Rullering av arealdelen til kommuneplanen 2012



Like dokumenter
Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet Sund kommune

VEDLEGG D: Prosess og medverknad

Sakspapir KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR SVEIO OG PLANPROGRAM FOR KOMMUNEPLANEN

Hovden del2 reguleringsplan frå 1997

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

REVISJON AV AREALDELEN I KOMMUNEPLANEN UTLEGGING TIL HØYRING OG OFFENTLEG ETTERSYN

Planstrategi for Ullensvang herad

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

Landskapsanalyse i kommuneplan Bruk i planlegging Fjell kommune, Aud Raknem

Nasjonale forventningar korleis svarar fylket på forventningane? Vedlegg til Regional planstrategi for Sogn og Fjordane

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Edland / Haukeli

Plan- og bygningsloven. Gunn Tove Nyheim

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet Sund kommune

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Leikanger kommune. Kommunal planstrategi Vedteken i kommunestyret 8.desember 2016, sak 54/16

Kommuneplanens arealdel

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

Kommunal planstrategi. Tilrådd av formannskapet den 27/ , sak 97/16. Øystre Slidre rein naturglede!

PLANPROGRAM Interkommunal næringsarealplan for REGION VEST Eit samarbeid mellom kommunane i Region Vest

Nasjonale forventningar korleis svarar fylket på forventningane?

Fjell kommune Arkiv: Saksmappe: 2015/ /2016 Sakshandsamar: Lena Svalastog Garnes Dato: SAKSDOKUMENT

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

BARN OG UNGE I PLANSAKER

Vinje kommune. Økonomi, plan og utvikling. Kommuneplanens samfunnsdel - til høyring og offentleg ettersyn

Radøy kommune Saksframlegg

RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN - UTLEGGING AV PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN, VARSEL OM OPPSTART

Kommuneplan Samfunnsdel

Forslag arealformål. Fiskeri/bruk og vern av sjø og vassdrag LNF (natur)

Planstrategi

ETAT FOR LOKAL UTVIKLING. Utforming av kommuneplan

Ny strandsonerettleiar for Hordaland. Plannettverk 30. mai 2013 Eva Katrine Ritland Taule

Fjell kommune Arkiv: 310 Saksmappe: 2011/ /2011 Sakshandsamar: Cecilie Krohn Dato: SAKSDOKUMENT

KOMMUNAL PLANSTRATEGI FLORA KOMMUNE

Kommunedelplan. for fysisk aktivitet Planprogram - Høyringsutgåve

KOMMUNEDELPLAN FOR HERØY - Hamneplan

2. Referat frå oppstartsmøte

Kommuneplanen sin arealdel Folkemøte 13. januar 2015

FRÅSEGN - HØYRING AV STATLEGE PLANRETNINGSLINJER FOR BOLIG-, AREAL- OG TRANSPORTPLANLEGGING - MLJØVERNDEPARTEMENTET

Saksnr Utval Type Dato 042/15 Formannskapet PS /15 Heradsstyret PS

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:

Opplæring. Plansystem og planarbeid

Strandsona i ny PBL. Eva Katrine Ritland Taule Opplæring ny plan- og bygningslov, Plandelen Terminus, 27. mai 2009

Skodje kommune Teknisk avdeling

Ny arealplan for Fjaler. Folkemøte i Dale 13. desember 2018

Bykle kommune -Bykle ser langt. Planprogram for kulturminneplan

Kommuneplanen sin samfunnsdel

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, SOSIAL OG OMSORG FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM, 30. AUGUST 2016

Regional planstrategi

Radøy kommune Saksframlegg

Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet høyringsdokument planprogram. Lærdal kommune PLANPROGRAM

Saksnr. utval Utval Møtedato 002/16 Planutvalet /16 Bystyret Fastsetjing av planprogram for områderegulering Indre Øyrane

Tokke kommune. Planprogram kommunedelplan Helse og omsorg Framlegg 15. mai Ann Wraa Helse - og omsorgsleiar

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Planprogram. Rullering av kommuneplanens arealdel. Sund kommune. Vedteke av kommunestyret Dato:

Planprogram for revisjon av Kommuneplan

Målselv mulighetslandet. Kommunal planstrategi

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

Korleis kan vi utvikla fjellsamfunnet? Henning Ekerhovd, Leiar for Komitè for plan og utvikling (KPU)

OPPSTART AV KOMMUNEPLANARBEID OG OFFENTLEG ETTERSYN AV PLANPROGRAM

Skodje kommune Teknisk avdeling

Regional jordvernkonferanse Kva stilling har jordvern hos politikarane og kommunane i Rogaland og Hordaland?

AKTIVITET OG FRILUFTSLIV I SUNNFJORD KOMMUNE

Sykkelbyavtale for regionsenteret Straume (Fjell kommune)

Saksnr Utval Type Dato 068/16 Formannskapet PS /16 Heradsstyret PS

Planstrategi Flora kommune

Kommuneplan for Radøy delrevisjon konsekvensvurdering av endringar i kommuneplanens arealdel

FRÅSEGN TIL HØYRING OM FORSLAG TIL ENDRINGER I PLAN- OG BYGNINGSLOVA

PLANPROGRAM RULLERING AV KOMMUNEDELPLAN FOR IDRETTSANLEGG OG ANLEGG FOR FRILUFTSLIV MED HANDLINGSPROGRAM Datert

Saksnr Utval Type Dato 088/16 Formannskapet PS /16 Heradsstyret PS

Regional og kommunal planstrategi

Arbeidsprogram for energi-, miljø- og klimaplan. Framlegg til arbeidsprogram

PLANPROGRAM. Tysnes kommune, rullering av samfunnsdel

Årssamling i regionalt planforum 2017 regional planstrategi Marit Rødseth, plansjef 12.september 2017

Saksframlegg. Sakshandsamar Arkiv JournalpostID Marit Magdalene Schweiker K /5829

PLANPROGRAM FOR KOMMUNEDELPLAN FOR BREIBAND

Planstrategi for Balestrand kommune

SØKNAD OM OPPSTART AV PLANARBEID FOR DEL AV GNR. 24 BNR. 4 JYDALEN, FAMMESTAD

INNSPEL OM VIKTIGE NASJONALE INTERESSER I SAMBAND MED DET PÅGÅANDE ARBEIDET MED EI NASJONAL RAMME FOR VINDKRAFT PÅ LAND

KOMMUNEDELPLAN TINGVATN - SNARTEMO PLANPROGRAM

Presentasjon av forslag til planprogram Disposisjon:

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

Austevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref Stina Nordbak 15/

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Planprogram for revisjon av regional planføresegn om lokalisering av handel og kjøpesenter (handelsføresegna)

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

Saksnr. Utval Møtedato 107/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr.

Arbeidsprosess Kommuneplanen sin samfunnsdel

Fjell kommune Arkiv: 501 Saksmappe: 2008/ /2009 Sakshandsamar: Alv Terje Fotland Dato: SAKSDOKUMENT

Ål kommune PLANSTRATEGI PLANPROGRAM FOR REVISJON AV KOMMUNEPLAN

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

SAKSFRAMLEGG. Revisjon av kommuneplanen sin samfunnsdel for Fitjar kommune. Oppstart av Planprogram.

Kvar skal handel og kjøpesenter bli plassert i byane og bygdene våre?

Planprogram for kommunedelplan for bustadutvikling

Born og unge i arealplanlegging. 10. juni 2015 Anette J. Mokleiv og Morten Sageidet

Bustadnettverket i Sogn. Orientering til regionrådet 15. juni 2018, Vik. Arne Kringlen, Norconsult AS

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Sbh. Saknr Formannskapet KRN 109/10. Ansv. ANB

Transkript:

Fjell kommune PLANPROGRAM Rullering av arealdelen til kommuneplanen 2012 Godkjent av kommunestyret 21.3.2013, sak 27/13

Innhald 1. Innleiing... 3 1.1. Overordna rammer og premiss... 3 1.1.1. Nasjonale føringar... 4 1.1.2. Regionale føringar... 4 1.1.3. Tilpassing til plan- og bygningslov av 2008 (pbl 2008)... 5 1.2. Gjeldande arealdel til kommuneplan (KPA 2011)... 6 1.3. Andre kommunale planar... 7 2. Utviklingstrekk i Fjell kommune... 8 3. Utfordringar... 11 4. Tema og mål for rulleringa... 15 4.1. Tema for rulleringa... 16 4.1.1. Bustad... 16 4.1.2. Næring... 18 4.1.3. Kystkultur... 20 5. Organisering, medverknad og krav til innspel... 23 5.1. Organisering... 23 5.2. Medverknad... 24 5.3. Krav til innspel... 24 6. Kjent kunnskap og utgreiingsbehov... 26 6.1. Oversikt over kjent kunnskap og utgreiingstema... 27 7. Planprosess, framdriftsplan... 31 7.1. Fase 1: planprogram... 31 7.2. Fase 2: utarbeiding og vedtak av plan... 31 Figurliste Figur 1: Prognoser for folkevekst henta frå Hordaland i tal 2012... 8 Figur 2:Endringane i folkesetnaden si storleik frå 1970 til 2040, alternativ høg nasjonal vekst. Kjelde SSB.... 9 Figur 3: viser alle bustader i kommunen pr mai 2012... 12 Figur 4: prosentvis endring i tal innbyggjarar etter alderskategori 1990 2040. Alternativ høg nasjonal vekst. Kjelde SSB.... 14 Figur 5: grovmaska framdriftsplan for fase 1 - planprogrammet... 31 Mars 2013 Planprogram for rullering av arealdelen til kommuneplanen 2012 2

1. Innleiing I medhald av plan- og bygningslova (pbl) 3-3 og 11-1 skal kommunane legge til rette for utvikling og samordna oppgåveløysing gjennom forvaltning av areala og ressursane i kommunen. Kommuneplanen skal ivareta både kommunale, regionale og nasjonale mål, interesser og oppgåver. Arealdelen til kommuneplanen er ein overordna plan som gjev føringar og struktur for korleis arealet, både på land og i sjø, skal nyttast. Planprogrammet skal gjere greie for føremålet med planarbeidet, planprosessen, medverknad og behovet for utgreiingar (pbl 4-1, forskrift om konsekvensutredning 6). Areal som inngår i kommunedelplanar er ikkje del av denne rullering. Arealbruken for desse områda vert fastsett og eventuelt endra gjennom andre planprosessar. Senterstrukturen med Straume og Ågotnes ligg fast og er tydelig og klart forankra gjennom kommunedelplanar. I tillegg er planane for KDP Bildøyna/Sotra Kystby er ein vesentlig faktor i eit framtidig utbyggingsmønster. Rulleringa må sjå arbeidet med arealplanen opp i mot kommunedel- og temaplanar. Fleire av desse er under arbeid og kan innehalde element som må følgjast opp i arealdelen. Overordna mål: Kommunen skal gjennom eit planstyrt og tilpassa utbyggingsmønster, leggja til rette for ei mangfaldig samfunnsutvikling med fokus på gode og varierte bustadmiljø sentralt og i utkantane, med særleg vekt på å ivareta element av lokal kultur og historie knytt til grendestrukturen i kommunen. Det skal leggjast til rette for utvikling av eit framtidsretta næringsliv i Fjell. Overordna arealstrategi: Utforme ein forpliktande arealplan som gjev rom for ei bærekraftig samfunnsutvikling i Fjell. Utbygging i kommunen skal stå i forhold til vedtekne planar for teknisk infrastruktur og gjennomføring av desse. 1.1. Overordna rammer og premiss Nytt sidan siste kommuneplanprosess er føring om at det kvart fjerde år skal utarbeidast eit dokument med nasjonale forventningar til regional og lokal planlegging, pbl 6-1. Målet er å fremje berekraftig utviklig. Det er første gong eit slikt forventningsdokument inngår som ein formell del av plansystemet. Regjeringa har lagt føringar for regional og kommunal planlegging i følgjande dokument: Nasjonale forventninger til regional og kommunal planlegging vedteke ved kongelig resolusjon 24. juni 2011. Regjeringa sine forventningar til regional og kommunal planlegging er fleire og krev oppfølging på ulike nivå og på ulike måtar. Føringane skal leggjast til grunn i arbeidet med planstrategi og planprosessar. Mars 2013 Planprogram for rullering av arealdelen til kommuneplanen 2012 3

Dokumentet spenner frå område for klima og naturmangfald til trafikk, næringsutvikling og oppvekstvilkår. Forventningane skal medverka til at lokal planlegging tek opp viktige utfordringar i samfunnsutviklinga. Forventningane vil vera retningsgjevande for utarbeiding av lokale planar. Ei klargjering av regjeringa sine forventningar er meint å medverke til at planlegginga blir meir målretta og ikkje meir omfattande enn naudsynt. Regionale føringar kjem til uttrykk i fylkes(del)planar og rettleiarar. Desse dokumenta set formelle krav og rammer for planprioriteringar og gjev føringar for planprosessar på kommunalt nivå. 1.1.1. Nasjonale føringar Nasjonale forventninger til regional og kommunal planlegging, vedtatt ved kongelig resolusjon 24. juni 2011 Rundskriv T-2/08 Rikspolitisk retningslinje for å styrke barn og unges interesser i planlegginga Retningslinje T-1442 Støy i arealplanlegging Rundskriv T-5/97 om arealplanlegging og utbygging i fareområder Rundskriv T-4/96 lover og retningslinjer for planlegging og ressursutnytting i kystsonen Rundskriv T-5/93 Rikspolitisk retningslinjer for samordnet areal- og transportplanlegging 1.1.2. Regionale føringar Regional transportplan 2013 Fylkesplan for Hordaland, 2005-2008 (forlenga inntil vidare) Klimaplan for Hordaland, 2010-2020 (inkluderar fylkesdelplan for energi og vindkraft). Fylkesdelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv, 2008-2012 Fylkesdelplan deltaking for alle universell utforming, 2006-2009 Fylkesdelplan for senterstruktur og lokalisering av service og handel, 2001-2004 (ny regional plan under arbeid) Fylkesdelplan for kystsona i Hordaland, 2001-2012 Fylkesdelplan for fiskerihamner Fylkesdelplan for kulturminne, 1998-2010 (ny regional plan under arbeid) Råd om landskap i kommunal planlegging i Hordaland, 2011 Råd om planlegging og forvaltning av strandsona i Hordaland 2007 Område for friluftsliv, kartlegging og verdsetting av regionalt viktige område i Hordaland, 2008 Arealstrategi for landbruket, 2009 Strategisk næringsplan for Bergensregionen 2010-2014 Behov for næringsarealer i Bergensregionen, Business Region Bergen, 2012 Regionale planar under arbeid: Regional areal og transportplan for Bergensområdet Regional næringsplan Regional plan for folkehelse Regional plan for godshamn Bergensområdet Mars 2013 Planprogram for rullering av arealdelen til kommuneplanen 2012 4

Regional plan for attraktive senter i Hordaland senterstruktur, tenester og handel For oppdatert informasjon om dei regionale planprosessen sjå www.hfk.no 1.1.3. Tilpassing til plan- og bygningslov av 2008 (pbl 2008) Dette er første planrullering etter pbl 2008. Lova gjev nye problemstillingar innan plankart, føresegner og planomtale. Kommunestyret skal minst ein gong i kvar valbolk, og seinast eitt år etter konstituering vedta ein kommunal planstrategi. Føremålet er å klargjere kva planoppgåver kommunen bør starte opp eller vidareføre for å nå den ønska utviklinga. Samanhengen mellom dei ulike overordna planane vert klarlagt. Planomtalen skal utarbeidast på grunnlag av planstrategi og planprogram. Fjell kommune vedtok planstrategien 13.12.2012 og den skal gjelde for resten av kommunestyreperioden 2013-2015. I forarbeid til ny planlov er det peika på nokre utfordringar svært detaljerte kommuneplanar kan gje. Prosesskrava knytt til overordna planprosess er annleis enn krava til ein detaljplan. Det betyr m.a. at naboar og grunneigarar ikkje vert varsla direkte om eventuelle endringar på eigedomen i overordna planprosessar, det er heller ikkje klagerett på vedtak (med unntak av klage knytt til sakshandsaming). Derfor er det eit overordna perspektivet som må vera i fokus når ein vurderar ny arealbruk i arealdelen til kommuneplanen. Det skal fastsettast arealføremål for heile kommunen. Område utan rettsverknad (kvite område i KPA 2011) er ikkje tillate. Kartforskrift til pbl 2008 krev endringar i teiknereglane for plankartet. For dei områda der reguleringsplan eller kommunedelplan framleis skal gjelde skal arealbruken for området no visast. Arealbruken kan generaliserast jf. kartforskriften, område med vedtekne reguleringsplanar kan eventuelt visast med kvit bakgrunn. Planomtala har fått funksjon som eit meir sentralt dokument ved tolking og handheving av planen og skal i stor grad erstatte retningslinjene til planen. Planomtala skal presisere og tydeleggjera intensjonen i planen. I følgje pbl 2008 11-9 skal kommunale vedtekter erstattast av føresegner. Det bør samstundes gjerast ei vurdering av korleis lokale retningsliner skal handterast. Estetikk er trekt fram som eit viktig føremål med alt planarbeid og nevnt i 1-1, formål med lova. KPA 2011 har følgjande vedtekter og retningsliner som må reviderast og vurderast integrert i kommuneplanen sine føresegner: Fellesareal og parkering, vedteke i KS 16.2.1989 Lokale retningslinjer for god byggeskikk (estetikk), vedteke i KS 29.3.2001 Retningsliner for barnehageutbygging, vedteke i KS 16.12.2004 Retningsliner for bruk av utbyggingsavtalar i Fjell kommune, vedteke i KS 15.6.2006 Omsynssoner er verkty for å kunne synleggjere og kartfeste kva ein må ta særleg omsyn til i planlegging av eit areal. Mars 2013 Planprogram for rullering av arealdelen til kommuneplanen 2012 5

1.2. Gjeldande arealdel til kommuneplan (KPA 2011) KPA 2011 vart vedteken 14. april 2011. Bakgrunnen for rulleringa var å redusere talet på dispensasjonar og forenkle sakshandsaminga. Følgjande tema vart fastsett: Justering av føresegner, føremål og funksjonell strandsone Evaluering av dispensasjonspraksis Implementering av vedtekne planar Hovudmål og prinsipp i frå arealdelen til kommuneplan 2007 (KPA 2007) skulle stå fast, og KPA 2011 er derfor i all hovudsak ei vidareføring av arealplanen som vart vedteken i 2007. Senterstrukturen med regionssenteret Straume, kommunedelplan for Bildøyna/Sotra Kystby og styrking av Ågotnes som sentrum byggjer på den regionale strategien i Fylkesdelplan (FDP) for senterstruktur og lokalisering av service og handel (Hordaland fylkeskommune 2002). FDP legg opp til fleirkjerna byutvikling kring Bergen. Styrka fokus på sentrumsområda, planlegging av Sotrasambandet, og ny status som riksstamveg mot Bergen er resultat av ei målretta arealplanlegging med både lokalt og regionalt fokus. Dei fleirfunksjonelle områda er definert ut i frå at dei er utbygd med fleire funksjonar. Misje, Solsvik, Straume og Ågotnes er dei fleirfunksjonell områda i gjeldande plan. Sentrumsområda Straume og Ågotnes vert forvalta etter eigne kommunedelplanar. KPA 2007 og 2011 bygde på vekstprognosar i samsvar med høg nasjonal vekst (SSB). Utbyggingspotensiale var stort og la opp til vekst i alle delar av kommunen, men med sterkast konsentrasjon i sentrumsområda og aksen mellom desse. Likevel ber utbyggingsmønster preg av å vera desentralisert, sjå figur 3. Store samanhengande landbruk, natur og friluftslivområde strekker seg mellom utbyggingsområda. Midtmarka er eit av desse LNF-områda som i gjeldande plan er gitt høg verdi i eit langsiktig perspektiv og skal sikre natur og kulturlandskap. Funksjonell strandsone (FS) er i gjeldande plan definert som dei landområda som står i direkte samspel med sjøen når det gjeld biologisk mangfald, friluftsliv, landskap og kulturminne. FS fungerar som retningsline i alle område, med unntak av framtidige byggeområde der den fungerar som byggegrense. Innføring av FS i KPA 2007 har nyansert plan- og bygningslova sitt forbod om tiltak i 100-metersbeltet. FS er nokre stader definert å ligge nærare sjøen enn 100 meter, medan andre stader ligg den lengre unna. Gjeldande plan opnar for bygging i etablerte naustområde, samt tilrettelegging for felles småbåtanlegg. Fire område er i gjeldande plan unnateke frå rettsverknad (jf. KDP 1 4 i føresegner og plankart KPA 2011) ved at arealformål ikkje er fastsett. For desse områda er det stilt krav om utarbeiding av kommunedelplan. For to av områda, KDP 3 Eide, og KDP 1 Bildøyna er desse planprosessane i gang, høvesvis med fokus på næring og sentrumsformål. Dei store næringsareala er samla i næringsklynger på Straume, Ågotnes, Knarrevik og Tellnes. I tillegg er det eit større næringsareal på Eide og ei rekke mindre næringsareal rundt om i kommunen. Dei mindre områda har i fleire tilfelle bakgrunn i frå når næringsstrukturar, sjøvegen og kaiene hadde ein svært sentral funksjon i Fjell. Arealbruk knytt til næringar som akvakultur, skjellsand og fiske er ein integrert del av arealdelen. Næringsareal med sjøtilkomst er framleis eitt av konkuransefortrinna for fleire av næringane i Fjell og spennet i kystkulturen er stort. Mars 2013 Planprogram for rullering av arealdelen til kommuneplanen 2012 6

1.3. Andre kommunale planar Planstrategien er retningsgjevande for kommunen si planlegging, men har ingen direkte rettsverknad. På kommuneplannivå har ikkje Fjell kommune ein eigen samfunnsdel, men vedtekne kommunedelplanar for fleire område. Dette er førande og viktige grunnlagsdokument når arealdelen til kommuneplanen (KPA) skal reviderast. Tiltak i desse planane kan krevje oppfølging i arealdelen. Spesielt viktig er KDP for vassforsyning, avlaup/vassmiljø, kultur, og trafikksikring, saman med kommunedelplanane for bustadutvikling og landbruk. Dei to siste er ikkje vedtekne pr dato. Arealdelen til kommuneplanen har også delplanar, pr dato er tre delplanar under arbeid, KDP for Ågotnes, Eide og Bildøyna. Desse planane saman med KDP Straume er spesielt sentrale for rulleringa når det gjeld arealstrategiar knytt til vekst og for tilrettelegging av attraktive næringsareal. Detaljregulering av framtidig samferdseltrasear er også avgjerande for korleis ein skal tenke vekst og framtidig utbyggingsmønster. KDP Sotrasambandet bandlegg eit større areal som skal detaljregulerast og utgjere det nye vegsambandet som bind Sotra til fastlandet. Kommunedelplan (KDP) areal: KDP for rv 555 Sotrasambandet, Kolltveit Storavatnet KDP for fv 561 Kolltveit Ågotnes KDP for fv 555 Kolltveit - Austefjorden KDP for Straume, 2005-2018 KDP for Ågotnes, 1999-2000 (rullering pågår) KDP areal under arbeid: KDP for Ågotnes 2012-2023 KDP for Bildøyna/Sotra Kystby 2013-2024 KDP for Eide Tematiske KDP/temaplanar: KDP for vassforsyning og avlaup/vassmiljø, 2011-2022 KDP for energi, miljø- og klimaplan, 2009-2012 KDP for idrett og fysisk aktivitet, 2011-2018 KDP for kultur, 2007-2010 KDP, skule og utdanning, 2011-2014 KDP for trafikksikring 2006-2009 Strategisk næringsplan, 2004-2007 KDP for helse, sosial og omsorgsplan m/bustadsosialt handlingsprogram, 2008-2011/16 Tematiske KDP/temaplanar under arbeid: KDP for trafikksikring 2013 2016/2020 KDP for bustadutvikling 2013-2020 (samordning av bustadsosialt handlingsporgram og bustadmelding) Mars 2013 Planprogram for rullering av arealdelen til kommuneplanen 2012 7

2. Utviklingstrekk i Fjell kommune Per 1. Januar 2012 var det 22 720 innbyggjarar i Fjell kommune. Folketilveksten i 2011 var på 2,3. Fødselsoverskotet er det viktigaste bidraget til folketilveksten, med innanlandsk tilflytting som nest viktigast. Befolkninga i Fjell er ung, heile 57% av innbyggjarane er under 40 år og 31 % er under 20 år. Veksten har vore særleg tydeleg dei siste førti åra, og prognosane tilseier at veksten vil halda fram mot 2040. Fjell kommune vil då ha vakse frå 6.798 innbyggjarar i 1970, til om lag 37.600 innbyggjarar i 2040. Figur 1: Prognoser for folkevekst henta frå Hordaland i tal 2012 Mars 2013 Planprogram for rullering av arealdelen til kommuneplanen 2012 8

Figur 2:Endringane i folkesetnaden sin storleik frå 1970 til 2040, alternativ høg nasjonal vekst. Kjelde SSB. Flyttemønster Sjølv om innflyttinga til kommunen har auka sidan Sotrabrua vart opna i 1971, viser tabellen under at også utflyttinga frå Fjell har vakse monaleg. Tabell 1: Folkemengde 1. januar i Fjell kommune: endring i tid og etter valte statistikkvariablar 1951 1960 1970 1980 1990 2000 2010 Fødselsoverskudd 70 82 76 114 180 218 211 Innflyttinger 168 227 382 656 733 1125 1339 Utflyttinger 256 302 312 412 694 980 1149 Folketilvekst -18-35 138 340 221 363 397 Kjelde: SSB, tabell 0691 Det faktum at det er stor utflytting frå kommunen og at folk bur i kommunen i ein relativt kort periode må løftast opp som problemstillingar i arbeidet med å utvikle gode lokalsamfunn, budstadmiljø, næringslivet og attraktive arbeidsplassar. Gjennom innbyggjar- og flyttemotivsundersøkinga 2011 (Respons analyse), har noverande og tidlegare innbyggjarar gjeve interessante signal om korleis dei opplever å bu i Fjell, kva type bustad dei vil bu i, kven som har valt å flytta til/frå Fjell, og kvifor. Knytt til opplevinga av å bu i Fjell viser undersøkinga at innbyggjarane og utflyttarane er nøgd og misnøgd med det same i kommunen. Det kan nemnast at dei er mindre/ikkje tilfreds med utelivstilbod, kollektivtilbod og sosiale møteplassar i nærmiljøet og i kommunen. Vidare er dei ganske tilfreds/svært tilfreds med eigen bustad, naboskapet, handelstilbodet, og oppvekstvilkår for barn. Nærings- og arbeidsplassutvikling Frå 2000 til 2010 var det ein sterk vekst i arbeidsplassar i regionen (kommunane Fjell, Sund, Øygarden og Askøy). Talet på arbeidsplassar auka med 42,4 prosent denne perioden. I heile Hordaland er Fjell den kommunen som har hatt sterkast vekst i talet på arbeidsplassar, og mellom 2006 og 2010 var den gjennomsnittlege årlege vekstraten på 5,7 prosent. Til Mars 2013 Planprogram for rullering av arealdelen til kommuneplanen 2012 9

samanlikning var vekstraten i heile Hordaland på 2,3 prosent per år (Kjelde: SSB/Telemarksforskning, 28/2011) Frå 2000 til 2010 har innpendlinga til Fjell kommune nesten dobla seg, frå 2 640 til 4 980 personar. Dette er ei auke på 89 prosent. På same tid har utpendlinga frå kommunen auka med fire prosent, frå 5 240 personar i 2000 til 5 465 personar i 2010 (kjelde: SSB). Å planleggja for vidare vekst Kva vekst inneber og kva følgjer veksten kan gje er sentralt når arealstrategiar og utviklingsretningar skal fastsettast. Døme på relevante spørsmål det kan vera føremålstenleg å ta med inn i planprosessen: Kva kvalitetar skal bustad- og nærmiljøet i Fjell ha? Kan eit mangfald av attraktive arbeidsplassar få fleire til å bu og jobba i Fjell? Korleis kan eldre og nyare kystkultur nyttast i utviklinga av eit attraktivt samfunn i Fjell? Forventa vekst i tal innbyggjarar i Bergensregionen er stor, og som del av regionen har Fjell eit ansvar for å møte denne veksten. Folketalsutviklinga peikar mot at den største veksten kjem i kommunane vest for Bergen (figur 1), ulike modellar for regionalt utbyggingsmønster vert også drøfta på regionalt nivå i regionale planar, både i FDP for senterstruktur og lokalisering av service og handel frå 2002 og i den regional planen for attraktive senter i Hordaland, som er under arbeid. Ei fleirkjerna sentrumsutvikling har vore sett på som den mest framtidsretta for Bergensregionen. For Fjell og region vest er det ei spennande og utfordrande utvikling som medførar komplekse problemstillingar og krev god planberedskap. God planberedskap inneber at kommunen er i forkant av utviklinga, som premissgjevar på eit overordna nivå. Kommunen er planmynde, men avhengige av samspel med aktørar elles i samfunnet for å få iverksatt og utnytta dei handlingsroma arealplanen opnar for. I Fjell har det i lang tid vore tradisjon for å samarbeida godt og tett med næringsaktørar og utbyggjarar, og dette har vore ein medverkande faktor til at Fjell er blitt ein vekstkommune. Dynamiske prosessar med påtrykk frå fleire kantar skapar bevegelse og framdrift. I Fjell har den private aktøren og grunneigar tradisjonelt hatt ein sentral rolle når det gjeld utbygging. Mars 2013 Planprogram for rullering av arealdelen til kommuneplanen 2012 10

3. Utfordringar For å utarbeide ein arealplan som skal medverke til å styre samfunnsutviklinga i ønska retning vil evaluering av gjeldande plan med arealstrategiar vera eit viktig utgangspunktet for drøftingane i planprosessen vidare. Har gjeldande plan ført til ei arealforvaltning etter intensjonen? Er det ønskjeleg med ei anna retning? Kva har fungert godt? Kva skal vidareførast og kva skal endrast? KPA 2011 er ikkje strukturert og formulerte med konkrete arealstrategiar, men planen er like fullt eit strategisk planverkty som innehar føringar for utviklinga. Under følgjer nokon premiss som ligg i gjeldande plan. Somme av punkta har vore gjeldande og vidareført gjennom mange rulleringar og revisjonar, andre vart innført ved den førre store rulleringa i 2007 Planlegging for høg vekst og store arealreservar, spesielt når det gjeld bustad. Tydelig sentrumsutvikling gjennom KDP for Straume, Nordre Bildøy (planprogram) og Ågotnes. Næringsklynger Konsentrering av naustområda Retningsliner knytt til langsiktige landbruk-, natur og friluftsområde (LNF) Innføring av funksjonell strandsone (FS) Restriksjonar for oppføring av nye hytter, på Litle Sotra er nye hytter ikkje tillate Krav til heilskapleg planlegging av bustadområda Retningsliner om eit breiare bustadtilbod Spreidd bustadbygging i LNF Nokre av strategiane som blir kommentert her peikar mot hovudtema for rulleringa. Samordna areal- og transportplanlegging Samordna areal- og transportplanlegging er sentralt i eit folkehelse- og klimaperspektiv, og erfaringane har vist at kommunen har store utfordringar knytt til å betre tryggleiken for gåande og syklande, noko som mellom anna vert drøfta i arbeidet med KDP trafikksikring og ved utarbeiding av detaljplanar. Det er behov for å sjå på utbyggingsmønsteret i heile kommunen, også dei delar som ligg lengst unna dei definerte sentrumsområda. Forholdet til utbyggingar og arealdisponeringar i nabokommunane vil også kunne påverke korleis Fjell skal planlegge for framtidig utbyggingsmønster. Bustadutvikling og utbyggingsmønster Utbyggingsmønsteret i gjeldande plan er delt mellom ei satsing på sentrumsområda og utvikling av bygdene. Aksen mellom Straume og Ågotnes skulle vera det viktige tyngdepunktet for vekst. Utan krav til utbyggingsvolum og rekkefølgje på utbygging er det vanskelig å styre veksten til ein slik akse. Måltal for dei ulike byggeområda låg ved KPA 2007 i form av tabell, men vart ikkje juridisk bindande. Figur 3 viser resultatet av eit desentralisert utbyggingsmønster, som i all hovudsak er knytt til vegnettet og kysten. Mars 2013 Planprogram for rullering av arealdelen til kommuneplanen 2012 11

Figur 3: Viser alle bustader i kommunen pr mai 2012 Mars 2013 Planprogram for rullering av arealdelen til kommuneplanen 2012 12

Dei områda i kommunen som er avsett til formålet; bustad noverande, krev også merksemd i rulleringa. Plankrav for desse områda vert først gjeldande ved bygging av fleire enn 4 einingar. Erfaringane med forvaltning av desse føresegnene har vist at det er utfordringar knytt til ukontrollert vekst og kapasiteten innan teknisk og sosial infrastruktur. Næringsareal og utbyggingsmønster Dei to siste rulleringane har ikkje teke stilling til nytt næringsareal. Behovet for å inkludere tema næring i denne rulleringa er stort då veksten i næringslivet har vore betydelig sterkare enn forventa. Det er også eit behov for å ha eit breiare fokus på næringsomgrepet, både når det gjeld type næring, skala og lokalisering. Næringsareal ved sjø er ein knapp ressurs og det må reserverast areal for sjørelaterte næringar. Kystkultur og utbyggingsmønster Rulleringa i 2007 konkluderte med å utsette spørsmål om sentrumsutvikling av Fjell gard og forvaltning av kulturminne og tilrettelegging av fleire tilgjengelige rekreasjonsområde med god tilgang til sjø for alle innbyggjarar til neste rullering. Dette er spørsmål som gjeld bruk og vern av kystkulturen og potensielle kvalitetar for å skape attraktive bygder. Kulturminnekartlegging har i tidligare rulleringar av arealplanen vorte utsett til seinare, og bør samkøyrast med vurdering av framtidige arealbehov i denne planprossen. Uheldig samlokalisering Planhistoria i Fjell går tilbake til generalplanen i 1975. Med den enorme veksten i tilflytting og næringsetableringar Fjell har hatt dei seinaste 40 åra har det utvikla seg område med uheldig samlokalisering. Særskilt er det samlokalisering av næring og bustad som gjev store utfordringar knytt til beredskap og samfunnstryggleik. Konsekvensutgreiing og risiko- og sårbarheitsanalyser av ny arealbruk er ei pålagt oppgåve og sentralt ved utarbeiding av ein arealplan. Det store presset på areal til utbygging reiser spørsmålet om behovet for transformasjon av allereie utbygd areal i dei største pressområda. Areal utan rettsverknad Gjeldande plan har fire område utan rettsgyldig arealføremål. I føresegnene er fastsett at det skal gjerast vurderingar gjennom kommunedelplanprosessar for desse områda. Pbl 2008 krev at det er fastsett arealføremål for heile kommunen. Landro (KDP 4) representerar eit kulturhistorisk viktig område med tanke på tidlig busetjing, kulturlandskap og sjøbruk. Vindeneskvarven (KDP 2) er det klart største området som idag ligg utan rettsverknad (om lag 3.000 daa). For Eide (KDP 3) og Bildøyna (KDP 1) er det kommunedelplanar under arbeid. Planarbeidet på Eide har som formål å utvide næringsarealet og eit vedteke planprogram ligg til grunn for arbeidet. KDP Bildøyna/Sotra kystby må sjåast i samanheng med utvikling av regionsenteret Straume og etablering av Sotra kystby. Styringsverktøy Fjell har mange eldre reguleringsplanar og nokre planar/føremål er forelda og lite eigna som styringsverktøy, noko av dette skuldast nye krav og føringar til fellestiltak, trafikktryggleik og universell utforming. Forutsigbarhet er avgjerande for å sikre likebehandling ved forhandlingar om utbyggingsavtalar og gjennomføring av rekkefølgjekrav. Døme på dette er krav til trafikktryggleik og reinsekrav for avlaup. Liknande utfordringar vil også gjelde for fleire av dei byggeføremål som gjev rammer for framtidig utbygging (uregulerte p.t). Heilskapleg planlegging skal sikre at eit område blir vurdert og sett i ein samanheng, som t.d. vurderingar knytt til tilstrekkelig kapasitet innan teknisk og sosial infrastruktur. Erfaringane med dei gjeldande plankrava er at det av ulike grunnar vert gjeve dispensasjonar frå plankravet og resultatet vert mange små planar utan heilskapleg vurdering. Det er nødvendig å Mars 2013 Planprogram for rullering av arealdelen til kommuneplanen 2012 13

sjå på kva det er som gjer at intensjonane i planen om heilskapleg planlegging ikkje vert gjennomført og vurdere kva styringsverktøy som bør brukast. Fastsette rekkefølgje på utbygging og områderegulering er døme på styringsverktøy og er plangrep som kan brukast, utstrakt bruk av områderegulering krev store ressursar av det offentlige. Arealdelen til kommuneplanen opnar og stimulerar til aktivitet, og skaper eit handlingsrom for utvikling. Plan- og bygningslova er eit kraftfullt lokalpolitisk verktøy der kommunen på overordna plan kan stille relativt detaljerte krav knytt til m.a. utbyggingsvolum, rekkefølgje på utbygging, funksjonskrav, utnytting av bustadmassen, teknisk infrastruktur m.m. Omsynssoner vert bruka i dei tilfelle der det er nødvendig å kartfeste og- eller synleggjere særskilte omsyn, t.d. utfordringar knytt til flystøy. Langsiktig perspektiv offentleg areal Sjølv om planperioden for ein arealdel til kommuneplanen er 12 år vil det vera naturlig å ha eit lengre tidsperspektiv når ein vurderar framtidig arealbruk. Kommunen gjennomgår ei enorm utvikling og behovet for tilstrekkelig offentlig areal til å kunne dekke framtidig tenesteyting må vurderast særskilt i denne rulleringa. Figur 4 viser endringar i tal innbyggjarar frå 1990 og fram til i dag, samt forventa endringar fram til 2040. Figur 4: Prosentvis endring i tal innbyggjarar etter alderskategori 1990 2040. Alternativ høg nasjonal vekst. Kjelde SSB. Mars 2013 Planprogram for rullering av arealdelen til kommuneplanen 2012 14

4. Tema og mål for rulleringa Komité for plan- og utvikling drøfta i møte 5. juni 2012 føringane for rulleringa av arealdelen til kommuneplanen. Oppstarten og arbeidet med planprogrammet har utgangspunkt i eit drøftingsnotat og føringane er konkretisert i form av tre hovudtema for rulleringa: Bustad Næring Kystkultur For kvart tema er det utarbeidd eit sett med arealstrategiar og delmål. Strategiane skal konkretisere og gjere planprosessen meir forutsigbar for dei som ønskjer å medverke og ha innspel til planprosessen. Strategiane er og viktige ved vurdering av innspela som kjem inn i høyringsperiodane. Dei tre hovudtema for rulleringa er gjensidig avhengig av kvarandre. Korleis tema næring, kystkultur vert definert og strukturert er avgjerande for å kunne planlegge for levande og berekraftige bygder. Kor veksten i busetnaden kjem er avgjerande for kor ein kan planlegge for gode og framtidsretta næringsareal. Og korleis kan kommunen planlegge for og satse på reiseliv samtidig som ein ønskjer å vidareutvikle dei ambisiøse næringsklyngene? Desse problemstillingane er alle døme på ulike utviklingsretningar og avgjerande for eit framtidig utbyggingsmønster. I tillegg til dei tre hovudtema for revisjonen er teknisk infrastruktur presisert som eit grunnprinsipp for den vidare planprosessen ved at temaet er løfta opp og innarbeidd i overordna arealstrategiar. Den bufferen som tidlegare har vore tilstades innan teknisk infrastruktur er utnytta og det er difor heilt avgjerande at framtidig utbygging står i forhold og går i takt med gjennomføring av planar for teknisk infrastruktur. Dette gjeld vegsamband, vatn, avlaup og energiforsyning. I eit folkehelse- og miljøperspektiv er det naudsynt å samordne areal og transportplanlegging slik at flest mogleg kan gå eller sykle til fritidsaktivitetar, arbeid, skule og generell tenestyting. Gjeldande arealdel er heimla i pbl 1985 og det er naudsynt å ha ein fullstendig gjennomgang av plankart, føresegner, vedtekter og planomtale for å stette nye krav i lovverk og forskrifter, jf. Kapittel 1.1.3. Mars 2013 Planprogram for rullering av arealdelen til kommuneplanen 2012 15

Overordna mål: Kommunen skal gjennom eit planstyrt og tilpassa utbyggingsmønster, leggja til rette for ei mangfaldig samfunnsutvikling med fokus på gode og varierte bustadmiljø sentralt og i utkantane, med særleg vekt på å ivareta element av lokal kultur og historie knytt til grendestrukturen i kommunen. Det skal leggjast til rette for utvikling av eit framtidsretta næringsliv i Fjell. Overordna arealstrategi: Utforme ein forpliktande arealplan som gjev rom for ei bærekraftig samfunnsutvikling i Fjell. Utbygging i kommunen skal stå i forhold til vedtekne planar for teknisk infrastruktur og gjennomføring av desse. Delmål og arealstrategiane vert presentert under kvart tema. 4.1. Tema for rulleringa 4.1.1. Bustad Delmål: Stimulerer til aktive og levande lokalsamfunn der trivsel, helse, miljø og kultur vert sett i samanheng. Arealstrategiar Balansere effektiv arealbruk med gode bustad, leve- og oppvekstmiljø. Prinsipp om universell utforming skal leggast til grunn for utbygging av bustader og bustadområde og stimulere til mangfaldige lokalsamfunn for innbyggarar i alle livsfasar. Langsiktig utbyggingsmønster som fremjar gange, sykkel og kollektivbruk. Fortetting innanfor etablerte bustadområde og utbygging av nye bustadområde skal bidra til ein breiare bustadstruktur. Omsynet til eksisterande busetnad skal vektleggast ved planlegging av nye og/eller ved vidareutvikling av etablerte bustadområde. Tema bustad i denne rulleringa omhandlar utbyggingsmønsteret for dei bustadområda som ikkje er del av dei definerte sentrumsområda i kommunen. Utforming av det overordna målet for rulleringa uttrykker eit ønskje om å skape kvalitativt gode bustadområde og styrke Fjell som ein attraktiv bustadkommune også i omlandet til sentrumsområda. Medan delar av kommunen gjennomgår ei urbanisering, er det nettopp Mars 2013 Planprogram for rullering av arealdelen til kommuneplanen 2012 16

mangfaldet og variasjonen som skal styrke Fjell i den regionale bustadmarknaden. Utvikling av sentrum og omlandet er i eit gjensidig avhengighetsforhold og representerar ulike kvalitetar. Utbyggingsmønster Sentrumsområda med kommunedelplanar har potensiale til å ta ein stor del av den forventa folkeauken. Når ein i denne planen skal drøfte busetnad og utbyggingsmønsteret elles i kommunen er utviklinga og potensialet i dei nemnte planane naudsynte å ta med i planarbeidet. Det er naturlig at denne planprosessen definerar eit forhold mellom veksten av bustader i sentrum og bustadveksten elles i kommunen, omlandet. Desentralisert utbyggingsmønster har vore ein bevisst strategi i tidligare arealplanar. Vekst i omlandet til sentrum er det brei politisk semje om å halde fram med. Erfaringane har likevel vist at samordning mellom utbygging og teknisk infrastruktur er kritisk når ein kjem til gjennomføringsfasen av eit desentralisert utbyggingsmønster. I figur 3 er omrisset av alle bygningane i kommunen teikna ut på ein kvit bakgrunn, likevel er konturane av både kysten og samferdselsstruktur enkel å skissere opp. Figuren synleggjer resultatet av den desentraliserte utbygginga i Fjell og gjev utfordringar med tanke på å definere overgangen mellom omlandet og sentrumsområda ut i frå utbyggingsmønsteret. I KDP bustadutvikling er det jobba med strukturar for framtidig utbyggingsmønster, og det vert stilt spørsmål om kva eit lokalsenter er og bør vera. Planen tar også for seg korleis ei tydelig sentrumsutvikling kan styrka omlandet og omvendt. Dette er utfordringar som må førast vidare i denne planprosessen. Bustadstruktur og funksjonsblanding Bustadstrukturen i kommunen er tilpassa etterspurnaden til barnefamiliar. Einebustad, tomannsbustad og småhus utgjer vel 95% av den totale bustadmassen. Kommunen er attraktiv for barnefamiliar og har eit høgt fødselsoverskot. Dette gjer at kommunen har ei gunstig samansetting av folkesetnaden (NIBR 2012). Medan kommunen er attraktiv for småbarnsfamiliar viser flyttemotivundersøkinga (Respons analyse 2011) at det er småhushaldningane med 2-4 medlemar (67 %), og unge mellom 18 34 år (80 %), som i størst utstrekning flyttar frå kommunen. Det er gjort grep i nyare planar for å snu denne trenden, ved at det er innført retningslinjer om at nye bustadområde skal bidra til ein breiare bustadstruktur. Gjennom rulleringa er det ønskjeleg å sjå på mogleghetane for ei vidare styrking og satsing på ein breiare bustadstruktur og å legge til rette for eit funksjonsmangfald i bygdene og attraktive bustadområde. I kommunedelplan for bustad vert det mellom anna stilt spørsmål om kva det er som definerar bygdene, kva kvalitetar og funksjonar treng ei bygd utover bustader? Dette er spørsmål som også vert viktig å drøfte vidare i denne planprosessen. Landbruks,- natur, og friluftsområde med spreidd bustadbygging (LNF spreidd) LNF spreidd er eit føremål som i hovudsak skal ivareta landbruks-, natur og friluftsinteressene. Dette er såleis ikkje eit byggeområde, men eit formål som opnar for spreidd bygging av bustad. I gjeldande plan har formålet vore eit viktig grep i utbyggingsmønsteret og for å oppretthalde vekst i grendene. I KPA 2011 er det fastsatt byggekvoter for geografisk avgrensa område. I ei rullering som skal ta for seg utbyggingsmønsteret og attraktive bustadområde er det naturlig å gjennomgå dei områda som ligg med dette føremålet og samordne bustadbehovet med LNF interessene, som t.d kjerneområde for landbruk. Mars 2013 Planprogram for rullering av arealdelen til kommuneplanen 2012 17

4.1.2. Næring Delmål: Legge til rette for næringsareal som styrkar eit mangfaldig næringsliv. Arealstrategiar: Sikre næringsareal som er relevante både for eksisterande verksemder og nyetableringar. Utvikle og styrke næringsklynger i kommunen. Fastsette langsiktige og føreseielege rammer for spreidd næringssutvikling innan landbruk, havbruk, reiseliv og etablering av teneleg næring for å sikre livskraftige bygder. Sikre attraktive næringsareal ved sjø. Sikre langsiktig rom for utvikling for strategisk viktig næringsområde i region vest. Unngå uheldig samlokalisering og vurdere transformasjon av område når dette riktig for Fjellsamfunnet. Sette av areal til langsiktig utvikling av offentlig tenesteyting og høgare utdanning. Tema næring vil i denne rulleringa vera knytt både til næringsklyngene og den spreidde næringsverksemda elles i kommunen. Næring er delt inn i undertema kategorisert som industri, landbruk, havbruk og reiseliv og rettar eit breitt fokus på omgrepet næring. Handelsnæringane i Fjell er i hovudsak styrt inn mot regionsenteret Straume og dels Ågotnes. Då kommunedelplanane for desse to områda ikkje er ein del av rulleringa, er heller ikkje næringsutvikling i form av handelsverksemd tema her. Det overordna målet for rulleringa utrykker eit ønskje om å legge til rette for at eit framtidsretta næringsliv skal kunne utviklast. Attraktive arbeidsplassar Næringsaktivitet i Fjell kommune har ei stor spennvidde og stort potensiale. Eit samfunn dominert av fiske og landbruk har dreia over til dominans innan bygg-, service og petroleumsrelatert verksemder. Dette har gitt ringverknader og stor vekst i etableringar av enkeltmannsforetak og mellomstore verksemder. Den store innpendlinga koplar næringslivsutvikling til tema bustad og utbyggingsmønster og gjev spesielle utfordringar knytt til korleis Fjell kan verta ein meir attraktiv bustadkommune. Utbyggingsmønster Det er ei stor utfordring å finne tilstrekkelig areal som kan møte behova innan dei fire næringskategoriane. Det er vanskelig på eit overordna nivå å planlegge for eksakt type næring Mars 2013 Planprogram for rullering av arealdelen til kommuneplanen 2012 18

då dette avheng av næringslivets behov, etterspørsel og initiativ. Likevel vil det vera formålsteneleg gjennom denne rulleringa å peike ut nokon utviklingsretningar. Det kan innebere ei geografisk differensiering i høve til om næringa er publikumsretta, arbeids eller plassintensiv, primærnæring eller kultur- og reselivbasert. Desse ulike næringane vil ha ulike behov og forholde seg ulikt til infrastruktur, sjøtilkomst, naturmangfald, bustadområde og sentrumsfunksjonar. I eit langsiktig perspektiv er det ei offentlig oppgåve å ivareta ulike interesser. Planstyrt utvikling vil kunne bety at kommunen kan planlegge seg ut av uheldig samalokalisering. I gjeldande arealdel er det fleire område med manglande buffersoner mellom t.d. næring og bustad. Medan kravet til konsekvensutgreiing og risiko- og sårbarhetsanalyser er knytt til vurdering av ny arealbruk, vil også arbeidet med å kartelegga og vurdere ROS av eksisterande arealbruk vera nytting. Ei slik ROS vurdering er under arbeid i det interekommunale samarbeidet og vil kunne avdekke utfordringar knytt til uheldig samlokalisering, manglande buffersoner og behov for transformasjon. Fjell i regionen Den største klynga ligg samla på Ågotnes, innanfor Coast Center Base (CCB) og Ågotnes næringspark. Med 5000 arbeidsplassar er dette den klart største næringsklynga i kommunen og ei viktig klynge for Bergensregionen. Ringverknadane er store og gjev eit viktig grunnlag for små og mellomstore verskemder. Andre viktige næringsområde er t.d. Tellnes, Knarrvik, Eide og Straume. Det er eit mål å oppretthalde og styrke Fjell som ein konkurransedyktig kommune i den regionale bustad- og arbeidsmarknaden. Det å legge til rette for at eit sterkt og innovativt næringsliv kan vekse må også sjåast i eit regionalt perspektiv med utfordringar innan samferdsel, kollektivtilbod og arealutnytting. Behovet for næringsareal er stort i regionen og dialog med nabokommunane og regionale instansar er naudsynt for å få ei god arealforvaltning innan dette temaet. Ei grundig kartlegging av behov, trendar og kriteria må til for å få rett næring på rett stad og for å styrke næringsutviklinga der Fjell alt har fortrinn. I det vidare planarbeidet vert det viktig å samarbeide med aktuelle næringsaktørar, Region Vest, Vest Næringsråd (VNR), Gode Sirklar og Business Region Bergen (BRB). Det er også starta opp eit arbeid med ein regionale areal og transportplanen for bergensregionen, kommunane jobbar her saman med Hordaland fylkeskommune. Spreidd næringsutbygging Historisk sett har sjøtilkomst og kaier alltid vore viktige for samfunnsutviklinga i Fjell. Både i form av næringsverksemd, men også som viktige sosiale treffpunkt. Arealstrategiane peikar på at det også er ønskjeleg å legge til rette for næringsaktivitet i omlandet til sentrum og dei store næringsklyngene. Omgrepet stadbunden næring må drøftast i denne rulleringa. Interessekonfliktane i strandsona kjem ofte i fokus då strandsona er verdifull for mange og ein ressurs på ulike vis. Tidligare næringsareal, som kaier og sjøbruksmiljø, som ikkje lenger har den tradisjonelle funksjonen må kartleggast og framtidig arealbruk for desse områda må vurderast i rulleringa. Tilrettelegging og vidareutvikling av eksisterande bebygd areal i strandsona er viktig å utnytte før ein opnar for ny utbygging i strandsona. Næring samordna med bustad-, og kystkultursatsinga kan opne for bedriftsetableringar og aktivitet som kjem nærmiljøet til gode. Arealplanen er ikkje eit verkemiddel som kan skape denne aktiviteten, men eit styringsverktøy som kan legge til rette for eit handlingsrom. Mars 2013 Planprogram for rullering av arealdelen til kommuneplanen 2012 19

Areal utan rettsverknad Vindeneskvarven (KDP 2) er det klart største området som idag ligg utan rettsverknad (om lag 3.000 daa). Området har viktige kvalitetar både som landbruks, natur og friluftsområde med kulturminne av stor verdi. I forbindelse med tidligare rulleringar er det blant anna utarbeida ei landskapsanalyse 2002 (arkitektkontoret ABO) som viser korleis ein kombinasjon av verne og utbyggingsinteresser kan gjerast ved å ta i bruk 1/3 av arealet til hamne-, og industriføremål. Avklaringar av arealbruken på Vindeneskvarven vil krevje nye kartleggingar og vurderingsgrunnlag. Arealdisponeringar av Vindeneskvarven må sjåast opp i mot det aukande behovet for areal som næringsklynga på Ågotnes genererar. Arealet som idag vert nytta til industri av CCB, Ågotnes næringspark m.fl. vert forvalta gjennom kommunedelplan for Ågotnes. Utfallet av drøftingane rundt Vindeneskvarven vil verta heilt sentrale når det gjeld spørsmålet om næringsutvikling og krev ei samordning med dei kommunedelplanar som er under arbeid. Framtidige arealdisponeringar av Vindeneskvarven vil få følgjer for korleis vurdering av alternative næringsareal, differensiering mellom næringstypar, samferdsel og kystkultur elles i kommunen. Arealbruk i sjøområda Arealbruken i sjøområda skal inngå i rulleringa av arealdelen. Dette omfattar akvakultur og viktige fiskeressurs og fiskebruksområde og skjellsand. Andre tema er ferdsel og sjøtransport. 4.1.3. Kystkultur Delmål Definera bruk og forvaltning av kysten i Fjell i eit historisk og framtidsretta perspektiv Arealstrategi Kystkultur som ressurs i utviklinga av levande lokalsamfunn og som grunnlag for friluftsliv, reiseliv og næringsutvikling Ivareta kystlandskapet som fleirbruksområde Sikre viktige sjøbruksmiljø gjennom ny kartlegging og verdivurdering. Dette vil danne grunnlag for omsynssoner og føresegner Tema kystkultur vil i denne rulleringa famne vidt og omhandlar forvaltning av sjønært areal, både bruk og vern. Lyngheier, naustmiljø, og næringsklynga på Ågotnes er alt del av kystkulturen i Fjell. Omgrepet kystkultur vert nytta ulikt i fagmiljø så vel som i daglegtale. Ein kan legge vekt på sektor, tenkemåte, livsform og tid. Nemninga kystkultur er ofte brukt for å skildre kultur frå nyare tid langs kysten. Riksantikvaren har følgjande definisjon: En virksomhet eller bosetting som har sine premisser i kystbasert næring. Med kyst er meint saltvasskysten og fjordarmar. Kystkulturen kan og definerast som eit tilpassingssystem som byggjer på rammevilkår i kyststroka og med særleg vekt på utnytting av ressursar på sjø og land. Mars 2013 Planprogram for rullering av arealdelen til kommuneplanen 2012 20

Kystlandskapet Kystkommunen Fjell har meir enn 500 holmar og øyar, og ei kystline på totalt 556 km. Om lag ¾ av arealet på 147 km² ligg lågare enn 60 moh. Dette landskapet er det materielle grunnlaget for kystkulturen i Fjell, kor ein finn spor etter mennesket sitt bruk av land og sjø så langt tilbake i tid som 9500 år. Det unike med mange av arkeologiske funna er at dei ligg i eit landskap som i grove trekk ser ut som i fortida. For 4000 år sidan, i yngre steinalder, var dei første lyngheiene og dermed og fiskarbonden- etablert i det opne landskapet. Etableringar frå nyare tid er og ein del av kystkulturen. Bustadfelt, ferdselsårer, næringsliv og friluftsinteresser pregar den del av strandsona som er tilgjengeleg og attraktiv. Tidlegare rulleringar har hatt fokus på tilrettelegging for båtliv. Dette er framleis eit uttalt mål. Kommunedelplanar for idrett og fysisk aktivitet og for kultur fokuserer på at allmenn tilgang til strandsona ikkje er tilstrekkeleg sikra. Alle desse interessene må avvegast i planen. Sjølv om det har vore store endringar dei siste 50 åra, kan vi kan framleis ferdast i eit landskap med ein enorm tidsdjupne og kulturhistorisk dimensjon eit vitnesbyrd om menneskeleg aktivitet frå pionerbusetjinga i Noreg og fram til i dag. Utfordringar Kysten og strandsona er eit fleirbruksområde der vern i stor grad har vore einsbetydande med å gje store strandsoneområde LNF-status for å redusera såkalla privatisering og gjera strandsona tilgjengelig for ålmenta. Dette har medført uheldig bandlegging av tidlegare sjøbruksområde som representerer ein viktig del av det tidligare livsgrunnlaget og kulturen i Fjell si historie. Resultatet er at område der det før låg naust, båtoppdrag og steinbryggjer er vorte avstengt frå vedlikehald, opprustning og nybygging og ligg i dag som attgrodde ruinar mange stader i sjøkanten. Ein ser i dag kva uheldige utslag ei statusendring til LNF i desse områda har medført. Ei ivaretaking av eldre sjøbruksområde må derfor i langt større grad sikrast ved å avmytifisera interessekonflikten mellom vern og bruk og vurdera å gje desse områda endra arealplanstatus. Dette krev derfor styrka lokal argumentasjon bygd på god dokumentasjon av dei rådande forhold. Kysten er eit fleirbruksområde der bruk og vern er konkurrerande interesser. Det er målkonfliktar og interessemotsetnader i forvaltninga av kystsona. Kystlandskapet er i rask endring mellom anna grunna stor aktivitet i industri og samferdsel. Stort arealforbruk og sterke endringsprosessar fører til store fysiske omveltingar og stort press på natur- og kulturgrunnlaget. Nasjonale mål for kulturminneforvaltinga er å ta vare på og forvalta mangfaldet av kulturminne og kulturminne som bruksressursar og som grunnlag for kunnskap, oppleving og verdiskaping. Verneverdige einskildbygningar, kulturmiljø og andre kulturminne (til dømes sjøbruksmiljø) skal i størst mogleg grad takast vare på nyttast. Kva er den unike eigenarten med Fjell? Korleis skape identitet og fellesskapskjensle i ei ung og tilflytta befolkning? Fjell si konkurransekraft har alltid vore knytt til sjø- og hamnetilkomst, noko som er sentralt i næringsutviklinga. Mars 2013 Planprogram for rullering av arealdelen til kommuneplanen 2012 21

Det er viktig å sjå fortid, notid og samtid under eitt, slik at utforminga av dei fysiske omgjevnadene tek inn alle desse aspekta. I dette ligg og ei forståing av at ein ikkje kan ta vare på alt, men at ein må velje. Val krev oversikt og eit godt kunnskapsgrunnlag. Det er difor viktig å få eit godt kunnskapsgrunnlag. Mars 2013 Planprogram for rullering av arealdelen til kommuneplanen 2012 22

5. Organisering, medverknad og krav til innspel Plan- og bygningslova bygger på prinsippet om lokal folkevalt styring, desentralisering av mynde, samt medverknad frå innbyggjarane og samarbeid med aktuelle fagorgan. Det inneber i praksis at kommunen skal drive den lovbestemte planprosessen og fatte vedtak. Kommunen skal søke samarbeid med aktuelle sektorar og andre som har interesser i planarbeidet, slik at interessene til enkeltpersonar, organisasjonar, kommunale organ og statlige fagstyresmakter vert ivareteke. 5.1. Organisering Kommunestyret er planmynde og skal gjere endelig vedtak av arealdelen til kommuneplanen i medhald av pbl 11-15. Politisk styringsgruppe Som følgje av gjeldande delegasjonsreglementet er komité for plan- og utvikling politisk styringsgruppe. Den politiske styringsgruppa gjer vedtak som gjeld utlegging til offentlig ettersyn og innstiller til kommunestyret for slutthandsaming og endelig vedtak. I tillegg skal komiteen orienterast undervegs av dei politiske arbeidsgruppene. Politisk arbeidsgruppe Dei politiske arbeidsgruppene utgår av komité for plan- og utvikling sine faste medlemmar, supplert av varamedlemmer. Det er oppretta arbeidsgrupper for kvart hovudtema, 1) bustad, 2) næring, 3) kystkultur. Dei politiske arbeidsgruppene fungerar som bindeledd mellom styringsgruppa og administrasjonen, samt at dei skal utgjere eit viktig ledd i medverknaden og møte med referansegruppene. Administrativ arbeidsgruppe Administrasjonen har ansvaret for fagleg kvalitetssikring og administrativ prosjektleiing av planprosessen. Det er naturleg at administrasjonen er organisert i arbeidsgrupper jamfør dei politisk arbeidsgruppene. Referansegruppe Det bør opprettast ei referansegruppe som bør brukast aktivt i planarbeidet. Det kan vera ønskjeleg å nytta ulike aktørar i referansegruppa i ulik grad for å sikra best mogleg innsikt i lokale behov og kompetanse. Regionale organ Regionalt planforum vil vera ein nyttig møteplass undervegs i planprosessen. Aktuelle problemstillingar knytt til planen kan drøftast med aktuelle sektormynde. Dette kjem i tillegg til dei lovpålagte høyringsrundane, som gjev regionale organ høve til å kome med innspel og/eller motsegn i dei tilfelle planframlegget har vesentlig verknad for saksområde til vedkomande organ. Mars 2013 Planprogram for rullering av arealdelen til kommuneplanen 2012 23

5.2. Medverknad Offentlig ettersyn og høyringsfristar følgjer av kapittel 11 i pbl. Når ein skal i gang med rulleringa av det viktigast overordna styringsverktøyet til kommunen kva gjeld arealbruk, ønskjer kommunen brei deltaking. Det vert lagt vekt på medverknad frå innbyggjarar og interessentar tidleg i planprosessen, medverknaden vil kunne variere i form gjennom ulike fasar i planarbeidet. Planarbeidet er dela inn i to hovudfasar, fase 1; som går fram til planprogrammet er vedteke, og fase 2; som er fasen der sjølve planen vert utarbeida og vedteke. Opne kontordagar I fase 1 (t.d. høyringsperioden av planprogrammet) vert det lagt opp til opne kontordagar der det vil vera mogleg å møte politikarane (politisk arbeidsgruppe) og administrasjonen for samtale, spørsmål og informasjon. Desse kontormøta kan verte aktuelt å flytte ut av rådhuset for å møte innbyggjarane på andre arenaer. Liknande medverknadsprosess kan også verte aktuelt å gjennomføre i fase 2. Folkemøte Ved utarbeiding av sjølve planframlegget, før utlegging til offentlig ettersyn, vil det vera aktuelt å arrangere ope folkemøte med spesiell invitasjon til referansegruppa og høyringsinstansane. Ein vil vurdere å få til medverknad med ein form for temamøte med utgangspunkt i dei tre hovudtema for rulleringa. Barn og unge Etter lova skal kommunen særskilt sjå til at born og unge og deira vilkår har ein plass i planarbeidet (pbl 5-1) og ungdommens kommunestyre skal vera ein del av referansegruppa og aktivt trekkast inn i planarbeidet. Kommunikasjon På heimesida til kommunen er det ei eiga side med aktuell informasjon som gjeld planprosessen, denne sida skal vera tilgjengelig frå oppstart av planarbeidet til endelig vedtak av ny arealdel til kommuneplanen. På denne sida vil det ligge aktuell informasjon i tilknyting til planprosessen, som t.d. kan gjelde medverknad, vedtekne dokument, kontaktinformasjon. Ved offentlig ettersyn er kommunen pålagt (pbl 11-14) å varsle gjennom kunngjering i minst ei almen lest avis, Fjell kommune nyttar normalt Vestnytt og Bergens Tidene til kunngjeringar. 5.3. Krav til innspel Høyring av planprogram I medhald av 11-13 skal forslag til planprogram sendast på høyring og leggast ut til offentlig ettersyn samtidig med varsling av oppstart av planarbeidet. Dette er eit ledd i krava som gjeld generelle utgreiingar i planarbeidet. Planprogrammet skal etter lova gjere greie for føremålet med planarbeidet, planprosessen med fristar, opplegget for medverknad og behovet for utgreiing. Når planprogrammet vert sendt på høyring vert det gitt høve til å koma med innspel til desse tema. Planprogrammet omhandlar ikkje framlegg til arealføremål. Mars 2013 Planprogram for rullering av arealdelen til kommuneplanen 2012 24