Verksemda i Høgsterett i 2007



Like dokumenter
Høyesteretts virksomhet i 2007

Verksemda i Høgsterett i 2008

Verksemda i Høgsterett i 2011

Verksemda i Høgsterett i 2010

Høyesteretts virksomhet i 2006

Høyesteretts virksomhet i 2008

Verksemda i Noregs Høgsterett i 2012

Norges Høyesteretts virksomhet i 2012

Verksemda til Høgsterett i 2009

Høyesteretts virksomhet i 2009

FORRETNINGSSTATISTIKK FOR HØGSTERETT

Høyesteretts virksomhet i 2011

Høyesteretts virksomhet i 2010

FORRETNINGSSTATISTIKK FOR HØGSTERETT

Høyesteretts virksomhet i 2009

NOREGS HØGSTERETT. Den 27. januar 2015 vart det av Høgsteretts ankeutval med dommarane Utgård, Stabel og Indreberg i

Norges Høyesteretts informasjonsvirksomhet

Rettane til den fornærma og dei etterlatne

Justitia Justitia er eit symbol for lov og rettferd. Sverdet står for å handheve lova Vekten står for den dømande verksemd Bindet står for

Jørn Øyrehagen Sunde

NOREGS HØGSTERETT. HR P, (sak nr. 2009/202 og sak nr. 2009/397), straffesaker, ankar over dom, (advokat Steinar Thomassen)

NOREGS HØGSTERETT. Den 16. oktober 2015 vart det av Høgsteretts ankeutval med dommarane Utgård, Webster og Bull i

Søknad om skilsmisse etter to års samlivsbrot (etter ekteskapslova 22)

NORGES HØYESTERETT. HR A, (sak nr. 2014/28), straffesak, anke over dom, (advokat John Christian Elden) R Ø Y S T I N G :

NOREGS HØGSTERETT. HR A, (sak nr. 2009/508), straffesak, anke over dom, (advokat Trygve Staff) R Ø Y S T I N G :

Noregs Høgsterett ved 200-årsjubileet. Tore Schei. 1 Høgsterett ein institusjon i tida og i tradisjonen

NOREGS HØGSTERETT. Den 16. august 2011 vart det av Høgsteretts ankeutval med dommarane Gjølstad, Matningsdal og Utgård i

Lov om endringer i barnelova (farskap og morskap)

FORRETNINGSSTATISTIKK FOR HØYESTERETT ANKEUTVALGETS VIRKSOMHET - SIVILE SAKER Sivile anker over dom.

NORGES HØYESTERETT. HR A, (sak nr. 2008/246), straffesak, anke over dom, (advokat Trygve Staff) S T E M M E G I V N I N G :

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Søknad om Anbodsgaranti

Søknad om skilsmisse etter separasjon ved løyve (etter ekteskapslova 21)

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

NOREGS HØGSTERETT. Den 25. januar 2013 vart det av Høgsteretts ankeutvalg med dommarane Utgård, Stabel og Normann i

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

12. Færre besøk ved norske kinoar

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon eller

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

AGDER LAGMANNSRETT. Skien. Kristiansand. Tønsberg. Arendal. Årsmelding AGDER LAGMANNSRETT - ÅRSMELDING

NOREGS HØGSTERETT. HR U, (sak nr STR-HRET), straffesak, anke over dom: (advokat Brynjulf Risnes) D O M :

SKJEMA FOR KRAVSMÅL OM GJENOPNING

NOREGS HØGSTERETT. (advokat Gro Sandvold til prøve) Staten v/arbeids- og velferdsdirektoratet v/advokat Erlend Haaskjold) R Ø Y S T I N G :

13. Er ikkje film lenger best på kino?

NOREGS HØGSTERETT. HR A, (sak nr. 2011/260), straffesak, anke over dom, (advokat Øystein Storrvik) R Ø Y S T I N G :

ÅRSRAPPORT Nærare om nemnda Klagenemnda har åtte medlemer. Frå 1. januar 2008 var følgjande personar medlem i nemnda:

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

Lov om ansvar for skade som motorvogner gjer (bilansvarslova).

SAL OG SKJENKELØYVE FOR ALKOHOLHALDIG DRIKK

NOREGS HØGSTERETT. Den 6. desember 2012 vart det av Høgsteretts ankeutval med dommarane Utgård, Øie og Bergsjø i

NOREGS HØGSTERETT. Den 29. januar 2008 ble det av Høgsterett, med dommarane Lund, Coward, Oftedal Broch, Utgård og Øie, i skriftleg sak

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Kap 1 Innleiande fastsettingar

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Hilde Reitan, Tove Leinslie

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Aurland kommune Rådmannen

ROTARY International. USA Canada Mexico Equador Brasil Tyskland Sveits Frankrike Spania Taiwan Japan Australia New Zealand Sør-Afrika * * *

Konkursrådet. Innføring i konkurs 1 INNFØRING I KONKURS

Globalisering ei drivkraft til fornying

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Ansvar, forsikring og erstatning i forhold til studentar

Aktivitetskalendar 2015

Reglane gjeld òg for personlege skattytarar som overfører aksjane o.a. til ein ektefelle busett i utlandet.

Saksbehandling kva er no det?

FELLES RETNINGSLINER FOR BEHANDLING AV SIVILE SAKER I LAGMANNSRETTANE. Nynorsk

Reglar for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Fra Forskrift til Opplæringslova:

EXPO 2010 OG SAMARBEIDSRELASJONAR MED KINA

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO. Gjeld frå 1. januar 2015

Rapport national / National report / Landesbericht / национальный доклад

DET KONGELIGE JUSTIS- OG POLITIDEPARTEMENT

Auka finansiering av Interreg-programma i Norge

Handlingsprogram 2014, Regional plan for museum

8. Museum og samlingar

NOR/311R0432.ggr OJ L 115/11, p. 1-4 COMMISSION REGULATION (EU) No 432/2011 of 4 May 2011 refusing to authorise certain health claims made on foods,

Lovvedtak 100. ( ) (Første gangs behandling av lovvedtak) Innst. 329 L ( ), jf. Prop. 102 LS ( )

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Status akvakulturforvalting og fiskeri per september 2015

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

For eit tryggare Noreg. Ein del av Forsvarsbygg

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden til no i Avslag i perioden til no i

MØTEINNKALLING. SAKLISTE Åpning av møtet og godkjenning av møteprotokoll frå møte

nye bøker i 2004

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

Flaggreglement. for. Fjell kommune

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

Opplæring i bruk av Datafangstportalen informasjon om innlogging og dokumentliste

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

Forskrift om manntal for fiskarar og fangstmenn

Kartlegging av verksemder som søkjer driftstilskot frå Hordaland fylkeskomme

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Transkript:

Verksemda i Høgsterett i 2007 Hovudmåla til Høgsterett Høgsterett dømmer i siste instans og er ankeinstans for avgjerder som er tekne i lågare instansar. Høgsterett behandlar både sivile saker og straffesaker og har myndigheit på alle rettsområde. Hovudmåla for Høgsterett er å arbeide for rettseinskap, rettsavklaring og rettsutvikling. Det inneber ein konsentrasjon om prinsipielle rettsspørsmål og retningsgivande avgjerder. Saksmengda Ei rekkje ulike saker blir bringa inn for Høgsterett, og talet på saker har dei seinare åra vore aukande. Samla kom det inn noko færre saker i 2007 enn i 2006, men saksmengda var likevel stor. I 2007 kom det inn 457 sivile ankar til Høgsterett. Det tilsvarande talet for 2006 var 504. Cirka 16 % av ankane i sivile saker blei viste til behandling i avdeling. Det kom inn 388 sivile kjæremål, medan det tilsvarande talet i 2006 var 421. Når det gjeld straffesaker, kom det inn 428 ankar og 543 kjæremål. Dei tilsvarande tala for 2006 var 443 ankar og 561 kjæremål. Cirka 20 % av ankane i straffesaker blei viste til behandling i avdeling. Høgsterett behandla i 2007 85 sivile saker i avdeling, medan det tilsvarande talet i 2006 var 89. Det blei i 2007 behandla 97 straffesaker i avdeling, medan det tilsvarande talet for 2006 var 79. Det har vore mange tunge og arbeidskrevjande saker. Mange av sakene reiste rettsspørsmål der internasjonale rettskjelder er sentrale. Plenum: Tre saker blei i 2007 behandla av Høgsterett i plenum. Sakene blei behandla i samanheng. To av sakene gjaldt spørsmålet om føresegna i tomtefestelova om rett til å forlengje ein festekontrakt på same vilkår som tidlegare var i strid med forbodet i Grunnlova mot ekspropriasjon utan full erstatning og forbodet i Grunnlova mot at lover skal få tilbakeverkande kraft. Den tredje saka gjaldt spørsmålet om føresegna i tomtefestelova som under visse omstende gir ein festar rett til å løyse inn ei festetomt til 40 % av tomteverdien på innløysingstidspunktet, var i strid med forbodet i Grunnlova mot ekspropriasjon utan full erstatning. Saksbehandlingstid: Saksbehandlingstida har vore like tilfredsstillande i 2007 som i 2006. Sakene kjem opp så raskt det lèt seg gjere ut frå førebuingane og programmet til prosessfullmektigane. Det er ikkje ventetid for å få ei sak opp i Høgsterett. Internasjonal verksemd: I tillegg til å dømme har Høgsterett i 2007 hatt ei utstrekt internasjonal verksemd. Dels har Høgsterett teke imot besøk frå utanlandske juristmiljø, særleg domstolar, dels har dommarane

og i nokon grad andre frå domstolen delteke på kongressar, seminar og faglege møte i andre land. Det nordiske samarbeidet står her i ei særstilling. Formålet med den internasjonale verksemda er todelt. Ho skal bidra til kompetanseheving i Høgsterett, og ho skal vere eit bidrag til rettsstatsoppbygging og rettsstatsutvikling i andre land. Endringar i samansetninga av dommarar Avdelingsdirektør Hilde Indreberg tiltredde som høgsterettsdommar 1. april 2007. Høgsterettsdommar Georg Fredrik Rieber-Mohn fråtredde som høgsterettsdommar 31. oktober 2007. Lagmann Arnfinn Bårdsen blei utnemnd som høgsterettsdommar 7. desember 2007 og tiltrer 1. juli 2008. Professor dr. juris. Tone Sverdrup har vore konstituert som høgsterettsdommar i perioden frå 10. august 2006 til 8. april 2007, og er konstituert i perioden frå 5. november 2007 til 20. januar 2008. Høgsterettsdommar Ole Bjørn Støle blei i juli 2006 utnemnd som dommar ved ICTY i Haag (Krigsforbrytartribunalet for eks-jugoslavia) for ein treårsperiode og har permisjon frå embetet som høgsterettsdommar. Fylkesreiser: Som øvste domstol og som den domstolen som dekkjer heile Noreg, legg Noregs Høgsterett stor vekt på å skaffe seg kunnskap om landet vårt. Som eit ledd i dette arbeidet reiser Høgsterett på synfaring/besøk til ulike delar av landet for å gjere seg kjende med særleg næringsliv, offentlege institusjonar og kultur. I 2007 gjekk reisa til Hedmark fylke. Besøk i Høgsterett: Høgsterett tek imot mange på besøk. Ulike grupper jusstudentar, organisasjonar og foreiningar får omvising og orientering både om domstolane generelt og om Høgsterett. Høgsterett har i 2007 gjennomført i alt 49 omvisingar og orienteringar for til saman over 1000 personar. Sakstypar Ulike sakstypar behandla av Høgsterett i avdeling i 2007 I. Sivile saker: (a) Avtalerett/fordringar/obligasjonar 8 (b) Familie/arv/skifte 5 (c) Tingsrett 10 (d) Erstatningsrett 7 (e) Forsikringsrett 6 (f) Skattar/avgifter 11

(g) Trygderett 5 (h) Ekspropriasjon/skjønn 6 (i) Forvaltningsrett 13 (j) Odelsrett 3 (k) Offentlege innkjøp 3 (l) Selskapsrett 3 Høgsterett behandla i 2007 seks saker om tomtefeste, av dei var tre plenumssaker. II. Straffesaker (a) Narkotikabrotsverk 9 (b) Seksualbrotsverk 9 (c) Drap 5 (d) Andre typar lekamskrenkingar 11 (e) Formuesbrotsverk (tjuveri, ran o.a.) 7 (f) Ulike typar økonomisk kriminalitet 7 (g) Miljøkriminalitet 6 (h) Brot på vegtrafikklova 9 Høgsterett behandla ni straffesaker der det særleg var spørsmål om bruk av samfunnsstraff, jf. straffelova 28 a, og fem saker der det var spørsmål om forvaring, jf. straffelova 39 c flg. Det var fire straffesaker til behandling som gjaldt spørsmål om myndigheitsutøving frå politiet. Høgsterett behandla i 2007 for første gong spørsmålet om brot på hundelova. Utoverretta verksemd Besøk i Noregs Høgsterett Besøk av ein vietnamesisk delegasjon i samband med eit menneskerettsdialogmøte i Oslo i regi av Utanriksdepartementet (15. januar) Besøk av Romanias ambassadør til Noreg (24. januar og 5. februar) Besøk av Brasils ambassadør til Noreg (5. februar) Besøk av ei kinesisk gruppe i regi av Norsk senter for menneskerettigheter (8. mars) Besøk av studentar frå The European Law Students Association (16. april) Besøk av ein delegasjon frå Latvia i regi av Justisdepartementet (19. april) Besøk frå FNs arbeidsgruppe mot vilkårleg fengsling i regi av Justisdepartementet (30. april) Besøk av ein delegasjon frå indonesiske domstolar, m.a. Indonesias høgsterett, i regi av Utanriksdepartementet (14. mai) Besøk av to grupper amerikanske studentar frå Hamline og North Dakota (12. juni)

Besøk av ein delegasjon frå China Law Society i regi av Norsk senter for menneskerettigheter (25. juni) Besøk av ein delegasjon koreanske advokatar i regi av The Judicial Research and Training Institute, Korea (9. juli) Besøk frå The International Summer School, Oslo (27. juli) Besøk av ein delegasjon frå det vietnamesiske utanriksdepartementet og frå Vietnams ambassade i København i samband med førebuinga av eit offisielt besøk i Noreg av Vietnams president (20. september) Besøk av dommarar frå Taiwan i regi av Dommerforeningen (1. oktober) Besøk av dommarar frå Folkerepublikken Kina i regi av Dommerforeningen (26. oktober) Besøk av studentar frå USA, Namibia, Zambia og Tanzania (29. oktober) Besøk av tenestemenn frå Indonesia, Kina og Vietnam, i regi av Norsk senter for menneskerettigheter (21. november) Besøk av dommarar frå Subordinate Court i Singapore i regi av Oslo tingrett (6. desember) Besøk av Sør-Koreas ambassadør til Noreg (14. desember) Høgsterett har delteke med representantar på desse arrangementa i utlandet: Seminar i Cour de Cassation, Paris (26. januar) European Conference of Judges, Roma (26. 27. mars) Nordisk dommarseminar, Stockholm (29. 30. mars) Besøk i The Constitutional Court of the Republic of Slovenia og The Supreme Court of the Republic of Slovenia, Ljubljana (16. 18. april) SEND-seminar (Samarbetsorganet för Efterutbildning av Nordens Domare), København (23. 25. mai) Konferanse i regi av the Joint Council on Constitutional Justice of the European Commission for Democracy through Law, Venezia (29. 30. mai) Nordisk høgsterettsbibliotekarmøte, Reykjavik (7. 8. juni) Konferanse om Jurisdiction of the Constitutional Court and the European Court of Human Rights in Conflict Zones, Batumi, Georgia (6. 7. juli)

Nordisk høgsterettspresidentmøte, Bornholm (29. 31. august) Markering av 15-årsjubileet for Estlands konstitusjon og konferanse i regi av Estlands høgsterett og Venice Commission, Tallin (5. 7. september) Konferanse om European and International Uniform Law i regi av The European Legal Forum, Firenze (26. 27. oktober) Konferanse The International Association of Supreme Administrative Jurisdictions, Bangkok (21. 25. november) Studiebesøk i High Courts i Nord-Irland i regi av The European Judicial Training Network (26. november 7. desember) 15-årsjubileum for opprettinga av Romanias konstitusjonsdomstol og konferanse om The Constitutionalization of Political-Legal Life The Role of Constitutional Courts, Bucuresti (6. 7. desember) Andre arrangement o.a. Nordisk Kanslichefmøte, Oslo (7. 8. mai) Tvistelovsdagen, Trondheim (9. mai) Domstolleiarmøte, Trondheim (10. 11. mai) Høgsteretts fylkestur til Hedmark (17. 19. september) Den internasjonale Dommerunions 50-årsmøte, Trondheim (24. 25. september) Dommarane i Høgsterett har delteke som dommarar i prosedyrekonkurransar ved universiteta i Oslo og Bergen.

FORRETNINGSSTATISTIKK FOR HØGSTERETT 01.01.2007 31.12.2007 VERKSEMDA I KJÆREMÅLSUTVALET SIVILE SAKER Sivile ankesaker Ikkje avgjorde saker ved starten av perioden 42 Innkomne saker 457 Avgjorde saker 460 Ikkje avgjorde saker ved slutten av perioden 38 Resultat: Anken vist til Høgsterett Anken nekta fremma Anken avvist Heva ankesaker Ankeløyve gitt (verdi/dir.) Ankeløyve ikkje gitt Anna 71 saker 362 saker 3 saker 2 saker 3 saker 14 saker 5 saker 460 saker Sivile kjæremål Ikkje avgjorde saker i kjæremålsutvalet ved starten av perioden 39 Innkomne kjæremål 388 Innkomne andre saker 11 Saker avgjorde i kjæremålsutvalet 388 Ikkje avgjorde saker i kjæremålsutvalet ved slutten av perioden 50 Resultat: Kjæremål viste til Høgsterett Forkasta eller stadfesta Tekne til følgje/oppheva Kjæremålet avvist Heva kjæremål Anna 4 saker 292 saker 40 saker 34 saker 5 saker 13 saker 388 saker HØGSTERETT I AVDELING SIVILE SAKER

SIVILE ANKESAKER Ikkje avgjorde saker ved starten av perioden 43 Saker viste til behandling 77 Avgjorde saker 81 Saker behandla i plenum 3 Heva saker 0 Ikkje avgjorde saker ved slutten av perioden 39 SIVILE KJÆREMÅL OG ANDRE SAKER Ikkje avgjorde saker ved starten av perioden 6 Saker viste til behandling 4 Avgjorde saker 4 Saker behandla i plenum 0 Heva saker 0 Ikkje avgjorde saker ved slutten av perioden 6 SIVILE SAKER SAMLA Ikkje avgjorde saker ved starten av perioden 49 Saker viste til behandling 81 Avgjorde saker 85 Saker behandla i plenum 3 Heva saker 0 Ikkje avgjorde saker ved slutten av perioden 45 BEHANDLINGSTID FOR SIVILE SAKER KJÆREMÅLSUTVALET OG HØGSTERETT I AVDELING Gjennomsnittleg behandlingstid for ankesaker frå dei kom inn til Høgsterett, til dei 0,7 md. var avgjorde i kjæremålsutvalet Gjennomsnittleg behandlingstid for kjæremål frå dei kom inn til Høgsterett, til dei var 0,7 md. avgjorde i kjæremålsutvalet Gjennomsnittleg behandlingstid for sivile saker frå dei kom inn til Høgsterett, til dei 1,0 md. blei tilviste frå kjæremålsutvalet

Gjennomsnittleg behandlingstid for sivile saker frå dei blei tilviste frå kjæremålsutvalet, til dei var avgjorde i Høgsterett Gjennomsnittleg samla behandlingstid for sivile saker frå dei kom inn til Høgsterett, til dei var avgjorde i Høgsterett Gjennomsnittleg saksbehandlingstid for alle avgjorde sivile saker (kjæremålsutval + Høgsterett i avdeling) 5,9 md. 6,9 md. 1,3 md. VERKSEMDA I KJÆREMÅLSUTVALET STRAFFESAKER Straffeankar Ikkje avgjorde saker ved starten av perioden 54 Innkomne saker 428 Avgjorde saker 447 Ikkje avgjorde saker ved slutten av perioden 34 Resultat: Anken tillaten fremma Anken ikkje tillaten fremma Anken avvist Anken fråfallen/heva Ankeløyve gitt (dir. anke) Ankeløyve ikkje gitt Anna 85 saker 346 saker 3 saker 12 saker 0 saker 0 saker 1 saker 447 saker Straffekjæremål Ikkje avgjorde saker i kjæremålsutvalet ved starten av perioden 34 Innkomne kjæremål 543 Innkomne andre saker 22 Saker avgjorde i kjæremålsutvalet 555 Ikkje avgjorde saker i kjæremålsutvalet ved slutten av perioden 41 Resultat: Kjæremål viste til Høgsterett Forkasta eller stadfesta Tekne til følgje/oppheva Kjæremålet avvist Kjæremålet fråfalle Anna 4 saker 435 saker 63 saker 18 saker 9 saker 26 saker 555 saker

HØGSTERETT I AVDELING STRAFFESAKER STRAFFEANKAR Ikkje avgjorde saker ved starten av perioden 28 Saker tillatne fremma til behandling 85 Avgjorde saker 95 Saker behandla i plenum 0 Heva saker 3 Ikkje avgjorde saker ved slutten av perioden 15 STRAFFEKJÆREMÅL OG ANDRE SAKER Ikkje avgjorde saker ved starten av perioden 2 Saker viste til Høgsterett 6 Avgjorde saker 2 Saker behandla i plenum 0 Heva saker 0 Ikkje avgjorde saker ved slutten av perioden 6 STRAFFESAKER SAMLA Ikkje avgjorde saker ved starten av perioden 30 Saker tillatne fremma til behandling / viste til Høgsterett 91 Avgjorde saker 97 Saker behandla i plenum 0 Heva saker 3 Ikkje avgjorde saker ved slutten av perioden 21 BEHANDLINGSTID FOR STRAFFESAKER KJÆREMÅLSUTVALET OG HØGSTERETT I AVDELING

Gjennomsnittleg behandlingstid for ankesaker frå dei kom inn til Høgsterett, til dei var avgjorde i kjæremålsutvalet Gjennomsnittleg behandlingstid for kjæremål frå dei kom inn til Høgsterett, til dei var avgjorde i kjæremålsutvalet Gjennomsnittleg behandlingstid for straffesaker frå dei kom inn til Høgsterett, til kjæremålsutvalet tillét saka fremma Gjennomsnittleg behandlingstid for straffesaker frå kjæremålsutvalet tillét saka fremma, til avgjerda i Høgsterett Gjennomsnittleg samla behandlingstid for straffesaker frå dei kom inn til Høgsterett, til avgjerda i Høgsterett Gjennomsnittleg saksbehandlingstid for alle avgjorde straffesaker (kjæremålsutval + Høgsterett i avdeling) 0,8 md. 0,3 md. 0,8 md. 2,9 md. 3,7 md. 0,8 md.