Små og store system. Torstein Helleve

Like dokumenter
Modellar av celler. Rim Tusvik, Aud Ragnhild Skår, Øystein Sørborg Illustrasjonar: Leah Laahne

Modeller av celler. Rim Tusvik, Aud Ragnhild Skår, Øystein Sørborg Illustrasjoner: Leah Laahne

Håndbok om. undersøkelser. Liv Oddrun Voll Gard Ove Sørvik Suzanna Loper

6-åringar på skuleveg

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Til deg som bur i fosterheim år

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

NOREG KAPITTEL 15 1 TANKEKART. Cappelen Damm AS NORSK START 8 10 / KAPITTELPRØVE 15 / 1

BLI KJENT MED ALUMINIUM

Søk dekning! Rim Tusvik Aud Ragnhild Skår Øystein Sørborg Liv Oddrun Voll

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

Kom skal vi klippe sauen

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker.

2Tim 3:14-17 «Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei

Namning av vegar i Fræna Kommune

Minnebok. Minnebok NYNORSK

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

BLI KJENT MED ALUMINIUM

buss ferje syklar tog bur bil går langt fortare Nokre elever har lang skuleveg. Dei tek eller til skulen.

Ulsteinvik Bibelen

Kva er økologisk matproduksjon?

Lindiwe Matshikiza Meghan Judge Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 3

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Og han sa til dei: Så står det skrive, at Messias måtte lida og stå opp att frå dei døde tredje dagen,

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Gro Wollebæk KAPITTELPRØVER. Nynorsk

OK, seier Hilde og låser.

Refleksjon og skriving

1.8 Binære tal DØME. Vi skal no lære å omsetje tal mellom totalssystemet og titalssystemet.

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

Elevundersøkinga 2016

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Lesley Koyi Wiehan de Jager Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Klepp kommune Tu skule

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Håndbok om. undersøkelser. Liv Oddrun Voll Gard Ove Sørvik Suzanna Loper

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den.

Gro Wollebæk KAPITTELPRØVER. Nynorsk

Helgatun / Danielsen

Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Sofies hemmelegheit.

Kva kompetanse treng bonden i 2017?

LAG DIN EIGEN ISKREM NATURFAG trinn 90 min. SENTRALE OMGREP: Faseovergang, kjemi, molekyl, atom, fast stoff, væske, gass

.ASJONALE -ATEMATIKK 1M 3KOLENR

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Mineralinnhald i blod hjå storfe på utmarksbeite sommaren 2014.

Flaggreglement. for. Fjell kommune

Bok. på Arkimedes og brødskiva Av Hans Sande og Gry Moursund. NyNorskseNteret

Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss?

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Jesus taler om sin død

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

FOLKEHELSEBLUES Dikt til plankonferansen i Hordaland berre himmelen fjella, lyset. først er det

Eksamen REA3015 Informasjonsteknologi 2. Nynorsk/Bokmål

mmm...med SMAK på timeplanen

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Bergen CK C laget sykler Vänern rundt Av Eiliv Vinje

Faktor terminprøve i matematikk for 9. trinn

ÅRSPLAN I NATURFAG FOR 4. TRINN BRYNE SKULE ÅR 2017/2018

Eksamen MAT1015 Matematikk 2P Hausten 2014

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Vintervèr i Eksingedalen

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Frisklivssentralen i Øygarden kommune fyller år! Frisklivssentralen fyller 1 år! ØYGARDEN KOMMUNE. Praksisstudentar

ÅRSPLAN I NATURFAG FOR 4. TRINN BRYNE SKULE ÅR 2018/2019

Til deg som bur i fosterheim år

Søk dekning! Rim Tusvik Aud Ragnhild Skår Øystein Sørborg Liv Oddrun Voll

Skriftleg Eksamen På KNUSK. Vår 18. Dette blir supert!

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Årets nysgjerrigper 2010

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Her ser de det ferdige gardsteppet vårt. No heng det i kantina på StatoilHydro på Monstad.

Sjutoppsturen FAKTA OVERSIKTSKART LØYPESKILDRING

Birger og bestefar på bytur til Stavanger

Kva vil det seie å vere buddhist?

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Lys. Bølger. Partiklar Atom

DEN GODE HYRDEN. Det finst mange svar på spørsmålet, og svara våre avheng både av foreldrebileta våre og av erfaringane våre gjennom livet.

Info til barn og unge

Kollision-handbok. Paolo Capriotti Omsetjing: Karl Ove Hufthammer

Brukarrettleiing for ny lagsportal kvam.no

Det e ikkje alltid det går, sånn som du hadde tenkt

Vel nynorsk for barnet ditt!

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

Når du kjem inn i registeret, skal du sjå ei liste over kor du er administrator for. Lista ligg under kategorien lokale organisasjoner i menyen.

Stråling frå elektronisk kommunikasjon

Journalføring av epostrekkjer

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Modulhefte PROGRESJON I BARNEHAGEN

Transkript:

Små og store system Torstein Helleve

Innhald Hjulet...4 Hjulet som system...6 Sparkesykkelen som system...8 Systemet deg...10 Systemet «du-og-sparkesykkelen»...12 Systemet du bur i...14 Endå større system...16 Ufatteleg store system...18 Bitte små system...20 Ordliste...24

Små og store system Torstein Helleve 3

Hjulet Hjulet er ei av menneska sine største oppfinningar. Same kvar du bur, har du mange hjul rundt deg kvar einaste dag. Hjul kan vera del av ein sykkel, eit rullebrett, leikebilar, vanlege bilar, bussar og traktorar, og det kan vera hjul på tog, hjul på barnevogner, hjul på handlevogner og hjul på rullestolar. Eit traktorhjul er stort og breitt med grovt mønster. Funksjonen er å få nok tak til å køyra i vanskeleg terreng. 4

Alle hjul har ei rund form, slik at dei kan gå rundt. Men likevel finst det mange ulike typar hjul, fordi dei skal brukast på mange ulike måtar og ulike stader. Sjølv om dei har same form, har dei litt ulik funksjon. Funksjon er kva noko gjer, eller kva slags oppgåve noko har. Eit terrengsykkelhjul er tjukt og mønstra. Funksjonen er å gjere det lett å koma seg fram på grusvegar og stiar. Eit racersykkelhjul er tynt. Funksjonen er å gjera det lett å sykle på asfalt i stor fart. Eit sparkesykkelhjul er lite. Funksjonen er å gjera det lett å svinge. 5

Hjulet som system Alle typane hjul vi har sett på til no, er sett saman av ulike delar. Når noko er sett saman av ulike delar som verkar saman, seier vi at det er eit system. Eit system kan gjera noko som dei enkelte delane ikkje kan gjera kvar for seg. 6

Hjulet på sparkesykkelen er eit ganske lite system. Utanpå ser vi dekket og eikene. Hjula heng saman med sparkesykkelen på ei stong som heiter ein aksling. På sparkesykkelen er akslingen ganske kort, på ein traktor er den mykje lengre. På både sparkesykkelen og traktoren er akslingen inni eit kulelager. Kulelageret inneheld mange kuler som ligg ved sida av kvarandre. Dei gjer at hjulet går lettare rundt. 7

Sparkesykkelen som system No har vi sett at eit hjul er eit system. Men samtidig er hjulet del av eit større system, for sparkesykkelen er òg eit system. Eit system er avhengig av at alle delane verkar som dei skal. Men ikkje alle delane er like viktige. Dersom sparkesykkelen manglar eit hjul, kan du ikkje trilla på han. Då verkar ikkje systemet. Mange sparkesyklar har handtak av gummi på styret. Dersom eitt av handtaka manglar, går det likevel an å sparka på sparkesykkelen. 8

Delane i systemet sparkesykkel er hjul, ståbrett, styre og forgaffel. Nokre sparkesyklar har brems eller anna ekstrautstyr òg. Funksjonen til hjula er å få sparkesykkelen til å trilla. Små hjul trillar lett på asfalt, men får trøbbel på grusvegar eller gras. Funksjonen til ståbrettet er at du står på det med eitt bein når du sparkar, og begge beina når sparkesykkelen trillar. Funksjonen til styret er å styra sparkesykkelen. Styret er også noko du held deg fast i, og som hjelper deg å halda balansen når du sparkar. Funksjonen til forgaffelen er å kopla styret til ståbrettet og framhjulet. 9

Systemet deg Ein sparkesykkel er eit system som er planlagd og laga av menneske. Men det er mange system som ikkje menneske har laga planane til. Visste du at du er eit slikt system? 10

Eit menneske er eit system som pustar, et, drikk, må på do og går rundt omkring. Vi er sette saman av mange mindre system. Eitt av systema er blodsystemet, som fraktar oksygen frå lungene og rundt omkring i kroppen. Lungene er ein del av eit anna system som vi kallar luftvegssystemet. Luftvegssystemet hentar oksygen frå lufta som vi pustar inn. På same måte som med ein sparkesykkel, har menneskesystemet nokre delar som er viktigare enn andre. Hår og negler klipper vi heile tida utan at systemet fungerer dårlegare. Men dersom hjarta sluttar å fungere, sluttar heile systemet å fungere, og då døyr vi. 11

Systemet «du-og-sparkesykkelen» Når du er ute og sparkar på ein sparkesykkel, er du og sparkesykkelen eit system saman. Vi kan kalla det «du-og-sparkesykkelen». Utan nokon til å sparka seg fram, vert sparkesykkelen liggjande i ro. Utan sparkesykkelen å trilla deg fram på, må du gå eller springa. bilde av et yrke xx 12

Vi har lest at både du og sparkesykkelen er eigne system. Men når de vert sette saman til eit nytt system, kan systemet «du-ogsparkesykkelen» gjera noko som ingen av dykk kunne gjort kvar for dykk. De kan trilla av garde i full fart nedover gata eller vegen. 13

Systemet du bur i Når du er ute og sparkar med sparkesykkelen, sparkar du deg rundt i eit større system. Nesten alle hus i Noreg ligg i ei gate eller ein veg som har eit namn, og eit nummer som fortel kvar i gata eller vegen huset ligg. I kvar by eller bygd finst det berre éi gate med same namnet. Dette systemet gjer at du kan finna fram til riktig hus sjølv om du aldri har vore der før og ikkje veit korleis huset ser ut, berre du veit adressa. 14

Men ein del gatenamn vert brukt i mange ulike byar. Storgata, Havnegata, Langegata er eksempel på gatenamn som vert brukte mange stadar. Derfor må du òg vita kva for ein by du er i. Men det veit du jo som oftast. Alle stadar i Noreg har òg eit postnummer, slik at Posten lettare finn fram med brev og pakker. Posten sjølv har postnummer 0001, som er det lågaste postnummeret. Det høgaste postnummeret i Noreg er 9991. Det er det Båtsfjord i Finnmark som har. Kongen har postnummer 0010, og Kardemomme by i Kristiansand Dyrepark har 4609. 15

Endå større system Husa i ei gate er sette i system ved at dei har fått kvart sitt nummer, og gatene i byen er sette i system ved at dei har fått kvar sine namn. Byane ligg i kvar sin kommune, som er sette i system ved at dei tilhøyrer ulike fylke. Til saman blir dette systemet Noreg. Noreg er eitt av alle landa som finst på jorda. At jorda er delt inn i mange forskjellige land, er òg eit system. Kvart land har reglar for kven som skal styra landet, kva slags pengar ein skal bruka, korleis barna skal gå på skule, kva side av vegen ein skal køyra på, og mange andre reglar. 16

Jorda er òg ein del av eit større system. Det heiter solsystemet, og det har du kanskje høyrt om før. Det består av sola, åtte planetar som går rundt sola, og ei mengd med månar, asteroidar, meteorar og anna smårusk. Alt i solsystemet går i bane rundt sola etter heilt bestemte lover. Dermed kan forskarane for eksempel rekne ut kvar Mars kjem til å vera på ein bestemt dag. Då kan dei sende eit romskip dit med utstyr som kan undersøka overflata på planeten. 17

Ufatteleg store system Solsystemet er del av eit endå større system. Dette systemet vert kalla ein galakse, og vår galakse heiter Mjølkevegen. Han fekk namnet sitt for nesten 3000 år sida, fordi dei gamle grekarane syntest han likna på ei stripe av mjølk når dei såg han på himmelen om natta. 18

Solsystemet vårt ligg i utkanten av Mjølkevegen. I Mjølkevegen finst det mellom 100 milliardar og 400 milliardar stjerner. Det er kjempemange stjerner, men likevel er Mjølkevegen ein galakse som berre er sånn midt på treet stor. Dei største galaksane kan kanskje ha så mykje som hundre billionar stjerner. Då lurer du kanskje på kor mange galaksar som finst alt i alt? Ingen veit heilt sikkert, men forskarane reknar med at det antakeleg er meir enn 170 milliardar. Dette er så store tal at det nesten er uråd å sjå for seg kor mange stjerner og galaksar det er snakk om. 19

Bitte små system I denne boka har du lese om system som er så store at dei inneheld alt som finst, ned til system som er så små at du kan halda dei i handa. Det finst mindre system òg, bitte små maskinar og dyr som er så små at vi ikkje kan sjå dei utan mikroskop. 20

Og alt vi ser rundt oss, er bygd opp av endå mindre system som heiter atom, og som er så små at vi ikkje kan sjå dei med vanlege mikroskop eingong. Men dei sparar vi til ein annan gong. 21

Ordliste atom: bitte små byggestein i alle stoff blodsystem: system i kroppen som fraktar blod rundt til heile kroppen form: korleis noko ser ut og er bygd opp slik at det passar godt til ein spesiell funksjon funksjon: kva noko gjer, eller kva det kan brukast til galakse: system i verdsrommet som består av stjerner, støv og gassar luftvegssystem: system i kroppen som pustar inn oksygen og pustar ut karbondioksid, vassdamp og andre gassar mikroskop: instrument som gjev sterkt forstørra bilde av ting som er usynlege for auga planet: rund gjenstand som går i bane rundt ei stjerne solsystem: system i verdsrommet med sola i sentrum, og planetar og gjenstandar som går i bane rundt sola stjerne: stor, rund gjenstand av gass som strålar ut lys system: noko som består av fleire delar som verkar saman 22

Foto S. 19: NASA. Alle andre: Pixabay.com Designmal Anagram Design Layout Aud Ragnhild Skår og Rim Tusvik Boka er inspirert av boka Systemer frå Seeds of Science / Roots of Reading. Dette verk er lisensiert under Creative Commons-lisensen Navngivelse IkkeKommersiell Ingen bearbeidelser 4.0 Internasjonal. https://creativecommons.org/licenses/by-nc-nd/4.0/deed.no 23

Små og store system Det finst mange system overalt rundt oss. Men visste du at du òg er eit system? 24