Kviteseid kommune Møteprotokoll Utval: Formannskapet Møtestad: Brunkeberg, Kommunehuset Dato: 16.11.2017 Tidspunkt: 09:00 14:00 Fylgjande faste medlemmer møtte: Namn Funksjon Representerar Tore Åsland Medlem AP Bjørn Nordskog Medlem SP Tarjei Andreas Draugedal Varaordførar KRF Anne Birgit Sollid Medlem SP Tarjei Gjelstad Ordførar AP Elsa Ann Grave Hauglid Medlem H Fylgjande medlemmer møtte ikkje: Namn Funksjon Representerar Solveig Nekstad Grave MEDL AP Fylgjande varamedlemmer møtte: Namn Møtte for Representerar Geir Kjartan Lid Solveig Nekstad Grave AP Fylgjande frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Øystein Tveit Rådmann Lothar Edel Økonomisjef Sveinung Seljås Plansjef Berit Lundeberg Sekretær Kommunalsjefane og einingsleiarane var tilstades og orienterte om sin del av budsjettet for 2018. Formannskapet vedtok samrøystes å handsame ekstrasak 113/17 Endra dispensasjonsvilkår, saka vart handsama etter sak 107/17.
Saksliste Utvalssaksnr. 104/17 105/17 106/17 107/17 108/17 109/17 110/17 111/17 112/17 113/17 Innhald Godkjenning av protokoll Referatsaker K - Bruksendring frå fritidsbustad til heilårsbustad - føringar for kommunal saksbehandling K - 29/26 - Brandbuvegen 57 - Tilbygg til fritidsbustad - dispensasjon Budsjett 2018 - økonomiplan 2019-2021 Klage på Kviteseid kommune Bygging av utleigeleilegheiter - 40/18 - Husstøyl Nedlegging av kommunale vegar Handlingsprogram 2018 K - 13/3 - Endra dispensasjonsvilkår - lovleghetskontroll av formannskapsvedtak 098/17 - uttale Lukka 104/17 Godkjenning av protokoll Protokollen vart samrøystes vedteken. 105/17 Referatsaker Det var ingen referatsaker til møtet.
106/17 K - Bruksendring frå fritidsbustad til heilårsbustad - føringar for kommunal saksbehandling Framstillinga i denne saka skal danne grunnlag for å vedta retningsliner for dispensasjon (mellombels) for bruksendring frå fritidsbustad til heilårsbustad. Retningslinene blir knytt til arealdelen i kommuneplanen og blir innarbeidd ved rulleringsprosessen for planen i 2018. Søknader om dispensasjon for bruksendring frå fritidsbustad til heilårsbustad fram til rullert kommuneplan er vedtatt, blir behandla politisk, og i samsvar med kva som er tilrådd i denne saka. Framstillinga i denne saka skal danne grunnlag for å vedta retningsliner for dispensasjon (mellombels) for bruksendring frå fritidsbustad til heilårsbustad. Retningslinene blir knytt til arealdelen i kommuneplanen og blir innarbeidd ved rulleringsprosessen for planen i 2018. Søknader om dispensasjon for bruksendring frå fritidsbustad til heilårsbustad fram til rullert kommuneplan er vedtatt, blir behandla politisk, og i samsvar med kva som er tilrådd i denne saka. 107/17 K - 29/26 - Brandbuvegen 57 - Tilbygg til fritidsbustad - dispensasjon Formannskapet gir i medhald av pbl 19-2 dispensasjon frå byggeforbodet i LNF-området, for eit tilbygg til hytta på g/bnr 29/26, slik det er søkt om. Det er eit vilkår for dispensasjonen at det blir gitt utsleppsløyve og byggeløyve etter pbl 20-4, jf. alt innkomne parallelle søknader. Formannskapet gir i medhald av pbl 19-2 dispensasjon frå byggeforbodet i LNF-området, for eit tilbygg til hytta på g/bnr 29/26, slik det er søkt om. Det er eit vilkår for dispensasjonen at det blir gitt utsleppsløyve og byggeløyve etter pbl 20-4, jf. alt innkomne parallelle søknader. 108/17 Budsjett 2018 - økonomiplan 2019-2021 1. Handlingsprogram og økonomiplan Handlingsprogram for 2018 og økonomiplan 2019-2021, med vedlegg (taldel) skal leggjast til grunn for Kviteseid kommune si verksemd i perioden. 2. Sjølvkostområder
Kviteseid kommune skal ha 100 % kostnadsdekning for inneværande og framtidige år. Vedtaket gjeld følgjande områder: vann, avløp og feiing. Området slamtømming og renovasjon er regulert av gjeldande lovverk. 2.Gebyr, avgifter brukarbetaling Gebyr, avgifter og brukarbetaling blir fastsett i samsvar med tabellar i taldelen av budsjettframlegget. Gebyr knytt til saker etter plan- og bygningslova og delingslova blir vedteke i eiga sak som følgjer budsjettet. 3. Inntektsramme for drifta Driftsbudsjettet for 2018 vert vedteke slik det går fram av skjema 1 A og 1 B 4. Fordeling av utgifter mellom einingane. Einingane sine driftsrammer går fram av skjema 1B. 5. Stillingar Med utgangspunkt i driftsrammene til einingane slik dei kjem fram i skjema 1 B blir det samla for kommunen godkjent ei stillingsramme på 227,41 årsverk 01.01.2018 og 225,71 årsverk pr. 31.12.2018 6. Investeringar. Kommunestyret vedtek investeringar og finansiering for 2018 i tråd med tabellane 2a og 2b i budsjettframlegget. 7. Låneopptak Rådmannen får fullmakt til å ta opp lån på inn til 26.600 mill kr i 2018, inkludert startlån. 8. Eigedomsskatt For skatteåret 2018 blir det skrive ut eigedomsskatt på verk og bruk for heile kommunen med ein sats på 7 promille av takstverdien jf. eigedomsskattelova 3 første ledd bokstav c. Saksprotokoll i Administrasjonsutvalet - 16.11.2017 Ordføraren kom med fylgjande framlegg til vedtak: Administrasjonsutvalet tek framlegg til budsjett 2018 og økonomiplan 2019 2021 til orientering. Samrøystes vedteke. Administrasjonsutvalet tek framlegg til budsjett 2018 og økonomiplan 2019 2021 til orientering. Formannskapet vedtok samrøystes administrasjonsutvalet si tilråding.
Formannskapet tek framlegg til budsjett 2018 og økonomiplan 2019 2021 til orientering. 109/17 Klage på Kviteseid kommune Formannskapet i Kviteseid stør rådmannen sine vurderingar i forhold til å imøtekomme klagen frå Knut Olsen, jfr brev av 09.08.2017. Kviteseid kommunen vil ikkje melde Vrådal Panorama AS for dei forholda som kjem fram i klagen. Formannskapet i Kviteseid stør rådmannen sine vurderingar i forhold til å imøtekomme klagen frå Knut Olsen, jfr brev av 09.08.2017. Kviteseid kommune vil ikkje melde Vrådal Panorama AS for dei forholda som kjem fram i klagen. 110/17 Bygging av utleigeleilegheiter - 40/18 - Husstøyl Kviteseid kommunestyre vedtek å starte arbeidet med bygging av utleigebustader på eigedommen husstøyl, Gnr. 40, bnr 18 i Kviteseid. Den økonomiske ramma for prosjektet vert innarbeida i budsjett 2018, og økonomiplan for 2019-2021. Kviteseid kommunestyre vedtek å starte arbeidet med bygging av utleigebustader på eigedommen Husstøyl, Gnr. 40, bnr 18 i Kviteseid. Den økonomiske ramma for prosjektet vert innarbeida i budsjett 2018, og økonomiplan for 2019-2021. 111/17 Nedlegging av kommunale vegar 1) I medhald av veglovens 7 leggast følgjande vegar/gater ned som kommunale vegar/gater med verknad frå 1. mai 2018. Vegnr: Vegnamn Kommentar KV 1008 Ordalsvegen Frå krysset ved Sandlandvegen og vidare inn vert vegen privat.
KV 1011 Slettemåsvegen KV 1013 Hauglandvegen Veg står i veglista, men me har ikkje noko vedlikehald her i dag. KV 1014 Åsmundtveitvegen KV 1020 Del av kyrkjevegen Kyrkjevegen vert stengt ved utkjøringa mot Morgedal då dette er ein farleg utkjørsel. Det er og mykje ulovleg gjennomkjøring. Vegen vert privat frå krysset Omtveitvegen- Kyrkjevegen og mot eigedom 81/5. KV 1025 Håtveitvegen KV 1026 Bjålandvegen Granlivegen Den kommunale vegen vert lagt ned frå eigedom 38/100. KV 1038 Stålandvegen Veg står i veglista, men me har ikkje noko vedlikehald her i dag. KV 1041 Spjotsoddvegen KV 1042 Straumanvegen KV 1044 KV 1080 KV 1047 Hassvikvegen Flatinvegen Kviteseidvegen i Vrådal Bergstovegen Vråliosvegen (Vråliosen) Kommunen har sytt for drift og vedlikehald på vegen inn til gamle Bakeriautomasjon i Vrådal. Vegen inn til det gamle hotellet. KV 1058 Tyrivegen Vegen vert ikkje privat før området vert omregulera då dette i dag er eit kommunalt byggefelt med offentleg vatn og avløp. KV 1067 KV 1076 KV 1077 Tveitgrendvegen Hommanvegen Sandoddvegen 2) I medhald av veglovens 8 klassifiserast vegane i pkt. 1 som privat veg frå 1. mai 2018. 3) I medhald av veglovens 54 tek brukerane av vegar nemna i pkt. 1 over den vedlikehaldsplikta kommunen har hatt av vegane når dei var kommunale. Kommunen legg til grunn at oppsittarar og andre bruksrettighetar organiserer vegdrift i tråd med føresegn i veglovens 54. 4) Vegane som vert lagt ned vert overført til veglag. Ordføraren kom med framlegg om å utsette saka til møte 30.11.17, samrøystes vedteke. Saka vert utsett til møte 30.11.17. 112/17 Handlingsprogram 2018 Kviteseid kommunestyre godkjenner handlingsprogrammet for 2018.
Saksprotokoll i Administrasjonsutvalet - 16.11.2017 Ordføraren kom med framlegg om å ta Handlingsprogrammet 2018 til orientering. Dette vart samrøystes vedteke. Administrasjonsutvalet tek Handlingsprogrammet 2018 til orientering Administrasjonsutvalet si tilråding vart samrøystes vedteke. Formannskapet tek Handlingsprogrammet 2018 til orientering. 113/17 K - 13/3 - Endra dispensasjonsvilkår - lovleghetskontroll av formannskapsvedtak 098/17 - uttale Formannskapet viser til vurderingsavsnittet i saksframstillinga, og finn ikkje grunn til å ta f-sak 098/17 opp på nytt. Kravet om lovleghetskontroll av vedtaket som endra vilkår for dispensasjon gitt i sak 021/17 blir sendt til fylkesmannen. Formannskapet viser til vurderingsavsnittet i saksframstillinga, og finn ikkje grunn til å ta f-sak 098/17 opp på nytt. Kravet om lovleghetskontroll av vedtaket som endra vilkår for dispensasjon gitt i sak 021/17 blir sendt til fylkesmannen.