ROS Utviklingsplan HMR 2019-2022 (2035)
Innhald Introduksjon... 3 Bakgrunn... 3 Risikovurdering av Utviklingsplanen... 3 Metode... 4 Ekspertgruppa... 5 Identifisering av risikoområder... 7 Risikopresentasjon... 9 Risiko 1a... 9 Risiko 1b... 11 Risiko 1c... 13 Risiko 2... 16 Risiko 3... 18 Risiko 4... 20 Risiko 5... 22 Risiko 6... 24 Risiko 7... 26 Risiko 8... 28 Bibliografi... 30 2
Introduksjon Bakgrunn Helse Møre og Romsdal HF har gjennom fleire styresaker gjort vedtak om vidareføring og revidering av utviklingsplanen. Føremålet er å gi eit bilete av ei samla utviklingsretning for dei viktigaste innsatsfaktorane; organisering og leiing, kompetanse, teknologi, samhandling, bygg m.m. Overordna målsetting er å leggje til rette for framtidsretta pasientbehandling og god bruk av ressursar. Føringar som vart vedtatt av styret i Helse- Midt Norge RHF 16. juni 2016, inklusive nasjonale og regionale prioriteringar knytt til utviklingsretningar og prosess, forankrar planarbeidet. Arbeidet skal sjåast i nær samanheng med Nasjonal helse- og sjukehusplan, vedtatt Helse Midt-Norge RHF sin Strategi 2030 og andre regionale strategiar og fagplanar. Høyringsutkastet for Utviklingsplanen vart lagt fram og vedtatt av styret 25. oktober 2017, jfr.sak 62/2017. Høyringsperioden vart sett til 26. oktober - 7. desember. Etter tilbakemeldingar frå tillitsvalde og enkelte fagmiljø i føretaket, som viste til manglande involvering i arbeidet, vart den interne høyringsfristen forlenga til 20. desember. Som ei følgje av høyringa, har ein fått i overkant av 100 innspel til Utviklingsplanen, som er med å danne grunnlag for vurderingar av den utviklingsretninga som var lagt fram i høyringsutkastet og eventuelle justeringar i planen som skal vedtakast av styret 21. februar 2018. Risikovurdering av Utviklingsplanen Helse Møre og Romsdal HF si overordna målsetting er å sikre samfunnsoppdraget som er fastsett i gjeldande- lov og forskriftsverk. Ein skal mellom anna legge til rette for tenester som er tilgjengelege, likeverdige, tilpassa brukarane sine behov, som er av god kvalitet, og sikre at ressursane blir nytta best mogleg. For å sikre at vegval og satsingar i Utviklingsplanen bidrar til ei berekraftig utvikling som understøttar samfunnsoppdraget, vart det lagt opp til ei risikovurdering av Utviklingsplanen. Med utgangspunkt i kontekstmodellen for Helse Møre og Romsdal er føremålet å ta avgjerd om risikoar som grunnlag for planlegginga 1. Jamfør Forskrift om ledelse- og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten omfattar styring av verksemda korleis aktivitetar planleggast, gjennomførast, evaluerast og korrigerast i samsvar med krav fastsette eller i mehold av helse- og omsorgslovgivinga. Jamfør 6.d og e i same forskrift, ligg det førande i planlegginga at verksemda skal ha oversikt over område der det er risiko for svikt eller mangel på myndigheitskrav og område der det er behov for vesentleg forbetring av kvaliteten på tenestene og pasient- og brukartryggleik. Verksemda skal planlegge korleis identifiserte risikoar kan minimaliserast med særleg vekt på risikofaktorar knytt til samhandling internt og eksternt (Helse- og omsorgsdepartementet, 2017). 1 Internasjonal standard (ISO 9001:2015) angir krav til at organisasjonen skal forstå sin kontekst og bestemme risikoar som eit grunnlag for planlegginga (Standard Norge, 2015) 3
Føringane i forskrifta er vidare nedfelt som eigarkrav frå Helse- og omsorgsdepartementet til Helse Midt-Norge RHF. Det er utarbeida eit rammeverk for risikostyring, for å sikre styra og leiinga si involvering i utvikling og tilpassing av risikostyring, som del av ei vidareutvikling av både RHF-et og helseføretaka si verksemdsstyring (Helse Midt-Norge, 2016). Figur 0.1 Kontekstmodell Helse Møre og Romsdal HF Metode Ei risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) bidreg til å gi ei oversikt over forhold som kan redusere eller true eit system si evne til å fungere. I ein slik prosess identifiserast relevante sårbarheiter og risikoar. Denne gjennomgangen av Utviklingsplan HMR tar utgangspunkt i hovudprinsippa for risikovurderingar, slik dei mellom anna er skildra i Norsk Standard 5814:2008 "Krav til risikovurderinger" (NS 5814) og HMN sitt rammeverk for risikostyring. NS 5814 stiller krav om at risikovurderingar skal inngå som eit element i all risikostyring. Dei skal gi nødvendig fagleg grunnlag for avgjersler knytt til sikkerheit. Vurderingane er med å gje leiinga auka kunnskap slik at dei igjen kan velje dei mest robuste løysingane, dvs. dei med lavast ibuande negativ risiko. NS 5814 trekk og fram god kommunikasjon med interne og eksterne interessentar som eit sentralt element i desse vurderingane: "Under arbeidet med risikovurderingen er god kommunikasjon med aktuelle interne og eksterne interessenter viktig. Dette sikrer tilgang til all relevant informasjon og bidrar til at oppdragsgiver/beslutningstaker får forankring/eierskap til vurderingens konklusjoner og anbefalinger" (Norsk Standard, 2008, s. 3) Analysen er førebudd av Fagavdelinga i Helse Møre og Romsdal med utgangspunkt i Utviklingsplanen sine høyringssvar. Risikoanalysen blei gjennomført som ein workshop over ein dag med analysegruppe (heretter omtala som ekspertgruppa) samansett av styringsgruppa for Utviklingsplanarbeidet. For å sikre det 4
kommunale perspektivet, blei fire kommunale representantar oppnemnde som medlemmar av styringsgruppa medio januar 2018. Tilrådde risikoreduserande tiltak er henta ut i frå diskusjonen i ekspertgruppa under workshopen. I vurdering av risiko er det nytta skalaer for sannsynleg og konsekvens, og risikoen er plotta inn i ei risikomatrise. I analysen vart det nytta ei tre-trinns matrise, men i diskusjonane vart det i fleire høve vurdert det som hensiktsmessig å plassere risikoen mellom to av nivåa. I rapporten vert difor risikoane presentert i ei matrise over fem trinn. Ekspertgruppa Tabell 1 Ekspertgruppa NAMN Stilling/ arbeidssted Espen Remme Administrerande direktør Helge Ristesund Assisterande direktør Jo-Åsmund Lund Fagdirektør Mariann Hagerup Gammelsæther Konstituert fagdirektør frå 1.12.18 Heidi Nilsen Økonomidirektør Ragnhild Remøy HR-direktør Ketil Hjelset Konstituert HR-direktør frå 1.1.18 Trine Kvalheim Kommunikasjonsdirektør Kjersti Bergjord Klinikksjef Klinikk for akuttbehandling Svanhild Tranvåg Klinikksjef Klinikk for diagnostikk Mona Aagaard-Nilsen Klinikksjef Klinikk for drift og eigedom Astrid Johanne Brandshaug Klinikksjef Klinikk for kirurgi Henrik Erdal Klinikksjef Klinikk for kvinner, barn og ungdom Torstein Hole Klinikksjef Klinikk for medisin og rehabilitering Karl-Arne Remvik, Klinikksjef Klinikk for psykisk helse og rus Anette Lekve Føretakstillitsvalt NSF John Kristians Høye Føretaksitillitsvald Norsk overlegeforening Ida Camilla Monn Birkhaug Føretakstillitsvald Yngre legers foreining Bjarte Jensen Hovudverneombud Asbjørn Gausdal Brukarrepresentant Jacob Strand Brukarrepresentant Kjetil Fylling Nordre Sunnmøre, kommunalsjef Sula kommune Arne Gotteberg Søre Sunnmøre, kommuneoverlege og fagsjef Ørsta og Volda kommune Cato Innerdal Romsdal, kommuneoverlege Molde kommune Siv Iren Stormo Andersson Nordmøre, kommuneoverlege Kristiansund kommune Forfall: Arne Gotteberg, Siv Iren Stormo Andersson, Trine Kvalheim, Jo-Åsmund Lund, Ragnhild Remøy Andre deltakarar: Prosessrettleiarar: Kvalitetssjef HMR Vidar Hagerup og seniorrådgivar Fredrik Møller-Christensen Kommunikasjon: Rådgivar Hege Hegle, rådgivar Guri Viken på vegne av Trine Kvalheim. 5
Sekretariat Utviklingsplan: Rådgivar Lena Bjørge Waage Strategirådgivar Anne Strand Alfredsen Larsen 6
Identifisering av risikoomra der Som forarbeid for ROS- analysen, vart det gjennomført eit arbeid for å identifisere mulige risikoområde for Utviklingsplanen HMR 2019-2022 (2035). Med utgangspunkt i høyringsutkastet for Utviklingsplanen og høyringsinnspela som har kome, har ein vurdert risikoområde opp mot Helse Møre og Romsdal si evne til å følgje opp forpliktinga som er nedfelt i helse- og omsorgslovgivinga. Det peika seg ut fleire risikoområder som vart lagt fram for ekspertgruppa for vurdering, med spørsmål om desse var dei rette, om det er andre område ein bør peike på som risikoområde og i så fall kva for område. Oppsummeringa viser følgjande risikoområder 2 ; Risiko 1a Risiko 1b Risiko 1c Risiko 2 Risiko 3 Risiko 4 Risiko 5 Risiko 6 Helse Møre og Romsdal HF si evne til å sette brukaren i sentrum gjennom samhandling/ heilskap, oppgåve- og ansvarsdeling. (Pasientperspektiv). Uro knytt til interne geografiske/faglege interesser utfordrar Helse Møre og Romsdal HF si evne til å sikre best mogleg pasienttilbod gjennom samhandling/ heilskap, oppgåve- og ansvarsdeling. Helse Møre og Romsdal HF si evne til å sikre best mogleg pasienttilbod gjennom ekstern samhandling/ heilskap, oppgåve- og ansvarsdeling. Nok helsepersonell med rett kompetanse. Helse Møre og Romsdal HF si evne til å prioritere psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Helse Møre og Romsdal HF si evne til å ta i bruk teknologi og elektroniske samhandlingsverktøy, herunder Helseplattformen. SNR Helse Møre og Romsdal HF si evne i prosjektperspektivet til å sikre samarbeid og rekruttering i interimsfasen. Helse Møre og Romsdal HF si evne til å sikre intern og ekstern involvering, og forankring. 2 Det vart i tillegg drøfta og vurdert risikoområde knytt til Helse Møre og Romsdal HF si evne til å sikre beredskap, samfunnstryggleik og tilgjengeleg helsehjelp. Området sin kompleksitet utfordra ekspertgruppa i å ta dei nødvendige vurderingane i møtet. Det vart tatt avgjerd om at området knytt til samfunnstryggleik og beredskap må sikrast skildra i Utviklingsplanen og må få merksemd vidare i høve til gjeldande ansvarsområde for HMR. Det visast til at området også er forankra i eigen delavtale til Samhandlingsavtalen mellom HMR og kommunane (2015:delavtale 11). 7
Risiko 7 Risiko 8 Helse Møre og Romsdal HF si evne til å gjere prioriteringar for å sikre berekraft både til investeringar og drift. Helse Møre og Romsdal HF si evne til å vedlikehalde og utvikle bygningsmessig infrastruktur og utstyr (herunder også MTU). 8
Risikopresentasjon Risiko 1a Helse Møre og Romsdal HF si evne til å setje brukaren i sentrum gjennom samhandling/heilskap, oppgåve- og ansvarsdeling (pasientperspektiv). Ekspertgruppa si vurdering Kor vidt Helse Møre og Romsdal leve opp til forventingar om å utvikle pasienten si helseteneste, blir vurdert ut frå eigen ståstad som kan sjå ulik ut alt etter kvar ein kjem frå. Ekspertgruppa viser til at føretaket kan bli flinkare til å involvere pasienten i tenestedesign og då retta mot planlegging og utvikling av pasientforløp. Dersom helseføretaket ikkje evnar å leve opp til å setje brukaren i sentrum, kan ein konsekvens vere pasientflukt. Dette blir grunngjeve med usemje internt i føretaket om korleis tilbod skal dimensjonerast, som kan utfordre føretaket si evne til å utvikle robuste fagmiljø lokalt. Pasientopplevd kvalitet kan forringast, som kan føre til at pasientar vel å reise ut av fylket for å få det beste tilbodet, eller må reise, på grunn av manglande tilbod lokalt. Dersom ein ikkje klarer å legge til rette for god samhandling med brukarane, viser ekspertgruppa til at det i seg sjølv kan bidra til å redusere kvaliteten på tenestene og dei kan blir mindre kostnadseffektive. Brukarane sit med kunnskap om forventing og behov, som kan nyttiggjerast både på individnivå og systemnivå. Det visast også til at helseføretaket må få samhandlinga med andre helseaktørar til å fungere godt, slik at helsetenestene kan utviklast saumlause med klar ansvar- og oppgåvefordeling mellom nivåa. Dårleg utvikla pasientforløp kan igjen føre til utfordringar i høve rekruttering og tap av kompetanse. Dette kan belaste samfunnet ytterlegare i form av overbehandling, auka ventetider, dårlegare/ feil behandling med meir. Dersom dette får utvikle seg kan ein konsekvens for føretaket, vere negativt omdømme og svekka tillit. 9
Risiko-score Dersom Helse Møre og Romsdal ikkje har pasienten i sentrum blir konsekvensen vurdert som stor. I høve til vurdering av grad av sannsynlegheit vurderast det til sannsynleg (av og til, ikkje heile tida). Ekspertgruppa viser til den auka mengda med samhandlingsavvik. Det vert også vist til at høyringsinnspela i liten grad viser til pasienten. Om pasientperspektivet ligg som grunnleggande i uttalane, blir det stilt spørsmål om ein ser pasienten ut frå eigen ståstad, heller enn «vår pasient». Eksisterande risikoreduserande tiltak Merksemd i føretaket om å ta brukarane aktivt med i planlegging og utvikling av tenestene på systemnivå. Merksemd i føretaket om å ta pasientane med i avgjerd knytt til eiga helse og behandling. Pasient- og pakkeforløp er ein sentral del av det kontinuerlege forbetringsarbeidet i føretaket. Merksemd i høve til å vidareutvikle samhandlinga med kommunane t.d gjennom revisjon og oppfølging av samhandlingsavtalar, samhandlingsstruktur og felles satsingsområde. (Helse Møre og Romsdal HF, 2017) Foreslåtte nye risikoreduserande tiltak Inkludere brukaren (i større grad) i design av tenestene (forløpa) Betre samhandlinga mellom nivåa Opplæring, informasjon og ansvar for eiga helse Betre administrative rutinar 10
Risiko 1b Uro knytt til interne geografiske/faglege interesser utfordrar Helse Møre og Romsdal HF si evne til å sikre best mogleg pasienttilbod gjennom samhandling/heilskap, oppgåve- og ansvarsdeling. Ekspertgruppa si vurdering Høyringsinnspela gir ein indikasjon på ei geografisk deling internt i høve til korleis tenestetilbodet bør utviklast. Usemje i fagmiljøa mellom dei fire sjukehusa kan utfordre ei utvikling som legg til rette for robuste fagmiljø og god ressursbruk. Ekspertgruppa viser til at ein må kunne snakke om kva ulike interesser kan tyde for helseføretaket si utvikling og kva som er drivarane i dette. Innspel frå brukarane viser på den andre sida er at dei ikkje ser på høvet knytt til geografi som ei stor utfordring, og at ein er meir opptatt av å få dei tenestene ein har behov for. Dersom høvet til ulike geografiske og faglege interesser får utvikle seg, kan det føre til ei utfordring knytt til rekruttering. Mangel på nok personell kan føre til eit dårlegare fagleg tilbod og hindre utvikling av nye faglege tilbod. Det visast vidare til slitasje på tilsette, men også slitasje på organisasjonen og leiinga i føretaket. Evnar ein ikkje å skape felles kultur i føretaket, kan det utfordre å einast om felles målsettingar og råke både den interne samhandlinga, samhandlinga mellom helseføretaka i regionen og ut mot kommunane og andre helseaktørar. Helseføretaket si evne til å prioritere og gjere nødvendige investeringar kan blir utfordra, kapasitet, produktivitet og fleksibilitet kan bli svekka. Mistillit til leiinga og leiinga sine avgjersler kan auke. Ekspertgruppa viser vidare til redusert økonomisk bæreevne og tap av omdømme. Vidare vil dette kunne hindre føretake sin organisatoriske fleksibilitet, ein eigenskap som er særs viktig med tanke på det utviklingsbildet som er skissert for helsetenestene framover, då både på kortare og lengre sikt. Risiko-score Dess lengre uroa får utvikle seg, dess større kan konsekvensen bli. Det visast til at slitasjen no er så 11
stor og det er forventingar knytt til avgjerd for å kome seg vidare. Det visast til flukt frå leiarstillingar og tilsette. Sannsynlegheita blir vurdert til å ligge mellom sannsynleg og svært sannsynleg. Eksisterande risikoreduserande tiltak Tverrgåande organisering av klinikkar for å utvikle fellesskap Organisasjonsutvikling med fokus på pasientverdiprosessen Kontinuerleg forbetring som hovedstrategi Ambisjonar og merksemd i høve o Fag og kvalitet o Heilskap og samarbeid o Leiing o Økonomi (Helse Møre og Romsdal HF, 2017) Tilrådde nye risikoreduserande tiltak Fysiske møteplassar på tvers av klinikkar for å fremme samarbeid Standardisering Få på plass standardiserte metoder, rutiner, bygge på evidensbasert kunnskap, OU Leirutviklingsprogram, systematisk undervisning på tvers, tydleg ansvars og rollefordeling Kultur, haldningar kjenne kvarandre Vidare arbeid med openheit og involvering Viktig å kommunisere risikobilete og konsekvensane av dette Oppfølging av tiltak iht innsparingar Regional fagleiarsatsing Organisatorisk samordning iht jobbgliding Lage ein tydleg formulert utviklingsplan med gjennomføring Leiing i meir aktivt samarbeid med pasientorganisasjonane kva forventar pasientane av HMR? Utvikle semje om utvikling av behandlingstilbod. Vidareutvikle arbeidet med internkontroll i helseføretaket 12
Risiko 1c Helse Møre og Romsdal HF si evne til å sikre best mogleg pasienttilbod gjennom ekstern samhandling/heilskap, oppgåve- og ansvarsdeling. Ekspertgruppa si vurdering Dersom Helse Møre og Romsdal ikkje evnar å legge til rette for god samhandling med eksterne samarbeidspartar, visast det til fleire uheldige konsekvensar for det totale pasienttilbodet. Eksterne samarbeidspartar kan mellom anna vere St.Olavs Hospital, private, utdanningsinstitusjonane og den kommunale helse- og omsorgstenesta. Det visast til at fragmentering og dårleg koordinering kan føre til ineffektive pasientforløp og unødig ressursbruk. Kvaliteten på tenestene kan bli betydeleg redusert, noko som grip direkte inn på pasienttryggleiken. Manglande samhandling kan føre til at pasientar får behandling på for høgt/ lågt behandlingsnivå, unødige innleggingar i sjukehus og auka liggetider. Dette byggjer ikkje opp under samhandlingsreforma sine intensjonar om å utvikle tenestene, nær der pasientane bur. Det visast til at for mange pasientar tilvisast St.Olavs hospital, som i staden kunne vore handtert lokalt. Pasientane kan då sleppe unødig lang reiseveg og det gir samtidig betre ressursutnytting. Dårleg flyt mellom nivå kan føre til uføreseieleg drift, då det utfordrar planlegging av drifta som igjen kan føre til lågare produktivitet og negative økonomiske konsekvensar. Samhandling fordrar også samarbeid om helsepersonell, og konflikt mellom nivå eller samarbeidspartar kan føre til dårlegare rekruttering og tap av kompetanse ved at tilsette vel å flytte. Robustheia kan bli svekka og det kan føre til tap av omdømme. Risiko-score 13
Konsekvensen blir vurdert som stor dersom ein ikkje får til samhandlinga. Der er usemje i gruppa kring sannsynlegheit. Konklusjonen er delt mellom sannsynleg og svært sannsynleg. Frå brukarane si side trur ein at ein vil stå i denne problemstillinga heile tida, og difor vert dette vurdert som svært sannsynleg. Eksisterande risikoreduserande tiltak Regionalt samarbeid mellom HF i Helse Midt-Norge RHF Samarbeid med St.Olavs hospital innan dei fleste fagområde o Formaliserte og standardiserte pasientforløp o Regionale samarbeidsmøter o Særskilde samarbeidsavtalar og/eller fagleiarnettverk Samarbeid med kommunane i Møre og Romsdal o Samhandlingsavtale o Samhandlingsstruktur o Felles samhandlingsstrategi o Felles satsingar i Utviklingsplanen o Pasientforløp o Digital samhandling Samarbeid med Utdanningsinstitusjonar o Felles oppgåver og utfordringar innan forsking, innovasjon, utdanning og kompetanseutvikling. o Utdanning gjennom praksisstudier o Satsing i høve FIUK (Forsking, Innovasjon, Utdanning og Kompetanse) (Helse Møre og Romsdal HF, 2017) (Helse Møre og Romsdal HF, 2017) Tilrådde nye risikoreduserande tiltak Samhandling mellom kommunar og HF må bli betre, styrke samarbeidet mellom HF og kommunane Møteplassar melom fastlegar kommunane og legar i sjukehus Tydlegare samarbeidsavtalar om utdanning Skape tydlege ansvarslinjer i fellesskap med samarbeidspartnarar Få reforhandlingar av samhandlingsavtalane inn på eit konstruktivt spor Internkontroll i samhandlinga (t.d forsking iht effekt på samhandlinga), felles internrevisjonsprogram Samarbeid om regional, fagleg utvikling Tydelegare og klarare på det lovmessige kravet spesialisthelsetenesta har iht opplæring og rettleiing mot kommunane Gjensidig kompetanseoverføring Styrke brukarstemma Samarbeidsfora på tvers av nivå/faggrupper, regional fagleiarnettverk 14
Ambulant verksemd; gjere kommunane i stand til å yte helsehjelp med støtte frå spesialisthelsetenesta Helseplattforma og utnytting av ny teknologi Likeverd i samhandlinga 15
Risiko 2 Nok helsepersonell med rett kompetanse. Ekspertgruppa si vurdering Ulike klinikkar har ulike behov for kompetanse, noko som krev ei differensiering i kompetanseprofil. Når ein ikkje har «nok» av «rett kompetanse» får det både kortsiktige og langsiktige konsekvensar. Ein ytste konsekvens er at omdømmet kan bli svekka, noko som vidare kan føre til at pasientane veljar andre behandlingstilbod utanfor HMR. Dette vil også få konsekvensar for rekruttering. For lite tilgang på helsepersonell med rett kompetanse vil føre til variasjonar i kvaliteten på pasienttilbodet og lågare produktivitet, og likeverdighetsomgrepet vil bli utfordra. Kommunar og helseføretak konkurrerer om dei same ressursane, og klarer ein ikkje å samarbeide vil det også utgjere ein risiko for rekrutteringa. Arbeidskrafta er berebjelken i utøvinga av helsetenestene, og dersom ein ikkje evnar å byggje opp denne både med tanke på rett kompetanseprofil og rett volum, utfordrar ein helseføretaket si totale berekraft. Såleis er dette ein risiko både for kvalitet, tilgjengelegheit, økonomi og utviklingsmoglegheiter generelt. Risiko-score Gruppa vurderer konsekvensen som stor for helseføretaket sett i eit heilskapsperspektiv. Men det blir problematisert at tidsperspektivet er med på å definere sannsynlegheita. Klarer ein å lukkast med dei risikoreduserande tiltaka, vil det også gjere noko med graden av sannsynlegheit for at dette slår inn. 16
Eksisterande risikoreduserande tiltak Stipend for vidareutdanning av sjukepleiarar innan anestesi, intensiv og operasjon (AIO). Pilotprosjekt for å få spesialsjukepleiarar til å stå lenger i arbeid (Klinikk for akuttbehandling). Satsinga i samhandlingsperspektivet FIUK Forsking, innovasjon, utdanning og kompetanseutvikling Tilrådde nye risikoreduserande tiltak Avklare kva tilbod og fagmiljø HMR skal ha i 2022 og framover HMR må vere tydeleg på tal og type personell med «rett kompetanse» ein treng for å skape føreseielegheit Jobbgliding Kompetansedeling og samarbeid på tvers av helseføretaka i regionen vil vere med på å få bort variasjonar og skape eit likeverdig helsetilbod for pasientane Jobbe for eit godt omdømme: positive konsekvensar iht rekruttering, forsking, utdanning, klinisk arbeid, samarbeid med kommunane og innan den enkelte seksjon Styrke felles kultur og evna til å sjå føretaket som ein heilskap, at arbeidsplassen ikkje er knytt til det enkelte sjukehus, men til føretaket 17
Risiko 3 Prioritere psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Ekspertgruppa si vurdering Helseføretaket si manglande evene til å følgje opp styringskravet om å prioritere psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB), utgjer ein risiko for å følgje opp samfunnsoppdraget. Variasjon i behandlingstilbod, ventetid og avbrot i forløp kan føre til prognostisk konsekvens for pasienten, fleire akuttinnleggingar og på lengre sikt varig tap av livskvalitet. Belastinga på pårørande kan auke, som kan forsterke uheldige konsekvensar for både enkeltindivid og samfunn. Utfordringar knytt til rekruttering og tap av spesialistar, kan føre til slitasje på dei tilsette ein har. Prinsipp om at pasientane skal få hjelp der dei bur, kan forskyve utfordringane til kommunane, men også auka belastning for andre kommunale instansar som skule, NAV, m. fl. Det visast til ei forventa dreiing frå døgn til dag og poliklinikk, men om ein ikkje klarar å omstille på grunn av manglande polikliniske tilbod, kan pasientar hamne i akutte tilbod seinare, dvs meir kompliserte forløp som er uheldig både for pasienten sjølv og som er fordyrande samfunnsøkonomisk. Behandlinga blir dårligare til ein høgare pris. Det visast til at å sikre satsing innan psykisk helse og rus er ein nasjonal ambisjon. Livskonsekvensar for enkeltpasientar kan vere særs alvorlege med forventa redusert levealder. Prioriteringa for helseføretaket må få merksemd, men det må balanserast i høve til å ikkje få negative konsekvensar for dei andre fagområda, og sjåast i føretaket som ein heilskap. Risiko-score Risikoen blir vurdert å ha stor konsekvens om HMR ikkje løyser samfunnsoppdraget. I høve til grad av sannsynlegheit visast det til at det er avhengig av kor vidt ein effekt av dei risikoreduserande tiltaka. Det er diskusjon i gruppa om ein skal lande på sannsynleg eller svært sannsynleg. 18
Eksisterande risikoreduserande tiltak Satsing iht dreiing mot poliklinisk oppfølging og ambulant verksemd o Medikamentfritt tilbod og ACT 3 team o Framtidig tryggleikspsykiatri Sunnmøre o Førebygging av suicid o Rett og redusert bruk av tvang o Kvalitetsforbetringsprosjekt (ROP 4 ) o Samhandling internt og eksternt (Helse Møre og Romsdal HF, 2017) Tilrådde nye risikoreduserande tiltak Signalisert at psykisk helse og rus skal opp på føretaksnivå i utviklingsplanen Evne til å prioritere ned andre område, for å få dette området opp Sikre rett prioritering innan psykiatrien/rus- prosessforbetringar; DPS-satsing Auke samarbeid mellom ulike arbeidsgrupper innanfor feltet (Lege, psykolog etc.) Rekruttering og kompetanseheving innanfor ulike område i psykiatrien/rus 3 ACT- team står for assertive community treatment og er ein modell for å gje oppsøkande, samtidige og heilskaplege tenester til menneskje med alvorlege psykiske lidingar. Helsedirektoratet. (2017): ACT- og FACTteam. https://helsedirektoratet.no/folkehelse/psykisk-helse-og-rus/act-og-fact-team. 4 ROP forløp for pasientar med samtidig rus og psykiatrisk liding 19
Risiko 4 Helse Møre og Romsdal HF si evne til å ta i bruk teknologi og elektronisk samhandlingsverktøy, herunder Helseplattformen 5. Ekspertgruppa si vurdering Gjennom å ta i bruk ny teknologi og elektroniske samhandlingsverktøy har HMR ein muligheit til å etablere enklare og tryggare pasientforløp til lågare konstnadar. Ny teknologi (t.d. virtuelle konsultasjonar mellom lokalsjukehus og St.Olavs Hospital) vil redusere omfang av reising for pasienten og moglegvis ventetid på behandling. Med slik teknologi har ein og muligheit for å etablere god og effektiv samhandling mellom dei ulike aktørane i pasientforløpet, der og pasienten kan ta del i mykje større grad enn i dag. Manglande evne til å ta i bruk ny teknologi og elektroniske samhandlingsverktøy vil føre til redusert effektivitet og kvalitet i pasientbehandlinga fordi pasientopplysningar ikkje blir delt på tvers av behandlingsnivå og helsepersonell ikkje får kjennskap til det andre har dokumentert. Slik går man glipp av effektiv samhandling om enkeltpasienter mellom helsepersonell. Det vil kunne føre til samhandlingssvikt i pasientforløpet i verste fall feilbehandling av pasientane. Mindre effektive arbeidsprosessar og kvalitetsbrist vil kunne få store negative økonomiske konsekvensar for helseføretaket. Om HMR ikkje møter befolkninga og tilsette si forventing til digitale prosessar og hjelpemedel vil det kunne skade vårt omdømme og gjere det vanskelegare å behalde personell og rekruttere nytt personell. Lav modning og engasjement på dette feltet vil ha negativ påverknad på vår evne til planlegge framtidsretta pasientforløp. Dette vil vidare auke sannsynligheten for at vi blir «påtvungen» pasientforløp som andre har bestemt når Helseplattformen kjem. 5 I Noreg er vi i verdsklasse når det gjeld å ta i bruk ny teknologi til verdiskapning, også innan offentlege tenester. Når det gjeld digitalisering av helsetenestene derimot, ligg vi langt bak land det er naturleg å samanlikne seg med. Lav modning knytt til bruk av IKT (lita evne til å digitalisere arbeidsoppgåver og utnytte IKT til å forbetre helsetenestene) vil gje HMR mindre påverknad inn i denne utviklinga (korttidsperspektivet) som igjen vil gjere implementeringa vanskelegare, og dermed og gevinstrealiseringa i langtidsperspektivet. 20
Risiko-score Ekspertgruppa vurderer konsekvensen til å vere ein stad mellom moderat til stor i eit fireårsperspektiv. Sannsynlegheita blir vurdert ned mot mindre sannsynleg i eit fireårsperspektiv, men vil auke betydeleg i eit lengre perspektiv om ein ikkje klarar å implementere nye teknologiske løysingar. Eksisterande risikoreduserande tiltak Pågåande satsing på standardiserte pasientforløp og kontinuerleg forbetring Pågåande arbeid med prosessinnretting av organisasjonen God endringskompetanse i organisasjonen Pågåande arbeid med gevinstrealisering (Helse Møre og Romsdal HF, 2017). Foreslåtte nye risikoreduserande tiltak Regional standardisering (auka fokus på fagnettverk og felles prosedyrar) Felles regionale pasientforløp som og omhandlar 1.linjetenesta Sikre infrastruktur for ny teknologi I større grad trene på det vi skal inn i Sikre rett samansetjing av bemanning/kompetanse Inkludere brukarperspektivet i større grad 21
Risiko 5 SNR Helse Møre og Romsdal HF si evne i prosjektperspektivet til å sikre samarbeid og rekruttering i interimsfasen. Ekspertgruppa si vurdering Det er knytt usikkerheit til kva fagleg tilbod som vil vere i SNR og DMS Kristiansund, noko som bidreg til å skape stor slitasje på personell allereie no. Døme: I Klinikk for medisin og rehabilitering er rekrutteringa til SNR allereie ein stor risiko som utfordrar helseføretaket si evne til å løyse samfunnsoppdraget, og ein fryktar ein oppsmuldring av fagmiljøa som følgje av dette. Samarbeidet mellom Kristiansund sjukehus og Molde sjukehus i interimsfasen er avgjerande for å hindre flukt helsepersonell (både legar, sjukepleiarar og andre). Vidare vil manglande evne innanfor dette området føre til dårlegare intern samhandling og vere ein trugsel for den felles organisasjonskulturen føretaket kontinuerleg jobbar med. Omdømmet kan verte svekka som følgje at dette, og dette gjer rekrutteringsprosessane tyngre. Gruppa trekker fram at organisasjonsutvikling og samarbeid mellom Kristiansund sjukehus og Molde sjukehus i interimsfasen er avgjerande for å behalde og rekruttere tilsette. Det er viktig at HMR sikrar operasjonalisering av tiltak som har komme fram gjennom ROS-analysen frå 2014 6, samt i arbeidet med konseptfasen og forprosjektet. 6 Helse Møre og Romsdal. (2014): ROS analyse interimsfase før SNR spesialisthelsetenester i Nordmøre og Romsdal. https://ekstranett.helse-midt.no/1011/sakslite%20og%20protokoll/sak%202014-72%20- %20Vedlegg%2001%20-%20PS-1071748-RE- 01%20ROS%20analyse%20rapport%20Helse%20Møre%20og%20Romsdal.pdf lasta ned 31.01.2018. 22
Risiko-score Gruppa er samstemt på at konsekvensen er stor, men er delt i vurderinga av sannsynlegheit. Internt i enkelte klinikkar er allereie dette ei problemstilling ein er kjent med, medan brukarperspektivet vurderer det som sannsynleg. Eksisterande risikoreduserande tiltak OU-prosjekt knytt til SNR Aktiv og brei medverknad i utviklinga av SNR Organisasjonsutvikling i HMR HF med leiarar på tvers i føretaket Oppfølging med tiltaksplanar innan ulike klinikkar Samhandling med kommunar Felles prosjekt for utvikling av DMS i Kristiansund Tilrådde nye risikoreduserande tiltak Organisatoriske og arbeidsmiljømessige avklaringar på kva DMS Kristiansund og SNR skal innehalde Avklare personalbehov i dei to einingane Avklare løn- og arbeidstidsordningar Etablere felles interne møtepunkt for fagmiljø som skal jobbe saman i SNR allereie frå no av Sjå tiltak lista opp i ROS-analyse interimsfase for SNR spesialisthelsetenester i Nordmøre og Romsdal, 11.11.14 7 7 https://ekstranett.helse-midt.no/1011/sakslite%20og%20protokoll/sak%202014-90%20- %20Vedlegg%2003%20-%20ROS%20analyse%20interimsfase%20f%C3%B8r%20SNR.pdf 23
Risiko 6 Helse Møre og Romsdal HF si evne til å sikre intern og ekstern involvering og forankring. Ekspertgruppa si vurdering Manglande involvering og forankring er med på å byggje opp intern strid mellom sjukehusa. Det vanskeleggjer også det viktige samarbeidet med kommunane. Dette bidreg til å svekke omdømmet. Manglande intern involvering og forankring kan føre til ineffektive pasientforløp. Det er også med på å svekke legitimitet til prosessen og kan generere motvilje i arbeidet, og dermed også til den endelege avgjerda. I ytste konsekvens vil det føre til svekka måloppnåing og svekka berekraftig utvikling. Risiko-score Gruppa vurderer sannsynlegheita til å vere ein plass mellom mindre sannsynleg og sannsynleg og konsekvensen mellom moderat og stor. Kommunerepresentantane peikar på at HMR verkar genuint interessert å i involvere kommunane og at difor sannsynlegheita er meir mot mindre sannsynleg. Tillitsvalde viser til at det kjem an på om ein lukkast med dei risikoreduserande tiltaka. 24
Eksisterande risikoreduserande tiltak Representantar frå kommunane takast med inn i styringsgruppa i arbeidet med utviklingsplanen Pågåande arbeid med prosessinnretting av organisasjonen Eigne møteseriar med tillitsvalde/verneteneste Tilrådde nye risikoreduserande tiltak Fagmiljøa må ta del i utgreiingar som omhandlar dei sjølve God og tydeleg informasjonsflyt Gode nok tidsrammar til viktige prosessar Utviklingsplanarbeidet må inn som ein ordinær del av verksemdutviklinga i helseføretaket, og ikkje sjåast på som eit «prosjekt» Struktur for involvering av tilsette i HMR må tydeleggjerast, mellom anna i form av samarbeidsråd Forankring gjennom leiarlinja må i større grad sikrast gjennom tydelege møtepunkt Det må vere gjensidigheit mellom kommunane og helseføretaket når det gjeld involvering HMR HF og kommunane må sjåast på som likeverdige 25
Risiko 7 HMR si evne til å gjere prioriteringar for å sikre berekraft både til investeringar og drift 8. Ekspertgruppa si vurdering Manglande evne til prioritering vil kunne føre til ei lang rekke uheldige omstende som vil vere ein trugsel for likeverdige tilbod for pasientane. Det vil og truge kvalitet og produktivitet, og vil kunne resultere i tap av omdømme og tillit, og det fører til slitasje på personalet. Fokus i helseføretaket vil dreie seg mot økonomi, og ein taper såleis merksemda mot det som skal sørgje for god økonomi, arbeidsprosessane og det kontinuerlege forbetringsarbeidet. Evnar ein ikkje å sikre den økonomiske berekrafta, er det ein risiko for auka eigestyring, noko som reduserer helseføretaket sine fridomsgrader og den organisatoriske fleksibiliteten. 8 Analysane knytte til HMR si bereevne for å realisere SNR føreset at måla som er sette for effektivisering vert nådde. Sensitivitetsanalysen trekk fram at bereevna er mest sensitiv for realisering av generelle kostnadsinnsparingar før innflytting, og føresetnader rundt framtidig inntektsnivå. Difor er det viktig at helseføretaket gjennomfører mål for effektivisering i åra før innflytting. Moglegheiter for driftsmessige satsingar og nye investeringsprosjekt avhenger av om ein har økonomisk bærekraft til å dekke kostnadene. Dersom effektiviseringa vert lågare enn føresett vil dette krevje ei høgare likviditetsstøtte i åra som kjem og ein må også mest sannsynleg redusere investeringsnivået i perioden. Det er mest kritisk dersom ein ikkje klarer effektiviseringa første del av perioden da resultatet akkumulerer seg utover i perioden. 26
Gruppa meiner graden av konsekvens er stor, men er ueinige i sannsynlegheita for at det inntreff og samla sett havnar ein mellom svært sannsynleg og sannsynleg. Eksisterande risikoreduserande tiltak Pågåande satsing på standardiserte pasientforløp og kontinuerleg forbetring Pågåande arbeid med prosessinnretting av organisasjonen God endringskompetanse i organisasjonen Tilrådde nye risikoreduserande tiltak Prioritering av forbetringsarbeid og utviklingsarbeid i tråd med føringane i utviklingsplanen Etablere ein kultur for forståinga av at økonomisk bærekraft og handlingsrom skapast gjennom forbetring av arbeidsprosessane (kontinuerleg forbetring) Fagleg forankra forbetringsprosessar og innovasjon i arbeids- og samhandlingsprosessar der og førstelinjetenesta er involvert, vil vere sentrale tiltak for å kunne gjere dei riktige prioriteringane. 27
Risiko 8 Helse Møre og Romsdal HF si evne til å vedlikehalde og utvikle bygningsmessig infrastruktur og utstyr (MTU) 9 Ekspertgruppa si vurdering Manglande evne til å vedlikehalde og utvikle bygg og utstyr vil gje redusert kvalitet på tilbodet og kan og utgjere ein risiko for pasienttryggleiken. Auka risiko for sjukehusinfeksjonar og dårlegare smittevern er døme på korleis den bygningsmessige infrastrukturen kan utfordre pasienttryggleiken. Mindre effektive pasientforløp og ineffektiv pasientbehandling vil og ha direkte innverknad på HMR HF sitt totale handlingsrom. Ein kan og tenkje seg døme der manglande infrastruktur kan føre til at ein må legge ned eksisterande tilbod eller ikkje kunne utvikle tilbod i tråd med forventning og krav eller ta i bruk ny teknologi. Manglande evne til å vedlikehalde og utvikle bygg og utstyr vil også ha ein stor innverknad på dei tilsette sitt arbeidsmiljø, og vil kunne føre til unødig slitasje på fagpersonell. Dei same forholda vil og verke inn på HMR HF si evne til å behalde og rekruttere personell. Endringane i samfunnet rundt oss skjer raskt og om HMR ikkje utviklar oss i takt med endringane i samfunnet rundt oss vil HMR framstå som lite «attraktiv» både for pasientar og tilsette. Særskilt gjeld dette i utstyrssamanheng 9 Bygningsmassen i helseføretaket har behov for å verte handterte i ein bygningsmessig utviklingsplan (jfr. også Nasjonal helse- og sykehusplan), noko som er gjennomført som del av utviklingsplanarbeidet for alle bygg som ikkje går inn under arbeidet med SNR. Arbeidet er organisert som eit eige innsatsområde og leia eksternt frå. Den bygningsmessige utviklingsplanen skal ta opp i seg føringar frå verksemdsmessig utviklingsplan og følgje den faglege utviklinga. Planen vert difor ferdigstilt etter at utviklingsplanen har vore på høyring, og framover mot vedtak i utviklingsplanen i byrjinga av 2018. 28
Ekspertgruppa vurderer konsekvensen til å vere stor og sannsynlegheita ligg som svært sannsynleg. Eksisterande risikoreduserande tiltak Pågåande satsing på standardiserte pasientforløp og kontinuerleg forbetring Pågåande arbeid med prosessinnretting av organisasjonen God endringskompetanse i organisasjonen Tilrådde nye risikoreduserande tiltak Standardisering Prosessforbetring Fokus på byggforvaltning og prosjektering, utvikling av bygningsmassen i eit prosessperspektiv Skaffe meir innsikt kring optimalisering av infrastruktur og moglegheiter innanfor dette området, t.d. opningstider, arealbruk m.m. 29
Bibliografi Helse Midt-Norge. (2016). Rammeverk for risikostyring i Helse Midt-Norge. Helse Midt-Norge RHF. (2018). Oppdragsdokument 2018. Helse Møre og Romsdal HF. (2017). Høyringsinnspel. Helse Møre og Romsdal HF. (2017). Høyringsutkast Utviklingsplan HMR 2019-2022 (2035). Helse Møre og Romsdal. (2014): ROS analyse interimsfase før SNR spesialisthelsetenester i Nordmøre og Romsdal. https://ekstranett.helse- midt.no/1011/sakslite%20og%20protokoll/sak%202014-72%20-%20vedlegg%2001%20- %20PS-1071748-RE- 01%20ROS%20analyse%20rapport%20Helse%20Møre%20og%20Romsdal.pdf lasta ned 31.01.2018. Helse- og omsorgsdepartementet. (2015). Fremtidens primærhelseteneste - nærhet og helhet. Helse- og omsorgsdepartementet. (2015). Fremtidens primærhelsetjeneste - nærhet og helhet. Helse- og omsorgsdepartementet. (2016-2019). Nasjonal helse og sykehusplan. Helse- og omsorgsdepartementet. (2017). Forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helseog omsorgstjenesten. Norsk Standard. (2008). NS 5814:2008. Krav til risikovurderinger. Standard Norge. (2008). NS 5814:2008 Krav til risikovurderinger. Standard Norge. (2015). Ledelsessystem for kvalitet Krav ( ISO 9001:2015). 30