ULSTEIN KOMMUNE SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Ingunn Hestnes Arkivsak: 2017/1010 Løpenr.: 5290/2017 Utvalsaksnr. Utval Møtedato 17/24 Levekårsutvalet 10.05.2017 17/51 Teknisk utval 11.05.2017 17/36 Ulstein formannskap 15.05.2017 Ulstein kommunestyre SALS- OG MARKNADSFØRINGSFORBOD MOT VÅPENKOPIAR, ANNA VALDSRELATERT UTSTYR OG LEGALISERINGSSYMBOL - OVERSENDINGSFRAMLEGG FRÅ ULSTEIN ARBEIDARPARTI Saka gjeld: Ulstein kommunestyre og Ulstein formannskap handsama i juni 2016 eit oversendingsframlegg frå Ulstein Arbeidarparti om å forby mellom anna omsetjing av og reklame for våpenkopiar, anna valdsrelatert utstyr, utstyr til bruk av ulovlege rusmiddel og effektar med tydelege legaliseringssymbol på kommunal grunn. Rådmannen tilrår at eit slikt sals- og reklameforbod vert innarbeidd i Ulstein kommune sitt reglement av 23.04.2015 for handel utanom fast utsalsstad frå kommunal eigedom i Ulsteinvik. Tilråding frå Ulstein formannskap 15.05.2017:
Tilrådinga frå rådmannen vart vedteken med 5 mot 2 røyster. Tilråding frå levekårsutvalet, 10.05.2017: Tilrådinga frå rådmannen vert vedteken med 7 mot 0 røyster. Tilråding frå teknisk utval, 11.05.2017: Tilråding frå rådmannen:
Framlegg frå Alf Johan Antonsen (FrP): 1. Eit sals- og reklameforbod for mellom anna valdsrelatert utstyr, utstyr til bruk av ulovlege rusmiddel og effektar med tydelege legaliseringssymbol, vert innarbeidd i Ulstein kommune sitt reglement av 23.04.2015 for handel utanom fast utsalsstad frå kommunal eigedom i Ulsteinvik. Røysting: Framlegget frå Alf Johan Antonsen (FrP) fekk ei stemme og fall. Tilrådinga frå rådmannen vert vedteken med 6 mot 1 røyster. Tilråding frå rådmannen: 4. Eit sals- og reklameforbod for mellom anna våpenkopiar, anna valdsrelatert utstyr, 5. Ulstein kommunestyre godkjenner endringar i reglement for handel utanom fast 6. Ulstein formannskap gjer vedtak om at utkastet til endringar i reglement for handel
Saksfakta: I Ulstein kommunestyre den 16.6.2016 vart eit oversendingsframlegg frå Ulstein Arbeidarparti med følgjande ordlyd handsama og samrøystes vedteke: «Ulstein kommunestyre ber formannskapet vurdere å innføre å gjere fylgjande vedtak: Framlegg til vedtak: Ulstein kommune har nulltoleranse for ulovlege rusmiddel og vil aktivt hindre omsetting av våpenkopiar og anna valdsrelatert utstyr. All bruk, oppbevaring og omsetting av ulovlege rusmiddel, sal og marknadsføring av effektar med tydelege legaliseringssymbol, utstyr til bruk av ulovlege rusmiddel, vil medføre bortvising frå kommunal eigedom og umiddelbar rapportering til politiet og politimelding. Det vert innført forbod mot omsetting av og reklame for våpenkopiar og anna som oppfordrar til vald på kommunal eigedom eller område disponert av kommunen. Ulstein kommune vil aktivt samarbeide med politiet.» Ulstein formannskap gjorde den 28.06.2016 følgjande vedtak: «Ulstein formannskap ber administrasjonen arbeide vidare med oversendingsframlegget i samråd med politiet og legge saka fram for formannskapet.» Vurderingar og konklusjon: I den grad kommunen kan regulere eit sal- og marknadsføringsforbod må dette skje gjennom regulering av bruk av kommunal eigedom/ grunn, eller gjennom politivedtektene. Kommunen kan som eigar bestemme over bruken av offentleg eigedom og korleis denne skal disponerast, derunder kommersiell utleige. Kommunen kan ikkje innføre eit tilsvarande forbod overfor private grunneigarar utan særskild heimel, som til dømes gjennom politivedtektene. Eit forslag til endring av politivedtektene krev godkjenning frå både fylkesmannen og politidirektoratet, og ein må pårekna at dette kan ta opp til eit år, kanskje lenger. Fullmaktsregelen til å gje politivedtekter i politilova 14 går elles ut frå prinsippet om at politivedtektene mellom anna ikkje bør regulere forhold som er uttømmande regulert i eller i medhald av anna lov. Dette inneber at politivedtektene i utgangspunktet ikkje kan innehalde forbod mot sal av våpen og enkelte våpenetterlikningar, då dette allereie regulert i våpenlova. Tilsvarande vil gjelde eit forbod mot bruk, oppbevaring og omsetjing av ulovlege rusmiddel, som er omhandla i straffelova/ legemiddellova. Ettersom det i utgangspunktet er tillate å selje klede/ effektar med legaliseringssymbol i vanlege butikkar, kan det vere tvilsamt i kva grad ein vil få godkjenning for eit marknadsførings- og salsforbod i politivedtektene. Administrasjonen har vore i kontakt Trond Berg, som var sakshandsamar då Arendal kommune innførte eit tilsvarande forbod på kommunal grunn. Arendal kommune vurderer at det ikkje er naudsynt med ei endring av politivedtektene då forbodet på kommunal grunn har
gjeve ei tilfredsstillande løysing på dei utfordringane kommunen stod ovanfor, spesielt med sal av våpenkopiar og effektar med legaliseringssymbol på 17. mai. Rådmannen tilrår difor at ein tek inn eit sals- og marknadsføringsforbod gjennom ei endring i Ulstein kommune sitt reglement for handel utanom fast salsstad på kommunal eigedom. Administrasjonen foreslår at marknadsførings- og salsforbodet vert teke inn i kapittel 6 i reglementet. Vidare bør ein ta inn i kapittel 11 ei føresegn om at ved ei eventuell framleige, so skal aktør/ arrangør gjere framleigetakaren kjent med regelverket, samt bortvise ved eventuelle brot på regelverket. Administrasjonen foreslår vidare ei ny føresegn i det same kapittelet om at brot på norsk lov skal meldast til politiet. Rådmannen sitt forslag til endring følgjer vedlagt. Administrasjonen har forsøkt å få til eit møte med politiet sin representant for førebyggjande arbeid for å diskutere oversendingsframlegget. Grunna stort arbeidspress i politiet har ein diverre ikkje lukkast i å få dette til. Det er no etablert eit nytt politiråd der det vil verte peikt ut ei politikontakt, som vil bistå dei enkelte kommunane når det gjeld førebyggjande arbeid. Det vil difor vere naturleg at ein diskuterer vidare oppfølging av forbodet med politiet i dette forumet. Folkehelse- og miljøkonsekvensar: Ingen kjende Økonomiske konsekvensar: Aktørar som har varer som er omfatta av forbodet i sitt sortiment, vil kunne oppleve redusert omsetjing. Beredskapsmessige konsekvensar: Ingen kjende. Lenke til meir informasjon: Politilova Vedlegg: 1 Utkast til endring av reglement for handel utanom fast utsalsstad frå kommunal eigedom i Ulsteinvik 2 Reglement for handel utanom fast utsalsstad frå kommunal eigedom i Ulsteinvik - fastsett av Ulstein kommunestyre den 23.4.2015 Verner Larsen rådmann Ingunn Hestnes jurist Dokumentet er elektronisk godkjent og har ingen signatur.