OS KOMMUNE Organisasjonseining Utval: OS KOMMUNESTYRE Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: 13.02.2007 Tid: 17.00 MØTEINNKALLING Tillegg SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 13/07 06/2305 KOMMUNAL GARANTI - SØFTELAND TURN & IL. 310 Medlemmer som ikkje kan møta må snarast melda frå til Os kommune, tlf. 56 57 50 00. Varamedlemmer møter berre etter særskild innkalling. Os, 07.02.2007 Terje Søviknes Ordførar Knut Terje Rekve Rådmann ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO Rådhuset Sentralbord: 56 57 50 00 postmottak@os-ho.kommune.no Bankgiro: 6525.05.05676 Torggata 7 Telefax: 56 57 50 01 www.os.hordaland.no Org.nr.: 844 458 312 Pb.84, 5202 Os Dir. innval: 56 57 50 20
MØTEBOK KOMMUNAL GARANTI - SØFTELAND TURN & IL. Saksbehandlar: Åsmund Lien Arkiv: 256 Arkivsaksnr.: 06/2305 Saksnr.: Utval Type/ Møtedato 13/07 Os kommunestyre PS 13.02.2007 Framlegg til vedtak: 1. Os kommune yter eit tilskot på kr 400 000 Søfteland Turn & Idrettslag til bygging av kunstgrasbane på Stilvoll. Løyvinga vert dekt ved bruk av venta overskot på driftsrekneskapen for Os kommune for 2006. 2. Os kommune garanterer for eit lån stort kr 800 000,- til bygging av kunstgrasbane på Stilvoll. Garantien vert gjeven som simpel kausjon, og garantiansvaret skal reduserast i samsvar med planlagt nedbetaling av lånet. Garantien fell vekk seinast etter 20 år. 3. Os kommune garanterer for eit lån stort kr 1 428 000,- til bygging av kunstgrasbane på Stilvoll. Garantien vert gjeven som simpel kausjon, og fell vekk ved utbetaling av spelemidlar frå Hordaland fylkeskommune, likevel seinast etter 10 år. Os, 07.02.07 Knut Terje Rekve Rådmann ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO Rådhuset Sentralbord: 56 57 50 00 postmottak@os-ho.kommune.no Bankgiro: 6525.05.05676 Torggata 7 Telefax: 56 57 50 01 www.os.hordaland.no Org.nr.: 844 458 312 Pb.84, 5202 Os Dir. innval: 56 57 50 20
Vedlegg: 1. Søknad frå Søfteland Turn & Idrettslag om tilskot dat. 15.12.06 (motteken på e-post 12.1.07) 2. Søknad frå Søfteland Turn & Idrettslag om kommunal garanti for lån 3. Søknad frå Søfteland Turn & Idrettslag om forskottering av spelemidlar 4. Søknad frå Søfteland Turn & Idrettslag om banklån av 05.12.2006 Utrykt vedlegg: 1. Skisseprosjekt dat. 10.11.06 for kunstgrasbane på Søfteland 2. Lånetilsegn frå Sparebanken Vest Saksopplysningar: Stilvoll, idrettsplassen til Søfteland Turn & Idrettslag, vart skadd under ein flaum i 2005. Dei har no fått skadeerstatning, og når dei vøler banen ynskjer dei samstundes å byggja han om til kunstgrasbane. I den samanhengen har idrettslaget søkt om 1. Kommunalt tilskot tilsvarande det Søre Neset Idrettslag fekk til sin bane (rekna 400 000 kroner i finansieringsplanen) 2. Kommunal garanti for lån 800 000 kroner 3. Forskottering av spelemidlar 1 428 000 kroner Det ligg føre eit skisseprosjekt laga av Norconsult, som byggjer på røynsler frå kunstgrasbanane som er bygde på Kuventræ og på Halhjem. Stilvoll er litt mindre enn dei andre banane, med banemål på 52 x 94 meter pluss sikringssone på to meter kring heile banen. Spelemidlane dekkjer 1/3 av godkjent kostnad, i kostnadsovverslaget rekna til 4 284 000 kroner, det vil seia 1 428 000 i spelemidlar. Gjenoppbygging av muren som rasa ut er avhengig av dispensasjon frå vernereglane for Oselvvassdraget, då det er arbeid som må gå føre seg ute i elva. Dette spørsmålet er ikkje avklåra enno, jf. Os og Fusaposten 24. januar 2007. Vurdering: Generelt Det er heilt tydeleg at kunstgras er svært populært mellom ungdomane, og dermed viktig for rekrutteringa i idrettslaga. Laga er redde for at 12 13-åringane vil fara til nabokrinsen for å trena og spela på kunstgras om ikkje dei òg får same kvaliteten på banen sin. Dette er nok eit reelt problem, og vert forsterka ved at når ungdomane fer, følgjer foreldra med, og vaksenmiljøet i idrettslaget vert tappa. I tillegg til Søfteland har både Lysekloster og Nore Neset varsla at dei arbeider med planar for kunstgrasbanar, og banane deira er, til liks med Stilvoll, komne med i kommunedelplanen for idrett og fysisk aktivitet. Det vil seia at når ein tek stilling til søknadene frå STIL, legg ein samstundes viktige premissar for korleis ein skal handtera søknader frå Lysekloster og Nore Neset, når dei kjem. Reglane for spelemidlar er slik at når vilkåra for tilskot er oppfylte, så får laget tilskot, det er berre spørsmål om tid. Ein kan òg rekna seg nøyaktig fram til tilskotssummen. Den einaste usikre faktoren som er knytt til søknaden er såleis tida. Dei siste åra har det vore lang ventetid på spelemidlar til anlegg i Os, på grunn av at her har vore bygd mange anlegg, og fleire av dei har vore nokså kostnadskrevjande. Dei som fekk tilskot i 2006 hadde søkt fyrste gong i 2001. Med fleire store anlegg på rad og rekkje, dei største i køen no er krøllgrasbanen på Søre Neset og Osbadet, vil nok ikkje ventetida gå noko ned i åra som kjem. Side 3 av 5
1. Kommunalt tilskot I søknaden sin viser Søfteland Turn & Idrettslag (STIL) til tilskotet Søre Neset Idrettslag fekk frå kommunen til bygging av kunstgrasbanen på Halhjem, og bed om ei tilsvarande ordning. I finansieringsplanen sin har STIL rekna 400 000 kroner i kommunal stønad. Tidlegare var det mest vanleg at tilskot til idrettsanlegg, ungdomshus og anna vart gjevne over 10 år, på den måten at laget tok opp eit lån (med kommunal garanti) som kommunen betalte ned over 10 år, medan laget sjølv bar rentekostnaden. Denne ordninga tørka inn etter kvart som kommuneøkonomien vart dårlegare, og det finst i dag ikkje budsjettmidlar til berre å gå inn i ei slik ordning. Slik stoda er no, lyt eit evt. driftstilskot gjevast som eit eingongstilskot. Det vil vera vanskeleg å finna frie midlar i budsjettet til ei slikt tilskot, og bruk av forventa overskot på rekneskapen for 2006 verkar som den mest realistiske løysinga. Eit tilskot til Søfteland Turn & Idrettslag til truleg utløysa tilsvarande søknader om tilskot frå Lysekloster Idrettslag og Nore Neset Idrettslag. 2. Kommunal garanti for lån STIL har søkt om lån på 800 000 kroner i Sparebanken Vest på vilkår av kommunal garanti. Lånetilsegn frå banken ligg ved som utrykt vedlegg. Kommunal garanti vil gje idrettslaget noko betre lånevilkår enn om dei må ta opp lån på andre vilkår. Os kommune har ein lang praksis med kommunale garantiar til idrettsanlegg og andre anlegg. Dette har vore viktig for mange lag, og berre éin gong siste tjue åra har Os kommune måtta innfri garantien. 3. Forskottering av spelemidlar I finansieringsplanen er spelemidlar sette opp med 1 428 000 kroner, som er 1/3 av anleggskostnaden. For anleggsbyggjarane er ikkje dette enkelt. Dei har trong for anlegget, dei vil byggja og dei har entusiasmen, men skal dei ta opp lån i påvente av spelemidlar vil rentene verta ei tung belastning på driftsøkonomien deira. For å avhjelpa dette har Os kommune ved ein del høve gjeve rentefri forskottering av spelemidlane til laga, slik at dei kunne koma i gang. Mange av ballbingane som er bygde siste åra har fått ei slik ordning, og fleire idrettsanlegg, m.a. kunstgrasbanen på Søre Neset. Prinsipiell drøfting av forskottering Kommunen bør imidlertid ta ein prinsipiell diskusjon om ein vil halda fram med ei slik ordning med forskottering. Det er ikkje gratis for kommunen å gje slike rentefrie lån. Trenden er òg at forskotteringstida vert lengre og lengre, jf. avsnitta ovanfor. Per 2006 hadde kommunen forskottert 2,7 mill. kroner for spelemidlar til idrettslag og andre, av dette 1,5 mill. kroner til Søre Neset Idrettslag til kunstgrasbanen deira. Rådmannen meiner at kommunen ikkje lenger kan fungera som ein rentefri bank overfor lag og organisasjonar. Etter rådmannen sitt syn må laga sjølve ta ansvar for mellomfinansieringa fram til spelemidlane kjem. For å gjera dette lettare for laga, er rådmannen villig til å auka storleiken på dei kommunale garantiane, sjølv om rådmannen på prinsipielt grunnlag i utgangspunktet vil vera varsam med å gje for store garantiar. Oppsummering Rådmannen vil rå til at kommunen medverkar til at Søfteland Turn & Idrettslag får realisert kunstgrasbane. Medverkinga kan oppsummerast slik: Kommunalt tilskot kr 400 000,- finansiert ved venta rekneskapsoverskot for 2006 Kommunal garanti for lån kr 800 000,- for bygging av kunstgrasbane Kommunal garanti for lån kr 1 428 000,- for bygging av kunsgrasbane i påvente av spelemidlar Side 4 av 5
Åsmund Lien Side 5 av 5