Statusrapport for handlingsprogram for folkehelse 2007-2008



Like dokumenter
Tilrettelegging av fysisk aktivitet - Hordaland

Til: Kultur og ressursutvalet Dato: 13. desember 2012 Frå: Fylkesrådmannen Arkivsak: /HANESPE Kopi til: Arkivnr.: 626

Handlingsprogram for folkehelse Oppsummering desember 2008

Regionale føringar og utfordringar knytt til idrett og fysisk aktivitet Britt Karen Spjeld.

Aktiv kvar dag opne idrettsanlegg

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

Tilskot til lavterskel fysisk aktivitet for barn og ungdom

Kopi til: Arkivnr.: 812. Nytt fylkesvegnett - styrings- og rapporteringssystem mellom partane Hordaland fylkeskommune og Statens vegvesen Region vest

Handlingsprogram 2014, Regional plan for museum

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

HØYRING KVALITETSSYSTEM FOR FAG-OG YRKESOPPLÆRINGA

TILSKOT TIL TILTAK FOR FRILUFTSLIV 2010

Årsmelding Fylkesrådet for eldre i Sogn og Fjordane. Foto: Oskar Andersen

Informasjon frå kultur- og idrettsavdelinga, seksjon for idrett og friluftsliv

HORDALAND FYLKESKOMMUNE MØTEREFERAT. Kultur- og idrettsavdelinga. Styremøte 29. april 2011: Godkjenning av referat frå sist møte. Møteinnkalling.

MIDLAR TIL FOLKEHELSEARBEID 2012

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRINGAR I FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA KAPITTEL 13 OPPFØLGINGSTENESTE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING

Fordeling av midlar til lågterskel fysisk aktivitet i regi av frivillege organisasjonar

Dialogkonferanse 2009 Modalen

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Velkomen til Dialogkonferansen september 2010

Korleis utviklar Hordaland fylkeskommune idrett og friluftsliv?

FASE II: TILTAK INNAN MERKING OG GRADERING AV TURSTIAR FOR VANDRING, SYKKEL, SKI OG PADLING

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR

Kopi til: Arkivnr.: 5

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Anleggsutvikling i Hordaland. Kjell Gitton Håland nestleiar i Utval for kultur, idrett og regional utvikling

Fordeling av spelemidlar til Den kulturelle skolesekken for skuleåret

OPPRETTING AV ADMINISTRASJONSSELSKAP FOR BOMPENGESELSKAPA I HORDALAND

Arkivsak: FYLKESRÅDMANNEN: 12. JANUAR 2012

FAGSKOLETILBOD PÅ STORD - FJERNUNDERVISNING INNAN MASKINTEKNIKK OG ELKRAFT

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Aktiv kvar dag for personar med utviklingshemming

Faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna

Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv: Rullert handlingsprogram

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND TORSDAG 29. JANUAR 2015 KL , KULTURSKULESENTERET HUSNES

Eksempel frå Stord kommune

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

Kvar står vi og kvar går vi når det gjeld idrett og fysisk aktivitet i Fjell?

Tilskot til regionale prosjekt knytt til folkehelse/ sykkelvanar for barn og ungdom

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Velkomen til Dialogkonferansen august - 1. september 2009

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND TORSDAG 13. JUNI 2013 KL , SCANDIC HOTEL, HAUGESUND

Framlegg til kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv Bømlo kommune. Høyringsfråsegn

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Skule - OPPL AVD. Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND FRDAG 10 JUNI KL , HØGSKULEN STORD/HAUGESUND, ROMMETVEIT

Innkalling til møte i Hordaland Vassregionutval fredag 24. april 2015

- Offentleg planarbeid

Partsbrev - Selskapskontroll av Storeholmen VTA AS - Styreleiar orienterer og status i arbeidet ved Deloitte

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Det er henta inn tilbod på utbygginga og prisen er basert på dei innkomne tilboda.

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Trondheim. Møre og Romsdal. Bergen. Oslo

Møteprotokoll SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

GRADERING OG MERKING AV TURLØYPER PÅ VESTLANDET

Oppretting av nye klassar hausten 2015 ved Hordaland helsefagskole

PLAN FOR EIT INKLUDERANDE BARNEHAGE- OG SKULEMILJØ

Omfanget av fysisk aktivitet i grunnskulane i Sunnhordland og Nord Rogaland

Debatt og opplevelser på tvers (Ref #b6a4857c)

Kl 09:00: Gudrun Einbu frå Skyss presenterer deira ynskje om innspel til justeringar i busstilbodet.

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Tilskot til folkehelsearbeid i kommunane - forlenging av tilskotsordning

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

MØTEPROTOKOLL FUSA KOMMUNE. Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30-14:00

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

Fylkeskommunale konferansar om fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv hausten 2008

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Velkomen til Dialogkonferansen september 2010

Bevaringsprogram for utvalgte arkeologiske kulturminne (BARK) - Prioritering av søknader til Riksantikvaren 2016

Kommunal planlegging behovsvurdering og medverknad gjev betre planar

INNSPEL OM VIKTIGE NASJONALE INTERESSER I SAMBAND MED DET PÅGÅANDE ARBEIDET MED EI NASJONAL RAMME FOR VINDKRAFT PÅ LAND

HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

REGIONALE IDRETTSANLEGG

Forslag til Ungdommens fylkesting februar 2016

Kartlegging av tilgjengelegheit og universell utforming av friluftsområde i Sogn og Fjordane 2015

MUSEUMSPLANEN - HANDLINGSPROGRAM FOR 2013

Høyring Forslag om endringar i privatskulelova Innføring av midlertidig dispensasjonsregel

Pressemelding. Byggjer ut Kvinnherad vgs for 134 mill. kr

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet

1. Tiltak K1 Nasjonalt utviklingsprosjekt i fylkeskommunar og kommunar.

Friluftslivets år 2015

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Kvam herad. Arkiv: N-031 Objekt: SATS- prosjekt i Kvam - Samordning A-etat, Trygd- og Sosialkontor - P19031

MØTEBOK. Fylkeshuset - møterom Sygna. Møtedato Kl

SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND

Korleis organisere demensomsorga i heimebaserte tenester? Britt Sørensen Dalsgård Einingsleiar heimebaserte tenester i Stord kommune

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Transkript:

HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga NOTAT Til: Kultur- og ressursutvalet Dato: 06. oktober 2008 Frå: Fylkesrådmannen Arkivsak: 200603220-84/BKSP Kopi til: Arkivnr.: A. 44.00 Statusrapport for handlingsprogram for folkehelse 2007-2008 Handlingsprogram for folkehelse 2007-2008 vart vedteke i fylkesutvalet 23.04.2007. Dette handlingsprogrammet skal rullerast og i den samanheng skal det utarbeidast ein statusrapport for heile arbeidet med partnarskap for folkehelse i Hordaland. Under er ein gjennomgang av status på dei tiltak i handlingsprogrammet der ansvaret ligg til Kulturog ressursutvalet. Desse tiltaka er relatert til tilrettelegging for fysisk aktivitet og er i samsvar med visjon, mål, stategiar og tiltak i fylkesdelplan fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2008-2012 Aktiv kvar dag som no er til politisk handsaming. Tema 1. Skape samanheng i folkehelsearbeidet 1.3 Kartlegge aktørar/tiltak i førebyggjande psykisk helse I februar 2008 vart det sendt eit brev til kommunane i Hordaland med førespurnad om kva tilbod om fysisk aktivitet som er gitt til personar innan psykisk helsevern. 16 kommunar gav attendemelding og ei oppsummering av tiltak og kontaktpersonar vart laga. Denne er tilgjengeleg på våre nettsider: www.hordaland.no/idrett I tillegg til kartlegging av aktørar og tiltak i det førebyggjande helsearbeidet, bad vi om å få oversikt over kommunane sine planar innan psykisk helsevern. Link til desse planane ligg i oppsummeringa. 1.4 Fysisk aktivitet og måltid i skulen Fagseminaret Aktiv kvar dag i den vidaregåande skulen vart arrangert i tilknyting til Fylkeskonferansen om fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2007. Seminaret vart arrangert av Kultur- og idrettsavdelinga i samarbeid med Opplæringsavdelinga. Representantar frå åtte ulike vidaregåande skular deltok i tillegg til fylkespolitikarar og tilsette i kommunar. Fokus var på idear til korleis skape ein meir fysisk aktiv skulekvardag, både når det gjeld tilrettelegging av det fysiske ute- og innerommet og modellar for ulike aktivitetar. I tillegg vart det drøfta ulike tiltak for å tilretteleggje for sunne matvanar i skulen. Som oppfølging av seminaret vart det vidare arbeid drøfta med elevorganisasjonane. Ei inspirasjonsbrosjyre aktiv kvar dag i den vidaregåande skule der det går klårt fram kvifor og korleis skape ein meir aktiv skulekvardag vert ferdigstilt i november 2008. Som del av denne er det tips og råd knytt til ernæring og kantinedrift. HMT i fylkeskommunen har utarbeidd nokre aktivitetsvideosnuttar som elevane kan nytte på sine PCar for å ha små aktive pausar i skulekvardagen. Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5 - Postadresse: Postboks 7900. 5020 Bergen - Telefon 55239185 - Telefaks 55239199 E-postadresse: kultur@post.hfk.no Bankgironr. 5201 06 74239 - Foretaksnr. NO 938 626 367 mva.

Informasjonsmateriell om aktiv kvar dag for barne- og ungdomsskulen og for barnehagar skal også utarbeidast til fylkeskonferansen fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv i november 2008. Bergen kommune presenterte sine erfaringar med innføringa av ein time fysisk aktivitet kvar dag i barne- og ungdomsskulane som eit av fleire praktiske døme under tema folkehelse på Fylkeskonferansen om fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2007. 3. Fysisk aktivitet 3.1 Opne idrettsanlegg Kommunane Fjell, Askøy, Lindås, Voss, Kvinnherad, Odda, Sveio, Austevoll, Austrheim og Bergen har fått oppstartstilskot til opne idrettsanlegg. Modellane er ulike med målgruppe ungdom og barn i følgje med vaksne. Ein føresetnad for tilskotet er samhandling med lokale organisasjonar m.a. idrettsrådet. For å spreie ideen til enno fleire kommunar vart opne idrettsanlegg presentert som eit av fleire praktiske døme under tema folkehelse på Fylkeskonferansen om fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2007 og på Dialogkonferansen 2008. Bergen kommune har lengst og breiast erfaring med denne type tilrettelegging av aktivitetar. I samhandling med dei er det utarbeidd ei informasjonsbrosjyre aktiv kvar dag i opne idrettsanlegg som kan nyttast til inspirasjon for andre kommunar og idrettsråd/ idrettslag i fylket. Informasjonen er også tilgjengeleg på nettet; www.hordaland.no/idrett Olympiatoppen Vest-Norge har i 2008 fått øyremerka stønad for å spreie basistrening til fleire kommunar i Hordaland. Treninga gir ein god basis for alle idrettar og kan tilretteleggast på tvers av aldrar, kjønn og dugleiksnivå. 3.2 Tilretteleggje slik at personar i psykisk helsevern kan vere fysisk aktive Det gode samarbeidet med Helse Bergen med dei årlege arrangementa på Kvamskogen, Golsfjellet ( Vinterfestivalen ), i Bergen ( Fløiendilten ) og på Voss ( Friluftslivsleir for unge ) er vidareført. Totalt har over 350 deltakarar vore med på dei ulike aktivitetsarrangementa, der dei fleste har kome frå Bergensområdet og Sunnhordland. I 2007 vart Dialogseminaret arrangert for deltagarar frå 20 kommunar, representantar frå UTFAP (utval for tilrettelegging av fysisk aktivitet for personar innan psykisk helsevern) og Hordaland idrettskrets i København. Eit av to hovudtema gjekk på tilrettelegging av fysisk aktivitet der vi fekk innblikk i ulike aktivitetsmodellar for sinnslidande. Både idrettsfabrikken og idrettshuset gav mykje inspirasjon og idear til vidareutvikling av vårt arbeid. Professor Jan Svensson har særs mykje å by på og det vil bli arbeidd for å igangsetje konkrete samarbeidsprosjekt for vidareutvikling av aktivitetstilboda for denne gruppa i Hordaland. Utfordringa framover er å få fleire unge deltagarar med, og å få til ein meir aktiv kvar dag. Eit viktig verkty i dette arbeidet er treningskontakt som blir nærmare skildra i pkt. 3.5. I 2007 vart det gitt prosjektmidlar til andre sentrale samarbeidsaktørar for å vidareutvikle tilbodet om friluftslivsaktivitetar. Bergen Turlag inkluderte i 2008 brukarar innan psykisk helsevern i den 2

tradisjonelle 7-/4-fjellsturen, og planlegg eit aktivitetsopplegg i klatring. Valen sjukehus (Helse Fonna) har i samarbeid med brukarane utvikla aktivitetar for brukarar som er ute av institusjonen, utvikla nærmiljøet som aktivitetsplass og heva kompetansen til dei som jobbar med fysisk aktivitet på Valen sjukehus. Erfaringane skal overførast til andre institusjonar og kommunar i Hordaland. Arbeidet med at kommunar skal inkludere mål og tiltak for fysisk aktivitet i den kommunale plan for psykisk helse skal styrkast. Fysisk aktivitet er eit viktig supplement til anna behandling for personar med ei psykisk liding. Fokus vil vere på nye brukarar innan psykisk helsevern, det vil seie dei unge som kjem inn for behandling. Opptrappingsplanen for psykisk helse prioriterer førebygging, brukarmedverknad og informasjon. fram kvifor og korleis skape ein meir aktiv kvar dag for personar innan psykisk helsevern. I tillegg er det tips og råd knytt til ernæring. Informasjonen er også tilgjengeleg på nettet; www.hordaland.no/idrett I tilknyting til fylkeskonferansen fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 20. november 2008 vert det arrangert eit fagseminar om aktiv kvar dag for personar innan psykisk helsevern 21. november. Personar som arbeider på distriktspsykiatrisk senter og institusjonar er hovudmålgruppe. 3.3 Tilretteleggje for fysisk aktivitet for personar med utviklingshemming Dei årlege arrangementa sommar og vinter på Golsfjellet er vidareført. Ansvaret for det regionale vinterarrangementet på Sjusete er som ein del av partnarskapet for folkehelse overført til Kvam kommune i 2008. Utfordringa for alle arrangementa er å få nye deltagarar med, og å få til ein meir aktiv kvar dag. Eit viktig verkty i dette arbeidet er treningskontakt som vil bli nærmare skildra i pkt. 3.5. fram kvifor og korleis skape ein meir aktiv kvar dag for personar med utviklingshemming. I tillegg er det tips og råd knytt til ernæring. Informasjonen er også tilgjengeleg på nettet; www.hordaland.no/idrett I tilknyting til fylkeskonferansen fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 20. november 2008 vert det arrangert eit fagseminar om aktiv kvar dag for personar innan psykisk helsevern 21. november. Personar som arbeider i bufellesskap og på institusjonar er hovudmålgruppe. 3

3.4 Motivasjonsseminar for aktivitetsleiarar Arbeidet med tilrettelegging av fysisk aktivitet for eldre er forankra i eit samarbeid med Eldrerådet i Hordaland fylkeskommune. Det har vart gjennomført motivasjonsseminar for å få fleire eldre i aktivitet i Lindås og Stord kommune i 2007. I tilknyting til fylkeskonferansen fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 20. november 2008 vert det arrangert eit fagseminar om aktiv kvar dag for eldre 21. november. Personar som arbeider på institusjonar er hovudmålgruppe i tillegg til eldrerådsrepresentantar i kommunar. Bergen Turlag har lang og brei erfaring med å tilretteleggje aktivitetar for og med eldre. I 2007 fekk dei prosjektmidlar til å vidareutvikle tilbodet om friluftslivsaktivitetar til andre delar av fylket. I tillegg skal deira erfaringar nyttast til kompetansehevande tiltak t.d. på motivasjonsseminar for aktivitetsleiarar. fram kvifor og korleis skape ein meir aktiv kvar dag for eldre. I tillegg er det tips og råd knytt til ernæring. Informasjonen er også tilgjengeleg på nettet; www.hordaland.no/idrett. 3.5 Treningskontaktkurs Idrettskretsen har fått øyremerka midlar av fylkeskommunen til å vidareutvikle og kurse ressurspersonar som skal engasjerast som treningskontaktar av kommunane på lik linje med ein støttekontakt. Primær brukarmålgruppe har vore personar innan psykisk helsevern og med rusproblem, men ordninga vert no utvida til andre målgrupper som t.d. psykisk utviklingshemma og eldre. I 2007 og 2008 er det gjennomført kurs i Bergen (3), Kvam, Askøy, Lindås og på Voss. Det har vore 170 kursdeltagarar. Om lag 85 er aktive som idrettskontaktar i kommunane. Det er omtrent like mange menn som kvinner som deltek på treningskontaktkurs. 50% har tilknyting til eit idrettslag/ turlag. Det skal gjennomførast kurs i Kvinnherad hausten 2008. Prosjektet er presentert på Dialogseminaret for kommunar i 2007 og som eit av fleire praktiske døme under tema folkehelse på Fylkeskonferansen om fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2007. 3.6 Universell utforming av idrettsanlegg i Hordaland Utfordringar og erfaringar knytt til universell utforming vart presentert av representant frå Kultur- og kirkedepartementet på Dialogseminaret for kommunane i 2007 og 2008. Det var også invitert til eit eige fagseminar i forkant av Fylkeskonferansen om fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2007. Diverre måtte dette seminaret avlysast pga. for liten påmelding. 4

Ved rådgjeving av kommunar knytt til bygging av anlegg for idrett og friluftsliv er dette eit sentralt tema. Idrettsavdelinga i Kultur- og kirkedepartementet har utarbeidd ein rettleiar om universell utforming som vart ferdigstilt sommaren 2008. 3.7 Råd om anleggs- og aktivitetsplanlegging i kommunane Fylkesplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2008-2012 Aktiv kvar dag - er under rullering. Planen vert vedteken av fylkestinget i oktober 2008. Fylkesdelplanen blir vedteken av Fylkestinget i oktober og vert sendt til Planen inneheld eit handlingsprogram 2008-2012 og eit langtidsprogram 2020 for anleggsutviklinga i Hordaland. I tillegg er det ein meir tydeleg anleggspolitikk som gir eit godt grunnlag for dialog med kommunane om deira anleggs- og aktivitetsplanar. Dette arbeidet vil prioriterast etter at ny plan er vedteken. Ei meir aktiv deltaking i planforum og grundige fråsegner når kommuneplanar kjem på høyring er viktige verkty, i tillegg til oppsøkande verksemd. 6. Tilrettelegging for fysisk aktivitet 6.4 Utvikle eit universelt utforma friluftsområde i kvar region Det er i 2007 gitt midlar til to ulike pilotprosjekt som skal vere med på å lage mal og inspirasjon for andre i fylket. Stord kommune i samarbeid med Friluftsrådet Vest har fått tilskot til eit forprosjekt for å utarbeide eit universelt utforma friluftsområde. I tillegg har Voss kommune fått midlar til å vidareutvikle eit friluftsområde. I løpet av 2008 vil Kvinnherad kommune få stønad til å kartleggje og vidareutvikle området rundt Baroniet i Rosendal i samarbeid med lokale organisasjonar og fylkeskommunen. Desse prosjekta vil bli brukt som gode døme i samband med å tilretteleggje minst eitt universelt utforma friluftslivsområde i alle regionane i Hordaland. 5