SKODJE KOMMUNE Møteprotokoll Utval: KOMMUNESTYRET Møtestad: Rådhuset Møtedato: 18.06.2013 Tid: 17.00 Desse møtte: Fremskrittspartiet: Ordførar Terje Vadset, Kjell Arve Reiakvam, Erling Ostnes, Johnny Wulff Hansen (vararepr. for Terje Sortehaug), Frode Reiakvam (vararepr. for John Ola Røstad) Arbeiderpartiet: Kjell Haukeberg, Tone Fylling, Jan Georg Fossheim, Ramzani Bahaman (vararepr. for Bjørn-André Stavset) Senterpartiet: Modolf Hareide, Johan Honningdal, Linda Stavset, Helge Nes (vararepr. for Elise Stette) Kristeleg Folkeparti: Gunnar Hauge, Ronald Longva (vararepr. for Knut Strand) Venstre: Kari Grindvik, Rolf Stavset Høgre: Torbjørn Skodjereite, Torunn Mølsæter, Lidvar Giskeødegård, Leif Glomset 21 voterande. Til stades var òg rådmannen, økonomisjef, folkehelsekoordinator og politisk sekretær, sistnemnde førte møteboka. Ingen hadde merknader til innkalling eller sakliste. Jan Georg Fossheim og Helge Nes vart samrøystes valde til å skrive under møteprotokollen. Linda Stavset etterlyste svar på grunngjeve spørsmål. Ordføraren vil svare skriftleg.
SAKLISTE Sak nr. Arkivsak 24/13 13/389 GODKJENNING AV PROTOKOLL FRÅ MØTE I KOMMUNESTYRET 21.05.2013 25/13 13/345 BUDSJETTREVISJON NR. 1 2013 - ENDRA VERSJON 26/13 13/343 KOMMUNALT NÆRINGSFOND 27/13 13/341 RULLERING AV RUSPOLITISK HANDLINGSPLAN 28/13 09/234 INTERKOMMUNALT ARKIV - ENDRING I SELSKAPSAVTALEN 29/13 13/175 SKRIV OG MELDINGAR KOMMUNESTYRET 18.06.2013 30/13 08/256 HELENE LIANES - SØKNAD OM FRITAK FRÅ POLITISKE VERV 31/13 08/256 KNUT STRAND - SØKNAD OM FRITAK FRÅ POLITISKE VERV 2
Sak 24/13 GODKJENNING AV PROTOKOLL FRÅ MØTE I KOMMUNESTYRET 21.05.2013 Protokollen frå møte 21.05.2013 vert samrøystes godkjent Sak 25/13 BUDSJETTREVISJON NR. 1 2013 - ENDRA VERSJON Desse hadde ordet i saka: Økonomisjefen, Kari Grindvik, Lidvar Giskeødegård, Johan Honningdal. Økonomisjefen orienterte om skatteinngangen. Formannskapets innstilling vart samrøystes vedteke. 3
4
Tabellen over syner rådmannen sitt framlegg til revidert driftsbudsjett for 2013 for Skodje kommune, der det er teke inn dei to endringane som er nemnt i innleiinga. Rådmannen legg altså med dette fram forslag om at det vert gjort følgjande endringar i driftsbudsjettet ved budsjettrevisjon nr 1/2013 for Skodje kommune: Skodje barneskule får styrka driftsbudsjettet sitt med 1,0 mill kr, finansert ved bruk av disposisjonsfond 0,5 mill kr vert flytta frå Skodje barnehage til felles grunnskule/barnehage Sak 26/13 KOMMUNALT NÆRINGSFOND Desse hadde ordet i saka: Kari Grindvik, Modolf Hareide, Torbjørn Skodjereite, Rolf Stavset, rådmannen og økonomisjefen. Formannskapets innstilling vart samrøystes vedteke. 1. Kommunestyret vedtek at Skodje kommune, på linje med Sula og Ålesund kommune, inngår avtale med Ålesund Kunnskapspark AS om forvaltning av kommunens næringsfond. 2. Kommunestyret vedtek at Skodje kommune utarbeider lokale vedtekter for det kommunale næringsfond etter mal frå Ålesund kommune. Ved at Skodje, Ålesund og Sula kommune vedtek likelydande vedtekter for næringsfondet så vil det lette ÅKP si forvaltning av fonda. Sak 27/13 RULLERING AV RUSPOLITISK HANDLINGSPLAN Ronald Longva sette fram følgjande framlegg til tillegg: med tillegg av eit nytt tredje strekpunkt under punkt 6.1: - Tiltak overfor born der foreldre er rusavhengige Formannskapets innstilling med tilleggsframlegg frå Ronald Longva vart samrøystes vedteke. 5
Kommunestyret vedtek planprogram for rullering av Ruspolitisk handlingsplan slik det ligg føre, med tillegg av eit nytt tredje strekpunkt under punkt 6.1: - Tiltak overfor born der foreldre er rusavhengige Sak 28/13 INTERKOMMUNALT ARKIV - ENDRING I SELSKAPSAVTALEN Desse hadde ordet i saka: Ordføraren. Formannskapets framlegg til innstilling vart samrøystes vedteke. Skodje kommunestyre vedtek den reviderte selskapsavtalen slik den ligg føre. Sak 29/13 SKRIV OG MELDINGAR KOMMUNESTYRET 18.06.2013 Desse hadde ordet i saka: Ordføraren, Kjell Haukeberg, Kari Grindvik, Torbjørn Skodjereite Ordføraren orienterte om utbyggingsbehov ved Skodje rådhus/helsesenter. Kjell Haukeberg bad om at saka vert fremja som ei ordinær sak.. Ordføraren orienterte om pensjonsavtalar, der KLP er den einast som kan tilby innan offentleg sektor. Skodje kommunestyre tek skriv og meldingar til orientering. Sak 30/13 HELENE LIANES - SØKNAD OM FRITAK FRÅ POLITISKE VERV Desse hadde ordet i saka: Erling Ostnes, Kari Grindvik. Kari Grindvik sette fram framlegg til nytt punkt 2: Erling Ostnes rykkjer opp som nytt fast medlem i kommunestyret Formannskapets innstilling med tilleggsframlegg frå Kari Grindvik - vart samrøystes vedteke. 6
1. Rådmannen imøtekjem søknaden frå Helene Lianes om fritak frå politiske verv for resten av valperioden 2011-2015. 2. Erling Ostnes blir nytt fast medlem i kommunestyret 3. Anita Ostnes vert vald til nytt fast medlem av det faste planutvalet. Johnny Wulff Hansen rykkjer opp frå 4. til 3. varamedlem 4. Kjell Arve Reiakvam vert vald til ny vararepresentant til samarbeidsutvalet ved Skodje barnehage. Sak 31/13 KNUT STRAND - SØKNAD OM FRITAK FRÅ POLITISKE VERV Formannskapets innstilling vart samrøystes vedteke. 1. Skodje kommunestyre imøtekjem søknaden frå Knut Strand om fritak frå politiske verv for resten av valperioden 2011-2015. 2. Gunnar Hauge vert vald til nytt fast medlem av formannskapet. Reidun Holm Aure vert vald til nytt varamedlem. 3. Gunnar Hauge vert vald til nytt fast medlem av valnemnda. Reidun Holm Aure vert vald til nytt varamedlem. 4. Gunnar Hauge vert vald til nytt fast medlem av valstyret. Reidun Holm Aure vert vald til nytt varamedlem. 5. Modolf Hareide vert vald til nytt fast medlem i rådet for funksjonshemma. Lidvar Giskeødegård vert vald til nytt varamedlem for Torunn Mølsæter. 6. Torunn Mølsæter vert vald til ny nestleiar i rådet for funksjonshemma. 7. Kari Grindvik vert vald til ny fast representant til Storfjorden kyrkjelege fellesråd. M Ø T E T S L U T T ---------------------------------- Terje Vadset ordførar ---------------------------------- Jan Georg Fossheim ---------------------------------- Helge Nes 7
8 ---------------------------------- Knut Berg politisk sekretær