Blad for andelseigarar i Sogn og Fjordane Skogeigalag BA og Vestskog BA Nr 1 mars 2011 12. årgang



Like dokumenter
Produksjon av oppdrettsfisk i Hordaland og Sogn og Fjordane

Skogsvegar på Vestlandet -no eller aldri? Kjetil André Rødland Vestskog

TRENG DU VAREOPPTELJING I SKOGEN DIN?

DIS- Sogn og Fjordane

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Rapport om bruk av vikarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Blad for andelseigarar i Sogn og Fjordane Skogeigarlag BA og Vestskog BA

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Vestskog. Kven er me og kva jobbar ein med i skogbruket? Dagleg leiar Kjetil André Rødland Hotell Alexandra,

Regulering av laksefiske i vassdrag og sjø i Sogn og Fjordane 2011 Innspel til Direktoratet for naturforvaltning

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Vika skogsveg i Åkra, bygd i 1999 Foto: Anbjørn Høivik. Hovedplan skogsveier Kvinnherad kommune

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Brukarrettleiing E-post lesar

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Lønnsundersøkinga for 2014

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

Til deg som bur i fosterheim år

Kompetansearbeidsplassar i Hordaland

OVERORDNA STRATEGI FOR HJORTEFORVALTINGA

Møteprotokoll for møte i

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

HORDALANDD. Utarbeidd av

Frå flyktning til arbeidstakar meir arbeid og betre norsk i introduksjonsprogrammet

Klage på avslag på søknad om utsetjing av utanlandske treslag på Tveit i Gulen kommune nytt vedtak

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Krav om godkjenning av framande treslag i skogbruket og landskapsplanlegging

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 09.00

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

NÆRINGS- OG MILJØTILTAK I SKOGBRUKET (NMSK) STRATEGI FOR KLEPP KOMMUNE Foto: Hilde Kristin Honnemyr

RETNINGSLINER FOR TILSKOT TIL NÆRINGS- OG MILJØTILTAK I SKOBRUKET (NMSK) FOR PERIODEN BØMLO KOMMUNE

Nytt lovverk for utsetting av utanlandske treslag. Utfordringar og alternativ for skognæringa. Fylkesskogsjef Harald Nymoen,

Lokale transporttilbod for ungdom (LTU) 2010 Invitasjon til å søke om prosjektmidlar

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Ny GIV. (= gjennomføring i vidaregåande skule)

Fordeling av hovudansvar for utvala mellom tilsette i sekretariatet

TEMAPLAN. Hovudplan for skogsvegar i Luster kommune

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (snart) 10 år - erfaringar

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Erverv av grunn ved Vangsnes vassverk for sikring av råvatn

Arbeidsgjevarkontrollen i Sogn skattekontorets observasjonar og tilrådingar. v/ seniorskattejurist Torill Hauken-Johnstad

SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Strategiplan for Apoteka Vest HF

AU - Nasjonalparkstyre for Reinheimen

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

Kontrollutvalet. Målet i dag

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Saman for framtida (Ref # )

Kap 1 Innleiande fastsettingar

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

3. Har kommunen trygge parkeringsplassar ved buss-stopp og bussstasjonar/knutepunkt

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 31/10 10/596 PROTOKOLL: SØKNAD OM KUTURMIDLAR - BALESTRAND FOLKEAKADEMI

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Saman for framtida (Ref # )

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Referat frå MINTA møte

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Rettleiing aktivering av fritekstleverandørar i ehandel

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune

Vestlandet ein stor matprodusent

Finansiering av søknaden

Rådgjevarkonferanse 2009

MØTEBOK. Desse møtte: Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

FJORDVARMENYTT. Kjære kundar! Her kjem juleavisa vår! Informasjon om drifta av fjordvarmeanlegget. Statistikk og økonomi:

Eid kontrollutval SEKOM-sekretariat

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

Referat frå møte i Internasjonalt forum

Vedtekter for Fusa Kraftlag

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland

Transkript:

TS Blad for andelseigarar i Sogn og Fjordane Skogeigalag BA og Vestskog BA Nr 1 mars 2011 12. årgang Blad for andelseigarar i Sogn og Fjordane Skogeigarlag BA og Vestskog BA Nr. 1 - mars 2011 Blad for andelseigarar i Sogn og Fjordane Skogeigarlag BA og Vestskog BA Nr. 1 - mars 2011 Blad for andelseigarar i Sogn og Fjordane Skogeigarlag BA og Vestskog BA Nr. 1 - mars 2011 Eit nytt år er er i i gang, og og årsmeldingane er ute! Les Les mellom mellom anna anna om: om: Les mellom anna om: Siste leiar.... s. 2 Siste leiar.... s. 2 årsmeldingane Eit nytt er i er gang, ute! og Ny skogbruksleiar Siste leiar i. Sogn&Fj...... s. 3 s. 2 Ny skogbruksleiar i Sogn&Fj... s. 3 årsmeldingane er ute! Innlandsfiskeprosjektet Ny skogbruksleiar ynskjer i Sogn&Fj. tilbydarar.. s. 3 s. 3 Det nye året er godt i gang, med gode driftstilhøve i skogen og gode prisar i marknaden. Foring Innlandsfiskeprosjektet av hjort ynskjer tilbydarar s. 4.. s. 3 Innlandsfiskeprosjektet ynskjer tilbydarar.. s. 3 Det nye året er godt i gang, med gode driftstilhøve i skogen legg me og bak gode oss prisar eit godt i marknaden. Foring av hjort s. 4 Foring av hjort s. 4 Lokallagsmøte i Sogn&Fj.... s. 6 Samstundes år for Lokallagsmøte i Sogn&Fj.... s. 6 begge andelslaga her vest. Optmimismen er stor Fridom Lokallagsmøte til å plante ny skog i Sogn&Fj...... s.. 7 s. 6 og Samstundes satsinga offensiv. legg me Les bak meir oss om eit korleis godt år det for Framleis Fridom opning til for å plante sitka og ny Harz skog i 2011?...... s. 8 s. 7 gjekk begge i 2010 andelslaga i årsmeldinga her vest. som Optmimismen er lagd ved dette er stor Fridom til å plante ny skog... s. 7 bladet. og satsinga offensiv. Les meir om korleis det Ny dagleg Framleis leiar i opning Vestskog for sitka og Harz i 2011?... s.9 s. 8 gjekk i 2010 i årsmeldinga som er lagd ved dette Framleis opning for sitka og Harz i 2011?... s. 8 Ny skogbruksleiar Ny dagleg leiar i Vestskog... i s.12 bladet. s.9 Ny dagleg leiar i Vestskog s.9 Ny skogbruksleiar i Vestskog... s.12 Ny skogbruksleiar i Vestskog... s.12 Det nye året er godt i gang, med gode driftstilhøve i skogen og gode prisar i marknaden. Samstundes legg me bak oss eit godt år for begge andelslaga her vest. Optmimismen er stor og satsinga offensiv. Les meir om korleis det gjekk i 2010 i årsmeldinga som er lagd ved dette bladet.

2 Nr. 1-2011 Nr. 1-2011 2 Siste leiar Olav Taskjelle, avtroppande dagleg leiar Vestskog BA Det går mot natt i brattlia. Og som dag vik for natt og natt for dag, har og alt anna si tid. I Vestskog er det tid for leiarskifte. Etter underteikna si vurdering er det på høg tid, med ei administrativ leiing på overtid, rimeleg klart prega av slitasje. Og det er trass i alt ei enklare oppgåve å fornya hus og bygningar enn kropp og sjel. Det er 26 år sidan underteikna skifta arbeidsplass frå skogoppsyn til skogeigarorganisasjon ved tilsetjing som dagleg leiar i Hordaland Skogeigarlag. Nei, eg skal halda meg for freistinga med å sjå attende på denne tida, derimot sjå endå lenger attende og relatera det til der me står i dag. Skogreisingsperioden frå midten av 1950-talet og fram til 2002 gav som resultat kulturskog på ca. 15% av det produktive skogarealet (Vestlandet). Med bakgrunn i 100 års erfaring og 40 års systematiske forsøk, vart oppbygging av ny skog i eit skogfattig Vestland basert på granarter, der den norske grana av mellomeuropeisk opphav dominerte. Mange var i tvil, men 60 år seinare kan ein på ein populær måte konstatera at marknaden har gitt dei som tok dette valet full rettferd. Me kan i dag konstatera at hogsten i våre to fylke er sterkt aukande, og at det er skogreisinga me ser resultat av. Målet med skogreisinga var både å styrkja eigedomar og gi grunnlag for auka tilførsel av tømmer, eit råstoff som på den tid både var ei mangelvare og gav innkomer til landet. Over 60 år har så den teknologiske og økonomiske utvikling gjort eigedomane våre stadig mindre. Men råstoffet kjem fram og skapar grunnlag for vareproduksjon både i Noreg og andre land i Nord-Europa. Globaliseringa gir mang ein undarleg veg; det var vel knapt tenkt tanken at skogeigaren på Vestlandet skulle risikera å få att foredla fibrar frå sitt granvirke, som via Tyskland til Kina, enda opp i sin lokale klesbutikk. Grovt rekna skal me over dei neste 40-50 år avverka kulturskog i våre to fylke med ein brutto tømmerverdi på 10 milliardar kroner; grunnlag for ei verdiskaping på 50 milliardar. Kva så med generasjonar etter dette? I skrivande stund er det oljeindustrien som ligg oss nærast, ressursar bygd opp over tid vert hausta og ingenting sådd. Ratt så gale er det ikkje i skogbruket hjå oss, men så er og våre vilkår for å byggja opp att ressursar monaleg betre enn i olje/ gass. Men held me fram som me stevner har me om 50 år redusert vårt kulturskogareal frå 15 til 5-6% av det produktive skogareal i våre fylke og meir enn halvert neste to generasjonar sine vilkår for tilgang på lettdrive tømmer. Vår arealbruk langs kysten har i tusen av år vore skiftande. I periodar med eit overfolka Vestland, har skog vorte rydda for beite og slått, og elles hardt avverka for materialar til hus, båtar, reiskapar, energi mv. Og eit fastlåst syn på arealbruk er heller ikkje rett i dag. Omlegging til annan produksjon, endra forhold t.d. knytt til bustader og hytter som krev sikt, endra driftsteknikk - det er ei rekkje tilhøve som kan gjera endra arealbruk både turvande og fornuftig. Men ta valet, og konsekvensane av det. Søk omdisponering om valet ikkje er skog. Etter norsk lov er skogeigar pliktig til å få opp ny skog som nyttar areala si produksjonsevne etter hogst. Og Vestskog er på si side avhengige av skogeigarar som fylgjer opp skal me kunna leggja fram turvande sertifikat som gir grunnlag for handel med tømmer. Sjølv om utviklinga har minska eigedomane våre, er realrenta på investeringar i nye felt av gran og sitkagran framleis på nivå 3-6% p.a Alt etter tilhøva. Ny dagleg leiar kan framskaffast på kort tid. Skog tek 60 år og tilgang avhengig av at alle generasjonar sår.

Nr. Nr. 1 -- 2011 3 3 INFORMASJON FRÅ SOGN OG FJORDANE SKOGEIGARLAG BA Nytt om tømmer Det var ein prisauke både på skurtømmer og massevirke sist haust, og desse prisane er forlenga inn i 2011. Det er så langt god aktivitet både med entreprenørhogst og eigenhogst. Skurtømmeret går dels til Sunnfjord Sag og dels vert det eksportert til Tyskland. Det er god etterspurnad både etter skurtømmer og massevirke, og ikkje minst etter furu og bjørk til vedproduksjon. Prisen på bjørk er no sett opp til 400 kr./m3. Ny skogbruksleiar i Sogn og Fjordane! Torgrim Østgård er nytilsett skogbruksleiar i Sogn og Fjordane Skogeigarlag. Østgård er 25 år og frå Tolga i Østerdalen. Inntil vidare vil han operere over heile fylket, saman med skogsjef Ola H. S. Nygård. Østgård er å treffe på telefon 90 74 05 03 og på e-post torgrim.ostgard@sfskog.no Innlandsfiskeprosjektet ynskjer fleire tilbydarar Innlandsfiskeprosjektet i Sogn og Fjordane skal utvide satsinga i fylket, og søkjer no etter fleire vassdrag som ynskjer å delta. Til no er fire hovudområde med i prosjektet, som varer ut 2012. Prosjektet skal no utvidast med endå eitt hovudområde som tilbyr fiske etter aure og/eller røyr. For dei fem hovudområda planleggast mellom anna planar for tilrettelagde fiskeplassar, informasjonstavler, felles marknadsføring og SMS -løysing for sal av fiskekort. Det vert arrangert nettverksmøte med fiskefagleg informasjon og kompetansebygging. I tillegg til dei fem hovudområda skal prosjektet no òg utvidast med eit tjuetals produkt som driv næring basert på innlandsfiske. Det kan vere grunneigarlag som sel fiskekort, aktørar som leiger ut båtar, tilbyr overnatting eller andre tenester til turistfiskarar. Desse aktørane vert prosjektdeltakarar og deltek i den felles marknadsføringa på nett (m.a. på www.inatur.no), får løysing for fiskekortsal på SMS, får tilgang til malar for informasjonsplakatar, mottek tilbod om å delta på faglege nettverksmøte etc. Leiar for Ferda, som er reiselivssatsinga til Sogn og Fjordane Skogeigarlag, ynskjer kontakt med kandidatar som vil verta eit hovudområde eller prosjektdeltakar, seinast 31. mars. Det vert vist til www.ferda.no for meir informasjon. Innlandsfiskeprosjektet søkjer fleire aktørar ned gode turistfiskeprosjekt (Foto: Per Martin Fosmark, Ferda)

4 Nr. 1-2011 Nr. 1-2011 4 INFORMASJON FRÅ SOGN OG FJORDANE SKOGEIGARLAG BA FÔRING AV HJORT SKAL / SKAL IKKJE? Alf Erik Røyrvik, utmarkskonsulent Når vi no for andre år på rad har det som mange vil kalle ein skikkeleg vinter er det mange som stiller seg dette spørsmålet. Både spørsmåla og meiningane er mange kring dette temaet. Noko fasitsvar er det umogeleg å gje, men vi kan no dvele litt kring nokre av problemstillingane. For det første må vi vere klar over at frå naturen si side er det naturleg at vinteren er hard, både for hjortevilt og dei fleste andre dyr. Heilt i tråd med Charles Darwin si lære, so bukkar gjerne dei svakaste og minst tilpassingsdyktige individa under. Desse har dessutan si rolle i økosystemet som mat for mange andre dyr som har sin strie tørn med å kome seg gjennom vinteren. Slik er det i naturen. Vi veit det er slik, men det er ubehageleg å sjå det. Mange spør seg derfor om ein bør fôre hjorten om vinteren slik at ein unngår at dei bukkar under og døyr. Der er gode argument for det. Kanskje først og fremst av omsyn til dyrevelferd; vi er opptatt av at dyra som vi har omkring oss skal ha det godt og at dei ikkje skal lide. I tillegg er der ressursøkonomiske argument inn i bildet; dyr som døyr i skogen er rett og slett dårleg økonomi for oss. Mat og inntekt går til spille. På mange måtar kokar dette ned til eit spørsmål om ulike natursyn; Skal vi la naturen styre seg mest mogeleg sjølv, eller skal vi styre naturen i den grad vi kan? Før ein begynner å diskutere detaljar kring fôring eller ikkje fôring, so bør ein ha tenkt over dette litt meir overordna spørsmålet. Men la oss kome nedatt på landjorda til hjorten att. Om vinteren går hjorten på sparebluss og brukar ikkje meir energi enn den absolutt må. Den vert derfor mindre sky, særleg ved store snømengder, fordi den ikkje vil ta energikostnaden med å flykte unna oss menneske dersom det ikkje er absolutt nødvendig. I tillegg vil den prøve å få tak i mat der det er enklast og minst energikrevjande å finne maten, og det er ofte i nærleiken av oss. Både desse og nokre andre faktorar gjer til at vi vinterstid får hjorten tettare inn på oss enn vi er vande med, i alle fall enkelte vintrar. Det kan som sagt vere eit resultat av hjorten si åtferd, og ikkje nødvendigvis at dei lider. Fôring av hjort er normalt ikkje skadeleg for hjorten. Ved særs store samlingar av hjort kan det nok føre til eit auka smittepress, men fôringa i seg sjølv er sjeldan ska- deleg. Men det er viktig å fôre på riktig måte og med riktig type for. Feil for og feil måte å fôre på vil ha liten eller ingen effekt, og kan i verste fall ha negative følgjer. Ein bør derfor alltid rådføre seg med fagfolk og sette seg inn i temaet før ein eventuelt startar fôring. Før ein eventuelt startar fôring bør ein og vurdere konsekvensane av det. Dersom ein først har starta, lyt ein halde fram med å fôre til våren og dei første grøne spirane kjem. Då er hjorten over den sokalla vårknipa. Har ein først starta å fôre vil dette og truleg trekke til seg fleire hjort, og fôrbehovet aukar. Det vil derfor kunne gå med ein del meir fôrmengde til hjortefôringa enn ein reknar med idet ein startar. I tillegg vil beitepresset i området rundt fôringsplassen auke, og ein kan få auka skade på skog, frukttre, fôrlager osb. Ein skal ôg vere klar over at hjorten som vert fôra ein vinter, vil truleg møte opp på same plassen og forvente å finne mat der neste vinter og. Etter kvart bør ein derfor vurdere om ein får att for kostnaden til fôringa, eventuelt om ein aksepterer den kostnaden som det medfører. Ein annan måte ein kan hjelpe hjorten på, er å komme seg til skogs med motorsaga. Både gjennom vedhogst og tømmerhogst får hjorten tilgang til kvist og bark. Dette er hjorten sin naturlege vintermat når snøen ligg djup. Fell gjerne ned rogn, osp og selje og la den ligge til hjorten, der ein kjem over det. I tillegg får hjorten nytte dei vegane vi køyrer opp i djupsnøen, og kan derfor flytte seg over større avstandar utan å bruke for mykje energi. Til slutt, nokre fôringstips: Lag ein plan for fôringa på førehand, der det står kor ein skal fôre, korleis det skal gjerast, kva for ein skal bruke, kven som har ansvar osb. Fôr som kan nyttast: grovfôr, unge lauv- og furutre, grønsaker og frukt. Ikkje fôre nær trafikkert veg, dette vil auke faren for påkøyrsle. Legg heller ikkje fôringsplass slik at hjorten må krysse veg for å komme dit. Spreie fôret utover, slik at alle får sleppe til og ete. Ha ein fin vinter vidare, anten med eller utan fôring av hjort!

Nr. 1-2011 5 Nr. 1-2011 5 INFORMASJON FRÅ SOGN OG FJORDANE SKOGEIGARLAG BA Kva meiner du om skogeigarlaget? Sogn og Fjordane Skogeigarlag gjennomfører i vinter eit enkelt strategiarbeid for å peile ut den vidare kursen for andelslaget. I samband med det ber vi lokallaga diskutere følgjande på årsmøta: Det kan vere ein motsetnad mellom best moglege vilkår for skogeigar i dag (låg serviceavgift og høg tømmerpris) og det å byggje opp eit slagkraftig skogeigarlag til å møte den store auken i granhogsten eller eventuelle nye tilbakeslag i næringa. Kva meiner du er viktigast? Med knappe ressursar kan det vere ein motsetnad mellom å prioritere forretningsdrifta og det å profilere seg nok mot eigarar, lokallag, samfunn og media. Kor viktig meiner du det siste er? Er det aktuelt å slå saman lokallag til større einingar, eller er det mest tenleg med strukturen ein har i dag? Kva kan ein gjere for å rekruttere fleire kvinner som tillitsvalde i lokallag og andelslag? Årsmøtet i skogeigarlaget vedtok ei midlertidig serviceavgift i 2009. Denne vart så gjort permanent i 2010. Avgifta er innført for at ikkje dei som leverer tømmer skal bere heile kostnaden med organisasjon, informasjon, næringspolitikk og vidareutvikling av andelslaget. Avgifta har til no vore på 500 kr. pr. år. Kor stor meiner du denne avgifta bør vere framover? For å få til mest mogleg rasjonell transport på bil og båt kan det vere aktuelt å konsentrere aktiviteten til mindre geografiske område i periodar. I desse periodane kan ein vere utan entreprenørtilbod og også ha restriksjonar på eigenhogst i andre deler av fylket. Kor stor ulempe er dette? Dei små tømmerpartia er dyre for skogeigarlaget å omsetje. I dag har vi eit minstekvantum på 15m3 pr. kjøpar. Kan dette aukast? Kva meiner du er viktigast for skogeigarlaget å prioritere framover? Kva skal eigarane få tilbake for eigarskapen sin? Har du andre innspel til styret i skogeigarlaget? Nytt frå bioenergi Sogn og Fjordane Arnt Laukeland Vik kommune har fått støtte frå Enova til å knyte fleire bygningar til den pelletsfyrte energisentralen som i dag er i drift. I samband med det må den gamle sentralen bytast ut til ein større. Det blir i dag sett på om ein kan auke kapasiteten på den eksisterande kjelen eller å gå over til flisfyrt kjele. Ei lokal gruppe ser på moglegheitene til å levere råstoff til anlegget. Ved Mo Jordbruksskule er det på gong ei utgreiing der ein sjekkar ut kostnaden på flisfyrt sentralvarmeanlegg mot anlegg basert på borehol frå grunnvatnet til oppvarming av bygningsmassen på skulen. Det vert politisk avgjersle på saka, men utifrå lærings- og synergieffekten på ein jordbruksskule er det klart at flisfyrt anlegg passar best her. Firmaet Sogn Biovarme med base i Luster ser på moglegheitene for å forsyne diverse bygg i indre Sogn med biovarme. Firmaet baserer seg både på flisproduksjon og varmeleveranse. Gardvarmeanlegg basert på ved eller flis er i vinden. Dersom søkjar har landbrukstilknytning og ein brukar noko av varmen i næring, kan ein oppnå 35 % investeringstilskott på utbygginga. Mange frå Sogn og Fjordane har søkt på desse midlane i 2010 og i år. Ordninga er spesielt gunstig desse åra. Det er pengar igjen i potten, så det er framleis høve å søkje på ordninga. Dersom ein har spørsmål knytta til bioenergi er det berre å ta kontakt med Arnt Laukeland hjå Sogn og Fjordane Skogeigarlag, telefon 991 63 200.

6 Nr. 1-2011 Nr. 1-2011 6 INFORMASJON FRÅ SOGN OG FJORDANE SKOGEIGARLAG BA LOKALLAGSÅRSMØTE/ EIGARMØTE I 2011 LOKALLAG STAD DATO KL. FRÅ ANDELS- LAGET Eid/ Vågsøy Bryggen Hotell 04.04.11 20:00 Hjelle Hornindal Smia 05.04.11 19:30 Hammer Stryn Kulturhuset 06.04.11 19:30 Hammer Vikane Cafe Go`beten 07.04.11 19:30 Hjelle Gloppen Gloppen Hotell 31.03.11 13:00 Hjelle Bremanger Ålfottunet 22.03.10 20:00 Hammer Askvoll Askvoll Sjøbuer 04.04.11 20:00 Kjelstad Førde Kantina, Førde kommune 05.04.11 20:00 Kjelstad Naustdal Håjen Kafe 31.03.11 20:00 Gimmestad Jølster Helgatun, Årdal 28.03.11 20:00 Hjelle Gaular Sande Kro 29.03.11 20:00 Gimmestad Fjaler Hauglandsenteret 04.04.11 20:00 Ljotebø Flora Allhuset i Eikefjord 30.03.11 20:00 Nygård Gulen Brekkestranda Fjordhotell 28.03.11 20:00 Kjelstad Hyllestad Kommunehuset 31.03.11 20:00 Ljotebø Kyrkjebø Lavik Hotell 28.03.11 20:00 Ljotebø Vik Sognefjord Gjestehus 07.04.11 20:00 Vikheim Balestrand Midtnes Hotel 29.03.11 19:30 Ljotebø Sogndal/Leikanger Lægreid Hotell 29.03.11 19:30 Vikheim Luster Eikum Hotell 31.03.11 20:00 Vikheim Sakliste for eigarmøtet i Sogn og Fjordane Skogeigarlag BA 1. Opning v/ lokallagsleiaren. 2. Godkjenning av innkalling og sakliste. 3. Godkjenning av eventuelle fullmakter. 4. Innstilling til årsmøtet i andelslaget om årsmelding og rekneskap. Gjennomgang v/ styremedlem/ representant frå Sogn og Fjordane Skogeigarlag BA. 5. Strategispørsmål knytt til utviklinga av Sogn og Fjordane Skogeigarlag 6. Val av utsending(ar) med personlege varautsending(ar) til årsmøtet i andelslaget.

Nr. Nr. 11 - - 2011 7 7 TEMA: SKOGKULTUR OG FORYNGING Fridom til å plante ny skog...også i 2011! Merete Larsmon Fylkesskogmeister, Sogn og Fjordane Nye taloversikter for Sogn og Fjordane syner at vi har meir skog enn nokon sinne. Førre gongen fylket grodde til, var etter Svartedauden på 1300-talet! Likevel syner det seg også at på grunn av manglande tilplanting/forynging dei siste 10 åra, vil vi ikkje kunne hauste like mykje skog litt lengre fram i tid. SKOG- BRUK ER LANGSIKTIG! SLUTTPRODUKTET ER TRE OG FIBER TIL HUS, PAPIR, ENERGI, KJEMI OG KLIMA (Co2-BINDING)! Skoglova gir skogeigaren fridom under ansvar, men i det et ligg også at ein er pliktig å forynge der skog vert hogge og elles halde i hevd produktivt skogareal som er drivverdig. I dag syner statistikken at ikkje alt areal som det vert hogge skog på, vert planta til eller forynga på anna vis. Å overlate til naturen sjølv er for dårleg. Har vi ikkje nok av areal på sjølvstyr? Mykje skog, lite gran Dei siste 20 åra har skogarealet i fylket auka med 100 000 daa og det er stort sett lauvskog som tek at god innmark og som veks oppover mot fjellet og i stølsområda. Denne arealutvidinga tilsvarar om lag 10%.! Lauvskogen utgjer 53%, furuskogen 31% og anna skog 2%. Samla granareal utgjer 2% av det totale skogdekte arealet i Sogn og Fjordane. Dette arealet er på same tid 14% av det produktive skog arealet i fylket, og det er faktisk det same som for 20 år sidan. Frykt ikkje grana! Attplanting av gran politisk ynskje Eit minste mål må vere å plante til med gran der vellukka granplantingar er hausta. Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk kom i fjor sommar med ei klår bekymringsmelding der han ynskjer sterkare satsing på forynging av skog og stell av ungskogen. I område der skogreisinga er vellukka, bør det plantast ny skog. Dette gjeld ikkje i definerte verneområde, spesielle klassifiserte kulturlandskap, til dømes kystlynghei, og areal som er prioritert til andre føremål. Lett å finne informasjon og hjelp Gjennom forvaltning, kontroll og informasjon skal mellom anna Fylkesmannen vere til hjelp for at skogeigarar skal bli enda betre til å bidra til eit berekraftig skogbruk. Gjennom forvaltinga vert det ytt tilskot som skal bidra til auka aktivitet i skogen så som nyplanting, skogstell, vegbygging m.m. Eit kontrollsystem syter for å sjekke at pengane verkeleg går til det dei var tenkt. Slik skal ikkje hogstflater sjå ut 5 år etter hogst. Informasjon om skog, regelverk, avsetting av eigen skogfond, kurs og arrangement er berre nokre tastetrykk unna. Men sjå også gjerne etter ein god gammaldags skogdag/skogkveld utover våren (i lokalavisa, nytt frå landbrukskontoret m.m.) då det er både kjekt og lærerikt å møtast når skog er tema. For plantetinging: Kontakt Skogeigarlaget, kommunen eller planteskulen på Brandsøy. Frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane si side planlegg vi no ymse foryngingskurs i samarbeid med kommunane utpå våren. Nytt av året er foryngingskurs for dei som ynskjer å spesialisere seg i lauvskogdyrking. Dette bør skje på dei aller beste areala jordbunnsmessig så vel som klimamessig. Dei første kursa vert halde i nærleiken av Balestrand og annonsering kjem gjennom Skogeigarlaget og Fylkesmannen og kommunane. God vår i skogen!

8 Nr. 1-2011 Nr. 1-2011 8 TEMA: SKOGKULTUR OG FORYNGING Framleis opning for utanlandske treslag i 2011? Den frykta forskrifta om utanlandske treslag vert ikkje gjort gjeldande i 2011, iallfall ikkje i første halvdel av året. Kanskje dette er vår siste sjanse til å planta høgtproduserande, økonomiske og klimavennlege treslag som sitkagran og gran med opphav frå utanfor Norden? Som nokre truleg har fått med seg har miljøstyresmaktene med heimel i Naturmangfaldlova utarbeidd eit forslag til forskrift om utanlandske treslag. Forslaget inneber ikkje forbod mot utsetjing av utanlandske treslag, men set særs strenge krav til søknad og dokumentasjon. Så strenge krav at søknadsprosessen vert så byråkratisk at forslaget i praksis inneber eit forbod mot utsetjing av utanlandske treslag. Uforståeleg forskrift Viktige økonomiske treslag som til dømes sitkagran vert omfatta av dette forslaget om forbod, men det aller verste er at mellomeuropeiske proveniensar av vanleg gran vert omfatta av forskriftsforslaget. Dette er fullstendig uforståeleg, og det einaste som kjem ut av det er at skogeigarane taper 30 % tilvekst på å bruka norske proveniensar i staden for mellomeuropeiske. Dette er eit direkte tap for skogeigarane på Vestlandet! Og det utan at det kan synast til nokon nytteverdi for det biologiske mangfaldet Uvissa rår Det siste som skjedde i denne saka var at Direktoratet for Naturforvaltning i desember sende over forslaget om forskrifta til Miljøverndepartementet (MD). Før forskrifta vert endeleg fastsett skal Landbruks- og matdepartementet og MD forhandla om korleis forskrifta vert sjåande ut. Det er uvisst å spå utfallet av desse dragkampane, og det er og uvisst kor lang tid det tar før forskrifta vert endeleg fastsett. Planting som vanleg i 2011 Med bakgrunn i dette er det einaste sikre enn så lenge at det er lov å planta med utanlandske treslag i 2011, iallfall no i vårsesongen. Dette gjeld både ekte utanlandske treslag og meir fantasifulle utlendingar som gran med opphav i mellom-europa. Kanskje denne våren er vår siste sjanse til å planta med dei treslaga som gjev best økonomi, best produksjon og best klimaeffekt? Andelslaga gjer skogkulturjobben! Har du trong for planting eller ungskogpleie? Ta kontakt med oss! Vinteren er på hell og andelslaga er i full gang med planlegging av skogkulturarbeidet (ungskogpleie, planting) vårt for våren og hausten 2011. I år som i fjor vil me nytta godt kvalifisert arbeidskraft frå Slovakia, som me har gode erfaringar med. Me har også god tilgang på plantemateriale frå dei proveniensane som egnar seg best i våre område. Me vil difor oppmoda skogeigarar der ute til å tenka gjennom om dei har felt som kan ha behov for ungskogpleie eller planting. Rogaland og Hordaland: Ynskjer du meir informasjon om skogkultur vil me anbefala å ta ein kikk på vår nye heimeside på www.vestskog.no. Ynskjer du at ein av oss i Vestskog skal verta med på ein skogstur for å vurdera behov og kanskje gje eit tilbod, er det berre å ta kontakt med skogkulturansvarleg Rita på telefon 99 62 65 25 eller epost: rita@vestskog.no. Du kan og snakka med skogbruksleiaren i ditt område. Kven dette er finn du på heimesida vår, der det står namn på skogbruksleiar og området som dei dekkjer. Er 2011 siste året med slike planter av høgtproduserande treslag og proveniensar? Sogn og Fjordane: Ta kontakt med Alf Erik Røyrvik, tlf 958 89 475, epost alf.royrvik@sfskog.no. Du kan også ringe kontoret eller kontakte skogetaten i kommunen.

Nr. 1-2011 9 9 INFORMASJON FRÅ BA Generasjonsbyte i Vestskog BA Bengt Drageset, styreleiar Vestskog BA Kjetil André Rødland vert tilsett som ny Dagleg Leiar i Vestskog BA. Olav Taskjelle som har leia verksemda i meir enn 25 år går frå 1. mai 2011 over i ei ny stilling i administrasjonen i Skogeigarlaget. Dette representerer generasjonsbyte i Vestskog. Kjetil André Rødland er har siste tida vore tilsett som Nestleiar i Vestskog BA. Han er oppvaksen i Granvin og har solid formell kompetanse med Master i Skogindustriell økonomi frå Universitetet for Miljø og Biovitskap på Ås. Han har røynsle frå Skogseksjonen hos Fylkesmannen i Hordaland, Landbruksavdelinga. Han er 30 år og busett i Kinsarvik, Ullensvang der han har sambuar. Olav Taskjelle har leia skogeigarlaget frå den spede byrjinga. Han er den som vert sterkast identifisert med Skogeigarlaget og har meir enn nokon andre lagt tid og sjel i arbeidet for skogsamvirket. I bolken frå 1985 og til no har Olav Taskjelle hatt eit sikkert grep om leiinga av Laget. Dei økonomiske marginane for tømmeromsetjing er sterkt konjunkturutsette og i ein geografi der logistikkostnadane er i øvste sjiktet har leiaroppgåvene vore svært krevjande. Det vert skogbruksplan i Dalane! Det vert i løpet av året sett i gang skogbruksplanlegging i Dalane! Som tidlegare meldt i Vestskog nr 4/2010 så har det vore arbeidd mykje med å få i gang skogbruksplanlegging i Dalane i sør-rogaland. Under møte mellom Fylkesmannen, Vestskog og involverte kommunar i slutten av februar kom det fram at grunnlaget for skogbruksplanlegging Dalane var til stades, og arbeidet vert sett i gang! Dette gjeld kommunane Lund, Bjerkreim, Sokndal og Egersund. Ved årsskiftet hadde ein tinging på nærare 50 000 dekar, og sidan det vert rekna med ein del tinging etter at arbeidet vert satt i gang vil ein taksera om lag 150 000 dekar i dette prosjektet. Vestskog vil samarbeide med andre skogeigarandelslag om etablering av grunnlagsmaterialet. Markarbeid samt produksjon av planar vil skje i eigen regi, eventuelt med noko innleigd lokal ekstrahjelp. Oppstart av arbeidet er forventa å skje utover hausten 2011. Det er framleis ikkje for seint å tinga plan i dette området, så om du er interessert ta kontakt med rita@vestskog.no. Olav Taskjelle har gjennom sin utrøyttelege innsats gjennomgåande levert resultat som har vore betre enn mange andre og større skogeigarlag. Dette er takka vere hans umåteleg store arbeidskapasitet, klåre analysar og eineståande bransjekunnskap. Når no yngre krefter tek over står Vestskog BA framføre ei spennande tid der ein ser starten på innhaustinga av den omfattande skogreisinga som nådde toppen kring slutten av 1950 åra. Med Taskjelle som leiar har skogeigarlaget etablert eit solid fundament for å møta utfordringane som ligg i dei aukande tømmervoluma som skal avverkast i åra som kjem. På vegne av Vestskog BA rettar eg stor takk til Olav Taskjelle for oppofrande innsats og ønskjer Kjetil André Rødland lukka til i arbeidet sitt. Klart for skogbruksplanlegging i Dalane!

10 Nr. 1-2011 Nr. 1-2011 10 INFORMASJON FRÅ BA Tømmermarknaden Olav Taskjelle, dagleg leiar Vestskog BA Sagbruk og skurtømmer Sagbruka i Norden hadde i siste del av 2010 ei lageroppbygging av både trelast og rundtømmer. Dette har inn i 2011 gitt reduserte virkeskjøp og press på trelastprisar og tømmerprisar. Marknaden i Nord-Afrika har vorte stadig viktigare for europeiske sagbruk, og den politiske situasjonen skapar ein meir usikker situasjon. På den andre sida aukar Kina opp sine trelastkjøp og deler av Europa går rimeleg godt økonomisk. Lokalt er det utsikter for stor aktivitet i Bergensregionen 2011. Medan dette er den generelle situasjonen, har våre kundar på skurtømmer hatt ynskje om auka volum siste halvåret. Det kjenneteiknar og situasjonen framover i fyrste halvår. Granvin Bruk held fram med å ta inn pallevirkekvalitet i lag med ordinært skurtømmer, og på eksport kan ein utsortert levera sekunda kvalitetar av gran og sitkagran som fangar opp vél 50% av massevirket. Me er dermed på eit nivå på om lag 25% massevirke i granhogstane våre i skrivande stund. Massevirke Papirindustrien i Noreg har fått eit etterlengta prislyft inn i 2011. Prisen på cellulose har helde seg oppe med sterk etterspurnad og små lager, medan emballasjeindustrien har sett fortsatt prisoppgang så langt i 2011. Innan Norden vil me truleg etter kvart sjå ei relativt sterk omlegging frå skurtømmer til massevirke i fyrste halvår. Lokalt har me stor etterspurnad etter vedvirke, som saman med den generelle etterspurnad gir vilkår for levering av det meste av massevirkekvalitetar. Innan gran/sitkagran tek me og imot utsortert virke som er tørka på rot. Tømmerprisar Vinterprisane på både skurtømmer og massevirke ligg over vinterprisane i 2010. Me har fått ein viss reduksjon i skurtømmerprisane frå hausten 2010, men betra vilkår for massevirkekvalitetane vil i jamt over oppvega denne. Prisinformasjon kan finnast på BA sine heimesider.

Nr. Nr. 1-2011 11 11 INFORMASJON FRÅ BA Produksjon og virkesutnytting i Vestskog Vidar Jørdre, tømmersjef Vestskog Nye rutinar for produksjonsstyring, tiltak for optimalisering av kapping av tømmer og styrka produksjonskapasitet. Dette skal sørga for auka produksjon og auka salsverdi på tømmeret. Vestskog hadde i 2010 historisk høg produksjon med ca 150 000 m3, herav 50 000 m3 i Rogaland og om lag 100 000 m3 i Hordaland. Budsjettet for 2011 er på 175 000 m3. Etter låg aktivitet i 2009 er produksjonen tilbake på eit godt nivå. Produksjonsstyring Me la om rutinene for produksjonstyring på slutten av 2010 og kvar enkelt entreprenør rapporterer no inn produksjon kvar veke fordelt på sortiment. Me nyttar framkøyrt volum på velteplass som rapporteringsparameter. Apteringsfiler hogstmaskin Vestskog lagar og apteringsfiler for hogstmaskiner til dei entreprenørane som me brukar på oppdrag. Lengde og diameterkrav samt prismatriser på ulike sortiment og treslag er lagt inn i forhold til kva kjøperar som det vert produsert mot. Dette arbeidet er eit av fleire tiltak Vestskog gjennomfører for å sikre ein optimalisering av kapping av tømmer. Høgast mogleg tømmerverdi er viktig for driftsøkonomien for skogeigar. Låg produksjon, men vil auka Produksjonen i januar og februar 2011 har vore noko lågare enn budsjettert. Dette har samanheng med at eit taubanelag har produsert i Sogn og Fjordane Skogeigarlag og vil gå der fram til midten av mars. Frå mars og framover er laget tilbake i Vestskog. Vidare har eit hogstmaskinlag produsert utanfor Vestskog sitt område i starten av året. Vestskog har sett inn tiltak for å auke produksjonskapasiteten og vil framover stå godt rusta til å ta imot oppdrag frå skogeigerar som ynskjer å nytte seg av gode driftsforhold og gode tømmerprisar. Sjå www.vestskog.no for meir informasjon. Nyheitsbrev frå Vestskog! Seinhaustes 2010 byrja Vestskog BA med å senda ut månadlege nyheitsbrev på epost. Her informerer Vestskog BA om tømmerprisar, skogkultur, om organisasjonen Vestskog, aktivitetar og generelle skognyheiter. Høgare produksjon og betre verdiutnytting på virket vert viktig for Vestskog i 2011 Målet er at skogeigarar og andre interesserte skal ha høve til å vera informerte om utviklinga både i Vestskog og skogbruket på Vestlandet generelt. Er du interessert i å få tilsendt nyheitsbrev frå Vestskog, gje oss beskjed på post@vestskog.no!

Utgjevar: Sogn og Fj. Skogeigarlag BA/Vestskog BA Kontaktperson: Kjetil André Rødland, Røynstr.vegen 4, 5736 Granvin, Tlf. 47 66 43 97 E-post: kar@vestskog.no Redaksjonen avslutta: 11.03.2011 11.03.2011 12 B-blad Ny skogbruksleiar i ytre Hardanger, Midthordland og Nordhordland Even Øyri har byrja som skogbruksleiar i 70 % stilling i Vestskog BA med verknad frå 1.mars. Even er utdanna forvaltningsagronom og har før eit mellomspel som mellom anna dagleg leiar i Kvam fruktlager arbeidd i skogbruket tidlegare som inspektør i tømmerrmålinga og som tømmersekretær i dåverande Hordaland skogeigarlag. Even skal i arbeidet sitt dekkja kommunane Kvam, Fusa, Samnanger, Os, Bergen og etterkvart Osterøy. Særleg Bergenshalvøya er eit viktig skogområde der Vestskog har hatt noko dårlegare dekning tidlegare. Me voner dette skal koma seg no når Even er på plass, og me ynskjer han lukke til i arbeidet! OPPGÅVER PERSON I OMRÅDE TLF Jan Ivar Rødland Vestskog 907 27 145 Skogbruksplan, frivillig Halgeir Bergland Vestskog 993 84 710 vern, skogforsikring Rita Ørsland Vestskog 992 80 173 Vegplanlegging Tormod S Jacobsen Hordaland 904 00 616 Oddbjørn Helland Hovudplanar- Rogaland/Hordaland 908 52 104 Bioenergi Karl Ludvig Ådland 480 35 952 Olav Hegdal Sørfylket i Rogaland tom. Hjelmeland 482 86 683 Eivind Lien Nordfylket i Rogaland 971 51 416 Driftsorganisering Iver Blokkum Kvinnherad, Tysnes, Sunnhordland 980 35 223 skogsdrift Asle J. Bergseth Konnerth Indre Hordaland 976 82 528 Taubanedrifter, produksjonsstyring Vidar Jørdre Vestskog 917 28 064 Even Øyri ytre Hardanger, Midthordland og Nordhordland 951 31 358 Skogkultur Rita Ørsland Vestskog 996 26 525 Virkeskontraktar, henteklarmelding Per Eivind Rekve Vestskog 958 38 565 Tømmeroppgjer - rekneskap Turid Haugen Vestskog 482 23 554 Tømmersal, bil- og Inga Apeland Rogaland, Haugesundshalvøya 975 48 354 båttransport Per Eivind Rekve Hordaland 958 38 565 Båttransport, kaiar Inga Apeland Vestskog 975 48 354 Skogskattlegging Olav Taskjelle Vestskog 971 51 415 Skogfond Kjetil André Rødland Vestskog 476 64 397 Organisasjon, lokallag, informasjon Kjetil André Rødland Vestskog 476 64 397 Karmøy Trykkeri as - www.karmtrykk.no