ARBEIDSMILJØ FOR TILSETTE I STO-GRUPPER



Like dokumenter
Handlingsplan. April 2006

Vald og trusselhandlingar mot tilsette i skolen førebygging og oppfølging

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Til deg som bur i fosterheim år

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Plan for overgangar. for barn og unge

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage


på vegne av barn og unge

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

Prosedyrar og rettleiar for NSSU

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Saksframlegg. Orientering om Kompetansesenteret og søknad om regionale utviklingsmidlar til Ny GIV-tiltak ved Kompetansesenteret

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Lønnsundersøkinga for 2014

Retten til spesialundervisning

Balestrand kommune Sagatun skule

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune Vedteke av kommunestyret

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: Fra: Britt Vikane Referanse: 15/ Kopi:

Sjukefråvær i den vidaregåande skulen - framlegg til handlingsplan for å førebyggje og redusere

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Tilgangskontroll i arbeidslivet

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

IKT-kompetanse for øvingsskular

Elev- og lærlingombod i HFK

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

RETTLEIAR TIL UTFYLLING AV ENKELTVEDTAKET

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0013/03 03/00171 POLITISK KVARTER PERSONAL-OG LØNSUTVALET

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Handlingsplikta Opplæringslova 9a 3 andre ledd

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

SPESIALUNDERVISNING. Presisering av opplæringslova 5-1 til 5-6 og 4A-2, gjeldande rutinar og ansvarsforhold i Volda kommune.

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Samarbeidsavtale mellom Hordaland fylkeskommune og NAV Hordaland om oppfølging av ungdom med lovfesta rett til vidaregåande opplæring

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Rapport om bruk av vikarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015

10/60-14/N-211//AMS

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert

Øystese barneskule April - 08

Melding til fylkeskommunen om elevar etter 6-17 Fortrinnsrett for søkjarar med sterkt nedsett funksjonsevne

Handlingsplan for skule Fokusområde Formulert som målbare mål Tiltak Ansvar og tid BRUKARAR

Ny Øyra skule. Pedagogisk plattform

Reglar for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg

Kvalitetsplan mot mobbing

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Med god informasjon i bagasjen

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Merknader til Rapport av frå nedsett komitè om Grendaskular i Balestrand

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

Rutinar for intern varsling i Hordaland fylkeskommune

Sak Innhald Ansvar 1. Konstituering av styret

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Rådgjevarkonferanse 2009

Handlingsprogram og økonomiplan

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

Norddal kommune Personalpolitiske retningsliner

av pilotprosjektet Psykologteamet «Bedre balanse mellom tilbud og etterspørsel av Regionalt utviklingsprosjekt

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Transkript:

ARBEIDSMILJØ FOR TILSETTE I STO-GRUPPER Rapport frå prosjektgruppa Arbeidsgjevaransvar for tilsette i grupper med særskilt tilpassa opplæring Desember 2005

ARBEIDSMILJØ FOR TILSETTE I STO-GRUPPER Rapport frå prosjektgruppa Arbeidsgjevaransvar for tilsette i grupper med kvardagsliv/arbeidslivstrening Desember 2005 INNHALD 1.0 Innleiing s. 2 2.0 Samandrag og konklusjon s. 4 3.0 Rammer for arbeidet 3.1 Organisering s. 6 3.2 Bygg og anlegg s. 7 3.3 Ressursar s. 8 4.0 Lovverk 4.1 Bruk av tvang s. 9 4.2 Medisinutdeling og andre helsetenester s. 11 5.0 Kompetanse 5.1 Læreplanar s. 11 5.2 Etter- og vidareutdanning s. 11 5.3 Kunnskapsløftet s. 12 5.4 Evaluering s. 12 6.0 Internkontroll hmt 6.1 Skadar s. 13 6.2 Vaksinering s. 14 7.0 Samarbeid 7.1 Informasjon s. 14 7.2 Nettverk s. 15 7.1 Synlege og verdfulle arbeidstakarar? s. 15 8.0 Assistentane sin arbeidssituasjon s. 16 9.0 Vedlegg I. Samandrag av spørjeundersøking alle skular s. 18 II. Samandrag av telefonintervju med personalansvarleg på 7 skular s. 19 III.Samandrag av nærværeundersøkinga til dei tilsette i STO-gruppene s. 23 1

1.0 INNLEIING Bakgrunn HMT-tenesta og fylkeshovudverneombod i HFK har lenge motteke bekymringsmeldingar om skader og sjukdom som følgje av arbeid i grupper med kvardagsliv- /arbeidslivstrening i vidaregåande skule. Når dokumentasjon er etterspurd, viser det seg at det er vanskeleg å legge fram skaderapportering og fråværestatistikk for personalet som arbeider i gruppene. Sjukefråværet for assistentar i vidaregåande skule er høgare enn det gjennomsnittlege sjukefråvere i fylkeskommunen. Dei aller fleste assistentane i fylkeskommunen arbeider i desse gruppene. Elevane sin rett til å ta del i det ordinære skuletilbodet er politisk fatta på overordna nivå og heimla i Opplæringslova. Korleis ein skal førebyggje at nokon får skadar, korleis ein organiserar og følgjer opp dei som arbeider i slike grupper, er Hordaland fylkeskommune sitt arbeidsgjevaransvar. Definisjon og avgrensing STO-grupper: Omgrepet vert heretter brukt om grupper med redusert elevtal som er knytta til kvardagslivstrening og arbeidslivstrening. Dei fleste elevane er funksjonshemma. Prosjektgruppa har avgrensa arbeidet sitt til å omfatte personalet som har 50% eller meir av arbeidet i STO-gruppene. Problemstillingar Arbeidshypotesen har vore at arbeidstilhøva for tilsette i STO-grupper set særlege krav til arbeidsgjevar. Dette gjeld krav om å førebyggje skadar og fysisk og psykisk slitasje, og krav til å følgje opp tilsette når skade har skjedd. Desse problemstillingane har vore utgangspunkt for arbeidet: Kva for rapporteringsrutinar og system for skademelding har skulen, og korleis blir systemet følgd opp? Kva blir gjort for å førebyggje skadar? Korleis er arbeidet organisert når skade skjer? Kor stort er sjukefråværet for lærarar og assistentar i STO-gruppene? Er det fleire arbeidstakarar i STO-gruppene som førtidspensjonerar seg samanlikna med dei som arbeider i andre grupper? Kva er turn-over for lærarar og assistentar? Har arbeidsgjevar sytt for at dei tilsette har tilstrekkeleg kompetanse til å møte den einskilde elev? Kva slags etterutdanning får dei tilsette og korleis vert dei følgd opp? Kva for nettverk er det for fagleg samarbeid, erfaringsutveksling og utvikling? Prosjektforankring og mandat I eit møte på Opplæringsavdelinga 14.02.05, kom HMT-leiar og leiar for OT/PPT med eit framlegg om å opprette ei prosjektgruppe som skulle sjå på arbeidstilhøva for tilsette i STO-grupper. Leiargruppa i Opplæringsavdelinga slutta seg til dette. Prosjektgruppa Arbeidsgjevaransvar i klasser med redusert elevtal vart oppretta med dette mandatet. Gruppa skal: Gjere greie for situasjonen i dag Tilrå endringar som kan betre situasjonen 2

Rapporten skal leggjast fram for leiarmøtet i Opplæringsavdelinga, Administrasjonsutvalet/Utvalet for opplæring og helse og Hovudarbeidsmiljøutvalet (HAMU). Prosjektgruppa Prosjektgruppa vart samansett slik: Prosjektleiar: HMT-leiar Ruth Brudvik Fylkeshovudverneombod Astrid Haugland Opplæringsavdelinga: Janne Lisen R. Strøm Personalavdelinga: Kristin Høines Rektor Aud Eva Bjørdal, Laksevåg vgs OT/PPT: Anne K. Hjermann Fagforbundet: Sissel F. Reigstad, Åsane vgs. Utdanningsforbundet: Grethe Teigland, Årstad vgs, Arbeidsform Gruppa har hatt ni møte sidan oppstart 8. mars. I møtet 15. mars vitja prosjektgruppa Laksevåg vgs. Der fekk gruppa sjå litt av opplæringa i STO-gruppene og ha møte med nokre av dei tilsette og administrasjonsansvarleg for opplæringa. Prosjektgruppa har utarbeida tre spørjeundersøkingar: 1. Generell spørjeundersøking sendt til alle skular med STO-grupper. Tema: Info om tal på elevar, STO-grupper og tilsette. Ressursbruk, sjukefråvær, skaderapportering og arbeidsmiljøkartlegging. 19 av dei 20 skulane svarte på undersøkinga. (Vedlegg 1) 2. Oppføljande telefonintervju med personalleiarane på 7 av skulane. Tema: Det fysiske arbeidsmiljøet, organisering av undervisninga, gjennomtrekk i personalgruppa, medverknad, haldningar, kompetanse, etterutdanning og nettverk. Svara blei samanfatta og samla i ein rapport. (Vedlegg 2) 3. Nærværeundersøking sendt til personalet i STO-gruppene. Målet med undersøkinga var å få ei tilbakemelding om korleis dei tilsette sjølv opplever arbeidsmiljøet. Vi stilte spørsmål om trivnad og kompetanse, og om dei hadde tilrådingar til forbetringar i arbeidsmiljøet. Vi fekk tilbake 96 svar frå 18 av skulane. Kommentarane frå dei tilsette var omfattande. Svara blei samanfatta og samla i ein rapport (Vedlegg 3) Følgjande lovar og planverk gir arbeidsmiljømessige føringar for denne gruppa tilsette: Arbeidsmiljølova, Opplæringslova, Spesialpedagogisk plan for Hordaland, Kunnskapsløftet: Strategisk plan for kompetanseutvikling, vidaregåande opplæring 2005 2008 og Tiltaksplan 2005. Karl Inge Nygård, Juridisk seksjon, har ytt juridisk rådgjeving i høve dei juridiske rammene for arbeidet med elevgruppa. Prosjektet sine avgrensingar Det blei tidleg klårt at det ville bli vanskeleg å finne svar på einskilde av problemstillingane våre: Sjukefråværet i skulesektoren i HFK blir registrert på yrkesgruppe og skule. Sjukefråværet for lærarar og assistentar i STO-gruppene vert ikkje skilt særskilt ut. Det er dermed vanskeleg å seie om personalet i STO-gruppene har høgare sjukefråvær enn dei som arbeider i andre grupper. Det er ikkje utarbeidd rutinar i HFK som sikrar at det vert registrert kva som er åraken til at tilsette sluttar, og kva ytingar dei eventuelt går til. Avgang til uføretrygd og førtidspensjonering vert i dag ikkje systematisk registrert. 3

Det er per i dag ikkje rutinar for å registrere korleis personalsituasjonen og opplæringa er organisert når skader oppstår. 2.0 SAMANDRAG OG KONKLUSJON Arbeidshypotesen til prosjektgruppa har vore at den vedtekne inkluderinga av STOgrupper i skulane i HFK set særlege krav til arbeidsgjevar for å sikre eit trygt og godt arbeidsmiljø for dei tilsette. Ut frå uromeldingar til HMT-tenesta og fylkeshovudverneombodet, samstundes som statistikken for sjukefråvær synte høgare fråvær for assistentgruppa, var det grunn til å undersøke i kva grad HFK som arbeidsgjevar tek ansvaret sitt på dette området alvorleg. Fleire delar av lovverket som Opplæringslova, ulike forskrifter samt Spesialpedagogisk plan for HFK set krav til arbeidsgjevar om tilrettelegging av arbeidet med denne elevgruppa. Når det gjeld arbeidsmiljøtilhøve for dei tilsette, set arbeidsmiljølova dei mest spesifiserte krava. Arbeidsmiljølova slår fast at vi skal ha eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø og ta omsyn til arbeidstakarane si fysiske og psykiske helse. 1 Arbeidstakarane som blir eksponert for helsefarar som er knytt til arbeidet, skal ha naudsynt opplæring. I den nye arbeidsmiljølova er det sett inn eit nytt punkt i høve psykososialt arbeidsmiljø 2 som seier at arbeidstakarane skal beskyttes mot vold, trusler og uheldige belastninger som følge av kontakt med andre og ikke utsettes for trakassering og annen utilbørlig opptreden. Det vil seie at arbeidsgjevar må organisere arbeidet slik at arbeidstakarane så langt råd er får skydd mot å bli eksponert for slike negative arbeidsmiljøfaktorar. Lova seier og at arbeidsmiljøutvala skal følgje opp skaderapportering systematisk for å førebygge og hindre gjentaking 3. Førebygging har som før ein sentral plass i lova. Basert på informasjonen vi fekk gjennom tre spørjeundersøkingar og på erfaringa til medlemmane i prosjektgruppa, har vi gjort desse hovudfunna og gitt tilrådingar for å førebyggje skader og for å betre og tryggje arbeidssituasjonen: Manglar i lovverket: I arbeidet med enkelte krevjande og utagerande elevar blir dei tilsette stilt overfor spørsmålet om i kva grad dei har høve til å bruke tvang. Opplæringslova gir ikkje føringar i dette tilfellet. Fleire av elevane i STO-gruppene skal ha medisinar og får helsetenester som t.d. sondemating i skuletida. Det er ikkje eigne lover og retningsliner for dette føremålet. Vår tilråding er at HFK må ta initiativ til avklaring av lov og regelverk frå Kunnskapsdepartementet. HFK må utarbeide retningsliner og gje dei tilsette naudsynt opplæring. Bruk av naudrett og naudverje må arbeidast inn i avviksmeldingssystemet i HFK Ufullstendig skaderapportering HFK har til no ikkje hatt skaderapportering på konsernnivå. Slik rapportering er under innføring og innarbeiding i Internkontrollsystemt. Men det er stor skilnad på korleis og i 1 Ny arbeidsmiljølov, 4-1, 4-2 2 Ny AML, 4-3, 4-4 3 Ny AML, 7-4 4

kva for omfang skulane følgjer opp skaderapporteringa. Prosjektgruppa har sakleg grunn til å tru at det faktisk skjer ei underrapportering av skadar. Vår tilråding er å påleggje skulane å risikovurdere arbeidet med utagerande elevar og gje tilbod til alle tilsette i STO-gruppene om kurs i Meistring av truslar og vald. Ikkje tilbod om smittevern Personalet i STO-gruppene er eksponert for hepatitt B - smitte gjennom bitt. Dei har difor rett til nødvendig smittevernhjelp. Vår tilråding er å gje alle som arbeider med denne elevgruppa tilbod om å gå inn i eit vaksinasjonsprogram. Knappe ressursar og mangelfull tryggleik Personalet i STO-gruppene er mest utsett for utagering ved skulestart. I dei første månadene av skuleåret opplever skulane at dei har behov for ekstra bemanning for å lette overgangen etter ferien/til ny skule for elevane. Nokre av skulane gjer om lærartimer til billegare assistentimer. Dette kan føre til fleire hender i det praktiske arbeidet med elevane og eit tryggare arbeidsmiljø. Samstudes kan det føre til ein meir byrdefull arbeidssituasjon for lærarane som får pedagogisk ansvar for fleire elevar og må vegleie fleire assistentar. Spørsmålet om omgjeringa kan vere eit dilemma for skulane. Assistentane har liten eller ingen ressurs for å delta i fellesmøte og aktivitet i arbeidstida. Vår tilråding er å styrke ressurstildelinga til arbeidet med denne elevgruppa. Lite tilbod om kompetanseheving Det er store ønskje om etterutdanning i både assistent- og lærargruppa. I høve til Kunnskapsløftet blir det også etterspurd tiltak for arbeidstakarane i STO-gruppene som lett kan drukne i prioriteringane til skulane. Vår tilråding er at Opplæringsavdelinga sikrer at personalet i STO-gruppene får ta del i kompetansehevinga i samband med Kunnskapsløftet. Dessutan bør HFK arrangere fleire fagkurs på fylkesnivå for denne gruppa. Usynlege i skulesamfunnet? Skulane har stor variasjon i kva grad dei integrerer denne elevgruppa i skulen sitt kvardagsliv og i bygningsmassen. Opplæringstilbodet til STO-gruppene blir ikkje nemnt på heimesidene til 1/3 av skulane. Få av dei tilsette i STO-gruppene har fått vore med på dei nasjonale evalueringane Elev- og Lærarinspektøren slik dei skal i høve forskriften 1 til Opplæringslova 2. Vår tilråding er å presentere opplæringstilbodet til STO-gruppene på heimesidene til alle skulane i HFK. Heile personalet må inkluderast i Læringslaben sine evalueringar i høve Forskrift til Opplæringslova. Vanskeleg å samarbeide På mange skular deltek personalet i STO-gruppene sjeldan på fellesmøte i skulen og i Ressursteama. I tillegg har 10 av skulane eit lite fagmiljø i og med at dei berre har ei STO- gruppe. OT/PPT har starta opp eit nettverk for STO-grupper i region Bergen Nord. Skulane blir invitert til møte om ulike tema. 1 2-2, 2-3 2 14-1 5

Vår tilråding er at når det er geografisk tilrådeleg, bør det vere minimum to, maksimum fem, STO-grupper på kvar skule. Personalet i STO-gruppene må delta i skulen sin øvrige drift og i det tverrfaglege samarbeidet. Opplæringsavdelinga og det regionale OT/PPT tek initiativ til å etablere nettverk i dei andre regionane. Ein løn til å leve av? Dei fleste av assistentane er tilsett i 80 prosent stilling, med i realiteten 71% løn, altså ei deltidsstilling 1. Dei er mellom dei lågast løna i skulen, kan vanskeleg leve av det dei tener, og pensjonen vert minimal. Vår tilråding er at HFK må arbeide for å kunne tilby stillingar med 100% løn til assistentar. KONKLUSJON Dei tilsette i STO-gruppene ga uttrykk for at dei stort sett trivst godt i arbeidet. Dette er det viktig å ta vare på og byggje vidare på. Spørjeundersøkinga syner og at HFK på ein del område ikkje følgjer opp krava som blir stilt til arbeidsgjevar i lovverket. Dette må rettast opp. Internkontrollsystemet HFK og andre prosedyrar/retningsliner må reviderast i tråd med dei tilrådingane som ligg i rapporten. HAMU og AMU i HFK må ha særleg fokus på denne gruppa tilsette i arbeidet med oppfølging av sjukefråvær, skaderapportering og førebyggjing. Ressurstildelinga til undervisninga i STO-gruppene må styrkast. Tilbodet om kompetanseoppbygging for denne personalgruppa må byggjast ut. HFK må og ta den etiske diskusjonen om vi skal halde fram med å tilby ei gruppe tilsette 80% deltidsstilling, og eventuelt kva vi kan gjere for å endre på det. 3.0 RAMMER FOR ARBEIDET I dei følgjande kapitla vil vi ta for oss ulike tilhøve som verkar inn på arbeidsmiljøet til dei tilsette. Kvart punkt vert avslutta med tilrådingar til kva ein kan gjere for å betre arbeidsmiljøet. 3.1 Organisering Hordaland fylkeskommune hadde skuleåret 2004/2005 omlag 150 elevar på tilrettelagt opplæring i STO-grupper. Elevane gjekk på 20 skular, fordelt på 38 grupper, kvar gruppe frå 1 til 6 elevar. Dei to største skulane, Årstad og Laksevåg, hadde 5 grupper kvar med meir enn 20 elevar. 10 av skulane hadde berre ei STO-gruppe. 58 lærarar og 71 assistentar hadde 50% eller meir av stillinga si i STO-grupper. Dei fleste assistentane hadde alt arbeidet sitt i disse gruppene, mens mange lærarar også arbeidde i andre grupper (klassar). Nærværeundersøkinga viste at trivnaden var stor: På ein skala frå 1 til 5 fekk vi eit snitt på 3,9 på spørsmålet om dei gler seg til å gå på jobb. Inntrykket av trivnad blir forsterka ved at personalleiarane i telefonintervjuet melder om lav turnover for personalet i desse gruppene. Personalet grunngir trivnaden med at arbeidet er utfordrande, meiningsfullt og variert. Gode kollegaer og god kontakt med elevgruppa blir òg nemnt. Ei ulempe mange nemner er imidlertid at fagmiljøet er lite, mange ønskjer eit større fagleg fellesskap. 1 Rundskriv HFK, PERSONAL 10/2005 6

Vurdering Tala viser at fagmiljøet er lite på dei fleste av skulane som har STO-grupper. På dei skulane som berre har ei STO-gruppe, er det vanlegvis berre 3 eller 4 tilsette (lærarar og assistentar) som har hovudtyngda av arbeidet sitt i gruppa. Det blir få å utveksle erfaringar med og å søkje råd hos. Med få klassar blir miljøet lett personavhengig og sårbart. Det er vanskelegare å få merksemd på dette arbeidsfeltet i skulen. Skulane kan i mindre grad lage fleksible timeplanløysingar, gruppeinndelingar og vikarordningar. Kostbare ombyggingar, dyrt spesialutstyr og spesialrom som til dømes stellerom, kjem færre elevar til gode. Men å samle alt for mange STO-gruppeelevar på same skule er ikkje tilrådeleg. Ein kan då få problem med å inkludere elevane i skulesamfunnet. Elevar i STO-grupper krev ei omfattande oppfølgjing og møteverksemd med eksterne etatar og faginstansar. I tråd med avtaleverket får skulane tildelt ein ekstra administrasjons-ressurs for kvar elev til dette arbeidet. På skular med få elevar er det ofte kontaktlærarane som har oppfølgjinga. På skular med mange elevar kan ein samle ressursen hjå ein i administrasjonen som, med monaleg tidsressurs, leier det faglege og administrative arbeidet. Slik blir det gjerne lettare å sikre kontinuitet og å vedlikehalde eit nettverk utanfor skulen. Tilråding: Der elevgrunnlaget gjer det mogeleg, bør Hordaland fylkeskommune leggje til rette for å samle opplæringa på færre skular. Det bør vere minimum to og maksimum fem STO-grupper på kvar skule. 3.2 Bygg og anlegg Forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular er ei forskrift til Helselova. Den set m.a. krav til areal og inneklima som må oppfyllast for at skulen skal verte godkjend. Alle skular skulle i utgangspunktet vere godkjent innan 1998. I Hordaland fylkeskommune er pr. juni 2005 berre 13 av i alt 47 skular godkjende. Årsaka til den manglande godkjenninga er hovudsakleg dårleg inneklima. Dei fleste fylkeskommunale skulane vart bygde i ei tid då det var vanleg å planleggje skular utifrå funksjonsfriske elevar (og tilsette.) Elevar med funksjonshemmingar blei sendt til spesialskular. Med integrering og nedlegging av spesialskulane starta arbeidet med å gjere alle skulane tilgjengelege og hensiktsmessige for alle elevar. Dette arbeidet går langsamt framover. Personalet får ekstra belastningar på skular som er lite tilrettelagt for funksjonshemma elevar. I nærværeundersøkinga kom det fram at dette var eit problem for mange. Tungvinte framkomstvegar, tronge lokale, tunge løft og mangel på lagerplass og spesialrom er kvardagen på mange skular. I telefonintervjuet seier dei fleste administrasjonsansvarlege seg nokonlunde nøgde med undervisningslokala til STO-gruppene. Det vart framheva at spesialklassane her var på line med dei ordinære klassane som heller ikkje har ideelle lokale. Dei fleste gav uttrykk for at når ein var villig til å ta ting over tid, fekk ein hjelp til utbetring og ombygging, men det kunne vere vanskelig å få til gode løysingar, spesielt i dei overfylte sentrale skulebygga. Ein skule gav klårt uttrykk for at undervisningslokala til STO-gruppene var sprengt og uroa seg for elevveksten komande skuleår. Alt i alt er det likevel ikkje tvil om at mange av skulane i Hordaland manglar areala og fasilitetane ein forventar moderne skulebygg skal ha til tilrettelagt opplæring. 7

På fylkestinget 8.juni 2005 blei det gjort vedtak om at Hordaland fylkeskommune skal arbeide for å nå FN sitt mål om eit tilgjengeleg samfunn for alle. Når den nye fylkesdelplanen for funksjonshemma blir ferdig handsama våren 2006, er det venta at fylkestinget vil vedta at alle nybygg skal ha universell utforming og at det skal skje ei gradvis opptrapping mot universell utforming av eksisterande fylkeskommunale bygg. NOU 2005:8, Likeverd og tilgjengelighet, er nyleg sendt ut på høyring. Blir lovforslaget vedtatt, må både bygg, produkt og tenester ha universell uforming. Lovforslaget legg opp til at alle nye bygg, anlegg og uteområde open for alle skal vere universelt utforma frå 1.januar 2009. For allereie ferdige anlegg er fristen 1. januar 2019. Brannvern Ei tilbakemelding frå nærværeundersøkinga gjaldt uro for brannvernet på arbeidsplassen. Når lokala og plasseringa i skulebygget ikkje er godt nok tilrettelagt, kan brannøvingar og evakuering i brannsituasjon vere ei utfordring. For at evakueringa skal gå fort nok treng ein gjerne ekstra personale for å leie og løfte elevar. Gjennom skuledagen flytter elevane seg mellom ulike lokale og i ulike grupper. Det kan vere vanskeleg å utarbeide beredskapsplanar som kan brukast i alle situasjonar og til alle tider av skuledagen. Tilråding: Det må setjast fortgang i arbeidet med å få godkjent alle skulebygg etter Forskrift for miljøretta helsevern i barnehagar og skular. Det må setjast i gang eit arbeid med å kartleggje og utbetre skulane i tråd med krava til universell utforming. Alle bygg på ein skule som har funksjonshemma elevar må tilretteleggast slik at dei er tilgjengelege for alle elevane. Alle skular må ha særleg fokus på STO-grupper når evakueringsrutinar vert utarbeidd. Ekstra brannøvingar må vurderast. 3.3 Ressursar Skulane får tildelt 34,5 t/v lærartime og 30 t/v assistenttimar til kvar 4-gruppe, uavhengig av kor mange elevar det er i gruppa. Elevane i STO-gruppene har vanlegvis 30 timar opplæring i veka. Dei overskytande lærartimane kan skulen nytte m.a. til to-lærarsystem eller veksle dei om til assistenttimar. Det er opp til skulane om dei vil supplere med ressursar frå skulen sin pott med støttetimar. Skulane får tildelt støttetimar på bakgrunn av kor mange grunnkurselevar den einskilde skule har, samt utifrå behov som skulen melder inn på einskilde elevar (i STO-grupper eller andre grupper/klassar) når inntaket er klart om våren. Ingen av støttetimane skulen får er øyremerkte einskildelevar og skulane kan disponere midlane slik dei sjølv meiner er riktig. Den einskilde skule gjer einskildvedtak for dei elevane som har rett til spesialundervisning. Støttetimane er gitt med ein fast timesats. Dersom personalet har lang utdanning og ansiennitet, dekker ikkje alltid timesatsane dei reelle lønskostnadene. I særlege høve kan skulane få timar ut over dette frå Opplæringsavdelinga, til vanleg gitt som assistenttimar. Vurdering Elevane i STO-gruppene arbeider etter individuell opplæringsplan (IOP) der opplæringa skal vere tilpassa den einskilde eleven. Elevane vil arbeide med ulike opplæringsmål ut frå eleven sine føresetnader for å lære. Elevar som har omfattande merksemd- og konsentrasjonsvanskar kan krevje eineundervisning. Andre har åtferd som av omsyn til andre sin læringssituasjon, ikkje kan delta i grupper. Dette gjer at ein må auke talet på 8

vaksne i gruppa. Ein måte å få fleire vaksne i gruppa, er å veksle dyre lærartimar om i billegare og fleire assistenttimar. Spørjeundersøkinga viser at det er store variasjonar mellom skulane i talet på lærarar og assistentar i gruppene. Dei store skilnadene på korleis undervisninga er organisert kan i noko grad forklarast ut frå elevane sitt faglege nivå og kva dei treng opplæring i, men ikkje alt. Det ser ut til at skulane har ulik vurdering av kva dei legg vekt på i opplæringa og kva personale dei treng. For arbeidstakarane er det viktig både å kunne utføre eit godt arbeide og å kjenne seg trygge på arbeidsplassen. Når lærartimar blir omgjort til assistenttimar, får dei lærarane som er i STO-gruppene ansvar for opplæringa til fleire elevar og må rettleie fleire assistentar. Dette kan føre til at det vert vanskelegare å nå måla i elevane sine opplæringsplanar, og ein meir byrdefull arbeidssituasjon for lærarane. Samstundes kan omvekslinga føre til fleire hender i det praktiske arbeidet med elevane og totalt sett eit tryggare arbeidsmiljø. Det kan sjå ut til at dette er eit dilemma for skulane: Bemanning utifrå ei pedagogisk vurdering for eleven kontra bemanning utifrå ei vurdering av kva som vil vere ein praktisk og trygg arbeidssituasjonen for dei tilsette. Ekstra ressursbehov ved skulestart Personalet i STO-gruppene er mest utsett for utagering ved skulestart. For mange grupper av psykisk utviklingshemma elevar er det vanskeleg å endre rutinar. Det to månader lange opphaldet om sommaren gjer at skulen ikkje lenger er ei vane. Denne må øvast inn på nytt. Den første hausten i vidaregåande skule er ekstra vanskeleg. Då er alt nytt, den grunnskulen dei var i er borte, det er ein ny stad, eit nytt bygg og berre ukjende folk. Då er det lett at eleven vert uroleg og det vert situasjonar med utagering som kan gje skade på dei tilsette. Sjølv om det ikkje fører til skade, er det ein vanskeleg situasjon som slit på dei tilsette som opplever dette. Av den grunn ønskjer skulane at dei hadde større personalressursar i haustsemesteret. Tilråding: Ressursane til STO-gruppene må vere romslege nok til at skulane både kan gi elevane eit godt pedagogisk opplegg og ha eit trygt arbeidsmiljø for dei tilsette. Opplæringsavdelinga/skulane må sjå på løysingar som gir større handlingsrom i haustsemesteret, slik at talet på tilsette kan aukast ved skulestart og framover ein periode, dvs. opprette fleire faste stillingar. 4.0 LOVVERK 4.1 Bruk av tvang I høve Opplæringslova skal elevar med rett til spesialundervisning integrerast i det ordinære skuleverket. Nokre av desse elevane kan ha svært utagerande og skadeframkallande åtferd. Tilsette rapporterer om hendingar der dei ikkje kjenner seg trygge, og at bemanninga i einskilde situasjonar med utagering er for låg. Dei meiner dei har for lite kunnskap om grensesetting og meistring i slike situasjonar. Ei problemstilling som kjem opp, er kva for grenser dei tilsette skal ha ved bruk av tvang i skulen. Dette er eit døme frå kvardagen som blei rapportert inn frå ein skule: Elev kaster seg på golvet, sterk utagering, nyttelaust å ta med det gode. Etter ti minutt tilkallar tilsett på hjelp frå andre i personalet. Like etter, attende i klasserommet, gir eleven den tilsette mange klemmar, tar så tak i genseren til den tilsette slik at den går i sund. Denne hendinga vart rapportert inn av di dei tilsette ikkje opplevde at dei visste kor grensene gjekk for å bruke fysisk tvang i handsaminga av eleven. 9

Opplæringslova kom i 1998. I forarbeidet til lova vart bruken av tvang drøfta. Tvang vert definert som overvinning av motstand, det vil seie tiltak som tenestemottakar/elev set seg til motverje mot. 1 Lovreglar som skulle regulere bruken av tvangstiltak i høve til elevar vart ikkje tekne inn i Opplæringslova, men skulle vurderast når det var henta erfaringar frå bruken av tvangsreglane overfor psykisk utviklingshemma i Sosialtenestelova. Sosialtenestelova vart evaluert 2003 og 4A, om bruk av tvang overfor psykisk utviklingshemma, og vart endra slik at bruk av tvang kan brukast ved omsorgstiltak og for å avverje skade. Det vart utarbeidd sakshandsamingsreglar for bruk av tvang. (Einskildvedtak) Sosialdepartementet ville ikkje seie noko om bruken av tvang i skular, og meinte dette var Utdanningsdepartementet si sak. Utdanningsdepartementet har så langt ikkje kome med noko meir i saka. Det ein står att med er Straffeloven 47, om nødrett, og 48, om nødverje: Nødrett: Eit døme er å måtte bruke tvang for å gi eleven livsviktig medisin Nødverje: Ein kan bruke makt til å avverje truslar og handlingar som skadar individet sjølv eller andre. Ein har berre lov til å bruke tvang i den akutte situasjonen. Preventiv nødverje. Døme: Å halde rundt ein elev/hindre han i å rive seg laus. Kan berre brukast i nødssituasjonar, når det er klare teikn (erfaringsbaserte) på at ein er på vei inn i situasjonar som kvalifiserer for nødverje. Vurdering Pedagogisk sett er det feil å etterlyse bruk av tvang i ein pedagogisk situasjon. Men i kvardagen blir dette likevel eit reelt problem for mange av dei tilsette i HFK. Dagleg må personalet takle situasjonar der elevar til dømes legg seg ned i fellesrom, skrik høgt eller begynner å kle av seg og vil ikkje rette seg etter instruksar frå personale. Det er situasjonar som ikkje kvalifiserer til bruk av nødrett eller nødverje, og personalet har lite handlingsrom til å takle situasjonen innanfor lovverket. Dei same elevene har utanfor skulen gjerne eit vedtak på at personale rundt dei kan bruke tvang etter Sosialtenestelova 4A. Dersom eleven har tilsynsordning i vidaregåande skule (TIV) betalt av heimkommunen, vil ein og her kunne bruke tvang, sjølv om TIV er på den fylkeskommunale skulen og med det same personalet som eleven har i skuletida. Personalet vil arbeide etter to sett regelverk, og elevane som treng å bli møtt på ein forutsigbar måte, blir møtt på ulik måte avhengig om han er i undervisningstida si eller ikkje. Vi har eit spinkelt lovverk i Opplæringslova i høve det vi kunne trenge i arbeid med enkelte krevjande elevar, og dette gjer mange tilsette usikre. Betre retningsliner blir etterlyst både av leiarar og tilsette. Det er og viktig at det vert sett av meir tid til samarbeid og pedagogisk tilrettelegging mellom lærarane og assistentane for å førebyggje utagering. Tilråding: Fylkesrådmannen/fylkesopplæringsdirektøren tek initiativ til å få ei avklaring i høve bruk av tvang overfor dei psykisk utviklingshemma elevane i STO-grupper frå Kunnskapsdepartementet. Bruk av nødrett og nødverje må inn i avvikmeldingssystemet i HFK. 1 T.Vebenstad, Fylkesmannen i Hordaland 28.10.05 10

4.2 Medisinutdeling og andre helsetenester Fleire av elevane i STO-gruppene tar medisinar og mottek andre helsetenester som til dømes sondemating i skuletida. Det er det vanlege personalet i STO-gruppene som utfører desse tenestene. Det ser ut til at medikamenthandtering i den vidaregåande skulen HFK er uregulert. HFK har arbeidsgjevaransvar som inneber å gje dei tilsette opplæring som set dei i stand til å utføre arbeidet på forsvarleg vis 1. HFK har og ansvaret for elevane i den tida dei er på skulen mellom anna gjennom forskrift om miljøretta helsevern i skular og barnehagar 2. Skulen må syte for å ha skriftleg dokumentasjon på at foresette har gitt skulen ansvar for å gje ut medikament på vegne av foreldra. Dei tilsette som skal dele ut medikament, må få forsvarleg opplæring som blir dokumentert. Skulen må syte for at medikament blir oppbevart slik at feilbruk/tjuveri vert hindra. Skulen bør og ha skriftleg oversyn over kva medikament elevar bruker dersom det skjer akutt sjukdom/forgiftning. Tilråding: Fylkeskommunen må ta initiativ til avklaring av lov og regelverk i samband med utdeling og lagring av medisin på skulane. Tilsette må få naudsynt opplæring. Internkontrollsystemet for HFK må få innarbeidd felles retningsliner for medisinhandtering og oppbevaring. 5.0 KOMPETANSE 5.1 Læreplanar Det finst ikkje andre sentrale læreplanar for STO-gruppene enn den generelle delen av Læreplanen som er retningsgjevande for all opplæring. Spesialpedagogisk plan for Hordaland fylkeskommune 2003 2007 gir retningsliner om organisering, inkludering og normar for innhaldet i opplæringa. Det blir opp til kvar skule å fastsetje fag- og timefordeling og å utarbeide individuelle opplæringsplanar (IOP) for den einskilde elev. Det er store variasjonar i opplæringstilbodet skulane imellom. Tilbodet blir gjerne eit resultat av personalet si utdanning, ønske og interesser. Det er utfordrande, men også eit stort ansvar for lærarane å velje tema, finne og utarbeide egna undervisningsmateriale, og å organisere opplæringa for kvar einskild elev. Ved avgang og sjukdom er det vanskeleg for skulen å sikre kvalitet og kontinuitet i opplæringstilbodet når det er så personavhengig. Spesialpedagogisk plan tek til orde for at den einskilde skule skal utarbeide rammeplan for særskilt tilrettelagt opplæring. Telefonintervjua viser at mange skular ikkje har fått dette på plass. Ein rammeplan vil gje personalet fleire haldepunkt når IOP og framdriftsplanar skal utarbeidast. 5.2 Etter- og vidareutdanning I dei oppføljande telefonintervjua seier alle skulane seg nøgd med den høge faglege kompetansen i personalet. Nesten alle lærarane har spesialpedagogisk kompetanse, men utdanningsbakgrunnen er ulik; fleire av skulane brukar allmennlærarar, førskulelærarar og vernepleiarar i lærarstillingane. Nokre av assistentane har fagbrev eller assistentkurs, eventuelt kortare kurs, til dømes MATV-kurs (jf.s.14). Nærværeundersøkinga viste at langt dei fleste arbeidstakarane i STO-gruppene føler seg kompetente til å utføre arbeidet sitt. Undersøkinga viser òg at personalet ønskjer meir etterutdanning og gjerne vil auke 1 Arbeidsmiljølova 3-2. 2 16, Tilrettelegging basert på opplysningar om helsetilhøve 11

kompetansen sin. Dei etterspør kurs i pedagogikk, teiknspråk (Teikn til tale), data og kunnskap om ulike funksjonshemmingar. Opplæringsavdelinga samarbeidde med Fagforbundet for nokre år sidan om eit 40-timars kurs for assistentar. Kurset ga ei innføring i spesialpedagogisk arbeid. Dei seinare åra har det ikkje vore kompetansegjevande kurs for denne arbeidstakargruppa på fylkesplan. I telefonintervjuet seier nokre få skular at dei arrangerer kompetansehevande kurs regelmessig. Nokre har andre tiltak særskilt for denne personalgruppa, slik som IOP-kurs for lærarar, og fagfolk utanfrå som gir faglege råd til heile personalet. Personalet gjer i undersøkinga uttrykk for at det er for lite av etter- og vidareutdanning både på fylkesplan og på den einskilde skule. 5.4 Kunnskapsløftet Stortingsmelding nr. 30 (2003 2004) satsar på å styrke grunnleggande tema som er viktige for elevane si personlege utvikling. Det skal leggjast til rette for betre læring. Men meldinga gjev ikkje nærare retningsliner for opplæringa. Dei tiltaka meldinga gjer framlegg om er ikkje relevante for denne elevgruppa. Som ein del av arbeidet med Kunnskapsløftet våren 2005, var alle dei vidaregåande skulane inviterte til å sende inn ei prioritert liste over kva kompetansehevande tiltak skulen trengde. Tiltaka skulle ta utgangspunkt i Kunnskapsløftet, og det Elev - og lærarinspektørundersøkinga avdekka. Svært få av elevane i STO-gruppene, og personalet berre delvis, deltok i undersøkinga, og resultatet inkluderer ikkje alltid erfaringane frå desse gruppene. Fylkesoversikta viser at kurs i pedagogisk bruk av IKT og elevmedverknad er fremst prioritert. Nokre område for kompetanseheving omfatta heile personalet, men ingen er direkte retta mot personalet i STO-gruppene. Berre ein av dei 20 skulane med spesialklassar sende inn forslag som direkte hadde med personalet i STO-gruppene å gjere. I Strategiplan for kompetanseheving 2005 2008 vert det lagt vekt på at kompetansehevinga må forankrast i den einskilde skule sine behov og prioriteringar. På skulane med fleire 4-grupper, eventuelt eigne avdelingar, der personalgruppa er relativt stor og synleg, vil gruppa ha innverknad på skulen sine prioriteringar. På dei fleste mindre skular er det fare for at denne personalgruppa sine behov lett druknar i fleirtalet sine prioriteringar. 5.4 Evaluering Dei to siste åra har skulane i Hordaland vore med på dei nasjonale evalueringane, Elev - og Lærarinspektørane. Evalueringane seier noko om læring, læringsmiljø og arbeidsmiljø, og gir skulane ein peikepinn på korleis dei kan forbetre desse områda. På dei fleste skulane deltek ikkje elevane i STO-gruppene, og lærarane i STO-gruppene berre delvis. Opplæringa og arbeidsmiljøet i STO-gruppene vert heller ikkje evaluert eksternt på andre måtar. Dermed får ikkje denne gruppa tilsette ei stadfesting om at dei er med og gjev viktige tilskot for måloppnåinga ved skulen. Dei kan heller ikkje samanlikne status for korleis deira arbeidsmiljø er samanlikna med andre skular. Tilråding: Den einskilde skule utarbeider rammeplan for særskilt tilrettelagt opplæring i STO-grupper. Fleire fagkurs på fylkesnivå for dei tilsette i STO-gruppene. 12

Opplæringsavdelinga i HFK må sikre at personalet i STO-gruppene får ta del i kompetansehevinga i samband med Kunnskapsløftet. Skulane må utvikle ein betre reiskap for evaluering av opplæringa i STOgruppene. Heile personalet må inkluderast i seinare evalueringar frå Læringslaben i samsvar med Forskift til Opplæringslova 1. Arbeidsåret for assistentar bør utvidast slik at dei får årleg tilbod om 40-timars kurs og tid til planlegging saman med lærarane. 6.0 INTERNKONTROLL HMT 6.1 Skadar I HFK har ikkje i alle etatar etablert rutinar for ei årleg, samla skaderapportering til Hovudarbeidsmiljøutvalet (HAMU), eller rutinar for å rapportere alvorlege skadar til utvalet. HAMU har september 2005 vedteke at slike rutinar skal innarbeidast, og det er sett i gang arbeid for å få dette etablert. I Internkontrollsystemet i HFK er det utarbeidd skjema og rutinar for lokal skaderapportering. Fleire skular har etterlyst ein nærare definisjon av skadar og kva som skal rapporterast til kva for adresse. I spørjeundersøkinga vart skulane bedne om å melde tilbake på skadeomfang, rapportering og skadeoppfølging. 90 % av skadetala kan tilbakeførast til 3 skular. 9 av skulane hadde ikkje registrert skadar dei to siste undervisningsåra i det heile. Alle skulane blei spurt korleis dei handterte situasjonen når skadar inntraff. På 16 av skulane var det vanleg med ettersamtale med næraste leiar. 9 av skulane hadde ettersamtalen på personalmøte/ avdelingsmøte og 5 skular sa at dei hadde rutinar for å innhente ekstern kompetanse når slikt hende. 6 av skulane hadde ingen rutinar for dette, eller svarte ikkje på spørsmålet. Vurdering Prosjektgruppa vurderer det slik at det truleg er langt høgare skadetal enn det vi har fått tilbakemelding på. Når dei fleste skademeldingane ligg på tre skular, trur vi dette er fordi desse verksemdene systematisk følgjer opp skaderapporteringa, og andre av ulike grunnar ikkje registrerer alle skadar og uønska hendingar. Den manglande rapporteringa er truleg eit signal om at breidda i omgrepet skade/uønska hendingar ikkje er definert og at rutinane og oppfølgjinga frå leiinga og dei tilsette ikkje er gode nok. Ei undersøking Norsk Respons 2 gjorde blant lærarar i 2005, viste at dei siste 5 åra hadde 1 av 5 vore utsett for truslar, og 1 av 6 for vald frå elevar. Tal frå Arbeidstilsynet sin statistikk viser at berre 1/10 av dette er registrert. Ei HMT-undersøking hausten 2005 frå dei vidaregåande skulane i Møre-og Romsdal viser same tendens til underrapportering om enn ikkje så omfattande som i Norsk Respons- undersøkinga. Truleg er det store mørketal også for andre grupper tilsette i skulen. Manglande registrering av skadar kan føre til at arbeidstakarar misser yrkesskadeytingar. Manglande registrering gjer og at omfanget av problemet vert skjult og ikkje får den merksemd det fortener. 1 2-2, 2-3 2 Program Dokument 2, 11.10.05 13

Det er viktig å ha rutinar for oppfølgjing etter skader/ uønska hendingar før hendinga skjer. Dette avdi det ikkje berre er viktig å følgje opp det pålagte arbeidsgjevaransvaret, men og for å gje uttrykk for at leiarane ser utfordringane i arbeidet. Viktig er det og at skulane har ein kultur for at slike hendingar skal registrerast, og at dei tilsette kjenner seg trygge på at dei ope kan snakke om slike episodar utan å føle nederlag og skam over at dei ikkje meistrar eleven og situasjonen. HMT-tenesta har over mange år gitt tilbod om kurset Meistring av truslar og vald (MATV-kurs). Målgruppa for kursa er tilsette som arbeider tett opp til utagerande elevar/klientar. Kurset tek sikte på å gje deltakarane kunnskap om lover og forskrifter, og reiskap til å førebyggje og meistre valdsepisodar. Kurset får gode evalueringar og mange som arbeider i STO-grupper har delteke på kurset. På førespurnad vitjar kursleiarane verksemdene og gir kurs/oppfølging ute på arbeidsplassane i ettertid. Kurset er tilrådd i Spesialpedagogisk plan for HFK som eit tiltak for å støtte dei tilsette som arbeider med STO- gruppene. Tilråding: Rutinane for skaderapportering og oppfølging må reviderast i Interkontrollen i HFK. Ein må gje ei klargjering av kva som reknast som skade og korleis rapporteringa skal vere. Skulane må risikovurdere arbeid med utagerande elevar og sette inn tiltak som kan førebygge skadar. Personalet i STO-gruppene får tilbod om MATV-kurs. Det blir lagt til rette for at dei får øve på praktiske teknikkar i arbeidstida. Dette fører til at assistentane må få auka stillingsbrøk. 6.2 Vaksinering av risikoutsette Lov om vern mot smittsame sjukdomar, 6-1, seier at tilsette som truleg er i fare for å bli smitta med ein allmennfarleg smittsam sjukdom har rett til nødvendig smittevernhjelp. Personalet i STO-gruppene rapporterer om bitt. Hepatitt B smitter gjennom blodsmitte. Det tek eit halvt år med vaksinasjonsprogram for å bygge opp immunstatus for Hepatitt B. Avdi vi ikkje veit eit halvt år på førehand om nye elevar kan vere smitteførande, må alle tilsette som arbeidar med denne elevgruppa ha fått tilbod om å opparbeide immunstatus. Tilråding: Alle som arbeider med denne elevgruppa må få tilbod om å gå inn i eit vaksinasjonsprogram 7.0 SAMARBEID 7.1 Informasjon Det er utfordrande og krevjande å arbeide i STO-gruppene. Elevane i ei og same gruppe arbeider etter individuelle planar og fleire metodar er i bruk samstundes. Arbeidsdagen kan by på mange uføresette hendingar, dei tilsette må ofte improvisere og endre planar undervegs. Personalet treng å ha samråd om elevar og utveksle erfaringar. Dei må og snakke seg gjennom opplevinga når det har skjedd uføresette hendingar som kan ha vore truande eller farlege. I nærværundersøkinga kom det fram at personalet ønska seg meir informasjon og meir tid til møter og samarbeid, både med ekstern fagkompetanse, eigen administrasjon og seg imellom. Telefonintervjua viser at skulane har ulike rutinar for 14

personale/ avdelingsmøte. Nokre få skular har eit møte i veka, dei andre mindre hyppig. På slike møter er det mange saker som skal opp, og det kan vere vanskeleg å få tid til meir enn uformell erfaringsutveksling. Alle assistentar har avsett møtetid, men omfanget er ulikt. Eit problem som blir signalisert frå administrative leiarar er at når assistentane er med i møter vert det fort meirtid eller vikarutgifter. Tilsette etterlyser òg meir informasjon rundt nye elevar. Det er utarbeidd ein samarbeidsavtale mellom fylkeskommunen og elevane sine heimkommunar som skal sikre ein god overgang frå grunnskule til vidaregåande skule. Nokre elevar treng ekstra lang tid til overføringa. Fylket kan då gi førehandtilsegn om skuleplass til eleven slik at overføringa kan starte tidleg. Nokre gonger kjem dette arbeidet likevel seint i gang fordi informasjon manglar. Tilråding: HFK må sikre ressurser i rammetildelinga slik at det vert sett av tilstrekkeleg tid til møteverksemd for assistentane i STO-gruppene. HFK sender standardskriv kvar vår til kommunane for å få oversikt over elever i 9. klasse med spesielle tilretteleggingsbehov. 7.2 Nettverk På skular med små fagmiljø blir det spesielt viktig å søke kontakt med fagmiljø utanfor skulen. Opplæringsavdelinga har dei siste åra organisert ein felles planleggingsdag for alle lærarar og assistentar frå STO-grupper i HFK. I tillegg til eit fagleg program får ein høve til å utveksle erfaringar og knyte kontaktar. Dette har vore eit populært tiltak, men ulempa har vore at møtet gjerne kolliderer med program på eigen skule. I februar 2003 starta OT/PPT opp eit nettverk for STO-grupper i region Bergen Nord. I utgangspunktet var målsettinga å lage ein møteplass der ein administrasjonsansvarleg frå kvar skule kunne drøfte faglege og administrative spørsmål knytt til elevgruppa. Seinare har og lærarar og assistentar vore inviterte til møte med ulike tema. Nettverket har og etablert ein tradisjon der elevar og personale frå alle skulane samlast til ei felles sommaravslutning. PPT/OT og skulane i regionen meiner at nettverket er nyttig. I tillegg til auka kjennskap til det konkrete arbeidet ved den einskilde skulen, har ein og drøfta tema som individuelle opplæringsplanar, grenseoppgang mellom opplæring og omsorg, og korleis ein skal marknadsføre og presentere opplæringstilbodet, til dømes på nettsidene til skulane. Nettverket har hatt tett samarbeid med Opplæringsavdelinga i utarbeiding av ein felles mal for IOP. Modellen krev lite ressursar. Vertskapet for møtet heldt lunsj, elles er kostnadene avgrensa til tid og litt reiseutgifter. Tilråding: Opplæringsavdelinga held fram med å arrangere felles planleggingsdag for personalet i STO-gruppene. Opplæringsavdelinga og det regionale OT/PPT tek initiativ til å etablere nettverk i dei andre regionane. 7.3 Synlege og verdfulle arbeidstakarar? Spesialpedagogisk plan tar til orde for å auka integrering av STO-gruppeelevar i ordinære grupper i fag og opplæringssituasjonar der det kan høve. Telefonintervjua viser at få skular inkluderer elevane på denne måten. Planen gjev òg føringar for korleis opplæringa og arbeidet rundt elevane skal organiserast. Ein skal mellom anna legge til rette for at 15

elevane er synlege og aktive på skulen. Det er store skilnader på i kva grad elevane blir integrert i skulesamfunnet. På nokre skular er elevane sine rom sentralt plasserte. Elevane og dei tilsette tek del i alle skuleaktivitetar slik som OD, konsertar og aktivitetsdagar. Elevane har ordinær skuledag med friminutt og matpausar i kantina. På andre skular vert elevane meir perifert plasserte. Elevane tek sjeldan del i fellesarrangement og har pausane sine utanom friminutta. På desse skulene blir både elevar og dei tilsette meir isolerte, det vert ein skule i skulen. Dette strider mot intensjonane i spesialpedagogisk plan, og dei tilsette kan lett få ei kjensle av at arbeidet deira ikkje vert lagt merke til og verdsett av kollegaer og skuleleiing Telefonintervjuet viste at det er og sjeldan personalet i STO-gruppene, med sin erfaring og kompetanse, deltek på møte i skulane sine Ressursteam der pedagogisk tilrettelegging og spesialundervisning blir drøfta. Det er og sjeldan saker med elevar i STO-gruppene vert handsama i teamet. Det kan difor sjå ut til at det er vanskeleg å få til ei kompetanseoverføring frå spesialundervisninga i STO-gruppene til den øvrige skulen slik spesialpedagogisk plan oppfordrar til. Ein annan praksis vil kunne opne for betre og gjensidig nytte av personalet sin pedagogiske kompetanse, og samarbeid med andre avdelingar og grupper på skulen. Dei vidaregåande skulane i HFK har etablert eigne heimesider der undervisningstilbodet blir presentert. Relativt få skular har lagt ut informasjon om tilbodet til 4- gruppene, og informasjonsmengda varierer. Så mange som 1/3 av skulane omtaler ikkje denne opplæringa i det heile på nettstaden sin. For elevar, foreldre og andre kan det difor vere vanskeleg å orientere seg om kva tilbod skulane har, og både elevar og personalet som arbeider med dei er lite synlege utanfor skulen. Tilråding: Personalet i STO-gruppene må inkluderast i skulen sin øvrige drift og ha samarbeid med fleire fagmiljø på eigen skule. Opplæringa i STO-grupper skal presenterast på skulane sine heimesider 8.0 Assistentane sin arbeidssituasjon Løn Dei fleste tilsette som arbeider i STO- gruppene, er assistentar. Dei har i utgangspunktet 30 timars arbeidsveke i elevane sitt skuleår samt fem planleggingsdagar. På bakgrunn av ei normalarbeidsveke blir dette utrekna til å bli ei 80% stilling. Ettersom assistentane til vanleg følgjer skuleruta med til dømes haust- og vinterferie, får dei eit ytterleg trekk på 11% av løna. I utgangspunktet har dermed assistentane ein 80% stilling med 71,2% løn. 4. Ei relevant problemstilling er om det er rett å gje ei gruppe tilsette systematisk tilbod om stilling der ein ikkje kan få 100% løn. Medverknad Ein viktig faktor for trivsel i arbeidslivet er å kjenne at eigne meiningar vert teke omsyn til og at ein kan avgjere delar av eigen arbeidssituasjon. Telefonintervjua viser at assistentane i liten grad styrer arbeidsdagen sin. Assistenten si oppgåve er å yte praktisk hjelp til eleven slik at opplæringa kan gjennomførast. Læraren har ansvar for planlegging, gjennomføring og evaluering av opplæringa. Undersøkinga viser at det varierer mykje frå 4 Rundskriv HFK, Personal-10/2005 16

skule til skule kor mykje assistentane er tekne med i dette arbeidet. Eit av spørsmåla i telefonintervjuet var i kva grad skuleassistentane hadde eineansvar for elevane. Nesten alle dei 7 skulane seier at assistentane er åleine med elevane heile eller delar av dagen. Aktivitetane kan vere turgåing, personleg hygiene, busstrening, praksis på verna arbeidsplassar med meir. Assistentane har såleis eit stort dagleg ansvar. Jobbrotasjon Dei fleste assistentane følgjer elevane gjennom heile veka. Det har vore fremma ønske om å kunne variere på arbeidsoppgåvene i periodar. Telefonintervjuet viser at det er vanskeleg å få til jobbrotasjon for assistentane, anna enn at nokre få assisterar einskildelevar i andre grupper på skulen. Administrasjonsansvarlege seier og at det ofte er eit problem å få inn vikar når det oppstår sjukdom, slik at meir arbeid fell på dei som er att. Her har mange grunnskular ein annan praksis der assistentane og arbeider i kantina og med reinhald. Dermed kan ein både ha jobbrotasjon og høve til å utvide stillinga si. Sjukefråvær Sjukefråværet for assistentgruppa i HFK har dei siste åra lege omlag 2 % over det samla sjukefråværet. Det er som nemnt innleiingsvis vanskeleg å seie om assistentane i STOgruppene har eit høgare sjukefråvær enn lærarane i STO-grupper. Om dei har det, kan det vere fleire årsaker til dette som ikkje direkte har med arbeidstilhøva å gjere, til dømes at assistentgruppa er klårt kvinnedominert, og kvinner har generelt eit høgare sjukefråvær. Vi kan difor ikkje utan vidare trekkje konklusjonen at arbeidstilhøva for assistentgruppa er meir krevjande enn for gruppa pedagogisk personale. Det vi veit er at det gjerne er assistentane som tek dei tunge løfta, og at mange assistentar arbeider tett og over lang tid med utagerande elevar. 3-1 i Arbeidsmiljøloven pålegg arbeidsgjevar å ha eit systematisk arbeid med sjukefråvær. Det er ein av fleire indikatorar som samla gir eit bilete av arbeidsmiljøtilhøva på ein arbeidsplass. Tilråding: Hordaland fylkeskommune må arbeide for kunne tilby stillingar med 100% løn til assistentar Skulane arbeider for å legge til rette for jobbrotasjon AMU må systematisk følge opp sjukefråværet for personalet i STO-gruppene. 9.0 VEDLEGG 1. Samandrag av resultata av spørjeundersøking til alle skular 2. Samandrag av telefonintervju med personalansvarleg på 7 skular 3. Samandrag av nærvereundersøkinga til dei tilsette i STO-gruppene 17

Vedlegg I TILBAKEMELDING PÅ SPØRRESKJEMA SENDT UT APRIL 2005 Tema: Avgrensa til klassar for klassar - kvardagsliv-/arbeidstrening (4-6 gruppe) og lærarar og assistentar som har 50% eller meir av stillinga si i denne/desse klassane Periode: Skuleåret 2004/05 Tal sendt ut 20 Tal svar: 19 Ja/Nei spørsmål: JA = 1 og NEI = = (eller ikke svart) SPØRSMÅL SUM SVAR, 19 skular 1: Antall elever i kvardagsliog/eller arb.treningsklasse 142 2: Antall klasser på skulen 37 3: Antall lærartimar på denne/desse klassane 1098,5 4: Antall lærarar har 50% eller meir 54 5: Antall assistenttimar blir brukt 1863,75 6: Antall assistentar har 50% eller meir 68 7: %-vis sjukefråvær lærarar i denne/desse kl. Usikre svar 8: Rutinar for skulen når elevane er sjuke på skulen Ufullst.svar Medarb. samt m/lærar Medarb. samt m/ass Anna kartleggjing Vernerunde 9: Gj.ført kartleggjing av arb.miljø på skulen 16 18 17 0 Medelev. i gruppa/andre Lærarar Ass. elev. 10: Antall skadar registrert 91 99 4 Nestenulykker Truslar og trakassering Skadar u/sjukefråvær Skukefråvær og/eller legebesøk 11: Antall personskadar: 2 27 166 11 0 HFK forbetringssk jema Skjema til trygdelag "Løvstadskjema" Arb.takar ufør RTV- skjema Andre 12: Skjema nytta til dei ulike skadane 11 3 1 1 0 Samt. Debriefing Ekstern hjelp M/nærmaste på avd- frå leiar /per.møte komp.pers. 13: Rutinar for skulen ved skadar/utagering 16 9 5 Page 18 Vedlegg-spørring leiing.xls Side 1