette ny rekord (20 min 12 sek.) på damesida. Turveka til Kaldestadåsen i mai (vert arrangert annakvart år) samla i år 1211 deltakarar. Fotballgruppa sitt comeback i NM samanheng vart ein gledeleg 3. plass i oldboys klassen. Fjelltrimmen har igjen hatt eit godt år. Totalt vil besøkstalet frå våre turmål koma opp i rundt 25.000 besøk for året. Svartavatnet, Mjelkhaug, Bremstølsvatnet og Fenafjell har sett ny besøksrekord. Trimgruppa har starta opp Hjortatrakket fjelltur i Husnesfjella. 113 personar deltok. Jorda rundt eit år med aktivitet Årets prosjekt var å koma Jorda rundt (40075 km). 81 medlemmer av bedriftsidrettslaget deltok og var med på mange ulike aktivitetar. Målet vart nådd allereie i sommar og ved årsskiftet er ein så godt som to ganger rundt jorda. På topp 5 lista har deltakarane frå ca 5000 km og opp til over 8000 km registrert, bak dei tala ligg mange aktivitetstimar og gode tur og trimopplevelsar. Som tidlegare år har ein hatt ein fellestur ut av kommunen i prosjektet. Turvalet i år var Sabotørruta, topptur til Gaustatoppen og besøk på Vemork. Tidleg i prosjektet hadde ein hyra inn Linda Eide som motivator hovudtittel på innlegget var VM i stille sitjing, noko vi har vist i ettertid at vi ikkje klarte. Motivasjonsamlinga vart avslutta med medlemstreff hos samarbeidspartnar Sport 1, Husnes. Dugnadsånda varemerket vårt Mange hundre timar vert lagt ned årleg for å tilretteleggja og gjennomføra fotball, volleyball, innebandy, trening og turneringar, fellesturar i skog, mark og på fjellet, SØRAL løpet, Hjortatrakket, turveke på Kaldestadåsen, merking av turløyper pluss mykje, mykje meir. I SØRAL parken har pensjonistane ferdigstillt reperasjonen av taket på Grevehytta, oppgradering av tennisbanen, montert gatelys og stått for brøyting av snø. I tillegg har ein i lag med turstiprosjektet på Sunde hatt dugnader på kratt/skogrensking og vedlikehold på merking av turstiane i Husnes/Kaldestadåsen området, trimgruppa i lag med elevar frå KVV har utført arbeid på nokre av turløypene i fjellet. B.I.L, ATV og elevar frå KVV har utført krattrensking langs SØRAL-gjerdet. Takk Styret vil få takka alle som har tatt på seg verv og oppgåver i meldingsåret, utan denne innsatsen ville ein ikkje kunna tilby ein så god og brei aktivitetsmeny, tilrettelagt for våre tilsette, deira familiar og for store og små i nærmiljøet. Stor takk til leiinga på SØRAL som aktiv medspelarar. Også stor takk til lærarar og elevar ved KVV, og SØRAL pensjonistar for god hjelp. Takk til Kvinnherad kommune for byggetilskot til tak på Grevehytta. Styret vil og få takka Geir Berntzen for å ha laga flott fotobok med bedriftsidrettslaget sine siste 5 år med fellesturar til fjells. Bjørn Heimvik, leiar
TRIM Trim Medlemmer i gruppa har i år vore: Bjørn Heimvik (leiar), Geir Berntzen, Christian Nupen, Karina Isaksen, Rune Olsen, Hans Haukland, Steinar Kleven, Geir Sigmund Saghaug, Morten Sund og Tordis Sagstad. Trimgruppa har lagt bak seg eit aktivt år, fellesturar kvar månad, SØRAL løp, Turveke til Kaldestadåsen, fotokurs, vedlikehald og merking av turstiane. I lag med hovudstyret har ein vore med å arrangert Hjortatrakket, Jorda rundt prosjektet, motivasjonsamling og fellestur til Gaustatoppen. Fjelltrim I 2010 fullførte ca 170 personar fjelltrimmen (ny deltakar rekord), besøkstal vert ca 25 000 fordelt på 12 besøksmål. Svartavatnet, Mjeklhaug, Bremstølsvatnet og Fenafjell har sett ny besøksrekord. I samarbeid med grunneigarar og Vardhaugselet`s venner har ein laga to nye turstiar. Ein frå Bremstølen og opp til Svaneheia og ein etterlengta tursti frå Svartavatnet til Mjelkhaug. Begge dei nye stiane var i bruk under Hjortatrakket, der 113 personar deltok. 86 gjekk lang-løype og 27 gjekk kort-løype. Totalt vart det utført over 500 timar trivseldugnad i prosjektet. Turveke på Kaldestadåsen Turveka til Kaldestadåsen i mai (vert arrangert annakvart år) samla i år 1211 deltakarar. Arrangementet som hadde 10 års jubileum er ope for alle. Skular og barnehagar rundt åsen er invitert og tar meir enn gjerna turen opp for motta fortent Kaldestadbolle og saft. Totalt har arrangementet hatt 7093 registreringar sidan starten. Fellestur til Svartatjønn Jobbtrimmen Jobbtrimmen (gå/sykle til/frå jobb) samla i år 102 deltakarar. Desse samla totalt 2054 dagar med aktivitet i aksjonsperioden 12 april 13 juni. Merking av Hjortatrakk løypa
SØRAL løpet Årets skuleløp er det største vi har hatt. Totalt var det 817 som stod på startsteken denne fine haustdagen. Elevane kom fra KVV, Husnes ung skule og Undarheim skule, i tillegg hadde ein med nokre store og små frå Sunde barnehage. Idrettsklassen frå KVV er fast medarrangør og gjer ein stor jobb for arrangementet. Rundt 60 personar er med å arrangerar skuleløpet og utan hjelp fra KVV og SØRAL pensjonistar m.fl ville ein ikkje kunna ta på seg eit så stort arrangement. For heile løpet som var det 26. i rekkja vart det 1290 som deltok. Siste 5 åra har alle løpa hatt over 1200 deltakarar. Andre arrangement Fellestur til : Handelandsdalen Onarheimslia Bogsnesåsen Nordfjell, Vardhaugselet, Englafjell og Handelandshorgja (skitur) Gråskallen Svartatjønn Mannsvatn Ulvanosa Bremstølen Feto Sundsmarka (Romjulstur i lag med Turstiar på Sunde) Fotokurs Dugnad ved Opsangervatnet (i lag med Sportsfiskaren) Fotobokkurs Stand Husnes storsenter Frå tursti-prosjektet i Kommunen Fellestur til Ulvanosa Jorda Rundt deltakarar
SØRAL-LØPET SØRAL-løpet 1993-2010 Deltakarutvikling
Volleyball VOLLEYBALL I året som gjekk har treningstida vore frå kl.20.00 til 22.00 måndagar, i Husneshallen. Det har gjennom året vore få frammøte, men til vår fordel har det møtt spelarar utan tilknyting til SØRAL. Vil difor ynskja nye spelarar velkomne! Aktivitetar. I januar 2010 arrangerte vi SØRALcup Mix i Husneshallen. Trio volleyballgruppa sto for den tekniske gjennomføringa. I mars deltok vi med mixlag på Supercup i Stavanger. I september deltok vi med mixlag på cup i Haugesund. Bjørn Helle FOTOKURS Fotokurs For andre året på rad har ein gjennomført ulike fotokurs. Fotografane Atle Helland og Ivar Langeland var leigd inn til å ha kurs om kamerakunnskap, komposisjon, uteøkt med fotografering og digital bildebehandling. På det andre kurset om å laga Fotobok var det husfotografane Hans Ordin Østebø og Geir Berntzen som vidareformidla kunnskap. Sidan ein starta med desse kursa i 2009 har rundt 80 personar delteke. Bjørn Heimvik
BESØKJANDE Besøkjande M.o.h: Turmål: 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 1245 Ulvanosa 248 329 285 393 251 304 322 1200 Englafjell 147 118 152 135 209 1013 Manen 166 325 267 225 297 268 206 1005 Mjelkhaug 433 357 342 384 427 478 445 667 893 Handelandshorga 112 79 69 78 101 160 125 777 Svartavatnet 216 216 206 202 181 246 222 643 Vardhaugselet 2121 2071 1779 1280 1633 2037 1755 559 Nordfjellet 4023 3673 3739 4248 4025 4441 3994 3558 460 Bremstølsvatnet 1526 1792 1583 1971 1272 1803 1684 271 Kaldestadåsen 5198 6171 5223 7014 5117 6693 5798 7025 265 Onarheimslia 1420 4818 5171 4836 160 Fenafjell 3237 3499 3778 3161 3428 3928 4247 4820 8491 Total 17427 18512 17389 18956 18304 25311 23647 20906 Mount Everest (8850 m.o.h)
Innebandy INNEBANDY 2010 har vært eit bra aktivt år for innebandygruppa. Frammøte har vore bra, har lege på 8-14 spelarar gjennom sesongen. Frå skift 4 har det vore opptil 7 stk på treningane, og på hausten har me vore så heldige å få med oss eit par damer, men det er plass til mange fleire. På slutten av året var me nødt å investere i nye køller, då me ikkje kunne stille med kølle til alle som møter opp. Laget stilte på Superhelg i Stavanger på våren, der motstanderlaga hadde oss som favorittar til å vinne. Me klarte ikkje heilt å innfri det. Det vart 3 knepne tap. Har også i år nytta sms-varsling for å minna på om trening, og laget har eiga gruppe på Facebook. Treninga foregår i Husneshallen på mandager kl. 20.30-22.00 og me disponerer ¾ hall. Håper mange finn vegen til hallen og innebandy denne dagen i 2011 òg. Gunnar Holm BRIDGE Bridge Mandags morgen gjennom vinterhalvåret er det ein konsentrert gjeng som samlast i Grevehytta til bridgeturnering. Det er her ein får fram dei gode gullkorna når meldingane ikkje samsvara med dei små grå si evne til å følgje opp, men du verden så kjekt ein har det. Leif Thuland
DANS Dans Trimdansen kvar mandag har framleis god oppslutning. Kring 50 personar stiller opp og hiv seg ut i dansen. Om det er ein heftig tango eller ein reinlender betyr lite for denne spreke gjengen, dei mestrar alt. Den sosiale biten blir heller ikkje gløymt, kaffiøkta tar vare på den. Eit av høgdepunkta er når vi samlast i samen med danselaget i Odda og møtast i Røldal, eller når vi drar på langtur i juni. I år var turen lagt til Lyngdal. Leif Thuland Frå danseturen juni 2010 KLUBBHUSET Klubbhuset Det er i år utført reparasjon av råteskader i tak og lagt nytt tak på klubbhuset. Alt arbeid er utført på dugnad, i hovudsak pensjonister. Ei stor takk til dei. Ny kledning på terassedelen, nye vindusprosser og dør ut til terrassen er prosjekt som venter på dugnadsfolket i det nye året. Leif Thuland
MED SØRAL B.I.L 40075 km JORDA RUNDT Fellestur til: Sabotørruta Gaustatoppen Vemork
FOTBALL Fotball Fotballgruppa held fortsatt koken, med trening 2 gonger i veka på Kvednabekkjen og etter ein del års pause: -NM-tur. Årets høgdepunkt var nok turen til NM i Trondheim, der me for første gong deltok i Old boys klassen. Aldersmessig kunne få, om nokon, måla seg med oss med ein snittalder på 44 år. Utan å nemna kor mange lag som var med, fekk vi der ein heiderleg 3. plass. Nyrekruttering til fotballgruppa er det smått med, så eg oppfordrar alle tilsette som kan tenkje seg ei trimøkt, om å koma på treningane våre. Tore Sjo
Innebandy Ro/padling SØRAL-løp Treningssenter Jobbtrimmen www.soralbil.no