VEDTEKTER STRANDA KOMMUNE

Like dokumenter
VEDTEKTER STRANDA KOMMUNE

DEL 1 Prinsipp og rammer for kommunale næringsfond

Retningslinjer for Næringsfond 1. Herøy kommune. Herøy kommune

SAKSPROTOKOLL. Sakshandsamar: OMR Arkivsaknr: 2016/1532 Arkiv: 243. Utvalsaksnr Utval Møtedato 8/17 Komite for næring, kultur og idrett

SANDØY KOMMUNE VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET

3 FORVALTNING AV FONDET 3.1 Forvalting Omstillingsstyret er fondsstyre i søknader om midlar frå næringsfondet.

Fylkeskommunen får tildelt midlar til kommunale næringsfond frå Kap 551, post 60 i dei årlege statsbudsjetta.

LEIRFJORD KOMMUNE SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Øyvind Toft Arkiv: 242 Arkivsaksnr.: 14/761-4 Klageadgang: Nei

Arkivsak: SAKSPROTOKOLL - REVIDERING AV RETNINGSLINJER - KOMMUNALE NÆRINGSFOND

Halsa kommune Vedtatt i kommunestyret

STORDAL KOMMUNE VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET

VEDTEKTER FOR KOMMUNALT NÆRINGSFOND FOR ASKVOLL KOMMUNE

VEDTEKTER NÆRINGSFOND VÅGÅ KOMMUNE

RETNINGSLINER FOR NÆRINGSFONDET I GOL KOMMUNE.

GAULAFONDET. Vedtekter for bruk og forvalting av midlane kommunen har fått i samband med at Gaularvassdraget vart verna mot kraftutbygging

FOR SPESIELLE MILJØTILTAK I LANDBRUKET (SMIL) FOR

Vedtekter for Åmli kraftfond

Fagdag for næringsmedarbeidarar

Vedtekter for Åmli kraftfond

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ

MODALEN KOMMUNE. Vedtekter for næringsfondet

Fordeling av kommunale og regionale næringsfond 2013

Vedtekter for Mardølafondet

Gode pengar til gode prosjekt. Førde januar 2014

Kommunale næringsfond

Sentrale prinsipp for sakshandsaming. Fagdag på Skei den 21. september

Gode pengar til gode prosjekt. Førde mai 2011

Fonda skal berre nyttast til lån, herunder ansvarlege lån, og/ eller avsettast til garantifond. Avkastninga kan nyttast til tilskott og betinga lån.

Sakshandsaming. Gloppen hotell 3. september

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

RETNINGSLINJER for AURE NÆRINGSFOND. Vedtatt KOM , revidert og KOM sak 20/17 den

FROKOSTMØTE 12. JANUAR 2016: Informasjonsmøte om RDA-midler - næringsretta midler til regional utvikling

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

REGLAR FOR KOMMUNALE TILSKOT TIL NÆRINGSLIVET I ÅSERAL.

SAKLISTE MED SAKSDOKUMENT

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

MIDSUND KOMMUNE VEDTEKTER OG SØKNADSKJEMA FOR NÆRINGSFONDET

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

R E T N I N G S L I N E R

Deres ref: Vår ref: Saksbeh: Arkivkode: Dato: 05/ /06 Trond Øverland, /&

Retningsliner for næringsfondet. Gol kommune. Endra i samsvar med vedtak i K-sak 0055/00 den

Deres ref: Vår ref: Saksbeh: Arkivkode: Dato: 2016/228- Trond Øverland,

SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE I N S T R U K S FOR FORVALTNING AV TILSKOT TIL TRAFIKKTRYGGINGSTILTAK I KOMMUNANE

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

VEDTEKTER OG RETNINGSLINJER FOR ALVDAL KOMMUNES NÆRINGSFOND. (KRAFT- OG TILTAKSFOND)

Fondskapitalen kan ikkje brukast til lån eller tilskot. Det er kun avkastning og årlege avsetjingar til fondet som kvart år kan brukast.

Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet (Kap post 77)

Regelverk for Kommunalt Næringsfond Vedtatt i Kommunestyret

Dykkar ref Vår ref Dato

Retningsliner. Kap. 310 post 75. Tilskot til privateigde kyrkjebygg. Kulturdepartementet 4. april Retningsliner for forvalting av tilskot

SØKNAD OM TILSKOT TIL FREDA KULTURMINNE I PRIVAT EIGE, KULTURMILJØ OG KULTURLANDSKAP (Kap post 71)

STORDAL KOMMUNE VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET

Retningsliner for kulturmidlar i Radøy kommune

Kvam herad. Arkiv: 123 Objekt:

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar Krav til sakshandsaming. Samnanger kommune

Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS

Retningslinjer for Aure næringsfond

Tilskot i Prosjekt Bryggen - Framlegg til presisering av retningsliner

Narvik kommunes nærings- og infrastrukturfond

VEDTEKTER FOR BRUK OG FORVALTNING AV TRYSIL KOMMUNES KRAFTFOND

Retningsliner for tilskot til frivillig kulturarbeid i Selje kommune

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar. Bømlo kommune

Retningsliner for næringstilskot

VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET ENGERDAL KOMMUNE

1. VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET ("KRAFTFONDET") I BINDAL KOMMUNE 2. MERKNADER TIL VEDTEKTENE 3. KLAGE

Næring - Retningslinjer næringsfond

Fylkesdirektøren for næring rår hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak:

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Vedtekter for næringsfondet Os kommune

Vedtekter for bruk og forvaltning av Rindal utviklingsfond RUF

RETNINGSLINJER FOR BRUK OG FORVALTNING AV SELJE NÆRINGSFOND

Tilskotsordningar for 2016 Klima- og miljødepartementet

TENESTESTANDARD FOR SAKSHANDSAMING PLEIE OG OMSORGSTENESTER

Næringsfond BEIARN. kommune VEDTEKTER OG RETNINGSLINJER

Retningsliner for tilskot til lag og organisasjonar i Åmli kommune

NESNA KOMMUNALE NÆRINGSFOND. (Vedtatt av Nesna kommunestyre i møte , K-sak 32/07 og revidert i formannskapet )

Retningslinjer for bruk og forvaltning av Øyer kommunes næringsfond

Kommunestyret vedtek «Retningsliner kulturtilskot Aukra kommune» 1 med verknad frå

Søknad om Anbodsgaranti

DET KONGELEGE OG RECiONALDEPARTEMENT. Vår ref 11/ KRT

Ordinær Generalforsamling Måndag 27.mai Sak 9 og 10 Strategi

Hei Guro, ei oppdatering frå Holmedal Ungdomslag.

KARLSØY KOMMUNE. Drifts- og utviklingsetaten. Et levende øyrike. Hansnes,

Vår ref.: (nyttast ved korrespondanse) Dykkar ref.: Bergen, 18. juli /146.3/OYSIMS 2011/2357-2

Reglar for kommunale tilskot til. næringslivet. i Åseral.

REGIONALT UTVIKLINGSPROGRAM FOR HORDALAND 2007 TILSEGN OM TILSKOT INNTIL KR 1,2 mill, TIL PROSJEKT Tiltaksprosjekt i Tysnes TILSEGN 40-07ON

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

Kommunale retningslinjer for bruk av næringsfondet Vedtatt i kommunestyret

Kompensasjonsmidlar TILSEGN OM TILSKOT PÅ INNTIL KR TIL PROSJEKT ETABLERING AV REGIONAL NÆRINGSHAGE. TILSEGN Komp

Dykkar ref Vår ref Dato

Statsbudsjettet Kap. 551 post 64 Utviklingsmidlar til Oppland fylkeskommune - Tilskotsbrev - Overføringar - Rapportering

Utskrift av møtebok. 45 medlemmer av 53 var til stede (medregnet varamedlemmer) VEDTAK:

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE. Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift.

Tilsegn folkehelsearbeid 2017 Kvinnherad kommune

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Spesielle miljøtiltak i jordbruket Tiltaksstrategi

Tilskotsbrev prosjekt Taredyrkarnettverket for mat

PRINSIPP FOR DELEGERING I SULA KOMMUNE

Tilsegn om tilskot på inntil kr til prosjekt «Datalagringssenter i Kvinnherad» (Tilsegn )

Transkript:

1 VEDTEKTER FOR NÆRINGSFOND STRANDA KOMMUNE 2018-2021

2 Innhald Heimel, kapital, avkasting... 3 Føremål... 3 Søknad... 4 Retningsliner for prioritering... 4 Frist for gjennomføring og reglar for eigeninnsats... 5 Stønadsformer... 5 Stønadsvilkår... 5 Forholdet til internasjonale avtalar på statsstønadsområdet... 6 Kunngjering... 7 Tildelingsbrev... 7 Forvaltning... 7 Fondsstyre... 7 Tal tildelingar... 8 Plassering av fondsmidlane... 8 Saksutgreiing... 8 Innsynsrett... 8 Avslag... 9 Tilsegnsbrev... 9 Krav til rekneskapsføring og dokumentasjon... 9 Utbetalingar... 9 Søknader og rapportering... 9 Attendebetaling av løyvingar... 10 Klage... 10 Klageorgan... 10 Lovheimlar... 10 Klagefrist... 10 Rapportering... 10 Godkjenning av vedtektene... 11

3 Heimel, kapital, avkasting Næringsfondet vert finansiert av: 1. Årleg løyving frå Møre og Romsdal fylkeskommune 2. Renter og anna avkastning av fondskapitalen 3. Inndraging av løyvingar frå ikkje-gjennomførte prosjekt. 4. Eventuelle eigne midlar som kommunen har løyvd til fondet Alle renter og anna avkastning skal førast som inntekt til fondet og må disponerast i samsvar med vedtektene. Det er ikkje høve til å opprette fond for berre delar av kommunen. Fondet bør vere mest mogleg næringsnøytralt. Føremål Kommunalt næringsfond skal brukast til å styrke nyskaping, innovasjon og næringsutvikling i Stranda kommune. Kommunalt næringsfond kan berre brukast til nyetablerarar og bedrifter. Bedriftsretta tiltak (direkte stønad til bedrifter) kan vere i regi av einskildbedrifter eller i form av nettverk mellom bedrifter. Kommunen kan ikkje bruke næringsfondet til generelle, tilretteleggande nærings- og samfunnsutviklingstiltak. Det kan berre gjevast stønad til tidsavgrensa utviklingsprosjekt. Dei bedriftsretta tiltaka kan omfatte investering i: Produksjonsanlegg og utstyr Profilering/merkevarebygging Produktutvikling Kompetansehevingstiltak (kurs, seminar) Marknadsundersøking Bedriftsutvikling Rådgjeving Nettverksbygging/bedriftsnettverk e.l. Stranda tilhøyrer sone III i Virkeområdet for distriktsretta investeringsstøtte, og KNF kan dermed nyttast til investeringsstøtte i maskinar og utstyr. Tildeling frå næringsfondet er etter EØS-regelverk for statsstønad definert som bagatellmessig stønad. Bedrifta har sjølv ansvar for ikkje å ta i mot meir enn beløpsgrensa for slik stønad. Kommunale næringsfond kan ikkje brukast til: Renter, avdrag og refinansiering av lån, kausjon og garantiar Kjøp av aksjar eller investering i eigenkapital, uavhengig av organisasjonsformer Ordinær drift av verksemder. All stønad som ikkje er knytt til konkrete utviklingsprosjekt vert sett på som driftsstønad. I bedrifter vil dette til dømes gjelde vedlikehald og utskifting av gammalt utstyr med nytt utstyr av same type.

4 Investeringar i, eller ordinær drift og vedlikehald av, offentlege oppgåver. Bedriftsretta stønad som er konkurransevridande lokalt Tilretteleggande næringsutviklingsarbeid i regi av kommunen eller andre organisasjonar Investeringar som vert gjorde før søknad om stønad frå næringsfondet er handsama, skjer på eigen risiko for søkjaren. Alle som søkjer må opplyse om kor mange nye arbeidsplasser tiltaket kan skape, eller medverkar til å sikre. Kommunen skal rapportere dette som ein del av årsrapporteringa til departementet. Søknad Kommunale næringsfond kan berre tildelast på grunnlag av søknad. Alle søknader skal sendast inn via søknadsportalen www.regionalforvaltning.no, og skal også handsamast av kommunen via denne portalen. Retningsliner for prioritering Stønad frå næringsfondet skal gå til bedrifter og nyetablerarar som medverkar til vekst ved å skape nye og/eller sikre eksisterande arbeidsplassar. Unge, kvinner og innvandrarar skal prioriterast. Næringsfondet skal ha utløysande effekt. Dette er eit krav i overordna retningsliner frå fylkeskommunen. Utløysande effekt inneber at: prosjektet ikkje vil bli gjennomført utan stønad omfanget av prosjektet vil vere mindre utan stønad prosjektet kan gjennomførast raskare med stønad Sakshandsamar skal ved framlegging presentere ei skjønsbasert vurdering på dette punktet på grunnlag av samtalar med søkjar, gjennomføringsevne og ev. andre relevante opplysningar om søkjar. Kommunalt næringsfond skal supplere, ikkje erstatte, andre offentlege stønadsordningar for bedrifter. Prioriteringane skal gjerast på basis av dei til ei kvar tid gjeldande føringar frå fylket t.d. «Handlingsprogram for verdiskaping», gjeldande retningsliner for kommunale næringsfond i Møre og Romsdal og i kommunale vedtekter (dette dokumentet). Prioriteringar gitt i strategiske dokument (t.d. strategisk næringsplan og landbruksplan) for kommunen skal også vere retningsgjevande. Dei kommunale vedtektene vektlegg følgjande moment: Om tiltaket gjeld etablering av ny verksemd, og/eller inneheld stor grad av nyskaping i eksisterande verksemd Om tiltaket gir betra sysselsetjing, og spesielt for kvinner og ungdom

5 Om prosjektet har utløysande effekt At tiltaket har ein (klar) miljø- og klimaprofil Kvalitet på søknad / forretningsplan / anna dokumentasjon Vektinga av dei ulike parametrane ovanfor skal gjerast som del av løyvingsprosessen, og kan endrast og tilpassast dei utfordringane kommunen har til ei kvar tid. Men nyetableringar og mindre verksemder (1-10) skal i alle høve ha prioritet ved tildeling frå næringsfondet. Det same gjeld prosjekt som fører til betra sysselsetting for kvinner og ungdom. Frist for gjennomføring og reglar for eigeninnsats Frist for gjennomføring av tiltak som får stønad er 12 månader frå dato tilsegna er gitt. Søkjar kan be om utsetjing. Ved utrekning av kapitalbehov inngår normalt reine pengeutlegg. Unntaksvis kan eigen arbeidsinnsats reknast inn i kapitalbehovet. Eigeninnsats for privatpersonar kan i slike høve prissetjast inntil kr 200,- pr. time. Dersom tilskotsmottakaren er eit regnskapspliktig selskap som brukar eigne tilsette i form av eige arbeid, må selskapet kostnadsføre eigeninnsatsen i rekneskapen for at det skal kunne vere del av godkjent kostnadsgrunnlag. I slike tilfelle skal eigeninnsatsen prissettast til 1,2 promille av årslønn, maks. kr 600,- pr. time. Det skal førast timeliste for dokumentasjon. Stønadsformer Frå næringsfondet kan det berre løyvast stønad i form av tilskot, dvs. ikkje lån. Midlane skal ikkje brukast til betaling av renter/avdrag og heller ikkje til teikning/ kjøp av aksjar eller lutar i private verksemder. Midlane kan ikkje nyttast som garantiar for lån til næringsverksemd (jf. Kommunelova 51). Stønadsvilkår Det kan ikkje gjevast tilsegn som går ut over det som til ei kvar tid står inne på næringsfondet. Det kan heller ikkje gjevast tilsegn som legg til grunn løyving frå fylkeskommunen påfølgjande år. Samla løyving frå næringsfondet til private næringstiltak skal ikkje overstige 50% av totale kostnader (dvs. den godkjende kostnadsplanen for tiltaket), og er avgrensa oppover til 150 000 kr. Til nyetableringar kan næringsfondet i særlege høve delta med inntil 75% av finansieringa. EØS-regelverket gir overordna retningsliner for tildelingar av offentleg stønad, m.a. at det maksimalt kan løyvast 200 000 EURO,- til eitt og same føremål i éi og same verksemd over ein periode på tre år, sjå neste avsnitt. Verksemder som tek i mot stønad pliktar difor å

6 opplyse om det er motteke stønad frå næringsfondet ved eventuelle ytterlegare søknader på offentlege midlar innan utlaupet av treårsperioden. Prosjekt som er så store at trongen for midlar er over halvparten av tildelinga frå fondet, bør drøftast med Møre og Romsdal fylke v/regional- og næringsavdelinga og/eller Innovasjon Norge. Grensa for bedriftsretta stønad følgjer av årleg tildelingsbrev, og omfattar totale kostnader for prosjektet. Prosjekt som har eit totalt kapitalbehov over denne grensa skal sendast til Innovasjon Norge. Utover dette skal ein legge til grunn følgjande føringar: Nyetablering vs. eksisterande bedrifter: Dersom ein står overfor om lag likeverdige val ( poengsum ) om å løyve til ei nyetablering og ei allereie etablert bedrift som fått tildeling frå fondet dei siste tre åra, skal ein som hovudregel prioritere nyetableringa, sjølv om ein ikkje har nådd tilskottstaket (200 000 EURO) for den etablerte bedrifta. Jf. også pkt. 3. Nedre grense for søknad: Nedre grense for å søkje næringsfondet om stønad er at totale kostnader for prosjekt er større enn 50 000 kr. Karantene: Det er ikkje absolutte karantenereglar for fondet i den forstand at ein ved tildeling er avskoren frå å søkje på nytt før etter eit visst tidsrom, men det bør vere eit mål å få flest mogleg nye etablerarar som søkjarar. Jf. også neste kulepunkt. Overlevingsevne/utviklingspotensial: Alle søkjarar har altså krav på ei vurdering der ein også kan vurdere utsiktene til overleving og utviklingspotensial ved ev. vidareføring av tidlegare stønad. Ei verksemd som tidlegare har fått stønad, men kjem i ein likviditetsmessig vanskeleg situasjon («dødens dal»), kan med andre ord oppnå vidare stønad dersom dette sikrar overlevinga til verksemda. Saksutgreiar kan i slike høve be om naudsynt dokumentasjon. Forholdet til internasjonale avtalar på statsstønadsområdet Artikkel 61 i EØS-avtalen set som hovudregel forbod mot offentleg stønad til næringslivet. Det er gitt ei rekkje unntak frå dette, t.d. bagatellmessig stønad. Kommunale næringsfond er omfatta av regelverket for bagatellmessig stønad. Det kan gjevast inntil 200 000 euro i slik stønad over ein rullerande treårs periode. Det er søkjar sitt ansvar å opplyse om ev. tidlegare motteken bagatellstønad i søknaden. Det kan ikkje gjevast stønad som er i strid med internasjonale avtalar der Noreg er part. Det kan difor ikkje gjevast stønad til primær stålproduksjon, til transport eller til direkte eksportkostnader, inkludert etablering og drift av distribusjonsnettverk. Det kan likevel gjevast bagatellmessig stønad til følgjande tiltak i samband med eksport: Rådgjeving for å identifisere verksemda sine behov og val av tenester Kompetansehevande tiltak Utarbeiding av eksportmarknadsplan (utført av ekstern konsulent) Studiar eller konsulenttenester som vil vere naudsynte for å lansere eit nytt produkt eller eit eksisterande produkt på ein ny marknad

7 Marknadsundersøkingar/ innhenting av marknadsinformasjon (utført av ekstern konsulent) Deltaking på messer Dersom EFTA sitt overvakingsorgan ESA finn at stønad er gitt i strid med regelverket om offentleg stønad i EØS-avtalen, kan ESA krevje at støtta blir tilbakebetalt. Kunngjering Høve til å søkje stønad frå kommunalt næringsfond skal kunngjerast i lokalavis og på kommunen sine heimesider. Kunngjeringa må opplyse om målgruppe, føremålet med ordninga, tildelingskriterium, kva opplysningar som trengst i søknaden og eventuell søknadsfrist. Tildelingsbrev Avgjersle om tildeling av tilskot skal vere skriftlig dokumentert i form av eit tildelingsbrev som skal sendast kvar einskild tilskotsmottakar. Tildelingsbrevet skal innehalde: Føremål, dvs. kva tiltak tilskotet skal brukast til Tilskotsbeløp Utbetalingsvilkår Vilkår for bruken av tilskotet og eventuell frist for mottakar til å akseptere vilkåra Krav til rapportering Informasjon om kontrolltiltak som kan bli sette i verk Moglege reaksjonsformer dersom mottakar ikkje opptrer i samsvar med føresetnadene for tilskotet Informasjon om klagerett Tilskotsmottakar skal skriftleg akseptere at tilskotet er motteke med dei vilkåra som gjeld. Forvaltning FONDSSTYRE Formannskapet forvaltar fondet og er fondsstyre. Avgjerdsmynde er delegert frå fondstyret til rådmannen for unytta midlar sett av til klager ved hovudtildelinga pluss ev. inndregne midlar for prosjekt som ikkje er gjennomførte etter plan. Slike tildelingar må i så fall vere på ein del av reservetildelinga på prioriteringslista frå fondsstyret. Slike midlar kan disponerast utan ny utlysing av fondet. Forvaltninga næringsfondet skal følgje Staten sitt økonomireglement og Forvaltningslova. Det er særleg viktig at ordninga blir gjort kjend, at det blir gjeve klagerett på vedtak, og at det blir skrive tildelingsbrev. Vedtak om tildeling av næringsfond skal vere offentlege.

8 Kommunane kan nytte inntil 5 % av løyvinga til å delvis dekkje eigne administrasjons- og gjennomføringskostnader ved forvaltning av dei kommunale næringsfonda. Kostnadane skal vere knytt til tilsette som har ansvar for søknadsbehandling, tilskotsforvaltning, prosjektoppfølging og rapportering. Både løn, sosiale utgifter, overhead og reisekostnader kan dekkjast. Beløp sett av til eigne gjennomføringskostnader skal registrerast i RF13.50. Dersom fondsstyret ikkje gir anna melding, skal sakshandsamar automatisk kunne reservere denne summen før forslaget til tildeling frå KNF vert presentert for fondsstyret. TAL TILDELINGAR Stranda kommune har hittil praktisert éi årleg tildeling frå næringsfondet. Så lenge denne praksisen gjeld og dersom nokon i perioden mellom tildelinga frå kommunen og fram til ny tildeling frå Møre og Romsdal fylke etterfølgjande år trekkjer søknaden eller det vert frigjort vesentlege midlar av andre grunnar (t.d. underkjenning av prosjekt med løyving eller manglande gjennomføring), kan næringssjefen bestemme å gjennomføre ei utlysing nr. 2. Krava til kunngjering og handsaming er dei same som ved første gongs utlysing. Ein kan også gjere bruk av delegasjonsfullmakta rådmannen har (inntil 25 000 kr) i slike tilfelle, dersom dette gir ei løysing. I tillegg disponerer næringssjefen såkalla avklaringsmidlar gjennom hoppid.no-satsinga. Rådmannen/næringssjefen får fullmakt til å disponere unytta del av midlar frå hovudtildelinga og/eller av klagepotten til søknader som kjem inn etter klagefristen er ute og før ny tildeling etterfølgjande år. Det skal stillast dei same krava til slike søknader som ved den ordinære søknadsomgangen. PLASSERING AV FONDSMIDLANE Fondsmidlane skal plasserast på renteberande konto slik at midlane er disponible til ei kvar tid. Innbetaling av renter og avdrag vert førte attende til næringsfondet. SAKSUTGREIING Saksutgreiing til fondsstyret vert utført av administrasjonen. Under saksutgreiinga bør administrasjonen søkje kontakt med fylkeskommunen og andre fagmiljø i teknisk/økonomisk kompliserte saker, eller der samla kapitalbehov er omfattande, jf. pkt. 5. INNSYNSRETT Ei tildeling frå næringsfondet vil i utgangspunktet vere omfatta av offl. 2 slik at innsyn kan krevjast. Det er likevel slik at det kan vere unntak frå innsynsretten ut i frå offl. 13 for opplysningar som er underlagt teieplikt. Dette kan t.d. dreie seg om lovpålagt teieplikt i fvl. 13. Sakshandsamar må i kvart einskilt tilfelle vurdere kva det kan gjevast innsyn i og ikkje.

9 AVSLAG Alle avslag på søknader skal grunngjevast, jf. fvl. 24. TILSEGNSBREV Kommunen skal etter vedtak sende ut tilsegnsbrev med vilkår for tilsegna. Tilsegnsbrevet skal gi ein frist for ferdigstilling og informasjon om dokumentasjonskrav knytt til utbetalinga. Tilsegnsbrevet skal gi opplysningar om klagerett, sjå pkt. 8. KRAV TIL REKNESKAPSFØRING OG DOKUMENTASJON Tilskotsmottakar skal føre separat regnskap for bruken av tilskotet. Utbetalingar skal i utgangspunkt skje etterskotsvis mot rapport og regnskap. For tilskot over 100 000 kr vert det kravd revisorattestert regnskap og prosjektrapport. Tilskotsmottakar som ikkje er revisjonspliktig kan få rekneskapen stadfesta av autorisert rekneskapsførar. Kommunane kan etter ei vurdering også krevje attest frå revisor/autorisert rekneskapsførar for tilsegn under 100 000 kr. UTBETALINGAR Søkjaren må sjølv be om utbetaling. Dette skal skje på same portalen som når ein søkjer, dvs. www.regionalforvaltning.no. Utbetaling frå næringsfondet skjer etterskotsvis. Ein kan be om delutbetaling eller sluttutbetaling. Næringssjefen kan vurdere delutbetalingar og vilkår for dette, men det skal ikkje betalast ut meir enn 75% av tilskotet før prosjektet er avslutta og sluttrapport godkjent. Ved sluttutbetaling må kostnadene dokumentrast og leggast inn som vedlegg til søknaden om utbetaling. Dei må dessutan vere i samsvar med søknad og tilsegn. SØKNADER OG RAPPORTERING All forvaltning inkl. søknader og oppmoding om delutbetaling skal skje via sakshandsamingssystemet Regionalforvaltning (www.regionalforvaltning.no). Dette inneber også krav til skriftleg rapportering frå tilskottsmottakar. Stønad vert gitt berre til søkjarar som har gjennomført oppstartsamtale med hoppid-kontoret. Søkjar tek sjølv initiativ til samtalen. I denne samtalen kan søkjar stille spørsmål og få naudsynt informasjon og rettleiing om regelverk og gangen i søknadsprosessen. Søkjar kan inviterast til å halde ein kort presentasjon av prosjektet sitt for fondsstyret.

10 Sakshandsmar skal delta i møte med stønadsmottakar både i startfasen, under og i avslutningsfasen av prosjektet og i ev. møte med Innovasjon Norge. Næringssjefen kan krevje mellomrapportar (t.d. midtvegsrapport) i tilfelle der det er gitt særleg store løyvingar, eller dersom ein av andre grunnar finn det føremålstenleg. Det kan også stillast krav om meir utfyllande informasjon (t.d. ein forretningsplan) enn det som må fyllast ut i standard søknadsskjema dersom det er tale om større/kompliserte prosjekt. ATTENDEBETALING AV LØYVINGAR Dersom kommunen etter at tildelinga vert kjend med at ein søkjar har handla i strid med norsk lov og dette er skjedd i regi av den verksemda det er løyvd stønad til, kan kommunen krevje at pengane vert betalt attende heilt eller delvis. Kommunen skal heller ikkje betale ut midlar dersom søkjar er under etterforsking av politiet. Klage Vedtak i næringsfondet er å rekne som einskildvedtak 1 etter fvl. og kan dermed klagast på av ein part eller ein person med rettsleg klageinteresse. KLAGEORGAN Klageorgan er fondsstyret (formannskapet). Dersom ein klage vert oppretthalden av fondsstyret, skal klagen sendast vidare til kommunestyret. LOVHEIMLAR Det kan klagast etter kommunelova 59 (lovlegskapsklage), og etter forvaltningslova 28 (forvaltningsklage, partsklage). KLAGEFRIST Klagefristen for einskildvedtak er etter forvaltningslova 29 er 3 veker frå det tidspunktet underretting om vedtaket er nådd fram til parten. Rapportering Kommunen skal kvart år rapportere bruken av det kommunale næringsfondet etter reglar fastsette i tildelingsbrevet. Årsmeldinga skal òg leggast fram for formannskapet. 1 Vedtak som gjeld rettar og plikter til ein eller fleire bestemte personar.

11 Godkjenning av vedtektene Vedtektene kan endrast etter vedtak av kommunestyret. Møre og Romsdal fylke v/regionalog næringsavdelinga skal ha avprent av godkjende vedtekter.