Medlemsskriv nr. 1 Mars 2012 ÅRSMELDING NR. 54 2011. Årsmøte tysdag 20. mars. Kl. 19.30 på Jærbuen Kafé, Nærbø Program; sjå side 3



Like dokumenter
Vedtekter for Norsk Landbruksrådgiving Viken

Organisasjonens navn er Norsk Landbruksrådgiving Namdal SA. Organisasjonen er et

Vedtekter for Norsk Landbruksrådgiving Nordland

Vedtekter for Norsk Landbruksrådgiving

Vedtekter for Norsk Landbruksrådgiving Trøndelag SA

Vedtekter for Norsk Landbruksrådgiving Nord Trøndelag

Vedtekter for NLR Rogaland

Årsmøte tysdag 18. mars

Haugaland landbruksrådgjeving Side - 19

Vedtekter for Solør-Odal Landbruksrådgiving

Tysdag 10. mars 2015 kl på Bryne Kro & Hotell

Vedtekter for Norsk Landbruksrådgiving Trøndelag SA

Innkalling til: Årsmøte i Romerike Landbruksrådgiving. Velkommen!

ÅRSMELDING OG REKNESKAP 63. DRIFTSÅR

Figur 1. Tur for dei tilsette

Kap 1 Innleiande fastsettingar

Torsdag 10. mars 2016 kl på Bryne Kro & Hotell

Velkommen til årsmøte

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BØMLO BÅTLAG

(Styrerommet FK Molde er ikkje tilgjengeleg før etter påske.)

Innkalling til årsmøte i Forum Ku. Avholdes hos Kurt Hobberstad, Kvasselvbakken, Varhaug Onsdag, 23. mars 2011 kl. 19:00

Avtale om samanslåing mellom

Styret i Skogselskapet i Oppland fremmer to forslag til endringer i vedtektene til Skogselskapet i Oppland:

Styremøte 9. og 10. februar i Bergen

VEDTEKT av februar 2007

Vedtekter (Gjeldande frå årsmøte )

STIFTINGSPROTOKOLL FOR. Helse Vest Innkjøp HF

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Ringbladet. Medlemskriv for Haugaland landbruksrådgjeving. Nr februar årgang

VEDTEKTER FOR RINDAL NÆRINGSFORUM

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

VEDTEKTER FOR HELGELAND LANDBRUKSTJENESTER

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo 25. februar 2014 i Lagsrommet, Rosenkrantz gate 8 kl. 19

VEDTEKTER FOR FOLKEHØGSKOLEFORBUNDET

Norsk Landbruksrådgiving

Årsmøte i Stokkenes Golfpark BA,

Sist revidert på årsmøtet 11. april 2018 VEDTEKTER. Innhold

Interesselaget for farga spælsau

V e d t e k t e r for Tekna Teknisk-naturvitenskapelig forening, Stavanger avdeling

VEDTEKTER FOR HARDANGERAKADEMIET FOR FRED, UTVIKLING OG MILJØ

Innkalling til årsmøte i FORUM KU torsdag 14. mars 2019 kl. 19:00 Bryne Kro og Hotell

VEDTEKTER ETNE ELEKTRISITETSLAG AS

VEDTEKTER FOR. Gjøvik Avløserlag BA

Protokoll styremøte Landbruk Nordvest

Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Studieforbundet næring og samfunn

Foretaket er eit samvirkeforetak og foretaket sitt namn er Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag SA.

VEDTEKTER FOR. SANDE NORD STORVALD (ajourført )

Økologisk føregangsfylke i frukt og bær

Innkallinga vart samrøystes godkjent. Det vart registrert 24 røysteføre medlemmar blant dei 27 frammøtte.

ERSTATNING VED KLIMABETINGA SKADE GEIR SKADBERG

Vedtekter. Oppdatert:

Kålrotprosjektet. Kari Aarekol - prosjektleiar

Årsmelding 2015, Haugaland landbruksrådgjeving

STORD IDRETTSLAG. STORD IDETTSLAG LOVHEFTE LAGSNAMN 1 FØREMÅL 2 ORGANISATORISK TILKNYTING. Revisjon. 2009

Årsmøte Valldal Idrettslag 4. mars 2015

Forsand kommune. INFORMASJON FRÅ LANDBRUKSKONTORET Januar 2011

Nye satsingar for landbruksrågivinga. Landbrukskonferanse Hordaland 15.februar 2017 Dagleg leiar Liv Lyngstad, NLR Vest

Innkalling. til. Ordinært Årsmøte SKÅNEVIK ØLEN KRAFTLAG. Torsdag 25. april 2013 KL. 1900, SØK sitt kontor i Ølen.

ÅRSMØTE I V.I.L. Tid: kl kl Stad: Klubbhuset på Omenås

Stiftelsesdokument for foreningen Søgne Fritidsnytt

Hvordan kan vi sammen sørge for at NLR lykkes? Ivar Aae

VEDTEKTER FOR. HINNA PARK VELFORENING (vedtatt i forbindelse med stiftelsen av foreningen )

Referat. -- Harald Lie, Jorulf Refsnes, Bodil Mannsverk, Elin R. Haugen, Gjermund Stuve, Finn Egil Adolfsen

VEDTEKTER FOR STUDIEFORBUNDET FUNKIS

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

VEDTEKTER FOR BODØ NÆRINGSFORUM

Vedtekter for Fusa Kraftlag

Landslaget for lokal- og privatarkiv (LLP)

Vedtekter. Vedtatt og , endret , og Navn og organisasjon Formål... 2

Vedtekter for Lærdal båteigarlag

Forum for Kontroll og Tilsyn Møteprotokoll

VEDTEKTER FOR LEVANGER AVLØSERLAG SA

VEDTEKTER FOR HELGELAND LANDBRUKSTJENESTER SA

Vedtekter Nei til 3. rullebane

Referat frå årsmøte i Haugaland Golfklubb Søndag 30. januar 2011 kl 18:00

INNKALLING TIL ANDELSEIER-/ÅRSMØTE I SKOGEIERLAGET

Foto: Terje Johannessen VEDTEKTER. Skogbrukets Kursinstitutt

Vedtekter for Halsa Næringsforening

R A N A S P O R T S D Y K K E R E

VEDTEKTER LANDBRUKSTJENESTER ØST SA

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

VEDTEKTER FOR TELEMARK KULTURNETTVERK

Vedtekter KINSARVIK BÅTLAG VEDTEKTER. Vedtekne på årsmøtet 21. april 2016, gjeldande straks. 1 Namn og føremål

VEDTEKTER Norges Korforbund SØR-TRØNDELAG

Stiftelsesdokument for Efteløt Bygdelag

Sakspapirer til representantskapsmøte Solstrand Hotell og Bad, Os tirsdag kl Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS

R A N A S P O R T S D Y K K E R E

Vedtekter for organisasjonen «Organisasjonen mot barne- og familiemishandling (OMBF)»

Protokoll. Vedtak: Protokoll frå styremøte på Gardermoen er godkjent.

Innkalling. til. Ordinert Årsmøte SKÅNEVIK ØLEN KRAFTLAG SA. Onsdag 27. april 2016 KL. 1900, SØK sitt kontor i Skånevik.

Protokoll frå Årsmøte i Seniornett Førde 20.februar 2015 Møtestad: Brunosten

Forum for Kontroll og Tilsyn Møteprotokoll

FJELLMUSEETS VENNER INNKALLING TIL ÅRSMØTE I FJELLMUSEETS VENNER 14. JUNI 2014 KL 1100 I NORSK FJELLMUSEUM, LOM

Innkalling av Valnemnd

4 Medlemmene som måtte få kjennskap til ulovlig jakt eller fiske har plikt til å melde frå om dette til foreininga sitt styre.

Transkript:

1 Medlemsskriv nr. 1 Mars 2012 ÅRSMELDING NR. 54 2011 Årsmøte tysdag 20. mars Kl. 19.30 på Jærbuen Kafé, Nærbø Program; sjå side 3

2 Tilsette i NLR Rogaland 2011 Helga Hellesø Dagleg leiar helga.helleso@lr.no 932 67 203 Liv Oddny Slettebø Administrasjon los@lr.no 911 81 242 Reidun Irene Haugland Rekneskap/løn rih@lr.no 468 14 449 Ragnvald Gramstad Seniorrådgivar Fagkoordinator grovfôr ragnvald.gramstad@lr.no 905 63 862 Ane Harestad Rådgivar grovfôr, økologisk ane.harestad@lr.no 941 64 528 Eirik Sunde Rådgivar grovfôr eirik.sunde@lr.no 970 98 121 Reidunn Ferstad Rådgivar grovfôr, driftsplanlegging reidunn.ferstad@lr.no 977 55 347 Mardon Jørgensen Seniorrådgivar fôring mardon.jorgensen@lr.no 411 75 571 Arne Vagle Seniorrådgivar potet/korn arne.vagle@lr.no 905 63 861 Kari Aarekol Seniorrådgivar grønsaker kari.aarekol@lr.no 913 60 973 Gunnar Vatne Forsøksteknikar, formidling gunnar.e.vatne@lr.no 909 73 052 Elin Sikveland Forsøksteknikar elin.sikveland@lr.no 468 36 675 Ann Kristin Ueland Forsøksteknikar annkristin.ueland@lr.no 957 39 989 Hallgeir Gravelsæter Bygningsrådgivar hallgeir.gravelsaeter@lr.no 971 72 623 Ingrid Helene Møgedal Rådgivar fôring ingrid.mogedal@lr.no 976 66 005 Tilsett frå 01.02.2012 Slutta: Geir Undheim (tilsett ved FMLA Rogaland med kontorplass hjå NLR Rogaland) og Vera Bergaas Utne. Foto framside: Kari Aarekol..Rundballar i Sola kommune..

3 Innhald Tilsette i NLR Rogaland 2011... 2 Innhald... 3 Innkalling til årsmøte i Norsk Landbruksrådgiving Rogaland... 4 Årsmelding styret 2011... 5 Aktiviteten i 2011... 8 Fagråd... 8 Rådgivingstilbod... 8 Formidling av kvote, gjødsel og fôr... 9 Medlemsskriv og artiklar, tal... 9 Opne fagmøte, markdagar og kurs... 10 Prosjekt og oppdrag... 11 Rekneskap 2011 og budsjett 2012... 14 Resultatrekneskap... 15 Balanse... 16 Noter til rekneskapen 2011... 18 Revisjonberetning... 21 Medlemskontingent og prisar på tenester 2012... 22 Medlemmer i NLR Rogaland... 24 Støtte 2011... 24 Innstilling frå valnemnda 2012... 25 Vedtekter for Norsk Landbruksrådgiving Rogaland... 26 Til sak 8, vedtektsendring... 28 Strategiplan 2010 2014... 29

4 Innkalling til årsmøte i Norsk Landbruksrådgiving Rogaland Tysdag 20. mars kl. 19.30 på Jærbuen Kafé, Nærbø. Sakliste 1) Opning av årsmøtet. 2) Godkjenning av innkalling og sakliste. 3) Val av referent. 4) Val av to til å skriva under møteprotokollen. 5) Godkjenning av årsmelding for 2011. 6) Godkjenning av rekneskapet for 2011. 7) Orientering frå styret om budsjett, arbeidsplan, kontingent, prisar på tenester for inneverande år. 8) Vedtekter; endring 9) Val (sjå vedlagt innstilling frå valkomiteen). a) Val av styreleiar for 1 år. b) Val av tre styremedlemmer for 2 år. c) Val av tre varamedlemmer i nummerorden til styret for 1 år. d) Val av revisor. e) Val av eitt medlem til valkomiteen frå krins 2 for 3 år. f) Val av leiar for valnemnd. g) Val av personleg varamedlem for nyvalt medlem av valkomiteen. h) Val av møteleiar med vara til neste års årsmøte. 10) Godtgjering til tillitsvalte. 11) Innkomne saker. Me legg opp til eit hyggeleg årsmøte, der det er rom for å møta opp og ta del i det sosiale og faglege. Det vert servering av varmrett. Før årsmøtesakene presenterer Laila Helleberg Rogaland Landbrukspark SA. Hallgeir Gravelsæter, ny bygningsrådgivar, og Ingrid Møgedal, ny fôringsrådgivar, orienterer om nye rådgivingstilbod gjennom samarbeid med Klepp Rekneskapslag og Norsk Landbruksrådgiving Hordaland. Velkomne!

5 Årsmelding styret 2011 Årsmøtet i Norsk Landbruksrådgiving Rogaland var 15. mars 2011 på Thon Hotel Sandnes. Det møtte 32 medlemmer. I 2011 vart det halde 7 styremøte og 71 saker vart behandla. Økonomi Rekneskapet viser eit overskot på kr 805 788, og styret er godt nøgde med resultatet. Det er godt å ha ein god økonomi når me er i gang med å utvida og byggja opp tenestetilbodet vårt. I løpet av året har me har arbeidd systematisk for å styrka inntektene. Me har mellom anna laga interne rutinar og arbeidd med innteninga på arbeidet vårt. Me har arbeidd for å sikra gjennomføringa i prosjekta, slik at me får dei inntektene som er forventa. Etter årsmøtet søkte me kompetansehevingsmidlar frå Rogaland fylkeskommune til ulike fagmøte. Utgiftssida har vore mindre enn planlagt. Me planla nytt ventilasjonsanlegg, men arbeidet med det har tatt lengre tid enn forventa. Me har utsett tilsetjing av grovfôrrådgivar, og lyser ut på nytt til vinteren. Me har arbeidd for å unngå to avgiftssoner for mva. Det har mellom anna ført til nokre begrepsendringar. Grunnkontingent vert endra til sørvisavgift, og støttemedlemmer til støtte. Me har også hatt ein gjennomgang på om NLR Rogaland er bedrift eller interesseorganisasjon, og i møte med revisor vert det understreka at me er ein interesseorganisasjon. Styringsgruppa for «Folkefjøsprosjektet» vedtok at midlane etter prosjektet skulle overførast til NLR Rogaland. Dei er sett av for å sikra tilbodet på bygningsrådgiving. Sjå note 7 i rekneskapet. Bygningsrådgiving nytt tenestetilbod Styret vedtok våren 2011 at me skulle byggja opp tilbod på bygningsrådgiving. Me utarbeidde eigen prosjektplan for oppstartsfasen på to år med ekstern finansiering, og den 1.10. begynte Hallgeir Gravelsæter i stillinga. Han er nyutdanna, bachelor frå Høgskolen i Nord-Trøndelag, husdyr og velferd. Hausten vart brukt til nettverksbygging og kompetanseoppbygging. Han har vore i kontakt med fagkoordinatoren i regi av NLR, og har vore på besøk hos bygningsrådgivarane elles i landet. Tilbodet er også gjort kjent i Særheimmiljøet, og me vil marknadsføra tilbodet i heile fylket etter kvart. Fôringsrådgiving Styret vedtok at dei ønskjer å satsa på fôringsrådgivar i ei 100% stilling, og hausten 2011 vart det tilsett fôringsrådgivar etter Mardon Jørgensen. Ingrid Helene Møgedal begynner 1.2.2012. Rekruttering av grovfôrrådgivar Me arbeidde for å rekruttera ny grovfôrrådgivar i haust, men lukkast ikkje. Me vil ta ein ny offensiv tidleg på året i 2012. Publisering av fagartiklar På sist årsmøte kom det opp spørsmål kring publisering av artiklar i Bondevennen, og om me bør lukka kunnskapsformidlinga. Me har tatt det opp med dei andre einingane av NLR som

6 er med i samarbeidet med Bondevennen. Andre einingar er meir positive til denne måten å publisera fagstoff på enn det som vart uttrykt på årsmøtet. Me har arbeidd med ein avtale med Bondevennen der me kan marknadsføra oss betre. Dette arbeidet er utsett til Bondevennen får ny redaktør. Rogaland Landbrukspark SA Styret vedtok 13.12 2011 å vera ein av etablerarane av Rogaland Landbrukspark, og fatta følgjande vedtak: «NLR Rogaland ønskjer å delta i hovudprosjektet knytt til utvikling av Rogaland Landbrukspark, og vil gjennom dette kjøpa ein andel på kr 20 000. Føresetnaden for tilslutninga er at ein i det vidare arbeidet legg hovudvekta på utviklingsarbeid der siktemålet er å styrka konkurransekrafta til aktive og framtidige næringsdrivande i landbruket i Rogaland. Vidare er det ein føresetnad at prosjektet blir gitt ei tilfredstillande ekstern finansiering, og styret vil av denne grunn førehalda seg rett til å revurdera engasjement og kostnader dersom kravet til eigenfinansiering måtte bli høgare enn det som er skissert i framlegg til samarbeidsavtale. Dagleg leiar går inn i styret som NLR Rogaland sin representant.» Rogaland Landbrukspark SA vart stifta 19.desember 2011. Det er skrive samarbeidsavtale mellom Tine, NLR Rogaland, GENO, Vinterlandbruksskulen på Jæren, Høgskulen for Landbruk og bygdenæringar, Øksnevad vidaregåande skole, Klepp Rekneskapslag og Veksthusringen. Alle eigarane deltar med sine representantar i styret. Styreleiar er Dag Jørund Lønning, HLB, og Helga Hellesø er nestleiar. Me har store forventningar til at samarbeid mellom organisasjonar skal styrkja arbeidet vårt, og gi eit betre tilbod til medlemmene våre! Organisasjonsendringar Me har hatt møte med Rennesøy Forsøksring veksthusrådgiving etter at dei tok kontakt med tanke på eventuell verksemdoverdraging. Prosessen vart avslutta etter ønske frå Rennesøy. Me har gitt uttale kring ei eventuell verksemdoverdraging av landbruket si HMS-teneste til NLR. Landbrukets Arbeidsgiverforening valde i 2011 å fusjonera med NHO Mat og Bio, som sidan endra namn til NHO Mat og Landbruk. Styret ga støtte til at NLR sentralt skulle melda seg inn i NHO Mat og Landbruk, noko styret i NLR sentralt vedtok. Tilsette, styret og forsøksvertar Styret har vedtatt personalordningar for dei tilsette. Me er medlem av SAMKO, og gjennomførte førstehjelpskurs for tilsette. Alle tilsette fekk tilbod om å delta på kursveka i regi av NLR sentralt. Det vert arrangert sosiale treffpunkt ved ulike anledningar. Me takkar Mardon Jørgensen for arbeidet han har lagt ned for oss, og ønskjer han lukke til med nye utfordringar! Han sluttar 1.2.2012. Likeeins takkar me Vera Bergaas Utne for arbeidsinnsatsen hennes. Ho slutta 1.12.2011. Me takkar også Anne Berit Verpe for innsatsen hennes i styret gjennom fleire år. Styret vil også takka alle tilsette for engasjementet og arbeidsgløden dei viser for NLR Rogaland. Dyktige og gode medarbeidarar er viktige for oss!

7 Me rettar også takk til alle forsøksvertane våre. De bidrar til eit viktig utviklingsarbeid som heile næringa kan ha nytte og glede av. Styret i Norsk Landbruksrådgiving Rogaland: Olav Bjarte Nese, leiar, Klepp Jostein Salte Hå Anne Berit Verpe Hjelmeland Geirmund Øglend Sandnes Ester Haugland Time Kari Aarekol tilsette sin representant Trond Vistnes Randaberg

8 Aktiviteten i 2011 Fagråd Fagråda er idèforum, og bør koma med innspel til det eksisterande rettleiingstilbodet. Fagråda skal stå for den faglege prioritering innan forsøk, prøvingar og rettleiing. Fagråd for grovfôr Tarjei Gjesdal, Gjesdal (leiar), Lars Rune Hole, Strand, Geir Jone Pollestad, Time, Randi T. Nese, Klepp, Tor Helge Garborg, Time og Kai Petter Flesjå, Finnøy (frå styret). Fagrådet hadde 2 møte i 2011. Fagråd for potet Bjarte Nærland, Hå (leiar), Helge Sele, Klepp, Kjell Ingar Bø, Randaberg og Trond Vistnes, Randaberg (frå styret). Fagrådet hadde 2 møte i 2011. Fagråd for korn Elling Stangeland, Sandnes, Njål Stokka, Hå, Åsbjørn Tjemsland, Time og Geirmund Øglend, Sandnes (frå styret). Fagrådet hadde 2 møte i 2011. Fagråd for grønsaker Kåre Wiig, Klepp (leiar), Oddvar Sømme, Sola, Laurits Stokkeland og Jostein Å Salte, Hå (frå styret). Fagrådet hadde 1 møte i 2011. Rådgivingstilbod Grovfôrrådgiving. 30 gardsbruk har fått individuell oppfølging på grovfôr med å knyta seg til ein grovfôrrådgivar som fungerer som ein «medspelar» i drifta gjennom året. Utarbeiding av dyrkings/gjødslingsplan, vurdering av engareal og tiltak, plantevern, rett slåttetid/kvalitet, uttak av grovfôranalysar og bruk av Surfôrtolken er blant aktivitetar og rådgivingstilbod som vert tilpassa den einskilde sitt behov/ønske. Jordprøvar og gjødslingsplan. Det vart teke jordprøvar hjå ca. 320 medlemmer, og ca. 400 gjødslingsplanar vart laga på skifteplan i 2011. I tillegg er det utarbeidd enkelte manuelle planar. Fôringsrådgiving har vore eit tilbod for medlemmene i NLR Rogaland i over tre år. Tilbodet er særleg viktig for produsentar som ønskjer ein dialog og samstundes konkrete råd for å kunne følgje produksjonen sin frå jord til ferdig produkt som mjølk og kjøt. Storfegruppa for Hjelmeland, Strand og Forsand har ca. 20 medlemmer, og har hatt 4 møte og 2 turar. Økonomirådgiving. 10 bruk har fått utarbeidd driftsplan mellom anna i samband med søknad om støtte frå Innovasjon Norge. Rådgiving i samdrift. 2 samdrifter har fått rådgiving i samband med endring av samdriftsavtalane.

9 Bygningsrådgiving. Bygningsrådgivar vart tilsett 1. oktober. Fast oppfølging i grønsaker: 15 grønsakdyrkarar fekk faste besøk (etter behov) gjennom heile vekstsesongen. Limfeller i gulrot og selleri: 23 dyrkarar hadde til saman registrering på over 65 stasjonar. Økologisk rettleiingsprosjekt: 1 økologisk førsteråd, 7 rådgivingsavtalar, 2 erfaringsgrupper (mjølk og korn). Funksjonstesting av åkersprøyter. Vi har leigd inn Odd Birger Nilsen og organisert funksjonstesting av 17 åkersprøyter. Erfaringsgruppe for kvinner: Ei gruppe har fått rådgiving i samband med søknad om kompetansemidlar. Formidling av kvote, gjødsel og fôr Kvoteformidling via NLR Rogaland. Følgjande tabell viser utviklinga dei 3 siste åra: Aktivitet 2011 2010 2009 Tal utleigde kvotar 23 30 25 Tal leigetakarar 40 54 48 Kvoteliter 2 503 734 2 877 677 2 154 856 Tal selde kvotar 22 29 37 Tal kvotekjøparar 37 47 54 Kvoteliter totalt selt 2 158 347 2 839 844 3 529 702 Fjørfegjødselformidling Til Norsk Naturgjødsel AS 2008 103 cont. 2009 105 cont. 2010 124 cont. 2011 193 cont. Til ledig spreieareal 157 cont. 261 cont. 273 cont. 239 cont. Fôrformidling. Året 2011 var prega av lite fôr på markedet. Ein del vinterskade på eng i vinter med rep./isåing av nytt frø i vår. Dette medførte reduserte avlingar. Sommaren vart særleg våt med vanskelege innhaustingsforhold, og det blei importert grovfôr frå Austlandet for å dekke noko av mangelen på fôr. Det var og mangel på halm etter ein sesong med mykje regn og vanskelege innhaustingsforhold. Medlemsskriv og artiklar, tal Medlemsskriv 2 Grovfôrskriv / Grovfôrnytt 6 Grovfôr, e-skriv 17 Korn, e-skriv 7 Potet, e-skriv 7 Grønsaknytt, e-skriv 15 NLR Rogaland i Bondevennen 8 NLR Rogaland i Økologisk Landbruk 4 Vekstrapportar i Nationen 8

10 Opne fagmøte, markdagar og kurs Kurs Januar og november: Autorisasjonskurs plantevern, nytt bevis og fornying på Særheim 20.01-21.01. Økologisk fag- og inspirasjonssamling i Haugesund. Grovfôr mars/april mai september 24 fagmøte/fagsamlingar. 10 markvandringar. 12 markvandringar 2 informasjonsmøte vedr. prosjekt Skas-Heigre 2010-2012. Dei tilsette har i tillegg vore engasjerte som føredragshaldarar på møte i regi av dei lokale bondelaga, produsentlag samt valfag økologisk på Vinterlandbruksskulen på Jæren. Korn 23.03. Nettverksmøte korn, Særheim 05.04. Plantevernmøte, Genoloftet 10.05. Markdag korn, Nærland 10.05. Markdag korn, Sola 09.06. Markdag i korn, Horpestad 29-30.06. Borgeby feltdagar, Sverige 07.07. Markdag i korn, Horpestad Potet 24-25.01 Nasjonalt potetmøte, Hamar 17.02. Lagermøte potet, Bryne 01.03. Potetmøte, Strand 17.03. Tidlegpotetmøte, Randaberg 24.03. Småpotetmøte, Jæren 05.04. Plantevernmøte, Genoloftet 10.05. Markvandring plantevern, Nærland og Sola 11.07. Potettreff, Jørpeland 13.07. Potetdag, Haugaland 16-17.09. Potetfestivalen, Bryne 30.11. Potetmøte, Årdal 10 markvandringar på 3 ulike stader, vertar: John Nybø, Randaberg, Rasmus O. Hole, Klepp, Frank Kvia, Hå. SMS-varsling - møte/skadegjerar. Grønsaker 04.03. Møte med dyrkarar av tidleggulrot, Særheim 04.03. Møte med dyrkarar av frilandsgulrot, Særheim 09.05. Markdag tidleggrønsaker, Vik 11.05.-22.06. Gulrotsafari på Vik og i Klepp (4 gonger) 09.06. Markdag i tidleggulrot og frilandsgulrot, Brusand 29.11. Sorts og plantevernmøte på Særheim

11 Prosjekt og oppdrag Mjølkeprosjektet i Ryfylke 2009-2012 Prosjektet gjeld kommunane Hjelmeland, Strand og Forsand og har som mål å demme opp for avvikling av mjølkeproduksjon, og å heva kompetansen til den einskilde brukar. Andre mål er auka kvalitet på produksjonen, auka kjøtproduksjon og auka produksjon av lokalprodusert mat. Reidunn Ferstad er prosjektmedarbeidar. Det er arrangert eit kurs i framtidsretta bygg for storfe, fagkveld med tema endring, fagkompetanse og nettverk og fagtur til Jæren og ein 4 dagars studietur til Sverige og Finland. Det er gitt rettleiing til 22 bønder. Jærerter 9. august 2011 vart Jærert AS formelt oppretta med 6 ulike eigarar. Det vrimlar av idear for nye bruksmåtar og produkt. NLR Rogaland oppformerte jærerta frå 1 kg frø i 2009 til vel 300 kg såfrø i 2011. I 2011 er det sådd ca. 30 dekar jærerter på Jæren; frå Randaberg i nord til Vigrestad i sør. I tillegg dyrkast det i Hå over hundre meter med jærerter i rader, mellom anna på Köhler- Paviljongen. Mykje av avlinga vil gå med til å skaffe såfrø til auka produksjon i 2012. Jærerter frå 2011 vil og bli presenterte i mange ulike former på jærske bord. NLR Rogaland har i 2011 hjelpt produsentane med fagleg kompetanse og oppfølging heile vekstsesongen. I tillegg arrangerte vi ein fagtur for det nyetablerte firmaet til Romerike kor dei dyrkar romeriksert som kan samanliknast med jærerta. Vi har i 2011 fått støtte frå Jærert AS for å bidra med hjelp til produksjonen. Auka potetproduksjon i Rogaland 2011-2013 NLR Rogaland har eit potetprosjekt i Rogaland som går i perioden 2011-2013 med NLR Rogaland som prosjekteigar. Hovudmålet er å auka produksjonsvolumet av potet til mat og skrelling i Rogaland. For å nå dette målet, jobbar vi konkret med å få tre nye produsentar kvart år, og å auka produksjon hos åtte etablerte dyrkarar. Styringsgruppa for prosjektet er sett saman av følgjande representantar: ein frå FMLA Rogaland, to frå NLR Rogaland (ein frå fagrådet i potet + dagleg leiar) og ein frå HOFF Norske Potetindustrier. Arne Vagle er prosjektleiar. Han gjennomfører arbeidet i tett dialog med andre tilsette i NLR Rogaland. Det føreligg eigen delrapport for arbeidet i prosjektet i 2011. Fusarium i potet Bioforsk har eit lagringprosjekt for kartlegging av Fusarium-artar i potet. Pia Heltoft Jensen, tilsett som stipendiat på Apelsvoll, har Fusarium-kartlegginga som ei av sine oppgåver. NLR Rogaland sitt engasjement i prosjektet er å ta ut potetprøvar frå ulike skifte. Vi takkar våre 4 vertar som har gitt oss anledning til å ta ut desse prøvane. Kvalitetsproduksjon av ruccola, brokkoli og blomkål på friland "Stabil kvalitetsproduksjon av ruccola, brokkoli og blomkål på friland ved sikker og miljøvenleg bekjemping av kålbladskimmel" var tittelen på eit forprosjekt som føregjekk i 2007, og kor rapporten førelåg 1. mars 2008, i 2008 var det eit mellomprosjekt.

Nytt prosjekt i 2009-2011. Det blei søkt Norges Forskingsråd om nytt hovudprosjekt med oppstart i 2009, prosjektet blei innvilga. Bioforsk Plantehelse på Ås, ved forskingsleiar Arne Hermansen, leiar prosjektet fagleg, medan GA-FA Vestfold leiar den administrative delen. Fem forsøksringar har vore knytte til prosjektet; Lier og omegn forsøksring, Hedmark Landbruksrådgiving, Forsøksringen Sør Øst, Norsk Landbruksrådgiving Rogaland og GA-FA Vestfold. Hovudmål Sikra kvalitetsproduksjon av ruccola, brokkoli og blomkål ved optimal bekjemping av kålbladskimmel. Delmål 1. Betre kjennskap til smittepress av kålbladskimmel i ruccola, brokkoli og blomkål (vekstskifte, kvilesporar, smitte frå andre krossblomstra vekstar) 2. Rett strategi for bekjemping av kålbladskimmel i ruccola, brokkoli og blomkål (utvikling av varslingssystem, rett bruk av ulike fungicider) Systematisk kartlegging: Forsøksringane har gjennomført ei systematisk kartlegging av kålbladskimmel (og innsending av prøvar til Bioforsk). Kålrotprosjekt 2009-2011 Endra produksjonsmetodar for kålrot nye tiltak og strategiar for kostnadseffektiv ugrasreinhald er tittelen på det nye prosjektet som starta i 2009. Prosjektet skulle avsluttast i 2011, det er overført midlar til 2012. Det vil også bli nokre forsøk i 2012. Kari Aarekol i NLR Rogaland er prosjektleiar, medan NLR Rogaland er prosjektansvarleg. Bioforsk, Plantehelse avdeling ugras, Adigo AS og NLR Rogaland er samarbeidspartnarar i prosjektet. Prosjektet blir finansiert med midlar frå Norges Forskingsråd, frå avgiftsfondet til kålrotdyrkarane (trekk pr/kg/kålrot), Adigo AS, NORGRO, LOG og eigeninnsats frå produsentane som er med i prosjektet i regi av Norsk Landbruksrådgiving. Seks forsøksringar har vore knytte til prosjektet i 2011. NLR SørØst, NLR Oppland, NLR Sør - Trøndelag, NLR Viken og NLR Rogaland. Mål: Hovudmål: Anbefalte strategiar for integrert ugrasreinhald for konkurransedyktig matkålrot-produksjon i Noreg. Delmål 1: Anbefalte dyrkingstekniske tiltak som gir kålrotplanta fordel i høve til ugraset. Delmål 2: Anbefalt utstyr og innstillingar for mekanisk ugrasreinhald som passar for ulike dyrkingsmåtar for matkålrot. Delmål 3: Anbefalte bruksmåtar for aktuelle kjemiske ugrasmiddel for ulike dyrkingsmåtar for matkålrot. Delmål 4: Nye reiskap egna for robotisk kontroll av enkeltplanter av ugras i kålrotrada. Feltforsøk: I sesongen 2011 blei det utført forsøksfelt med utprøving av kjemiske middel mot frøugras under dekke og på friland, falsk såbed, bruk av skjerma sprøyting, mekanisk ugrasbekjemping ved bruk av nett som dekkemateriale. Handlingsplanar for kystlynghei og slåttemark I samband med handlingsplan for kystlynghei, vart det laga to skjøtselsplanar for lyngmark/naturbeitemark. Gjennom Handlingsplan for slåttemark vart skjøtselsplanane for solblom og jærtistel følgde opp. Arbeid i samband med desse handlingsplanane var framhald av prosjektet Arvesølv. 12

Registreringar i rognebær Vi har drifta 5 prognosestasjonar for rognebærmøll i Hjelmeland og Strand for VIPS frukt og bær. Rådgjeving på Island I 2004 fekk me ein førespurnad frå Island, dei ville gjerne leige grønsakskonsulenten. Rådgivar på grønsaker har vore utleigd til Island kvart år sidan 2004. I 2011 var Kari Aarekol til Island i april og juni. Det vart lagt opp til møte i mindre grupper og mange gardsbesøk. Bosnia Herzegovina/Serbia Arne Vagle har i samarbeid med Jæren Produktutvikling delteke med utvikling/organisering av rådgivingstenesta i Serbia. Dette arbeidet er nå avslutta. NLR Rogaland har sidan 2003 vore engasjert i landbruksfagleg hjelpearbeid i Bosnia Herzegovina. Ragnvald Gramstad har arbeidd gjennom Stiftelsen Sandnes Dubrovnik i oppbygging av landbruket, spesielt med fokus på rådgiving innan grasdyrking, ensilering og storfeavl. Det er gjennomført mange feltforsøk og prøvingar innan nye grasartar/blandingar, og prøvingar med utnytting av husdyrgjødsel i eng og fôrmais. Heile hjelpeprosjektet i regi av Stiftelsen Sandnes Dubrovnik, inkludert vårt engasjement på landbrukssida, vart avvikla i utgangen av november 2011. Seniorforeningen i NLR Rogaland Seniorforeningen er eit tilbod for tidlegare medlemmer i NLR Rogaland som har føreteke eigarskifte. I 2011 fekk medlemmene tilsendt NLR Rogaland si årsmelding, det vart arrangert haustfest samt ein sosial sommartur til Sør-Trøndelag med 50 deltakarar. Foreningen har eige rekneskap, og kontingenten har vore kr 300,- i året. Ved årsskiftet var det 103 registrerte medlemmer. Styret har hatt følgjande samansetnad: Reidar Husveg, leiar (1 år), Alf Vinningland (på val i 2013) og Elbjørg Nærland (på val i 2012). 13

14 Rekneskap 2011 og budsjett 2012 Budsjett Regnskap Budsjett 2012 INNTEKTER: 2011 året 2011 Salgsinntekter 450 000 356 794 365 000 Offentlege tilskot 1 679 000 1 679 000 1 565 000 Støtte 280 000 289 220 265 000 Prosjektinntekter 1 212 000 1 432 731 1 700 000 Leigeinntekter 24 000 15 561 15 000 Medlemskontingent 3 366 000 3 204 845 3 220 000 Sal av tenester til medlemmer 1 378 750 1 612 375 1 900 000 Oppdrag til ikkje-medlemmer 1 055 500 621 551 500 000 Feltgodtgjersle/ eksterne oppdrag 732 000 1 116 440 1 000 000 Andre inntekt 10 000 13 246 10 000 Sum driftsinntekter 10 187 250 10 341 763 10 540 000 KOSTNADER Innkjøp av materiell og varer 120 000 11 725 40 000 Rådgiving, Prosjektutgifter 780 000 611 478 470 000 Sum varekostnader 900 000 623 203 510 000 Lønn til fast tilsette 5 520 000 5 474 557 6 120 000 Overtid 25 000 21 879 25 000 Styre 155 000 169 426 165 000 Arbeidsgiveravgift 910 000 862 792 950 000 Offentlege tilskot vedr. arbeidskraft -4 000-7 512-00 Offentlege refusjonar vedr. arbeidskraft -00 Andre personalkostnader 510 000 597 573 600 000 Sum lønnskostnader 7 116 000 7 118 715 7 860 000 Kostnader lokale 174 000 138 430 145 000 Leie/leasing av maskinar, inventar 58 000 34 661 40 000 Verktøy, inventar og driftsmateriell 260 000 293 709 330 000 Reparasjonar og vedlikehold 164 000 28 542 80 000 Fremande tenester 150 000 107 726 155 000 Trykksaker 145 000 160 710 170 000 Telefon og porto m.v. 210 000 166 209 180 000 Reisekostnader 610 000 550 183 680 000 Sals-, reklame- og representasjonsk. 45 000 57 769 40 000 Kontingent og gåver 280 000 269 510 275 000 Forsikringar 47 000 39 757 45 000 Andre kostnader 55 000 44 805 50 000 Tap på krav 20 000 20 000 Av- og nedskrivningar 80 000 119 300 170 000 Sum andre driftskostnad. 2 298 000 2 011 311 2 380 000 Sum kostnader 10 314 000 9 753 229 10 750 000 Driftsresultat før finans -126 750 588 534-210 000 Finansinntekter/-kostnader 170 000 217 254 210 000 Driftsresultat inkl. finans 43 250 805 788-00

Resultatrekneskap 15

Balanse 16

17

Noter til rekneskapen 2011 18

19

20

Revisjonberetning 21

22 Medlemskontingent og prisar på tenester 2012 Sørvisavgift kr 700 Fagkontingent Grovfôr <1 kr 240 1-80 da kr 670 81-200 kr 1500 201-500 kr 2175 501- kr 2935 Fagkontingent Korn <1 kr 240 1-50 kr 290 51-150 kr 525 151- kr 935 Fagkontingent Potet <1 kr 240 1-20 kr 700 21-100 kr 1395 101- kr 2090 Fagkontingent Grønnsaker <1 kr 240 1-15 kr 1105 16-30 kr 2100 31-100 kr 2945 101- kr 3675 Medlemskontingent: Sørvisavgift + fagkontingent Maks.kontingent kr 4 490 Timepris kr 1000,- Medlemstenester med fagkontingent Medlemstenester utan fagkontingent Mjølkekvoteformidling alle Husdyrrådgiving Bygningsrådgiving: kr. 500,- 50% reduksjon 30% reduksjon 30% reduksjon 30% reduksjon 30% reduksjon (700 kr), frammøte Fast pris på oppdrag etter avtale Oppdrag belastast med minimum 1 time, deretter ½ time. Betaler ikkje fagkontingent for formidlingstenester, fôringsrådgiving og bygningsrådgiving. Samdrifter som betaler ei sørvisavgift, får kun tilsendt eit eksemplar av medlemsskriv og årsmelding. Enkeltmedlem i samdrift kan få eigne medlemsskriv dersom vedkomande betaler eigen fagkontingent. Støtte: privatpersonar kr 200

23 Prisar for tenester Ulike analysar Analyse Husdyrgjødsel Høyprøver Virustest potet/plantesjukdomar Oppfølging av limfeller i gulrot Levert kontoret Uttak på garden Ikkje medlemmer Kr 250 Kr 500 +50% Kr 600/ sesong Jordprøveuttak Me tar ut jordprøvane Bonden tar prøvane sjølv, henter utstyr hos oss Me leverer utstyr, hentar prøvane på garden Prøvar tatt etter 10. desember Nettverkssamlingar Potetsafari Kornvandring Gulrotsafari Fôrprøvar Uttak av prøve Surfôrtolken Formidlingstenester Formidling av mjølkekvoter Formidling av fôr og gjødsel Spreieavtalar Timepris på uttak + ½ time til før- og etterarbeid Inga betaling ½ time ½ time Kr 500/sesong Kr 200/sesong Kr 500/sesong Kr 500 (rabatt i september) Kr 500 (inkl tilbod om oppfølging i gruppe) Fast pris pr liter melk+ timepris Fast pris pr kg Kr 15 pr da Funksjonstesting av åkersprøyta Sprøyta skal kontrollerast kvart 5. år. Me kontrollerer teknisk tilstand og går gjennom justering og innstillinger. Økologisk tilbod Førsteråd Rådgivingavtale (5-10 timar) 10 meter bom og under 12 meter 15 meter 18-21 meter Gratis Kr 100 /time i eigenandel Kr 2100 Kr 2300 Kr 2600 Kr 3000

24 Medlemmer i NLR Rogaland 31.12.11 var det 1 687 medlemmer i NLR Rogaland. (31.12.10 var det 1 763 medlemmer). Kommune 31.12.2011 Gjesdal 98 Klepp 254 Time 196 Hå 321 Sola 84 Sandnes 177 Stavanger 37 Randaberg 39 Hjelmeland 112 Strand 81 Forsand 33 Kvitsøy 5 Rennesøy 87 Finnøy 133 Støtte 2011 Bjerkreim 16 Egersund 2 Lund 1 Etne 2 Vindafjord 3 Karmøy 1 Ulvik 1 Sokndal 4 Sum 1687 Fordeling av abonnement på kulturane Grovfôr 1566 Korn 173 Potet 103 Grønsaker 59 Økologisk drift 19 Formidling 529 Vi vil med dette få retta ein stor takk til alle som støttar NLR Rogaland. Den økonomiske støtta frå dykk er svært viktig for forsøks- og registreringsarbeidet vårt, og det beste for landbruksnæringa i området. Lokale bondelag Gjesdal Bondelag Hjelmeland Bondelag Klepp Bondelag Nærbø Bondelag Orre Bondelag Riska Bondelag Søre Hå Bondelag Time Bondelag Andre Agromiljø A/S Coop Gjesdal BA Coop Klepp Handelslag BA Coop Marked Orre Coop Nærbø Landbruksavd. Eik Senteret Klepp Fatland Jæren A/S Felleskjøpet Rogaland Agder Fiskå Mølle Flex Agri AS Hoff Norske Potetindustrier, Jæren Kverneland Norge AS L.O.G. A/S Landbruk & Maskin AS NORGRO AS Norsk Naturgjødsel A/S NorStone AS Prima Slakt A/S Reime Agri AS Strand Unikorn as Time Sparebank Vekst Miljø AS Vinterlandbruksskulen i Ryfylke Vinterlandbruksskulen på Jæren Yara Norge AS Årdal Landbruk AS Kommunar Finnøy kommune Forsand kommune Hjelmeland kommune Hå kommune Klepp kommune Randaberg kommune Rennesøy kommune Sandnes kommune Sola kommune Time kommune

25 Innstilling frå valnemnda 2012 Nemnda består av Odd Bleie, leiar, Finnøy, Sigmund Rangen, nestleiar, Hå, Arnt Egil Nærland, Hå, Torstein Haukali, Forsand og Einar Sunde, Stavanger. Valnemnda hadde møte 18.01.2012, og legg fram følgjande innstilling: Leiar: Olav Bjarte Nese, Klepp attval, 1 år Styremedlemmer: Trond Vistnes, Randaberg attval, 2 år Ester Haugland, Time attval, 2 år Kai Petter Flesjå, Finnøy ny, 2 år Jostein Salte, Hå ikkje på val Geirmund Øglend, Sandnes ikkje på val Vara medlemmer: Anne Marit Gjerde, Strand 1. vara, ny 1 år Torgeir Lima, Gjesdal 2. vara, attval 1 år Hanne Varhaug Helland, Hå 3. vara, ny 1 år Revisor: BDO AS v/asbjørn Wathne attval, 1 år Eitt nytt medlem til valnemnda: Arnhild Sokn krins 2 ny, 3 år pers. vara Bjarte Austbø leiar valnemnd: Arnt Egil Nærland 1 år Torstein Haukali krins 3 ikkje på val, 1 år att pers. vara Olaf Vestersjø Arnt Egil Nærland krins 1 ikkje på val, 1 år att pers. vara Gunleiv Risa Einar Sunde krins 1 ikkje på val, 2 år att pers. vara John Nybø Sigmund Rangen krins 1 ikkje på val, 2 år att pers. vara Sigve Tjåland Møteleiar for årsmøtet i 2013: Vara møteleiar: Kåre Søyland, Gjesdal Anne Berit Verpe, Hjelmeland Godtgjersle for tillitsvalde: Fast godtgjersle for leiar kr 15 000 pr.år styremedlem kr 4 000 pr.år Møtegodtgjersle inntil 4 timar kr 800 over 4 timar kr 1 600 Møtegodtgjersle for valnemnda er som ovanfor: 800,-/1 600,-. Krins 1) Kommunane: Hå, Time, Klepp, Gjesdal, Sandnes, Sola, Stavanger, Randaberg og Kvitsøy Krins 2) Kommunane: Rennesøy og Finnøy Krins 3) Kommunane: Forsand, Strand og Hjelmeland Odd Bleie Sigmund Rangen Torstein Haukali Arnt Egil Nærland Einar Sunde leiar nestleiar

Vedtekter for Norsk Landbruksrådgiving Rogaland Vedtatt av årsmøtet i Jæren Forsøksring 23.03.2009 1 Formål Formålet til Norsk Landbruksrådgiving Rogaland er å drive opplysning, rådgiving, utvikling, forsøksvirksomhet og servicetjenester innenfor de landbruksrelaterte fagfelt som medlemmene etterspør. Norsk Landbruksrådgiving Rogaland skal bidra til å fremme det landbruksfaglige miljøet. Organisasjonen har hovedkontor i Klepp kommune og avdelingskontor i Ryfylke. 2 Medlemskap a. Norsk Landbruksrådgiving Rogaland er en medlemsorganisasjon. Det enkelte medlem plikter å betale kontingent som fastsettes for det enkelte år. Utover dette kan den enkelte medlem ikke gjøres ansvarlig for Norsk Landbruksrådgiving Rogaland sine økonomiske plikter. Næringsdrivende med tilknytning til landbruk kan bli medlemmer. Medlemmer blir tatt opp ved innmelding til Norsk Landbruksrådgiving Rogaland. Ved innmelding blir det gitt skriftlig erklæring om at en er kjent med retter og plikter som følger medlemskapet. b. Medlemskapet følger kalenderåret. Utmelding må skje innen utgangen av februar i utmeldingsåret. c. Norsk Landbruksrådgiving Rogaland kan ha støttemedlemmer. Disse kan møte på årsmøtet, men har ikke stemmerett og kan ikke velges inn i styret. Støttemedlemmer kan være privatpersoner, organisasjoner, kommuner, institusjoner, eller andre som ønsker å gi økonomisk støtte. d. Medlemmer som ikke følger vedtektene kan strykes med skriftlig varsel. Vedkommende medlem har anledning til å anke saken inn for årsmøtet. 3 Medlemmenes retter og plikter a. Medlemmene har rett til å få råd og rettledning av ulike slag. Styret fastsetter hvilke tjenester som inngår i grunnkontingenten, hva som inngår i eventuelle tilleggskontingenter og hva som er betalingstjenester. b. Medlemmene kan fremme ønske om oppgaver, aktiviteter og forsøk i Norsk Landbruksrådgiving Rogaland. c. Medlemmene plikter å betale kontingenten innen fastsatt tid. 4 Arbeidsmåte Arbeidet i Norsk Landbruksrådgiving Rogaland blir utført ved hjelp av ansatt personell, tilfeldig leid hjelp eller på annen måte. For å oppfylle formålet, er det nødvendig at Norsk Landbruksrådgiving Rogaland har et godt samarbeid med andre relevante organisasjoner og institusjoner tilknyttet landbruket. 5 Finansiering a. Finansiering av drifta skjer ved medlemskontingent, tilskuddsordninger, tilskudd fra kommuner og andre støttemedlemmer, prosjektinntekter og inntekter fra salg av tjenester til medlemmer og andre. b Medlemskontingenten består av en grunnkontingent og en tilleggskontingent som vedtas av styret. 6 Styret a. Norsk Landbruksrådgiving Rogaland ledes av et styre på sju medlemmer, herav seks medlemmer valgt av årsmøtet og et valgt av og blant de ansatte. Styremedlemmet med varamedlem valgt av og blant de ansatte trer inn i styret etter ordinært årsmøte. 26

b. Styremedlemmene velges for to år. Leder velges for ett år. Valg av leder og styremedlemmer skal skje skriftlig. Årsmøtet velger hvert år tre varamedlemmer i nummerert rekkefølge. Styret velger selv nestleder. c. Styret holder styremøter så ofte styrelederen finner det nødvendig eller når to styremedlemmer krever det. Første varamedlem til styret møter fast på møtene. Sakene blir avgjort med absolutt flertall. Styret er vedtaksført når minst halvparten av medlemmene er til stede. Forhandlingene skal protokollføres. d. Norsk Landbruksrådgiving Rogaland er forpliktet ved underskrift av styreleder og daglig leder. 7 Styrets oppgaver og plikter a. Styret ansetter daglig leder og avtaler lønn og stillingsinnhold for denne. Avlønning av ansatte skjer i samsvar med gjeldende avtaler om lønns- og arbeidsvilkår. Styret er daglig leders nærmeste overordnede. Daglig leder er de øvrige ansattes nærmeste overordnede, og har ansvar for ansettelse av disse. b. Styret leder virksomheten i Norsk Landbruksrådgiving Rogaland i samråd med daglig leder. Styret skal lede Norsk Landbruksrådgiving Rogaland i samsvar med vedtekter og årsmøtevedtak, og forvalte organisasjonens midler. c. Styret skal hvert år legge fram årsmelding og revidert regnskap for siste driftsår, budsjett og arbeidsplan for inneværende år. d. Styret skal kalle sammen ordinært årsmøte som avvikles før 1. april. Ekstraordinært årsmøte skal holdes dersom styret mener det er nødvendig, eller dersom minst 1/3 av medlemmene krever det. e. Styret i Norsk Landbruksrådgiving Rogaland har rett til å avgjøre om medlemsoversikten kan frigis, og i så fall til hvem. Opplysninger som gjelder et enkelt medlem, kan ikke frigis av organisasjonen uten godkjenning av medlemmet selv. 8 Valgkomité. Valgkomiteen har 5 medlemmer med personlige varamedlemmer, der tre medlemmer er fra kommunene Hå, Time, Klepp, Gjesdal, Sandnes, Sola, Stavanger, Randaberg, Kvitsøy; ett fra kommunene Rennesøy, Finnøy og ett fra kommunene Hjelmeland, Strand, Forsand. Funksjonstiden for medlemmer av valgkomiteen og personlige varamedlemmer er 3 år. Leder blir valgt på årsmøtet. Valgkomiteen velger selv nestleder. Årsmøtet bestemmer instruks for valgkomiteen. 9 Årsmøte a. Innkalling til årsmøte skal skje med minst 14 dagers varsel. b. Årsmøtet skal: 1. Godkjenne innkalling og sakliste 2. Velge sekretær og to personer til å skrive under protokollen. 3. Behandle årsmelding og revidert regnskap. 4. Få framlagt styrets budsjett, arbeidsplan, kontingent og priser på tjenester for inneværende år. 5. Behandle innkomne saker. Disse må være styret i hende innen 31. januar. 6. Gjennomføre valg: a. leder for ett år b. styremedlemmer for to år c. tre varamedlemmer i nummerrekkefølge for ett år d. revisor for ett år e. medlemmer i valgkomiteen for tre år f. leder av valgkomiteen blant medlemmene av komiteen g. personlige varamedlemmer for nyvalgte medlemmer av valgkomiteen. h. møteleder med vara til neste års årsmøte. 7. Fastsette godtgjørelse til tillitsvalgte etter tilråding frå valgkomiteen. 27

c. Ved avstemming har hvert medlem inntil to stemmer som kan nyttes ved personlig frammøte. d. Når ikke annet er bestemt, blir sakene avgjort med absolutt flertall mellom de frammøtte. Ved stemmelikhet avgjøres valget ved loddtrekning. 10 Tvister Alle tvister mellom Norsk Landbruksrådgiving Rogaland og medlemmer som ikke blir løst på minnelig vis, avgjøres ved voldgift i henhold til gjeldende lov om voldgift. 11 Vedtektsendring Forslag om endringer av vedtektene må være sendt styret innen 31. januar. Gyldig vedtak på årsmøtet krever minst 2/3 av de frammøttes stemmer. 12 Sammenslutning a. Forslag til beslutning om sammenslutning fremmes av styret. Saken blir tatt opp på første årsmøte og må gjøres kjent i innkallingen. Gyldig vedtak om sammenslåing krever minst 2/3 flertall av de frammøtte. Hvis det ikke oppnås tilstrekkelig flertall, anses beslutningen om sammenslutning for avvist. b. Årsmøtet avgjør i tilfelle sammenslutning hvordan ringens midler skal nyttes. 13 Oppløsning a. Forslag om oppløsning kan fremmes av styret. Vedtak om oppløsning kan bare gjøres av årsmøtet og krever 3/4 flertall av de avgitte stemmer i to påfølgende årsmøter. b. Det siste årsmøtet som vedtar oppløsning, skal også velge et avviklingsstyre. Etter at alle økonomiske forpliktelser er dekket, skal eventuell resterende formue etter beslutning av årsmøtet, henstå i inntil fem år for det tilfelle at ny organisasjon av samme art og lignende formål blir dannet, og midlene overdras denne. Årsmøtet fatter vedtak om hvordan organisasjonens midler skal anvendes hvis ny organisasjon ikke er dannet innen fem år. Disponering av utstyr det er gitt mekaniseringstilskudd til, skal diskuteres med Norsk Landbruksrådgiving. c Oppløsning skal meldes Norsk Landbruksrådgiving. 28 Til sak 8, vedtektsendring Me har arbeidd for å unngå to avgiftssoner for mva. Det fører til behov for endringar av vedtektene. Grunnkontingent vert endra til sørvisavgift. Begrepet støttemedlemmer går ut. Dette vert erstatta til støtte. Under står opphavleg ordlyd i paragrafane, og forslag til nye paragrafar i vedtektene. Det som trengst endrast og forslag til endringar er utheva med rødt. Vedtektsendring av 2c fra «Norsk Landbruksrådgiving Rogaland kan ha støttemedlemmer. Disse kan møte på årsmøtet, men har ikke stemmerett og kan ikke velges inn i styret. Støttemedlemmer kan være privatpersoner, organisasjoner, kommuner, institusjoner, eller andre som ønsker å gi økonomisk støtte. «

til: «Privatpersoner, organisasjoner, kommuner, institusjoner, eller andre kan gi økonomisk støtte til Norsk Landbruksrådgiving Rogaland. Disse kan møte på årsmøtet, men har ikke stemmerett og kan ikke velges inn i styret.» 3a fra: a. «Medlemmene har rett til å få råd og rettledning av ulike slag. Styret fastsetter hvilke tjenester som inngår i grunnkontingenten, hva som inngår i eventuelle tilleggskontingenter og hva som er betalingstjenester.» til a. «Medlemmene har rett til å få råd og rettledning av ulike slag. Styret fastsetter hvilke tjenester som inngår i sørvisavgiften, hva som inngår i eventuelle tilleggskontingenter og hva som er betalingstjenester.» 5 fra «Finansiering av drifta skjer ved medlemskontingent, tilskuddsordninger, tilskudd fra kommuner og andre støttemedlemmer, prosjektinntekter og inntekter fra salg av tjenester til medlemmer og andre. b Medlemskontingenten består av en grunnkontingent og en tilleggskontingent som vedtas av styret. «5 til «Finansiering av drifta skjer ved medlemskontingent, tilskuddsordninger, støtte fra kommuner og andre, prosjektinntekter og inntekter fra salg av tjenester til medlemmer og andre. b Medlemskontingenten består av en sørvisavgift og en tilleggskontingent som vedtas av styret.» 29 Strategiplan 2010 2014 Vedtatt i styremøte 19.01.2010. Med Norsk Landbruksrådgiving Rogaland (NLR Rogaland) menes hele organisasjonen inkludert årsmøtet, valgkomiteen, styret, ansatte, og fagrådene. Med begrepet rådgivingsenhet menes andre organisasjoner tilsluttet Norsk Landbruksrådgiving. 1. Navn Norsk Landbruksrådgiving Rogaland 2. Visjon Lokal kunnskap vår styrke 3. Kjerneverdier Uavhengig Kunnskapsbasert

Framtidsretta Miljøskapende Nær 4. Virksomhetsidé NLR Rogaland skal utprøve, forske, innhente, utvikle og formidle kunnskap og ideer til medlemmene og NLRs landsdekkende rådgivingsnett. NLR Rogaland skal arbeide for helhetlig og tilpasset rådgiving. NLR Rogaland skal ha kontakt med nasjonalt og internasjonalt rådgivings- og forskingsmiljø. 5. Strategiske områder A. Organisasjon Hovedmål: NLR Rogaland skal ha en organisasjonsstruktur tilpasset medlemmenes behov. Delmål: Medlemmene skal ha tilgang på spesialkompetanse innenfor de fagfeltene organisasjonen dekker. Delmål: NLR Rogaland skal ha årlig oppdaterte vedtekter. Hovedmål: NLR Rogaland skal være medlem av NLR og benytte tilbud som er tilgjengelig for organisasjonen. Hovedmål: NLR Rogaland skal ha en inkluderende og samstemt organisasjonskultur. Delmål: NLR Rogaland skal ha ansatte som trives i organisasjonen. B. Virksomhet Hovedmål: Medlemmene skal ha tilgang på høy kompetanse. Delmål: Det skal være mulig for NLR Rogaland å tilegne seg spisskompetanse innen eksisterende og nye fagområder. Hovedmål: NLR Rogaland skal ta initiativ til og drifte nye og framtidsretta prosjekter. Delmål: Nye prosjekter skal gi kunnskap og styrket økonomi til NLR Rogaland. Hovedmål: NLR Rogaland skal være en serviceorganisasjon. Delmål: Vi skal hjelpe medlemmene med faglige utfordringer. C. Økonomi Hovedmål: NLR Rogaland skal ha en økonomi som sikrer organisasjonens framtid og gir mulighet for utvikling. Delmål: Vi skal ha en god og sikker inntjening ved medlemskontingent og salg av tjenester, samt aktiv bruk av organisasjonens nettverk. Hovedmål: NLR Rogaland skal til enhver tid ha en likviditet som tilsvarer lønnskostnader til ansatte i 6 mnd. D. Samarbeid Hovedmål: NLR Rogaland skal ha god kontakt med NLR sentralt og rådgivingsenhetene. Delmål: Vi skal delta og bidra i NLR sine aktiviteter. Hovedmål: NLR Rogaland skal ha god kontakt med organisasjoner og bedrifter tilslutta landbruket i Rogaland. Delmål: Vi skal følge opp samarbeidsavtaler, delta og være aktive på ulike møtearenaer. Hovedmål: NLR Rogaland skal ha god kontakt med kommunale og lokale statlige myndigheter. Delmål: Vi skal delta i faglig prosjektarbeid. Omdømme Hovedmål: NLR Rogaland skal framstå som en viktig, profesjonell og positiv rådgivingsorganisasjon. Delmål: NLR Rogaland skal ha en enhetlig profil med NLR sentralt. Delmål: NLR Rogaland skal være godt kjent i relevante miljøer. Hovedmål: NLR Rogaland skal framstå som en positiv organisasjon i media. Delmål: Vi skal ha jevnlig profilering i media. 30