Infoskriv frå Norsk Langeleikforum



Like dokumenter
Infoskriv frå Norsk Langeleikforum. NLF gratulerer Elisabeth Kværne med Rff-prisen 2012!

Infoskriv nr 2 frå Norsk Langeleikforum september Heimeside

Med røter i fortida står du rusta for å møte framtida

Årsmelding for år (Endringar / tillegg frå årsmøtet 14.mars 2013 er innarbeida)

MEDLEMSINFO. august 2009

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Referat frå årsmøte i Silda Velforening påskeafta,

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Olav L. Mjelva, Tove Leinslie, Thor Hauknes 3.

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo 25. februar 2014 i Lagsrommet, Rosenkrantz gate 8 kl. 19

MEDLEMSINFO. april 09

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

august 2013 NESETDAGANE.

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Hei alle sjøstjerneforeldre

Sakspapirer for. Årsmøte. Gudbrandsdal Folkemusikklag Laurdag 6. april 2019 Utgard fleirbrukshall, Lom

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar Ellen Persvold, Olav Luksengård Mjelva, Jan Heier, Hilde Reitan

DIS- Sogn og Fjordane

FolkOrg Møte 2012/06 Styret

ÅRSMELDING 2012 \ BJØRKEDAL KYSTLAG

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Stor musikkhelg og årsmøte i Oslo

Stemnehandboka for NKSF

Interesselaget for farga spælsau

Referat. DEN NORSKE KYRKJA Fitjar sokn. Utval: Fitjar sokneråd Møtestad: Kyrkjestova Dato: Torsdag 21. mars 2019 Tid: Møtenr.: Kl. 18.

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar, Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Olav Luksengård Mjelva, Tove Leinslie, 1.

Ungdomsrådet sine tre politikarkontaktar har møtt når dei har hatt høve til det.

ÅRSMELDING Avdelinga sitt 89. år

SØKNAD OM STØTTE TIL MUSIKALEN OLIVER

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Hilde Reitan, Tove Leinslie

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Årsmelding for Jostedal spel- og dansarlag for året 2011

Månadsbrev for Rosa september 2014

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

ÅRSMELDING FOR RADØY SAU OG GEIT Leiar Kåre Hole * Nestleiar ; Ivar Soltveit * Skrivar ; Erna Tunsberg Erstad

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

REFERAT FRÅ STYREMØTE Bogstad gård

Referat frå Soknerådsmøte 17.oktober 2013

Til deg som bur i fosterheim år

Årsmelding Samlagsstyret har vore: Jostein Bjørke, leiar Nils Gunvald Hamre, Røldal nestl. og leiar i Ungdomsutvalet Vara.

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Motivasjon, samarbeid, kommunikasjon

Låt o Link. Medlemsblad for Valdres Folkemusikklag

Bygdelagsdag 3. juni og friluftsteater i sikte

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Årsmøte i Stokkenes Golfpark BA,

Møteprotokoll for møte i

Resultater for laurdag

Soknerådsmøte FOK 14. november 2013

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Sommeravslutning på fjorden i herlig sommervær!

Kap 1 Innleiande fastsettingar

Peder Rygg Drønen møter som fast vara. Andre varamedlemer møter kun etter særskild innkalling. Vara for soknepresten Kyrkjeverje

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

FolkOrg Styremøte 2010/01 REFERAT

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo

Infoskriv frå Norsk Langeleikforum

Nytt HFK Intranett

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Innkalling til årsmøte i Osterøy Sau og Geit 2012

IKT-kompetanse for øvingsskular

HAGESELSKAPET SOGN OG FJORDANE

Følg med meir om Strunkeveko 2004 side 4.

Demens i familien. Demenskonferansen mars 2015 Quality hotel Waterfront Ålesund. Førstelektor Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Prosjektplan for Inn på tunet-løftet for Hallingdal

MØTEPROTOKOLL. Os eldreråd. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 17.00

Referat frå Årsmøte i Flåm Musikklag Laurdag på Holo Gardstun

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Heilårsbruk av hus på gard og i grend

Referat frå årsmøte i Jotunfjell Fjordane EHK, Vågå Hotell 13.februar 2010.

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

MILLIONSTØTTE TIL JÆRMUSEET

INNKALLING TIL STYREMØTE nr 3/18 i 4H Hordaland

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Referat frå årsmøte i Haugaland Golfklubb Søndag 30. januar 2011 kl 18:00

Transkript:

Infoskriv frå Norsk Langeleikforum Nr. 6 Juli 2012 Årgang 3 NLF gratulerer vinnarane av langeleikklassane på landskappleiken 2012! Resultatliste for langeleik senior Resultatliste for langeleik junior 1. Solveig Vatn Weisser, Valdreskvelven 2. Helga Springgard, Ål 3. Kristin Lie, Øystre Slidre 1.Knut Aastad Bråten, Vårflaumen 2.Anders Røine, Bøheringen 2.Marit Steinsrud, Gjøvik 4.Lise L. Brennhagen, Vårflaumen 5.Turid Berge Endrerud, Gjøvik 6.Stein Villa, Gjøvik Årsmøtet med arbeidsplan Minneord Petter Hasvoldseter Med Røter i Fortida er du rusta for Framtida Aktivitetar vidare framover Smånytt og låttestev

Leiaren har ordet: Gode langeleikvener! Sommar og kappleik høyrer saman! I alle fall fekk vi ein smak av sommaren vi som var på Otta på Landskappleik i helga. Og publikum i klassen for langeleik fekk oppleva ein svært variert konsert under tevlinga, med stødig tradisjonsspel, skeive skalaer, sang til langeleikspelet, mollstemte tonar og nye? slagmønster på langeleiken! Ikkje lett å vera dommararar, men det er flott å få synt fram det store spekteret som langeleiken har. Og kanskje kan dette vera til inspirasjon og rekruttering, og til å vera med på kappleikane. Neste år håpar eg at FolkOrg har revidert kappleiføresegnene sine slik at vi får att klassen for lagspel langeleik, den er viktig for mange i langeleikmiljøet som ikkje har lyst til å spele som soloutøvar! I tida framover er det mange hendingar til inspirasjon og glede: Kurs på Jørn Hilme for nybyrjarar og samling med fokus på låttar etter Berit på Pynte, seminar på Valdres folkemuseum om møte mellom folketonesamlaren L.M.Lindemann og Berit på Pynte, og Munnharpe- og langeleikfestival i Bø der tradisjonen frå Telemark er i fokus. Norsk langeleikforum syslar og med planer om ei helgesamling med instrumentbygging og speling seinhaustes. Heimesida vår blir oppdatert, så hald deg orientert og bli med! Elles er det mykje spanande å finne på internett av bilder og anna stoff om langeleiken. Og har du innspel til forumet, så send oss gjerne ein e-post, vi vil gjerne ha ein dialog med medlemene våre! God sommar! Helsing styret v/marit Steinsrud

Årsmøtet 2012 Årsmøtet til NLF vart avvikla på Gjøvik den 28. januar 2012. Det møtte fram 12 medlemer på møtet. Det nye styret vart sett saman slik: Leiar: Marit Steinsrud leiaren er vald for 1 år Kasserar: Turid Berge vald for 2 år Skrivar: Gunvor Hegge sit over frå førre val 1 år til Styremedlem: Sigurd Braathen vald for 2 år Styremedlem: Lise Lunde Brennhagen sit over frå førre val 1 år til Varamedlem: Kari Steinsrud vald for 1 år Varamedlem: Elisabeth Kværne vald for 1 år Varamedlem: Kari Lønnestad vald for 1 år Revisor: Håkon Berge styret får i oppdrag å utnemne revisor Valkomité: Svein Arne Mæhlum sit i 1 år til Kenneth Lien sit i 2 år til Gyda Grøndalen Hoffmann vald for 3 år Styret: Frå venstre: Marit Steinsrud, Lise Lunde Brennhagen, Sigurd Braathen, Gunvor Hegge og Turid Berge Endrerud Årsmeldinga for 2011 viser at NLF er godt i gang med arbeidet med å byggje ein ny organisasjon. Vi har jamlege styremøte, og ved årsmøtet var det 37 betalande medlemer. Av aktivitetar i meldingsåret kan nemnast Munnharpe- og langeleikfestivalen som vart avvikla i Ål. Referat frå denne stod i førre nummer av Snerten.

Det har vore to samlingar med låttebyte, og forumet var sentralt med i arbeidet med CD-utgjevinga med langeleiklåttar med Olav Snortheim som kom i fjor sumar. Medlemsbladet Snerten kom ut med tre nummer i fjor. Vi har ei heimeside under utarbeiding, og vi har ei facebook-side. Utfordringa vår er å få ut informasjon til dei som måtte vera interesserte i arbeidet vårt, og dernest få fleire medlemer. Vi oppfordrar difor alle om å vera med å spreie informasjon og oppmode interesserte om å melde seg inn i forumet. Fleire medlemmer gjer oss sterkare. Arbeidsplan 2012-2015 Arbeidsprogram 2012 Ansvar Tek til Drifte Norsk langeleikforum Drifte forumet i samsvar med vedtektene Utarbeide budsjett: Søke pengar og syte for god budsjettstyring Ajourføre medlemsregister kasseraren sitt ansvar Aktiv medlemsverving Drive informasjonsarbeid Utarbeide foldar Utarbeide logo Lage medlemsskriv to gonger i året, eitt om hausten og eitt om våren Vidareutvikle internettsider Oppdatere facebook-sida jamleg Drive samlingar/kurs Samling i Valdres som markering av Berit på Pynte 200 år Vidareutvikle samarbeidet med andre organisasjonar Motivere til vekst Norsk langeleikforum skal motivere til deltaking på kappleikar, konsertar og elles gjere langeleiken synleg i det offentlege Utarbeide pedagogisk materiell Stimulere til bygging av instrument rommet NLF arbeider vidare med å utarbeide pedagogisk materiell og søkjer om midlar til dette Setja av midlar til eit fond som mellom anna kan gå til utdanning, kursing, utgifter i samband med instrumentmaking o.a. Arkiv I samarbeid med folkemusikkarkiva, bidra med innsamling, dokumentasjon og registrering av skrifteleg og munnleg materiale om langeleiken Skaffe oversikt over tilgjengelege instrument til utlån og sal i samarbeid med arkivet ved Valdres Folkemuseum Vere høyringsinstans Vere høyringsinstans i aktuelle folkemusikkpolitiske saker Delta på årsmøte til folkorg, lokale og regionale folkemusikklag Internasjonalt samarbeid Norsk langeleikforum skal samarbeide med personar og organisasjonar i andre land Styret Kontinuerlig Kontinuerleg Sommaren 2012 Kontinuerlig Kontinuerlig Kontinuerleg

Minneord Petter B. Hasvoldseter (1928 2012) Tradisjonsbæreren, langeleikspilleren, arbeidskaren, humoristen og vår gode venn Petter Hasvoldseter gikk bort lørdag 10.mars 2012 nær 84 år gammel. Med Petter sin bortgang har Gjøvik spelmannslag og tradisjonsmusikkmiljøet i Norge mista en av sine viktigste kilder og tradisjonsbærere på langeleik. I 1979 begynte Gjøvik spelmannslag sin innsamling av tradisjonsmusikk i distriktet, og et besøk hjemme hos Petter på garden i Vibergsroa førte til at europeisk musikkhistorie måtte skrives om! Der hadde Petter en langeleik med årstallet 1524 innskåret i treverket. Langeleiken var stemt og bar alle preg av å være i bruk, og den hadde vært i familien i generasjoner. Med Petter sine arbeidsnever, store, grove og sterke, var det forunderlig at han kunne få fram slike vare, fine toner i langeleiken. Han hadde sine tradisjoner fra faren og tantene, og var ved siden av Hallvard Rudsengen, den eneste i distriktet som hadde langeleikspillet i levende tradisjon. Men Petter måtte ofte nødes til å spille, han var beskjeden på egne vegne. Gjennom mange år ble det utallige opptredener med langeleiken, både på kappleiker, konserter og i programmer på radio og TV. Petter Hasvoldseter ble møtt med stor respekt i resten av folkemusikkmiljøet, både på grunn av sin tradisjon, men også på grunn av sin naturlige væremåte og gode replikk. Et sitat fra Terje Vigen: Til pigene havde han skæmtsomme ord beskriver også godt Petter sin humor. Han var med i langeleikgruppa fra starten og var i alle år med på å inspirere og berike miljøet i spelmannslaget med sin arbeidsinnsats og lune humor. For sin mangeårige innsats ble han derfor utnevnt til æresmedlem i Gjøvik spelmannslag i 1994. Petter tilførte langeleikmiljøet i Norge noe nytt, både musikalsk og med sin væremåte. Han formidla en kulturarv som for han var en naturlig del av dagliglivet.

Han var også en ivrig danser, masurka var en av favorittene og dansegleden var stor. Det var ofte en ekstra snert i rundsnuen når Petter svingte seg på golvet, enten det var på stuegolvet hjemme med Gudveig eller på kappleik. Gjøvik spelmannslag vil få takke for at vi fikk kjenne Petter og hans gjestfrie familie. Takk for gode toner, godt vennskap og alle minner. Hvil i fred. Gjøvik spelmannslag v/ Marit Steinsrud Med Røter i Fortida er du rusta for Framtida Øystre Slidre kulturskule sitt prosjekt Med Røter i Fortida er du rusta for Framtida har frå Sparebankstiftlesen DNB Nor motteke 120 000,- til innkjøp av 10 langeleikar. Kulturskulen ynskjer å kjøpe gode langeleikar som har vore brukt tidlegare. Viken, Forberg o.a. Prosjektet jobbar for å styrke folkemusikk og folkelege tradisjonar i Valdres, og har vore i drift i eitt år. Dans, spel, song, handverk er stikkord for prosjektet. Kari O. Hålien er prosjektleiar. Gyda G. Hoffmann har vore med å leie prosjektet saman med mange dyktige tradisjonsbærarar i Valdres. Ta kontakt med oss om du har ein brukbar langeleik du vil selja til kulturskulen. Unge aktørar i sving i Øystre Slidre saman med Gyda Grøndalen Hoffmann

Aktivitetar framover Ei musikalsk reise gjennom 100 år - I Heilage Rom 31.august - 2.september legg Gyda Grøndalen Hoffmann, Ole og Knut Aastad Bråten ut på ein konsertturne til Vestlandet. Konserten er tinga av Fortidsminneforeininga og går føre seg i tre stavkyrkjer. Det blir fleirstemt song, langeleik, lyre og kankles, gregoriansk song, religiøse folketonar, balladar, slåttar m.m. Tonefangst I samband med 200- årsmarkeringane av Ludvig Mathias Lindeman og Berit på Pynte, båe fødde i 1812, inviterer Valdresmusea til jubileumsseminar på Valdres Folkemuseum 13. og 14. september 2012. Frå ulike faglege ståstader ynskjer Valdresmusea å sjå nærare på møta mellom dei småe og dei store kulturtradisjonen i Noreg, på midten av 1800-talet. Impulsar på vandring og Berit på Pynte Norges bedste harpespillerske er to av foredraga under seminaret. For program og meir utfyllande info sjå heimesida vår eller valdresmusea.no Munnharpe- og langleikfestival 21. 23. september blir det arrangert munnharpe- og langeleikfestival i Bø i Telemark. Dette er eit samarbeid mellom Norsk munnharpeforum og Norsk langeleikforum. Her blir det foredrag, kurs og konsertar med munnharpe og langeleik. Gøril Ramo Håve, Kari Lønnestad og Sigurd Braathen skal halde kurs i langeleikspel, medan Anders og Niels Røine vil prate om capobruk på langeleiken. Svein Westad trakterer begge instrumenta og er årets festivalmusikar. Han vil halde konserten Fra vest til øst med munnharpe og langeleik laurdagskvelden, og Anders Røine spelar og fortel om felelåttar overført frå fele til munnharpe og langeleik. Set av datoen og fylg med på heimesida for meir informasjon om påmelding og overnatting.

Smånytt: - Mange unge langeleikspelarar får sjansen til å bidra på flotte konsertar under Valdres Sommersymfoni. I år har Borghild Dalbø, Anne og Astrid Hamre delteke med fine innslag i Øystre og Vestre Slidre. - NLF saman med Gjøvik spelemannslag har sendt brev til folgorg med sterk oppfordring til å ta opp att tevlingsreglementet til ny vurdering for å få inn att lagspel i langeleik Dagens låttestev: O inkji æ e nokon raklekjølke, o inkji æ e so langt i frå, inkji æ e nokon fylletave, o inkji æ e so langt i frå men e vera med dei heno følke, o e lyt gå ner dei andre gå. Sudiuddim da... Ein raklekjølke er ein som går frå eitt til hitt og ikkje blir ferdig med noko. Låttestev til springaren Raklekjølkin. Etter fleire, nedskrive i boka Anna, tradisjonssong frå Valdres Heimeside er under utarbeiding: www.langeleikforum.no Etter O.O.Windingstad Frå Tidsskrift for Kontakt Valdres oss Historielag gjerne! 1964 artikkel av Nils Hovi. langeleikforum@gmail.com Denne stubben søng ho Mormor Marit Veltun ner nokon tå uss ungo vart lite tøta o atale, o dæ jorde kji tøte noko mindre! Æ dæ nokon so kan siste veke Styret i Norsk Langeleikforum 2012 Leiar: Marit Steinsrud Odnesvegen 561 2822 BYBRUA Tlf 41 20 29 84 Kasserar: Turid Berge Endrerud Granstien 40 2817 GJØVIK Tlf 934 52 808 Sekretær: Gunvor Hegge Bygdinvegen 2722 2950 SKAMMESTEIN Tlf 907 40 702 Styremedlem Sigurd Braathen Oskars gate 64 E, 1706 Sarpsborg Tlf 951 72 708 Styremedlem Lise Lunde Brennhagen Tingnesveien 2900 FAGERNES Tlf 920 99 521