KULTURMINNEPLAN FOR VINJE KOMMUNE KULTURMINNEPLAN FOR VINJE KOMMUNE FØREBELS UTKAST 05.08.2013 VERSJON 2.0-10.10.2013

Like dokumenter
Bykle kommune -Bykle ser langt. Planprogram for kulturminneplan

Forord Samandrag Bakgrunn og formål med undersøkinga Området... 7

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Kulturhistoriske registreringar

Arkeologisk rapport nr. 3/2013: Mardalsmoen

Kulturminnearbeid i Asplan Viak. Eit fagfelt dekka av Asplan Viak

Mongstad sør, Statoil industriområde

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Arkeologisk rapport nr: Kristiantunet II Godøy Gnr, b.nr

REGIONAL PLAN FOR DOVREFJELLOMRÅDET

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Forslag frå fylkesrådmannen

Planprogram for kommunedelplan for kulturminne Framlegg til offentleg ettersyn

Til deg som bur i fosterheim år

Bustadområde i sentrum. Vurdering

FRÅSEGN - REGULERINGSPLAN VORLANDSVÅGEN, BØMLO KOMMUNE.

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Planprogram for kommunedelplan for kulturminne

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Kulturhistorisk synfaring. Konsesjonssøknad- Gjerstadfossen kraftverk Osterøy kommune

Hovden del2 reguleringsplan frå 1997

Freda bygningar og anlegg. Arlen Bidne rådgjevar

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Brukarrettleiing. epolitiker

Informasjon og brukarrettleiing

Kulturminne og kulturmiljø

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

RUTINAR KRING ARKEOLOGISKE UNDERSØKINGAR AREAL MED POTENSIAL FOR SPESIELT BIOLOGISK MANGFALD - ISTANDSETTING

BERGEN KOMMUNE, FANA BYDEL, REGULERINGSPLAN FOR SKJOLDNES, MOTSEGN TIL INNGREP VED TROLDHAUGEN

TELEMARK FYLKESKOMMUNE KULTURHISTORISK REGISTRERING. Siljan kommune. Solvika Camping GNR. 15, BNR. 62, 75

Kulturhistoriske registreringar

SØKNAD OM TILSKOT TIL FREDA KULTURMINNE I PRIVAT EIGE, KULTURMILJØ OG KULTURLANDSKAP (Kap post 71)

Skulestadmo gbnr. 58/163, 43 og gbnr. 59/2, 26 Voss kommune

Kuventræ 54/11 og 54/26. Os kommune. Kulturhistoriske registreringar i samband med reguleringsplan for Kuventræ, Os k. Rapport

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Skjøtsel av arkeologiske kulturminne i jordbrukslandskapet

BEVARINGSPROGRAM FOR UTVALGTE ARKEOLOGISKE KULTURMINNER

Kulturarv på kartet Registreringer i Møre og Romsdal. Fagdag, Statens Kartverk,

Brukarrettleiing E-post lesar

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Vurdering av motsegner til arealdelen mars 2011

Notat Kulturminne

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Stabbursberging på Åsen Bygdemuseum

TRENG DU VAREOPPTELJING I SKOGEN DIN?

Kulturhistoriske registreringar

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Jon Fosse. For seint. Libretto

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Kommunedelplan for kulturminne. Framlegg til planprogram

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

TIDSUR. Svartedauden. Dei første norske byane vert grunnlagt. Dei første menneske kjem til Noreg. Julius Cæsar

Områdefreding Stødleterrassen

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

KULTURBÅTEN M/S NYBAKK BLIR AMBASSADØR FOR GULATINGET TUSENÅRSSTADEN FOR SOGN OG FJORDANE

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune

Sak til styremøtet. Høyringsuttale til forslag til landsverneplan. Jonatunet. Høyringsuttale til forslag til landsverneplan. Saksnr.

Unner du borna det unike? Runde kystleirskule

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Møteinnkalling. Nærøyfjorden verneområdestyre - AU

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Kommunedelplan for kulturminne - Sveio kommune

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Kulturminnekompetanse i Kommunane - Kulturminneplan

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Ervesundet, Sveio kommune Gnr. 105, bnr. 5, 10, 12, 14, 39

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Psykologisk førstehjelp i skulen

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll

Frå novelle til teikneserie

Kulturminneplan - Framlegg til planprogram

Kommetarar til merknader til forslag til forvaltningsplan og føresegner til områdefreding av Stødleterrassen

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Planprogram. Interkommunal kommunedelplan for kulturminner Bø og Sauherad kommunar

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Juvet Landskapshotell

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

SØKNAD OM OPPSTART AV PLANARBEID FOR DEL AV GNR. 24 BNR. 4 JYDALEN, FAMMESTAD

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

DETALJPLAN AV KYRKJEVEGEN 2, GNR 45 BNR 322, MANGER, RADØY KOMMUNE. MOTSEGN

Kulturhistoriske registreringar. Arna Jordsortering, gnr. 300, bnr. 3 m.fl. - Bergen kommune Rapport

Transkript:

KULTURMINNEPLAN FOR VINJE KOMMUNE FØREBELS UTKAST 05.08.2013 KULTURMINNEPLAN FOR VINJE KOMMUNE VERSJON 2.0-10.10.2013 1

2 Lognvik Søre

Tekst, kart og grafisk utforming: Rådgjevande Arkeologar ANS Grafisk tema: Finndalslaft, den eldste laftetypen frå før Svartedauden, godt representert i Vinje. Mønster frå bur på Groven. Foto: Rådgjevande Arkeologar v/ørjan Engedal der ikkje anna er nemnt. Versjon: 2.0, 12.11.2013. 3

INNHALD INNHALD... 4 DEL I RÅMER, MÅL OG VERKEMIDDEL... 6 1. Innleiing... 8 Bakgrunn for planen... 8 Mål med planen... 8 Samandrag... 9 2. Mange slags minne... 9 Faste kulturminne... 10 Automatisk freda kulturminne (fornminne)... 10 Nyare tids kulturminne... 10 Synlege og ikkje-synlege kulturminne... 11 Lause kulturminne... 11 Immaterielle kulturminne... 13 Tradisjon og segn... 13 Handverk... 14 Song, musikk og dans... 15 3. Kvifor ta vare på? Kunnskap, oppleving og bruk... 16 Kunnskap... 16 Oppleving... 16 Ressurs... 17 4. Lovverk... 18 5. Kjelder og register... 19 Askeladden... 19 SEFRAK... 20 Unimus... 21 Kulturminnesøk... 21 Miljøstatus... 22 6. Formidling... 22 Gjer og lær!... 22 Skilting... 23 Informasjon på papir... 23 Med verdsvev og app som guide... 23 7. Næringsutvikling og reiseliv... 24 Bruk og bevar!... 24 Arvesylv til inspirasjon og innovasjon... 24 Kultursti... 25 Suveniren - ein bit av Vinje... 25 DEL II KULTURHISTORISK UTVIKLING... 26 1. Jegersteinalderen 7500 2000 f.kr.... 29 2. Gjetarar og fangstmenn 2000 100 f.kr... 32 3. Rein og jern: 100 f.kr.- 600 e.kr.... 34 4. Garden og kyrkja, jernet og reinen: 600 e.kr 1537 e.kr... 36 Garden... 36 Kyrkja... 38 Jernet og reinen... 39 5. Nyare tid, etter 1537... 41 Nye næringar nye spor... 43 Kjendtfolk... 44 Samferdsle... 45 Krigen... 46 DEL III KULTURMINNE OG KULTURMILJØ I VINJE KOMMUNE... 48 Delområde 1: Mannåsgrend - Berdal... 51 Delområde 2 : Åmot - Åbøgrend... 53 Delområde 3: Særensgrend... 55 Delområde 4: Vinje - Bøgrend... 57 4

Delområde 5: Øyfjell - Trovatn... 59 Delområde 6: Kostveit - Øgarden... 61 Delområde 7: Smørklepp... 63 Delområde 8: Våmartveit- Kringletjønn... 65 Delområde 9: Krossen - Austbø... 67 Delområde 10: Lognvik- Øygarden... 69 Delområde 11: Holtar... 71 Delområde 12: Raulandsgrend-Haddland... 73 Delområde 13: Raulandstrondi... 76 Delområde 14: Grungevatn... 78 Delområde 15: Sæsvatn- Øvre Langeidvatn... 80 Delområdet 16: Holmavatn... 82 Delområde 17: Haukelifjell... 84 Delområde 18: Bordalsvatn... 86 Delområde 19: Vågslivatn... 88 Delområde 20: Haukeli - Edland... 90 Delområde 21: Tveitegrend... 92 Delområde 22: Arabygdi... 94 Delområde 23: Songavatn... 96 Delområde 24: Bitdalsvatn... 98 Delområde 25: Austbøheiane mot bjortjønn... 100 Delområde 26: Møsvatn Sør... 102 Delområde 27: Møsvatn Nord... 104 Delområde 28: Mogen- Vinjefjord... 106 Delområde 29: Kvennadalen... 108 Delområde 30: Skardbu... 110 DEL IV - FORSLAG TIL PRIORITERTE KULTURMINNE OG KULTURMILJØ... 112 1. Vinje... 115 2. Åmot - Åbøgrend... 121 3. Kyrkjemoen ved Sæsvatn... 125 4. Sporaneset... 127 5. Oppgangssaga i Fundlidbekken... 129 DEL V: HANDLINGSPLAN FOR PLANPERIODEN... 131 1. Status: kulturminne i Vinje kommune i 2013... 133 Faste førreformatoriske kulturminne... 133 Lause førreformatoriske kulturminne... 133 Potensial for nye funn av førreformatoriske kulturminne... 133 Faste nyare tids kulturminne... 134 Lause nyare tids kulturminne... 134 Immaterielle kulturminne... 135 Kulturlandskap og kulturmiljø... 135 Tilrettelegging og skilting... 135 Konklusjon... 136 2. Strategiar... 136 Tilrettelegging... 137 Vern og styring... 137 Registrering og oversyn... 137 Kjelder... 139 Litteraturliste... 139 Verdsveven... 139 5

DEL I RÅMER, MÅL OG VERKEMIDDEL DEL I RÅMER, MÅL OG VERKEMIDDEL 6

7 Gravrøys, Lunde, Åbøgrend

1. INNLEIING BAKGRUNN FOR PLANEN Vinje kommune vert kopla til tradisjon, kultur og kunst. Framfor alt er Vinje kjend for diktarane, musikarane og skulptørane sine, for den eldre bygningsmassen med loft og bur attende frå mellomalder, og for det levande tradisjonshandverket. I tillegg er kommunen óg særs rik på fornminne og andre kulturminne. Det er brei politisk semje om at Vinje også i framtida skal assosierast med kultur, natur og tradisjon. I kommuneplanen for Vinje kommune står fylgjande målsetjing: "Vidareføre dei rike kulturverdiane og tradisjonane i Vinje og ynskje nye kulturar velkomen. Kultur og tradisjonar: Dei rike kulturelle verdiane og tradisjonane i Vinje må takast vare på og vidareførast på ein levande måte til ei ny tid. Eit av hovudmåla: Vinje skal framleis identifiserast med kultur, natur og tradisjon. Slik gjer vi det: Syter for at fornminne og kulturminne er registrerte og tilgjengelege". I arbeidet med Kommunedelplan for kunst og kultur 2012-2021, vedteken november 2011, vart det slege fast at eit viktig fyrste tiltak var å få utarbeidd ein kulturminneplan. I punkt 3 i planen les ein: "Kulturarv- kulturminne- identitet Mål: Etablere ei samla oversikt over kulturminne i Vinje kommune Gjera eit utval av kulturminne og kulturlandskap tilgjengelege Kulturminna, frå plunder og bry til ressurs i stadutvikling Kunnskapsauke, overføring av kunnskap til kommunalt tilsette, politikarar Styrka medvit hjå barn, unge, innbyggjarar om vårt eige samfunn og historie Verkty i sakshandsaming Kulturminne og kulturlandskap bli integrerte element i kommunale planar, særleg planar som omhandlar stadutvikling og reiseliv" I april 2013 fekk Rådgjevande Arkeologar ved Ørjan Engedal og Oddhild Dokset Engedal oppdraget med å lage eit oversyn over registrerte kulturminne i Vinje kommune, samt å utarbeide sjølve plandokumentet. MÅL MED PLANEN Vinje er ein stor kommune med høg tettleik av registrerte kulturminne og, mest truleg, høg tettleik av kulturminne som ikkje er registrerte. Fyrste delmål med denne fyrste planen er: å få eit oversyn over det som finst i dei sentrale offentlege kulturminneregistera: a. Askeladden b. SEFRAK (kode raud). å få utarbeidd eit råmeverk med fokus på kulturhistorisk samanheng, kulturminnekategoriar, lovverk, vernekriterie, forvalting og formidling Dette skal hjelpe oss til det andre delmålet, å vere i posisjon til å vite: kva som allereie er gjort kva me kan gjere kva me vil gjere 8

SAMANDRAG 2. MANGE SLAGS MINNE Del III i planen søkjer å gje oversyn over registrerte kulturminne: 1486 lokalitetar med 1632 einskildminne i databasen Askeladden. 1705 ståande bygg med SEFRAK kode raud (i hovudsak eldre enn 1850) Det er utarbeidd eit temakart for heile kommunen som visualiserar distribusjon av kulturminnekategoriar og vernekategoriar på desse objekta. I del III er gjennomgått 30 detaljutsnitt frå dette temakartet som fangar opp dei viktigaste konsentrasjonane av kulturminne i kommunen. På grunnlag av del I-III er det: gjort prioriteringar som munnar ut i del IV med gjennomgang av 5 prioriterte kulturmiljø: 1. Vinje (Øvre Vinjevatn) 2. Åmot - Åbøgrend 3. Kyrkjemoen ved Sæsvatn 4. Sporaneset 5. Oppgangssaga i Fundlidbekken utforma ein handlingsplan med strategiar i del V. Strategiane er konkretiserte under tema: o tilrettelegging, o vern og styring, o registrering og oversyn. Kulturminnelova (LOV 1978 nr. 50 Lov om kulturminne) definerer kulturminne som: «alle spor etter menneskelig aktivitet i vårt fysiske miljø, herunder lokaliteter det knytter seg historiske hendelser, tro eller tradisjon til» Når eit eller fleire kulturminne inngår i ein vidare heilskap eller samanheng, kan ein tale om eit kulturmiljø. Vurderingar av kulturhistorie, tidsdjupne, einskilde kulturminne og landskap ligg til grunn når eit kulturmiljø vert definert og avgrensa. Med kulturlandskap meiner me landskap som er forma av menneske sine liv og aktivitetar gjennom tidene. I ei utvida forståing kan ein også tale om landskap som på ulikt vis ber i seg førestellingar som påverkar mennesket. Ein skil også mellom faste- og lause kulturminne. Faste kulturminne er gjerne nettopp faste og integrerte i landskapet som ein steingard, ei gravrøys eller ei kokegrop. Sjølv om dei let seg flytte, reknar ein óg ståande bautasteinar og steinkrossar til denne kategorien. Lause kulturminne er dei som kan skiljast frå landskapet og setjast i ein monter i eit museum som ein pilspiss, eit vevlodd eller eit klesplagg. Ein skil óg mellom synlege og ikkje-synlege kulturminne. Endeleg kan ein skilje mellom materielle- og immaterielle kulturminne. Med immaterielle kulturminne meiner ein slike som eksisterar som tanke, handling og lyd som til dømes song, soger, og ulike former for kunst og handtverk. 9

FASTE KULTURMINNE AUTOMATISK FREDA KULTURMINNE (FORNMINNE) Kulturminnelova (LOV 1978 nr. 50 Lov om kulturminne) gjev visse kulturminne eit automatisk vern, det vil seie at dei er automatisk freda. Dette gjeld alle kjende og ukjende kulturminne eldre enn 1537 (reformasjonen), ståande bygg og myntar eldre enn 1650, kulturminne i sjø, vatn og vassdrag eldre enn 100 år, og samiske kulturminne eldre enn 100 år. Om ikkje anna er bestemt av vernestyresmaktene, gjeld fredinga sjølve kulturminnet og ei sone på 5m rundt kulturminnet. Andre kulturminnekategoriar kan fredast ved særskilde vedtak, og ein talar då om vedtaksfreda eller forskriftsfreda kulturminne. Automatisk freda kulturminne, førreformatoriske kulturminne og fornminne vert brukte synonymt i mange samanhengar. NYARE TIDS KULTURMINNE Med nyare tids kulturminne meiner ein kulturminne yngre enn 1537 (reformasjonen). I røynda finst det ikkje ei nedre tidsavgrensing for kulturminne. Med unntak av ståande bygg og myntar eldre enn 1650, kulturminne i sjø, vatn og vassdrag eldre enn 100 år, og samiske kulturminne eldre enn 100 år, har nyare tids kulturminne ikkje automatisk vern. Gjennom vedtak kan Riksantikvaren også frede nyare tids kulturminne. Det finst ikkje noko landsdekkande samla oversyn over nyare tids kulturminne, slik som for førreformatoriske kulturminne. Det viktigaste landsdekkande registeret over nyare tids kulturminne er SEFRAK registeret, med eldre bygningar og ruinar. SEFRAK er fyrst og fremst eit register som har særleg verdi som kjeldemateriale for lokal historie. I tillegg er registeret nytta av kulturminneforvaltinga som utgangspunkt for å finne verneverdige bygningar. Denne kulturminneplanen er meint å danne eit utgangspunkt for å starte opp registrering av nyare tids kulturminne i kommunen. Fig. 1. Utklypp frå databasen Askeladden: automatisk freda lokalitet (blått) med 5m vernesone (gult). Fig. 2. Kvernhustuft ved Hyllandsåi, Åmot. Mange kulturminne knytt til utnytting av vasskraft er uregistrerte. 10

SYNLEGE OG IKKJE-SYNLEGE KULTURMINNE Ein skil óg mellom kulturminne som er synlege på overflata, og slike som ikkje er det. Synlege kulturminne kan vere t.d. steingardar, ruinar eller helleristingar. Ikkje-synlege kulturminne er slike som er gøymde under sand, grus, stein, jord, torv eller anna vegetasjon. I prinsippet kan alle typar kulturminne finnast slik, men det er ofte tale om eldstader, steinsetjingar, pløyespor, graver eller bygningsspor. Ei 9 undersøking, det vil seie ei overflateregistrering eller registrering med prøvestikk og sjakter, i regi av fylkeskommunen, har som hovudmål å kartlegge slike ikkje-synlege-, eller ikkje kjende-, kulturminne i eit utbyggingsområde. Ein reknar med at berre kring 10% av førreformatoriske kulturminne er kjende i dag resten finst, men er vanskeleg- eller ikkje synlege, eller av andre grunnar ikkje registrerte. LAUSE KULTURMINNE Lause kulturminne er dei som kan skiljast frå landskapet og setjast i ein monter i eit museum som ein pilspiss, eit vevlodd eller eit klesplagg. Desse har vore laga og brukte reiskap og klede og tek oss ofte nærare einskildmennesket enn dei faste minna. Her gjeld dei same grensene som for faste kulturminne: lause minne eldre enn 1537 er automatisk freda. Desse vert i all hovudsak lagra hjå landsdelsmusea, i Vinje sitt tilfelle, hjå Kulturhistorisk museum i Oslo. Fig. 4. Laust kulturminne: del av sverd frå vikingtid frå Kjellingtveit (C21325, foto: Kulturhistorisk museum, UiO).. Vidare er myntfunn eldre enn 1650 staten sin eigedom. Finnarar av lause automatisk freda kulturminne i Vinje kommune pliktar å levere desse inn til vernestyresmaktene ved Telemark fylkeskommune. Fig. 3. Ikkje synleg kulturminne kjem for dagen... Arkeologiske granskingar med maskinell flateavdekking på Tveiten i Vinje (ASK 138882, foto: Kulturhistorisk museum, UiO). Dei rike kunst- og handverkstradisjonane i Vinje har solide historiske røter. Måling, treskur, knivmaking, instrumentmaking, jern- og sylvsmiing, drakt, saum og veving står, og har stått, sterkt i Vinje. Dei lause kulturminna er historiske representantar for desse tradisjonane, i tillegg til at dei målber minne om einskildpersonar. 11

Lause kulturminne frå nyare tid frå Vinje kommune er samla til fleire nasjonale, regionale og lokale samlingar. I tillegg finst truleg ei mengd på private hender rundt om på gardane i kommunen. To viktige lokale samlingar av slike minne er Øyfjell bygdemuseum og Jamsgardstiftelsen. Vest-Telemark museum er det regionale nivået med store samlingar frå Vinje og Rauland. Norsk Folkemuseum er det nasjonale nivået i denne samanhengen, og har også store samlingar frå Vinje og Rauland. Fig. 6. Laust kulturminne: Ølfugl frå Særen (Foto: Faksvaag, Jon-Erik/Norsk Folkemuseum). Fig. 5. Laust kulturminne: Såkorg frå Rauland, frå 1721 (Foto: Faksvaag, Jon- Erik/Norsk Folkemuseum). 12

IMMATERIELLE KULTURMINNE TRADISJON OG SEGN Det finst ein sterk og levande forteljartradisjon i Vinje kommune. For at denne skal halde fram, må tre sider av denne tradisjonen førast vidare og vernast om: forteljaren, forteljinga, og i mange tilfelle, naturformasjonar som står sentralt i forteljinga. Innsamling, lydopptak og nedskriving av soger er vesentleg i arbeidet med å ta vare på dette materialet. For å halde det levande er det også viktig å kople dei gamle historieforteljarane med eit ungt publikum, slik at dagens unge i større grad vert levande tradisjonsberarar. I denne samanhengen kan det også vere viktig å ta vare på og verne om naturfenomen som i seg sjølv ikkje fyller vanlege kriterie for vern. Fig. 8.Urdbøuri, den kanskje største steinura i Nord-Europa, er eit tradisjonsminne knytt til eit naturfenomen. Her skal Tor med hammaren, i sinne etter å ha vorte bydd drykk i eit for lite kar, ha slege så hardt i fjellet at det ramla saman til ei ur. So hardt slo han at han mista hammaren, og måtte leite seg gjennom ura før han fann han att. Han rydda på denne måten den stien som går gjennom ura, som i dag er merka som Torsvegen. Fig. 7.Urdbøuri med Totak bakom i søraust.utsyn frå toppen av ei av dei store blokkene tett ved Fv. 362. 13

HANDVERK På same måten som sogene kan skrivast ned, kan handverksteknikkar til ein viss grad dokumenterast i tekst, bilete, lyd og film. Men i enno større grad er det her vesentleg med levande tradisjonsberarar og kulturberarar. Det er mykje enklare å halde eit handverk levande, enn å prøve å rekonstruere framgangsmåtane i ettertid. Her er det vesentleg med gode arenaer for framsyning og læring. Best er det om handverket vert kopla til levande marknader og etterspurde produkt. Nokre døme på slike kulturberarar i Vinje er: Loftgardstunet treskjerarverkstad (www.museumskopi.no) Rauland snikkarverkstad (Kostveit 1999: 42). Vinjebue (ibid: 101). Mjonøy (ibid: 121) Vinje handverkslag Fig. 10. Den kjende løvekapitéla frå Vinje stavkyrkje, óg kjend som "Vinjekjetta". Kopi oppbevara ved Norsk Folkemuseum, laga av Petter C. Omtvedt i Rauland. (Foto: Kulturhistorisk museum, UiO). Fig. 9. Levande handverk: Edvin Loftsgarden finskjær detaljar i kopi av "Vinjeløva" frå Vinje stavkyrkje. 14

SONG, MUSIKK OG DANS "Ein heim for dikting hev desse bygdene vore (...). Mange so ingen no veit namn på, hev laga viser so lever og vil leva. Skapt i ei tid då kunstnaren sjølv var både byrg og audmjuk nok til å late sitt eige namn vera utan tyding. Verket var viktig. På den måten voks han fram den umissande skatten av stev og kvæde frå Telemark, denne som sida hev vore ei kjelde å gange til for dikting og tonekunst". Tarjei Vesaas (Kostveit 1994: 75). For steva reknar ein med at den eldre strofetypen, gamle-stevet, fekk si utforming seinast sist på 1200-talet. Kring 1700 kjem den yngre forma til, nye-stevet. Steva er levande når dei vert framførde vokalt av kvedaren. Kvedinga vert framleis halde levande i Vinje og Rauland, og utfordringa er no å vidareføre denne arva til neste generasjon. Songen, eller vokal folkemusikk, rommar i tillegg til stevet også balladar, viser (bygde-, arbeids-, skillingsvise), religiøse folketonar, slåtterim, lokke- og varselrop frå stølstradisjonen, og fleire slag små vers, stubbar og rim. Den instrumentelle folkemusikken er fyrst og fremst knytt til slåtten og hardingfela. I stor grad var også slåttemusikken knytt til dans. Vidareføring av folkemusikken, både vokal, instrumental og dans, er institusjonalisert ved utdanningslina på Norges Musikkhøgskole, Høgskulen i Telemark og Ole Bull-akademiet på Voss. Fig. 11. Dyre Vaa si statue av Myllarguten, Torgeir Augundsson (1801-1872) med Myllarheimen bak til høgre. Myllarheimen er i dag eit musikkhistorisk museum på husmannsplassen Kosi under Øygarden i Arabygdi. Vinje og Rauland står i ei særstilling i norsk folkedikting og folkemusikk. Rikard Berge var tidleg ute og samla inn song, musikk og anna tradisjonsstoff frå desse bygdene. Diktinga spenner over sentrale tema som dauden, kjærleiken, Gud og naturen. Mange naturformasjonar kan seiast å ha vorte ei form for kulturminne gjennom å stå sentralt i diktinga og musikken. Fig. 12. Hardingfele frå Rauland, laga av Erik Johnsen Helland i Bø, kring 1850 (Foto: Faksvaag, Jon-Erik/Norsk Folkemuseum). I seinare år har tre vinjebyggjer utmerka seg ved å nå ut til eit breiare og yngre publikum med repertoar frå tradisjonsmusikken: Ingebjørg Bratland, Odd Nordstoga og Aasmund Nordstoga. 15

3. KVIFOR TA VARE PÅ? KUNNSKAP, OPPLEVING OG BRUK Stortingsmelding nr 16 (2004-2005) Leve med kulturminne, skisserar eit triangel av forenkla, overordna verdiar i kulturminne (2005): kunnskapsverdi opplevingsverdi bruksverdi KUNNSKAP Det er berre for dei siste par hundreåra at me kan hevde at skriftlege kjelder gjev eit breitt og samansett bilete av samfunnet. Den høge verneverdien til fornminna skuldast i stor grad at dei er dei einaste kjeldene til tida før me får skriftlege kjelder. Men óg for nyare tid kan kulturminne gje oss kunnskap om sider og delar av historia som elles er dårleg representert i skrifta. Vidare gjev kulturminne anna kunnskap enn tekstane: ei arkeologisk utgraving av ein husmannsplass frå 1800- talet ville gje heilt anna type kunnskap enn det som står skrive om plassen i historiske dokument. Grunnlaget for å verne kulturminne er såleis at dei har verdi som kjelder til kunnskap, grunnlag for oppleving og ressurs for bruk. Automatisk freda kulturminne og kulturminne freda gjennom vedtak har i utgangspunktet alltid høg verdi. Vidare ser ein ofte eit meir finmaska sett av delverdiar som til dels kan sorterast under dei tre overordna verdiane: Opplevingsverdi Kunnskapsverdi Alder Autensitet Arkitektonisk, kunstnerisk eller handverksmessig verdi Sjeldanheit/representativitet Miljøverdi Symbolverdi Identitetsverdi Økonomisk verdi og/eller bruksverdi Berekraft Fig. 13. Avfall frå reiskapsproduksjon frå steinalder flint, bergkrystall og kvarts. Frå Vinje Prestegard og frå Neset inst i vika Gauklandstoe i Vinje (C 51480, C 51481, foto: Kulturhistorisk museum, UiO) OPPLEVING Oppleving er knytt til kunnskap, men det vesentlege her er at formidlinga skjer breiare og gjennom fleire sansar. Difor får til dømes eit fornminne som både har høgt kunnskapspotensial og høg 16

opplevingsverdi, særskilt høg verneverdi. Kjensla av å stå inne i eit loft frå mellomalderen er eit døme. Å kunne førestille seg bygginga av den store ruvande gravhaugen er eit anna (sjå meir under Del I, kap. 7-8). Fig. 14. Åttande klasse ved Edland skule vitjar arkeologiske utgravingar på Tveiten, og får sjå og høyre om hus og graver frå folkevandringstid (ASK 138877, foto: Kulturhistorisk museum, UiO) Fig. 16. I Vinjestoga på husmannsplassen der A. O. Vinje voks opp, er mykje av interiøret teke vare på. Her kan vitjarar oppleve senga og stolen til diktaren, og høyre låten i bjella som mor til bukken Blåmann brukte (Foto: Vest-Telemark Museum). RESSURS Kulturminna er indirekte ein ressurs som kjelder til kunnskap og grunnlag for oppleving. Dei kan i mange tilfelle også verte ein ressurs i meir direkte, økonomisk forstand. Kulturminne kan stå sentralt i reiseliv og turisme, og kulturminne kan brukast som inspirasjon i design av salsvarer (sjå meir under Del I, kap. 8). Fig. 15. Gravrøys tett ved vegen på Midtbø vert granska av arkeologar (ASK 138879, foto: Kulturhistorisk museum, UiO) 17

4. LOVVERK PLAN OG BYGNINGSLOVA OG KULTURMINNEVERN Kulturminne kan gjevast juridisk vern gjennom to lovverk: Lov om kulturminne (LOV 1978 nr. 50 Lov om kulturminne) Plan- og bygningslova Kulturminnelova gjev visse kulturminne eit automatisk vern, det vil seie at dei er automatisk freda. Dette gjeld alle kjende og ikkje-kjende kulturminne eldre enn 1537 (reformasjonen), ståande bygg og myntar eldre enn 1650, kulturminne i sjø, vatn og vassdrag eldre enn 100 år, og samiske kulturminne eldre enn 100 år. Om ikkje anna er bestemt av vernestyresmaktene, gjeld fredinga sjølve kulturminnet og ei sone på 5 meter rundt kulturminnet. Andre kulturminnekategoriar kan fredast ved særskilde vedtak, og ein talar då om vedtaksfreda eller forskriftsfreda kulturminne. I Vinje gjeld dette i hovudsak ståande bygningar. Det er Plan- og bygningslova som er kommunen sitt juridiske verkemiddel i kulturminnevernet. Her kan kommunen gje kulturminne eit reguleringsmessig vern: sikre kulturminne og kulturmiljø som er freda etter kulturminnelova (automatisk eller gjennom vedtak/forskrift) sikre andre verneverdige kulturminne og kulturmiljø I nye Plan- og bygningslova av 2008, gjeldande frå juli 2009, er dei viktigaste verktya omsynssonar (Pbl 11-8) (tidlegare spesialområde bevaring). Omsynssonane kjem i tillegg til arealbruksformålet i planen, og kan krysse desse. Omsynssonane skal vidare synast på plankartet uavhengig av arealformålet. Desse fører med seg strengare reguleringsføresegner enn elles: til dømes strengare krav om Pbl 11-8 Omsynssonar Utdrag av 2.ledd, sonar særskilt viktige for kulturminnevern: c) Sone med særlige hensyn til landbruk, reindrift, friluftsliv, grønnstruktur, landskap eller bevaring av naturmiljø eller kulturmiljø med angivelse av interesse d) Sone for båndlegging i påvente av vedtak etter plan- og bygningsloven eller andre lover, eller som er båndlagt etter slikt rettsgrunnlag, med angivelse av formålet Pbl 11-9, punkt 7 Kommunen kan vedta føresegner om ulike omsyn, uavhengig av arealformål. Punkt 7: "hensyn som skal tas til bevaring av eksisterende bygninger og annet kulturmiljø". Pbl 12-7, punkt 6 Omsynet er meir spesifisert i føresegner som gjeld reguleringsplan. Punkt 6: "Bestemmelser for å sikre verneverdier i bygninger, andre kulturminner,og kulturmiljøer, herunder vern av fasade, materialbruk og interiør, samt sikre naturtyper og annen verdifull natur". byggesøknad, krav til materialbruk og vedlikehald. Det er óg rom for å verne fast interiør. Generelt er krava mindre strenge enn ved freding. Omsynssonane er eit verkemiddel for å vise og verne dei viktigaste omsyna, og ikkje til dømes for å markere alle registrerte kulturminne (Riksantikvaren 2010). 18

Som hovudregel nyttar ein 11-8 sone d) for område som er freda etter kulturminnelova, og 11-8 sone c) for område rundt slike, eller andre område. 5. KJELDER OG REGISTER ASKELADDEN Askeladden er Riksantikvaren sin offisielle database for kulturminne. Dette er eit særs viktig verkty for alle som arbeider med-, eller opp mot, kulturminne. Her vil dei ulike vernestyresmaktene legge ut og oppdatere til dømes legg Telemark fylkeskommune ut alle nye registreringar av automatisk freda kulturminne her. Kulturminna i Askeladden ligg som einskildminne under lokalitetar. Ein lokalitet kan omfatta einskildminne med ulike vernestatusar. Dei ulike vernestatusane i Askeladden er: Automatisk freda Vedtaksfreda Forskriftsfreda Midlertidig freda Fredingsak pågår Kommunalt verna (PBL) Listeført kyrkje Statleg listeført Uavklara Oppheva freding Fjerna (aut.freda) Fig. 17. Oppgangssaga i Fundlidbekken på Lognvik. Ikkje freda 19

Vidare varierer det frå fylke til fylke, og kommune til kommune, kva som er lagt inn i Askeladden. I nokre område kan det også vere lagt inn til dømes kulturminne frå andre verdskrig, med status som ikkje freda. I Vinje gjeld dette mellom anna nokre steinbuer og ruinar. Det kan også vere ulik praksis fylka i mellom. I Telemark er det til dømes praksis også å legge inn funnstader for lause automatisk freda kulturminne. Dette gjerne som eit varsko om eit visst funnpotensiale vernestatusen er ofte sett til uavklart. Ein kan søkje Riksantikvaren om å bli innsynsbrukar i Askeladden. Elles er Askeladden tilgjengeleg som WMS og WFS tenester til bruk i andre kartapplikasjonar. SEFRAK Det viktigaste landsdekkande registeret over nyare tids kulturminne er SEFRAK - registeret. SEFRAK er ei forkorting for namnet på institusjonen som byrja arbeidet med registreringa - Sekretariatet for registrering av faste kulturminner. Registeret byggjer på feltarbeid i perioden 1975-1995. I dag er ansvaret for registrering og vedlikehald av registeret lagt til Riksantikvaren. Arbeidet i Vinje kommune vart utført somrane frå 1975 til 1988. Registeret omfattar ståande bygningar frå før 1900, ruinar og nokre andre kulturminne. Kvart bygg har eit registreringsskjema med foto, kartfesting, oppmåling mm. Fire moment er vesentleg i høve til SEFRAK: registeret seier ikkje noko om verneverdi (anna enn alder). registeret medfører ikkje særskilde restriksjonar (anna enn at tiltak mot bygg eldre enn 1850 skal meldast til kommunen) ei lang rekkje kategoriar faste kulturminne frå nyare tid er ikkje inkluderte i registeret. registeret er ikkje oppdatert, og registrerte bygningar kan i dag vere endra eller fjerna. Fig. 19. Kodane for SEFRAK-bygningar slik dei vert viste i applikasjonar som t.d. kulturminnesok.no og miljøstatus.no Fig. 18. Utklypp frå Riksantikvaren sin offisielle database for kulturminne, Askeladden.no. Kulturminnelova 25 sler fast at det skal gjerast ei vurdering av verneverdien til bygningar eldre enn 1850 (kode A/raud), før det vert gjeve løyve til å rive, flytte eller endre bygningen. Kommunen kan gje eit slikt løyve, sjølv om vernestyresmaktene ved fylkeskommunen tilrår vern. 20

Riksantikvaren har fått gjennomført nokre kontrollregistreringar som viser at me på landsbasis mister litt under ein prosent SEFRAK registrerte bygningar i året (www.miljostatus.no). SEFRAK er fyrst og fremst eit register som har særleg verdi som kjeldemateriale for lokal historie. I tillegg er registeret nytta av kulturminneforvaltinga som utgangspunkt for å finne verneverdige bygningar. godt innsyn i førreformatorisk tid i eit område. Unimus.no er open for alle, utan passord og registrering. KULTURMINNESØK Kulturminnesøk byggjer på Askeladden og er meint for eit ålmeint publikum. I tillegg til kortfatta informasjon frå Askeladden, finst her også andre kulturminne. I Kulturminnesøk kan alle legge ut kartfesting, foto, tekst og anna informasjon om kulturminne. Kommunen vil som ledd i arbeidet med nyare tids kulturminne legge ut registrerte kulturminne i Kulturminnesøk. Målet er at etter registrering av nyare tids kulturminne, skal desse postane leggast ut i Kulturminnesøk. Per i dag er det ingen postar for Vinje i Kulturminnesøk, utanom dei som er henta frå Askeladden. Kulturminnesøk er open for alle, utan passord og registrering. For å legge inn kulturminne i basen lyt ein registrere seg med brukarnamn og passord. Fig. 20. SEFRAK-registeret vist i Miljøstatus.no. UNIMUS Dette er ein katalog over alle lause automatisk freda kulturminne, gjenstandar, komne inn til museet. Det er kulturhistorisk museum i Oslo som er landsdelsmuseum for Vinje og Telemark fylke. Typiske postar her er gjenstandar funne av bønder og andre lokale i arbeid med jorda, og gjenstandar komne for dagen ved arkeologiske granskingar. I desse tilfella viser ofte katalogen til meir detaljert informasjon andre stader, rapportar og anna. Askeladden og museumstilvekstane gjev i lag eit Fig. 21. Kulturminnesøk.no, publikumsversjonen av Askeladden. Denne er også tilgjengeleg som mobilapplikasjon med GPS (www.kulturminnesok.no). 21

MILJØSTATUS Miljøstatus si kartteneste gjev oversyn over ei lang rekke registreringar. I hovudsak er desse knytt til natur, geologi og miljø, men her er også kartlag frå Askeladden og SEFRAK. Viktigast er kan hende dei kartlaga som er knytte til kulturhistorie som ikkje er tilgjengelege i Askeladden. Kulturlandskap er eit viktig døme på dette, og kartlaget og registeret over høgt prioriterte kulturlandskap ligg under Naturområde og arealbruk (dette er også tilgjengeleg via Miljødirektoratet sin Naturbase). 6. FORMIDLING GJER OG LÆR! Fig. 23. Borna viser fram handverksprodukta sine etter kurs i regi av Vinje handverkslag (Foto: www.vinjehandverkslag.no). Fig. 22. Det nasjonalt høgt prioriterte kulturlandskapet Flatastøyl-Austbø-Mogardane vist på www.miljostatus.no. Gjer og lær, eller learning by doing, er ei type formidling som grip djupare og breiare enn føredrag, skilt og utstillingar. Særskilt for immaterielle kulturminne som handverksteknikkar, gjev det å prøve sjølv ei djupare forståing sjølvsagt parallelt med ein forteljande og instruerande formidlar. Aktiviteten kan også verke som ein lykel til å formidle større samanhengar. Borna hugsar gjerne meir frå føredraga om steinalder og jernalder, om dei sjølve fekk skyte med pil og boge på reinsdyrblinkar og hamre på glødande jern i smia. 22

SKILTING Skilting av kulturminne er i røynda omfattande prosjekt. Kvaliteten på tilrettelegginga, på skilt og på skjøtsel, er med på å auke vyrdnaden for fornminne. Auka vyrdnad er med å skape auka forståing for fornminna si rolle i planprosessar og utbygging. Det motsette er tilfelle når kvalitet og vedlikehald sviktar. Difor bør ein tenkje langsiktig når ein skal tilrettelegge og skilte: kor ofte må skilta skiftast?, kor ofte må skilta vaskast og vedlikehaldast?, kor ofte må det ryddast vegetasjon? kven skal utføre arbeidet?, og kven skal betale? Dette er spørsmål som bør avklarast på førehand og helst i bindande avtalar. Automatisk freda kulturminne må alltid skiltast i samråd med Kulturseksjonen ved Telemark fylkeskommune. Fig. 24. Informasjonstavle ved Vettelunden i Vå INFORMASJON PÅ PAPIR Den gode, gamle papirfaldaren har mange føremoner rimeleg å lage, treng ikkje batteri eller satelittsignal, og fungerar óg som ein handfast suvenir frå turen. I mange samanhengar vil turisten føretrekke papirfaldaren med det store utbrettkartet. I dag kan papirfaldaren enkelt gjerast tilgjengeleg i pdf. format som kan lastast ned frå verdsveven og delast på e-post. MED VERDSVEV OG APP SOM GUIDE Mobiltelefonen med tilgang til verdsveven er no snart allemannseige. Dette kan på mange vis revolusjonere formidling og tilgjengeleggjering av kulturminne. Utfordringane i tilrettelegging er å vise vitjaren til rett stad, og å gje informasjon om objektet for mange stigar, merke og skilt i terrenget skjemmer objektet, for få gjer at vitjaren ikkje finn kulturminnet. Papirfaldaren er ofte ei god løysing, men då må denne tilgjengeleggjerast i tilstrekkeleg grad. Med appen Kulturminnesøk på mobilen løyser dei to hovudutfordringane seg utan eit einaste merke i terrenget: å vise veg og å informere. Appen verkar som GPS, det vil seie at vitjaren sin geografiske posisjon heile tida viser i høve til posisjonen til kulturminnet. Eit klikk på symbolet for kulturminnet fører vitjaren til informasjon i form av tekst, bilete, kart, lyd og video. Her kan også ligge lenker til andre relevante nettstader. Kommunen, historielag eller andre kan såleis lage kulturminneløyper, tematiske eller geografiske, med utvalde, eigna kulturminne, og slik skilje ut eit utval frå den store mengda postar i databasen. I den fyrste versjonen av Kulturminnesøk App er det berre postar frå Askeladden som vert viste, ikkje postar lagde inn av vanlege brukarar. Vidare er det berre midtpunkt i lokalitetane som vert vist, ikkje den eigentlege utstrekninga til lokaliteten. Truleg vil dette verte utbetra.. 23

7. NÆRINGSUTVIKLING OG REISELIV BRUK OG BEVAR! Det har vist seg at den beste måten å ta vare på verneverdige bygg, er å ta dei i bruk. Det er ofte til og med billegare å restaurere det gamle enn å byggje nytt. Verneverdige kulturminne i bruk formidlar kulturhistorie på heilt særeige vis, og kan danne grunnlag for styrka reiseliv og anna næringsverksemd. BREI VERDISKAPING BASERT PÅ KULTUR- OG NATURARV Brei verdiskaping basert på kultur- og naturarv er eit samspel mellom ulike former for verdiskaping, samspelet gjev ein forsterkande effekt for dei einskilde faktorane, og er eit viktig steg mot berekraftig utvikling. Miljømessig verdiskaping styrke kvalitetane og verdiane knytt til kulturminne, kulturlandskap og natur. Verdiane vert skjøtta, heldne i hevd og sikra gjennom heilskapleg planlegging og forvaltning, istandsetting, tilrettelegging, skjøtsel, attbruk og god ressursforvaltning. Kulturell verdiskaping auke kunnskap og medvit om lokal kultur- og naturarv, særpreg, tradisjonar, historieforteljing og symbol som grunnlag for utvikling og formidling av identitet og byrgskap knytt til staden. Sosial verdiskaping utvikling av felles forståing, engasjement, tillit og tilhøyrsle som fylgjer av samarbeid, samhandling, dugnad, friviljug innsats, felleskap og nettverk. Fig. 25. Camping med kulturhistorisk sus! Mellomalderloftet på Groven Camping er i bruk som campinghytte (ASK 86900-1). ARVESYLV TIL INSPIRASJON OG INNOVASJON Når gründerar skal marknadsføre og selje det nye produktet sitt anten det er tenester eller varer, vil dei måtte skilje seg ut frå konkurrentane med noko karakteristisk, særmerkt, unikt. Firma- og produktlogo er eitt døme. Her kan ei gjenbruk eller "nybruk" av kulturminne vere viktig, Økonomisk verdiskaping auka lønnsemd gjennom produksjon og sal av varer og tenester, og gjennom auka sysselsetjing for lokalsamfunnet. Kjelde: Stortingsmelding 35 (2012-13) Framtid med fotfeste. Telemarksforsking 2009 og 2013: Haukeland, P.I. og Brandtzeg, B.A. 24

noko som gjev identitet til produktet, til kjøparen og til seljaren. Her er kulturminnetilfanget i Vinje, både lause og faste, fornminne og frå nyare tid, ei skattekiste. Noko av dette arvesylvet kan brukast i framtidsretta næringsverksemdmerkevarebygging branding - er avgjerande i mange typar verksemder, og sterke, etablerte merkevarer gjev fordelar som auka attkjøpsfrekvens, høgare prismargin, høgare motstand mot angrep frå nye konkurrerande merke, og moglegheiter for vekst gjennom merkeutviding, merkealliansar og lisensiat. Interessant nok skriv det engelske moteordet branding seg frå norrønt brandr, som tyder bumerke! representant for noko vidare. Dette store og vide rundt kulturhistoria - er då vel så viktig del av produktet som sjølve gjenstanden. KULTURSTI Reiseliv og turisme handlar mykje om å lokke til seg folk, få folk til å bruke tid på staden, og såleis å legge att pengar. Sjølv om tilrettelagde kulturminne ofte kan vere gratis, er desse óg med på å lokke og å halde på vitjarar. Kulturstien, gjerne meir omfattande enn eit einskild kulturminne eller kulturmiljø, kan vere attraksjonar som får turistane til å gje seg tid på staden. Døme på eksisterande kulturstiar i Vinje er stien rundt Ormetjønn i Åmot sentrum (Kostveit 1999: 104) og Kvennavegen turløype på Mogen ved Møsvatn (www.vest-telemark.no). SUVENIREN - EIN BIT AV VINJE Dagens turist søkjer-, og kjøper-, gjerne fyrst og fremst opplevinga. Likevel vil mange også ha eit handfast minne med seg heim ein bit av Vinje! Den typiske suveniren er gjerne rimeleg og masseprodusert men det treng han ikkje vere. Han kan gjerne vere handlaga og litt dyrare, og gjerne vere eit produkt av ein av dei levande handverkstradisjonane med djupe røter i Vinje. For at ein slik type suvenir skal få si fulle tyngde, trengst ikkje berre det konkrete produktet, men også kunnskap, informasjon og oppleving. Kjøparen vil ha informasjon og kunnskap, og vil oppleve og ta del i handverket og historia rundt. Suveniren er altså typisk berre ein bit av noko større, ein Fig. 26. Camping med kulturhistorisk sus! Campinghytta "Fjoset" på Mjonøy frå 1600- talet er bygd av margskore kjempetømmer og sto opphavleg på Tovsland i Grungedal.. 25

DEL II KULTURHISTORISK UTVIKLING DEL II KULTURHISTORISK UTVIKLING 26

27 Utsyn frå Gauksland

Det har vore folk i Vinje i kring 10 000 år samanhengande eller meir til og frå. Dette er eit nærast ufatteleg tidsperspektiv kva femner ikkje dette av mangfald, skifte, einskildlagnader og historier? Denne skissa av den kulturhistoriske utviklinga i Vinje vil vere kortfatta og praktisk, med fokus på materielle drag ved epokane, kopla særskilt opp mot dagens kategoriar av kulturminne, og formidling og forvaltning. Oftast ser ein førhistoria delt inn i bolkane stein-, bronse- og jernalder. Ikkje i alle samanhengar er dette like høveleg. I fjellkommunen Vinje dominert av spor etter reinsfangst og jernvinne er andre skilje vel så godt eigna. Vidare har ei mengd nye funn og ikkje minst nye metodar for tidfesting, peika mot andre vesentlege skiljeliner enn dei mellom råstoffskifta stein-bronse-jern. Tida kring 7500 f.kr., omlag midt i mellommesolitikum, den mellomste bolken i den eldre steinalderen, synest no å markere eit gjennombrot for menneskeleg aktivitet på Hardangervidda og randsonene rundt. Tida kring 2000 f.kr. synest å markere det store, massive gjennombrotet for jordbruket med husdyrhald og korndyrking, i Vinje, i Telemark og for store delar av Sør-Noreg. Denne djuptgripande endringa er etter tradisjonell inndeling plassert midt i den siste bolken, seinneolitikum, i den yngre steinalderen. Tida kring 100 f.kr., slutten av førromersk jernalder, markerer eit gjennombrot for reiskap og våpen i jern, og for ei vesentleg endring i bruken av Vidda. Tida kring 600 e.kr. står etterkvart fram som ei tid med stor omvelting, i busetjing og teknologi, og fram veks det som peikar fram mot vikingtid og mellomalder. Fig. 27. Arkeologisk tidsline. Desse fire skilja får i denne samanhengen lov å strukturere framstillinga. Reformasjonen, 1537 e.kr., får lov å stå som skiljet mellom mellomalder og nyare tid, mest fordi det er slikt eit viktig skilje i administrasjonen av kulturminnevernet (automatisk freda/ikkje freda). Ei viktig kjelde er dei nye rapportane om kulturhistoria på og kring Hardangervidda (Pedersen 2011, Herstad, A. & Sætre 2011). 28

1. JEGERSTEINALDEREN 7500 2000 F.KR. Då dei fyrste menneska kom til norskekysten, låg breen framleis tjukk over det som i dag er Vinje kommune. Desse fyrste pionerane var sterkt bundne til kysten, båten og det som levde av fisk og pattedyr i havet. Reinsdyret var også ein gammal kjenning frå heimlandet, og det var fyrst og fremst dette som lokka menneska på jaktekspedisjonar inn mot brekanten, stadig lenger innover etterkvart som breane smelta. Desse menneska var særs mobile, og dei hadde såleis ikkje meir av utstyr enn dei kunne flytte med seg. Ei følgje av denne levemåten var at dei sjeldan investerte tid og ressursar i faste anlegg som hytter, hus, gjerde og liknande. Utstyr og eignelutar var i all hovudsak laga av organisk materiale tre, bein, gevir, skinn, senar med små eggar av eigna bergartar, framfor alt av flint. Det verkar vidare som at det lenge var dei same folka som jakta rein i fjellet som fiska og jakta sel ute ved kysten. Såleis er det noko missvisande å seie at det budde folk i Vinje i steinalderen fjellområdet Vinje vart nytta, og var ein del av mosaikken som utgjorde livsverda til menneska i steinalderen. Her jakta folk som truleg hadde vinterbuplassane sine der vatnet i Møsvatn og Totak rann ut i havet og kanskje også var her jegerar frå fjordane vest for Haukelifjell. Fig. 28. Forenkla tidsline med fokus på Vinje. Dette er ein viktig bakgrunn for å forstå korleis me kan finne kulturminne i dag frå steinalderen, og for kvifor desse kulturminna er som dei er. Det einaste som er att er ofte den skarpe eggen som sat ytst på skafta, skrot eller avslag frå framstillingsprosessen av denne eggen, og trekol og skjørbrend stein frå leirbåla og i heldige tilfelle bein frå slakte- og matavfall. Arkeologane kan i mange tilfelle få mykje ut av dette materialet, med nøysam utgraving, dokumentasjon, vitskaplege prøvar og nærstudiar. Dei kan påvise ein eller fleire eldstadar var her fleire folk tilstades samstundes, eller var det fleire vitjingar på same staden gjennom ti- og hundreåra? Flintblokka er som ei glasblokk, blokka og prosessen kan rekonstruerast slag for slag. 29

Bitane rundt bålet kan setjast saman att her sat ein erfaren og kunnig ein og tilverka ei øks, der sat ein nybyrjar og laga pilspissar. Den uryddige sirkelen av hovudstor rullestein rundt dei, låg ein gong og tyngde ned ein teltduk, og vart sidan rulla bak då teltet var teke ned for siste gong. Steinalderen er lang. 8000 år er eit vanskeleg tidsrom å ta innover seg. Sjølvsagt var det variasjon innanfor dette enorme tidsrommet, og sjølvsagt endra levemåten og samfunnstilhøva seg. Natur og klima rundt menneska endra seg, folketalet auka, og med dette følgde nye måtar og nye livsyn. Dei viktigaste endringslinene var truleg i Vinje og Telemark, som for betre undersøkte regionar, fylgjande: folk vart meir stadbundne eller sedentære, og heldt til lenger på dei beste stadane folkeauke og auka bufastheit førte til strammare organisering av samfunna dei tok i bruk nye råstoff frå den lokale berggrunnen diabas, grønstein, kvartsitt, kvarts, skifer dei fekk eit breiare næringsgrunnlag jakta på fleire dyr, med ulike teknologiar, i tillegg til fisk, fugl og plantevekstar. det voks fram nye, meir krevjande bytenettverk over lengre avstandar I kva grad jordbruket vart introdusert før overgongen til seinneolitikum (den siste fasen i yngre steinalder) har vore eit omstridd spørsmål i norsk steinalderforsking. Det synest i dag som at tamdyrhald til ein viss grad fekk innpass før denne tid i Telemark, utan å føre med seg vesentlege endringar i tilpassing og flyttemønster. Det store gjennombrotet for husdyrhald og særskilt for korndyrking kom kring 2000 f.kr. Den siste delen av steinalder kan såleis i mange høve best sjåast saman med bronse- og jernalderen. Fig. 29. Tangedelen av ein flintspiss frå den fyrste kjende steinalderbuplassen i Vinje, Viksvatn utgreven av Anathon Bjørn (C 23714m). Saman med buplassane på Sporaneset og ein ved Møsvatn var dette den einaste kjende sikre buplassen frå yngre steinalder i innlandet i Sør-Noreg kring 1930 (Mikkelsen 1989: 36). Undersøkingane knytt til vasskraftutbygginga i Songavassdraget vart startskotet til store undersøkingar utover 60-åra, som gav nye tolkingar av norsk steinalder (Mikkelsen 1989:36). Vinje er ein fjellkommune, i randsona under høgfjellsplatået Hardangervidda. Frå dei fyrste menneska kom til kysten, i eit tundralandskap med breen like bakom, gjekk det berre nokre hundreår før breen var heilt bråna og furuskogen voks opp til 1200 moh fjellbjørka endå høgare. Med andre ord var det furuskog på Hardangervidda, om enn noko glisnare enn nedover i elvedalane i Vinje. Reinen forsvann for godt frå låglandet og har sidan den tid hatt tilhald på vidda. Dette er viktig å ta med når me skal rekonstruere den verda som kulturminna frå steinalderen var del av. Sjølv om temperatur, nedbør og dominerande treslag varierte noko var Vinje eit skogland der ferdsla gjekk lettast langs dei store vassvegane. Det var fyrst 2500 år seinare, i overgangen til jernalderen, at klimaet brått vart våtare og kaldare, furuskogen drog seg 100-200 meter ned, og Hardangervidda vart skoglaus. 30

Kring 7500 f.kr, midt i den eldre steinalderen, dukkar spora etter menneske opp på Hardangervidda. Truleg vart det frå denne tid av også meir folk og større aktivitet i resten av Vinje, i randsona sør for vidda. Ei viktig årsak var nok at reinen på denne tid forsvann for godt frå låglandet. No fekk fjellområda i Vinje ein vesentleg plass i årssyklusen til mange menneske. Heile familiane og heile stammegruppene var her delar av året fyrst og fremst for å jakte rein. Den vanlegaste kategorien kulturminne frå steinalder vert av arkeologane kalla busetjing-aktivitetsområde. Dette fordi buplass fort vert missvisande når dette kan romme alt frå ein basisbuplass for fleire titals menneske til staden der eit par jegerar reparerte pilene sine og overnatta. Denne kategorien er vidare å rekne som ikkje-synlege kulturminne, utan synlege spor over torva. Dette gjer vidare til at opplevingsverdien i utgangspunktet er relativt låg, medan kunnskapsverdien er høg. Det at dei ikkje er synlege har gjort til at dette er ein relativt ung kategori. Gravrøysene frå bronse- og jernalder har vore kjende lenge, og det dukkar sjeldan opp nye. Med busetjingaktivitetsområde frå steinalder er det tvert om. Dette skaper særskilde utfordringar både med tanke på formidling og på forvalting i plan- og byggesaker. Den som vitjar desse kulturminna treng mykje informasjon frå skilt, faldar, nett, for å kunne ha utbyte. Plan- og byggsakshandsamarar må ha i tankane potensialet for funn av nye, ikkje-kjende kulturminne frå steinalder, som gjerne dukkar opp i ei 9 undersøking (registrering) i regi av fylkeskommunen. Det er gjerne ved ut- og innløpsosane, nesa og sandstrendene i dei store vatna, me finn busetjing-aktivitetsområde frå steinalderen. Fig. 30. Steinalderlokalitet på Storesanden ved Viksvatn (Foto: Mikkelsen 1989). 31

2. GJETARAR OG FANGSTMENN 2000 100 F.KR. Kring 2000 f.kr. kan ein rekne med at mange menneske i nedre delar av Telemark, Agder og Rogaland, vart bufaste i stolpebygde langhus og byrja med korndyrking. Dei tok også del i bytenettverk som no strakk seg over Skagerrak til Danmark, og som fyrst og fremst skaffa reiskap og våpen i flint framstilte med ein ny teknikk, flatehogging. Den nye teknikken vart snøgt teken opp lokalt, her nytta også på lokale råstoff som kvartsitt. Dette vart måten å lage pilspissar til jakta på, like inn i jernalderen til kring 100 f.kr. For jakta i fjellet heldt fram men endra likevel karakter. Truleg tok reisa til fjellheimen meir karakter av ekspedisjon, der berre delar av hushaldet deltok, og gjerne i eit meir avgrensa tidsrom. Buplassane vart lagde mykje ved dei same vatna som tidlegare, men dei slo no leir høgare oppe i lia, lenger frå stranda. Her budde dei i runde gammekonstruksjonar, eller dei tok i bruk hellarar under fast fjell eller store flyttblokker. Truleg skuldast dette delvis at jegerane no også var gjetarar, med sau og geit som skulle ha beite, vatn og vern. Sjølv om dei kan førekomme tidlegare, er det eit knippe kategoriar av kulturminne som er typiske for tida etter jordbruket vart innført: ikkje dukka fram mange typiske jordbruksminne frå før jernalder i Vinje kommune. Fig. 31. Bergbileta på Sporaneset er frå bronsealderen (1700-500 f.kr.). Feltet er eineståande ved at bilete av typiske bronsealderbåtar og solsymbol er kombinert med bilete av fangst av elg. fossile åkrar og pløyespor (eller "dyrkingslag" og "ardspor") rydningsrøyser stolpehol, gjerne takberande stolpar og veggstolpar som viser det berande skjelettet i langhus kokegroper til matlaging synlege gravminne i form av gravhaugar eller røyser Stolpehol, åkrar og kokegroper kjem typisk for dagen ved såkalla maskinell flateavdekking med gravemaskin, gjerne på dagens innmark. Dette er ein relativt ny metode, vanleg sidan 1990-åra. Til no har det Fig. 32. Den nye flinten: flatehoggen dansk dolk frå byrjinga av bronsealderen, funne ved helleristingsfeltet på Sporaneset på breidda av Totak (Foto: Mikkelsen 1989). 32

Eit viktig kulturminne frå Vinje, utan tvil av nasjonal interesse, er Sporaneset ved breidda av Totak. Helleristingsfeltet her blandar på uvanleg vis motiv frå det som vanlegvis er rekna som to tradisjonar, skilde i tid: motiv frå jegersteinalderen og motiva til bronsealderbøndene. Nyare forsking hellar mot at det her ikkje er tale om to tidsfasar i bruken, men om ei blanding av impulsar og motiv i ein overgongsfase. I hellaren på Langesæ, i det nedste kulturlaget frå bronsealderen, ligg då også bein av sau, geit og rein side om side. Fig. 33. Motiva på Sporaneset (frå skiltplata på staden). Arkeologane har gode grunnar til å tru at desse finst gøymde under torva, og at det fanst korndyrkande bønder i Vinje før jernalderen. Funn av husdyrbein, korn og pollen av korn støttar denne mistanken. Me finn jaktstasjonane og "stølane" deira i fjellet, men me manglar truleg heimane deira nede i dalane. Fig. 34. Langesæhellaren (ASK 137363, foto: Kulturhistorisk museum, UiO) 33

3. REIN OG JERN: 100 F.KR.- 600 E.KR. No har landskapet endra seg i Vinje det kaldare klimaet som sette inn i slutten av førre perioden gjorde at tregrensa kraup ned frå Vidda, meir slik som i dag. I løpet av denne perioden får ein dei fyrste sikre spor etter fast busetjing i Vinje. Best kjend er hustufta frå 500-talet på Mogen ved Møsvatn. Den mest markante endringa er at jaktstasjonar med pilspissar og anna reiskap i stein, forsvinn kring 100 f.kr., og jaktvåpen i jern oddar til pil og spyd - dukkar opp vel 100 år seinare. Det verkar vidare som nye fangstmetodar no breidde om seg: dyregraver (fangstgroper og fangstgraver) med ledegjerde og bogestille. Dette er kulturminne som er vanskeleg å tidfeste, men det har lukkast i fleire tilfelle å radiologisk datere planterestar i botn av gravene. Dei såkalla fangstgravene, avlange mura steinkammer, som er vanlegast i Vinje og på Hardangervidda, synest å komme i bruk i hundreåra etter Kr.f., og var truleg i bruk fram til Svartedauden. Granskingar frå Bykleheiene tydar på det. Folkevandringstidshuset på Mogen (ASK 19741) har lenge vore sett på som prov for den eldste faste busetjinga. Huset hadde ei kort brukstid, 50-70år, og mykje kan tyde på at dette var ei busetjing basert på utmarksnæringane jernvinne og fangst av rein. I seinare år har det dukka opp kulturminne som vitnar om meir tradisjonell, fast gardsbusetjing: ei rekkje graver frå Vinje og Gauksland (ASK 20933, 139154, 139528,139924, 71070), graver og stolpehol etter langhus i Tveitegrend (ASK 138882), og ei åkerrein frå Krossen i Rauland (ASK 118696). Den siste er avgjerande: her er korndyrking over lang tid påvist på 3-400 talet i overgongen romartid-folkevandringstid. Åkerreina er del av eit gardsanlegg og kan peike mot at delar av resten av anlegget skriv seg frå eldre jernalder. Det same gjeld anlegget på Gauksland. Ei åkerrein her er også nyleg tidfest til yngre romartid. Fig. 35. Mogenhuset etter utgraving i 1961 (oppe), og nokre av funna (under): spyd og piler, keramikkskår og bronsepinsett (C 30088m, foto: Kulturhistorisk museum, UiO). 34