Styresak. Anne Hilde Bjøntegård Ambulansehelikopter i Helse Fonna. Styresak 23/15 A Styremøte 22.04.15



Like dokumenter
Historie og om oss. Historie og om oss HISTORIKK

FORSLAG TIL VEDTAK 1. Helse Vest RHF ser ikkje at det for kommande kontraktsperiode er grunnlag for å etablere ny base i Haugesund.

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

Styresak Anne Hilde Bjøntegård Verksemdoverdraging Eidfjord ambulansestasjon

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

Luftambulansetjenesten

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

STYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Regional utviklingsplan for Helse Vest RHF ARKIVSAK: 2018/661 STYRESAK: 132/18

Styresak. Framlegg til vedtak. Dato: Sakhandsamar: Saka gjeld: Halfdan Brandtzæg Etablering av Helse Vest Innkjøp HF

Styresak. Bakgrunn. Kommentarar. Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato:

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Om anbodssystemet innan rushelsetenesta. Ivar Eriksen Eigardirektør Helse Vest RHF

HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF

Langtidsbudsjett , vidare prosess

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Strategiplan for Apoteka Vest HF

STYRESAK ARKIVSAK: 2018/516 STYRESAK: 078/18 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK Styret tar saka til orientering.

DATO: SAKSHANDSAMAR: Ingvill Skogseth SAKA GJELD: Tiltak for å avvikle korridorplassar i helseføretaka

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2017

Retningslinjer for bruk av luftambulanse

STYRESAK: GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Bergen HF. DATO: SAKSHANDSAMAR: Erik Vigander SAKA GJELD: Omdømmemåling

DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Val av styremedlemmer til styra i helseføretaka - føringar for val av representantar

Saksnr. utval Utval Møtedato 041/18 Kommunestyret

Den akuttmedisinske kjeda. Dialogmøte 21. november 2014

DATO: SAKSHANDSAMAR: Vidar Vie SAKA GJELD: Risikostyring - styringsmål 2018 for Helse Førde HF

NOTAT. DATO: Administrerande direktør SAKSHANDSAMAR: Baard-Christian Schem SAKA GJELD: Legemiddelkostnad nye kostbare medisinar

DATO: SAKSHANDSAMAR: Gjertrud Jacobsen SAKA GJELD: Status for innføring av pakkeforløp for kreft i Helse Vest

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2016

Styresak. Forslag til vedtak. Dato: Sakhandsamar: Saka gjeld:

Rekruttering av helsepersonell fra Polen. Arve Varden Direktør medisinsk klinikk Helse Førde

NOTAT. Styremedlemmer Helse Fonna HF GÅR TIL: FØRETAK: Administrerande direktør DATO: FRÅ: SAKSHANDSAMAR: Prosess for leiing og organisering

Føretak for framtida. Arbeidet med utviklingsplanar Helse Førde

Vedteke i føretaksmøte Tilleggsdokument til styringsdokument Helse Stavanger HF. Innhald

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

bruk av følgje ved opphald i sjukehus (Følgjeavtalen)

Oppsummering Det blir vist til krav i føretaksprotokoll gitt til dei fire regionale helseføretaka for 2019:

DATO: SAKSHANDSAMAR: Arve Varden/Tom Guldhav SAKA GJELD: Plan for prehospitale tenester - arbeid med mandat for fase 2

Notat til styremøte 26. januar 2010

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2015

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Protokoll frå styremøte i Helse Fonna HF

Styresak. Framlegg til vedtak: Føretak: Helse Førde HF Dato: Saka gjeld: Søknad om ekstraløyving til investeringar i

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Tenesteavtale 11. mellom. XX kommune. Helse Fonna HF SAMARBEID OM VEDTEKNE BEREDSKAPSPLANAR OG PLANAR FOR DEN AKUTTMEDISINSKE KJEDA

INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSE VEST RHF

Legevakt Status og framtid

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Førde HF GÅR TIL: FØRETAK:

Styresak. Forslag til vedtak: Sjukehusapoteka Vest HF Dato: Frå: Sakshandsamar: Saka gjeld:

Styresak. Administrerande direktør Hege Fjell Urdahl Berit Berntsen/Anne. M. Reksten Status avvik Helse Miljø og tryggleik (HMT) og sjukefråvær

DATO: SAKSHANDSAMAR: Anne Kristin Kleiven SAKA GJELD: Høyring av Helse strategi for Helse Vest RHF

Anestesisykepleierens arbeid i ambulansehelikopter. Anestesisykepleier Beate Stock Ålesund Skien 1. september 2007

STYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Brita Mauritzen Næss og Terje Nilsen SAKA GJELD: Fritt behandlingsval - utvikling over tid

Sak til styringsgruppa for Utviklingsprosjektet ved Nordfjord sjukehus

Styresak. Bjørn Munthe Styresak 10/15 B Etablering av Helse Vest Innkjøp HF. Samandrag

Vedrørende luftambulansetjenesten på Helgeland

Sørgje for at alle helseføretaka har eigne læreplassar innan helsefagarbeidarfaget, og avklare kor mange lærlingar føretaket bør ha.

Den akuttmedisinske kjeda

Styresak. Administrerande direktør Jannicke Daae Tønjum Økonomisjef Ola Rye Etablering av Helse Vest Innkjøp HF

FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE

Møteinnkalling Formannskapet

Utviklingsprosjekt: Nasjonalt topplederprogram, kull 10. Mona Ryste. Kompetanseløftet på rehabilitering av hjerneslag på Søre Sunnmøre

Helse Førde. Kompetanse og rekruttering. Næringsreise

Styresak. Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld:

Sammenstilling av vedtak fra protokoller fra styrebehandling i helseforetakene

Vedrørende forslag til ny akuttmedisinforskrift

Seljord kommune Arkiv: G21 Saksnr.: 2016/ Legevaktene i Vest-Telemark og ny forskrift om akuttmedisin

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

Styresak. Forslag til vedtak: Dato: Administrerande direktør Sakshandsamar: Saka gjeld:

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Rapportering frå verksemda per oktober Vedlegg

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Styresak. Arkivsak 2008/351/ Styresak 061/11 B Styremøte

Prosjekt Odda sjukehus i lys av føringane i Nasjonal helse- og sjukehusplan Samanstilling av risikoelement

Følgjande krav er stilt til helseføretaka når det gjeld lærlingar i styringsdokumentet for 2017:

Ny akuttmedisinforskrift og forslag til endringer i forskrift om pasientjournal

DATO: SAKSHANDSAMAR: Ingeborg Aas Ersdal SAKA GJELD: Regional helseberedskapsplan for Helse Vest,

DATO: SAKSHANDSAMAR: Lena Forgaard SAKA GJELD: Statusrapport felleseigde helseføretak per juni 2019

Styresak. Bakgrunn: Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: Saka gjeld: Retningsliner for selskapsetablering

Særavtale til tenesteavtale 8 Kjøpav beredskap for følgjeteneste ved svangerskap og fødsel. Sauda kommune

Notat. Går til: Styremedlemmer Selskap: Helse Vest RHF Dato skriven: Frå: Administrerande direktør Herlof Nilssen

Notat. Dato skriven: Frå: Administrerande direktør Herlof Nilssen

Konstituering av styre i Helse Vest Innkjøp HF

DATO: SAKSHANDSAMAR: Reidun R. Mjør SAKA GJELD: Oppfølging av internrevisjon uønskte hendingar

Rapportering frå verksemda per januar Vedlegg

Status og erfaringar i arbeidet med samhandlingsreforma

DATO: SAKSHANDSAMAR: Lars-Johan Frøyland SAKA GJELD: Etablering av nytt innkjøpsføretak i Helse Vest - Helse Vest Innkjøp HF

Den nasjonale luftambulansetjenesten

DATO: SAKSHANDSAMAR: Hilde Christiansen/Bjørn Ivar Bø Tiltak for å auke utdanningskapasiteten for sjukepleiarar i regionen

Erfaringar med DRG/ISF sett frå Helse Vest RHF. v/ Per Karlsen

STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Førde HF

Den akuttmedisinske kjeda

Tenesteavtale 11. Mellom Jondal kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om vedtekne beredskapsplanar og planar for den akuttmedisinske kjeda

Tenesteavtale 11. mellom. Kvinnherad kommune. Helse Fonna HF SAMARBEID OM VEDTEKNE BEREDSKAPSPLANAR OG PLANAR FOR DEN AKUTTMEDISINSKE KJEDA

Politiets bruk av ambulanseressurser

Styresak. Forslag til vedtak: Føretak: Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld:

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Transkript:

1 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Fonna HF Dato: 08.04.15 Sakshandsamar: Saka gjeld: Anne Hilde Bjøntegård Ambulansehelikopter i Helse Fonna Arkivsak 79/07 57/09 64/09 63/14 90/14 Styresak 23/15 A Styremøte 22.04.15 Forslag til vedtak: 1. Styret i Helse Fonna HF tilrår ambulansehelikopter i Helse Fonna ut i frå omsyn til beredskap, utviklinga innan dei prehospitale tenestene og avstandane i føretaket 2. Styret i Helse Fonna HF ser det som mest tenleg at ambulansehelikopteret er fast stasjonert i Helse Fonna 3. Styret i Helse Fonna HF ber administrerande direktør sende vedtaket og saka til Helse Vest RHF

2 Bakgrunn for saka Styret i Helse Vest RHF vedtok i styremøte 05.11.08 Prehospital plan for føretaksgruppa. Vedtak (samrøystes): 1. Styret godkjende forslag til plan for prehospitale tenester. Planen blir lagt til grunn for det vidare arbeid med prehospitale tenester i Helse Vest RHF 2. Helse Vest RHF legg til grunn at alle helseføretaka justerar sine planverk i tråd med dei føringane som er gitt gjennom arbeidet med denne planen. Dette blir innarbeidd i styringsdokument for 2009 til helseføretaka. 3. Tverrfaglegheit og dei tilsette sin medverknad må sikrast i det vidare arbeidet. I kapittel 8 i planen står det: Luftambulansetjenester i Helse Fonna Helse Fonna dekkes innen 10-25 min flytid fra RW Bergen, RW Stavanger og 330 Sola. Det vurderes ikke å foreligge behov for egen luftambulansebase i Helse Fonna pr. i dag. Hvis det ikke er helikopter flyvær fra noen av de tre basene ville det heller ikke vært flyvær for et lokalt helikopter. Det blei vedtatt i regional plan for prehospitale tenester at Helse Fonna skulle styrkas med ein legebil stasjonert ved Haugesund sjukehus, bemanna med anestesilege og ambulansepersonell. Styret i Helse Fonna HF behandla høyringsuttale til Prehospital plan for Helse Vest i styremøte 30.11.07 i sak 79/07 (AD orienterar). I høyringsuttalen til planens kapittel 8 står det mellom anna: - Svært viktig og nødvendig punkt for å styrke den prehospitale tjenesten i HF. Helse Fonna ser for seg en gradvis opptrapping av utrykningstjenesten frå 2009. Dersom fleire legehelikopter skal stasjoneras i Helse Vest, må det stasjonerast i Helse Fonna. I sak 64/09 på styremøte 23.09.09 vedtok styret i Helse Fonna HF samrøystes: 1. Styret legg til grunn at føretaket arbeider vidare med handlingsplan for å gjennomføre føringane i prehospital plan. 2. Styret støttar administrerande direktør si vurdering om behov for ny helikopterplattform ved Haugesund sjukehus. 3. Styret sluttar seg til at behov for auka helikopterkapasitet i Bergen og/eller Stavanger skal bli løyst ved å etablere ny base i Helse Fonna. Styret ber om at Helse Vest RHF må sjå nærare på Helse Fonna HF sitt behov for helikopterbase ved kapasitetsutviding i helseregionen. Styret i Helse Fonna HF vedtok 24. september 2014 i sak 63/14 føretaket sin Plan for akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus 2014-2018. I planen står at det skal greiast ut moglegheita for at Helse Fonna skal få ambulansehelikopter stasjonert i føretaket. Administrerande direktør har på bakgrunn av avgjerda i sak 63/14 bede ei intern arbeidsgruppe utgreie trongen for eige helikopter. Gruppa peiker mellom anna på følgjande argument for eige ambulansehelikopter: Raskare responstid 1 Likeverdig tilbod til innbyggarane i Helse Vest Fleire pasientar behandla nær der dei bur Styrka beredskap ved vær-, naturhendingar og andre ekstraordinære situasjonar 1 Definisjon responstid: «Tidsintervall fra en instans blir oppringt/anropt om en hendelse til den første pasienten i hendelsen får helsehjelp», ref. Akuttmedisinsk definisjonskatalog, Helsedirektoratet 2012.

3 Betre beredskap i fjellområda Styrka helikopterberedskap på Vestlandet Betre tryggleik ved sjukehusa i Helse Fonna Betre nytte av legebilen Auka kompetanse og rekruttering i fagmiljøa Auka dykkarberedskap i Helse Fonna sitt område Styrka omdømme I saka nedanfor er det gjort greie for luftambulansedrifta i Norge i dag og argumenta over blir nærare utdjupa. Styrande dokument for drift og utvikling i norsk luftambulanseteneste Ny forskrift for akuttmedisin blei vedtatt 20.03.15. I kapittel 3 10 er det gjort greie for kva ansvar dei regionale helseføretaka har for å sikre naudsynt bil-, båt- og luftambulanseteneste. Det skal vere system, utstyr og kompetanse for a) Å bringe kompetent personell og akuttmedisinsk utstyr raskt frem til alvorlig syke eller skadde pasienter b) Å utføre nødvendige undersøkelser, prioriteringer, behandling og overvåking, enten alene eller sammen med andre deler av tjenesten c) Å bringe syke eller skadde pasienter med behov for overvåking og/eller behandling til forsvarlig behandlingssted og mellom behandlingssteder d) Å ha beredskap for å kunne dekke behovet for ambulansetjenester ved større ulykker og kriser innenfor egen helseregion og på tvers av regions- og landegrensene e) Å ha beredskap for nødvendig følgetjeneste for gravide til fødestedet og f) Å delta i enkle søk og redningsoperasjoner. Om bemanning i ambulanse helikopter står i 11 at «Ambulanse- og redningshelikoptre skal være bemannet med lege og redningsmann med nødvendig kompetanse.» Akuttutvalet blei hausten 2013 oppnemnt av Helse- og omsorgsdepartementet. Utvalet fekk i oppdrag å gjennomgå akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus, og skildre eit heilskapleg system som skal ta i vare befolkninga sitt behov for tryggleik ved akutt sjukdom og skade. Rapportane frå utvalet er eit ledd i arbeidet med nasjonal helse- og sjukehusplan. (brev frå HOD til dei regionale helseføretaka 04.11.2014). I første delrapport som kom hausten 2014, blir drift og venta utvikling i luftambulansetenesta gjennomgått. Forskrifter og regelsett for sivil luftfart regulerer den fly operative delen av tenesta. Lista over forskrifter er omfattande. Full oversikt over regelverk finnes på nettsidene til luftfartstilsynet www.luftfartstilsynet.no. Om luftambulansetenesta Roller i tenesta: Luftambulansetjenesten ANS er eit selskap som er eigd av dei fire regionale helseføretaka og har «sørgje for»-ansvaret for tenesta Norsk Luftambulanse AS er operatørselskap og har kontrakt med ANS-et om drift av basar Lufttransport AS er operatørselskap og har kontrakt med ANS-et om drift av basar Stiftelsen Norsk Luftambulanse er ei ideell stifting som eig Norsk Luftambulanse AS Ei overordna føring er at bruk av luftambulanse skal skje etter same kriterier som andre spesialisthelsetenester. «Sørgje for»-ansvaret for luftambulansetenesta er lagt til dei fire regionale helseføretaka. I 2004 etablerte desse eit felles dotterselskap, Helseforetakenes nasjonale luftambulansetjeneste ANS, forkorta til Luftambulansetjenesten ANS. Dei regionale helseføretaka betaler alle kostnadar knytt til helikoptertenesta. Luftambulansetjenesten ANS har det operative ansvaret.

4 Helseføretaka (sjukehusa) har det medisinske ansvaret og stiller med legar og sjukepleiarar (sjukepleiarar gjeld flyambulanse). Kjelde: Internettsidene til Luftambulansetjenesten ANS. Luftambulansetjenesten ANS har per 2015 kontrakt med to operatørar (Norsk luftambulanse AS og Lufttransport AS) for ambulansefly og ambulansehelikopter. Ambulansefly er lokalisert på sju stader (Kirkenes, Alta, Tromsø, Bodø, Brønnøysund, Ålesund og Gardermoen) med til saman ni fly i teneste. Ambulansehelikopter er lokalisert på 11 stader (Tromsø, Brønnøysund, Trondheim, Ålesund, Førde, Bergen, Stavanger, Arendal, Ål, Lørenskog og Dombås) med til saman 12 helikopter i teneste. Ved samtlege basar er det beredskap heile døgnet. Ved helikopterbasane disponerer besetninga ein legebil. Denne blir nytta ved hendingar i nærområdet eller når dårleg vêr hindrar bruk av helikopter. Legebilane ved helikopterbasane er finansierte av Stiftelsen Norsk Luftambulanse. (Kjelde: Internettsidene til Luftambulansetjenesten ANS). Oppdraga i luftambulansetenesta er delt inn i primæroppdrag (utrykking til pasient/hending utanfor institusjon) og sekundæroppdrag (overføring mellom sjukehus til eit høgare omsorgsnivå). Andre typer oppdrag er tilbakeføringsoppdrag (overføring mellom sjukehus til lågare behandlingsnivå) og søk- og redningsoppdrag (det siste på oppdrag frå politi eller hovudredningssentral). Helse- og omsorgsdepartementet har avtale med Justis- og beredskapsdepartementet om at redningshelikoptra kan nyttast til luftambulanseoppdrag dersom ikkje søk- og redningsoppdrag må prioriterast. Basane for redningshelikopter er på seks stader (Banak, Bodø, Ørland, Florø, Sola og Rygge). Alle har beredskap heile døgnet (Kjelde: Internettsidene til Luftambulansetjenesten ANS). Det har dei siste åra vore ei svak auke i aktivitet i luftambulansetenesta nasjonalt sett (kjelde: akuttutvalets delrapport s.66). Endringar i sjukehusstruktur, endring i ambulansebiltenesta og endring i kommunal legevaktsstruktur blir oppgitt å vere ein drivar for auke i helikopterbruk. Primær- og sekundæroppdrag blir oppgitt å auke omtrent likt. Det er ikkje forskriftsfesta krav til responstid for verken luftambulanse, legebil eller bilambulanse. I Stortingsmelding nr. 43 (1999-2000) om akuttmedisinsk beredskap (også kalla «Akuttmeldinga») er det slått fast at 90 % av landets befolkning skal bli nådd av legebemanna ambulanse innan 45 minutt. Dette er gjentatt i akuttutvalets delrapport frå 2014. Med dagens basestruktur er teoretisk sett 97 % av befolkninga i Norge dekka av denne målsettinga. I ei strategisk utgreiing frå Stiftelsen Norsk Luftambulanse i 2013 blir det hevda at luftambulansehelikopter må nå pasienten innan 30 minutt. Helikopterbruk i Helse Fonna Oppmoding om helikopter blir formidla frå AMK Haugesund i samband med naudmelding eller behov for overføring. Fordeling på kommunar viser at helikopter har hatt oppdrag i alle kommunane som høyrer til føretaket i løpet av dei siste to åra. Figur 1 nedanfor viser tal på bestilte oppdrag frå Helse Fonna sidan 2002 (kjelde: tal henta frå Airdoc).

5 Figur 1 Tal på bestilte oppdrag frå Helse Fonna Om lag ein tredjedel av oppdraga det blir oppmoda om per år blir ikkje gjennomført Dette skuldast anten vêr og føretilhøve, at det likevel ikkje er trong for helikopter, eller at helikopteret er opptatt med anna oppdrag såkalla samstundes konflikt. Om lag seks prosent av oppmodingane kvart år dei siste fem åra blir ikkje gjennomført grunna samstundes konflikt (kjelde: tal henta frå Airdoc). Snittet på avviste oppdrag grunna vêr i same periode er ti prosent årleg av oppmodingane (kjelde: tal henta frå Airdoc). Det er ikkje grunnlag i tala for å sei at samstundes konfliktane eller avviste oppdrag grunna vêr har auka dei siste fem åra. Argument for eige ambulansehelikopter i Helse Fonna Raskare responstid Den største gevinsten ved eige helikopter i føretaket vil vere redusert responstid for anestesilege ut til pasient og transport til rett behandlingsstad. Dette vil gi auka kvalitet i pasientbehandlinga ved akutt sjukdom og skade. Utvikling innan medisin og teknologi har ført til fokus på raske forløp der diagnostikk og behandling i større grad enn før startar utanfor sjukehus. Dette gjeld for eksempel hjerneslag og hjerteinfarkt (Kjelde: Akuttutvalets delrapport). Behandling av hjarteinfarkt er i dag sentralisert til PCIsenter i Helse Stavanger og Helse Bergen. Ved påvist infarkt blir det tinga helikopter frå ein av desse stadene. Hjerneslag kan behandlast ved alle sjukehus i Helse Fonna. Om lag 800 pasientar med mistanke om slag blir årleg lagt inn i sjukehusa i Helse Fonna. Om lag halvparten av pasientane får stadfesta slagdiagnose. Det er venta ein auke i tal på slagpasientar med 50 % fram mot 2050 2. Kravet i styringsdokumentet er at ein av fem pasientar under 80 år med hjerneslag skal få rask behandling med blodproppløysande medisin. Helse Fonna gir i dag ein av åtte pasientar slik behandling (kjelde: helsenorge.no). Noko av årsaka er at pasientane kjem for seint til behandling. For å kunne gi fleire behandling bør helikopter 2 Nasjonale retningslinjer for behandling og rehabilitering av hjerneslag, Helsedirektoratet 2010

6 nyttas i større grad. Det er òg i framtida venta at fleire pasientar skal sendast akutt for behandling med intraarteriell trombolyse (blodpropp oppløysande behandling retta direkte mot blodproppen) eller trombectomi (såkalla «fisking» av blodpropp). Tidsfaktoren er avgjerande ved hovudskader der pasienten må raskt til nevrokirurgisk eining, og ved større skader og blødningar. Med helikopter stasjonert i Helse Fonna vil legevurdering og behandling komme raskt i gong, samstundes som avgjerd om rett behandlingsstad og transport skjer raskare enn med bil. Likeverdig tilbod til innbyggarane i Helse Vest Helse Fonna er det einaste helseføretaket i Helse Vest utan lokalt stasjonert helikopter. Med legebil operativ på dagtid kvardagar, har Haugesund by og nærområda til Haugesund sjukehus i dette tidsrommet rask respons for anestesilege ut med legebil. Dei andre områda i føretaket har ikkje tilsvarande. Ambulansehelikopter vil gi eit meir likeverdig tilbod til befolkninga i opptaksområdet og i Helse Vest,ved at alle har same tilgang til rask legespesialisthjelp og transport. Fleire pasientar behandla nær der dei bur Det vil vere ein fordel for pasientane å bli behandla nær der dei bur for dei tilstandane føretaket har kompetanse til å behandle. Pasientar med mindre traume eller til dømes hjerneslag, kan flygast til sjukehus i Helse Fonna i staden for ut av føretaket. Eit eige helikopter vil auke graden av eigenbehandling i føretaket. Styrka beredskap ved vêr- og naturhendingar og andre ekstraordinære situasjonar Helse Fonna har dei siste åra hatt fleire situasjonar der vêr- og naturhendingar har hindra ambulansetransport i éin eller fleire retningar. Fordeling av helikopterberedskapen på fire geografisk spreidde basar vil bidra til å styrkje beredskap for større hendingar og situasjonar der vêr- og naturhendingar hindrar flymogelegheit. Betre beredskap i fjellområda Eige helikopter i Helse Fonna vil styrke beredskapen i fjellområde med stor utfart, for eksempel Røldal, Sauda og Vågslid. Skader frå skianlegga kan i større grad enn i dag gå til eige sjukehus. Eit helikopter i Helse Fonna vil òg styrke beredskapen i fjellområda i Telemark. Styrka helikopterberedskap på Vestlandet Legehelikoptra er plassert strategisk i Norge for å dekke befolkninga i størst mogleg grad. Målsettinga i dag er at 90% av befolkninga skal nåast innan 45 minutt (Kjelde: Akuttutvalets delrapport). Frå prehospitale fagmiljø er det fremma behov for eit fjerde helikopter i Helse Vest. Arbeidsgruppa i Helse Fonna meiner eit fjerde helikopter i Helse Vest bør stasjonerast i Helse Fonna. Eit eige helikopter i Helse Fonna vil styrke akuttberedskapen i føretaket og på resten av Vestlandet. Ei utgreiing gjennomført av Stiftelsen Norsk Luftambulanse antydar at oppdragsmengda for legehelikoptra vil auke med over 20 prosent fram mot 2020 og med over 40 prosent fram mot 2040 3. Helse Fonna har høgt tal på sekundæroppdrag, eit eige helikopter vil ta desse slik at beredskapen for helikoptra i Bergen og Stavanger ikkje blir råka. Eit helikopter i Helse Fonna vil derfor òg betre beredskapen i Stavanger og Bergen. 3 «Kapasitet og basestruktur. En utredning om luftambulansetjenesten i Norge 1988 2011», side 20. URL: http://www.norskluftambulanse.no/wp-content/uploads/2013/09/snla-kapasitet-og-basestrukturrapport-sept2013.pdf

7 Betre tryggleik for sjukehusa i Helse Fonna I arbeidet med nasjonal helse- og sjukehusplan er endringar i akuttberedskap ved dei minste sjukehusa drøfta, og auka grad av sentralisering av mellom anna akuttkirurgisk beredskap. Til dømes er det ved Odda sjukehus i dag berre éin anestesilege til stades. Dette har medført utfordrande situasjonar når det ikkje er mogeleg å få helikopter. Dersom lege må følgje pasienten i ambulanse vil det svekke beredskapen ved sjukehuset. Det kan òg vere tilfelle der det ikkje er opplagt at pasienten skal sendast, men der det er behov for å understøtte vurdering eller behandling. I slike tilfelle kan luftambulanselege vere «bakvakt» for anestesilege som er aleine på lokalsjukehus, og på den måten auke tryggleik og bidra til å gjere dei mindre sjukehusa berekraftige. Eit legehelikopter vil kunne vere eit supplement til akuttberedskapen ved sjukehusa i føretaket. Betre nytte av legebilen Drift av legebil og av helikopter må sjåast i samanheng. Ambulansehelikopterbasane i Norge har frå starten bare hatt helikopter, ikkje bil. Stiftelsen Norsk Luftambulanse har etter kvart kosta legebil til kvar av basane for å betre utnyttinga av helikoptermannskapet. Ved vêr som gir «no fly», eller der hending skjer i nærleik til basen, kan teamet rykke ut med bil. Utnyttingspotensialet her er særleg stort der basen ligg i tettbygd område. I Helse Fonna er det i dag legebil i drift på dagtid og enkelte kveldar i veka. Denne driftsmodellen er ikkje berekraftig over tid, då han ikkje gir grunnlag for nok anestesilegar inn i tenesta til at turnusen blir god. Det blir for mange kveldsvakter på den enkelte, då vakter på legebil kjem i tillegg til vakter inne på sjukehuset. Det er derfor plan om å utvide drifta til døgndrift i løpet av få år. Dette vil krevje eige vaktlag for legebil, med tilsetting av fleire anestesilegar og ambulansearbeidarar. Talet på oppdrag for legebilen er i dag på grensa av det som er berekraftig for eit eige vaktlag døgnet rundt. Utnyttingsgrad av kompetansen vil auke monaleg dersom ein supplerer med helikopter. Auka kompetanse og rekruttering i fagmiljøa Akuttmedisin/prehospital medisin er ei av dei «fire søylene» for anestesifaget. Helse Fonna har dei siste 20 åra i all hovudsak rekruttert anestesilegespesialistar gjennom utdanning av eigne legar, mange av dei med lokal tilknyting. Helse Fonna har på denne måten bygd opp eit stabilt overlegesjikt og fagmiljø. Avdelinga har fem utdanningsstillingar, desse er til ei kvar tid besett. Fleire av legane i utdanning ønskjer å fortsette i avdelinga som ferdige spesialistar. Ei døgnbasert prehospital teneste, anten med bare legebil eller òg med helikopter, vil krevje fleire legeheimlar. Desse må rekrutterast eksternt i ein startfase, då Helse Fonna ikkje har nok legeressursar for denne type verksemd per i dag. Det vil vere lettare å rekruttere legespesialister utanfrå ved etablering av ein helikopterbase, basert på erfaringar frå andre føretak. I dag har Helse Fonna fire overlegar som er utsjekka for prehospital teneste og som går i teneste på legebilen. Rekruttering av erfarne anestesilegar med brei kompetanse, også når det gjeld anestesi og intensivmedisin, vil vere ei styrking som òg vil komme pasientar inne på sjukehusa til gode. Administrerande direktør anslår at det vil krevje sju nye legestillingar (anestesilegar) for å drifte eit helikopter. Eige helikopter vil òg legge til rette for forsking innan prehospital medisin. I tillegg vil det å ha helikopter vere ei drivkraft for rekruttering og fagleg utvikling av ambulansepersonell. Auka dykkarberedskap i Helse Fonna sitt område Eit lokalt ambulansehelikopter vil styrke dykkarberedskapen i området. Haugesund brannvesen har etablert dykkarberedskap 24/7. Samarbeid med Haugesund Brannvesen si dykkarteneste vil bidra til reell redningsdykking i heile distriktet.

8 Styrka omdømme Synergieffekt ved å ha eige helikopter i Helse Fonna kan òg vere ei styrking av kompetanse på andre fagområde enn ambulanse- og anestesifag. Særleg vil det gjelde fagområde som ortopedi, blautdelskirurgi, radiologi og nevrologi - grunna auka pasientvolum. Helse Fonna sitt omdømme som akuttsjukehus med eigen luftambulanseteneste vil òg kunne bidra til betre rekruttering av legar. I neste omgang vil dette gi større moglegheit for òg å kunne tilby planlagd behandling til befolkninga i opptaksområdet. For å yte gode helsetenester treng vi tillit og truverd i befolkninga og eit godt omdøme. Dei medisinske, økonomiske og beredskapsmessige fordelane ved å etablere eigen helikopterbase i Helse Fonna vil alle kvar for seg bidra til å styrke føretaket sitt omdøme blant innbuarar, beslutningstakarar og eigne medarbeidarar. Etablering av eit ambulansehelikopter vil slik vere eit symbol på fagleg kompetanse, beredskap og tryggleik i Helse Fonna. Vidare utvikling av luftambulansetenesta i Norge Den operative delen av tenesta vil bli sett ut på anbod. Noverande kontraktsperiode går ut 31.05.18. Det er lyst ut konkurranse med plan om å inngå nye kontraktar i 2016, slik at operatørar har tid til å førebu seg før kontraktsperioden startar. Om Helse Fonna skal ha ei helikopterteneste, må føretaket bygge ein helikopterbase. Føretaket vil leie ut basen til operatørselskapet og administrerande direktør legg til grunn at leieinntektene vil dekke renter og avdrag på eit investeringslån. Oppsummering Nye behandlingsmetodar, utviklinga innan prehospital medisin, beredskapsomsyn og talet på oppdrag gjer at det mest sannsynleg vil bli behov for å utvide helikopterkapasiteten på Vestlandet i neste kontraktsperiode. Administrerande direktør vil tilrå at behovet blir løyst ved at eit ambulansehelikopter blir fast stasjonert i Helse Fonna.