VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL UTVAL: Råd for funksjonshemma Møtestad: Kommunestyresalen - Combisenteret, Fiskå Dato: 30.05.2017 Møtet tok til 12:00 Møtet slutta 14:15. Møtet var innkalla ved utsend sakliste datert 22.05.2017 Bjarthild Slagnes leia møtet. Faste medlemar som møtte: Namn Funksjon Representerer Bjarthild Slagnes Leiar NHF Vanylven Målfrid Rindal Nestleiar NHF Vanylven Oddrun Eikrem Medlem Norges Blindeforb. Ottar Jan Løvoll Medlem Kommunal medlem Faste medlemar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Tor Sæther Medlem NHF Vanylven 4 av 5 medlemar møtte. Frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Kåre Kvangarsnes Møtesekretær. Dessutan møtte avdelingsleiarar v/vanylven helse- og omsorgssenter Eli Tefre Nordal og Liv Ranveig Sunde i sak 08/2017. Sak 08/2017 vart handsama først.
Underskrifter: Vi stadfestar at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. 6143 Fiskå, den
SAKLISTE Saksnr. PS 6/2017 PS 7/2017 PS 8/2017 PS 9/2017 Sakstittel Godkjenning av innkalling / godkjenning av møteprotokoll frå siste møte Skriv og meldingar Politiattest for tilsette i helse- og omsorg orientering Vanylven kommune v/ordførar: Høyringsuttale: «En meir effektiv og fremtidsrettet hjelpemiddelformidling». Vedk. avlastingstilbod Ruteendringsprosessen 2018 innspel Eventuelt EKSTRASAK: PS 10/20117 Høyring om lokal forskrift om rett til sjukeheimsplass eller tilsvarande bustad med heildøgntenester
PS 6/2017 Godkjenning av innkalling / godkjenning av møteprotokoll frå siste møte Innkalling og møteprotokoll frå siste møte vart godkjend. PS 7/2017 Skriv og meldingar Notat av 16.12.2016 frå KS: Krav om politiattest for alle som yter tenester i helse- og omsorg Skriv av 11.05.2017 frå Vanylven kommune v/ordførar: Høyringsuttale: «En meir effektiv og fremtidsrettet hjelpemiddelformidling». Framlagde skriv vart teke til orientering. PS 8/2017 Vedk. avlastingstilbod Avdelingsleiarar v/vanylven helse- og omsorgssenter Eli Tefre Nordal og Liv Ranveig Sunde orienterte og svarde på spørsmål både om avlastingstilbodet og situasjonen generelt i omsorgssektoren. Det vart understreka at ein har ein pressa situasjon i sektoren. Vidare opplyste leiaren i rådet at 60 stk. infokort med viktige telefonnummer innan helse- og omsorg og teknisk sektor er delt ut. Det var semje om å lage 100 nye kort for utdeling. Orientering om avlastingstilbod vert teke til vitande PS 9/2017 Ruteendringsprosessen 2018 - innspel Ottar Jan Løvoll orienterte. Råd for funksjonshemma har følgjande innspel til ruteendringsprosessen 2018: Det må arbeidast for fylkeskryssande bussruter som korresponderer med bussruter til Oslo. Få tilbake gjennomgåande buss til Ålesund. Ynskje om rullestolsymbol på bussrutene i ruteheftet.
PS 10/2017 Høyring om lokal forskrift om rett til sjukeheimsplass eller tilsvarande bustad med heildøgnstenester Vanylven råd for funksjonshemma viser til plikt for kommunen til innan 30.06.2017 å utarbeide forskrift om tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt lagt til rette for heildøgnstenester, inkludert kriterier for tildeling og bestemmingar om venteliste. Vanylven råd for funksjonshemma tilrår at ein i høyringa skal nytte framlegg til forskrift som er utarbeidd av arbeidsgruppe nedsett av Samhandlingsgruppa i Sunnmøre Regionråd. Vanylven råd for funksjonshemma peikar på at det bør avsetjast meir midlar i Vanylven kommune grunna store avstandar, samanlikna med dei andre kommunane Eventuelt: Oddrun Eikrem tok opp følgjande: Tilsette på Syvdetun brukar tid på middagsombringing i kommunen. Fann det uheldig. Leiar Bjarthild Slagnes tok opp desse sakene: Tryggleiksalarm: Prosedyrar vedk. tryggleiksalarm, pris og problemstilling kring fasttelefon knytt til tryggleiksalarm. Vanskar med å få tak i ergoterapeut og fysioterapeut m.fl. på telefon. Ein må få gode rutinar der dei gir melding om dei er tilstades eller ikkje. Unødvendig og overdriven bruk av mobiltelefon på arbeid og i møte. Nestleiar Målfrid Rindal tok opp spørsmål om framdrift i sak vedk. pasienttransport. Ottar Jan Løvoll og leiar Bjarthild Slagnes opplyste at merknader frå Vanylven er teke med anbodsrunde som gjekk ut 29.05.2017. Rett utskrift 30.05.2017 Kåre Kvangarsnes