SAK 71/08 SØKNAD OM STØTTE TIL PROSJEKT AUDIOGUIDING, NESBYEN TURIST- OG NÆRINGSSERVICE OG HALLINGDAL MUSEUM Saksopplysning Nesbyen turist- og næringsservice AS, i samarbeid med Hallingdal Museum, søkjer i brev dat. 13.1.2008 om kr. 105.000 i støtte, til utvikling av audioguiding, med Nesbyen som pilot. Audioguide er ein elektronisk guide/teneste for museer, utstillingar og attraksjonar, der den besøkande kan utforske på eigen hand. Audioguid er også ei god løysing for tilpassing av ulike språk. Det er mange måtar å nytte audioguiding på der ein av dei store fordelane er fleksibiliteten i forhold til forteljinga, musikken eller informasjonen som skal presenterast. Teknologisk kan audioguiding vera eigne handhaldne avspelarar eller system der det kan lastast ned lydfiler frå internett, som kan kopierast til eigen MP3-spelar, PDA eller mobiltelefon. Det er ingen andre stader i Hallingdal der det blir nytta audioguiding. Men dette er ei teneste som etter kvart mange nyttar seg av, eks: http://www.sfj.kulturnett.no/default.aspx?target_url=audioguide.aspx http://www.sunnfjord.museum.no/cms/sm/cms.nsf/$all/5d9c1af4e4ee03edc12573530 06C5AE7 http://www.audio-guide.no/news/nyheter.htm Prosjektplan (vedlegg 2) gjev ei god oversikt korleis prosjektet er planlagt gjennomført. Total kostnad for prosjektet er kr. 210.000. Vurdering Audioguide er ei teneste som etter kvart blir teke meir i bruk også i Norge. At dette ikkje er prøvd ut i Hallingdal tidlegare kan synast noko merkeleg. Men dette bør vera ei teneste som absolutt bør utprøvast. At Nesbyen turist- og næringsservice AS ynskjer å vera ein pilot for audioguiding er positivt. Når dette i tillegg blir gjort i samarbeid med Hallingdal Museum slik at museet også kan nytte seg av utstyret og prøve løysingar, er dette av regional interesse. Prosjektet vil og kunne ha store overføringsverdiar til resten av Hallingdal. Etter dagleg leiar sitt syn er dette eit tiltak som bør støttast. Forslag til vedtak 1. Regionrådet for Hallingdal rår til det blir løyvd tilskot på inntil 50% av kostnadane, innafor ei tilskotsramme på kr. 105.000, til utvikling av audioguiding, med Nesbyen som pilot. 2. Nesbyen turist- og næringsservice AS som prosjektansvarleg skal gjennomføre prosjektet i samarbeid med Hallingdal Museum, 3. Tilskotet blir finansiert av partnarskapsavtala med Buskerud fylkeskommune for 2008. 4. Dei erfaringar og kunnskap som blir tilegna gjennom prosjektet skal vera fritt tilgjengeleg for dei andre kommunane i Hallingdal og Buskerud fylkeskommune. Ål 26.11.2008 Knut Arne Gurigard Dagleg leiar Vedlegg 1. Søknad frå Nesbyen turist- og næringsservice AS, dat. 13.11.2008 Vedlegg 2. Prosjektplan
SAK 71/08, VEDLEGG 1 Regionrådet for Hallingdal v/knut Arne Gurigard Nesbyen, den 13. november 2008 SØKNAD OM STØTTE TIL PROSJEKT AUDIOGUIDING Nesbyen turist- og næringsservice AS, i samarbeid med Hallingdal Museum, søker om i bli pilotdestinasjon på utvikling av Audioguiding i Nesbyen. Vi søker på Regionale utviklingsmidler med tildeling høsten 2008. Det er via utviklingsavdelingen i BFK og Bente Bjerknes at vi har fått tips om å søke på disse midlene. Audioguiding er en spennende og ganske ny måte å presentere attraksjoner på. Det er ingen andre i Hallingdal som kan tilby en slik aktivitet. Det er imidlertid flere andre destinasjoner (eks. Lærdal) og attraksjoner i Norge som tilbyr dette. Etter en del undersøkelser og arbeid har vi sammen med Hallingdal Museum kommet fram til flere måter å benytte utstyret på. Vi vil lage levende historefortelling, dette skal ikke bli kjedelig opplesing. Les vedlagte presentasjon. Se også finansierings- og kostnadsoversikt i den vedlagte presentasjonen. Jeg ber om at søknaden blir behandlet på førstkommende møte. Vi tror produktet skal bidra til økt aktivitet, og at bedre og mer informasjon vil løfte opplevelsen. Ta gjerne kontakt for nærmer opplysninger. Dette er et viktig prosjekt, og vi håper derfor at søknaden blir innvilget. Med vennlig hilsen Nesbyen turist- og næringsservice AS Birgit Rustberggard Turistsjef Vedlegg: Prosjektplan N e s b y e n t u r i s t - o g n æ r i n g s s e r v i c e A S * J o r d e s h a g e n 5 * 3 5 4 0 N e s b y e n w w w. n e s b y e n. n o * i n f o @ n e s b y e n. n o * T e l. 3 2 0 7 0 1 7 0 * F a k s 3 2 0 7 0 2 1 0 * Org. nr. 965 845 011
SAK 71/08, VEDLEGG 2 1 av 12
SAK 71/08, VEDLEGG 2 2 av 12
SAK 71/08, VEDLEGG 2 3 av 12
SAK 71/08, VEDLEGG 2 4 av 12
SAK 71/08, VEDLEGG 2 5 av 12
SAK 71/08, VEDLEGG 2 6 av 12
SAK 71/08, VEDLEGG 2 7 av 12
SAK 71/08, VEDLEGG 2 8 av 12
SAK 71/08, VEDLEGG 2 9 av 12
SAK 71/08, VEDLEGG 2 10 av 12
SAK 71/08, VEDLEGG 2 11 av 12
SAK 71/08, VEDLEGG 2 12 av 12