Det har kome inn seks framlegg til fråsegner. Fråsegnene ligg ved, det same gjer innstillingane frå landsstyret. Sidan det er kome inn fleire



Like dokumenter
styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Til deg som bur i fosterheim år

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Brukarrettleiing E-post lesar

Fråsegn om norskfaget og nynorsken

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

LM15-12 Fråsegner. Kva gjeld saka. Saksutgreiing. Framlegg til vedtak. Landsmøtet handsamar innkomne fråsegner.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Lotteri- og stiftingstilsynet

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

I mål? Innleiing på frukostseminar 3. desember 2014 Kjetil Aasen

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Krav ved godkjenning av lærebedrifter

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

Nytt HFK Intranett

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

Tiltak frå regjeringa for styrking av nynorsk

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Informasjonshefte Tuv barnehage

«Ny Giv» med gjetarhund

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Målbruksplan for Ål kommune

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

SAKSFRAMLEGG. Tiltak 1 side 12 Fjerne til privat bruk. Tiltaket får då fylgjande ordlyd: Ikkje subsidiera straum.

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Strategiplan for Apoteka Vest HF

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

BUDSJETT OG SKULESTRUKTUR

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

EVALUERINGSRAPPORT FRAMTIDSFYLKET KARRIEREMESSER 2015

Jon Fosse. For seint. Libretto

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

1. Ja til ein debatt om sidemålsundervisninga

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Brukarrettleiing. epolitiker

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2015

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar

Frå novelle til teikneserie

Tiltaksplan

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Innkomne framlegg. Kva gjeld saka. Saksutgreiing. Framlegg til vedtak. Landsmøtet handsamar innkomne framlegg.

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Sakliste: Saknr. Sak 29/13 Godkjenning av innkalling og sakliste

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Farleg avfall i Nordhordland

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Minnebok. Minnebok NYNORSK

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Kvifor ikkje berre bruke engelsk? Ei haldningsundersøking blant økonomistudentarar.

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

UTTALE TIL HØYRINGSDOKUMENT NORSK FJELLPOLITIKK 2009

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Lønnsundersøkinga for 2014

Opplæring i bruk av Datafangstportalen informasjon om innlogging og dokumentliste

Psykologisk førstehjelp i skulen

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Status og utfordringar. Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen

Informasjon til pasientar og pårørande


INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

Øygarden kommune - Driftstilpasning 2013

Lettare litteraturnett (Ref #77ab3a77)

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

Transkript:

1 2 3 4 5 SAK 12 FRÅSEGNER Det har kome inn seks framlegg til fråsegner. Fråsegnene ligg ved, det same gjer innstillingane frå landsstyret. Sidan det er kome inn fleire fråsegnsframlegg enn kva det er sett av tid til å handsama, lyt landsmøtet ta stilling til kor vidt alle skal realitetshandsamast eller ikkje.

6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50 51 52 53 54 55 56 57 Framlegg til fråsegn frå landsstyret Innstilling: Landsstyret rår landsmøtet til å realitetshandsama denne fråsegna Lovar godt for språka? Snart 130 år etter at Stortinget vedtok å jamstilla det norske folkesprog (nynorsk) og vort almindelige skrift- og bogsprog (bokmål), skal Noreg få ei allmenn språklov. På spørsmål i Stortinget i februar, svara kulturminister Thorhild Widvey at departementet ville prioritera dette arbeidet framover. Landsmøtet i Norsk Målungdom helsar initiativet velkomen, og vil med dette gje nokre innspel til arbeidet. På eit overordna nivå bør den komande språklova stadfesta og eventuelt styrkja den formelle statusen til dei offisielle språka våre. Det gjeld både at nynorsk og bokmål skal vera jamstilte som sjølvstendige norske skriftspråk, og at nord-, sør- og lulesamisk er urfolksspråk i Noreg. Vidare bør den offisielle statusen til dei nasjonale minoritetsspråka våre, til dømes kvensk, styrkjast og også norsk teiknspråk bør lovheimlast som offisielt språk. Språklova bør byggja vidare på og utvida prinsippet nynorsk, som vart lansert i stortingsmeldinga Mål og meining for nokre år sidan. I punkt 5.7.4 var det formulert slik: Nynorsk høyrer i utgangspunktet alltid med der norsk språk blir tematisert eller brukt. I dei tilfella der nynorsk likevel ikkje er ein relevant faktor, må dette legitimerast aktivt og behova til nynorskbrukarane bli dekte. Det normale vil då vera at nynorsken blir rekna med. Me vonar dette prinsippet vert lovfest, og at departementet ser på korleis det kan utvidast til å omfatta urfolks- og dei nasjonale minoritetsspråka våre. Landsmøtet i Norsk Målungdom legg til elles grunn at borgarane sine eksisterande språklege rettar og fridomar til dømes retten til å få svar på eige mål frå skattekronefinansierte byråkratar skal stadfestast. Men ei ny språklov bør ta mål av seg å vera noko meir enn ein repetisjon av det som allereie er. Språklova bør skrivast for å bera Noreg inn i den fleirspråklege samtida og framtida som me alle er, og kjem til å vera, ein del av. Éin symboltung, men likevel lite kostnadskrevjande måte å gjera det på, er å lovfesta at alle statleg åtte bygg skal fasa inn fleirspråkleg skilting. Nynorsk og bokmål bør vera eit absolutt minimum, medan det bør leggjast til rette for at mest mogleg også kan skiltast på samisk og kvensk i same slengen. Likeins bør lova presisera at alle statleg åtte verksemder skal fylgja dei same språklege krava som statlege organ. Det vil til dømes seia at dei lyt bruka minst 25 % bokmål, og at dei i profilering og marknadsføring lyt venda seg til publikum på det tenestemålet som gjeld i den tenestekrinsen det er snakk om. Utover dette vil landsmøtet også spela inn dei fylgjande emna til det vidare arbeidet med språklova: skuleelevar sin rett til eksamen og læremiddel på eige mål, trykt så vel som digitalt, bør stadfestast og utvidast til også å gjelda privatskuleelevar og fag med under 300 elevar nasjonalt

58 59 60 61 62 63 64 65 66 67 68 studentar sin rett til eksamen på eige mål bør stadfestast og utvidast til også å gjelda studentar ved private utdanningsinstitusjonar universitets- og høgskulesektoren bør få eit lovfest ansvar for utvikling av norsk fagspråk statleg filmstøtte bør koplast til eit krav om at produsenten skal levera teksting på både nynorsk og bokmål statleg støtte til produksjon av informasjonsmateriell i skulen, bør koplast til eit krav om språkveksling eller -parallellitet Det finst mange område som kan vera relevante for ei språklov me har berre nemnt nokre av dei. Landsmøtet i Norsk Målungdom gler seg til ordskiftet om lova i tida som kjem, og ynskjer regjeringa lukke til med å utarbeida den nye språklova.

69 70 71 72 73 74 75 76 77 78 79 80 81 82 83 84 85 86 87 88 89 90 91 92 93 94 95 96 97 98 99 100 Framlegg til fråsegn frå Katta Målungdom Innstilling: Landsstyret rår landsmøtet til å realitetshandsama denne fråsegna Eit litt større stykke Noreg Freia er ein av dei største produsentane av sjokolade i Noreg, og har sidan 1906 produsert mjølkesjokolade i forskjellige variantar til det norske folket. Sidan 1978 har mjølkesjokoladen hatt slagordet «et lite stykke Norge», noko som for så vidt passar bra med tanke på kor mykje me et av akkurat denne sjokoladen i Noreg. Men sjølv om mjølkesjokoladen vert selt over heile landet, finst det ingen sjokoladar med «eit lite stykke Noreg» eller «Mjølkesjokolade» skrive på. Ein av desse mjølkesjokoladane er den populære «eventyrsjokoladen», som i tillegg til ein liten sjokolade på 24 g har eit av dei godt kjende folkeeventyra våre skrive på papiret i forkorta og forenkla versjon. Felles for alle eventyra er at dei er på bokmål, ingen er på nynorsk. Freia speler på at det er typisk norsk å ete mjølkesjokoladen deira, med folkeeventyr og norske kyr på sjokoladepapiret. Da vert det rart at språket som vert brukt i eventyra ikkje speglar noko av det aller mest det typisk norske språkmangfaldet. Når berre det eine av dei to norske skriftspråka vert brukt, er det delar av befolkninga som ikkje får eventyra på sitt mål. Eventyrsjokoladen vert eten av mange born som samstundes les eventyra på papiret. Eventyr på nynorsk kan vere med på å gje borna gode inntrykk av nynorsk, noko som er viktig for seinare læring. Tine, som sel mjølk over heile landet og byggjer marknadsføringa si på fleire av dei same prinsippa som Freia, trykkjer nokre av mjølkekartongane på nynorsk og nokre på bokmål. På same måten kunne Freia skrive nokre av eventyra på nynorsk og nokre på bokmål, sidan dei allereie har fleire forskjellige eventyr i trykk i dag. Kvifor skal alle desse måtte vere på bokmål når det mest demokratiske er å la nokre vere på nynorsk og? Eksempelet med Tine viser at språkleg samfunnsansvar og god marknadsføring kan gå hand i hand. Med andre ord, jamstilling av målformane gjennom dei hyggelege historiene kan gjere at både nynorsken og sjokoladen fell i smak for endå fleire.

101 102 103 104 105 106 107 108 109 110 111 112 113 114 115 116 117 118 119 120 121 122 123 124 125 126 127 128 129 130 131 132 133 134 135 136 137 Framlegg til fråsegn frå Studentmållaget i Bergen Innstilling: Landsstyret rår landsmøtet til å realitetshandsama denne fråsegna Hurra for Storfjord - eit fleirspråkleg føredøme! Landsmøtet i Norsk Målungdom gratulerer Storfjord kommune med å få godkjend Omasvuona suohkan og Omasvuonon kunta som sitt samiske og kvenske namn. Vi meiner samstundes dei kommunane i Nord-Troms følgje deira gode føredøme. I Storfjord som i mange andre kommunar i Nord-Noreg har kvensk, norsk og samisk språk vore brukt side om side. For to-tre generasjonar sidan var det ikkje uvanleg at innbyggjarane i desse områda kunne alle tre språka, og det språklege mangfaldet var ein viktig del av kulturen. Mykje av denne rikdomen gjekk tapt i fornorskingsprosessen. Etterverknadane av denne fælslege politikken ser vi framleis: samisk og kvensk er mykje mindre brukt, språkbrukarane mista ein viktig del av kulturelle historia si og det er knytt mykje skam til det samiske og kvenske. Ved å syne fram at det språklege mangfaldet er ein rikdom og noko å vere stolt av, tek Storfjord kommune gode grep som kan bøte på den skada fornorskinga gjorde. Etter at dei i 2007 vedtok at dei tre språka skal vere jamstilte, har dei fått opp samiske og kvenske stadnamn kringom Stordfjorden sine bygder. Dessutan satsar kommunen på born og unge ved å lære dei alle tre språka. Storfjord Språksenter i Skibotn er Noregs fyrste og einaste fleirspråklege senter, og er eit godt tiltak for å fremje fleirspråklegheit i området. Særleg opplæringa av tilsette i eldretenesta er livsviktig: i naudsituasjonar er det avgjerande at helsepersonell kan gjer seg forstått og forstå språket til pasienten. Storfjord kommune gjer det betre for innbyggjarane når dei tek desse grepa, særleg for born og unge med kvensk og samisk identitet. Dei fremjar språkleg toleranse, som gjev betre levekår og betre livskvalitet. Dei fleirspråklege skilta og språkundervisinga fjernar skamma og aukar stoltheita. Når dei på denne måten viser at dette er ein stad der språkleg og kulturelt mangfald vert verdsett, vert Storfjord ein meir attraktiv kommune. Slagordet til Storfjord kommune «Mangfold styrker!» - bør bli eit slagord for heile regionen. Landsmøtet i Norsk Målungdom vonar dei andre kommunane i Nord-Troms, og vidare med, merkjer seg dei gode tiltaka Storfjord gjer og synleggjer språkmangfaldet.

138 139 140 141 142 143 144 145 146 147 148 149 150 151 152 153 154 155 156 157 Framlegg til fråsegn frå Studentmållaget i Bergen Innstilling: Landsstyret rår landsmøtet til å senda denne fråsegna vidare til handsaming på fyrstkomande landsstyremøte NAV også på nynorsk? NAV er ein etat som møter menneske frå alle samfunnsområde i Noreg. For at NAV skal kunne møte flest mogleg brukarar, har dei prisverdig nok valt å ha dei mest naudsynte delane av nettsidene sine på ulike språk som samisk, engelsk, polsk, tysk, arabisk, somali og urdu. Likevel er nettsidene åt NAV hovudsakleg på bokmål, og det finst ikkje eit alternativ om å få nettsidene på nynorsk, slik det gjer hjå andre statlege instansar som Lånekassen, Regjeringa og Samordna opptak. Dette er for dårleg av NAV. Borgarane skal kunne møte språket sitt, ikkje berre i brev, men au på internett. Alle NAV-skjema er tilgjengelege på både nynorsk og bokmål på nettet, men for å finne desse må du diverre navigere deg gjennom ein stor bokmålsjungel. Det er rett og slett utidig at folk ikkje får møte nynorsken hjå NAV. Nynorsk på NAV sine nettsider vil hjelpe nynorskbrukarane til å halde på språket sitt, og styrke den språkelege sjølvkjensla. Landsmøtet i Norsk Målungdom krever at NAV tar i bruk meir nynorsk på nettstaden sin.

158 159 160 161 162 163 164 165 166 167 168 169 170 171 172 173 174 175 176 177 178 179 180 181 182 183 Framlegg til fråsegn frå Studentmållaget i Bergen Innstilling: Landsstyret rår landsmøtet til å senda denne fråsegna vidare til handsaming på fyrstkomande landsstyremøte Nynorsk i fotballverda Fotball engasjerer svært mange i det langstrakte Noreg, både kvinner og menn i alle aldrar. Fotballsupporterar er som folk flest, dei er både nynorskbrukarar og bokmålsbrukarar, så det høyrer til det språklege samfunnsansvaret åt supporterklubbane å spegle språkmangfaldet i medlemsmagasina sine. Liverpool.no gjekk i front som eit god føredøme i høve 200-årsdagen åt Ivar Aasen, då dei publiserte fleire av artiklane sine den dagen på nynorsk! Sidan den dagen har det ikkje vore noko nynorsk på nettsidene deira. Dette er synd, ettersom det var berre den eine dagen Liverpool-supporterane fekk moglegheita til å sjå nynorsk i bruk på heimebane. Det er berre fordelar ved å nytte meir nynorsk. Det styrkjer sjølvkjensla og språkmedvitet åt nynorskbrukarane og jamvel bokmålsbrukarar vert meir språkleg medvitne ved å sjå nynorsken i bruk. Landsmøtet i Norsk Målungdom vil rette ei særleg oppmoding til United.no og Liverpool.no, som representerer dei to desidert største supporterklubbane i Noreg, om å representere og vise fram det kulturelle og språklege mangfaldet blant medlemene sine. Dette kan dei enkelt gjere ved å nytte seg meir av det nynorske skriftspråket, noko som au kan verke som eit friskt pust i sportsverda. Her er det mange som har noko å lære av Realmadrid.no, som ofte har kampreferat og artiklar på nynorsk, utan at det er noko problem for dei. Me vonar dei andre supporterklubbane vil fylgje etter og byrje å bruke nynorsk!

184 185 186 187 188 189 190 191 192 193 194 195 196 197 198 199 200 201 202 203 204 Framlegg til fråsegn frå landsstyret Innstilling: Landsstyret rår landsmøtet til å realitetshandsama denne fråsegna. NMU krev nynorskversjon av grunnlova Den fremste markeringa av 200-årsjubileet for grunnlova, er at ho endeleg skal kome i nynorsk språkdrakt. Dei siste dagane har det vorte sådd tvil om kor vidt den språklege oppdateringa faktisk vil verte vedteken, mellom anna fordi Stortinget slit med å einast om kva for ein bokmålsversjon dei skal velje. Å få grunnlova på nynorsk vil vere ei viktig og etterlengta stadfesting av den språklege likestillinga. Kva bokmålsversjon som vert vedteken, er isolert sett uviktig for oss, men dersom det å vedta Graver-utvalet sin versjon er naudsynt for å kunne vedta nynorskversjonen, legg me til grunn at det vert slik. At rettskrivingskrangel og taktikkeri i bokmålsleiren skal torpedere den årelange revisjonsprosessen og såleis den språklege likestillinga som fylgjer med vil vere direkte uverdig. Landsmøtet i Norsk Målungdom forventar at stortingspartia viser seg som ansvarlege aktørar og vedtek den nynorske versjonen av grunnlova.