ElEv en 1 akerskol gnm Re

Like dokumenter
ElEv en 1 akerskol gnm Re

ElEv olen ersk 1 ak Regnm

Til deg som bur i fosterheim år

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014


Minnebok. Minnebok NYNORSK


3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

mmm...med SMAK på timeplanen

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Brukarrettleiing E-post lesar

Informasjon til elevane

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

6-åringar på skuleveg

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

MATEMATIKKVERKSTAD Mona Røsseland. GLASSMALERI (bokmål) Utstyr: Rammer (A3) i farga papp, pappremser, silkepapir, saks og lim

Klepp kommune Tu skule

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Elevundersøkinga 2016

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

La meg få ein sjanse til...

Kva er økologisk matproduksjon?

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

6. trinn. Veke 24 Navn:

Brukarrettleiing. epolitiker

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

Ved er en av de eldste formene for bioenergi. Ved hogges fortsatt i skogen og blir brent for å gi varme rundt om i verden.

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Energi og vann. 1 3 år Aktiviteter. 3 5 år Tema og aktiviteter. 5 7 år Diskusjonstemaer. Aktiviteter

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Framtiden er elektrisk

Faktahefte. Make the most of your energy!

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok.

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Kom skal vi klippe sauen

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

Teknikk og konsentrasjon viktigast

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

Vintervèr i Eksingedalen

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære?

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 35 Vakre vekstar. 2t pr. veke i 4 veker

Vi lærer om respekt og likestilling

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit / turid.tveit@stord.kommune.no

ENERGIPLAN for Midt-Telemark

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Jon Fosse. For seint. Libretto

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

BLI KJENT MED ALUMINIUM

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

1268 Newton basedokument - Elektrisk energi fra fornybare og ikke-fornybare energikilder Side 33

Alt du trenger å vite om Regnmakernes. Vennergidag!

Refleksjon og skriving

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

1561 Newton basedokument - Newton Engia Side 53

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

BLI KJENT MED ALUMINIUM

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012

Håndbok om. undersøkelser. Liv Oddrun Voll Gard Ove Sørvik Suzanna Loper

Psykologisk førstehjelp i skulen

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Plassebakken Barnehage

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Transkript:

Elev Regnmakerskolen 1

innhald Regnmakerskolen 03 Nokre fakta om energi 07 Energikjelder 14 Regnmakerskolen 15 Regnmakeraktivitet nr 1 Lese bøkene 21 Regnmakeraktivitet nr 2 Energioppgåver gjere eksperiment 30 Regnmakeraktivitet nr. 3 Måling av temperatur og energiforbruk 36 Regnmakeraktivitet nr. 4 Energiforbruk og -forsyning på skolen 38 Regnmakeraktivitet nr. 5 Energikamp 1. Nokre fakta om energi Energi er noko som trengst for å få ting til å skje. Ei plante treng energi for å vekse, ein bil treng energi for å setje seg i rørsle. Ein MP3-spelar treng energi for å kunne lage lyd. Du treng energi for å vekse og for å kunne bevege deg rundt. Energi kan ha ulike former Ein bil som beveger seg, har energi denne forma heiter rørsleenergi. Vatn som renn, har energi dette er og rørsleenergi. Alt som beveger seg, har rørsleenergi! Ei spent musefellefjør inneheld og stillingsenergi dette kan vi godt kalle spent fjør-energi. Denne energien er der så lenge fjøra er spent. Energi som er lagra i ved, er og stillingsenergi på mikroskopisk nivå inne i veden, men vi kan godt kalle det bioenergi. Energien i batteri er lagra som stillingsenergi på mikroskopisk nivå inne i batteria, men vi kan og kalle det kjemisk energi eller batterienergi. Kva er stillingsenergi, Vatn på toppen av ein foss kan få stor fart og kva er rørsleenergi? dersom det får anledning til å begynne å renne. Finn eigne eksempel, og fyll ut skjemaet! 2 Dette kallar vi stillingsenergi. Vi kan og kalle det 3 høgdeenergi. Stillingsenergi Spent fjør på ein musefellebil spent fjør-energi Oppblåst ballong Vatn under trykk i vassrør Spent sprettert RØRSLEenergi Musefellebil i fart Ballong som fer rundt medan lufta strøymer ut Vatn som renn i dusjen Pil i fart

Energi kan ikkje oppstå eller forsvinne, men overførast og endre form Sola Energikjeder Ei energikjede består av ei energikjelde og ein eller fleire energimottakarar. Eksemplet under viser korleis du kan teikne ei energikjelde: mat matenergi syklist muskelenergi Energimottakarar Energimottakaren er den som tek imot energien. Epletreet tek imot energi frå sola. Syklisten tek imot energi frå eplet. Sykkelen tek imot energi frå musklane til syklisten. Lufta tek imot energi (varme) frå syklisten. sykkel rørsleenergi omgjevnader varmeenergi Når vatn fell ned frå toppen av ein foss, endrar energien seg frå stillingsenergi til rørsleenergi. Når du skal skyte med strikk, spenner du den og lader den med stillingsenergi. Når du slepp strikken, får den fart. Det som før var energi i strikken, har endra form og er no blitt rørsleenergi. Du kan og bruke strikken til å skyte ein liten bil bortover. Da overfører du stillingsenergi frå strikken til bilen. Når bilen etter kvart stansar, er det fordi den overfører noko av rørsleenergien sin til lufta når den «skyv» lufta vekk. Noko av energien overførast og til varmeenergi i hjula og i bakken. All energi endar til slutt opp som varmeenergi. Her kan du teikne energikjeder sjølv: 4 5 Energikjelder Energikjelder er det vi får energien frå. Sola er den eigentlege energikjelda på jorda. Energien vi får frå andre energikjelder som vind, vatn, bioenergi, olje, gass og kol, kjem eigentleg frå sola Energien frå ei kjelde går gjerne til mange mottakarar. Syklisten brukar matenergi til meir enn berre å sykle. Kan du teikne noko anna du trur han brukar matenergi til?

Kva skjer med energien etter kvart som den brukast? Når vi brukar energi, blir den ikkje eigentleg borte. Dei fleste energikjeder vi har, startar med sola og endar opp i omgjevnadene som varmeenergi. Temperaturen i omgjevnadene blir da bitte lite grann høgare, så lite at det ikkje alltid er mogeleg å måle det eingong. Når energien endar opp som varmeenergi i omgjevnadene, er det svært vanskeleg å bruke den til noko anna nyttig. Elektrisitet er ei energiform vi kan bruke til mykje forskjellig vi seier han har høg kvalitet, og han er svært nyttig for oss. Når vi har brukt den til noko nyttig, kan vi ofte bruke den vidare: når vi brukar elektrisitet til å gi oss lys i eit rom, vil lysenergien gjerast om til varmeenergi i rommet. Men vi kan ikkje gå den andre vegen vi klarar ikkje gjere den varmeenergien om til lys igjen. For kvar gong energien overførast, blir den litt vanskelegare å bruke til noko anna enn oppvarming. Vi seier at energien får lågare kvalitet. Den blir mindre tilgjengeleg for kvar gong den overførast naturleg. 2. Energikjelder No veit du at: Energi kan ha ulike former Energi kan ikkje oppstå eller forsvinne Energi overførast og endrar form Energi blir mindre tilgjengeleg for kvar gong den overførast naturleg Energi overførast frå ei energikjelde. Vi har mange forskjellige energikjelder vi kan bruke her på jorda. Det er sola som er den eigentlege energikjelda vår. Når vi brukar energi frå energikjeldene, deler vi dei ofte i to grupper: fornybare og ikkjefornybare. Dersom du vil lese meir om fornybare energikjelder og ikkje-fornybare energikjelder enn det som står her, kan du gå inn på: www.regnmakerne.no eller du kan gå inn på: www.fornybar.no. 6 7 Ei ikkje-fornybar energikjelde er ei energikjelde som vi brukar fortare enn ho lagast. Derfor kan ikkje-fornybare energikjelder bli tomme. Det har tatt naturen millionar av år å lage olje, gass og kol, og desse er eksempel på ikkje-fornybare energikjelder som kan gå tomme. Ei fornybar energikjelde er ei energikjelde som ikkje blir tom. Ho byggjast stadig opp ved hjelp av solenergien, og vi kan ikkje klare å bruke ho opp. Eksempel er vind, vatn, sol og bioenergi. Ein kan seie at ei fornybar energikjelde fornyast heile tida ved hjelp av energi frå sola.

Ikkje-fornybare energikjelder GASS KOL OLJE ATOMENERGI For over hundre år sia lærte menneska å bruke oljen som drivstoff. I dag er vi heilt avhengige av den for å køyre bil, fly, båtar og andre transportmiddel. Vi brukar og olje til oppvarming av hus. Da kallar vi den fyringsolje. Dei tre viktigaste energikjeldene i verda i dag er olje, kol og gass. Alle er ikkje-fornybare. Kol Kol er ei av dei eldste og viktigaste energikjeldene i verda. Det har blitt brukt i tusenvis av år til oppvarming og matlaging. På 1800- talet var kol den viktigaste energikjelda i verda, damplokomotiva og dampbåtane brukte nemleg kol som energikjelde. Kol ligg lagra nede i jorda, derfor må vi hente det opp frå djupe gruver. Oljen er ikkje fornybar, og vi menneske er i ferd med å tømme verda sitt oljelager. Nokon trur at vi har olje nok til hundre år, mens andre faktisk meiner at vi ikkje har så mykje, og at oljen kanskje kjem til å ta slutt om femti år. Oljen forureinar. Når vi forbrenn olje slepp vi CO 2 ut i lufta. CO 2 -utslippa har auka veldig dei siste 30 åra, mest frå dei rike landa. No held utviklingslanda på å komme etter, dei byggjer ut industrien og får betre levestandard. Det betyr at fleire folk i desse landa kan kjøpe seg bilar, noko som gjer at det sleppast ut enda meir CO 2 i lufta. Olje kjem nok til å vere den viktigaste energikjelda i mange år enno, men etter kvart blir vi nøydt Nesten halvparten av all elektrisiteten i verda til å finne andre energikjelder som kan erstatte kjem frå kolkraftverk. Den lagast ved at kolet og bussar. Fleire byar i Noreg har hatt gassbussar 8 den. i mange år. 9 brennast og varmar opp vatn som blir til damp som driv blada på ein turbin, som igjen er kopla til ein generator. Kol er den energikjelda som forureinar mest. Bruk av kolenergi fører til store utslipp av CO 2 og andre drivhusgassar. Naturgass Naturgass held på å bli ei av dei viktigaste energikjeldene i verda. Nokre forskarar trur at vi kjem til å bruke fem gonger så mykje naturgass i 2050 som vi gjer no. Det finst mykje ubrukt naturgass rundt omkring i verda langt nedi jorda. Naturgassen blir henta opp av jorda og er eigentleg satt saman av mange forskjellige gassar. Den må derfor delast opp før vi kan bruke den vidare. I Vest-Europa brukar veldig mange gass til både oppvarming og matlaging. Etter kvart får fleire og fleire elektrisk energi frå gassfyrte elektrisitetsverk. Gassen brennast og varmar opp vatn som blir til damp med høgt trykk. Dampen driv blada på ein turbin som er kopla til ein generator. Naturgass kan brukast i staden for bensin i bilar Naturgass er meir miljøvennleg enn olje og kol fordi det ikkje gir sur nedbør eller røykproblem. Den er billeg og enkelt å bruke. Problemet er at bruk av naturgass skaper mykje CO 2. Olje Råolje er den viktigaste energikjelda i verda i dag. Råoljen er lagra nede i jorda og må pumpast opp for at vi skal få tak i den. Den er ein seig, tjukk og svart masse som består av mange forskjellige stoff. Vi må derfor gjere om råoljen for å få blant anna bensin, diesel, smøreolje og plast. Dette kallast raffinering. Atomenergi Atomenergi er energi som er lagra inni dei aller minste byggjesteinane vi har atoma. Det er enorme mengder energi som er lagra der. Dei atomkraftverka som finst i dag, brukar metallet uran som det finst mykje av i jordskorpa. I energiverka splittast uran i to samtidig som store mengder energi frigjerast. Energien varmar opp vatn til det blir damp, og denne dampen driv ein turbin og generator som igjen produserer elektrisitet. Den største faren ved bruk av atomenergi er at det kan skje ulykker slik at radioaktive stoff slepp ut og forureinar naturen. Ei slik ulykke skjedde ved atomkraftverket i Tsjernobyl i 1986. Vi er derfor forsiktige med å seie at atomenergi er miljøvennleg energi. Det er og ei ikkje-fornybar energikjelde fordi den lagast ved hjelp av uran som kan bli oppbrukt. Men det utviklast ny teknologi for at vi skal kunne bruke avfallet på nytt («resirkulering»). Da kan atomenergi kallast ei fornybar energikjelde. Du kan lese meir om fornybare og ikkje-fornybare energikjelder på www.regnmakerne.no

Fornybare energikjelder SOL VIND VATN BIO Solenergi Sola er den eigentlege energikjelda vår på jorda all annan energi har kome til jorda frå sola. Solenergi er ei miljøvennleg og fornybar energikjelde. Solenergi fordelast over heile jordkloden. Kvart år mottar jorda 15000 gonger meir energi frå sola enn det vi brukar i verda i dag, og i framtida blir solenergi den viktigaste energikjelda. Solceller Vi lagar elektrisitet av sollyset gjennom å bruke solceller. Dei fungerer slik at når sola skin på dei, gjerast solenergien om til elektrisk energi. Denne energien må enten brukast med ein gong, eller den må lagrast for eksempel i eit batteri. Solcellene er satt saman i solcellepanel. Du har sikkert sett slike panel på hytta, båten eller andre stader. Vindenergi Sola varmar opp bakken som igjen varmar opp lufta. Luft med høg temperatur er lettare enn luft med lav temperatur, og derfor stig den. Vind er soloppvarma luft i rørsle. Du kan føle kreftene til vinden når det blæs. Da er det kanskje ikkje så vanskeleg å sjå føre seg at vinden kan få blada på ei vindmølle til å bevege seg? Det finst enorme mengder vindenergi i lufta. Menneska har brukt vindenergi i tusenvis av år til seglbåtar og for å male korn til mel i vindmøller. Vindkryssord Vindkraftverk I eit vindkraftverk gjerast vindenergien om til elektrisk energi. Eit vindkraftverk består av ein eller fleire vindturbiner (og kalla vindmøller). Ein vindturbin har tårn, blad og maskinhus med generator. Vinden driv blada på turbinen rundt. Rørsla frå blada går over til generatoren som gjer energien om til elektrisitet. Når det er fleire vindturbiner i eit vindkraftverk, kallar vi det ein vindkraftpark eller vindmøllepark. I mange land brukar dei og vindmøller til å pumpe opp vatn frå jorda. K 10 11 Visste du at i Noreg får over 2000 fyrlykter energien sin frå solceller? Solkryssord Solfangar D U V A A E E Lag di eiga vindmølle! M W Ø O E K E Solfangarar Alle veit kor høg temperaturen kan bli inne i ein bil som står parkert i sola ein sommardag. Sola har varma opp lufta slik at temperaturen inni bilen er mykje høgere enn utanfor. Slik fungerer og ein solfangar: Sola varmar opp luft eller vatn, som deretter transporterast (flyttast) gjennom rør slik at det kan brukast til varme i rom eller som varmtvatn i springen. Dersom du lurar på korleis ei vindmølle verkar, kan du sjå ein liten film om det på www.regnmakerne.no

Bioenergi Bioenergi får vi frå alt som veks og gror rundt oss. Ved er bioenergi. Menneska har brukt ved til oppvarming heilt sia elden vart oppdaga. Derfor er bioenergi den eldste energiforma i verda. Bioenergi er ei av dei mest brukte energikjeldene i verda. Bioenergi kan brukast på mange måtar. Vedfyring er den vanlegaste. Halvparten av all bioenergibruk i Noreg er vedfyring i bustader. Bioenergi kan brukast i staden for fyringsolje til oppvarming av hus. Brennbart søppel kan og brukast på denne måten. Trevirke kan malast opp og pressast saman til det vi kallar pellets eller brikettar. Det finst eigne omnar som kan bruke pellets i staden for ved. Trevirke inneheld mykje energi som trea har fått frå sola. Når vi brenn ved eller pellets, får vi energi som vi kan bruke til oppvarming. Når veden seinare brennast, frigjerast energi samtidig som biomassen (veden) blir til aske og karbondioksid (CO 2 ). CO 2 er ein drivhusgass, men vi seier likevel at brenning av biomasse ikkje bidrar til auka drivhuseffekt. Dette fordi treet vil ta opp og binde like mykje CO 2 når eit nytt tre veks opp igjen. Derfor seier vi at bioenergi er CO 2 -nøytral. Energien som plantene får frå sola, endrast til kjemisk energi i planta. Når vi brenn ved, frigjer vi denne energien og endrar den til varme. Energi som kjem frå slike vekstrar, kallar vi bioenergi. 12 Kor mykje ved må du sage for å halde ein god innetemperatur i eit hus eit heilt år? Legg ein vedkubbe på ei vekt. Ein kilo normal tørr ved inneheld i overkant av 4 /kg. Rekn ut kor mange kilowatt-timar din vedkubbe inneheld. Gong talet på kilo med 4. 13 vedkubben si vekt i kg gongar TALET PÅ kilowatt timer vedkubben inneheld mengdei energi i ein vedkubbe kg * 4 per kg Energi som trengst til oppvarming delt på mengden energi i ein vedkubbe TALET PÅ vedkubbar I 20.000 : F O For dei som er glad i å rekne Ein gammel vedomn (før 1998) utnyttar berre halvparten av energien i veden, medan ein ny vedomn utnyttar 70 % av veden. Kor mange vedkubbar treng du til oppvarming med ein gammel omn, og kor mange vedkubbar treng du med ein ny omn? S P Y Biokryssord S I

Vassenergi Ta vare på klimaet vårt! Nesten all elektrisiteten vi brukar i Noreg, kjem frå vassenergi. Vasskraft er miljøvennleg og er ein form for solenergi. Sola varmar opp land og hav slik at vatnet fordampast, dette vert til skyar som etter kvart kjølast ned og går over til regn. Vatnet samlast opp i elver, demningar, vatn og magasin og leiast gjennom tunnelar fram til kraftstasjonen der det nyttast i turbinane før det igjen renn ut i havet. skovl- hjul Energi finst over alt rundt oss, men det er ikkje alltid vi klarer å bruke energien på best måte. Når vi brukar olje, gass og kol, forureinar vi lufta med sot og gassar som aukar drivhuseffekten. Resultatet blir at temperaturen på jorda sakte, men sikkert stig, og dette får igjen store konsekvensar. For at ikkje jorda vår skal bli sjuk, bør vi bruke mindre energi, og den energien vi brukar, bør komme frå fornybare energikjelder. Vatn som renn, er den største energikjelda vi brukar i Noreg. Vatnet på toppen av ein foss har mykje stillings-energi som endrast til rørsleenergi når vatnet fell nedover. Eit vasskraftverk består av ein stor propell som kallast ein turbin, og ein slags motor som kallast generator. Vatnet treff eit hjul turbinhjul som begynner å gå fort rundt. Hjulet driv generatoren som gjer om rørsla i vatnet til elektrisk energi. Elektrisiteten blir ført ut av kraftverket gjennom kraftige leidningar. Å bruke energien å bruke den riktig Når du brukar energi til å få lys, får du varme samtidig. Når du brukar energien til å støvsuge, blir det reinare hos deg, men du får og litt høgare romtemperatur. All energi endar til slutt opp som varmeenergi. Visste du at om alle i Noreg slår av alle standbyapparater, vil vi kunne spare like mykje energi som det brukast i ein liten norsk by. Kor mange standby-apparat har de heime? Elektrisk energi er ei energiform som enkelt Dette kan du gjere 14 kan brukast til mykje forskjellig. Vi seier den Vi kan hjelpe jorda vår ved å bruke mindre 15 har høg kvalitet. Sidan all energi endar opp energi enn vi gjer i dag. Korleis? Skriv ned som varme, treng vi eigentleg ikkje å bruke 5 måtar du tror du sjølv kan bidra til å bruke elektrisk energi med høg kvalitet for å halde mindre energi, og 5 måtar du trur du kan ein god innetemperatur i husa. I staden kan bruke energien lurare. vi bruke bioenergi og energi frå sola. J J O T Ø P VaSSkryssord N L Æ Du kan finne 4 filmar med tips til korleis du kan spare energi her: www.regnmakerne.no. 1 2 3 4 5 Korleis bruke mindre energi? 1 2 3 4 5 Korleis bruke energien lurare?

3. Regnmakerskolen Regnmakeraktivitet nr. 1 Du har fått dette heftet fordi klassen din er ein Regnmakerklasse. Ein Regnmakerklasse skal gjere minst ein Regnmakeraktivitet. 16 til planeten hennar, Jonia, sjølv om det høyrast frykteleg skummelt ut å reise på ein snurrebass. Og dermed blir ein ganske vanleg dag 17 aldeles ganske uvanleg. Ein Regnmaker: Bryr seg om helsetilstanden til jorda Har ein god del kunnskap om kva som påverkar klimaet vårt Veit kva som kan gjerast for å redusere energibruken Gå inn på www.regnmakerne.no da vel! Der kan du finne spel, fakta, konkurransar og mykje anna. Regnmakerbøkene, song og dans Klaus Hagerup heiter han som har skrive bøkene om Regnmakerne. Den først vi blir kjent med, er Reinert: Reinert trur han er ein ganske vanleg gut. Inntil han treff Regina. Ho ser nemleg ut som ei ganske vanleg jente, men kjem seilande på ein snurrebass langs regnbogen. Regina er ein Regnmaker, og det seier ho at Reinert og er. Reinert blir veldig nysgjerrig. Så nysgjerrig at han blir med Regina Dersom du vil smuglese bøkene heime, kan du finne dei på www.regnmakerne.no! Når klassen har lese ei eller alle Regnmakerbøkene, er de ferdig med Regnmakeraktivitet nr. 1 og har blitt ein Regnmakerklasse! Har du lyst på eit Regnmakerdiplom? Be læraren din om å rapportere Regnmakeraktiviteten på internett.

Les Regnmakerbøkene og svar på spørsmåla! 1. Kva var det Reinert fikk i pakken sin? 8. Kor landa Reinert på veg heim frå Jonia? 2. Kven er Regina? 9. Kva gjer Regnmakerne for å prøve å redde Jonia? 3. Kvifor er det ikkje så greitt å bu på Jonia lenger? 10. Skriv ned dei 10 nye Jonia-buda 4. Kvifor er det eit gasskjold rundt Jonia? 11. Korleis kan vi sørgje for at jorda held seg frisk? 19 18 5. Kven er Albert Rusten? 6. Kva slags konkurranse skal det vere på Jonia sin nasjonaldag? 7. Skriv ned nokre forslag til kva Reinert og Regnmakerne kan gjere for å redde Jonia?

Kven ser du på desse bileta, og korleis oppfører dei seg? Her kan du teikne Jonia SYNG OG VæR GLAD! 1: 2: Regnmakersangen Tekst: Klaus Hagerup Mel: Rolf Løvland Tenk om livet var en lek vi lekte alle sammen på en jord der det var fint å bo Tenk om vi var blader på et tre og tenk om stammen var et sted der alle våre drømmer kunne gro Ref: Jorda vår skal leve Den skal alltid sveve som en liten snurrebass på himmelen et sted Regndråper skal falle Lufta er for alle Snurrebassen snurrer rundt og vi skal snurre med Tenk om ild og luft og vann var våre beste venner og vi kunne leke her i fred med en liten jord som snurret rundt i våre hender i et liv der alle våre drømmer kunne skje 20 Ref: 21 Jorda vår skal leve... 3: Regnmakerne danser rundt, og de skal alltid danse Ild og jord og luft og vann skal gi toner til musikken vår, og den skal aldri stanse den skal alltid fylle oss med mere energi 4: Ref: Jorda vår skal leve... Kom og la oss danse Vi skal aldri stanse Vi skal alltid leke i det livet vi har nå Klapp i dine hender Varmen som du kjenner er det livet du og jeg skal få Ref: Jorda vår skal danse Den skal aldri stanse Jorda er en snurrebass og vi skal snurre med Regndråper skal falle Livet er for alle Vi skal alltid danse rundt på himmelen et sted

Vinden blåser vår vei Du kan laste ned songane på www.regnmakerne.no Tekst: Stian Barsnes Simonsen Mel: Javed Kurd Hei hå, følg med, pass på, Regnmakerne her kommer vi Hei hå, følg med, se nå, Regnmakerne er energi Hei hå, følg med, pass på, Regnmakerne her kommer vi Hei hå, følg med, se nå, Regnmakerne er energi Er du beredt? Se og bli sett! Vil du bli med oss på ferden? Vi skal bli sett, vi er klar og beredt, vi er med Tror du at små, sammen kan gå? Sammen om å verne verden Små, sammen stå, vi går sammen om det Jeg er en, vi blir to, vi trenger fler Syng i vei, rop med meg, så høres vi mer, for nå vil Ref: Vinden blåse vår vei endelig i medvind Lyset skinner på deg og vi blir opplyst Jorda er på vårt lag se, nå blir vi sterke Framtida starter i dag Regnmakernes merke! Hei hå, følg med, pass på, Regnmakerne her kommer vi Hei hå, følg med, se nå, Regnmakerne er energi Alle som en, Titusen ben. Viktig at vi går i takt nå 22 Ti tusen ben, vi går samlet som en vi er klar 23 Deler på alt. Hva kan gå galt? Vi kan hvis vi er på vakt nå Går ikke galt, vi deler det som vi har Du er sterk, jeg er sterk. Vi trenger fler Hal i vei, dra med meg så løfter vi mer, for nå vil Ref: Vinden blåse vår vei endelig i medvind Lyset skinner på deg og vi blir opplyst Jorda er på vårt lag se, nå blir vi sterke Framtida starter i dag Regnmakernes merke! Hei hå, følg med, pass på, Regnmakerne her kommer vi Hei hå, følg med, se nå, Regnmakerne er energi Hei hå, følg med, pass på, Regnmakerne her kommer vi Hei hå, følg med, se nå, Regnmakerne er energi Ref: Vinden blåser vår vei endelig i medvind Lyset skinner på deg og vi blir opplyst Jorda er på vårt lag se, nå blir vi sterke Framtida starter i dag Regnmakernes merke! Vinden blåser vår vei endelig i medvind Lyset skinner på deg og vi blir opplyst Jorda er på vårt lag se, nå blir vi sterke Framtida starter i dag Regnmakernes merke! Sammen er vi sterke!

Regnmakeraktivitet nr. 2 Ein klasse som forskar eller som byggjer ein farkost, har gjort Regnmakeraktivitet nr. 2 og er ein Regnmakerklasse! Ein bil, båt eller anna farkost treng energi for å kunne bevege seg 24 24 25 Musefellebil Musefellebilkonkurransar er populære i USA, Sverige og andre land i verda. Bygg din eigen musefellebil og lag konkurransar med vener og klassekameratar. De kan konkurrere om: Raskaste kjøretøy Kjøretøyet som kjører lengst Beste design De treng: Ei musefelle. Resten er opp til deg. Sjå på biletet og hent inspirasjon til å lage din eigen bil. Du kan og søke på internett med orda «mousetrapracing». Der finn du mange nyttige tips. På www.regnmakerne.no vil du finne ein liten filmsnutt om korleis du kan lage ein musefellebil. Reglar: Det er ikkje lov til å bruke ei rottefelle. Det er ikkje lov til å fjerne delar frå musefella eller å byggje den om. Bilen kan ikkje vere breiare enn 20 cm Bilen kan ikkje vere lengre eller høgare enn 30 cm. Det er lov å forlenge fjøra, men bilen må framleis ikkje vere lengre enn 30 cm når fjøra er heilt slapp Har du lyst på eit Regnmakerdiplom? Be læraren din om å rapportere Regnmakeraktiviteten på internett.

Ballongbil Du treng: Sugerør Blomsterpinnar eller grillspidd av tre Elektrikerrør eller ein stump av ein hageslange Ballongar Saks Limpistol Tape Hjul: kronestykke eller melkekartongkorker eller andre runde skiver Du kan bruke det som står i oppskrifta, eller du kan bruke pinnar, blyantar og papp Her skal du teikne ei energikjede som viser kor energien til bilen kjem frå, korleis bilen til slutt får fart og kor det blir av energien. 1 Lim Blås opp ballongen, set bilen ned på golvet og mål kor langt den går. Kva for ein bil kjem lengst? Lim 26 27 Lim 2 Her kan du teikne bilen din (eller lime inn eit bilete av han!) 3 8 cm 4 5 Lim Lim Lim Bruk f.eks. kronestykke som hjul Har du lyst på eit Regnmakerdiplom? Be læraren din om å rapportere Regnmakeraktiviteten på internett.

Eksperiment: Is som smeltar 3. Omtrent kor mykje av isen ligg under vassflata? Føremål Å stille hypotesar og å gjere systematiske undersøkingar. 4. Beskriv korleis isen beveger seg når den smeltar. De treng 28 2 gjennomsiktige beger Isbitar (gjerne farga) Ein stein som får plass i eit av begera Saltvatn (35 g salt til 1 liter vatn) Termometer Gjer følgjande 1. Jobb saman to og to 2. Legg ein litt stor, farga isbit i eit plastbeger beger nr. 1 som er fylt med kaldt saltvatn Lag ei teikning av isen som syner korleis isbiten ligg i forhold til vassflata 5. Korleis beveger det kalde smeltevatnet frå isbiten seg? 6. Mål temperaturen i vatnet nær overflata og i botnen av glaset og skriv det inn på teikninga Temperaturen nær overflata grader Temperaturen i botnen grader Er det same temperatur begge stader? Kvifor eller kvifor ikkje? 29

7. Lag ei teikning som syner vasslinja og korleis isbiten ser ut når halvparten av den har smelta. Korleis ligg isbiten i forhold til vasslinja? 10. Lag ei teikning som syner kor høgt opp på steinen vatnet når. 8. Korleis ser den andre teikninga di ut i forhold til den første teikninga? 11. Beskriv korleis vatnet beveger seg når isen smeltar. 30 31 9. No skal de gjere nesten det same forsøket, men no skal isbiten liggje oppå ein stein: 12. Når isen har smelta: Lag ei teikning som syner kor høgt vatnet står når all isen har smelta i begge glasa. Legg ein stein i det andre glasset, glass nr. 2, og fyll på med saltvatn slik at toppen på steinen kjem over vatnet. Legg ein isbit oppå steinen. Det er viktig at heile isbiten ligg over vatn. Har du lyst på eit Regnmakerdiplom? Be læraren din om å rapportere Regnmakeraktiviteten på internett.

Er du nysgjerrig? 5. Dette har eg funne ut! Etter undersøkinga må du oppsummere det du har funne ut, og sjå om hypotesen du har sett opp under punkt 2, stemmer. Har du lyst på eit Regnmakerdiplom? Be læraren din om å rapportere Regnmakeraktiviteten på internett. Kva med å forske litt? Det er lov å vere nysgjerrig om du lurer på noko, kan du forske på det. Spør læraren din om du kan få lov til å forske på noko som du har lurt på under arbeidet med Regnmakerskolen. Er det derimot slik at du ikkje kjem nokon veg, at alle forslaga til forklaring verkar like dårlege, må du gå tilbake til punkt 2. Her er nokre eksempel på kva det går an å lure på: Kvifor er det berre 3 blad på dei fleste vindmøllene? Korleis kan søppel bli ei energikjelde? Kva gjer kupromp med klimaet vårt? Kan kupromp brenne? Dette og mykje, mykje anna kan du lure på og forske på. I tillegg til å kunne bli årets nysgjerrigper kan de og vinne Energiprisen som delast ut av Enova ved Regnmakerne. Nysgjerrigpermetoden 32 33 1. 2. 3. 4. Dette lurer eg på Skriv ned spørsmålet du lurer på, og som du vil ha svar på. Kvifor er det slik? No skal du prøve om du kan tenkje deg ei eller fleire moglege forklaringar (hypotesar) på spørsmålet ditt. Legg ein plan for undersøkinga Tida er kome for å legge ein plan for gjennomføring av sjølve undersøkinga. Føremålet er å finne ut kor riktig(e) hypotesen er, samtidig som du lærer meir om emnet. Ut for å hente opplysningar Du skal samle opplysningar som har å gjere med hypotesen din både dei som kan tyde på at hypotesen er riktig, og dei som kan tyde på det motsette! Du observerer, tel og måler, ringjer, les, skriv, spør og grev. 6. Fortel til andre Når undersøkinga er gjennomført, er tida kome for å fortelje andre kva du har funne ut og korleis du har arbeidd. Skriv, teikn, eller bruk andre måtar for å presentere arbeidet. Meir informasjon finn du på www.nysgjerrigper.no Har du lyst på eit Regnmakerdiplom? Be læraren din om å rapportere Regnmakeraktiviteten på internett.

Regnmakeraktivitet nr. 3 Dag mån tys ons tor fre Gjennomsnitt Dato 3/10 4/10 5/10 6/10 7/10 Måling av temperatur og energiforbruk Kor mange grader er det inne? Og kva er temperaturen ute? Lag temperaturkurver! Temperaturmåling er utgangspunkt for bevisst energibruk. Å måle kor mykje energi som brukast, er det første ein begynner med i prosjekt som handlar om energibruk og -sparing. Det gjeld både i store næringsbygg, mindre bygg og heime. Resultatet kan bli store kostnader spart, som igjen kan kome lærarar og elevar til gode. Med utgangspunkt i temperaturkurver over Dag mån tys ons tor fre Gjennomsnitt Dag mån tys ons tor fre Gjennomsnitt 34 ein månad eller lengre periodar og energiforbruket i same periode kan de diskutere årsa- 35 Dato Dato ker til variasjonane gjennom året, og kva de Temp. Temp. kan passe på for å redusere energiforbruket ute ute ved skolen. Finn straummålaren og andre målarar som syner energibruken på skolen. Les av målarane og før opp tala på riktig vekenummer på plakaten som de har fått i tillegg til heftet. Neste veke sjekkar de målarane igjen og skriv på dei nye tala. No har de fått eit reknestykke som de må rekne ut. Svaret syner kor mykje energi skolen har brukt den siste veka. Del energibruken på det oppvarma arealet på skolen. Talet de får brukast til å lage ein energistolpe på plakaten. Straum, olje og anna energi skal leggjast saman. Om de brukar noko anna enn straum, så må bruken av andre energikjelder reknast om til før den totale energibruken kan reknast ut. I rettleiinga på www.miljolare.no/ energi finn du fleire eksempel på slike omrekningar. Dersom de ønskjer ei detaljert energimåling, kan de fylle ut plakaten med ein farge for kvar energikjelde og sjå korleis forholdet mellom energikjeldene varierer med årstida. Temperatur: Energibruken varierer kraftig i forhold til utetemperaturen. Derfor skal du registrere den gjennomsnittlege utetemperaturen. Om de ikkje måler utetemperaturen sjølv, kan de gå inn på www.yr.no og velje den målestasjonen som ligg nærmast dykkar område. Tips: Gå inn på www.miljolare.no/energi og vel «Sjekk skolens energibruk». Der kan de registrere skolen sitt energibruk, skrive ut energirapportar, få mange gode tips og samanlikne energibruken med andre skular. Har de spørsmål om energimåling, kan de ringje Enova si svarteneste 800 49 003. Gjennomsnitt for ei veke: måleverdiane for kvar dag leggjast saman og delast på talet på dagar. Som vist på eksempel: Dag mån tys ons tor fre Gjennomsnitt Dato Temp. ute Temp. inne Temp. inne Måletall denne veka Minus Måletall forrige veke Eksempel 12 570 11 750 Temp. ute Temp. inne 10 23 Dag mån tys ons tor fre Gjennomsnitt Dato 8 19 Temp. ute Temp. inne Temp. inne 9 21 Målaravlesning heime eller på skolen 12 13 20 22 10+8+9+12+1350 50/5 10 23+19+21+20+22105 105/5 21 Forbruk av energi denne veka. Måletall denne veka, minus måletall forrige veke 820

Regnmakeroppdrag Har du sett på Rubenfilmane? Dei finn du på www.regnmakerne.no, og du kan sjå 4 filmar med tips til korleis du kan spare energi. Fyrer du for kråka? Vi kallar det å fyre for kråka når vi lagar varme som ingen brukar. Det er dyrt å fyre for kråka. Derfor er det lurt å ha passe temperatur i dei romma vi brukar, men ikkje så lurt å varme opp rom som står tomme. I tillegg treng ikkje alle rom å vere like varme. Om natta er det heller ikkje nødvendig med mykje varme. Sjekk standby! Dersom du slår av TV-en med fjernkontrollen, vert skjermen svart, men den brukar framleis energi. Det kallar vi standby. Først når du trykkjer på av-knappen eller drar ut kontakten, slår du heilt av. Sånn er det med video og PC og andre apparat og. Når du lader mobiltelefonar og MP3-spelarar og sånt, må du dra ut kontakten når du er ferdig. Elles fortset ladarane å bruke energi. Kvart apparat brukar ikkje så mykje energi, men ofte har vi ganske mange av dei. Til saman i heile landet blir det faktisk temmeleg mykje energi. Kjøkken Oppdrag Sjekk kva for ein temperatur de har heime. Kan de senke temperaturen litt? Målt temperatur i grader Kva er sånn passe? 19 20 o C fordi du ofte er i aktivitet når du lagar mat, og du ofte blir varm når du et 20 o C eller litt meir. Stua er ofte mykje brukt og PC x 40 Stue bør vere varm nok til å sitje stille i 36 Skjermsparar x 60 37 Bad 22 o C gir eit lunt og godt bad. Det hender vel at du har litt lite klær på deg på badet, så temperaturen kan vere litt høgare enn elles i huset Skrivar x 130 Stereo x 105 Gang 15 o C høyrest kanskje litt lite ut, men du kjem jo med uteklær inn og oppheld deg kanskje ikkje så mykje i gangen? Telefonsvarar x 25 Batteriladar x 12 Soverom 19 20 o C når du leiker eller gjer lekser. Slå av når du skal sove Til saman: Oppdrag Sjekk kor mange apparat som står standby eller står og lader heime hos deg. Slå av dei som ikkje treng å stå på, og trekk ut kontakten til ladarar som ikkje brukast. Du kan og prøve deg på eit reknestykke. Fyll ut kor mange TV-ar, PC-ar osv. de har i tabellen under. Gong så med talet, og set svaret der det står sum. Til slutt kan du leggje saman alle tala. Apparat Tal pr år Sum pr år TV x 70 Video og DVD x 85 Kjellar/loft Om det ikkje går vassrør i desse romma, trenger du kanskje ikkje ha oppvarming her? Senker de temperaturen om natta? (spør) Senker de temperaturen når de drar bort i helga og i ferien? (spør) JA (set kryss) nei (set kryss) Summen som du får til saman for ditt hus kan du gonge med talet på bustader i Noreg: 1 800 000 (1,8 millionar). Dersom alle bustader brukar det same som du har funne ut de brukar da får du eit kjempestort tal på kor mange kilowatt-timar straum som brukast til standby totalt i Noreg. Kva kunne vi brukt den straumen til i staden? Nokre eksempel: Dei fire største alpinanlegga brukar 20 000 000 (0,02 TWh) pr år NSB sine tog brukar 400 000 000 (0,4 TWh) pr år Alle hyttene i Noreg brukar tilsaman 1 300 000 000 (1,3 TWh) pr år

Treng du sparedusj?! Kor mykje varmt vatn brukar du eigentleg kvar gong du dusjar? Nokon dusjar brukar alt for mykje vatn. Vi blir ikkje reinare av det, vi berre sløser med energi. Det går an å ha sparedusj som gjer at du brukar mindre varmt vatn når du dusjar. Og brukar du mindre varmt vatn, treng du og mindre energi til å varme opp vatnet. Sjå etter energimerking! Nokre elektriske apparat har eit energimerke. Det gjeld oppvaskmaskiner, vaskemaskiner, tørketromlar, kjøleskap og frysarar. Energimerket fortel noko om kor mykje energi apparatet brukar. Merka heiter A++, A+, B, C, D, E, F og G. Det beste er A++, og vi seier at det er mest energieffektivt. Oppdrag Finn ut om du bør bytte dusjhovudet heime. Du treng ei bøtte som du tar med deg i dusjen. Kor lang tid brukar du på å fylle bøtta? Dersom du brukar 30 sekund, brukar dusjen din alt for mykje vatn! Dersom du brukar 1 minutt, brukar dusjen din passe med vatn. Kor lang tid brukar du på å fylle ei bøtte vatn i dusjen? Noter tida Oppdrag Spør ein vaksen om hjelp til å finne ut kva for energimerking de har på slike apparat. Dersom de skal kjøpe nytt snart, så hugs og fortel kva for merking som er best. Men, hugs at det kostar mykje energi å lage nye elektriske apparat, så de skal ikkje kaste ut gamle gode apparat sjølv om dei brukar mykje energi. Men når de likevel skal kjøpe nytt utstyr, er det viktig å velje utstyr med energimerket. Har du lyst på eit Regnmakerdiplom? Be læraren din om å rapportere Regnmakeraktiviteten på internett. Kor mange sparepærer finn du? Ei vanleg lyspære lagar ganske mykje varme. Derfor brukar den energi både til å lage varme og til å få det lyst. Ei sparepære lagar mykje lys og lite varme, derfor er det lurt å bruke sparepærer. Lysrør brukar og lite energi, mens halogenpærer Kor finn eg energimerkinga? 38 brukar ganske mykje. 39 Oppdrag Finn ut kor mange lyskjelder de har heime hos deg. Spør dei vaksne om hjelp. Kjøkken Stue Bad Gang Soverom Ute Sum Sparepærer Glødepærer Halogenpærer Lysrør Spør dei vaksne om de kan skifte til sparepærer om de ikkje har det allereie. I tillegg kan du fortelje kva for lys som brukar mykje energi, og få ALLE til å slå av lys i rom som ikkje brukast! PS: Fortel at de sparar ca. 140 pr år for kvar glødelampe som skiftast ut med sparepære.

Regnmakeraktivitet nr. 4 Energibruk og -forsyning på skolen og i kommunen Kor kjem varmen i klasserommet frå? Kven leverer elektrisitet så det blir lyst? 40 41 Veit de om skolen brukar fornybar energi? Produserast det energi i kommunen din? Korleis er den energien produsert? Har du lyst på eit Regnmakerdiplom? Be læraren din om å rapportere Regnmakeraktiviteten på internett.

Regnmakeraktivitet nr. 5 3. Flåte på hjul ENERGIKAMPEN og energikjeder Her kan de teikne eller skrive ned energikjeder frå aktivitetar de gjorde på Energikampen. Skriv og energiord under. 1. Vektstanglabyrint 4. Spiral 42 43 2. Vinderløype 5. Kjempesprettert Har du lyst på eit Regnmakerdiplom? Be læraren din om å rapportere Regnmakeraktiviteten på internett.

Skolen din har bestemt seg for å bli ein Regnmakerskole. Det betyr at du blir ein Regnmaker! Regnmakerne er opptatt av miljøet på jorda. Dei får menneska til å bruke mindre energi, og dei vil at vi skal bruke fornybar energi i staden for ikkje-fornybar energi. Regnmakerne vil og at alle barn skal kunne mykje om energi og klima, og dei er overbevist om at det går an å ha det morosamt og samtidig lære om energi. Regnmakerne har ein årleg Vennergidag, ein internasjonal Energikamp, eiga webside, og dei dukkar opp i TV og andre stader i samfunnet. Og no har dei altså dukka opp på din skole. I dette heftet lærer du om energi og fornybare energikjelder, og du kan gjere Regnmakeroppgåver og spele spel. På internett finn du og masse Regnmakerstoff! Gå inn på www.regnmakerne.no her kan du sjå energiske nyheiter, sjå små filmar om korleis ting verkar, finne byggjeoppskrifter og mykje, mykje meir! scanpartner.no 0688 Illustrsjoner: Lars Hegdal, Luca Petric Foto: Enova 219