Fylkesmannen i Møre og Romsdal atab Vår dato 27.05.2014 2009/1757/ANML/542.9 Saksbehandlar, innvalstelefon Dykkar dato Dykkar ref. fagansvarleg Anne Melbø, 71 25 85 15 Vår ref. Lerøy Midt AS 7247 HESTVIKA Inspeksjonsrapport 2014.121.I.FMMR Inspeksjon hos Lerøy Midt AS lokalitet Hogsnes og Hogsnes Nord Dato for inspeksjonen: 14.05.2014 Kontaktperson ved kontrollen Frå verksemda: Terje B. Røsand Andre deltagare ved kontrollen Frå verksemda: Harald Larssen Stig-N. Selvåg Frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal: Anne Melbø Frå Fylkesmannen: Gunhild Liva Austvoll Kommunelege i Averøy kommune, Sølve Grimstad, var med på tilsynet. Resultat frå inspeksjonen Denne rapporten omhandlar resultat frå inspeksjon ved lokalitetane Hogsnes og Hogsnes Nord i Averøy kommune 14.05.2014. Rapporten har status som foreløpig. Dersom vi ikkje får nokon tilbakemelding om faktiske feil eller mistydingar i rapporten innan to veker etter at rapporten er motteke, er rapporten å rekne som endeleg. Fylkesmannen i Møre og Romsdal avdekka 5 avvik og 1 merknader under inspeksjonen. Avvika omhandlar: Verksemda sine risikovurderingar er mangelfulle for tilhøve knytt til ytre miljø Verksemda si avvikshandtering omfattar ikkje tilhøve knytt til ytre miljø Støykartlegg av verksemda er ufullstendig/verksemda kan ikkje dokumentere at dei overheld støykrava Substitusjonsplikta er ikkje følgt opp Verksemda gjennomfører ikkje årleg kartlegging av strendene i området Det ble i tillegg gjeve 1 merknad som gjekk på måla for ytre miljø. Avvika og merknaden er nærmare omtala frå side 5 og utover i rapporten. Postadresse: Fylkeshuset 6404 Molde Telefon: 71 25 84 43 Telefax: 71 25 85 10 E-post: postmottak@fmmr.no Web: www.fylkesmannen.no
side 2 av 7 For at Fylkesmannen i Møre og Romsdal skal kunne avslutte saken, må verksemda sende dokumentasjon på at avvika er retta innan 01.10.2014. Oppfølging etter tilsynet er nærmare omtalt på side 4. Vi vil til slutt takke for god mottaking og godt samarbeid under tilsynet. Med helsing Linda Aaram (e.f.) miljøverndirektør Anne Melbø Dokumentet er elektronisk godkjent og har ingen signatur. kopi: Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset 6404 Molde Fiskeridirektoratet region Møre og Romsdal Postboks 185 Sentrum 5804 Bergen Averøy kommune Postboks 152, Bruhagen 6538 AVERØY
side 3 av 7 Informasjon om verksemda Namn: Lerøy Midt AS Organisasjonsnr (undereining): 985848718 Eigas av: Besøksadresse: Hestvika, 7247 Hitra Telefon: 72 46 50 00 Bransjenr. (NACE-kode): 10.209 E-post: post@midnor.com Kontrollert anlegg Namn: Hogsnes Anleggsnr.: 1554.0040.04 Kommune: Averøy Anleggsaktivitet: Akvakultur Kontroll nr.: Risikoklasse: 3 Løyve gitt: 01.02.2011 Løyve sist oppdatert: 01.02.2011 Namn: Hogsnes Nord Anleggsnr.: 1554.0055.02 Kommune: Averøy Anleggsaktivitet: Akvakultur Kontroll nr.: Risikoklasse: Løyve gitt: 23.07.2009 Løyve sist oppdatert: 23.07.2009 Bakgrunn for inspeksjonen Rapporten er utarbeida etter eit tilsyn ved Lerøy Midt AS på lokalitetane Hogsnes og Hogsnes Nord 14.05.2014.. Tilsynet vart gjennomført med bakgrunn i klager på støy frå anlegget. Inspeksjonstema: Internkontroll Risikovurdering Avvikshandtering Støy Utslepp til vatn, resipientundersøkingar Substitusjon Handtering av kjemikalia, sikring mot akutte utslipp. Vi vil gjere merksam på at ikkje alle sider av verksemda som kan ha noko seie for ytre miljø, vart granska ved kontrollen. Verksemda må sjølv aktivt utøve internkontroll, avdekkje feil og manglar og setje i verk nødvendige tiltak. Denne rapporten omhandlar avvik som vart funne under inspeksjonen og gir inga fullstendig tilstandsvurdering av verksemda sitt miljøarbeid eller miljøstatus.
side 4 av 7 Definisjonar Avvik: Overtrede av krav fastsatt i medhold av helse-, miljø- og sikkerhetslovgivninga (til dømes krav i forureiningslova, forskrift heimla i forureiningslova, IK-forskrifta eller krav og vilkår fastsatt i utsleppsløyve eller dispensasjonar, samt verksemda sine eigne rutinar for å oppfylle styresmaktene sine krav) Merknad: Eit forhold som ikkje blir omfatta av definisjonen på avvik, men som tilsynsetatane meiner det er rett å peike på då det har eller kan ha noko å seie for å ta vare på det ytre miljø. Andre forhold: Saker som framkom under inspeksjonen og som det kan være nyttig å kjenne til for verksemda og saksbehandlarar. Her kan det også inngå kommentarar til tema som ble tatt opp under inspeksjonen, men der det ikkje ble gitt avvik eller merknad. Oppfølging etter inspeksjonen Verksemda pliktar snarast å rette opp dei avvik som vart funne. For at Fylkesmannen i Møre og Romsdal skal kunne avslutte saken, må verksemda sende oss dokumentasjon på at avvika er retta innan 01.10.2014. Vi ber dykk om å stile svarbrevet eller e post (fmmrpostmottak@fylkesmannen.no) til Fylkesmannen i Møre og Romsdal merka med saksnummer. Pålegg om skriftleg tilbakemelding er gitt med heimel i forureiningslova 49. De kan klage på vedtaket, jf. forvaltningslova 14, og de har då ein klagefrist på 3 dagar. Ein eventuell klage grunngis og bør sendast Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Gebyr for inspeksjonen Verksemda skal betala gebyr for kontrollen, jf. forskrift om begrensning av forurensning (forureiningsforskrifta) 39-6 om gebyr for kontroll av inntil en dags varigheit i verksemder med løyve. Risikoklasse er fastset ved handsaming av utsleppsløyve. Verksemda er i løyvet plassert i risikoklasse 3. Dette inneber at verksemda skal betala kr 12 000 i gebyr for den gjennomførte kontrollen. Sidan gebyrstorleiken fylgjer av vedteken risikoklasse er gebyrstorleiken ikkje eit vedtak som kan klagast på. Faktura med innbetalingsblankett vil bli ettersendt frå Miljødirektoratet. Offentlegheit i forvaltninga Denne rapporten vil vere open for offentligheita via postjournalen til Fylkesmannen til Møre og Romsdal (jf. offentleglova). I tillegg vil rapporten vere tilgjengeleg på www.norskeutslipp.no
side 5 av 7 Regelverk Dei viktigaste HMS - krava for bransjen finn de på www.regelhjelp.no. Meir informasjon finn de også på Miljødirektoratet si heimeside www.miljødirektoratet.no og www.lovdata.no. Heimlane for avvik i denne kontrollen er i følgjande regelverk: Lov om vern mot forurensninger og om avfall (forurensningsloven) av 13. mars 1981 Lov om kontroll med produkter og forbrukertjenester (produktkontrolloven) av 19. juni 1970 Forskrift om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften) av 1. juni 2004 Forskrift om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskriften) av 1. juni 2004 Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter (internkontrollforskriften) av 6. desember 1996 Tilsynet har elles teke utgangspunkt i: Utsleppsløyve frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal, datert 23.07.2009 og 01.02.2011. Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen i Møre og Romsdal Verksemda sin eigen dokumentasjon knytt til den daglege drifta og til forhold av betyding for helse/miljø/sikkerheit
side 6 av 7 Funn Fylkesmannen avdekka følgjande avvik under inspeksjonen: Avvik 1 Verksemda sine risikovurderingar er mangelfulle for tilhøve knytt til ytre miljø Forskrift om systematisk helse, miljø og sikkerhetsarbeid i virksomheter (internkontrollforskriften) 5, 2. ledd pkt 6 Vilkår 7.1 i utsleppsløyve datert 23.07.2009 for Hogsnes nord og utsleppsløyve for Hogsnes datert 01.02.2011. Det er utarbeidd risikovurderingar som er spesifikke for lokaliteten, men ikkje alle relevante punkt er med. Vurderinga manglar mellom anna risikovurdering i forhold til støy og dieselpåfylling. Alle relevante risikopunkt for ytre miljø skal vere med. Risikovurderinga skal føre til ein gradering av risikoelement slik at hendingar med høgast risiko plukkast ut i ein tiltaksplan. Avvik 2 Verksemda si avvikshandtering omfattar ikkje tilhøve knytt til ytre miljø Forskrift om systematisk helse, miljø og sikkerhetsarbeid i virksomheter (internkontrollforskriften) 5, 2. ledd pkt 7 og 8 Verksemda har eit godt avvikssystem, men systemet er ikkje i bruk for avvik knytt til ytre miljø og klagar frå tredjepart. Eksempelvis er klagar på støy ikkje registrert i avvikssystemet. Avvik 3 Verksemda kan ikkje dokumentere at dei overheld støykrava Utsleppsløyve for Hogsnes av 01.02.2011, vilkår 4. Utsleppsløyve for Hogsnes nord av 23.07.2009, vilkår 4. I oversendinga av løyve til Hogsnes av 01.02.2011 vart det satt frist for gjennomføring av støysonekart i løpet av 2011. Målingane er meint å skulle vise om vilkår 4 i løyvet med støygrenser er overhaldt. Morset Akustikk utarbeida støysonekart datert 25.06.2012. Alle kjelder til støy er ikkje med i kartlegginga. Dette gjeld mellom anna spyling av nøter m.m. Det er ikkje nytta korrekt middlingstid i berekningane. Fôrslangar og flåte er heller ikkje plassert slik det er i dag, med to fôrflåtar i staden for ein. Det må utarbeidast ei ny støysonekartlegging som synar eventuelle situasjonar der støykrava i vilkår 4 til løyvet overskridast.
side 7 av 7 Avvik 4 Substitusjonsplikta er ikkje følgt opp Lov om kontroll med produkter og forbrukertjenester (produktkontrolloven) 3a Verksemda har rutinar for å følgje opp substitusjonsplikta, men desse fungerer ikkje i praksis. Avvik 5 Verksemda gjennomfører ikkje årleg kartlegging av strendene i området Utsleppsløyve for Hogsnes nord av 23.07.2009 vilkår 8.2 Utsleppsløyve for Hogsnes av 01.02.2011 vilkår 7.1 I løyvet til Hogsnes nord er det satt krav til at det skal foretas årlege undersøkingar av strandsonen i Løkenbukta og Sandbukta. I løyvet til Hogsnes av 01.02.2011 er det satt krav til at det gjennom internkontroll skal sikrast at det ikkje er synleg avfall eller partiklar frå verksemda i strandsonen. Dette kjem i tillegg til den meir omfattande undersøkinga bygd på NS-EN ISO 19493:2007 som skal gjennomførast minst kvart sjette år. Verksemda gjennomfører årleg rydding av strendene, men det er ikkje systematisert noko registrering eller liknande gjennom verksemdas internkontroll. Merknader Merknad 1 Miljømåla for ytre miljø er mangelfulle. Det er satt miljømål for ytre miljø for anlegga, men desse kan bli betre. Miljømåla skal vere noko å strekke seg mot, og dei skal vere konkrete og målbare. Dei bør i tillegg henge saman med risikovurderinga hjå verksemda, og dei bør vere dekkande for alle dei viktigaste områda som omhandlar ytre miljø. Fylkesmannen meiner til dømes at støy kan vere eit viktig område for anlegga på Hogsnes. Andre forhold Verksemda har handert støyklagane mellom anna i form av møter med naboane som klagar. Vi kan ikkje sjå at dette har gitt endringar som er nedfelt i internkontrollsystemet hjå verksemda. Verksemda skal generelt sett sørgje for at drifta ved anlegget skjer med minst mogleg ulemper og skadeverknadar. Dette gjeld også for støy. Under tilsynet diskuterte vi mogligheita for å unngå visse typar støyande aktivitet på helg og hellegdagar.