Årsmelding for Sogndal Sp 2010 Året 2010 Sidan siste årsmøte har det vore ein heil del aktivitet i lokallaget. Sidan det ikkje har vore valår, har vi hatt fokus på å markere Sogndal Senterparti som eit påliteleg, ansvarleg og resultatorientert opposisjonsparti. Vi har også vore opptekne av å nå måla vi vedtok i handlingsplanen for 2010. Dette meiner vi at vi stort sett har lukkast med. Det har blitt halde 11 styremøte, 23 gruppemøte og 4 medlemsmøte. I tillegg til gruppa, har lokallagsleiar møtt på dei fleste gruppemøta. Det same har fleire av styremedlemane. Det har vore eit godt samarbeid mellom gruppa og styret med god stemning på møta våre. Styret og gruppa Styret for lokallaget har i 2010 vore sett saman slik: Sindre Børsheim Ramung (leiar), Jostein Ølmheim (nestleiar og studieleiar), Karen Marie Hjelmeseter (gruppeleiar), Inge Rolf Torstad (kasserar), Margunn Navarsete (skrivar) og Sigfred Stenehjem (styremedlem). Varamedlemmar har vore 1.Olaug Marie Bjelde, 2. Anne Gro Hamre og 3. Magne Selseng. Johannes Litlabø har vore vår revisor. Valnemnda til årsmøtet 2010 er Laura Kvamme (leiar), Sevald Ylvisåker og Per Magne Fimreite. I tillegg til styremøte ca to gonger i månaden, har vi halde gruppemøte i forkant av så godt som alle politiske møte i kommunal regi. I praksis har dette betydd møte meir eller mindre ein gong kvar veke. På gruppemøta har vi gjennomgått sakslista til det føreståande politiske møtet og andre spørsmål som vi meiner burde setjast på dagsorden i kommunen. Gruppa består av gruppeleiar Karen Marie Hjelmeseter, Laura Kvamme, Synnøve Stalheim og Hallvard David Falck-Husum. Gunnstein Flugheim og Ivar Slinde er første- og andre vara denne perioden, og har vore viktige bidragsytarar på gruppemøta. Økonomi Den økonomiske situasjonen til lokallaget har blitt noko betra i år, mykje takka vere målretta arbeid frå representantar frå partiet som fekk gjennomslag for å gjeninnføre ordninga med kommunetilskot 1
til dei politiske partia som tilsvarar statstilskotet. Til tross for dette, har lokallaget framleis ein svak økonomi. Styret vedtok derfor å berre sende tre utsendingar til fylkesårsmøtet i år. Frå 2009 har det vore partiet sentralt som krev inn medlemsavgifta. Dei aller fleste medlemmane har betalt avgifta, og vi tykkjer derfor at ordninga fungerer rimeleg godt. Informasjonsarbeid Vi har sendt ut møteinnkallingar og sakslister til politiske møte i kommunal regi på e-post til dei av medlemmane som har registrert seg med e-postadresse i medlemsregisteret. Vi har gjort nokre forsøk på å få fleire til å melde inn sine e-postadressar, då vi meiner at e-post kan vere med å styrke informasjonsflyten til medlemmane. Når vi har kalla inn til medlemsmøte har vi enten annonsert i Sogn avis eller sendt innkalling i brev, i tillegg til at vi har nytta e-post og lokallaget sine nettsider. Vi har blitt flinkare til å bruke nettsidene våre www.senterpartiet.no/sogndal. Nettsidene har blitt oppdatert opp til fleire gonger i månaden med nyheitsstoff og annan informasjon til medlemmane. Elles har vi oppretta e-postadressa sogndalsp@gmail.com, som alle kan bruke dersom dei har innspel eller spørsmål til styret i lokallaget. Vi meiner det er viktig å få kommunisert politikken vår i lokale media. Kommunestyrerepresentantane våre har markert seg i den politiske debatten i kommunen og har vore omtala i Sogn Avis ved fleire høve. I tillegg til dette, har lokallaget hatt tre lesarinnlegg på trykk (Plan og næring, Fjordstien og Kulturhuset etter 2012). Som opposisjonsparti, meiner vi likevel at det har vore vanskeleg å nå fram i den grad vi hadde ønska i media. Dette vil vi jobbe meir med i valåret. Rekruttering Som dei fleste andre politiske parti, opplever også lokallaget vårt at vi må jobbe hardare for å klare å halde på medlemmar og rekruttere nye folk. Saman er vi sterke, heiter det. Vi har derfor jobba aktivt med å auke medlemsmassen. Dessverre har vi ikkje nådd målet om ei auke i medlemstalet på 10% i 2010. Pr 1. november er status 92 betalande medlemmar. Dette gjer oss til det tredje største lokallaget i fylket. Det har ikkje blitt rekruttert heilt nye personar utanfrå i år, men enkelte medlemmar som har vore ute i eit eller fleire år, har valt å teikne medlemsskap igjen. Det tykkjer vi sjølvsagt er kjekt. Vi vil uansett fortsetje å jobbe for å få med oss fleire medlemmar, og då spesielt kvinner og ungdommar. I februar hadde vi arbeidsmøte med fokus på rekruttering av listekandidatar og medlemmar. Her gikk vi gjennom bygdelaga eitt for eitt, og lista opp personar som det kunne vere aktuelt å forsøke å 2
rekruttere. Resultatet blei ei liste med namn som dei enkelte av dei frammøtte fekk i oppgåve å kontakte. For å gi nye medlemmar ein hyggeleg velkomst, har vi utarbeidd eit velkomstbrev som alle nykommarar får tilsendt. Studiearbeid Lokallaget har i år gjennomført to studiesirklar, basert på materiell frå Sp sentralt: Ein studiesirkel om landbruk og ein om programarbeid. Studiesirkelen om landbruk strakk seg over tre studiekveldar med noko heimelekse. Vi fekk nokre gode diskusjonar om lokalt og nasjonalt landbruk, og kva som kan gjerast for å sikre tilstrekkeleg matproduksjon i ei verd der det blir stadig fleire munnar å mette. Diskusjonane munna ut i ei uttale til partiet sentralt i høve Landbruksmeldinga som snart kjem. Like før sommaren starta programnemnda på studiesirkelen Gode programprosessar. I skrivande stund har programnemnda hatt seks møte. Studiesirkelen vil bli avslutta når programmet til kommunevalet er klart. Vi håpar at endå fleire let seg engasjere i studiesirklar i året som kjem. Vi som har delteke så langt, har opplevd dette som ein kjekk og uformell måte å diskutere politikk på og samtidig lære eitkvart. Senterungdommen Vi har dessverre ikkje nådd målsetjinga om å skipe eit lokallag for Senterungdommen i løpet av 2010. Vi meiner det er viktig å få etablert eit senterungdomslag for å gjere det meir attraktivt for ungdommar å engasjere seg i partiet vårt. Vi har hatt dialog med lokallaget i Luster om moglegheitene for å skipe eit felles Senterungdomslag saman med dei, og håpar at dette kan skje ein gong i 2011. Engasjement utanfor lokallaget Karen Marie Hjelmeseter sit som kjent som leiar av fylkespartiet. Dette meiner vi er svært positivt for lokallaget vårt. Bortsett frå Karen Marie, har vi for augeblikket ingen fleire fylksesstyremedlemmar. Laura Kvamme er ein del av arbeidsgruppa på landbruk. På Fylkestinget sit Jarle Skartun. Han sit også i Hovudutvalet for plan og næring, og som første vara til Fylkesutvalet. Elles har Sogndal Sp delteke i dei regionale arbeidslaga saman med dei andre lokallaga i Indre Sogn. Fylkespartiet har arrangert to slike møte i 2010. 3
Nominasjons- og programarbeid Nominasjons- og programarbeidet har kome godt i gang. Første utkast til program vil bli sendt ut på høyring blant medlemmane før jul. Nominasjonsmøtet blir i februar. Årskavalkade Årsmøtet 2009 blei halde den 16.11 i Kommunestyresalen. Det møtte fram 17 personar. I tillegg til dei vanlege årsmøte sakene, hadde vi Karoline Aldis Bjerkeset frå fylkespartiet på besøk. Ho ga oss ei interessant orientering om sakene fylkespartiet jobba med og svarte på spørsmål frå årsmøtet. Neste medlemsmøte var politisk kveld på Knaken fredag 19. mars. 22 senterpartistar frå så godt som heile Indre Sogn møtte opp på Knaken kafé for å diskutere helsepolitikk, ete og hygge seg i lag. Kjersti Toppe, nestleiar i Helse- og omsorgskomiteen, innleia til ein spennande debatt om sjukehusstruktur og samhandlingsreform. Vi fekk servert kortreist 3- rettars middag og blei underhaldt av ein lokal ukulele-spelande trubadur. Seinare på kvelden var det lotteri og quiz. Fylkesårsmøtet 2010 blei i år halde på Skei hotell 5. og 6. mars. Frå lokallaget møtte Margunn Navarsete, Laura Kvamme, Sindre Børsheim Ramung og Karen Marie Hjelmeseter. Til vår store glede, blei Karen Marie valt som fylkesleiar. Fylkesårsmøtet vedtok seks uttalar: Sjukehus for framtida Landbruk ei framtidsnæring i fylket Betre løns- og arbeidsvilkår for kvinneyrka Sogn og Fjordane med opne armar for kompetansearbeidsplassar Ei sterkare yrkesfagleg utdanning Framtidas turisme må nytte fjordane som ressurs Uttala Framtidas turisme må nytte fjordane som ressurs, tok utgangspunkt i eit framlegg innsendt av Sogndal Senterparti. Vi opplevde det som positivt at fylkesårsmøtet vedtok denne viktige uttala. 14. juni hadde lokallaget sommaravslutning med grilling på Grendahuset på Torstad. Det siste vi rakk før vi tok sommarferie var å markere Senterpartiet sine 90 år på gruppemøtet 21. juni. Jubilanten blei feira med alkoholfri sjampanje i Sentrumsparken. 11. oktober arrangerte vi nytt medlemsmøte for å setje opp ei rangert liste til 2. nominasjonsrunde til Fylkestingsvalet, velje fem utsendingar til nominasjonsmøtet i desember og arbeide med saker til programmet til kommunestyrevalet. Medlemsmøtet vedtok følgjande 15 namn i prioritert rekkefølgje: 1. Karen Marie Hjelmeseter, Sogndal 2. Jenny Følling, Gaular 3. Ander Ryssdal, Gloppen 4. Martine Holseæter, Årdal 5. Arnstein Menes, Balestrand 4
6. Nils Gjerland, Førde 7. Anita Nybø, Bremanger 8. Gunn Mongstad, Solund 9. Ivar Kvalen, Luster 10. Per Kjøllestad, Stryn 11. Bjørg Bergheim, Jølster 12. Sandra Strandos, Høyanger 13. Per Rune Vereide, Gloppen 14. Laura Kvamme, Sogndal 15. Asgeir Solheim, Vågsøy Til slutt gjenstår det berre å takke alle medlemmane for støtta dykkar til lokallaget. Vi gler oss til valkamp og ikkje minst kommunevalet i september! Beste helsing, Styret D Dei jobbar hardt for Senterpartiet 5